Eigedomstvistar eit institusjonelt problem. Av Hans Sevatdal



Like dokumenter
Private avtaler og eiendomsdannelse - kva betyr dette for - kart og register - forvaltning og grunneigarar

Matrikulær utvikling i Norge - dr.philos. avhandling 2016

Til deg som bur i fosterheim år

Master i Areal og eiendom forventninger til masterprogrammet med fokus på eiendom

Eigedomsregisteret som grunnlag for forskning UMB

Andel i sameige/sams jakt

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Gulatingslova: Jordskifteretten

Konfliktforebygging i planprosess og plangjennomføring Plankonferansen i Hordaland

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Ei lita historisk vandring i norsk vasskraft

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Samansette tekster og Sjanger og stil

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«Ny Giv» med gjetarhund

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ny strategiplan for Høgskulen

Mål og meining med risikoanalysar sett frå

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

HORDALANDD. Utarbeidd av

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Bruk av sosiale media i offentleg forvaltning ei opnare eller meir lukka forvaltning? v. Arnt Ola Fidjestøl, IKA Møre og Romsdal

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

IKT-kompetanse for øvingsskular

Årsplan Samfunnsfag 7. trinn 2014/2015

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Informasjon og brukarrettleiing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Eit lærande utdanningssystem?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Forord Kapittel 1 Om eigedomshistorie Kapittel 2 Eigedomsforholda på 1600-talet Kapittel 3 Hovudliner i eigedomsforholda

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Den nye seksjon for applikasjonar

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

mmm...med SMAK på timeplanen

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Saksbehandling kva er no det?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Oppmålingsforretning fra A til Å

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Korleis handterer vi nye rettar når eigedomar skal etablerast? Trondheim, Leiv Bjarte Mjøs, HIB

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Individuell opplæringsplan

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Finansiering av søknaden

Lov om endringer i lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) mv.

JORDSKIFTE-EIT VIRKEMIDDEL I UTNYTTING AV BEITERESSURSANE. Av: Jordskifteoverdommar Magne Reiten, Frostating Jordskifteoverrett, 6404 Molde.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

(a) Behovet for gode omgrep (b) Matrikkel og tinglysing (c) Eigedomsordning og samfunn

EIGARSKAP OG LEIING I BARNEHAGESEKTOREN. Innleiing til utviklingsprosjekt 27 mars 2014 Kjetil Børhaug Universitetet i Bergen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Bakgrunn og formål med eigedomskartlegging i Norge - er målsetjingane oppfylt?


Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Fast eigedoms rettsforhold

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vegvisar til vilbli.no

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Transkript:

Foredrag 11.Okt. 2010: Areal og Eiendom Eigedomstvistar eit institusjonelt problem. Av Hans Sevatdal Disposisjon. 1. Innleiing a. Bak temaformuleringa ligg ein påstand om at vi har mange tvistar om (fast) eigedom i Noreg, samanlikna med t.d. med grannelanda. Men det kan og vere at vi har mange i høve til det vi burde ha hatt, i høve til kva tvisteløysing på denne måten kostar, eller jamført med noko anna. b. Påstanden er velgrunna rimelegvis er det slik vi har mange eigedomstvistar i Noreg. c. Utgangspunktet mitt er artikkelen til Leiv Bjarte i boka "Perspektiver på jordskifte", (2009) s. 545-566. Han drøfter og demonstrerer overtydande at det faktisk er så - vi har langt fleire eigedomstvistar enn i grannelanda. Og vidare; at vi har eit system for eigedomsdanning og eigedomsregistrering som forklarar det. Dette inneber at forklaringa er strukturell; dvs. dei mange konfliktane spring ut av eigenskapar ved det vi kan kalle vårt eigedomssystem. d. I framstillinga mi skal eg gå gå eit steg vidare - eller attende om ein vil - og gjere ein freistnad på å forklare kvifor vi faktisk har eit system med slike eigenskapar. Dvs: Eit system som produserer mange situasjonar som endar som tvistesaker i domstolane først og fremst som grensesaker i jordskifterettane. 2. Eigedomsforhold og tvistar a. Tvistane våre gjeld eigedomsforhold. Omgrepet eigedomsforhold går på den faktiske tilstanden m.o.t.; 1. Eigedomsstruktur eigenskapar ved eigedomane, t.d. teigar og grenser 2. Eigarstruktur eigenskapar ved eigarane 3. Rettighetstruktur eigenskapar ved rettane b. Tvistane våre kan og springe ut av eigenskapar ved reguleringsstrukturen dvs. den faktiske tilstanden av rettar og plikter som spring ut av offentleg politikk, regulering og styring av arealbruk og eigedomsforhold. c. Kan vi så kome nærare inn på livet av kva konfliktane gjeld kva slag saksområde spring dei ut av? Er det spesielle geografiske område, og/eller spesielle element ved eigedomsforholda? Er det skilnad på by og land, innmark og utmark, fjell versus produktiv skog, landsdelar osv? Finnest det spesielt konfliktskapande arealbruksåtferd t.d. i granneforhold, i strandsona? Osv.

