IKT- handlingsplan for grunnskulane i Fitjar, 2004 2006



Like dokumenter
OPPLÆRINGA BARNEHAGANE GRUNNSKOLEN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Lotteri- og stiftingstilsynet

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vågå. - Eit verdival. Årets barne- og ungdomskommune Ordførar, Iselin Jonassen Vågå kommune

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

IKT HANDLINGSPLAN FOR GRUNNSKULANE I BØMLO

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Nytt HFK Intranett

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Plan for overgangar. for barn og unge

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Frå tre små til ein stor.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

VFL på Rommetveit skule.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

EVALUERING

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Øystese barneskule April - 08

Sandeid skule SFO Årsplan

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Pedagogisk plattform

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Informasjonshefte Tuv barnehage

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Psykologisk førstehjelp i skulen

Vurderingsrettleiing 2011

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Barnehageplan for Vinje kommune

Psykologisk førstehjelp i skulen

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring


Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Frå novelle til teikneserie

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Transkript:

IKT- handlingsplan for grunnskulane i Fitjar, 2004 2006 Vedteke i Kommunestyret 17.12.03 IKT- handlingsplan for grunnskulane i Fitjar

Innhald INNHALD... 1 1 BAKGRUNN... 3 2 INNLEIING... 4 3 MANDAT OG MÅLSETJING... 5 3.1 MÅLSETJINGAR FOR FITJAR KOMMUNE... 5 4 PRINSIPP FOR ARBEID MED IKT... 6 5 STATUS I DAG... 8 6 VURDERING AV SITUASJONEN... 9 7 ARBEID FRAMOVER... 10 8 FRAMLEGG TIL INVESTERINGSPLAN... 11 8.1 MASKINVARE... 11 8.2 ANNA UTSTYR... 11 8.3 NETTVERK... 12 8.3.1 Oppdatering av internt nettverk.... 12 8.3.2 Eksternt nettverk... 12 8.4 PROGRAMVARE... 12 8.5 KOMPETANSEHEVING HOS LÆRARANE... 12 8.6 DATABORD... 13 8.7 LADESKAP... 13 8.8 SAMLA INVESTERING... 14 IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 2

1 Bakgrunn Satsinga på IKT i Fitjarskulen er godt i gang og byggjer på IKT handlingsplan for 2000-2003. Det er totalt sett bra med utstyr, men utstyrstettleiken er framleis låg, og utstyret eldest fort. I tillegg kjem det stadig aktuelle nyvinningar både innan utstyr og programvare. Det kjem stadig nye pålegg frå Staten gjennom lover og føresegner. Elevane skal kunna nytta IKT til eksamen. Det skal gjennomførast nasjonale prøvar i lesing (norsk og engelsk) våren 2004 på internett. Det skal også til våren gjennomførast ei psykososial undersøkjing elevinspektørane. Skoleporten skal vera internettarenaen kor resultata o.a. kring skulane skal presenterast. Til alt dette trengst nye investeringar. Dei nye pålegga krev meir dokumentasjon, samarbeid og planarbeid av lærarane. Individuelt tilpassa opplæring gjer at tilgang til IKT-utstyr må verta større og og utstyret meir fleksibelt. Det må gjerast ei investering i trådlaust nettverk og berbare maskinar til lærarane. Også tilgang til berbart utstyr for elevane er aktuelt. For å etterkomma pålegga må også IKT-kompetansen i skulen hevast. Opplæring i og bruk av skulane sitt utstyr er aktuelt. Det same gjeld opplæring og erfaring i fleksibel bruk av utstyret. Eit viktig område er arbeid på kommunikasjonsplattform (PedIt, ClassFronter, FirstClass, It s learning etc.). Elevane sine arbeidsplassar i høve til bruk av IKT-utstyr må under lupa. IKT vert etterkvart ein meir integrert del av skuledagen, og arbeidsplassen ved maskinen skal vera både funksjonell og estetisk. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 3

