UTVIKLINGSPLAN Tryggheim barnehage, Vestnes

Like dokumenter
Informasjon om tilbodet i Tryggheim barnehage Vestnes:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

UTVIKLINGSPLAN FOR FIKSDAL BARNEHAGE

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

UTVIKLINGSPLAN FOR TOMREFJORD BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Årsmelding for Urhei barnehage

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Informasjonshefte Tuv barnehage

ÅRSPLAN DEL 2 FELLES LANGTISDPLAN FOR ALLE BARNEHAGANE I VESTNES

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Skjema for eigenvurdering

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

-den beste starten i livet-

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Du må tru det for å sjå det

Årsplan for Tryggheim barnehage, Vestnes barnehageåret 2014/2015

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Årsplan Venåsløkka barnehage

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

Saman om Ørstabarnehagen

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Bærekraftig utvikling

Virksomhetsplan

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Årsplan Gimsøy barnehage

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Barnehage til beste for barn

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Veileder til årsplanmalen

Sandeid skule SFO Årsplan

Transkript:

UTVIKLINGSPLAN Tryggheim barnehage, Vestnes 2012-2015

INNHALD. INNLEIING SIDE 2 DEL 1 SIDE 2 1. LOV OG REGELVERK SIDE 2 2. FAGOMRÅDER SIDE 1 3. SATSINGSOMRÅDE I PLANPERIODEN SIDE 3 4. FORELDRESAMARBEID SIDE 5 5. PERSONALSAMARBEID SIDE 6 6. SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR SIDE 7 7. OVERGANG BARNEHAGE / SKULE SIDE 7 8. PLAN FOR EVALUERING / VURDERING SIDE 7 DEL 2 TRYGGHEIM BARNEHAGE SIDE 8 9. PRESENTASJON AV BARNEHAGEN SIDE 9 10. BARNEHAGEN SITT PEDAGOGISKE GRUNNSYN SIDE 9 11. VISJON OG OVERORDNA MÅL SIDE 9 12. GJENNOMGÅANDE INNHALD SIDE 10 13. FAGOMRÅDA SIDE 14 14. SOSIAL / PEDAGOGISKE AKTIVITETAR SIDE 16 1

INNLEIING Alle barnehagar skal etter barnehagelova ha ei årsplan. Barnehagane i Vestnes har delt årsplan i to delar. Ei langtidsplan, kalla utviklingsplan, som gjeld for fire år og ei årsplan for det gjeldande året. Utviklingsplana er felles for alle barnehagane i Vestnes, både kommunale og ikkjekommunale barnehagar. På den måten vil vi sikre betre samarbeid og kontinuitet i arbeidet med både kompetanseutvikling og satsingsområde. Samtidig er det viktig at kvar enkelt barnehage får skrive om sine særtrekk og verdiar og vi har difor delt denne utviklingsplana i to. Del 1 er lik for alle barnehagane i kommunen og omhandlar felles satsingsområde og andre sider ved drifta som er lik uavhengig av kvar ein har barnet sitt. Del 2 er skreve av den enkelte barnehage og omhandlar barnehagen sitt grunnsyn, verdiar, innhald og spesielle tradisjonar og rutinar. 1. LOV OG REGELVERK DEL 1 Barnehagane i Vestnes blir drivne etter Lov om barnehagar med forskrifter. Rammeplan for barnehagar, er ei forskrift til barnehagelova. Plana legg føringar for verksemda, og gjev retningslinjer for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Vidare har alle barnehagane vedtekter, der det vert sagt noko om korleis ein driv barnehagen. Barnehagen si årsplan er delt i to; utviklingsplan og årsplan. Utifrå dette lagar ein periodeplanar som blir delt ut til foreldra, og eventuelle månadsplanar og vekeplanar. 2. FAGOMRÅDER. Rammeplana gir barnehagane føringar for utarbeiding av det pedagogiske innhaldet. Barnehagane skal gje barn grunnleggande kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Støtte barna i deira nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gje barna utfordringar med utgangspunkt i deira interesser, kunnskapar og ferdigheiter. Rammeplana presenterer sju fagområder alle barn skal få kjennskap til gjennom eit barnehageår. Korleis barnehagane arbeider med dei sju fagområda skal nedfellast i årsplana til den enkelte barnehage. 2

