FRAMLEGG TIL REGULERINGSENDRING Prosjekt: Reguleringsendring for massedeponi i plan rv.13 Bøadalen - Tistel Kommune: VIK I SOGN Region vest Leikanger, R.vegktr 23.11.2016
Reguleringsendring for massedeponi i plan rv.13, Bøadalen - Tistel. Statens vegvesen fremjar reguleringsendring for deler av reguleringsplanen rv.13 Bøadalen Tistel som vart vedteken i Vik kommunestyre, 25.04.2013, planid 2012005. Denne reguleringsendringa har planid. 14172016002. Målet med reguleringsendring Deponiområdet i Bøadalen er regulert for overskotsmasse frå Vikafjellstunnelen. Føremålet med ei reguleringsendring er å lagre massar frå Goteviktunnelen innafor deponiområdet. Når Goteviktunnelen blir bygd får ein eit stort overskot av tunnelmassar av god kvalitet. Desse massane ønskjer ein å lagre i Bøadalen fram til realisering av Vikafjellstunnelen. Då vil massane bli brukt til vegbygging i samband med prosjektet for Vikafjellstunnelen. Massane frå Vikafjellstunnelen er venta å ha dårleg kvalitet og er truleg ikkje brukbare til å bygge opp vegbana. Ved bygging av Vikafjellstunnelprosjektet vil massane frå Vikafjellstunnelen bli bytta ut med massane frå Goteviktunnelen og lagra i deponiet i Bøadalen. Andre planar i området Reguleringsplan: Kålsete, Hytter Årestrup, planid 2002005. Kommuneplan: 26.06.2014 vedtok kommunestyret i Vik kommune arealdelen til kommuneplan for Vik 2013 2024. Deponiområdet er i kommuneplanen vist som fritidsbustader, men gjeldande reguleringsplan for rv.13 Bøadalen Tistel, skal gjelde føre kommuneplanen. Føreslegne endringar i reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen TiIstel, vedteken 25.04.2013: Følgjande endringar er gjort i reguleringsplankartet: 1. Deler av deponiområdet blir regulert til massedeponi i staden for midlertidig deponi. Deponiet skal gå tilbake til jordbruk etter at Vikafjellstunnelen er bygd, i samsvar med reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel. 2. I samsvar med reguleringsplanen for rv.13, Bøadalen Tistel, er ny rv.13 med tilkomstvegar/avkøyrsler vist i reguleringsplankartet. Det er då enklare å vurdere plassering og størrelse på deponiet i forhold til ny rv.13. Innanfor planområdet kan alt areal som er regulert til deponi, køyreveg og anna vegareal til ny rv.13, brukast til å lagre massar frå Goteviktunnelen. 3. I søre del av deponiet er det planlagd ein anleggsveg. Denne vegen kan bli liggjande etter at Goteviktunnelanlegget er ferdig og nyttast av tilstøytande/berørte eigedommar som jordbruksveg/tilkomstveg. 1
4. På området som er regulert til fritidsbustad er midlertidig anleggsareal utvida. Føresegner: Det er lagt til føresegner under desse kapitla i reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel, planid 2012005: 1 Generelt, reguleringsformål, 3 Bygningar og anlegg, 3.4, 3.5,3.6, 3,7, 3.8, 3.9 og under 7 Områdeføresegner, 7.3. 1 Generelt, reguleringsformål Alle føresegner i reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel, vedteken 25.04.2013 som ikkje er i konflikt med denne reguleringsendringa gjeld. Når arbeidet med Vikafjellstunnelen startar skal reguleringsplanen for rv.13, Bøadalen Tistel, vedteken i Vik kommunestyre 24.04.2013, planid 2012005, gjelde framføre denne reguleringsendringa, planid 14172016002. 3 Bygningar og anlegg: 3.4 Området som er regulert til formål massedeponi, i tillegg til formål køyreveg og anna veggrunn for rv.13, kan brukast til å lagre stein frå Goteviktunnelen. Området kan også brukast til rigg- og anleggsområde i anleggsperioden. 