2 Innleiing Satsinga på IKT har medverka positivt til å føra Fitjarskulen inn i den nye tida. Investeringar og opplæring i perioden 2000-2003 har hatt mykje å seia, og det er vanskeleg å førestilla seg skulen utan IKT-satsinga. Men me er ikkje til endes me er komne eit godt stykke på veg, men har mykje att. Det er viktig at investeringa og opplæringa held fram. Stoppar me no, vil mykje av innsatsen vera bortkasta. Skulane har totalt bra med utstyr - maskinar, skrivarar, skannerar, fotoapparat etc., - men kvaliteten, bruken og bruksverdien av utstyret varierer. Det må framleis investerast i nytt utstyr for å auka maskintettleiken og ikkje minst må me tenkja nytt i høve til fleksible løysingar med bl.a. berbart og trådlaust utstyr. Me må framleis tenkja heilskapleg og langsiktig. Datamaskinane og det øvrige utstyret åleine skaper ikkje suksess det må nyttast i pedagogiske samanhengar. Lærarane treng framleis kurs og opplæring og ikkje minst tid til å gjera erfaringar i tida frametter. Satsinga skal vera til det beste for eleven si læring. Det er vanskeleg å spå utviklinga innan IKT i skulen. Denne handlingsplanen prøver å sjå 3 år fram i tida. Målsetjingar er sette ut frå det ein har kjennskap til av tilgjengeleg IKTutstyr i 2003. Tilgang på anna utstyr, prisar, statlege pålegg o.a. kan sjølvsagt skapa endringar i planen. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 4

3 Mandat og målsetjing Denne handlingsplanen er forankra i lovverket og skal vera ein reiskap for å verkeleggjera lokale og nasjonale mål, mellom anna: Opplæringslova Statleg IKT-plan Rundskriv frå læringssenteret Bruk av IKT ved avgangsprøvane i 2004 I første rekke (NOU 2003:16) Nasjonale prøvar og gjennomføring 2004 Skoleporten IKT- Handlingsplan for skulen 2000-2003 3.1 Målsetjingar for Fitjar kommune Fitjar-skulen bør vera ein IKT-skule kor me til ei kvart tid er oppdatert med nyare utstyr og programvare som kan vera nyttig til administrasjon og i pedagogiske samanhengar. Standarden for Fitjarskulen bør vera: Alle elevar skal vera IKT-brukarar. Alle lærarar skal ha eigen berbar PC med trådlaus tilknyting til skulen sitt nettverk. Lærarane må ha personlege arbeidsplassar kor IKT-utstyr kan nyttast. Alle skulane skal ha trådlaust nettverk (intranett) som supplerer det eksisterande. Det skal kunna nyttast PC på skulane sine nettverk frå alle undervisnings-, arbeidsog grupperom. Alle skulane må ha breibands-tilknyting. Kvar skule skal ha ei funksjonell web-side der ein presenterer skulen sin profil, satsingsområde etc. Resultat av statlege undersøkjingar og testar skal setjast inn i ein breiare samanheng. I snitt bør det ikkje vera meir enn 5 elevar pr. maskin og i klasseromma må det tilretteleggjast arbeidsplassar for bruk av datautstyr. Skulane må ha minimumsgrense for utstyr. Med avrunda tal vil det vera naturleg med 1 videokanon, 1 fotokamera, 1 skanner og 1 skrivar pr. 30 elevar. Det må vera digitalt videokamera med redigeringsutstyr og programvare ved kvar av skulane. Alle skulane må ha pedagogisk tilrettelagt musikkprogram med bl.a. høve til utskrift av notar, bibliotekprogram og program til å produsera/oppdatera nettstader for skule/klasse. Alle lærarane må gjevast høve til å vedlikehalda og oppdatera kunnskapane sine innan IKT. Lærarar og elevar skal få høve til å gjera seg kjende med og prøva digitale læringsog kommunikasjons-plattformer. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 5

