Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken 2012 2013. Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013



Like dokumenter
Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2014

Barn på museum. Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2015

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken

På museum Valdresmusea sine undervisingstilbod i 2018

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsprogram i skuleåret

Valdresmusea. Den kulturelle skulesekken Valdresmusea tilbyr 14 undervisingsprogram i skuleåret

Ulike kompetansemål i barneskolen man kan nå med Grønt Flagg.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Til deg som bur i fosterheim år

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Verdsarvskulen Eidsdal «gardsdrift før og no»

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Klepp kommune Tu skule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Årsplan mat og helse 7. trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

UKE TEMA LÆRINGSMÅL KOMPETANSEMÅL

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kva er økologisk matproduksjon?

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsplan mat og helse 6. trinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

VELKOMNE PÅ MUSEET TIL HAUSTEN!

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Årsplan Samfunnsfag 7. trinn 2014/2015

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK


Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Årsplan i Kunst & handverk 8.klasse

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Årsplan 10. klasse Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

6. trinn. Veke 24 Navn:

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Mat & helse haust Emne: Økt Praktiske leksjonar Teori Mål: Elevane skal Fredagar

Månadsbrev for Rosa september 2014

Lærarrettleiing 1. Kornartane

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Klepp kommune Tu skule

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 1 OG 2. TRINN BREIVIKBOTN SKOLE LÆRER: LINN OLAV ARNTZEN LÆRERVERK: CUMULUS 1

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG, 8.trinn

Oppgaver/Aktiviteter/lærestoff (Hvordan sjekke måloppnåelse) Undersøk påstanden: Elever blir kjørt til skolen fordi de har lang vei.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Samfunnsfag 6.trinn Høst 2017/vår 2018

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Årsplan i Kunst & handverk 9.klasse

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Psykologisk førstehjelp i skulen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Transkript:

Valdresmusea Den kulturelle skulesekken 2012 2013 Valdresmusea tilbyr 10 undervisingsprogram i skuleåret 2012 2013 1

1 Rite runar! Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg frå jernalderen. Her er meir enn 900 funn frå romersk jernalder (cirka 300 e.kr.) og vikingtid (cirka 900 e.kr.). Om lag 600 gravrøyser er registrerte i feltet. Her er også ein skålgropstein med 70 skålgroper, kanskje frå bronsealderen. Einangsteinen frå cirka 300 e.kr. er den eldste runesteinen i Nord-Europa, som enno står på sin opphavlege plass. På runesteinen står det: Ek Godagastir runo faihido, som tyder Eg Gudgjest rita runene. Omvisinga startar i felt A med Einangsteinen, gravrøyser og kolgrop i jernalderlandskap. Omvisinga held fram i felt B. Her er gravrøyser, hustuft frå 1600-talet og ein skålgropstein. Praktiske oppgåver 1. Elevane får innføring i runealfabetet og får risse eigne runer. 2. Ofring ved skålgropsteinen. 3. Utgraving saman med omvisar. Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet 4. årssteget: Elevane skal kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke. Slik skal dei utvikle interesse for fortid og for heimstaden sin. Elevane skal lære mytar, segner og eventyr med historisk innhald. Elevane skal fortelje korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen. 7. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i. Elevane skal utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar Tid på året og lengde på programmet Valdresmusea tilbyr skuleopplegget i Gardbergfeltet så lenge det er bart og fritt for snø, dvs frå mai til oktober. Omvisinga tilsvarar eit halvdagsopplegg. Rundturen tek cirka 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. 3. 7. klasse. Klede og matpakke Varme klede! Hugs at vi skal vere ute heile dagen. Etter omvisinga blir det tid til nistemat. Materiell Mellomalderantrekk til omvisar. Elevane får utdelt skifertavler med kritt. Kroner 50 per elev. Maks 50 personar per gruppe. 2