Fagområda: 1) Kommunikasjon, språk og tekst. 2) Kropp, rørsle og helse. 3) Kunst, kultur og kreativitet. 4) Natur, miljø og teknikk. 5) Etikk, religion og filosofi. 6) Nærmiljø og samfunn. 7) Tal, rom og form. 3. SATSINGSOMRÅDER/KOMPETANSEHEVINGSOMRÅDER I PLANPERIODEN 3.1.Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune Hausten 2009 starta alle barnehagane i kommunen opp eit utviklingsprosjekt gjennom konsulentfirmaet Triangel i Molde. Eit prosjekt med fokus på leiing og systematisk arbeid med kvalitet i innhaldet. Gjennom bevisstgjering av leiarrolla og innføring i metode for fagleg utvikling, bidreg dette programmet til å skape bevisste og resultatorienterte leiarar og medarbeidarar, som har fokus på vaksenrolla og barns medverknad sett i høve til kvalitet. Eit mål for dette arbeidet er å definere og styrke ei felles plattform for leiing i barnehagane. For å sikre kvalitet i innhaldet og den pedagogiske praksis i tida framover, skal barnehagane i Vestnes bruke denne metoden for systematisk arbeid med kvalitet. Vi skal arbeide med 2 fokusområde i året. Eit fokusområde vil sei eit tema/område der vi skal fokusere på at det vi gjer har god kvalitet. Fokusområdet vi arbeider med er felles for alle barnehagane i kommunen. Med bakgrunn i fokusområdet utarbeider vi ein standard som beskriv kjenneteikn på god kvalitet. Kvar barnehage/avdeling utarbeider deretter konkrete arbeidsmåtar som gjer at ein innfrir krav og forventningar i høve til fag, kvalitet og innhald som er gitt i standard, desse arbeidsmåtane blir beste praksis. Dei ulike fokusområda: Veke 40 i 2009 - veke 6 i 2010: Veke 6 i 2010 - veke 21 i 2010: Veke 32 i 2010 - veke 4 i 2011: Veke 7 i 2011 - veke 22 i 2011: Veke 35 i 2011 - veke 50 i 2011: (repetisjon) Veke 3 i 2012 - veke 22 i 2012: Kommunikasjon i konfliktsituasjonar mellom barn. Vaksenrolla i påkledning før utetida. Vaksenrolla under hovudmåltidet Vaksenrolla i uteleiken. Kommunikasjon i konfliktsituasjon mellom barn Vaksenrolla i hentesituasjonen. Nye fokusområder i planperioden blir valt ut på bakgrunn av ønsker og signal frå omverda, td frå : personal, føresette, kommune, kunnskapsdepartement m.m. 3

3.2. Utviklingsprosjekt i regi av RPPT (Regional PP-Tjeneste for romsdalsregionen). Barnehagane i Vestnes er med i eit prosjekt i regi av RPPT. Det er 8 kommunar som er med i prosjektet: Aukra, Midsund, Molde, Vestnes, Rauma, Gjemnes, Eide og Fræna. Prosjektet heiter Tidlig innsats gjennom språk og språkstimulering med fokus på overgangen barnehage skule. Prosjektet skal sette fokus på språkstimulering og språkutvikling. Kva gjer skulen og kva gjer barnehagen? Nyttig erfaringsutveksling og oppbygging av felles forståing og kunnskap. På kva måte kan det arbeidast førebyggande gjennom generell språkstimulering i høve til lese og skrivevanskar? Det skal vere 4 fagdagar over 4 semester frå haust 2010 til vår 2012. Mellom fagdagane skal det vere nettverkssamlingar i dei ulike kommunane. Tema for fagdagane: 1) Språkutvikling (03.11.2010) 2) Språk som basis for lese- og skriveutvikling i barnehage og skule (05.05.2011) 3) Tiltak og verkty for å førebygge og avdekke vanskar i barnehage og skule (haust 2011) 4) Minoritetsspråklege i barnehage og skule (vår 2012) Mål for prosjektet: 1) Auka kunnskap og bevisstheit om språk og språkutvikling som grunnlag for lese- og skriveutvikling. 2) Auke samhandling mellom barnehage og skule. 3) Auke kunnskap om lov og rammeverk i barnehage og skule. 4) Kvalitetssikre overgangen barnehage-skule. 3.3. Utviklingsprosjekt i regi av Statped Vest. (Statleg spesialpedagogisk kompetansesenter) Utvalgte barnehagar i kommunen skal i gang med eit prosjekt i samarbeid med PPT, leia av Statped Vest. Prosjektet startar opp i januar 2012 og skal vere eit systemretta arbeid med bakgrunn i at barnehagane i Vestnes har eit behov for spesialpedagogisk kompetanse. Mål: Auke forståinga for og kompetansen rundt barn i førskulealder med språkvanskar. Arbeidsform: Konsultasjon/rettleiing i nettverk, eventuelt i kombinasjon med faglege foredrag. Frekvens: Statped Vest kjem på besøk 2 gongar pr. semester, lokale nettverk før og/eller etter kvart besøk. Mellomliggande arbeid i barnehagane med utgangspunkt i tema. 4