4 Prinsipp for arbeid med IKT I rundskriv F-120-2002 står det at frå skuleåret 2002/2003 har skuleeigar ansvar for å sikra skulane kompetanse og utstyr slik at elevane er sikra tilgang til IKT i opplæringa. I første rekke -utvalet (NOU 2003:16) er oppteken av kompetanse-omgrepet. Det ser på digital kompetanse som ein del av basiskompetansen på lik linje med dugleik i t.d. lesing og skriving. Kravet om tilpassa opplæring for alle etter Opplæringslova sine vedtak vert forsterka og elevar med situasjonsbestemt trong vil ha rett til spesiell tilretteleggjing av opplæringa t.d. bruk av IKT-verkty. Vidare føreslår utvalet at det vert oppretta eit nytt fag, Teknologi og design, på ungdomstrinnet. Slik utvalet føreslår, må ein i utvikling av nye læreplanar gå ut frå at det er høg standard på utstyr og programvare for bruk av IKT i undervisninga. Det må også stimulerast til auka innsats for å ta i bruk IKT ved avvikling av eksamen og nasjonale prøvar samt utvikling av elektroniske elevmapper. Utvalet anbefaler: at samtlege lærarar i grunnopplæringa får tilgong til sin personlege PC. at samtlege skular får breibandstilgang med LMS (læringsplattform) med høve til å utveksla faglege ressursar med andre skular, samt arbeids-, nærings-, og samfunnsliv. at lærarane får høve til å byggja ut kompetansen sin med sikte på å auka bruken i faga sine, i kommunikasjon med miljø utanfor skulen og med sikte på vidareutvikling. Den statlege handlingsplanen slår fast: Digitale læremidler skal være et tilbud for skoleeier og for brukere. De skal både komplettere tradisjonelle læremidler, som læreboka, og de skal være et reelt alternativ. Digitale læremidler skal gi både skoleeiere og brukere rimeligere og mer fleksible læremidler som bedre legger til rette for den enkeltes behov, og fører til bedre læring. Den nye pedagogikken inkluderer IKT svært mykje. Her er IKT tilgjengeleg overalt klasserom, grupperom, arbeidsrom, heime. Tid og stad spelar inga rolle for bruken IKT er like sjølvsagt som papir, blyant og lære-/oppslags-bøker. Kvardagen er vorten digitalisert. Som eit døme kan nemnast banktenester me treng ikkje lenger gå i banken for å ta ut, overføra eller betala alt kan ordnast med kort eller kodar via nettbanken. Ein parallell til dette er e-læringsplattformer PedIt, ClassFronter, FirstClass, It s learning etc. På PedItplattforma finn me Det digitale klasserommet. Her kan elevane levera arbeida sine til læraren til vurdering (fokus vert på arbeidet og ikkje på lurvete eller gløymde bøker). Dei ymse planane (årsplanar, lekseplanar ) er alltid tilgjengelege. Bruk av ClassFronter elev hjelper elev med løysing av matteoppgåver IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 6

Elevane kan få sine individuelle arbeidsplanar. Alle elevar har krav på tilpassa planar etter sine føresetnader. Læraren lagar t.d. kvar veke ein generell vekeplan for klassen ut frå denne kan han tilpassa planen til den einskilde og gjera han tilgjengeleg i det digitale klasserommet. Læraren kan her kommunisera uforstyrra med den einskilde, og lærestoffet ligg tilgjengeleg med linkar til aktuelle nettstader. I opne/lukka rom kan elevar, lærarar og foreldre kommunisera. Elevane kan be om hjelp, og læraren kan gje rettleiing. Både faglege og ikkje-faglege emne kan diskuterast. Det digitale klasserommet stiller tryggleiken til den einskilde høgt. Alle som skal inn i klasserommet må ha eige brukarnamn og passord. Læraren har høve til å sjekka alle arbeid og all kommunikasjon. Den einskilde eleven har tilgang til sine eigne arbeid og det som læraren elles gjev han løyve til. Kommunikasjonen i det digitale klasserommet er eit tillegg til den menneskelege kontakten med elevane og foreldra. Denne hausten (2003) vert det sett i gong ei vidareføring av PRUIS-prosjektet (Prosjekt Ungdomsskular I Sunnhordland). Vidareføringa som har namnet PRUIS 2 er berre for lærarar (Fitjar deltek med 4 lærarar) og omhandlar bruk av e-læringsplattforma ClassFronter (jmfr. Det digitale klasserommet ). I tillegg vil fleire lærarar også i år kursa seg i bruk av Det digitale klasserommet. I den statlege handlingsplanen står det bl.a.: Både den løpende vurderingen og sluttevalueringen må rette seg mot den virkeligheten eleven/lærlingen/studenten møter og erfarer i læringssituasjonen. Målet er å ta IKT i bruk ved eksamen våren 2004. For oss tyder dette at seinast våren 2004 må datautstyr og programvare (teksthandsaming med retteprogram og rekneark) vera tilgjengeleg for elevar som skal ha eksamen. Det gjeld så vel til matematikk som til engelsk/norsk. For å vera godt budd til eksamen må eleven også ha gjort erfaringar med eksamensforma og møtt dei aktuelle vurderingsformene i kvardagen. Dette vil sjølvsagt ikkje gjelda berre 10.klassetrinnet, men også skuletida på lågare klassetrinn. Førebuingane til eksamen byrjar allereie i 1.klasse. Pålegga frå staten både når det gjeld lærarar og elevar er vorte tydelegare. Lærarane er vorte pålagde meir skriftleg dokumentasjon og elevane skal få meir høve til å nytta digitalt utstyr i det daglege, til prøvar og til eksamen. Dette stiller større krav til utstyr og programvare og til å finna fleksible løysingar i bruk av utstyret. Det vert stilt større krav til den digitale kompetansen hos den einskilde. Lærarane må ut av startgropa. Våren 2004 skal det gjennomførast ei obligatorisk læringsmiljø-undersøkjing (psykososial) - elevinspektørane - for elevane i norske skular på 4., 7. og 10.klassetrinn. Undersøkjinga skal gjennomførast digitalt. Resultatet av denne undersøkjinga vert lagt ut på internett. Elevinspektørane vert ei årleg undersøkjing. Til våren kjem også ein ny nettstad skoleporten.no her kan ein finna bl.a. eksamensresultat, resultat frå miljøundersøkjinga etc. På denne nettstaden skal det også vera linkar til dei einskilde skulane sine nettsider. Det vil vera naturleg å satsa på utvikling av skulane sine nettsider. I løpet av våren skal det også gjennomførast Nasjonale prøvar i norsk lesing (2 timar) og engelsk lesing (1 time) for 10.trinn. Prøven i engelsk er i heilskap elektronisk basert. Det skal også gjennomførast testar for 4.trinn. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 7