2 Mat i fortid og framtid Valdres Folkemuseum inviterer 6. og 7. klassingane i Valdres til å vera med på Mat i fortid og framtid. Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet. Garden Kvie på museet er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle, norske mattradisjonar. På aktivitetsdagen gjer me ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som det var den gongen. Elevane blir delte inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. Gamle mattradisjonar mat i vår tid Gamle mattradisjonar og lokalprodusert mat er i vinden som aldri før. Rakfisk, kurv og ost er viktige nisjeprodukt for valdresbøndene, og blir selt som eksklusiv matvare i delikatesseforretningar. Under Mat i fortid og framtid får elevane innblikk i denne matproduksjonen og dei får vite kvifor slik matvareproduksjon vil utgjere ein stor del av verdiskapinga i Valdres i framtida. Måltida i gamledagar Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag. Fyrste måltidet om dagen vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy. Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim eller surost. Flatbrød av potet og bygg var alltid med. Potet, spekekjøt eller steikt flesk kunne også vera del av bisk-måltidet. Tredje måltidet om dagen var dugurd (12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk. Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og biteti (lams). Ved 16.00-tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv, søll og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med majel (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn). Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør. Påmelding og frist Mat i fortid og framtid blir arrangert desse dagane i 2012: Tysdag 18. september klokka 09.30 14.00. Onsdag 19. september klokka 09.30 14.00. Torsdag 20. september klokka 09.30 14.00. Påmeldingsfristen er 1. september. Program Aktivitetar på seks postar, 30 minutt på kvar post. Bisk klokka 11.15 12.00. Då får elevane servert vassvelling, havresuppe med brunost, smør eller sukker, kokte potetar, forskjellige ostar, flatbrød, surmjølk og søtmjølk. Programmet i 2012 er som følgjer: Potethistorie og potetgraving på Kvie og på Fristadplassen. Kornåkeren på Kvie: o Hauste korn (skjera, binde og henge kornet på staur). o Treske korn (treske kornet med tust). o Turke korn (demonstrasjon i tørrstova). Kornmaling (med skubbekvern, handkvern og i bekkekverna frå Skattebu). Kvikakesteiking på Kvie. Lompebaking i Dalestogo. Urtehagen på Kvie: Nyttevekstar frå natur og hage. Løpstikke, bær, humle og mynte mm. 3

Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet 7. årssteget: Elevane skal lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva plass dei ulike matvaregruppene har i kosthaldet. Elevane skal kunne finne oppskrifter i ulike kjelder og skal skilje mellom industriprodusert mat og mat produsert i storhushald. Elevane skal lage mat frå ulike kulturar, vurdere kva god måltidsskikk inneber, lage mat i naturen og bruke naturen som ressurs. Lengde Heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause. 6. og 7. klasse. Ustyr og klede Tilsette på Valdresmusea stiller i tidstypiske klede. Vi oppmodar elevar og lærarar om å gjera det same (sjå døme). Arbeid før og etter Påmeldte skuler får tilsendt undervisingsheftet Mat i fortid og framtid. Kroner 80 per elev (inklusiv mat). Maks 30 personar per gruppe..... 4