3.3. Rusførebyggande prosjekt. I samarbeid med Vestnes barnevern og Kompetansesenter rus Midt-Norge skal barnehagane i Vestnes starte opp eit kompetansehevingsprosjekt for personalet ved barnehagane. Prosjektet starter i januar 2012, og tema for prosjektet er : Tidlig innsats for barn som lever saman med omsorgspersoner som misbruker rusmiddel Barnehagane treff barna og deira føresette kvar dag, finst det felles trekk som vi kan lære oss og sjå etter, både hos barna og familiane deira? Og kva gjer vi med bekymringa vår. Prosjektet skal munne ut i ei handlingsplan som skal presenterast for politi, nav, but og folkehelsekoordinator. 3.4. Implementering av ny formålsparagraf. Barnehagane fekk ny formålsparagraf ved endring av barnehagelova 18. juni 2010. Den trådte i kraft 1. august 2010. Den største endringa i paragrafen er atomgrepet danning har erstatta omgrepet oppseding. Kunnskapsdepartementet fastsette 10. januar 2011 endringar i forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene i barnehagen på bakgrunn av endra formålsparagraf. (Følgjeendringar). Barnehagane i Vestnes skal i planperioden implementere den nye formålsparagrafen. Dette arbeidet er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsnett Romsdal v/kompetansegruppe barnehage (Kunnskapsnett Romsdal består av barnehagefaglege på kommunenivå i kommunane Aukra, Eide, Gjemnes, Midsund, Molde, Nesset, Rauma og Vestnes) og Høgskulen i Volda. Det skal veljast ut pilotbarnehagar i dei 9 kommunane som skal møtast til fagdagar/kveldar der Høgskulen i Volda er fagansvarleg. Mellom fagdagane arbeider barnehagane sjølve med rettleiing frå Høgskulen. Prosjektet startar opp hausten 2012, og har fått utviklingsmidlarmidlar frå fylkesmannen. Vi har ikkje valt ut pilotbarnehage/-ar i Vestnes endå, det må og takast stilling til korleis dei barnehagane som ikkje er pilotbarnehagar skal trekkjast med i prosjektet. 3.5. Strategi for kompetanseutvikling og kvalitetsutvikling 2012. Kunnskapsdepartementet kjem med ny strategi for kompetanseutvikling og kvalitetsutvikling som gjeld frå 2012. Når den kjem ut må barnehagane i Vestnes jobbe i tråd med den strategien. 5

4. FORELDRESAMARBEID To omgrep i barnehagelova, forståing og samarbeid, dekkjer ulike sider ved kontakten mellom barnehagen og heimen. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for trivselen og utviklinga til barnet. Det er foreldra som har hovudansvaret for barna si oppseding og danning, barnehagen skal bistå foreldra i omsorgs-, oppsedings- og danningsarbeidet. Det daglege samarbeidet mellom heim og barnehage må bygge på gjensidig openheit og tillit. Foreldra må kunne stole på at dei kan ta opp det som opptek dei i høve barnet og barnehagen. Foreldra si medverknad på barnehagen si samla verksemd skjer gjennom deltaking i foreldreråd og samarbeidsutval. Barnehagen ønskjer: eit samarbeid som er prega av gjensidig respekt og anerkjenning for kvarandre sitt ansvar og oppgåver omkring barnet god utveksling av informasjon knytt til barnet sin trivsel og utvikling at foreldra viser interesse for barnehagen sitt innhald at foreldra engasjerer seg i barnehagen sin kvardag eit ope og positivt forhold som gjer det lett og kome til kvarandre dersom det skulle vere ting ein ønskjer å ta opp Viser og til det som står i vedtektene i høve foreldresamarbeid. 5. PERSONALSAMARBEID Personalet er barnehagen sin viktigaste ressurs og dei skal vere med å sikre ein best mogleg kvalitet på innhaldet i barnehagen. Eit godt personalsamarbeid inneber og vere opne, ha god kommunikasjon og respekt for kvarandre. Å få bruke å utvikle ressursar og interesser, er og ein viktig faktor til trivsel og motivasjon i arbeidet. Personalet må samarbeide mot felles mål for at oppgåver skal kunne løysast. Det er difor sett av tid til møte og samarbeid både innafor ordinær arbeidstid og på kveldstid. Desse møta blir brukt til utviklingsarbeid/kompetanseheving, faglege og praktiske diskusjonar, planlegging, evaluering og samordning av ulikt slag. Barnehagane har i tillegg 5 planleggingsdagar i året. Desse blir nytta internt i barnehagen til pedagogisk arbeid eller til kompetanseheving i form av eksterne kurs. 6

6. SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR Vestnes kommune eig og driv dei kommunale barnehagane. I tillegg er kommunen lokal barnehagemyndigheit. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at alle barnehagane blir drivne etter gjeldande regelverk. Administrasjonssjefen er øvste administrative leiar og kommunestyret er øvste politiske leiing. Dei kommunale driftsleiarane/styrarane tek del i driftsleiarmøta leia av administrasjonssjefen. Både kommunale og ikkje-kommunale styrarar deltek på styrarmøte ein gong i månaden leia av barnehagekonsulenten. Barne- og Ungdoms Tenestene - BUT Driftseininga Barne- og ungdomstenestene består av Barnevern, Helsestasjon, PPT, Vestnes ressurssenter og Sosiale tenester for barn og unge. Barne- og ungdomstenestene skal yte samordna, heilskaplege tenester til barn, unge og familiar. Forutan å vere tilgjengeleg på sine respektive arbeidsplassar, er fagpersonane også tilgjengelege på skular og barnehagar etter fast plan. Barne- og ungdomstenestene er organisert i team. Barnehagane har faste møter gjennom året med sitt team. Utdanningsinstitusjonar: Barnehageeigar pliktar å stille barnehagen til disposisjon for øvingsopplæring for førskulelærarstudentar, og stille med øvingslærarar. Barnehagane tek også imot elevar frå vidaregåande skule til praksisperiodar. NAV kan vere aktuell samarbeidspartnar i høve personar som treng arbeidsutprøving. NeVeRa: Vestnes kommune har i mange år arbeidd i nettverk saman med Nesset og Rauma i høve kompetanseheving i barnehagen. Dette samarbeidet fortset i planperioden. 7. OVERGANG BARNEHAGE /SKULE Det er utarbeidd ein overordna kommunal plan for overgang frå barnehage til skule. Plana ligg på heimesida til kommunen. I tillegg har den enkelte barnehage utarbeidd lokal plan for overgang frå barnehage til skule i samarbeid med nærskulen. 8. PLAN FOR EVALUERING/VURDERING: Område: Metode: Tidspunkt: Ansvarleg: Oppstart/ tilvenning Vurdere mål for perioden september primærkontaktar Foreldresamarbeid Vurdere mål. På foreldremøte/ Styrar og 7

