Årsmelding for Læringssenteret Gol Vaksenopplæring

Like dokumenter
Årsmelding for Læringssenteret Gol

Årsmelding for Læringssenteret Gol

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Norskopplæring til asylsøkjarar i Flora kommune. Førde 17. desember 2015

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002)

Tilskott til opplæring av barn og unge

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) skjema. nynorsk

Om plikt og rett til utdanning korleis kan utdanninga bli tilpassa einsleg mindreårige med avgrensa opphald? 17. mars 2017 Statens hus

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

Fagdag, minoritetsspråklege

Heimetenester til funksjonshemma (Utval for Kultur og Levekår)

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Kulturavdelinga (Utval for Kultur og Levekår)

Korleis lukkast med busetting?

Regelverk og rettar. opplæring for einslege mindreårige asylsøkjarar

Busetting og integrering av asylsøkjarar og flyktningar i Jølster.

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 026/14 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Balestrand kommune Sagatun skule

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Fagdag om søkjarar til vgo med B-skjema

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Vår ref. 2013/ Dokumentasjon i samband med tilsyn - retten til særskild språkopplæring for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

4A-1 RETT TIL GRUNNSKOLE

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Spørsmålsrunde

Skuleåret 2017/2018.

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-15 Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Voksne i grunnskole og videregående opplæring. Seniorrådgiver Silje Therese Nyhus

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Handlingsprogram

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Lokal arbeidstidsavtale 2016/2017

TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

FLYKTNINGTENESTA I ÅL KOMMUNE Plan for busetting og integrering av flyktningar.

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering?

Fylkesmannen si samling med privatskulane. Onsdag 5.februar 2014

Tertialrapport 2 tertial 2015

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Notat. : Framtidig organisering av opplæring i norsk m. samfunnsfag. : Kjellaug Brekkhus. : Kari Rønnestad. Innleiing:

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Frå busett til sysselsett

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

Retten til spesialundervisning

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 151/05 05/2083 FAMILIESAMEINING FLYKTNINGAR 1125

Transkript:

Årsmelding for 2013 - Læringssenteret Gol Vaksenopplæring OPPGÅVER OG AKTIVITETAR Læringssenteret Gol har i løpet av 2013 bytta namn frå Læringssenteret Gol vaksenopplæring til Læringssenteret Gol. Vi har i 2013 gitt opplæring på 4 område samt at det er samarbeid med NAV om innhaldet i introduksjonsprogram for innvandrarar. 1. Opplæring for vaksne på grunnskulens område - Opplæringslova 4A-1 Læringssenteret Gol gir grunnskuleopplæring for vaksne til dei som melder behov for slik opplæring. Det er inngått avtale om eit formalisert samarbeid med alle dei andre Hallingdals-kommunane om eit standardisert løp på 2 år som fører fram til avslutta grunnskole. Alle kommunane er likestilte partnerar i dette samarbeidet og deler kostnadene. Dei eksisterande avtalene vil bli vidareført. Vedtak om opplæring etter 4A-1 kan også gjelde tiltak av mindre omfang, for eksempel forkurs til det ordinære grunnskoleløpet, opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og undervisning som det tidlegare ble fatta vedtak om etter 4A-2. Ved utgangen av 2012 var det 11 deltakarar i grunnskule for vaksne delt på 2 grupper. I tillegg var det 5 deltakarar i innføringsgruppa (forkurset til grunnskoleløpet) pluss 5 deltakarar i opplæring som tidlegare ble gitt etter 4A-2. Timeforbruket ved utgangen av 2013 var 75,6 t/u = ca. 3,78 lærarstillingar. 2. Spesialundervisning - Opplæringslova 4A-2. Læringssenteret Gol gir tilbod om spesialundervisning for vaksne individuelt eller i gruppe, i samsvar med individuell opplæringsplan for den einskilde. Når ein deltakar ikkje kan gjøre seg nytte av den ordinære opplæringa som gis etter 4A-1, kan vedkommande ha rett til spesialundervisning etter 4A-2. Vedtak om slik opplæring fattast etter sakkunnig vurdering frå PPT. I løpet av 2013 har det blitt færre vedtak etter 4A-2. Det er i staden gitt vedtak etter 4A-1 (sjå ovanfor). Læringssenteret Gol administrerer logopedi og afasibehandling for vaksne og gjer avtale med HELFO om refusjon av utgiftene til behandling. Andre kommunar kan etter avtale kjøpe tenester på dette området av Læringssenteret Gol Vaksenopplæring. Ved utgangen av 2013 var det 6 deltakarar i spesialundervisning etter 4A-2, 3 frå Gol og 3 frå andre kommunar som kjøper tenester. Gol kommune brukte 6 lærartimer (0,3 lærarstilling) og 12 assistenttimer (0,32 assistentstilling) ved årsskiftet på egne elevar. 3. Norsk med samfunnskunnskap - Lov om Norskopplæring for nyleg komne innvandrarar Læringssenteret Gol gir tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap for alle innvandrarar, både til dei som har rett og plikt til 600 timer (busette flyktningar og familiesameinte) og dei som må betale (arbeidsinnvandrarar). Tilbodet tar sikte på at deltakarane kan gå opp til og bestå Norskprøven på rett nivå. Læringssenteret gir og tilbod om nettbasert opplæring for deltakarar på høgare nivå. Alle innvandrarar i dei 4 nedre Hallingdals-kommunane får si opplæring på Læringssenteret etter avtale om eit formalisert samarbeid mellom Gol, Flå, Nes og Hemsedal om denne opplæringa. Læringssenteret søkjer om og mottar tilskot for alle dei 4 kommunane. Læringssenteret tilpassar undervisninga etter tilskotsmidlane. Den eksisterande avtalen vil bli vidareført. Ved utgangen av 2013 var det ca. 85 deltakarar i norsk med samfunnskunnskap delt på 7 ordinære grupper og nettgruppa. Timeforbruket var 137 t/u = ca. 6,85 lærarstillingar.