3 Musikkmagi Har du høyrt om musikkmagi? Folkemusikken i Valdres har trollbunde folk i fleire hundre år. Det gjer han framleis. Tonane frå hardingfela, langeleiken, toradaren og songskatten vår har skapt magiske stunder for menneska gjennom århundrer. Springar, bonde og halling er artige dansar som gjev liv til kropp og sinn. Kom og lær meir om musikktradisjonen i Valdres! Program Musikkmagi inneheld minikonsert, besøk i Valdres Folkemusikkarkiv og opplæring i dans (halling og go karstykkje). Kvar post varer i cirka 30 minutt. Konsert Valdresmusea tilbyr varierte konsertar med profesjonelle folkemusikarar og -dansarar frå Valdres. På konserten får de høyre song, langeleik og hardingfele, sjå dansedokka Tore og dansane springar og halling. Musikk på boks! På Valdres Folkemusikkarkiv arbeider Elisabeth-arkivar. Ho tek hand om 11 664 enkeltspor med song, musikk og videoopptak av folkemusikarar og -dansarar frå Valdres. Dei eldste musikkopptaka er frå 1940-talet. Dette er viktig kjeldemateriale for alle med interesse for folkemusikk og folkedans. Dei gamle opptaka fortel om einskildmenneske og samfunnsformer som ikkje lenger finst, men som kan gje oss viktige perspektiv til vår eiga tid. I tillegg til å høyre om musikk og song frå Valdres, får elevane lære enkle songstubbar. Dans og go karstykkje Her får gutar og jenter sjansen til å lære hallingdans og go karstykkje. Hallingdans og go karstykkje gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, arbeide saman eller på eiga hand. Elevane får trena rå styrke og balanse. Av eit utval go karstykkje nemner me: Revkrok: for sterke gutar og jenter. Strekke kalveskinn: for dei med god spenst og stødig landing. Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet Generelt: I eit fleirkulturelt samfunn kan musikkfaget mederke til positiv identitetsdanning. Faget skal gje toleranse og respekt for andres kultur, og skapa tilhøyre til eigen kultur og kulturarv. Gjennom faget skal elevane danne seg ei forståing for korleis musikk er kulturberar og verdiskapar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Faget skal ivareta mangfald og sjangerbreidde. Norsk musikk og folkemusikk inngår i musikkfaget. Sentralt i kroppsøvingsfaget står rørsleleik, allsidig idrett, dans og friluftsliv. Elevane skal ut frå eigne føresetnader kunne oppleve meistring og meistringsglede. Faget skal inspirere til rørsle, kreativitet og sjølvstende hos den einskilde. 2. årssteget: Elevane skal delta i leikar med variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar. Elevane skal kjenne att lyden av og kunne namna på nokre instrument. 4. årssteget: Elevane skal kjenne til norsk [ ] folkemusikk og folkemusikk frå andre kulturar. Elevane skal danse norske og internasjonale folkedansar og dei skal vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar 5

7. årssteget: Elevane skal diskutere særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk frå andre land og rytmisk musikk. Elevane skal danse enkle dansar frå ulike kulturar. 10. årssteget: Elevane skal gjera greie for korleis musikk speglar trekk ved samfunnsutvikling og ungdomskultur, og korleis dette kjem til uttrykk gjennom ulike formar for rytmisk musikk, kunstmusikk og norsk folkemusikk. Elevane skal danse dansar frå norsk kulturtradisjon og frå andre kulturar. Lengde Musikkmagi varar i 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause. 1. 10. klasse. Utstyr og klede Gode klede og sko. Kroner 50 per elev. Maks 30 personar per gruppe....... 6

