Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no"

Transkript

1

2 Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN (epub) ISBN (trykk)

3 Bente Bratlund Svikta!

4 1 Pappa vil ikkje koma! Det dunkar hardt og vondt i brystet mitt. Eg knyter hendene. Framfor meg ligg dikteboka mi. Ho er oppslått på ei blank side. Eg skulle skriva ned ei historie eg hadde i hovudet. Eg diktar ofte historier og skriv dei ned. Men så ringde pappa. Han har valt meg bort. Eg skulle så gjerne kome, Iris, sa han. Han snakka så høgt at eg måtte halda telefonen ut frå øyro. Det var musikk bak han i rommet. Han hadde vel besøk også. Noko har kome i vegen. Eg er så lei meg for det, sa han. Eg berre trykte telefonen av. Eg ville ikkje høyra meir. Han ringde ein gong til, men eg tok ikkje telefonen. Han ringde til mamma også, og ho kom inn på rommet mitt og sa pappa ville snakka meir med meg, men eg nekta. Det hjelpte ikkje kor mykje mamma masa. Ho måtte berre gje seg og gå inn att i stova. Han trong ikkje forklara meg at han var lei seg. Eg veit godt kva som er kome i vegen. Det er garantert Lise, den nye kjærasten hans. Det er alltid ho. Det brenn varmt bak augo mine. Eg tar opp pennen. Skriv med store bokstavar over heile den blanke sida i dikteboka: «Eg hatar pappa.» Så angrar eg. Og får kjempevondt inni meg. Fort rablar eg over. Eg hatar ikkje pappa. Eg er utruleg glad i han. Det er difor eg er så lei meg. Pappa har svike meg. Du lova jo, pappa, kviskrar eg lågt. Du lova!

5 Han gjorde det. Då eg ringde til han og fortalde om framsyninga vi skulle ha på skulen, og at eg skulle ha to hovudroller, då var han heilt sikker. Klart eg kjem, sa han. Han var så ivrig i stemma. Dette vil eg ikkje gå glipp av, Iris. Eg trudde på han. Eg har gledd meg slik. Vi har øvd og øvd, eg skal både dansa og syngja solo. Eg ser ned på arket framfor meg. Ser på orda eg har rabla over, og som nesten er usynlege bak rabbelet. Det ser stygt ut. Svart, stygt, slik det er inni meg. Eg riv ut sida. Kanten som står att der sida er riven ut, er ujamn og skeiv. Det får vera som det er. Eg krøllar arket til ei papirkule, klemmer henne saman, og så hiv eg kula i veggen. Papirkula dett ned på golvet ved døra, men eg gidd ikkje reisa meg og henta henne. Det brenn og dunkar i meg. Kvifor har pappa valt meg bort? Kunne han ikkje kome viss han ville? Kva er viktigare enn meg? Mamma slamrar med ei skapdør på kjøkkenet. Og så blir eg så forferdeleg sint på henne også. Det var ho som ville skilja seg frå pappa. Endå dei aldri krangla eller noko slikt. Folk veks frå einannan, sa ho. Men de er jo venner, då kan de vel like godt vera gifte, protesterte eg. Mamma ville ikkje høyra. Det er vel bra at vi er venner, sa ho. Og i starten var alt greitt nok. Eg budde litt hos mamma og litt hos pappa, og pappa budde like ved oss, så eg kunne gå til han når eg ville.

6 Men så fekk mamma jobben her, og vi måtte flytta. Ingen spurde meg. Eg skulle vera hos pappa annakvar helg, og i byrjinga var det litt spennande. Eg reiste med tog eller med buss, og pappa venta på meg. Vi fann på noko, eller vi berre koste oss og gjorde ingen ting. Men så møtte pappa Lise. Og etter kvart var ho der alltid når eg kom. Eg fekk aldri ha pappa aleine lenger. Og så skulle dei ting så vi måtte byta om på helgar, eller helgar gjekk vekk. Det blei berre surr. Når eg er hos pappa no, kjenner eg meg på eit vis utanfor. Lise er alltid blid. Altfor blid. Ho er så sukkersøt at det er til å spy av. Det er koseleg å vera saman med deg, Iris, seier ho og smiler og smiler og smiler. Men eg veit at det er pappa ho vil vera saman med. Eg er garantert berre ei ho må finna seg i. Helst ville ho nok hatt pappa aleine. Og pappa flirer det tåpelege fliret sitt og berre ser på henne. Sjølv om dei snakkar med meg, så er det liksom dei to og så meg. Dei må heile tida halda hender, og så ser dei på kvarandre og flirer så dumt. Dei vekslar blikk heile tida, til og med når dei snakkar med meg. Det er nesten så eg gruer meg til å dra til pappa, sjølv om eg lengtar enormt etter han. Eg har lyst å ha han for meg sjølv. Eg har ikkje lyst til å ha kjærasten hans der heile tida. Eg prøvde å seia det til pappa. Kan ikkje vi finna på noko aleine, berre du og eg? Han forstod ingen ting. Men Lise synest det er så kjekt å vera saman med deg. Ho vil bli lei seg om vi ikkje tar henne med, sa han. Han såg forvirra og rar ut. Men kva med meg, ville eg spørja han, gjer det ikkje noko om eg blir lei meg? Men eg sa ikkje noko. Eg berre nikka og sa det var greitt. Endå

