Føremålet Fylkesutvalet gav i møte 22.08.07 si tilslutning til at det skal utarbeidast ein fylkesdelplan for klima og miljø. Til møtet låg det føre eit notat som skisserte førebels innretning og opplegg for det vidare arbeidet med klima- og miljøplanen. Føreliggande planprogram er ei direkte vidareføring av dette. Føremålet med planarbeidet er å kome fram til korleis vi i Sogn og Fjordane på ein best mogeleg og effektiv måte kan medverke til at Noreg når sine klimapolitiske mål. Vidare skal ein sjå på korleis vi på ein aktiv og rett måte kan sikre at eit framtidig endra klima får så avgrensa skadeverknader som mogeleg i fylket vårt. Gjennom planprosessen skal vi så langt som mogleg skaffe fram kunnskap og beskrive verknader av klimaendringane lokalt i Sogn og Fjordane. Regjeringa og Stortinget sin nye politikk for klimagassutslepp skal også vurderast i høve mål og konsekvensar på fylkesnivå. Viktige råmer for planarbeidet Planarbeidet er politisk forankra regionalt og nasjonalt. I tillegg er det gitt sterke utfordringar gjennom FN sit klimapanel. Meir om dette i eigen Analyse- og utfordringsdel. Avgrensing Det pågår eigne fylkesdelplanar med tem knytt til vasskraftutbygging og vindkraft. Tema i desse fylkesdelplanane skal ikkje handterast i klimahandlingsplanen, men førast vidare i sine eigne plansystem. Det pågår også eit arbeid med ein eigen reiselivsplan som er føresett å drøfte tema knytt til klima i eigen prosess. Miljødelen i fylkesdelplanen er avgrensa til dei delane som følgjer naturleg av klimautfordringane. Tilnærming Tilpassing (til klimaendringar) Utsleppreduksjon (av klimagassar) Direkte Indirekte (1) Tiltak for å meistre (2) Førebygging klimaendringar som vil gjennom tiltak som gjer komme, oss meir robuste i krisehandtering forhold til endra klima (3) Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar heime eller ute, Kyoto-avtalen (4) Førebygging gjennom endring av produksjon, forbruk etc. - og samfunnsinstitusjonar som bidreg til utslepp
Prosess og deltaking Klima- og miljøplanarbeidet vert delt inn i ulike fasar som i hovudsak følgjer eit kjend mønster. Det vert nytta slike ulike stadium i planprosessen: Analyse og utfordringar Mål og strategiar Handlingsprogram Fylkesutvalet er styringsgruppe for heile planprosessen 1. Analyse og utfordringar I botnen ligg analyse og utfordringsdelen. Det objektive kunnskapsgrunnlaget er ikkje alltid til stades og det er føremålstenleg å få støtte i breie fagmiljø for å sikre ein best mogeleg kunnskapsbasert mål- og strategidel. Arbeidet vart difor starta med ein analyse- og utfordringsdel der vi også trekte på eksterne fagmiljø. Det vert ikkje lagt opp til høyring på denne delen av arbeidet. Det er etablert ei ressursgruppe med representantar frå partnarskapen. Tilhøvet til kommunane er viktig. KS har difor nemnt opp to representantar i denne gruppa. I tillegg er fylkesmannen, NHO, IN, Vestlandsforsking, representantar for miljøorganisasjonane og LO deltakarar. Analyse- og utfordringsdelen vart avslutta i løpet av februar. 2. Utarbeiding av mål og strategiar og handlingsdel Med utgangspunkt i analyse- og utfordringsarbeidet vil strategi og handlingsdelen verte utforma med særleg fokus på: 1. Primærnæringane; jordbruk, skogbruk og havbruk 2. Transportsektoren 3. Kommunal planlegging 4. Fylkeskommunen si eiga verksemd inkl. kjøp av tenester. Samfunnsendringar og tidshorisont skal vere omhandla innan desse områda. Analysedelen trekker og fram andre område som bør følgjast opp: Utslepp frå industrien det bør her leggast opp til ein tett dialog med sentrale representantar for denne. Reiseliv dei aktuelle områda som går fram av analyserapporten vert føresett oppfølgt i eigen planprosess for reiselivet. Spørsmål knytt til landskap og biomangfald vil måtte vere tema i m.a. reiselivsplanen og i strategi- og handlingsdelen på områda primærnæringar og kommunal planlegging. Ressursgruppa etablert i analysedelen held fram også i denne fasen Det vert i tillegg etablert delreferansegrupper innan dei fire områda som er skisserte ovanfor. Arbeidet må forankrast politisk, i partnarskapen og med faglege ressursar. 3
