Periodeplan for Kløver September 2014 februar 2015.
Personalet på Kløver: Anette, Annelin og Bente. Barnegruppa på Kløver: Alva Nila Martinus Maria Luna Nicholas Trym Eivind Omar Wilsan Martin Signe Nathaniel Sofie Velkomen til eit nytt barnehageår i Øyra barnehage! Vi er allereie godt i gong med det nye barnehageåret 2014/15. Det har kome mange endringar sidan forge barnehageår. Vi har fått reine aldersinndelte grupper, og vi har endra mykje på måten og organisere oss på. Alle borna på Kløver er jamnaldringar som no tek til på sitt aller siste år i barnehagen, før dei skal byrje på skulen hausten 2015. Dette året blir med andre ord eit «skuleførebuande» år for denne gruppa, der vi kjem til og førebu barnegruppa og enkeltborn på det som møter dei i skulen. Sidan borna på Kløver er «førskuleborn» får dei noko større aktivitetstilbod enn dei andre borna i barnehagen. Dei skal gjerast litt ekstra «stas» på denne barnegruppa, samstundes som at vi byrjar og førebu borna på det som ventar dei i skulen. Difor har vi blant anna «førskuleklubb» med denne gruppa ein gong i veka. Dei får og vere med på bading hjå varmtvassbassenget på sjukehuset i Volda, noko som er eit kjempeflott tilbod, der vi har som mål og gjere borna trygge i vatn og skape glede rundt leik og aktivitetar i vatn. Ein dag i veka skal Kløvergruppa ut på tur i nærmiljøet ein stad, slik vi har hatt tidlegare. Vi legger opp til flest lengre turar, enn kanskje denne barnegruppa har vore vande med frå tidlegare. På turane skal vi legge merke til omgjevnadane vi ferdast i.
Temaarbeid i denne perioden «Eg og kroppen min» er det overordna temaet for denne perioden. Gjennom temaet ynskjer vi at barna skal få bli kjent med omgrep knytt til kroppen, og at vi kan samtale om kroppen, både dei ytre og dei indre kvalitetane. Det er eit nok så vidt tema, så det blir spanande sjå kva vi endar opp med framover. Det kan hende vi fortsett med dette temaet i neste periode. Til no har vi blant anna sett på ein serie som heiter «Det var ein gang eit menneske», og vi har snakka litt om kva som er likt og ulikt hjå oss jenter og gutar/kvinner og menn. Tanken med dette temaet er også å knyte inn andre tema som for eksempel går under sosial kompetanseutvikling. Blant anna «vennskap». For eksempel: Kva er ein god ven? Kva har kroppsspråk og det vi seier samanheng med korleis vi syner andre at vi vil leike med dei? Vi kjem til og jobbe med tema om blant anna vennskap i samling med bruk av støttemateriell vi har i barnehagen, og samtale saman med borna. I veke 39 og 40 skal vi arbeide med tema om «Brann». Då har vi samlingar med sang og samtalar om brann med barnegruppa, og vi førebur dei på at vi skal ha ei brannøving i barnehagen. I veke 43 har vi bestemt at barnehagen skal ha ei «haustveke». I haustveka skal vi vere mykje ute, og det vil bli tilrettelagt for ulike ute-aktivitetar for borna. Kløver og Solsikke-gruppene skal delta på barnekunstutstillinga på Ivar Aasentunet første veka i desember. Her skal vi levere kunstprodukt knytt til eit tema som skal bli stilt ut.
Organiseringa vår Dagsrytme Frå klokka 7.15 9.00 får borna tilbod om og ete frukost i barnehagen. Dei må då ta med seg eigen mat, og kan ete i rolege omgjevnader att med personal og eventuelle andre born. Frå ca klokka 8.00 9.45 er det ulike aktivitetstilbod for borna på storbarnsbasen på ulike funksjonsrom. Vi åpnar opp funksjonsrom etter antall personal vi har i barnehagen til ei kvar tid. Klokka 10.00 14.00 har vi tenkt skal vere gruppetid. Då skal for eksempel Kløvergruppa samlast. Borna får to måltid i barnehagen. Det første måltidet har vi ca. klokka 11.00. Det 2. måltidet ca. klokka 14.00. Etter det 2. måltidet byrjar hentetida, og vi har mest frileik anten inne eller ute i barnehagen. Vekeplan for Kløver Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Frå kl. 10-14: «Utedag» Gruppetid: Mellom Kl. 10-14: Bading Kløvergruppa -Ein dag Kl. 10-14. Førskuleklubb. kl.13-14 på på tur. der vi er varmtvass- mykje ute. bassenget.
Førskuleklubb Alle på Kløver skal gjennom dette barnehageåret få moglegheit til og bu seg til skulestart. Med førskuleklubb ynskjer vi og introdusere borna for den måten og arbeide på som dei gjer i skulen, samt snakke med borna om det dei har i vente, deira eigne tankar og undringar, samt stimulere til at borna får gode tankar og relasjonar til det og byrje på skule. I år skal vi ha førskuleklubb kvar torsdag. Vi kjem til og variere mellom og dele kløvergruppa i to mindre grupper og ha to økter på 1 time pr gruppe, og på samle heile Kløver-gruppa på ei økt. Vi kjem til og jobbe for at borna skal bli meir sjølvstendige, øve på og sitje og gjere oppgåver som krev at borna kan evne og konsentrere seg meir. Vi har gitt alle borna eit aktivitetshefte, som dei skal få ta med seg når dei sluttar i barnehagen. I dette aktivitetshefte er det mange oppgåver innanfor ulike tema. Eit eksempel kan vere at barnet må teikne, streke ut, sirkle rundt, fargelegge o.l. Til no har vi arbeida med temaoppgåver innanfor former og mønster. Samt at borna har fått oppgåver knytt til «Kven er eg?». Bading I Øyra barnehage er vi så heldige å kunne tilby bading til alle som går på Kløvergruppa. Badinga har vi i varmtvassbassenget hjå Volda sjukehus. Den varer i ca. i 1 time inkl. dusj/skift i garderobe, og blir på fredagar frå klokka 13.00 14.00. Vi kjem til og jobbe for at borna skal verte trygge i vatnet, og at dei skal få oppleve gledje og meistring gjennom ulike aktivitetar i bassenget. I veke 39, endra vi badegruppene, og delte Kløvergruppa i to badegrupper, i staden for tre grupper. Dei nye badegruppene er: Gr. 1: Alva, Nila, Nicholas, Martinus, Trym, Luna og Omar. Gr. 2: Sofie, Eivind, Martin, Maria, Nathaniel og Wilsan.
Av badeklede og utstyr må alle ta med: Badetøy, badehette, såpe, handkle og ferdig oppblåste baderingar til og ha rundt armane. Sist nemnte må ein ta med sjølv om barnet har lært og symje. Badekleda må pakkast i ein god sekk tilpassa barnets kropp. Ta også gjerne med drikkeflaske. Funksjonsromma våre Vi har no eit enda større fokus på og arbeide etter Reggio Emilia pedagogikken, og vi har organisert romma våre slik at vi skal kunne arbeide meir etter Reggio-Emilia filosofien. Romma er organisert med ulike funksjonar, og har ulike leiker og reiskapar etter kva type rom det er. Dei ulike funksjonsromma har no fått namna «Nysgjerrigper-rommet», Biblioteket, Musikk, dans og drama-rommet, «leike-rommet», «Konstruksjonsrommet» og formingsrommet. På desse romma kjem vi til og arbeide i gruppene våre, og i mindre grupper på tvers av dei alders-inndelte gruppene på storbarnsbasen. Romma er i stadig utvikling, og vi vaksne har fått utdelt våre «ansvarlege» rom, som betyr at vi skal tilrettelegge romma for prosjekt som vi vil gjere på dei ulike romma. Nysgjerrigper-rom På dette rommet skal det vere rom for å stille spørsmål, undre seg saman, og forske vidare på det som vi måtte bli nysgjerrige på. Til no har vi blant anna byrja på ulike små prosjekt om kroppen vår. Eit av prosjekta blei inspirert av eventyret om «Prinsessa og gullballen». Vi skulle teikne jenta frå eventyret på eit stort ark. Så kom eit av borna med eit forslag om vi skulle legge eit stort ark på golvet, for så at dette barnet skulle legge seg ned på arket og la andre born streke rundt kroppen hennar med ein blyant. Så vi gjorde det. Etterpå satte alle barna på ulike kroppselege element på rett stad, som til dømes fylte ansiktet med ein munn, ei nase, to auger osv. Dei laga til og med klede som dei klipte ut, medan andre klede fargela dei rett på den allereie oppteikna prinsessa. Dei gav jenta ein hudfarge, samt ein hårfarge. Det heile bar preg av at alle borna som deltok i prosjektet vårt var aktivt deltakande, og hjalp kvarandre med det ferdige produktet, som vi enda med og henge opp på veggen. Den