4 Byggjeskikk og arkitektur Vern for vær og vind Hus er viktige rammer omkring liva til folk. Dei er solide vern for vær og vind og dei gjev rom for personlege og kollektive smaksoppfattingar. Dette er viktige dimensjonar ved husbygging i fortid så vel som i vår eiga tid. Likevel har husa endra både stil og form gjennom tidene. Kvifor er det slik? Hus er ikkje berre ein praktisk innretning som menneska kan organisere liva sine i og omkring. Utsjånaden på eit hus kan til dømes fortelja mykje om huseigaren sine smakskjensler, og den kan seia noko om huseigaren sine haldningar til det samfunnet han lever i. Vandring i Fagernes og på Valdres Folkemuseum Valdresmusea tek elevane med på ei vandring gjennom Fagernes og på Valdres Folkemuseum. Vi syner korleis hus vart konstruerte før i tida og korleis dei blir til i vår tid. Vi studerer ulike stilartar og me lærer skilnaden mellom arkitektur og byggjeskikk. Husa i Fagernes og på Valdres Folkemuseum er gode døme på korleis arkitekturen og byggjeskikken har endra seg gjennom tusen år. Høveloftet på museet er frå 1200-talet og er eit av dei eldste husa i sitt slag i Valdres. Urban arkitektur i Fagernes og det nye Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum er døme på arkitektur i vår tid. Elevoppgåve Barokk, empire, sveitsarstil, jugendstil og modernisme er stikkord for omvisinga. Vi legg vekt på å skildre sentrale element ved dei ulike stilepokene. I løpet av turen skal elevane utføre enkle skisser av bestemte hus i Fagernes og på museet. Her må ein følgje godt med. Omvisinga gjev informasjon som er viktig for heimeoppgåvene som skal gjerast i etterkant av omvisinga. Tilbake på skulen skal elevane teikne eitt av husa på omvisingsrunda. Elevane må merke seg sentrale detaljar i byggjeskikk og arkitektur ved bygningen, vise til andre historiske døme og i korte trekk skildre dei viktigaste kjenneteikna for byggjestilen (utforming, metode og material). Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet Kjennskap til kunst, design og arkitektur og medvit omkring kulturarv i eit globalt perspektiv, utgjør sentrale sider ved faget Kunst og handverk i grunnskulen. 10. årssteget: Elevane skal samtale om arkitektteikningar og digitale presentasjonar av ulike byggjeprosjekt. Elevane skal teikne hus og rom ved hjelp av topunktsperspektiv og dei kunne vurdere tilpassing til omgjevnadane og skissere ulike løysningar. Elevane skal vurdere funksjonell innreiing av rom, stil og smak og visualisere eigne løysingar. Elevane skal forklare korleis klima, kultur og samfunnsforhold får konsekvensar for konstruksjon, val av materiale, form, uttrykk og symbolfunksjon i eit hus. 7

Forslag til nytt administrasjonsbygg på Valdres Folkemuseum, Lund Hagem Arkitekter, 2001. I den vidaregåande skulen skal elevar på formgjevingsfaga lære seg å vurdere ny arkitektur i eit berekraftig miljøperspektiv, og dei skal lære å forstå forhold om kulturlandskap og kulturhistoriske miljø. Programfaget skal medverke til å utvikle kunnskap om proporsjonar, målestokk og materiale, som både er ein del av allmenndanninga og som er eit nødvendig grunnlag for vidare studiar. Design og arkitektur 1: Elevane skal teikne rom i plan, oppriss og perspektiv, og dei skal lage skisser og utarbeide arbeidsteikningar. Elevane skal presentere sentrale arbeid innanfor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet, og dei skal karakterisere særtrekk ved byggjeskikken i regionen. Elevane skal gjere greie for funksjon, form og dekor på bygningar og bruksgjenstandar frå 1900-talet. Design og arkitektur 2: Elevane skal gjere greie for hovudtrekk i vestleg gjenstandskultur fram til 1600-talet og gje døme på korleis arven frå antikken har verka inn på formspråket. Design og arkitektur 3: Elevane skal gje døme på kulturpåverknad i arkitektur og byggjeskikk etter 1600. Elevane skal vise korleis arkitektur, byggeskikk, kulturlandskap og miljøutforming er uttrykk for ulike kulturar og tradisjonar og dei skal gjere greie for idear knytte til kulturminne- og landskapsvern. Lengde Skuleprogrammet varar i to timar. Tidspunkt for oppstart blir bestemt i dialog med den enkelte klasse. Reise og matpause kjem i tillegg. 8. 10. klasse og elevar i den vidaregåande skulen. Undervisingshefte Påmeldte skuleklasser får tilsendt eit lærehefte om byggjeskikk og arkitektur. Det finst også fleire lokale bøker med innføring i emnet: Ragnhild Dietrichson 1996: Gamal byggjeskikk i Nord-Aurdal. Rapport frå registreringa av hus bygde før 1900. Bøker i same serien finst også for kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal. Kroner 50 per elev. Maks 40 personar per gruppe. 8