3.5 Massane frå Goteviktunnelen skal utformast og dekkast til i samsvar med illustrasjonsplan LAY_O001. I området frå profil 0 til profil 300 er maksimum høgde som vist i LAY_D001. For utforminga av deponiet er det teke utgangspunkt i 300 000m 3 Dersom menger av massar avvik meir enn 10% skal det lagast ein ny illustrasjonsplan for utforming av deponiet. Ein eventuell ny illustrasjonsplan skal utarbeidast av Statens vegvesen og vedtakast av Vik kommune. 3.6 Krav til rekkfølgje ved tildekking og tilsåing går fram av LAY_O001. Arealet fram til profil 450, har første prioritet. Areala frå profil 450 profil 730, i eit belte av 40m frå fyllingsfoten mot toppen av vollen, har andre prioritet. Deponiet skal vera ferdig tilstelt når anlegget er ferdig. 3.7 Uttak av stein frå deponiet, før rv.13 Vikafjellstunnelen skal byggast, kan ikkje gjerast utan eigen reguleringsplan eller dispensasjon. 3.8 På området som er regulert til deponi skal det opparbeidast ein midlertidig veg frå Kålsetvegen. Frå ca.profil 250 vil vegen gå i bakkant av deponiet. Når anlegget er ferdig kan vegen brukast som ein midlertidig jordbruksveg/tilkomstveg for eigedommane i bakkant av deponiet. Når arbeidet med Vikafjellstunnelen startar, vil vegretten falle bort. 3.9 Naturlege vassvegar skal oppretthaldast gjennom deponiområdet. 2
7 Områdeføresegner: 7.3 Området som er regulert til midlertidig deponiområde og som blir teke i bruk i samband med Goteviktunnelanlegget, skal setjast i stand att. Området skal vera ferdig tilstelt når anlegget er ferdig. Grunneigarar og grunnerverv Deponiområdet kan brukast til riggområde og til midlertidig/permanent lagring av massar frå Goteviktunnelen, deretter til permanent lagring av massar frå Vikafjellstunnelen. Endeleg areal som skal ervervast eller leigast, blir oppmålt etter at anlegget er avslutta. Arealet er teoretisk utrekna. Oversikt over grunneigarar: Gnr./bnr. Namn Adresse Postnummer Berekna areal, m2 28/1 Bjørg Hønsi 6893 VIK I SOGN 16369 Aafedt 28/2 Øystein Årnes 6893 VIK I SOGN 13494 Husabø 28/3 Svein Hønsi 6893 VIK I SOGN 7810 28/4 Norvald Hønsi 6893 VIK I SOGN 7818 28/5 Alv Hønsi 6893 VIK I SOGN 7333 29/2 Berit og Einar Stranda 6 6809 FØRDE 7442 Tefre 30/2 Johannes Bøthun 6893 VIK I SOGN 2082 30/4 Jon Arne Kvåle Brekke 6893 VIK I SOGN 1692 30/5 Herdis Tryti Brekke 6893 VIK I SOGN 3039 Brekke 30/6 Tore Fjærestad Kringla 22 6856 SOGNDAL 36 Brekke 30/9 Johan Midlang 6893 VIK I SOGN 3774 30/9, f.1 Geir Årestrup Prestvegen 12 6893 VIK I SOGN 30/9, f.1 Berit Larsen 6893 VIK I SOGN 3
Oversikt over offentlege instansar og interessentar: NAMN AVDELING / VED ADRESSE POSTADRESSE Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Regionalavdelinga Askedalen 2 6863 LEIKANGER Kulturavdelinga Storehagen 1B 6800 FØRDE Miljøvernavdelinga Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Landbruksavdelinga Fjellvegen 11 6800 FØRDE Norges vassdrags- og Energidirektorat Region Vest Pb.53 6801 FØRDE Vik kommune Kommunehuset 6893 VIK I SOGN Vik IL v/bjartmar Rinde 6893 VIK I SOGN Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane Direktoratet for mineralforvaltning Hafstadhagen 34 Pb. 3021 Lade 6800 FØRDE 7441 TRONDHEIM Merknader M11 Bjørg og Jon Olav Aafedt: Deponiområdet er eit viktig område for beite for storfe og