4. Norsk med samfunnskunnskap - for asylsøkjarar Asylsøkjarar i mottak har og rett til norskopplæring inntil 250 timar. Det er inngått avtale om formalisert samarbeid mellom Læringssenteret Gol og kommunane Nes og Hemsedal om å tilby norskopplæring til bebuarane i deira mottak. Læringssenteret søkjer om og mottar tilskota til denne opplæringa. Handsamingstida for handsaming av asylsøknader har gått ned, men tida det tar å busette flyktningane er fortsatt lang. Mange av asylsøkjarane skifter status til flyktningar med opphald, og da får dei rett og plikt til 600 timer. Ingen av gruppene frå mottaka er reine asylsøkjargrupper, men ein kombinasjon. Ved utgangen av 2013 var det 6 mottaksgrupper med ca. 50 deltakarar. Deltakartalet endrar seg heile tida. Timeforbruket var 51 t/u = 2,4 lærarstillingar. Punkt 3 og punkt 4 er hovudaktiviteten til Læringssenteret. Ca 76% av vår ressursbruk brukast på opplæring i norsk og samfunnskunnskap. 5. Introduksjonsprogram for innvandrarar - Lov om introduksjonsordning Alle busette flyktningar deltar på Introduksjonsprogram. Dei skal ved avslutninga av programmet ha nådd mål om norskopplæring. Elles skal dei vera i løna arbeid eller i kvalifiseringstiltak i regi av NAV-arbeid, eller ha byrja på vidare skulegang. Norskopplæringa er sjølvsagt den viktigaste delen av introduksjonsprogrammet, men Læringssenteret samarbeider og med NAV om å skaffe språkpraksisplassar og om andre aktivitetar utanom norskopplæringa. Det er tilsett ein koordinator i 60% stilling til dette formålet. Alle deltakarar på program mottar introduksjonsstønad, og dette blir dekt av integreringstilskotet. 6. Oppsummering oppgåver og aktivitetar Elevtalet endrar seg gjennom året, spesielt i norskopplæringa. Fleire elevar har slutta i løpet av året. Nokon fordi dei har oppfylt plikta si på 600 timar, nokon fordi dei går opp til og består norskprøve og andre fordi dei har flytta. Nye søkjarar blir kartlagt, og dersom det høver, tar vi dei inn i eksisterande grupper. Grupper går og i oppløysing av dei same årsakene, og det er normalt at 1 eller 2 grupper opprettast ved årsskiftet. Spesielt elevtalet i mottaksgruppene kan endre seg fort av naturlege grunner. Utskiftinga i mottaka er kontinuerlig. Levetida til ei mottaksgruppe er normalt litt under eit år, men dersom elevtalet er lågt, kan ho gå i oppløysing. Læringssenteret har og ein administrativ ressurs på 180% som er fordelt med 100% på rektor og 80% på inspektør. 40% av inspektørens stilling brukast til undervisning. Talet stillingsheimlar totalt er 15,1. Av dette låg forbruket ved årsskiftet på ca. 15. Det ligg an til ein auke frå hausten 2014 grunna endra status for mange av bebuarane i mottaka. Dei skifter status og får rett til 600 timer i tillegg til dei 250 timane dei har rett til som asylsøkjarar. Dette er blitt påpeika av IMDI. Det vil vere rett å intensivere opplæringa deira, og da blir det eit auka time-volum. ØKONOMI Fordeling lønsartar (alle tal i heile 1.000 kr): Hovudart: Tekst: R 2011 R 2012 Just B 2013 R 2013 10xxx Løn inkl. sos. utg. 10.484 11.391 9.619 9.884 11xxx-12xxx Kjøp av varer og tenester 1.354 889 1.292 1.189 13xxx Kjøp av tenester 3 390 2.570 1.733 14xxx Tilskot og tilleggsløyvingar 0 40 - - Sum driftsutg. 11.841 12.710 13.481 12.806