5 Adopsjon av kulturminne Adopsjon av kulturminne skal gje barn og unge kunnskap om lokale kulturminne, om historiske føresetnadar og kulturelle kontekstar. Elevane får kjennskap til sentrale problemstillingar i arbeidet med kulturminne og forståing for viktige utfordringar for kulturminneforvaltinga. Gjennom eit adopsjonsprosjekt kan elevane arbeide med ulike tilnærmingar til kulturminnearbeid. Forelesing, dokumentasjon, registrering, vedlikehald, restaurering og skjøtsel er innfallsvinklar for prosjektarbeid i Adopsjon av kulturminne. Kvifor adopsjon av kulturminne? Barn og unge er nysgjerrige, undrande og inkluderande på same tid. Dette er ein fin eigenskap og eit godt utgangspunkt for den som lære meir om samfunnsforhold som ikkje lenger finst eller kulturar som er forskjellige frå våre eigne. Det set i tillegg nøkkelorda integrering og integritet i eit spennande perspektiv. Barn og unge fortener å bli kjend med kulturminne og kulturhistorie, som omgrep og som fenomen, lokalt og globalt, i fortid så vel som i eiga samtid. Dersom me ynskjer varig vern av truga kulturminne er det viktig at barn og unge får høve til å kjenne ansvar og engasjement for kulturminna våre. Kvart år forsvinn 5 % av alle arkeologiske kulturminne i Noreg. Tilstanden for freda hus i privat eige er heller ikkje bra, skal ein tru tal frå Miljøstatus i Noreg. Dersom offentlege styresmakter ynskjer å nå den nasjonale målsetjinga om at årleg tap ikkje skal overstige 0,5 %, må ein starte eit langsiktig, haldningsskapande arbeid, gjerne i grunnskulen. Målsetting Dette er bakgrunnen for Valdresmusea sitt initiativ til prosjektet Adopsjon av kulturminne. Prosjektet har som mål å gjera barn og unge til forvaltarar av kulturminne i eige nærmiljø. Forankring til overordna planar Den kulturelle skulesekken ynskjer at barn og unge skal få kjennskap til mangfaldet av kulturelle ytringar. I dette mangfaldet høyrer kulturminna heime. Kunnskap om kultur og samfunnsformer er viktig og grunnleggjande for barn og unge i møte eit mangfaldig samfunn. I Stortingsmelding nr. 8 (2007 2008), Kulturell skulesekk for framtida, heiter det at kunnskap og innblikk i kulturarv og tradisjonar skal vere sentrale og viktige element i Den kulturelle skulesekken, og at kulturminne kan vere møteplass mellom skuleelevar og den lokale kulturminneforvaltninga. Forankring i læreplanverket I læreplanverket heiter det for faget samfunnsfag at ein skal stimulere til utvikling av kunnskap om det kulturelle mangfaldet i verda i fortida og samtida, og til forståing av forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Faget skal medverke til at elevane utviklar medvit om at menneska inngår i ein historisk samanheng, og at ei lang rekkje historiske hendingar gjer at dei er der dei er i dag. Valdresmusea ynskjer mangfaldig representasjon av prosjekt gjennom Adopsjon av kulturminne. Kulturminne er i fylgje kulturminnelova spor etter menneskeleg aktivitet i fysiske miljø, her også stader som det knyter seg historiske hendelingar, tru eller tradisjon til. Vidare heiter det at kulturminne som er del av vår kulturarv eller identitet, skal vernast og takast vare på. Lokal forankring Dersom ein skal lukkast med Adopsjon av kulturminne er det ein føresetnad at prosjekta veks fram i den enkelte skule. Mange ynskjer å koma i gang med eit kulturarvprosjekt ved sin skule, men treng ofte rettleiing og hjelp frå ein kulturverninstitusjon. Valdresmusea kan vere ein slik rettleiar for skuler i startgropa på eit kulturarvprosjekt. 9