5 Status i dag Alle skulane har maskinar i nettverk med tilgong til teksthandsaming, reknark, publisering og internett via Citrix-server. Sælevik og Øvrebygda har ISDN og Rimbareid har breiband-tilknyting. I tillegg til maskinane i nettverk, er det også nokre frittståande maskinar. Desse er utan internett og kommunikasjon med andre maskinar/skrivarar. Skule Personar Maskinar i nettverk Elev/lærar Antal Stasjonære Berbare Skrivarar Anna utstyr Rimbareid Lærarar 40 6 10 2 Elevar b.sk 214 10 2 Elevar u.sk 123 15 3 2 videokamera 2 videokanoner 3 fotokamera 3 skannerar 2 CD-brennarar Sælevik Lærarar 6 1 1 Elevar 39 12 2 1 fotokamera 1 skanner 1 CD-brennar Øvrebygda Lærarar 8 2 2 Elevar 47 9 2 1 fotokamera 2 skannerar 1 CD-brennar Maskintettleiken seier ein del om tilhøva. Me ser at Sælevik har stor tettleik på elevsida med nær 1 maskin pr 3 elevar, og barneskulen på Rimbareid har liten tettleik med 1 maskin (i nettverket) pr 21 elevar. Når det gjeld lærarsida, ser me at det lett kan oppstå kø når maskinane skal brukast. Maskintettleiken seier likevel ikkje alt. Like viktig som antal er type, plassering og bruk av utstyret. For at utstyret skal kunna utnyttast, må det ta liten plass og vera lett tilgjengeleg. Det må arbeidast vidare mot fleksible løysingar. I denne samanhengen vil det vera naturleg å satsa på berbare maskinar og trådlaust nettverk og dei gamle maskinane må verta meir usynlege med t.d. flatskjermar. Skulane er godt i gang med å integrera IKT i undervisninga. Lærarane nyttar også IKT til planleggjing og administrasjon. Investeringa det siste året (2003) med trådlaust nettverk og berbare maskinar for lærarane (Rimbareid) har sett fart i motivasjonen. Lærarane nyttar no utstyret meir naturleg i samarbeidet (skriving av planar etc.) og den berbare PC-en med videokanon er på veg inn i klasserommet som eit utfyllande alternativ til tavle, video, lysbilete etc. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 8