7 eg kjende den vonde klumpen i magen. For eg var redd for at viss eg sa til pappa at ho ikkje fekk bli med, så ville eg få sjå pappa endå sjeldnare. Alt er blitt annleis etter Lise. Likevel hadde eg aldri trudd han ville la vera å koma til framsyninga. Eg ser ned på dikteboka mi. Der eg diktar historier og skriv inn ting eg tenkjer på. Eg elskar å dikta. Eg skal bli forfattar når eg blir vaksen. Det berre veit eg. Men no er alle orda borte. Eg er berre lei meg. Lei meg. Lei meg. Eg lukkar boka.

8 2 Eg sit i klasserommet og har den ekle klumpen i magen. Eg greier ikkje slutta å tenkja på at pappa ikkje vil koma til framsyninga. Det knyter seg i meg. Eg ser ned i boka framfor meg, men orkar ikkje å skriva noko. Eg må på do, men knip igjen. Det er snart friminutt. Eg ser på klokka. Ho går så uendeleg seint. Eg blæs håret bort frå panna og sukkar lågt. Eg skulle gledd meg no, til framsyninga og til øvingane, men eg kjenner meg ikkje det minste glad. Eg bestemmer meg for at eg vil finna på ei historie, resten av timen vil eg berre dikta. Når eg diktar, blir eg alltid glad inni meg. Det hjelper same kva det er eg er lei meg for. Det har vore slik så lenge eg kan hugsa. Eg byrjar å tenkja på ein ting, og så berre flyg eg bort i mi eiga verd. Historier kjem heilt av seg sjølve i hovudet mitt. Dei fossar fram. Eg hugsar då eg var hos farmor som lita. Ho hadde eit lite rosemåla skrin med knappar i. Eg elska å leika med desse knappane. For meg var knappane folk, og eg visste godt kva for ein knapp som var gut, og kva for ein som var jente, og kva for nokre som var vaksne og gamle. Eg kunne sitja i timar og dikta kva som skjedde med dei. Var eg ute og skulle leika, så plukka eg steinar i vegkanten og dikta at dei var folk. Eg fann meg ei trapp, og så var trappetrinna etasjar i eit høgt hus der knappane budde. Ofte blei eg irritert når nokon kom og ville vera i lag med meg. Eg ville mykje heller finna på historier sjølv enn å leika med andre. Eg var vel litt rar alt då.

9 Eg er rar no også. Eg diktar heile tida, same kor eg er. Eg ser meg rundt i klasserommet. Eg har ikkje gått i denne klassen så lenge, ikkje eit år eingong. Eg ville ikkje flytta hit. Eg grudde meg til ny skule og ny klasse. Heime hadde eg venner som eg hadde kjent alltid. Då eg gjekk inn i klasserommet for første gong, var eg berre sur og gretten på alt. Særleg på mamma, som hadde tvinga meg til å flytta hit. Eg såg rundt på dei nye klassekameratane mine og tenkte at dei kjende kvarandre alle saman. Berre eg var framand. Det var ikkje det minste kjekt. Men læraren i den nye klassen min, Grethe, var heilt topp. Ho ønskte meg velkomen, og så brukte vi ein heil time der vi alle snakka saman. Vi sette oss i ein ring, og alle måtte seia etter tur kva dei heitte, og kva dei likte best å gjera på. Alle gjorde det, endå det berre var eg som ikkje visste noko om dei andre. Då turen kom til meg, hadde eg alt gløymt kva dei første hadde sagt. Det var så mange på ein gong. Eg er Iris, sa eg. Og så berre plumpa det ut av meg. Og eg skal bli forfattar. Eg kunne bite av meg tunga. Alltid måtte eg snakka før eg tenkte. Men Grethe berre nikka til meg. Så du likar å dikta og skriva, du, sa ho. Ja, sa eg. Spennande, sa Grethe. Så gjekk turen til neste i ringen. Det var Erle. Ho smilte til meg, og eg pusta ut og tenkte at det kanskje ikkje blei så ille å gå på ein ny skule likevel. I friminuttet etterpå kom Nora, Isa og Erle bort til meg. Dei stod tett inntil kvarandre og såg på meg. Så du skal bli forfattar, sa Nora.