Gravsta n døme på adopsjonsprosjekt i Valdres Valdresmusea samarbeider med Etnedal skule, Etnedal kommune og grunneigar Harald Espelien om skjøtsel av Gravsta n, ein gamal gravplass på garden Nerre Hestkinn i Etnedal. Gravsta n vart oppretta i 1815 og teken i bruk siste gong i 1919. Heilt sidan mellomalderen kunne storfolk få grava si under kyrkjegolvet. I 1805 fall denne ordninga bort fordi ein meinte slik gravlegging var uhygienisk. Bygginga av private gravplassar er truleg eit resultat og ein konsekvens av denne forordninga, men ein kan også tolke dei som sosiale markørar for rikfolk med trong til å synleggjere makt og sosial posisjon. Gravsta n ligg fint oppmura på ei liten knaus, 200 meter frå gardstunet. I 2007 fekk eigaren tilskott frå Etnedal kommune og Norsk Kulturminnefond til eit istandsetjingsprosjekt. Hausten 2007 vart elevar ved Etnedal skule med på eit større oppryddingsprosjekt, etter tilråding frå Oppland fylkeskommune og vegetasjonsrådgjevar Tanaquil Enzensberger. Våren 2008 gjekk murar og snikkar Hans Magne Lunde i gang med rekonstruksjon av nordre murvegg, samt oppretting av fleire rasskader. Arbeidet vart ferdigstilt hausten 2008. Etnedal skule har underteikna ei adopsjonsavtale om skjøtsel av Gravsta n i framtida, i samarbeid med grunneigar, kommune og Valdresmusea. Adopsjon av kulturminne passar for skuleelevar i 1. 10. klasse. Valdresmusea hjelper skulen din i gang med adopsjonsprosjekt. kroner 500 per dag. Vil du vite meir? Kontakt Ole ved Valdresmusea dersom du vil veta meir om Adopsjon av kulturminne. 10

6 Barnas dag Valdres Folkemuseum er den finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem dei tilbake. Det er mykje å undre seg over på Valdres Folkemuseum. Vaksne folk tenkjer mykje på korleis dei hadde det, dei som budde i dei gamle husa. Tenk at det budde folk her. Ikkje hadde dei vask og ikkje hadde dei do. Sjølv om mykje har endra seg gamledagar, er det ikkje sikkert ungar på den tida var så forskjellige frå oss. Nokre barn arbeidde meir enn andre, dagar var gode og dagar var mindre gode. Mange svalt, andre fekk mat fleire gonger om dagen. Før i tida laut barn ta del i hardt arbeid frå dei var ganske små. Ferie og fritid var ukjende omgrep for unge og vaksne, men ungar leika mykje før òg, gøymsle, til dømes. Fleire gøymsleplassar enn på museet skal du leite lenge etter. På Barnas dag får ungane leike og kose seg, og dei får eta nysteikte lappar. Aktivitetar 1. Konsert i Velkomstbygget: Høyr song, langeleikspel og fine barnesongar frå Valdres. Mange av dei handlar om dyr, slike som kua, grisen, reven og bjørnen, til dømes. 2. Hallingdans i festsalen: Dette er dansen som gjev høve til å byggje laganden, kjenne meistring, arbeide saman eller på eiga hand. 3. Lappesteiking i Dalestogo og i Flatigarden: Angela Bot og Ingrid Bolstad lagar verdas beste lappar og hjelper ungane å steike sine eigne lappar. 4. Hopp i foret! På Kvietunet får du kaste hestesko, hoppe i foret og lage gardstun av kvistar, steinar og kongler. 5. Strikkbåt på stølen: Ved dammen på Tvengestølen kan ungane prøve morosame strikkbåtar. 6. Pause på plassen: Her kan du gå på stylter, leike i sandkassa, huske og sitja i traktoren. Alderstrinn Fire- og femåringar i barnehagar i Valdres. Utstyr og klede Gode klede og sko. Ta med niste. Valdresmusea serverer ferske lappar og saft. Program 10.00 11.30: Aktivitetar på postane. Cirka 20 minutt per post. Frammøte ved Slidrehuset 09.45. 11.30 12.15: Matpause på museumsplassen. Museet spanderer saft og lappar. 12.15 13.45: Aktivitetane held fram. 13.45: Avslutning på museumsplassen. Påmelding og pris Barnas dag blir arrangert tysdag 22. mai i 2012. Frist for påmelding er 1. mai. Kroner 50 per unge. 11