Og medverknad Foreldresamtalar. Evalueringsskjema til våren. ped.leiar Barn si utvikling og trivsel Skjema: Primærkontaktskjema Foreldresamtaleskjema Språk registrering (TRAS) Praksisforteljingar Før foreldresamtalar haust og vår. Ved behov/etterspørsel Ped.leiarane og primærkontaktane Barn si medverknad Praksisforteljingar Barneintervju Barnesamtalar Ta innspel som barna kjem med. Avd. møte Kontinuerleg/ undervegs Heile personalet Dagsrytme/ kvardagsaktivitetar Observasjon Praksisforteljingar Samtale på avdelingsmøte og personalmøte. Bildedokumentasjon Kontinuerleg/ undervegs Heile personalet Barnehagen sitt innhald i høve Rammeplan, fagområde, årsplan og halvårsplan Halvårsevaluering Desember og juni, avdelingsmøte Styrar/ ped.leiar/ heile personalet Kompetanseutvikling Personalet Fokusområde Vurdere mål for områda ein har jobba med, samtale, refleksjon rundt eiga utvikling og heile personalet si utvikling. Suksessar. Avklaring og oppfølgingssamtalar. Val av nytt fokusområde. Heile personalet. Prosjekt/tema/ periode arbeid Dokumentasjon Vurdering Idébank Før, under og etter eit prosjekt/tema/ periode. Ped.leiar/ heile personalet. 8

DEL 2 TRYGGHEIM BARNEHAGE 9. PRESENTASJON AV TRYGGHEIM BARNEHAGE. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv Tryggheim barnehage gjennom NLMbarnehagene AS. Barnehagen har samarbeidsavtale med Vestnes kommune. Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf. Tryggheim barnehage har to avdelingar: Marihøna 1-4 år og Blåklokka 3-5 år. Begge avdelingane har utvida grupper og barnehagen er godkjent for 48 plassar. 10. BARNEHAGEN SITT PEDAGOGISKE GRUNNSYN Barnehagen sitt pedagogiske grunnsyn er grunnlaget for dei felles mål, verdiar og haldningar som er styrande for alt arbeidet som blir gjort i barnehagen. I praksis vil dette få konsekvensar for synet vårt på barnet og på holdningar og arbeidsmetodar i oppsedinga av barna. Det vil også få innverknad på samarbeidet med den enkelte heim. Menneske er i følgje Bibelen skapt i Guds bilde; det er ukrenkeleg og av uendeleg verdi. Vi ser også på menneske som grunnleggjande aktivt. Mennesket er tenkjande, følande, kreativt og handlande. Barnet utviklar seg i samspel med andre barn og vaksne som det har rundt seg. Barndomen er ein livsfase med eigenverdi, akkurat som andre fasar i livet. Barn treng å få vekse opp i eit miljø som gjev dei tryggleik, sjølvtillit og oppleving av og meistre. Dette inneber at vi som vaksne i barnehagen må ta barna på alvor og oppmuntre dei til og gje utrykk for tankar og meiningar. Vi må ha respekt for leiken og uttrykksformene deira og gje dei omsorg, ros og anerkjenning. Vi må og kunne støtte dei og be dei om tilgjeving. Barn gjev utrykk for korleis dei har det både språkleg og kroppsleg. Dette ønskjer vi å vere observante i høve til. Kvardagen vår må derfor organiserast slik at han gjev tid og rom for barna til å medverke. Samstundes ønskjer vi å vise at klare grenser og tydelege vaksne er med å skape eit trygt tilvere for dei i barnehagen. Personalet i barnehagen og foreldra har eit felles ansvar for barnas trivsel og utvikling. Foreldra er ekspertar på eigne barn. Personalet skal møte foreldra på ein open måte med innsikt i behova og ønska deira og med forståing og respekt for den livssituasjonen dei er i. 11. VISJON OG OVERORDNA MÅL FOR BARNEHAGEN. Eigar har vedteke ei vid praktisering av det kristne verdigrunnlaget som er fastsett i tidlegare formålsparagrafer og barnehagen blir driven i samsvar med dette. Tryggheim barnehage blir også driven i samsvar med den nye formålsparagrafen av 2010. Begge formålsparagrafane er nedfelt i vedtektene til barnehagen. Grunnsynet vårt er bakgrunn for visjonen og hovudmålsettinga for barnehagen vår: 9

