Dialogbasert arealutvikling og deltakande demokrati på Jæren Byregionprogrammet fase 2
To heilt sentrale omgrep: 1. Horisontal dialog Dette er ikkje primært vertikal dialog mellom offentlege organ, men dialog på tvers av sektor- og interessegrenser. Mål: Betre relasjonar og meir tillit = regional intellektuell kapital Å få betre grep om samansette utfordringar (ingen arealutfordringar kan løysast av enkeltsektorar/enkeltgrupper) Meir effektive prosessar med færre omkampar og motsegner Breie vedtak Verdiskaping (samskaping) og bærekraft
2. Deltakande demokrati Mål: Å etablera fleire arenaer der folk kan medverka direkte i utforminga av strategiske planar og val som direkte vedkjem eiga framtid. Å etablera prosessar som både den enkelte deltakar og fellesskapet tener på Å utjamna svakheitene i det representative systemet («andre gjer det for meg») Byggjer på heilt grunnleggjande kunnskap om frivillig deltaking: Menneske som får ansvar, tek ansvar. Menneske som opplever å bli høyrte, opplever å få noko att for å delta, dei blir også med neste gong (og motsett). Ansvar gir engasjement gir deltaking gir større bærekraft.
NEI, me er ikkje best i verda på lokaldemokrati. OIDP sin modell for eit utvikla deltakande demokrati
Medverknad og deltaking er ikkje det same: Medverkar Deltakar Andre «eig» prosessen Andre spør om mine tankar om deira innspel/utspel Ikkje ansvar for at prosessen blir vellukka Eg er deleigar Mine tankar/innspel er sjølve ressursane i prosessen Direkte ansvar i prosessen Rett til medverknad, men prosessen er ikkje avhengig av at eg deltar Høyring / infomøte ol Prosjekt: Mål, delmål og indikatorarar er klare Verktøy: Utan meg stoppar prosessen Dialog / mobilisering Prosess: Verdiskaping, innovasjon, deltakarane og deira kunnskap er ressursgrunnlaget
Resultat programfase 1: 1. I samarbeid med Jærsmiå er det sett dialogisk fokus på både landbruk, bustadbygging, natur-/kulturvern og friluftsliv. Arbeidet har fått mykje merksemd, og stadig fleire ønskjer å bli med. 2. Det er gjennomført fleire undersøkingar om arealbruk og holdningar i regionen. Dette arbeidet held fram, no med ei undersøking om bruk av friluftsområde. 3. Ope dialogkurs blei halde på Særheim i april. Tilbakemeldingane har vore svært gode. 4. Det er arrangert to opne dialogkveldar om jordvern versus bustadbygging og om næring, vern og friluftsliv. Også her har tilbakemeldingane vore veldig gode. «Dette er nytt, spennande, relevant og veldig viktig. Me gler oss til neste!» Me registrerer stor interesse for dialogarbeidet frå andre regionar. No blir denne metodikken Også EU-prosjekt!
Viktige mål for fase II: Vidare utvikling av eit horisontalt dialognettverk som skal definera målsetjingar og løfta inn relevante saker i deltakarkommunane Dialogverktøyet skal prøvast ut i alle kommunane. Kommunane spelar inn aktuelle tema. Saker/prosessar som krev brei deltaking/medverknad er særleg aktuelle Dialogkurset var populært, og me har fått fleire førespurnader om å arrangera nye kurs. Det er naturleg med eitt kurs i året. Utvikling av nye dialogarenaer/møtestader i tråd med innspel/behov i dialognettverket DRT Digital Representation Tool. Planlagd realisering i løpet av hausten 2015. Blir svært viktig for å kunna synleggjera korleis ulike grupper og interesser brukar landskapet rundt oss. Skal knytast til aktivt dialogarbeid.
Utfordringar: I fase 1 har det vore for lite kommunikasjon inn i fleire av kommunane. Nokre kommunale koordinatorar har hatt avgrensa tid til å arbeida med prosjektet, og det har resultert i for lite brei involvering av andre arealrelaterte avdelingar/etatar samt lokalpolitikarar. Tiltak: Kommunale kontaktpersonar bør ha interesse for dialogmetodikk og brei forankring ut mot sivilt samfunn og næringsliv Kommunal kontaktperson treng ikkje koma frå planavdelinga, og treng eigentleg ikkje ha fast stilling i kommunen i det heile. Interesse er det viktigaste, og både lokalpolitikarar samt representantar for næringsliv og sivilsamfunn kan i prinsippet representera den enkelte kommune Ei horisontalt samansett arbeidsgruppe vil gjera prosjektet meir gjennomslagskraft Det blir arrangert eit info-/framdriftsmøte i kvar kommune ein gong i året