16xxx Sals- og leigeinntekter -374-375 -200-518 17xxx Refusjonar og tilskot -9.440-10.086-9.614-10.124 18xxx Overføringar frå andre 0 - - Sum driftsinnt. -9.814-10.461-9.814-10.642 15xxx Finansieringsinnt. (avsetning til fond) 1.572 3.123 970 757 19xxx Finansieringsinnt. (bruk av fond) -584-2.402-1.637 - NETTOUTG. 3.015 2.970 3.000 2.921 Utvikling løn og sosiale utgifter korrigert for refusjonar sjukefråvær (alle tal i heile 1.000 kr): 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Netto-løn: 5.045 5.413 6.095 8.412 10.117 10.986 9.869 Kommentar: Lønsauken frå 2009 til 2010 skuldast at asylsøkjaropplæringa ble starta opp. Auken frå 2010 til 2011 skuldast utviding til 2 grunnskolegrupper. Ny lønsavtale i 2012 for undervisningspersonale førte til auka lønskostnader i 2012. Staten setter krav til at kommunane må ha eit tilbod om ei introduksjonsordning for innvandrarar. Utgiftene blir finansiert av integreringstilskotet. Tala som gjeld løn for Læringssenteret har inkludert løn til introduksjonsprogrammet. For 2013 er denne kostnaden flytta til NAVs budsjett. Det heng i hovudsak saman med at vedtak om introduksjonsprogram blir fatta av NAV og at når denne kostnaden har vært inkludert i nettoutgiftene for Læringssenteret har dei vært «feil» høge. Samtidig har lønskostnadane gått noko opp grunna behov for større differensiering i heile grunnskulepakka. Med tilskota til norskopplæring og kostnadsdelinga på grunnskoleopplæringa har dette ikkje ført til noko særskilt auke i Læringssenterets nettokostnader. Bruken av fond er endra. Alle kostnader med unntak av dei det er naturleg å ha på eit visst nivå for grunnskuleopplæring og spesialundervisning, blir dekte av tilskota og refusjonskrava. Berre det overskytande etter kostnadsdekninga blir sett av til fond. Ingen beløp blir trekt frå fonda og rekna som inntekt. Gjennom heile 2013 har det vært viktig å skape eit mest mulig rett bilde av kostnadsnivået på dei ulike postane. Vi er i mål med det arbeidet no. MÅL OG MÅLOPPNÅING 2013 Kalenderåret 2013 har vært det fyrste heile året med ny rektor (som begynte i stillinga 1.august 2012). Mål og tiltak for 2013 blei fylgd opp slik: Ny avtale om grunnskuleopplæring blei inngått. Den nye avtalen sikrar at vi kan starte opp 2 grunnskulegrupper kvar haust. Kostnadene med innføringsgruppa, og den nye gruppa som får opplæring i grunnleggjande ferdigheiter dekkast ikkje av avtalen. Prosjekt Ungdomsgruppe kom ikkje i gang. Søknaden om prosjektmiddel kom ikkje igjennom nålauget. Eit forsøk på å få i gang eit tilbod med berre ein dag i veka, finansiert med overskot frå tilskot til norskopplæring, kom heller ikkje i gang. Ingen interesse for tilbodet frå ungdomsskulene. Det skuldast sannsynlegvis fordi det berre var ein dag.