d. Dette skulle vi gjerne visst noko meir om men: Vi meiner å vite at det er mest tvistar om grenser og dinest om servituttar ikkje så mykje om eigar og/el. leigeforhold. I det følgjande er det grenser som er det primære. 3. Eigedomssystem og matrikkelsystem eit historisk tilbakeblikk. a. Mi hovudhypotese som eg skal argumentere for her er i stor grad institusjonell og historisk. Dette tyder at eg meiner eg at forklaringa spring ut av den spesielle eigedomshistoria, serleg den matrikulære historia, og dei institusjonelle tilhøva kring dette. Sagt på ein annan måte; vi har ei historie som gjer at det i dag ofte oppstår uklare eigedomsforhold, noko som gir opphav til eit stort tal konfliktar og tvistar. Altså: Vi dreg med oss både faktiske eigedomsforhold og institusjonelle og organisatoriske strukturar som generer konflikt. b. Må skilje mellom by og land eg tar opp mest berre landsbygd. Byane har si eiga matrikulære historie i stor grad har også kvar by si eiga historie i så måte. c. Skyld, skyldeige og skyldleige kva det var og kvifor den er så viktig i. Norske bønder var jamt over leiglendingar frå mellomalderen av og langt ut mot år 1800, somme stader enda mykje lenger. Skylda var frå først av leigeavgift som leiglendingen betalte til jordeigaren. Men: Etterkvart vart den til objekt for leigerett; ein leiglending betalte legavgift etter kor stor skyld han leigde. ii. For eigarane vart skylda eigedomsobjekt iii. For Staten var skylda både den skyldmengde som bonden leigde og den skyldmengde som eigaren åtte etterkvart (1680-åra) det dominerande utlikningsgrunnlaget for skattar. d. Dette systemet var dominerande (men ikkje einerådande) frå mellomalderen og langt fram mot 1800 e. Blir avløyst av vanleg objekteige gjennom overgangen til bondesjølveige, suksessivt frå slutten av 1600-talet til fram mot midten av 1800-talet. Betyr at bonden blir sjølveigar, men og at gardsbruket blir til eigedomsobjekt. (Denne historia er komplisert men det går eg ikkje inn på her.) Men det tar lang tid før dette blir det dominerande systemet. Og framleis heiter den grunnleggande eigedomseininga bruksnummer, det er ein arv frå den tida ein måtte skilje skarpt mellom driftseining; dvs, gardsbruk eller berre bruk på den eine sida, og eigedomsobjekt på den andre.

