Plan for DKS 2015 Sendes: postnkr@kulturrad.no (frist for innlevering 1. desember 2015) Fylke: Hordaland Planen gjelder: Grunnskole x Videregående x Institusjon: Hordaland fylkeskommune Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-postadresse: hfk@hfk.no url: http://www.hordaland.no/ Kontaktperson Navn Charlotte Espeland Telefon 55 23 99 76 E-post charlotte.espeland@hfk.no Mål, strategier og satsingsområder Presenter kort målene for arbeidet med DKS i fylket: Med utgangspunkt i departementale føringsdokument er det vedtatt overordna mål for DKS i Hordaland. Ein skil mellom hovudmål og organisatoriske mål og strategiar. Desse vart etablerte i tett samarbeid med kommunane som skuleeigarar, Utdanningsavdelinga v/fylkesmannen i Hordaland og NOKU. Hovudmål: - å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod; - å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag; - å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål; - å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne; - å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering. Organisatoriske mål og strategiar: - DKS skal realiserast i kryssingspunktet mellom kultur- og skulesektor på alle nivå. - DKS inneber partnarskap, aktiv medverking og utforming på alle nivå av realiseringa. - DKS skal vere tufta på demokratiske prinsipp. - DKS skal vere lokalt forankra, i eit dynamisk samspel med kommunane som skuleeigar og skulane. - DKS-tilboda skal kunne genererast og implementerast gjennom eit aktivt samspel mellom kunst- og kulturaktørar lokalt, regionalt og (inter)nasjonalt. - DKS skal vere ein av bidragsytarane i skapinga av eit dynamisk samfunns- og 1
kulturliv. - DKS skal gje utviklingsrom til regionale kunstnarar og kulturarbeidarar. - DKS skal medverke til å skape grobotn for samfunnsmessig, kulturelt og kunstnarisk mangfald og vere delaktig i å skape utvida horisontar for elevane. Beskriv særlige utfordringer/satsingsområder det skal arbeides med kommende skoleår? (Beskriv gjerne strategier for dette) - Styrke kvaliteten i estetiske fag i skulen gjennom vidareutvikling av SamSpel Hordaland. - Utarbeide strategisk plan for kunst- og kulturformidling i skulane i Hordaland. - Styrke ei meir heilskapleg satsing på kunst og kultur for barn og unge gjennom samarbeid mellom Ungdommens kulturmønstring, kulturskulen, kulturaktørar og kunst- og kulturformidling i skulen. - Auke andelen av nynorskproduksjonar i Den kulturelle skolesekken. Skal det settes i gang/finnes det tiltak i fylket som skal framheve og sikre kulturelt mangfold i Den kulturelle skolesekken? Hvis ja, utdyp: Vi har som ei generell målsetting å medverke til å auke elevane sin kunnskap om og respekt for kulturelt mangfald gjennom DKS i Hordaland. Skal det settes i gang/finnes det tiltak i fylket som skal framheve og sikre samiske produksjoner i Den kulturelle skolesekken? Hvis ja, utdyp: Skal det settes i gang/finnes det tiltak i fylket som sikrer tilgjengelighet for elever med spesielle behov? Hvis ja, utdyp: ja x nei Hordaland fylkeskommune har som målsetting at ingen produksjonar skal ekskludere einskilde grupper. Våren 2015 skal Kunstpilotene Annette og Andrè Marandon på turne i Hordaland med prosjektet «Hagen». «Hagen» er eitt av ni kunstprosjekt som fekk støtte av prosjektet INK 2013. 2
Innhold/omfang Beskriv kort hvordan dere vil arbeide med kvalitetssikring og utvikling av det kunstneriske/kulturfaglige innholdet i fylkets DKS (evt. samarbeid med lokale, regionale og nasjonale institusjoner): Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune gjorde 16. september 2014 vedtak om å sette ned fagleg råd og faggrupper for arbeidet med programmet for kunst- og kulturformidling i skulen. Faggruppene og det faglege rådet skal verke frå og med handsaming av forslag til programmet for skuleåret 2015-2016. Faggruppene sitt mandat er å gjere ei fagleg vurdering av forslaga til innhaldet i programmet, og det faglege rådet skal definere særskilde satsingar og sjå på programmet frå eit overordna og totalt perspektiv. Endeleg program vert lagt med bakgrunn i innstilling frå fagleg råd, og med omsyn til variasjon i uttrykk, formidlingsstad, formidlingsform etc. I faggruppene skal det sitje eksterne og interne fagpersonar. Ein person frå kvar av faggruppene går inn i det faglege rådet, der det også vil sitje lærar- og elevrepresentant frå grunn- og vidaregåande skule, representant frå Høgskulen i Bergen i tillegg til interne til fagkoordinator med hovudansvar for DKS, fagkoordinator med hovudsansvar for skulekonsertar, representant frå Opplæringsavdelinga og sekretær. Vil alle elever i fylket motta DKS-tiltak? Hordaland fylkeskommune sitt mål er at alle elevane i grunnskulen skal få tilbod om profesjonell kunst- og kultur i sin skulekvardag gjennom lokale skulesekkar og fylkeskommunens kunst- og kulturformidlingsprogram i skulen. Produksjonane til grunnskulen vert fordelt med bakgrunn i variasjon over tid. Alle vidaregåande skulane får tilbod, og melder tilbake til fylkeskommunen omfang. Hordaland fylkeskommune ser at det har vore ei jamn auke av interesse frå dei vidaregåande skulane, og har som mål å nå alle. 3