Arbeidet i denne fasen tek ein sikte på å avslutte i august. 3. Høyringsrunde Det vert lagt opp til ein brei høyringsrunde av planen frå september til medio oktober. Det vert arrangert høyringsmøte om planen på ettersommaren. 4. Politisk handsaming i fylkeskommunen. Det vert lagt fylkestingshandsaming i desember 2008. I framlegget til ny planlov vert det føresett at handlingsdelen i (fylkes-)kommunale klimaplanar vert revidert årleg. Eit plandokument fram til fylkestinget i desember vil såleis ta inn over seg slike føringar 5. Framdriftsplan Prosess Mars April Mai Juni Juli Aug. Sept. Okt. Nov. Des Høyring planprogram 31. Vedtak planprogram 28. Utarbeiding mål, strategiar og Start - -1. handlingsplan Handsaming Klima og miljøplan - FU 27. Offentleg høyring Klima og miljøplan 1. - - 15. Temadag medio Høyringsmøte Klima og miljøplan primo Handsaming Klima og miljøplan - FU 26. Vedtak Klima og miljøplan - Fylkestinget 9-10. Aktuelle utgreiingar På grunnlag av analyse og utfordringsdokumentet, vert det lagt opp til nærare arbeid med følgjande sektorar: Primærnæringane; jordbruk, skogbruk og havbruk Transportsektoren Kommunal planlegging Fylkeskommunen si eiga verksemd inkl. kjøp av tenester. Frå analyse og utfordringsdokumentet og til planprogrammet er det ført over tema som skal utgreiast nærare. Nedanfor følgjer dette: Kap. 2.2.1 Fylkesdelplan for klima og energi 2003 Gjeldande fylkesdelplan inneheld ei rekkje aktuelle og relevante mål, strategiar og tiltak som bør vidareførast. Det er viktig å halde ein kontinuitet i arbeidet. Aktuelle mål, strategiar og tiltak frå Fylkesdelplan for klima og energi skal følgjast opp i det vidare arbeidet med handlingsplanen. 4
Kap. 2.2.3 Miljøprofil for det fylkeskommunale innkjøpet Gjeldande politiske vedtak og føringar som er gitt, skal så langt som råd innarbeidast og vidareførast. Fylkestinget sine ambisjonar gjevne i sak 31/06 Miljøprofil for det fylkeskommunale innkjøpet skal følgjast opp i det vidare arbeidet med handlingsplanen. Kap. 3.1.5 Oppsummering klimapolitiske mål og tiltak. Det er viktig å tydeleggjere råmene for plan og tiltak. Behov for ein forsterka gjennomgang av klimapolitiske mål og tiltak for å tydeleggjere ansvarsfordelinga. Behov for å etablere prinsipielle utgangspunkt for berekningsgrunnlag innafor dei ulike sektorane. Behov for å etablere prinsipielle utgangspunkt for berekningsgrunnlag i forholdet mellom lokalt, regionalt, nasjonalt og overnasjonalt ansvar, særleg tilhøve mellom import og eksport. Kap. 3.2.2. Tenkje globalt - handle lokalt forbrukardrivne utlepp I det vidare arbeidet med klimaplanen må vi ha ei medvete haldning både til produksjon og forbruk som årsak til utslepp og eigna tiltak. Kap. 3.2.3 Energieffektivitet Kartleggje kva for energibruk og tiltak som er mest klima- og energieffektive. Kap. 3.5.1 Industri Følgjande kan vere aktuelt: Utvikle dialogen med industrien for å stimulere til ytterlegare forbetringar i forhold til klima, miljø og omdømme. Kap. 3.5.2 Transport Det vidare arbeidet må: Gje ei vurdering av korleis dei nasjonale strategiane for reduserte klimagassutslepp i transportsektoren høver i eige fylke. Gje innspel til eventuelle andre tiltak som er effektive og som lett kan gjennomførast. Lage strategiar og handlingsplan for gjennomføring av dei mest effektive tiltaka. 5
Kap. 3.5.3 Jordbruk Det vidare arbeidet må: Kartleggje styrkar og veikskapar med jordbruket i fylket i høve klimakrava. Vi treng meir kunnskap om klimaverknad av jordbruksproduksjonen her i fylket, og kva praktiske tiltak vi kan sette i verk. Gje ei vurdering av korleis dei nasjonale strategiane for reduserte klimagassutslepp i jordbruket høver for situasjonen i fylket. Gje innspel til eventuelle andre tiltak som er effektive og som lett kan gjennomførast. Lage strategiar og handlingsplan for gjennomføring av dei mest effektive tiltaka. Synleggjere konsekvensane i fylket av eventuelle produksjonsomleggingar i jordbruket. Kap. 3.5.5. Offentleg sektor I det vidare arbeidet bør følgjande arbeidast vidare med: Bruke tilgjengelege verkemiddel i plan- og bygningslova for å sikre langsiktige og heilskaplege løysingar som ikkje medfører unødige utslepp av klimagassar. Klimapolitikken regionalt og lokalt må ta omsyn både til forbruk og produksjon. Innrette regulerings- og kommunedelplanar innan transport, energiforsyning, næringsutvikling og lokalisering av tenester klokt med omsyn til energibruk og utslepp. Satse på energiøkonomisering og energiomlegging bort frå fossile brensel i eigen bygningsmasse. Stille krav (som stor innkjøpar) til miljøeigenskapar og livsløpskostnader. Velje avfallbehandling som gir minst mogeleg klimagassutslepp. Velje transportløysingar (inkl. avfalltransport) som gi minst mogeleg klimagassutslepp Påverke energiforsyning og bruk gjennom eigarskap i energiselskap. 