7 Smi deg ein dings! Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var godt og kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk valdrisane fisk og salt. Aktiviteten var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet. Kva er eigentleg jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for støling og kulturlandskapet i Valdres? Smi deg ein dings inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jernet vart til. Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. klasse 1. Spor i landskapet: På stølsområdet ser vi etter jernvinne og kolgrop. 2. På Tvengestølen: Korleis blir jernet til? Forvandlinga frå myrmalm til jern. 3. På Kvietunet: På Kvietunet finn vi jern på dører, reiskap og kjøretøy. Kor mykje jern klarar du å finne? Her må vi ha orden på både teljinga, tunga og fingrane. 4. I Lomissmia: Saman med smeden former vi enkle gjenstandar (hekter, spiker mm). Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet 4. årssteget: Elevane skal kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og skal undersøke samlingar og historiske minnesmerke. 10. årssteget Elevane skal utforske forskjellige kjelder og illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida. Elevane skal vidare forklare korleis historikarar bruker kjelder til å lage historiske framstillingar. Elevane skal også forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis. Elevoppgåve, 7. klasse Elevane skal undersøkje førekomsten av jern og jerngjenstandar i eige nærmiljø. Elevane skal sidan førebu presentasjon på skulen. Valdresmusea hjelper til med denne. Stikkord for presentasjon er estetikk (korleis ser gjenstanden ut?), historikk og alder (kor gamal er gjenstanden?), funksjon (kva vart gjenstanden brukt til?), verdimessig kommunikasjon (seier gjenstanden noko om tankar, idear, sosial status eller makt), produksjonsprosess (er gjenstanden handlaga eller industrielt framstilt?). Elevane skal undersøkje kjelder som seier noko om jern i jernalder, vikingtid, mellomalder og nyare tid. Kva slags jerngjenstandar har ein funne i Valdres og kva fortel desse om liv i gamal tid? Påmelding og frist Smi deg ein dings blir arrangert tysdag 4., onsdag 5. og torsdag 6. September i 2012, alle dagar klokka 09.30 14.00. Påmeldingsfristen er 1. september. Lengde Smi deg ein dings varar i 4 timar. I tillegg kjem reise og matpause. 4. og 7. Klasse (ei gruppe per klassetrinn). Utstyr og klede Gode klede og sko. Kroner 80 per elev. Maks 30 personar per gruppe. 12

8 Andre verdskrigen i Valdres Krigshandlingane som gjekk føre seg i Valdres i 1940 1945 er ein viktig del av historia vår. På Bagn Bygdesamling er det laga ei eiga utstilling om kampane i Bagn og på garden Bangsbergatn, som er eit nasjonalt krigsminnesmerke. Museet disponerer garden, som står slik han gjorde i 1940. Elevane kan velje mellom to undervisingsopplegg 1) Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå sivile og militære effektar frå krigsdagane. Framsyning av filmen Bagn 1940 i administrasjonsbygget. Filmen fortel om dei dramatiske hendingane på Bangsbergatn i april 1940. Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg. 2) Besøk på Bangsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre kva som skjedde her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum og dit kan ein koma anten med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet litt nord for Bagn sentrum. Det tek cirka ein halv time å gå opp til garden. Opplegget varar cirka 3 timar. Med buss noko kortare tid, cirka 2, 5 time. Jamfør læreplanen 8. 10. årssteget: I opplæringa skal elevane arbeide med krefter, konfliktar og val som førte til dei to verdskrigane og samanhengar mellom dei. Elevane skal gjere seg kjende med gangen i krigane og vurdere følgjene av dei. Elevane skal finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis. Elevane skal lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane. Lengde Cirka 1,5 timar, inklusiv matpause. Opplegget passar best for elevar i 8. 10. klasse. Kroner 30 per elev. 13