Budsjett a) Inntekter Spillemidler for 2015 16 435 310 Spillemidler overført fra 2014 11 263 353 Egne midler/egeninnsats 2 700 000 Refusjon fra Rikskonsertene 6 699 066 Refusjon fra Scenekunstbruket 329 856 Øvrige refusjoner 187 595 Egenandeler kommunene 350 829 Renteinntekter 468 864 Annet 0 Sum 38 434 873 b) Utgifter Formidling, innholdsutvikling, produksjon 18 199 066 Spillemidler avsatt for overføring til 2016 9 870 802 Overføringer til kommunene 7 965 005 Nettverk/kompetanseheving/kulturtorg 0 Administrasjon lønnskostnader 2 300 000 Administrasjon annet 400 000 Annet 0 Sum 38 434 873 Kommentarer til budsjettet: Inntekter: Spelemidlar for 2015: Her er tildeling for skuleåret 2014/2015 sett inn. Spelemidlar overført frå 2014: Talet er ikkje klart og det er summen som er overført frå 2013 til 2014 som er sett inn her. Eigne midlar/eigeninnsats: Driftsbudsjett for 2015. Talet er for DKS, skulekonsertane er ikkje med her. Refusjon frå Scenekunstbruket: Her er det sett inn same tal som står i rekneskapen for 2013. Vi veit ikkje nøyaktig sum før på nyåret 2015. Øvrige refusjonar: Tal frå 2013, momskompensasjon. Eigendelar kommunar: Tal frå 2013. Renteinntekter: Tal frå 2013. Utgifter: Formidling, innhaldsutvikling, produksjon og Spelemidlar avsett for overføring til 2016: Stipulerte summar. Overføringar til kommunane: Her er det stipulert same sum for skuleåret 2014/2015, totalt kr 7 965 005. Av desse får Bergen kr 4 650 119 og 5 regionar kr 50 000 kvar. Administrasjon lønskostnader og Administrasjon anna: Driftsbudsjett for 2015. Talet er for DKS, skulekonsertane er ikkje med her. Vi viser til revidert rekneskap for 2014 og 2015 for nøyaktige tal. 4
Organisering og samarbeid Gi en kort beskrivelse av organisasjonsstruktur og styringslinjer for DKS på regionalt nivå for kommende skoleår: DKS i Hordaland er forankra i Kultur- og idrettsavdelinga, Seksjon for kunst- og kulturformidling, i Hordaland fylkeskommune. Fylkesdirektør kultur og idrett er fagleg ansvarleg saman med seksjonsleiar. Ein fagkoordinator, ein spesialrådgjevar og to turneleggjarar jobbar med Den kulturelle skulesekken i grunn- og vidaregåande skule. Med utgangspunkt i samarbeidsavtalen med Rikskonsertane er det i tillegg ein fagkoordinator/produsent, ytterlegare ein produsent, ein turneleggjar og ein konsulent i 20% som jobbar med skulekonsertane i grunnskulen. Hvordan er DKS-samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunene tenkt gjennomført: Hordaland fylkeskommune har eit årleg fellesmøte med DKS-kontaktane i kommunane. Kommunane i kvar region har tilsvarande møte med jamne mellomrom. I nokre høve deltek Hordaland fylkeskommune på desse møta og på dei einskilde kommunane sine møter. Sak om kommuneavtalar har vore oppe til politisk handsaming og som følgje av dette vil det verte ei sterkare oppfølging av kommune- og skulekontaktar. Kommunane samarbeider regionvis, og får tildelt midlar til dette samarbeidet. Kvar region har ein kontaktperson og hovudansvarleg som vert invitert til det årlege møtet Hordaland fylkeskommune har med DKS-kontaktane. Bergen kommune er ein såkalla 100%-kommune, som sidan 2005 har hatt direkte disposisjonsrett over eigen del av spelemidlane. Hordaland fylkeskommune prøver å ha tett kontakt med Bergen kommune om utvikling og gjennomføring av DKS. Hordaland fylkeskommune spelar ei vesentleg rolle som regional utviklar av DKS, sørvisinstans og samordnar av DKS-verksemda totalt i fylket. Kompetanseutvikling Beskriv kort eventuelle kompetansetiltak i regi av fylkeskommunen eller med fylkeskommunen som samarbeidspartner som er planlagt i kommende skoleår (kulturtorg, lærerkurs, formidlerkurs for kunstnere etc.): Vi inviterer til lærarkurs knytt til spesifikke produksjonar der det er naturleg. Forfattarar som vi skal ha på turne, og som treng formidlingskurs, sender vi på kurs. Og årleg tilbyr vi kunstnarar/formidlarar å delta på relevanta kurs og seminar som vert arrangert av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. 5