f. Implikasjon for skattesystemet og dermed for staten si hovudinteresse: Grunnlaget for skatteutlikninga var takst og skyldmengder, ikkje areal g. Implikasjon for eigedomsdanning: Eigedomar blir danna gjennom manipulering (kjøp/sal, deling, samanslåing osv) av skyld, ikkje promært gjennom manipulering av areal. h. Grunnlaget for pantsetting er skyld, ikkje areal i. Implikasjonar for utviklinga av eigedomsregistreringa; det sentrale blir registrering av eigarar og brukarar av skyld, både for skatte- og andre formål, ikkje eigarar og brukarar av areal med grenser j. Implikasjonar for utviklinga av kart- og oppmålingsverdsemd/matrikkelkart: Kart er ikkje noko viktig verktøy for skattlegging, og grenser er primært eit spørsmål om bruksgrenser mellom bønder. Gardsgrenser er derimot viktige i eigedomssamanheng, dei er eigedomsgrenser på ein viss måte k. Påbodet i 1764 om at deling av skyld skal følgjast opp med fysisk deling representerar eit prinsipielt om ikkje nødvendigvis reelt eit viktig tidskille 4. Arven frå dette systemet og korleis det har prega eigedomssystemet inn i vår tid. a. Lekmannsarbeid. På landsbygda heitte eigedomsdeling skylddeling heilt fram til 1980, og enno viktigare: Organisatorisk og profesjonelt blei det faktisk langt på veg behandla som om det viktige var å fastsette, dvs. skjønne over skyld, ikkje beskrive og måle opp grenser! Jfr. nemninga skyldelingsmenn. b. Dette hindra framvokster av ein landmålande profesjon til å ta seg av desse sakene. Kartlegging og oppmåling var dyrt, og det var ikkje noko påtrengande behov i skattesamanheng. Dersom nokon trong eigedomskart til visse formål, t.d. ved rettssaker og ved jordskifte. fekk dei skaffe det sjølve. Frå tidleg på 1700-talet vart det etterkvart etablert ein landmålarprofesjon, dei såkalla amtskonduktørane. c. Endå viktigare, m.o.t. grenser: Det vart ikkje utvikla ein rettsfastsettande landmålar innan matrikkelvesenet; noko som liknar på den svenske lantmätaren og den danske landinspektøren - som for det første driv teknisk/juridisk utgreiing, og dinest har kompetanse til å fastsette, dvs. avgjere kvar grenser går når partar er usamde. (Desse er direkte parallellar til den romerske agrimensor, kjent frå seinrepublikans tid!) Dette er det normale elles i Europa også men vi fekk ikkje noko tilsvarande hos oss og har det ikkje

enno. (Grenser fastsette ved kart- og delingsforretningar er ikkje rettskraftig fastlagte). Tvistespørsmål måtte og må visast til domstolane til rettssak. Oppsummert kan vi sei at vi har hatt ei samankopling av lekmenn og juristar i så måte det tekniske elementet i arbeidet blei neglisjert. d. Kring 1900 gjekk ein meir eller mindre direkte over frå skatt på matrikkelskyld til skatt på inntekt og formue, noko som heller ikkje kravde kartlegging og oppmåling av eigedomar. e. Dermed fall mykje av det offentlege sine interesser for matrikkelen bort matrikkelen og skylddelingslova frå 1909 sin funksjon gjennom storparten av 1900-talet var formell skaping av nye eigedomar på landsbygda. f. Forarbeida serleg forhandlingane i Stortinget av Skylddelingalova frå 1909 er interessant og opphissande lesing i denne samanhengen. Tingmennene drøfta over fleire dagar, kvar einaste paragraf vart saumfare, innsiktsfullt og grundig. M.a. kva som var og som burde vere staten sin rolle og kva som var privatsak under eigedomsdanninga. Resultatet var eit mest perfekt system for skjønning over skyld noko som på denne tida (1909) var nokså irrelevant. g. Prinsippet med at eigedomsdeling er frådeling ikkje eigedomsdanning, blei eksplisitt slått fast h. Det reelle, fungerande eigedomsregistret var grunnboka, og den låg i domstolssystemet litt i utkanten av juristane sin dømande sfære. i. Men: Domstolsbehandling for fastlegging av grenser som einaste og første instans er dyr og dårleg og er nokså eineståande for Noreg. Brukt berre ved tvist eller simulert tvist j. Mellomløysing: Innføring av kartforretning i form av grensegangsaker for jordskifterettane frå 1934. Nok at grensene er uklare eller dårleg merkte men utgangspunktet kan også vere rein grensetvist. Rettskraftig fastlegging 5. Nokre tilleggsmoment a. Tinglysing som var/er den viktigaste måten å registrere eigedomsforhold var/er frivillig med visse unntak b. Servituttar og realsameige fell i stor grad utanfor eksplisitt registrering