Visjon og verdiar i Tryggheim barnehage. VI SET SPOR DET ER VERD Å FØLGJE. I ei tid med store endringar er det viktig med verdiar som varer og bidrar til å skape tryggleik. Tryggheim barnehage har følgjande kjerneverdiar som vi ønskjer skal prege kvardagen i barnehagen og gjere visjonen levande for oss: Tryggleik Tillit Tilgjeving Glede Ros Innleving Barna speglar seg i blikka til dei vaksne, og blir påverka av alt dei møter. Her har vi eit stort ansvar. Vi skal sjå og møte det enkelte barn på ein god og konstruktiv måte som bidrar til tryggleik, trivsel og læring Overordna mål for barnehagen. VI VIL AT BARNA SKAL KJENNE TRYGGLEIK OG OMSORG SLIK AT DEI KAN TRIVAST, LÆRE OG UTVIKLE SEG. VI VIL GJERE BARNA KJENT MED DEN KRISTNE TRU OG LÆRE. 12. GJENNOMGÅANDE INNHALD. Det kristne innhaldet. Tryggheim barnehage har vid praktisering av lova sin kristne formålsparagraf. Dette inneber at vi legg vekt på å formidle den kristne bodskapen og dei kristne grunnverdiane som vi byggjer samfunnet vårt på. Vi bruker bibelforteljingar, kvardagsforteljingar, kristne barnesongar og bordvers for at barna skal få innblikk i kva kristendommen er og korleis Bibelen fortel at vi skal vere mot kvarandre. Dei kristne høgtidene er sentrale tema. Dessutan vil barna bli kjent med personar og enkle bibelforteljingar frå både Det nye og Det gamle testamentet. Vi har ei kristen samlingsstund i veka. Da blir barna delt i grupper etter alder og modning. Det er utarbeida ein progresjonsplan over det kristne innhaldet i barnehage. Denne planen bidrar til progresjon i stoffet etter kvart som barna blir eldre. All formidling skjer på ei udramatisk måte, og vi legg vekt på å bruke visuelle hjelpemiddel, 10

enkle ord og god tid til samtale og undring saman med barna. Songen står sentralt og ei barnebønn høyrer og med. Mål for det kristne innhaldet. Gjennom formidling av det kristne innhaldet ønskjer vi å bidra til at barna: Skal bli kjent med Jesus, livet og gjerningane hans. Bli kjent med innhaldet i dei kristne høgtidene. Får kjennskap til kva misjon er. Forstår at Gud er glad i oss og har omsorg for oss. Omsorg, leik, læring og danning I den reviderte utgåva av rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver (2011), står det: Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Omsorg Omsorgsarbeidet i barnehagen er fundamentet i norsk barnehagepedagogikk. Vi ynskjer at dette arbeidet skal vere overordna alt anna innhald i barnehagen. Gode og nære relasjonar utgjer fundamentet for barnas trivsel, læring og utvikling i barnehagen. Vi vil at omsorgsarbeidet i barnehagen skal vere prega av varme og innleving. Derfor jobbar vi bevisst med oss sjølve slik at hjartet og skal vere med i dei meir utfordrande situasjonane i kvardagen. Alle barn har rett til omsorg, og skal møtast med omsorg. Personalet har ei yrkesetisk plikt til å handle omsorgsfullt. Praktisk hjelp, stell, trøyst og oppmuntring frå dei vaksne, skal fortelje barna at dei blir sett og teke vare på. Dette er med å skape tryggleik i kvardagen utafor heimen. Dei yngste barna er ikkje passive mottakarar av omsorg, men spelar ei aktiv rolle i mange omsorgssituasjonar. God omsorg styrker barnas føresetnadar for å utvikle tillit til seg sjølve og andre. Det å ta imot omsorg og etter kvart gje andre barn omsorg, dannar grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse. Omsorg i barnehagen handlar også i stor grad om barns omsorg for kvarandre. Men omsorg er ikkje bare praktisk hjelp, stell og trøyst. Vi trur og det ligg mykje omsorg i og gje barna varierte utfordringar og meiningsfylte aktivitetar. Det å lære barna sjølvstende eller konfliktløysing kan også vere eksempel på omsorgsutøving i barnehagen. Primærkontaktfunksjonen spelar ei viktig rolle i omsorgsarbeidet vårt. Leik Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi, og er ei viktig side ved barnekulturen. Han er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barn kan uttrykke seg gjennom. (Rammeplanen s 32). I leiken får barna erfaringar og opplevingar, dei tileignar seg språk og sosial kompetanse, bruker fantasi og prøver ut det dei har lært. Han er med og banar veg for læring i vid tyding. Barn leiker fordi det er moro. Leiken gjev spenning og glede. 11