6 Vurdering av situasjonen I følgje Rundskriv F-120-2002 er det ikkje lenger snakk om gradvis innføring av IKT i opplæringa. Heretter er det skuleeigar sitt ansvar å sikra skulane kompetanse og utstyr. Ein del statlege pålegg gjer at situasjonen har endra seg: Det skal vera høve å nytta IKT til eksamen allereie våren 2004 både til skriving av tekst og i matematikk. Det skal gjennomførast ei obligatorisk psykososial undersøkjing av læringsmiljøet (Elevinspektørane) våren 2004 i heilskap elektronisk basert. Nasjonale prøvar i norsk lesing (2 timar) og engelsk lesing (1 time) skal gjennomførast i mars/april 2004 for 10.trinn. Prøven i engelsk er i heilskap elektronisk basert. Det skal også gjennomførast testar for 4.trinn. Skoleporten med linkar til skulane sine nettsider skal opnast våren 2004. Desse pålegga får konsekvensar for situasjonen ved skulane. Dei nye pålegga stiller seg langt framme i køen for klare krav. Dei fortel tydeleg at me treng ein del meir/betre utstyr og kompetanse (lærarar og elevar) enn det skulane har i dag. Slik situasjonen er no, vil me ha problem med gjennomføring av t.d. eksamen pga. liten og spreidd maskinpark. Både dei nasjonale prøvane og elevinspektørane krev nok og godt utstyr til gjennomføring. Maskinparken hos oss er for liten og for lite fleksibel. Dei kommande åra vil truleg syna at stadig meir av testar og undersøkjingar vil verta gjennomført elektronisk. I tillegg vil utstyret verta meir nytta i det daglege arbeidet slik intensjonen i planane er. Utstyret vårt med tunge stasjonære PC-ar og skjermar avhengig av straumkablar og nettverkskablar gjer at me stort sett har tungvinte løysingar på enkle oppgåver. Det trengst utstyr som er meir fleksibelt i bruk. For å kunna nytta utstyret betre, trengst programvare. Me har standard programvare (Office 97 m/word, Excel og Powerpoint), program til bilethandsaming, program til laging av nettside, tastaturtrenings-program og ein del pedagogiske program. Skulane har ikkje oppdatert bibliotekprogram eller pedagogiske musikkprogram. Det vert stadig utvikla nye og betre program på mange område. Tryggleiken må også oppdaterast. Lærarar og elevar må kunna nytta same maskinen, men med ulike rettar til ymse mapper og dokument. Me er ikkje tente med at elevar tilfeldigvis kan lasta ned uheldige sider frå internett eller at einskilde kan komma seg inn lokalt på mapper og dokument dei ikkje skal ha tilgang til. Til eksamen vert det også stilt krav til at maskinane skal vera reinska. Vurdering av situasjonen i høve til målsetjinga syner at det framleis må satsast på IKT. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 9

7 Arbeid framover Å bruka IKT i opplæringa er spanande og utfordrande. Etter vårt skjøn vil det vil vera fornuftig å halda kursen med framleis satsing på utstyr og i tillegg opplæring i bruk av utstyr og programvare. Når utstyr og programvare er på plass, er det ein fornuftig bruk som står att. Etterkvart som lærarane får eigne, berbare PC-ar, må dei få ytterlegare opplæring i bruk. Ikkje berre teknisk, men også i den fleksibiliteten dette utstyret ber med seg. Bruk av e- læringsplattformer (PedIT, ClassFronter, FirstClass etc.) står sentralt me kan leiga plattformer. Lærarar på same trinn må kursast saman dei skal samarbeida og IKTdelen må integrerast i den generelle planleggjinga. Fitjar har nytta Norsk nettskole sine kurstilbod, og dei siste åra har fleire lærarar vore innom kurs som IKT for lærere, IKT som læringsverktøy, Bildebehandling og IKT i musikk. Fleire kurs er fagspesifikke, og der skule/lærar kjenner trong for det, må aktuelle lærarar bli kursa. Spesielt i matematikk kor det no er eit krav at elevane skal kunna nytta datamaskin til eksamen i faget. Ein del fagkurs kan også arrangerast lokalt med kurs-haldarar frå eigne rekkjer eller innleigde kurshaldarar. Det må også vera høve for lærarar å ta kortare kurs. Det nye utstyret m/programvare må takast i bruk t.d. bruk av videokanon, kamera, skanner etc. Sjølv om det har vore arrangert kurs tidlegare, må kunnskapane oppdaterast, og med betre og meir utstyr vert slike kunnskapar stadig meir aktualisert. Alle lærarane må ha kjennskap til bruk av IKT-utstyret ved den einskilde skulen. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 10