9 Gamle jakt- og fangstreiskapar Jakt og fangst var viktig for folk i eldre tid. På Bagn Bygdesamling har vi ei stor samling med gamle fangstreiskap. Elevane får høyre korleis reiskapane vart brukte og kva slags dyr ein jakta på. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar. 1. Film frå Buvassfaret om bjørn og bjørnehi. 2. Naturstig langsmed Islandselva. Elevane får sjå og høyre om ville dyr (utstoppa) og sjå fangstreiskapane som vart brukte i jakta. 3. Omvising ved flaum-muren: Elevane får høyre om flaumane som gjorde skade i området ved museet (Tressflaumen i 1760 og Storofsen i 1789). Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet 4. årssteget: Elevane skal skildre og samle inn informasjon om utdøydde dyreartar og dyregrupper. Elevane skal fortelje om dyr og dyrevelferd, og argumentere for forsvarleg framferd i naturen. 7. årssteget: Elevane skal skildre kjenneteikn ved plante-, sopp- og dyreartar og fortelje korleis desse er ordna systematisk. 10. årssteget: Elevane skal gje døme på korleis menneska gjennom sin aktivitet påverkar eit naturområde. Elevane skal identifisere korleis ulike interessegrupper ser på si eiga påverking, og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtida. Lengde Cirka 2 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Opplegget passar best for elevar i 5. 7. klasse, men kan òg tilpassast elevar i 1. 4. klasse og elevar i ungdomsskulen. Kroner 30 per elev. 14

10 Ein skuledag for 60 år sidan I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste høgda er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år. I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte frå skulen. Dotrene hans gav alle eignelutar etter far sin til museet, mot at alt skulle takast vare på for ettertida. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit levande bilete av korleis skuletida var før i tida. Praktiske oppgåver Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post. 1. Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan. 2. Elevane får sjå lærarbustaden i andre høgda. Her får dei høyre og sjå korleis lærar Ingvar Koppervik hadde det då han budde der. 3. Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen. Kompetansemål jamfør Kunnskapsløftet 4. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no. Elevane skal fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og dei skal undersøkje samlingar og minnesmerke. 7. årssteget: Elevane skal skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i. Lengde Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise. Opplegget passar best for elevar i 1. 7. klasse. Kroner 30 per elev. 15

Søkjer du ein musikar? Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark administrerer ei tilskottsordning for folkemusikarar og folkedansarar frå Valdres. Målet med ordninga er å sikre og auke rekrutteringa til folkemusikken og folkedansen gjennom sceneproduksjonar og opplæringstiltak. Produksjonane og tiltaka er i hovudsak retta mot barn og unge. Valdresmusea leverer innstilling til Valdres Natur- og Kulturpark, som deler ut tilskott ein gong i året. Informasjon om speleklare sceneproduksjonar, kontakt: Elisabeth Kværne Folkemusikkarkivar Tlf: 61 35 99 32 E-post: elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no 16

Kontaktinfo Ole Aastad Bråten Seksjonsleiar, kulturhistorisk avdeling Tlf: 61 35 99 11 E-post: ole-aastad.braten@valdres.museum.no Einar Mosleth Avdelingsleiar, Bagn Bygdesamling Tlf: 61 34 77 49 E-post: einar.mosleth@valdres.museum.no 17