Vi vil gje leiken, både ute og inne, stor plass i kvardagen, og vi vil leggje til rette for god og positiv leik der dei vaksne har god kontakt med barna. Det enkelte barn krev ulik støtte frå dei vaksne og meir eller mindre hjelp til og kome i gang med leik og utforsking. Observasjon, og stimulering gjennom oppmuntring, forslag og tilrettelegging er oppgåver dei vaksne har. Vi ønskjer og å ta aktivt del i barnas leik, men meiner det er viktig å ha respekt for leiken som barnas verksemd og ikkje overta kontroll og dominans. Det er og viktig for oss at alle barna deltek i leik og har vener i barnehagen. Dette dannar grunnlaget for trivsel og eit godt sjølvbilete. Barn som ikkje deltek i leik, blir haldne utanfor eller øydelegg leiken for andre, vil vi gje særleg oppfølging. Læring Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gje utfordringar med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskap og ferdigheter. (rammeplanen side 33). Den nye rammeplan for barnehagen har innført omgrepet livslang læring. Dette inneber at læring skjer på forskjellige arenaer gjennom heile livet. Barna har mange læringsarenaer og barnehagen er det første pedagogisk tilrettelagte trinnet i barnets læring. Barna lærer frå dei står opp om morgonen til dei legg seg om kvelden. Læring føregjeng i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet. Når barna undrar seg over noko, ynskjer vi som vaksne å ta dei på alvor og saman med barna undersøkje, stille spørsmål og finne svar som barna er nøgde med. Kvaliteten på samspelet mellom barna og mellom barna og dei vaksne er derfor avgjerande for kvaliteten på læringa. I barnehagen er læring knytt til både formelle og uformelle situasjonar. Begge har eit pedagogisk formål. Dei sju fagområda blir knytt til både organiserte læringssituasjonar og dei meir uformelle her-og-no situasjonane i leik og samspel i kvardagen. Barnehagen skal støtte barnas vitebegjær og lærelyst. For oss betyr dette at dei vaksne i barnehagen skal ha et aktivt forhold til barnas læringsprosessar. Det kan vere stor forskjell på barn når det gjeld og utforske og oppsøke læringssituasjonar. Nokre oppsøkjer stadig nye situasjonar sjølve og utforskar, eksperimenterer og spør personalet når det er noko dei lurer på. Andre treng meir hjelp til og kome i gang. Da blir vaksenrolla viktig. Vi ynskjer og vere engasjerte og oppfinnsam vaksne som prøvar og vekkje interessa hjå desse barna. Danning I den reviderte Rammeplanen for barnehagen er det i formålsparagrafen nå eit nytt omgrep: Danning. Barnehagen skal fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Vi vil i personalgruppa jobbe med dette omgrepet og komme fram til kva vi legg i det og etter kvart få ein felles forståing for korleis dette kan innlemmast i det pedagogiske innhaldet vårt. I barnehagen er gjensidige samhandlingsprosessar med barn og vaksne i leik og læring og omsynet til kvarandre føresetnader for danninga til barnet. Det er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Gjennom gode danningsprosessar blir barn i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til og vere prøvande og nysgjerrige på omverda, og til og sjå seg 12

sjølve som verdifulle medlem av eit større fellesskap. Danning er meir enn utvikling, meir enn læring, meir enn omsorg, meir enn oppseding og meir enn sosialisering. Samtidig rommar danning alt dette. Gjennom danning legg ein grunnlaget for allsidig utvikling. (Rammeplanen s.15.) Sosial og språklig kompetanse. Sosial kompetanse handlar om å kunne omgås andre på ein positiv måte, kunne ta og oppretthalde kontakt, samarbeide og vise omsorg. Eit godt språk betyr mykje for og lykkast i eit slikt samspel. God språkleg dugleik er også avgjerande for vennskap og all læring. Dette er derfor viktige arbeidsområde i barnehagen. Når det dukkar opp utfordringar og behov i samband med sosialt samspel i barnegruppene, vil dette bli teke opp i temasamlingar, og bli belyst gjennom til dømes samtale og rollespel. Vi bruker og uformelle situasjonar i kvardagen til å jobbe med endring av negativ åtferd. Vi ynskjer at barna skal bli trygge på seg sjølve og eigen tilhøyrsle, og kunne hevde eigne meiningar og behov. Samtidig er det viktig at dei kan vise respekt og sjå andre barns behov. Her kan barnehagen vere med og førebyggje mellom anna mobbing. Barna skal møte eit rikt språkmiljø i barnehagen der dei vaksne er gode språklege førebilde, og dei skal ha mange og varierte erfaringar med å bruke språket. Vi ynskjer å bidra til at barn med sein språkutvikling eller andre språkproblem, skal få tidleg hjelp. Barns medverknad. Barns rett til medverknad er lovfesta i barnehagelova og står også sentralt i FN s barnekonvensjon. Retten til medverknad handlar om menneskerettar. Barns medverknad i det indre liv i barnehagen kan vere det første skrittet for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Her gjeld inga nedre aldersgrense. Barn gjev uttrykk for korleis dei har det både språkleg og kroppsleg. Leiken er barna s viktigaste uttrykksform. For oss vaksne tydar dette at vi må vere observante og lydhøre overfor barnas handlingar og uttrykk, og at vi i stor grad må ha leiken i fokus dersom barns medverknad skal kunne realiserast. Dette handlar og mykje om våre haldningar til barna. Vi må ta dei på alvor, lytte og ha tid til den enkelte. Barns rett til medverknad handlar også om deira rett til ikkje å medverke. Som vaksne må vi ha forståing for at barn i periodar kan gå trøtt av og velje og at dei ikkje alltid ynskjer og vere aktive deltakarar. Vidare vil dette få konsekvensar for korleis vi planlegg og organiserer kvardagen og verksemda vår. Barna skal ha stor fridom i val av aktivitetar og dei vaksne må kunne vere spontane og fleksible i høve planer. Vi må vere bevisste når det gjeld og sjå kva barna er opptatt av og legge til rette for korleis dei ynskjer å uttrykke seg når vi mellom anna har eit tema vi jobbar med. 13