8 Framlegg til investeringsplan 8.1 Maskinvare Lærarane treng berbare maskinar. Det gjenstår ca. 45 lærarar. Dette løftet bør prioriterast først og fremst for å etterkomma dei nemnde statlege pålegga og for å gjera bruken av IKT naturleg. Krav om individuelle arbeidsplanar for elevane gjer at lærarane treng fleksibelt utstyr. Dette bør prioriterast over 2 år. 5 års levetid gir ei årleg fornying på inntil 20% av alle datamaskinar. Denne fornyinga bør starta no. Fleire datamaskinar er eldre enn 5 år (opptil 13 år) og syng på siste verset. For mykje kluss gjer at maskinane ikkje vert nytta. Det trengst inntil 10 nye stasjonære maskinar årleg for å oppretthalda kvaliteten på maskinparken. Maskinane kan gjerne vera av typen tynne klientar. I tillegg bør ein satsa på flatskjermar for å gjera arbeidsstaden meir ryddig. Ein treng 20 berbare maskinar som kan vera tilgjengelege til opplæring, testar, prøvar og eksamenar. At maskinane er brukande lenger enn 5 år, tyder ikkje at me får for mange maskinar ved nyinnkjøp. Antal elevar pr. maskin på Rimbareid er t.d. gjennomsnittleg ca.13 det talet bør uansett verta lågare. Hendigare utstyr og meir fleksible løysingar (plassering og bruk) gjer at me kan ha plass til meir utstyr. Det siste året har me fått maskinar frå Høgskulen Stord/Haugesund, og har truleg høve til det for 2004 òg. 8.2 Anna utstyr Skulane har ein del digitalt utstyr (kamera, videokamera, skanner, skrivar, kortlesar, CDrom, DVD, CD-brennar), men det trengst framleis høgare dekning og fornyingar. Det er utvikla mykje nytt utstyr dei siste åra, og meir og billegare utstyr vil komma t.d. C-pen (digital penn skanner - som les tekst og lagrar digitalt), Whiteboard (tavle som fungerer som ein dataskjerm og kan skrivast på), lomme-pc m.m. Til eit eventuelt nytt fag Teknologi og design kan det trengjast ekstra utstyr og program for å tryggleiksklarera maskinar til bruk ved eksamen. I tillegg treng ein 12 stk videokanoner (1 pr. 30 elevar), og 12 stk. kamera (1 pr. 30 elevar). Skrivarar har vorte kjøpt inn etter trong når tilbodsprisane har vore gode. Derfor har me mange ulike merke og kvalitetar. Fleire fungerer dårleg og er dyre i drift (blekkpatroner). I 2003 har me kjøpt inn nokre laserskrivarar og vil innføre den standarden på skulane. Dei er meir driftssikre og rimelegare i drift. Fargelaser kan også vera aktuelt. C-pen som skanner tekst For å unngå uynskt nedlasting på maskinane, bør det investerast i programvare som gjer at maskinen startar opp med oppsett konfigurasjon kvar gong dette er bl.a. også ei god hjelp for dei som skal vedlikehalde maskinane. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 11