10 Ho himla med augo, og så flirte ho. Isa stod ved sida av og flirte ho også. Men Erle tok eit steg mot meg. Eg likar bøker, sa ho. Ho smilte og tok enno eit steg nærare. Eg trur det var då Erle og eg blei venner. Akkurat då. Fortel ei historie, sa Nora. Ho hadde framleis eit flir om munnen. Ho trudde nok eg skulle bli flau og ikkje seia noko, og at det berre skulle bli pinleg for meg. Men eg stirte henne rett inn i augo. Og så fortalde eg ei historie. Det var ei eg hadde dikta opp før, men det visste ikkje dei. Eg fortalde slik eg hadde gjort til vennene mine heime, orda berre rann ut, og eg snakka heilt til det ringde inn. Nora og Isa stod tett saman. Dei kom ikkje nærare, men dei følgde med. Eg merka godt at dei lytta nøye. Då vi gjekk tilbake til klasserommet, tok Erle meg i armen. Du blir garantert forfattar, sa ho. Eg blei varm og glad inni meg. Seinare ville alle i klassen høyra historiene mine. Dei stilte seg rundt meg i friminutta, og eg fortalde og fortalde. Eg elskar å fortelja. Når dei står rundt meg slik og lyttar, så skjer det noko i meg. Eg blir varm i heile meg, og eg kunne halde på med å fortelja ei heil æve. Men morfar har lært meg at det er lurt å slutta mens dei enno er ivrige, for då vil dei høyra meir sidan. Eg skriv ned alle historiene mine i dikteboka mi. Eg skriv ikkje på PC, endå alle dei andre i klassen gjer det. Eg vil gjera det på gamlemåten, slik forfattarane gjorde det før. Eg har sett bilde av dei gamle bøkene dei skreiv i, med skrå fin skrift. Mi skrift er ikkje like fin, men eg prøver. Eg plar få mamma til å kjøpa bøker til meg med liner i, og så skriv eg historiene mine i dei med penn. Dikteboka mi er snart full, så eg må ha ei ny.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Arnfinn Kolerud Snillionen

Arnfinn Kolerud Snillionen Arnfinn Kolerud Snillionen Ein heilt vanleg kveld vinn Frank og Mor i Lotto. Dei sit i kvar sin ende av sofaen. På tv er det ei fin dame i fin kjole som smiler heile tida, sikkert fordi ho veit at ho er

Detaljer

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida Veslefrikk Mai 2018 Den siste tida har me hatt mykje bra vær, og det har me nytta oss av. Å få vera ute og leika og gå i ulendt terreng er bra for motorikken til alle barn. Me ser framgang hos alle, både

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8757-1 2. utgåva Om denne boka Motorsykkelmysteriet er

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2016 ISBN 978-82-521-8946-9 «Fager

Detaljer

Lisa besøker pappa i fengsel

Lisa besøker pappa i fengsel Lisa besøker pappa i fengsel Historien om Lisa er skrevet av Foreningen for Fangers Pårørende og illustrert av Brit Mari Glomnes. Det er fint om barnet leser historien sammen med en voksen. Hei, jeg heter

Detaljer

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Kvifor synes jentene det er viktigare å sjå pen ut enn gutane? Klasse: 6. og 7. klasse Skole: Skåbu Oppvekst (Nord-Fron, Oppland) Antall deltagere (elever): 2 Dato:

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Svarprosent: 89% - der det er ungdomsskulen som "trekkjer ned". Småskuletrinn og mellomtrinn har 100% svarprosent. Korleis trivst du på skulen Svært godt Mykje

Detaljer

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo Magnhild Bruheim Det som er sant Roman Oslo 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8397-9 Om denne boka DET SOM ER SANT Solveig

Detaljer

Lars Amund Vaage SYNGJA. Roman FORLAGET OKTOBER 2012

Lars Amund Vaage SYNGJA. Roman FORLAGET OKTOBER 2012 Lars Amund Vaage SYNGJA Roman FORLAGET OKTOBER 2012 1 Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Dikt og andre tekstar