sauer. Dei hadde sett for seg ein periode på 3 år for bygging av Vikafjellstunnelen, då deponiområdet var ute i drift i forhold til gardsdrifta. No blir denne perioden vesentleg lenger. Dei ønskjer ikkje ha eit deponi liggande utan fast tidspunkt for tilbakeføring. I alle tilfelle må deponiområdet dekkast til og såast til slik at såret vert minst mogeleg i påvente av at Vikafjellstunnelen blir bygd. Det er også vanskeleg for Statens vegvesen å vite kor lenge ein må lagre steinen i påvente av Vikafjellsprosjektet. Det er derfor ikkje fastsett årstal for når deponiet kan tilbakeførast. Men 4
kommunen kan starte ei omregulering om dei vurderer det som formålstenleg. Det er ikkje ønskje om å stelle til deponiområdet slik at ein øydelegg massane for framtidig bruk som vegbyggingsmassar. Men eit mindre område blir sådd til, i samsvar med illustrasjonsplanen LAY_O 001. M12 Direktoratet for mineralforvaltning: Dei har ingen merknad til reguleringsendring av deponiområdet. M13 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: I naturtypekartlegginga er området nord for skiskyttaranlegget klassifisert som lokalt viktig, eventuelt ved ei betre undersøking kan verdien bli vurdert høgare. Fylkesmannen ser det som viktig at det ikkje blir lagt opp til ytterlegare inngrep i denne lokaliteten. Planomtalen må innehalde alle tema som kan påverke inngrepet. Området er tidlegare regulert til deponi i reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel. Ein viser derfor til omtale av alle tema der. M14 Linda Vibeke og Asbjørn Holstad Dei ber om eit kart og ei visualisering av kvar massane skal leggjast og korleis det vil syne att i landskapet. Vikafjellstunnelen er teken ut av framlegg til NTP og kva skjer med deponiet om ikkje Vikafjellstunnelen blir bygd. Konsekvensar for eit slikt steinlager og eventuell knusing av stein i eit flott idretts- og rekreasjonsområde. Kva vil deponiet ha å seie for utvikling av skianlegget og hyttefeltet. Konsekvensar for beitande dyr. Det er laga reguleringsplankart og ein illustrasjonsplan for korleis deponiet skal utformast. Om det er aktuelt, kan kommunen starte ny regulering av området. I føresegnene er det skrive at uttak av stein frå deponiet, før Vikafjellstunnelen skal byggast, ikkje kan gjerast utan eigen reguleringsplan eller dispensasjon. Det er dermed lagt til grunn at det ikkje skal vere uttak av massar og steinknusing i deponiet i ettertid av Goteviktunnelanlegget. Deponiområdet vart bandlagt inntil Vikafjellstunnelen er bygd i reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel. Denne planen endrar ikkje det forholdet. Beiteområdet blir redusert. 5
M15 Marita Langeland Tistel: Ber om at det vert teke omsyn til beitedyra i planarbeidet og i anleggsperioden. Viktig at grunneigarane vert tekne med i det vidare planarbeidet for å sikre at inngrepa i området vert å leve med. Dersom det er planar om å gjerde inne anleggsområde ber ho om at beitedyra ikkje vert hindra i å bevege seg i nord-, sør- retning i Bødalslia. Grunneigarane blir tekne med i det vidare arbeidet for å finne best mogelege løysingar for både grunneigarar, dyr og anleggsdrift. M16 Norges vassdrags- og energidirektorat: Ved planlegging av massedeponiet må ein må omsyn til eventuelle vassdrag i nærleiken. Området er tidlegare regulert til massedeponi i samband med Vikafjellsprosjektet. I samsvar med gjeldande reguleringsplan