8.3 Nettverk 8.3.1 Oppdatering av internt nettverk. Det må byggjast ut til trådlaust nettverk. Det må setjast opp basestasjonar og kablast fram til desse. Rimbareid har trådlaust nettverk, men pga. mange murveggar må det setjast opp fleire basestasjonar for å få god nok dekning. For Sælevik og Øvrebygda er det enklare her er det trebygningar med korte avstandar. Sælevik treng 1 basestasjon. Øvrebygda treng 2 basestasjonar (småskule/sfo og adm.fløy) Frittståande PC-ar kan også koplast til same nettverket med trådlause nettverksort. Det trengst kort til 12 15 PC-ar (maskinar som står på avsidesliggjande rom). 8.3.2 Eksternt nettverk Rimbareid skule har breibands-tilknyting. Det vil vera ynskjeleg med breiband for Sælevik og Øvrebygda òg arbeidet over internett vert mykje raskare og meir naturleg med breiband. Dette kan gjerast på ulike måtar, leige av samband eller investering i eige nett. Truleg vil leige av fiberkabel koma på om lag 3 500 Kr pr. mnd. pr. skule. Investering i eige nett til Øvrebygda kan stipulerast til 80 000 Kr. Sælevik må ein koma attende til. 8.4 Programvare Det trengst ein del oppdatering og fornying av programvare som: Lisensar for nye maskinar i nettverket (Citrix, Terminalserver, Antivirus, Office) Musikkprogram (Musicator kostar ca. 10000) Bibliotekprogram (skulane har START 90, men treng nyare versjon som er kompatibel med Folkebiblioteket sin database pris ca. 10000) Oppdatering frå Office 97 til Office 2002 Nye pedagogiske program lisensar og ev. kommunalt frikjøp. Andre program som kan vera aktuelle til fagleg arbeid og presentasjon. 8.5 Kompetanseheving hos lærarane Dei fleste lærarane kan teksthandsaming og rekneark til eige bruk. Dei fleste er kjende med bruk av pedagogisk programvare og nokre er kjende med e-læringsplattforma PedIt. Fokus må bort frå teknologien og over til det pedagogiske. Alle må bli meir fortrulege med utstyr og programvare ved den einskilde skulen og korleis IKT kan nyttast til læring ved bruk av e-læringsplattform. Det må utviklast eit system for individuelle arbeidsplanar for elevane. Lærarane treng årlege kurs internt/eksternt (over 3 år), og skulane bør årleg leige plattform IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 12

8.6 Databord Arbeidsplassen ved datamaskinen skal vera god albogerom og plass til ei bok. Arbeidsplassen skal skapa trivsel. Han skal vera både estetisk og funksjonell. Her kan me sjølvsagt byggja om gamle bord og stolar eller kjøpa nytt utstyr funksjonalitet og pris må vurderast. 8.7 Ladeskap For å kunna satsa på berbart utstyr, trengst det meir elektrisk straum. Utstyret kan brukast ca. 3 timar på batteridrift deretter må batteriet ladast. Her kan det lagast ulike løysingar ein måte er å plassera maskinane i eit skap med stikkontaktar til alle maskinane. IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 13

8.8 Samla investering Den samla investeringa vil komma på 500 000 kr pr. år. 2004 2005 2006 Lærarane (jmf. pkt. 8.1 og 8.7) 230 000 220 000 Elevane (jmf. 8.1 og 8.7) 70 000 80 000 160 000 Anna utstyr (jmf. 8.2) 75 000 75 000 140 000 Nettverk (jmf. 8.3) 35 000 35 000 100 000 Programvare (jmf. 8.4) 20 000 20 000 30 000 Kompetanseheving (jmf. 8.5) 50 000 50 000 50 000 Elevane sine arbeidsplassar (jmf. 8.6) 20 000 20 000 20 000 Samla investering 500 000 500 000 500 000 Ein viktig faktor i innkjøp av utstyret er at me tenkjer standard. Det må satsast på utstyr (maskinar, skrivarar, nettverkskomponentar, programvare etc.) som fungerer saman. Vedlikehald av utstyret er naudsynt og krev sitt. Servarar og andre nettverkskomponentar vert utslitte og treng utskifting og fornying. Det estetiske med ryddig møblering, kabling etc. må også takast vare på. IKT skal gjera kommunikasjonen mellom lærarar og elevar betre. No foregår kommunikasjonen over internett og e-læringsplattformer. Truleg kan det vera trong for post-serverar på skulane så kommuniksjonen også kan føregå internt. Denne bruken av IKT kan ha stor overføringsverdi til kvardagen utanom skulen. Summane er sette etter fagleg vurdering og skjøn me veit at prisane varierer når det gjeld merke og kvalitet både no og over tid men fortel likevel at det må investerast i åra frametter og. Sjølv om tala kan diskuterast (me er sjølvsagt interessert i å få mest mogeleg for pengane), må det vera klart at innhaldet framleis er viktigast. Innsatsen på IKT-området må ikkje avsluttast som med anna arbeid i skulen er me alltid undervegs og ting må vurderast etterkvart. Bente Eide Magnar Kloster - Skulesjef - - IKT-ansvarleg skule - IKT handlingsplan for grunnskulane i Fitjar 14