Dikt og andre tekstar MARIA TRYTI VENNERØD SKREDFARE Dikt og andre tekstar Dei største spørsmåla i vår tid er altfor store. Få av oss klarer å ta inn over seg konsekvensane av endringane som er på gang, geopolitisk, digitalt,

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Preike Molde Domkirke 4. s i advent 2015 Josef Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Denne søndagen har nettopp vore Maria sin søndag. Vi brukar å høyre

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også. ADVERB 1 Set inn adverb med motsett tyding. Luisa skriv pent. Leo skriv stygt. Maten luktar godt. Søpla luktar dårleg/vondt. Han spurde høfleg. Ho svarte uhøfleg. Leo gjekk seint. Luisa gjekk fort. Jentene

Detaljer

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å måle eit bilete med tre fjør Eg ville læra å lage trykk med den gamle klesrulla i Lars og Peter sin garasje, Det heile gjekk veldig bra, avtrykket viste tre

Detaljer

Mobbing på mindre og større skular

Mobbing på mindre og større skular Mobbing på mindre og større skular Innlevert av 5.trinn ved Austebygd Skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2015 Eg er så heldig at eg er kontaktlærar for ein veldig kjekk 5.klasse. Dei er alltid

Detaljer

For open mikrofon. Arne Olav L. Hageberg TEKST OG FOTO: PUBLISERT 1. januar 2007

For open mikrofon. Arne Olav L. Hageberg TEKST OG FOTO: PUBLISERT 1. januar 2007 For open mikrofon Låta «Vendepunkt» av Tonna Brix handlar om traumatisk barndom og psykisk helse. Under produksjonen av plata Testament har rapparane bare hatt ein regel: Alt skal vera personleg. TEKST

Detaljer

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare. Denne månaden har me på Marihøno hatt fokus på den frie leiken og leiken si betyding for barna si utvikling og høve til å danne gode venskap. I tillegg har me vaksne hatt fokus på trass og kva dette inneber

Detaljer

Barnerettane i HEIMEN

Barnerettane i HEIMEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Trivsel og vekstvilkår

Trivsel og vekstvilkår Trivsel og vekstvilkår Det me veit heilt sikkert: Vaksne sitt samspel med barna pregar barna, og legg grunnlaget for deira mentale helse. Det me skal utforska: Muligheiter og ansvar for å skapa GODE vekstvilkår?

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Heftet er skrevet og utgitt av For Fangers Pårørende (FFP) Illustrasjoner: Darling Clementine Layout: Fjeldheim & Partners AS

Heftet er skrevet og utgitt av For Fangers Pårørende (FFP) Illustrasjoner: Darling Clementine Layout: Fjeldheim & Partners AS Heftet er skrevet og utgitt av For Fangers Pårørende (FFP) Illustrasjoner: Darling Clementine Layout: Fjeldheim & Partners AS Copyright: FFP, Oslo 2016 Første utgivelse: 2003 Hei, jeg heter Lisa. Vet du

Detaljer

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet

Detaljer

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

SJØPOSTEN OKTOBER Hei! SJØPOSTEN OKTOBER 2012 Hei! Nå er me alt kome til oktober månad og me kan merke at hausten er her. Mange ulike ver typar gjere at barna får mange ulike opplevingar med ver og vind på godt og vondt. Haglbyer

Detaljer

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna. Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) Kilde: Boka om Lars O. Skrefsrud (Kerap - Jungelfolkets høvding) av Olav Hodne. Innleiing: For 160 år sidan (i 2010, er det 170 år sidan) vart det født ein

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj?

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj? Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj? Innlevert av 4.klasse ved Hornnes barneskule (Evje og Hornnes kommune, Aust-Agder) Årets nysgjerrigper 2015 Elevane i 4.klasse vil gjerne

Detaljer

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga. Me gir oss ikkje - Nei, sa eg! Aldri i livet. Her på garden har det aldri vore noko bikkje, og ikkje skal det bli nokon heller. Send den skitne, fæle kjøteren tilbake der de fann han, eg vil ikkje ha ein

Detaljer

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012 Kvifor maler katten? Innlevert av 6. og 7. klasse ved Høre skule (Vang, Oppland) Årets nysgjerrigper 2012 Ansvarlig veileder: Anna Bartczak-Monsen Antall deltagere (elever): 2 Innlevert dato: 04.01.2013

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer