Kommunalt Kompetanse- og innovasjonstilskot Møte m/kommunane 10. april 2015 v/ Marta Havre og Beate Helland 1
Søknadsfrist 18. mai Søknadsskjema ligg ute på FM sine nettsider Ein felles søknad fra kommunen Husk kontaktperson/ kontaktpersonar Husk vedlegg til søknadsskjema om kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot - spesifisering av Kompetansetiltak Eit svarbrev tilbake til kommunen Rapportering 01.04.2016 2
Beløp som skal fordeles i Hordaland Totalt kr 23 295 918 - kr 3 300 000 Bunden opp til pågående prosjekt på Nasjonalt velferdsteknologiprogram Bergen 0,4 millioner kroner Lindås 2,4 millioner kroner Stord 0,5 millioner krone = Igjen kr 19 995 918 3
Personell og kompetanse Viktig å sjå satsingane i Kompetanseløftet i samanheng med implementering av samhandlingsreforma og dei rekrutterings og kompetansebehov reforma fører til i dei kommunale omsorgstenestane Kommunane må framleis styrkje både breiddeog spesialkompetanse 4
Større del faglærte i helse -og omsorg tenesta Totalt i Hordaland har det frå 2007-2013 blitt 423 fleire årsverk i brukarretta tenester, ei auke på 3,6 prosent Dette er langt frå målet på 1200 fleire årsverk for fylket Delen med relevant utdanning var i 2013 kome opp i 75,2 prosent av årsverka, mot 68 prosent i 2007. 16 kommunar i Hordaland reduserte talet på brukarretta årsverk i helse- og omsorgstenestene frå 2012 til 2013 5
Kompetanse Hordaland er eitt av fylka med størst framgang når det gjeld personell med relevant utdanning frå høgskule og universitet. Delen årsverk med høgskule- eller universitetsutdanning har auka med 5,9 prosent sidan 2007 og er nå på 36,9 prosent. Det er variasjon mellom kommunane Delen av sjukepleiarar med vidareutdanning var på 24,8 prosent i 2013 Dette er fire prosentpoeng over landsgjennomsnittet. 6
Kompetanse Nedgang i viktige faggrupper frå 2007-2013. fysioterapeutar, legar, ergoterapeuter, sosionomar Det er for få fagutdanna innan barnevern og ikkje nok kompetanse i omsorg for barn og unge 7
Må heve kompetansen i fleire tenester Prosentdel vernepleiarar auka frå 2007 til 2013 med 32,5 prosent, men stagnerte frå 2012-2013. Dei siste åra har vi tildelt tilskot til kompetanseutvikling innan tenester for personar med psykisk utviklingshemming til alle kommunar som har søkt om det Kommunane søkjer om dispensasjon frå kompetansekrava i for mange saker om tvangsbruk mot personar med utviklingshemming 8
Utdannar for få helsefagarbeidarar Frå dei første helsefagarbeidarane var ferdig utdanna i 2011 og ut året 2013 kom det til 687 nye årsverk for denne gruppa Det har blitt færre årsverk for både omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar Den totale veksten på årsverk for desse tre gruppene samla - helsefagarbeidarar omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar, er derfor berre på 123 årsverk, altså rundt tre prosent. Målet for Hordaland var å sikre bruttotilgang på om lag 450 helsefagarbeidarar i året. Dette talet blei justert ned til 250 per år. 9
Større avgang enn rekruttering I 2013 blei eitt av fire årsverk i brukarretta tenester utført av tilsette over 55 år Vi står framfor eit generasjonsskifte der nær ein fjerdedel av arbeidsstokken vil pensjonere seg Ein del av desse er eldre hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar Rekrutteringa står ikkje i forhold til kor mange som sluttar dei neste åra 10
Kompetanseplan 16 av 33 kommunar har utarbeida kompetansehevingsplan som vedlegg til søknadene i 2014, men berre eit få tall av kommunane har implementert planen i anna kommunalt planverk Strategisk og systematisk kompetanseutvikling er nødvendig for å nå måla 11
Ny teknologi Innovasjon i både type tenester og organiseringa av tenestene må til for å møte framtidas behov Ved innføring av ny teknologi må kommunane vurdere kva konsekvens innføring av velferdsteknologi i stor skala vil kunne ha for organisering av arbeidet, rekruttering og kompetansebehov. 12
LYKKE TIL!! http://www.fylkesmannen.no/hordaland/helseomsorg-og-sosialtenester/ Omsorgstenester/Omsorgsplan-2015--- oppsummering-og-utfordringar/ Abonner på nyhende frå Fylkesmannen< http://www.fylkesmannen.no/hordaland/abonner e-pa-nyhende/ 13