Kvardagsaktivitetar. Kvardagsaktivitetane er det innhaldet i barnehagen (rutinane) som gjentek seg kvar dag; velkomst/ avskjed, måltid, rydding, av- og påkledning, garderobesamling, toalettbesøk / handvask, stell, søvn / kvile, leik og samspel. Gjennom alle desse aktivitetane skal dei vaksne vere gode rollemodellar og omsorgspersonar for barna. Kvardagsaktivitetane gjev barna mange anledningar til å trene sosial dugleik, lære god folkeskikk, utvikle sjølvstende og ansvarskjensle. Det er viktig for oss at barna opplever at både vaksne og andre barn bryr seg og er interesserte i dei. Gjennom dagen i barnehagen må barna få oppleve seg sjølv som verdifulle personar, og på den måten få positive haldningar til seg sjølv. Dette har og med danning og gjere. Barnehagen som kulturarena. Barnehagen har ei viktig rolle som arena for utvikling av kulturell identitet. Barnehagen skal formidle kultur og leggje til rette for barnas eigen kulturelle aktivitet. Vi ynskjer å formidle den kristne kulturarven til barna. Medvit om eigen kulturarv, gjev barna tryggleik i møte med andre kulturar. Leiken, både ute og inne, er ein viktig del av barnekulturen. Denne har stor plass i barnehagen. I leik og samspel med kvarandre skaper og fornyar barna kulturen. Leiken er også ein viktig brubyggjar mellom ulike kulturar som er representert i barnehagen. Litteraturformidling er ein dagleg aktivitet i barnehagen. Her formidlast mykje kultur og tradisjonar. Song, musikk og anna kreativ verksemd er også med å formidle kultur til barna. 13. FAGOMRÅDA Rammeplanen skisserer sju fagområder som barna skal ha erfaring med i løpet av et barnehageår. Fagområda er i stor grad dei same områda som barna seinare vil møte i skulen. I barnehagen jobbar vi tverrfagleg. Dette inneber at fagområda vil gli over i kvarandre og at vi vil vere innom fleire fagområde samtidig. Måla for fagområda er prosessorienterte. Dette betyr at krava i stor grad er retta mot dei vaksne og deira rolle og innsats i arbeidet. Vi skal mellom anna gje barna erfaringar og opplevingar. Vi ynskjer oss eit læringsmiljø prega av leik, glede, gode opplevingar og fellesskap. Det er også viktig for oss og gje rom for barna sine innspel i høve fagområda. Gjennom medverknad skal dei vere med og både planleggje å vurdere dette innhaldet. Nedanfor skisserer vi korleis vi vil ivareta fagområda sin plass i kvardagen. Progresjon i høve fagområda vil vere eit stikkord for oss i planperioden. Alle skal få eit pedagogisk tilbod tilrettelagt sin alder. Kommunikasjon, språk og tekst Vi vil vere observante, lyttande og interesserte vaksne og på den måten bidra til eit godt språkmiljø i 14

Kropp, rørsle og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn barnehagen. Vi vil vektleggje dialog, leik med språket og mykje song. Bildebøker, eventyr, forteljingar og høgtlesing vil ha stor plass i kvardagen. Vi vil bruke biblioteket, og vi vil observere og kartleggje språkutvikling. TRAS og Snakkepakken er pedagogiske verkty vi kjem til å nytte i språkarbeidet. Språkgrupper for dei som treng ekstra oppfølging er og ein aktuell arbeidsform. Vi vil bruke naturen og nærmiljøet aktivt og på denne måten bidra til variert fysisk aktivitet. Vi vektlegg og eit sunt kosthald. Barna smørar sin eigen mat og dei får frukt og grønt i barnehagen. Kvar fredag får nokre barn vere med å lage middag til alle dei andre. Vi trur og det er viktig å ha ein god balanse mellom aktivitet og kvile/ roleg aktivitet. Vi ynskjer å ivareta barnas nysgjerrigheit og utforskartrong og på den måten gje dei gode opplevingar og inntrykk. Bruke varierte estetiske utrykksformer som forming, song, musikk og drama. Vi vil bruke naturen i nærmiljøet og fylgje årstidenes gang, bruke naturen som inspirasjon til estetiske utrykk, hauste frå naturen og bruke det vi har hausta. Vi vil og følgje opp ENØK tiltak i barnehagen. Feiring av dei kristne høgtidene vil stå sentralt. Det vil og barnehagens verdiformidling. Vi vil prøve å gi rom i kvardagen for gode samtalar, ettertanke og undring. Barna skal møtast med respekt og vi vil hjelpe dei å finne gode løysingar i konfliktsituasjonar. Vi vil gi barna opplevingar i nærmiljøet, invitere besteforeldre til barnehagen, eventuelt besøke nokre institusjonar og arbeidsplassar. Gje dei eldste barna erfaringar med å delta i eit demokratisk samfunn der alle si stemme er like mykje verd. Gjennom medverknad gje barna høve til å påverke innhaldet i barnehagen. Arbeide for at alle, uansett alder og føresetnader, bidreg og inngår i barnehagefellesskapen. Ikkje gjere forskjell på gutar og jenter, men la alle få like moglegheiter. Gjennom leik og anna aktivitet byggje bru mellom dei kulturane som er representerte i 15