reknar ein ikkje med store endringar i forhold til vassdrag. M17 Per Olav Oppheimshaug: Dette er framtidsretta og det beste formålet for deponi av kvalitetsstein frå Goteviktunnelen. M18 Vik bondelag ved Per O. Tistel: Vik bondelag støttar grunneigarane sitt krav om at deponiområdet vert tilbakeført til LNF område når anleggsarbeidet er ferdig slik at Bødalslia fortsatt kan nyttast som beiteområde. Anleggsområdet må sikrast slik at ein i størst mogeleg grad unngår skade på beitedyr. Det er ikkje ønskje om å stelle til deponiområdet slik at ein øydelegg massane for framtidig bruk som vegbyggingsmassar. Men eit mindre område blir sådd til i samsvar med illustrasjonsplanen LAY_O 001. Grunneigarane blir tekne med i det vidare arbeidet for å finne best mogelege løysingar for både grunneigarar, dyr og anleggsdrift. M19 Berit og Einar Tefre: Eksisterande reguleringsplan har redusert mogelegheiter for å utvikle tidlegare avsett areal til fritidsbustadar. Blir det endringar i planane for Vikafjellstunnelen vil deponiet gje store føringar for korleis arealet kan nyttast. Med dei ulempene deponiet fører med seg er dei undrande til at deponiet skal leggast så nær fritids- og idrettsaktivitetar. Den varsla 6
planendringa vil føre til at deler av eigedommen blir delt i to og at eigedommen ikkje kan brukast i lang tid. Det bør etablerast tilkomst til den delen av arealet som ligg aust for deponiet. I gjeldande plan blir stølsvoll og stølshus sanert. Denne planen må derfor vise nytt stølsområde. Sikker tilkomst til eigedommen i anleggsperioden er eit krav. Deponiet må ligge uendra frå Gotevikanlegget er ferdig til ein startar arbeid med Vikafjellstunnelen. Deponi må dekkast til og grunneigarane må kunne bruke det utan restriksjonar. Avrenning frå deponiet må vere vegvesenet sitt ansvar. Ønskjer 3D illustrasjonar av deponiområdet. Reguleringsplanen for rv.13 Bøadalen Tistel vart vedteken før kommuneplanen som viste området som fritidshusområde. I kommuneplan er det skrive at reguleringsplanen skal gjelde føre kommuneplan. Dersom det blir endringar i forhold til Viksfjellstunnelen vil deponiområdet kunne regulerast på nytt. Steinmassane treng då ikkje vere av negativ verdi for eit hyttefelt. Stølsvollen blir ikkje berørt ved Goteviktunnelanlegget og det blir derfor ikkje teke stilling i forhold til den no. Det skal leggast til rette for at grunneigarane har tilgang til eigedommane sine i anleggsperioden. Det er også planar om å bygge ein jordbruksveg i bakkant av deponiet som vil kunne gje tilkomst til eigedommen dykkar. Avrenning frå deponiet er vegvesenet sitt ansvar. I samsvar med føresegnene skal det ikkje kunne takast ut massar i deponiet utan plan/dispensasjon. Det er ikkje laga 3D illustrasjonar av deponiområdet, men teikningane LAY_O001 og LAY_D001 viser korleis området er tenkt utforma. Tildekking/tilsåing av deponiet blir gjort i samsvar med illustrasjonsplanen. M20 Vik kommune: Vik kommune vurderer det som positivt at ein legg opp til å bruke steinmassane frå Goteviktunnelen til vegbygging i samband med Vikafjellstunnelen. Vedlegg Nye reguleringsplankart Reguleringsplankartet for rv.13 Bøadalen Tistel + tekst/føresegner Illustrasjonsplan for utforming av deponiet LAY_O001 og LAY_D001 7
Statens vegvesen Region vest Ressursavdelinga Askedalen 4 6863 LEIKANGER Tlf: (+47 915) 02030 firmapost-vest@vegvesen.no vegvesen.no Trygt fram sammen