c. Stort spelerom for lokale løysingar svak sentral fagpolitisk styring d. Betydningen av sammenføying av eigedomar er neglisjert e. Visse delar av off. politikk og lover gir direkte incitament til å finne utvegar til å omgå systemet, t.d.: i. Dokumentavgifta (skatt på formell heimelsoverføring) gjer det lønsamt å freiste å finne andre, tvilsame transaksjonsformer ii. Seksjonering kan brukast i staden for vanleg kart- og oppmålingsforretning. iii. Nedlagte gardsbruk kan overtakast av ein søskenflokk til privat skifte utan at noko meir skjer. Jfr. odelslova 45 6. Oppsummering/konklusjon a. Storparten av grensene i Norge er ikkje rettskraftig fastlagte b. Vi har ikkje hatt noko matrikkelkartverk c. Sterk eigedomsdeling på 18- og 1900-talet etter dette oppmålingslause og kartlause systemet d. Vi har mange fleire formelle bruksnummer enn vi har reelle eigeomseiningar e. Systemet fanga ikkje opp servituttar og realsameiger på tilfredsstillande måte f. Vi har hatt svak sentral fagpolitisk leiing; lekmenn og domstolar lar seg vanskeleg styre, og store bykommunar er heller ikkje enkle i så måte! g. Konklusjon: Vårt system har ikkje god konfliktførebyggande evne, og dette er i stor grad ein strukturell historisk arv. h. I tillegg til at systemet skaper mange situasjonar med tvistepotensial i seg, så er det truleg slik at rettssak etter kvart har blitt den institusjonaliserte måten å behandle uklare grenser på i større grad enn andre stader? I så fall vil vi nødvendigvis få relativt fleire tvistesaker for domstolane enn andre som har andre mekanismar for behandling av slikt; oppmåling, fagleg utbreiing, makt, vold, osv. i. I en sum: Gamal vane er vond å vende. Dette er essensen i omgrepet Path dependence i institusjonsteorien, jfr. North 2000. Uttrykket er dårleg omsett til stiavhengighet. Sist vi fekk dette ettertrykkeleg demonstrert var ved striden om den nye matrikkellova som blei sett i verk 1. januar 2010. Lova vart vedtatt - under Bondevikregjeringa m.a. med ei viss varsam innføring av faglege kompetansekrav (autorisasjonskrav) til dei som skal utføre kart- og delingssaker. Stoltenbergregjeringa tok omkamp på nett dette og endra lova slik at kompetansekrava fall bort! Tragisk for fedrelandet, men morosamt for ein som interesserer seg for institusjonsteori og historie.

Referansar Mjøs, L.B. 2009. Danning av nye eigedomar ved eigedomsdeling. S. 545 566. I Ravna (red). Perspektiver på Jordskifte. Gyldendal. North, D. C. 1990: Institutions, Institutional Change and Economic Performance. Canbridge University Press. Frå forarbeida til Skylddelingslova av 1909: Forhandlingar i lagtinget s. 129 164. Forhandlingar i odelstinget, s.179 208.