4.1 Klimaendringane - regionale uliksskapar Fylkeskommunen må vurdere om den kan nytte dei vidaregåande skulane til registrering av vêrdata lokalt. 4.2.1 Biologisk mangfald og leveområde (habitat) Fylket har eit stort mangfald. Mange artar er utsette for både klimaendring og menneskeleg aktivitet. For desse må det vurderast kva føringar som er tenleg for å unngå ytterlegare skade frå arealplanlegging, landbruk og transport. 6
4.2.2 Landskap Innafor dette området er det nødvendig med meir djuptgåande kunnskapsutvikling. Desse endringane vil hovudsakleg skje over lang tid. Oppfølging bør i første omgang skje utanfor denne planprosessen før det blir aktuelt å drøfte tilpassingstiltak 4.2.3 Jordbruk Behov for nærmare analyse av klimaendringane innafor eit breiare felt av jordbruket. Vidare analyse må bringe inn fleire fagmiljø enn frukt og bær. Det er aktuelt å sjå nærmare på husdyrproduksjon og økologisk landbruk. Analysane må også vurderast i lys av dei samfunnsendringane som er beskrivne i kapittel 5 i Analyse- og utfordringsdokumentet. 4.2.4 Skogbruk Kva er konsekvensane av skogplanting/treslagskifte som eit karbonbindingstiltak på klimasårbarheit og biologisk mangfald/landskap? Konsekvensar for skogskjøtsel til ekstreme vêrtilhøve, som til dømes skogvegbygging, verneskog, treslagsskifte med meir. 4.2.5 Fiskeri og fiskeoppdrett Det er trong for vurdering av korleis klimaendringane påverkar dei aktuelle næringane i ulike delar av fylket. Analysane må også vurderast i lys av dei samfunnsendringane som er beskrivne i kapittel 5 i Analyse- og utfordringsdokumentet. 4.2.6 Transportsektoren 4.2.7 Bygningar og infrastruktur Behova for klimatilpassing innanfor dei ulike transportsektorane synes å vere høgt på dagsorden Det er behov og for vert betre godt og ivaretekne. meir systematisk Innafor ramma kartlegging av denne av lokalklimatiske planprosessen tilhøve. er ytterlegare vurdering Det behov difor for ikkje betre naudsynt. og meir systematisk oversikt over utsette område i høve Viktig avrenning, å utnytte dreneringssystem kunnskapsbasen og lokale innan bekkar/vassvegar. NTP-prosessen og prosjektet Klima og transport Vurdere krav i Statens om ny Vegvesen byggehøgde og få over denne middelvasstand kunnskapen på anvendt grunn i av fylket. stigande havnivå. Konsekvensane Vurdere om det bør synest settast å vere restriksjonar så store at (leggast det ikkje ned er realistisk byggeforbod) å førebygge for flaumutsette alle hendingar. område. Det er trong behov for transportanalyse betre klimatilpassa saman bygging. med næringslivet for å kartleggje sårbare strekningar Det er behov i høve for meir alternativ aktiv forvaltning transportruter. av historisk byggeskikk og miljø. Behov Det er behov for etablering for fornya av stad- beredskapsplanlegging og klimatilpassa arkitektur. som omsyn til dei samla samfunnskostnadane ved omfattande stengingar av transportårar som følgje av uføresette hendingar. Behov for betre registrering og varslingssystem for ekstremvêrsituasjonar og skred, som følgje av til dømes lokalt ekstremnedbør. 7
4.2.8 Vasskraftproduksjon Det er viktig å samle kunnskap om verknadene av klimaendringane for vasskraftproduksjonen. Det kan være av interesse å kartlegge forskjellen mellom kraftverk med og utan bretilsig. Det må vurderast mulige tryggleiksmessige konsekvensar for anlegg og samfunn når vi 4.2.9 Helse Behov for at kommunane vurderer sårbarheit i høve: Kloakksystema og drikkevassforureining. Ekstreme temperaturar. Direkte ulukker som følgje av flaum, storm og liknande. Mygg og flåttoverførde sjukdommar. 5. Samfunnsendringar og klimatilpassing i Sogn og Fjordane Det er behov for å sjå klimatilpassing og sårbarheit i eit langsiktig perspektiv. Til det trengs det ein vidare metodeutvikling og eigna planmetodikk. 6. Organisatoriske utfordringar i høve klimaarbeidet i offentleg sektor. Det er behov for å sjå nærmare på korleis ein organiserer seg i offentleg sektor i høve klimautfordringane, både mellom instansane og internt i den enkelte organisasjonen. 8