Innhaldet i grunnskuletilbodet er nå avklart. Det har no ei breiare definisjon som fylgjer opplæringslovas formuleringar og intensjonar betre. Informasjonen om dette er blitt oppdatert på Gol kommune sine nettsider. Mellom anna blir noko opplæring som tidlegare blei gitt etter 4A-2 nå gitt etter 4A-1. Nye søknader er og utarbeidet. Med ein breiare definisjon blir og konsekvensen at tilbodet blir meir differensiert. Noko av dette må finansierast med overskot frå tilskotet til norskopplæring. Samarbeidet med Folkeuniversitetet Hallingdal har blitt fylgd opp ved at vi no lager ei felles kursannonse på våren. Undervisningstida etter lunsjpausen. Den er no mye betre organisert med 2 lærarar til stades heile tida, og elevanes arbeid har mye betre kvalitet. Dei er mye meir fokusert på arbeidet, og innsatsen er god. Personalet er i gang med å forbetre sin vurderingspraksis. Vi er med på Utdanningsdirektoratet sin satsing på Vurdering for læring og har sett i gang et lokalt utviklingsarbeid på det, som vil fortsette i skuleåret 2014-2015. Ungdomsskulerektorane i Hallingdal har lenge hatt eit felles forum der dei møtest og samarbeider. Rektor v/læringssenteret er nå med i dette forumet. Den naturlege grunnen er at Læringssenteret og har opplæring som fører frem mot avslutta grunnskule. Mellom anna organisering av eksamen er noko av dei tinga det er naturleg å samarbeide om. Læringssenteret har no ein rådgivar. Det er ein lærar som har 1 time pr. veke avsett til dette arbeidet. Rådgivarfunksjonen gjør det mogleg å ivareta overgangen til vidaregåande skule mye betre for våre grunnskuleelevar. NYE UTFORDRINGAR I 2014 Teneste/aktivitet Ny avtale om norskopplæring. Den gamle avtalen er frå 2010, og den er utdatert. Den må oppdaterast. Grunnprinsippa kan fortsatt ligge i botn, men på detalj-nivå må den oppdaterast. Det er nemnd tidlegare at grunnskoletilbodet er avklart. Men det må utviklast og kvalitets-sikrast. Læringssenteret går nye vegar, og tenestene opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og realkompetansevurdering er nye for oss. Dei vil vere tema for drøfting og utprøving og meir utvikling. Introduksjons-programmet og organiseringa av den vil være tema for drøfting med NAV. Mellom anna har oppgåvene til flyktning-koordinatoren endra seg. Fordeling av oppgåver mellom Læringssenteret og NAV, budsjettering, samarbeid mellom kommunane vil vere blant tema som må drøftast. Ei særskilt utfordring ligg i det faktum at mange av dei som bor i mottaka ikkje lenger er asylsøkjarar. Dei har fått opphaldsløyve, og med det har dei også fått rett og plikt til 600 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det har også ført til auka tilskot til Læringssenteret, og med det ei forplikting på å oppfylle rettane deira. Det betyr eit auka volum i talet på undervisningstimar, og behov for ei auke i tilsetjingar. Det blir heller ikkje lenger riktig å drive med rein «asylsøkjar-opplæring». Bebuarane frå mottaka må i mye større grad gå i lag med «ordinære» elevar. Det blir ei utfordring å leggje ny timeplan med dette for auget, og kva for slags «regime» dei skal ha. Til no har det vært skilnad på det som har vært gjeldande for gruppene frå mottaka og dei andre gruppene. I budsjettet blir ansvars-området 3156 avvikla og overført til 3150. Det har ikkje lenger nokon hensikt å behalde 3156 som eige ansvarsområde. Norskprøvene. VOX har no tatt over ansvaret for prøvene, og dei får nå ei heilt ny form med digitale prøver på den skriftlege delen. Læringssenteret er no ikkje lenger sentral teststad for alle frå Hallingdal og Numedal, men kvar skule skal gjennomføre prøvene for sine elevar. Dette krev ny kompetanse hos

både lærarar og elevar, og det krev ei anna organisering. Arbeidet med desse endringane har allereie starta. Kompetanse Vurdering for læring. Dette er eit sentralt satsingsområde frå Utdanningsdirektoratet. Det handlar om å utvikle bruken av vurdering som ein reiskap for oppnå betre læring. Vi har starta arbeidet med dette, og det skal fortsette. Å endre praksis er ein prosess som tar tid, og vi skal behalde fokus på det. Eit resultat av å ha begynt på denne prosessen er at vi fant det naudsynt å utarbeide lokale læreplaner i faga i grunnskoleløpet. Digital kompetanse er sett i fokus hos VOX og Utdanningsdirektoratet. Det er aktuelt å vurdere innføring av ei læringsplattform på same måte som grunnskulen har hatt i mange år. Det er og aktuelt å vurdere eit heilt nytt system for registrering av elevar og føring av frammøte og fråvær. Vi har i mange år brukt eit heime-utvikla rekneark i Excel, og vi treng eit system som vi ikkje treng å bruke så mye tid på å administrere. Eit produkt frå VISMA er aktuelt å ta i bruk. Bernt Fredus Kristiansen Rektor, Læringssenteret Gol vaksenopplæring Gol, 20. mars 2013