Tal, rom og form barnehagen. Dette fagområdet handlar om barns utvikling av matematisk kompetanse. Vi vil spele spel og bruke naturlige situasjonar til å leike med tal og former, sortere, måle og vege. I tillegg er det viktig og gjere barna bevisste på det matematiske språket. Her må dei vaksne vere gode rollemodellar å bruke eit presist språk. Vi vil legge til rette for å utvikle lysta til og utforske matematiske samanhengar og undre oss over kvifor ting er som dei er. 14. SOSIAL/ PEDAGOGISKE AKTIVITETAR. Høgtider. Barnehagen markerer alle dei kristne høgtidene, med spesiell vekt på jul og påske. Barna vert kjend med bakgrunnen for høgtidene, tradisjonar og aktivitetar knytt til desse. Barnehagen er stengt jule- og nyttårsaftan, men er open i romjula og dei tre dagane før påske. Fødselsdagar. Vi markerer fødselsdagane til barna ved at dei andre barna lagar ei enkel gåve til den som fyller år. Avdelingane har litt ulik praksis i høve dett. Bursdagsbarnet skal vere i fokus heile dagen. Vi flaggar for den som har bursdag. Bursdagsbarnet får planleggje dagen på førehand, kva aktivitetar dagen skal fyllast med, kva songar som skal syngjast og kva som skal etast til måltidet. Vi ønsker å ha sunne alternativ til bursdagsmat; frukt og grønt fat, sunne vafler eller pølsepiggsvin. Kulturskulen. Vi kjøper tenester frå Vestnes Kulturskule i perioden januar-mars kvart år. Dette er eit tilbod til dei eldste førskulebarna våre. Då vert estetiske fag som song, musikk, dans og drama vektlagt. Misjonsprosjekt / Open dag Barnehagen jobbar kvart år med eit misjonsprosjekt der vi blir kjent med eit land og folk og samlar inn pengar til ulike formål. Dette prosjektet avsluttast med ein open dag i barnehagen. Foreldre og anna familie, naboar og folk knytt til Misjonssambandet si misjonsforeining vert inviterte. Da har vi tombola, loddsal og kafeteria. Vi har og ein lavvodag i løpet av barnehageåret der vi sel suppe til foreldre og sysken ute i lavvoen til inntekt for misjonsprosjektet. Leike /turgrupper. 16

Barna vert delt i grupper i til dømes samlingsstunder, formingsaktivitetar og turar. Dette kan vere både aldersreine og aldersblanda grupper. Leikegrupper der ein vaksen har ansvar for å legge til rette for leik eller anna aktivitet vert og praktisert. Da er fokus ofte på sosial kompetanse og vennskap. Førskulegruppe. Dei eldste barna er saman ein føremiddag i veka frå hausten og ut barnehageåret. Førskulegruppa vil ha fokus på læring i høve fleire område slik at barna kan stå best mogleg rusta den dagen dei begynner på skulen Fleire ser fram til det og verte størst i barnehagen, og desse forventningane er viktig å ta vare på. Derfor kjøper og barnehagen tenester frå Kulturskulen i tidsrommet januar mars / april og ynskjer at dette skal vere eit tilbod nettopp til denne gruppa. Tilvenning. Den første tida om hausten kallar vi tilvenningstid i barnehagen. Da begynner nye barn. Desse skal bli kjent og trygge. Også for dei gamle barna vert kvardagen annleis i og med at barnegruppa endrar seg frå år til år. Barn sluttar og nye vennskap skal knytast. Før sommarferien får nye foreldre eit informasjonsbrev frå barnehagen og ein startdato. Dette for at det ikkje skal begynne meir enn eit eller to nye barn kvar dag. Dette gjer det lettare for personalet å ta seg godt av og bli kjend med dei nye barna og foreldra deira. Vi trur også at det er viktig å knytte kontakt allereie før ferien og ber i informasjonsskrivet dei nye om og kome på besøk før ferien. Kvart barn har også ein primærkontakt som har eit spesielt ansvar for barnet. Dette kan vere spesielt viktig i starten. Den første tida etter at barnet har begynt i barnehagen, blir brukt til å la barnet bli kjend med dei vaksne, dei andre barna og rutinane våre. Vi vil leggje til rette og gjere det vi kan for at barnet skal få ein positiv og god start i barnehagen. 17