vaksne som var med på prosjektet var delaktig i aktiviteten med borna, gjennom og starte opp med og lese eventyret, snakke og undre seg saman med borna, for så at vi enda opp med det vi nettopp gjorde. Bibliotek Tanken her er at vi på dette rommet skal innby til rolegare aktivitetar. For eksempel høgtlesing frå ein vaksen der man etterpå kan bruke tid til og snakke med borna om det man les om, studere bileta saman. Andre ting er for eksempel rollespel, lytte til musikk, forteljingar eller eventyr. Musikk, dans og drama-rom Inne på dette rommet er det tilgang til fleire forskjellige instrument, som borna kan få prøve spele på ilag med ein vaksen. Det er også på dette rommet vi har valgt og ha alle kostymene vore, så det skal vere rom for utkledning og eventuelt rollespel/rolleleik. Leike-rom På dette rommet finn vi kjøkenkroken vår, med mykje forskjellig kjøken-utstyr, mange dukker med kle og stelletilbehør, og vogner. Barna kan på dette rommet få leike rollespel frå kvardags-situasjonar som dei sjølve har erfaring med. Vi ser at dette er eit populært rom spesielt for dei yngste på storbarnsbasen. Konstruksjonsrom På dette rommet fin vi alle byggeklossane, og andre konstruksjonsleiker som vi har i barnehagen. Til no har nokre barn fått vore med på eit prosjekt der dei fekk sjå bilete av ulike kjende byggverk rundt om i verda. Etterpå skulle dei prøve og bygge desse byggverka. Det enda i at dei blant anna bygde Eiffeltårnet. Etterpå snakka dei om andre byggverk, og nokre fekk til og med ein ide om og bygge Voldakyrkja. I ettertid har vi personalet på Kløver snakka om og eventuelt gå rundt i Volda og kike på fleire
byggverk, deriblant kyrkja, saman med Kløvergruppa. Dette fordi vi har snakka om ulike former i førskuleklubben, og at vi kan skape ting ut av ulike former. Informasjon til dykk foreldre Alle foreldre skal ha tilgang til og logge seg inn på oyra.barnehage.no med kvart sitt personlege brukarnamn og passord. På nettsida vil vi legge ut informasjonsskriv, periodeplanar og månadsbrev. Knytt til månadsbrev som vi no skal legge ut etter at ein månad er gått, skal det kome fram kva vi har gjort og kva vi eventuelt kjem til og halde fram med. Vi kjem og til å legge ut bilete som syner utdrag av det vi har gjort under bilete og sortert i «album». På nettsida finn dykk og ein vekeplan. Denne blir oppdatert med gjevne mellomrom, og kanskje også sendt til dykk på e-post dersom det er spesielle hendingar. Om nokon av dykk skulle oppleve problem eller har andre henvendelser knytt til nettsida og innhenting av informasjon, er det bere og ta kontakt med personalet i barnehagen. Viktige datoar og merke seg i denne perioden: Barnehagen er stengt på grunn av planleggingsdag 6. oktober 2014, og 2. januar 2015. Luciafeiring i barnehagen den 12. desember. Lyktefest/julefest blir 18. desember. Nissefest i barnehagen blir 19. desember.