Notat Fra: Miljødirektoratet Til: Klima og miljødepartementet Dato: 28.04.2016 Arkivnummer: 2016/3679 Framskriving i Nasjonalbudsjettet 2007 - grunnlag for klimaforliket Justering av framskrivinga Framskrivinga av utslepp av klimagassar til luft i Nasjonalbudsjettet 2007 (NB2007) er brukt som grunnlag for målsettingane som er sett i klimaforliket frå 2008. https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/md/vedlegg/klima/avtale_klimameldi ngen.pdf. Det har sidan 2007 vore gjort mange endringar i den nasjonale utsleppsrekneskapen. Alt frå endringar i berekningsmetode, nye utsleppsfaktorar, nye GWP-verdiar og nye utsleppskjelder har kome til. Den siste gjennomgåande endringa av rekneskapen er innføringa av retningslinjene IPCC 2006 til rekneskapen for 1990 2013 (National Inventory Report 2015 (M-422/2015)). Metodeendringane som er gjort i rekneskapen etter 2006, og seinast for rekneskapen 1990 2013, har ført til at det berekna utsleppet no er høgare enn det var da framskrivinga til NB2007 blei laga. Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet om å vurdere og oppdatere framskrivinga i NB2007 med omsyn til dei endringane som er gjort i utsleppsrekneskapen. Det som blir vist i dette notatet er følgjande: 1. Utsleppsrekneskapen for 2010 og 2012 før og etter innføringa av IPCC 2006 er samanlikna for å visa effekten av metodeendringane og nye GWP-verdiar. Dette er gjort for å samanlikna effekten av nye metodar med meir og nye GWP-verdiar med tilsvarande endringar for NB2007 (punkt 2 og 3). Samanlikninga på detaljert aktivitetsnivå er gjort for 2010-tala, mens skaleringa er gjort med utgangspunkt i 2012-tala. 2. Utsleppsrekneskapen for 2002 da NB2007 blei laga er samanlikna med rekneskapen for 2002 etter at IPCC 2006 er innført. 3. Framskrivinga for 2020 i NB2007 er justert med nye metodar, nye kjelder med meir og nye GWP-verdiar. 1
Litt om effekten av innføringa av IPCC 2006 med 2010/2012 som eksempel Ved innføringa av IPCC 2006 i den norske rekneskapen auka Norges utslepp i 2010 med 1,0 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Nye GWP-verdiar stod aleine for 0,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar av auken, og resten var nettoeffekten av nye metodar, nye utsleppskjelder og justering av aktivitetsdata, sjå Tabell 1. De ser av tabellen at størst endring var for metan, som er opp både på grunn av endra metodar/nye kjelder, og særleg på grunn av ny GWP-verdi, og for lystgass, som har store endringar, særleg på grunn av endra metode/nye kjelder. Så viss me tek 2010 som utgangspunkt, ser me at endringane i samla utslepp på grunn av nye kjelder med meir er små samanlikna med effekten av nye GWP-verdiar. Tabell 1. Utsleppseffekt av metodeendringar med meir og nye GWP-verdiar ved innføringa av IPCC 2006 per mai 2015 for 2010/2012. Alle tal i millionar tonn CO2-ekvivalentar. Metode Ny metode/nye kjelder/ny EF GWP aleine mm + GWP CO2 0.3 0.3 CH4 0.4 0.8 1.2 N2O -0.6-0.1-0.7 SF6 0.0 0.0 PFK 0.0 0.0 HFK 0.2 0.2 Total, millionar tonn CO2- ekvivalentar 0.1 0.9 1.0 I strekpunkta under er dei viktigaste endringane i rekneskapen for 2010/2012 etter innføringa av IPCC 2006 nemnt - Jordbruket: Effekten av overgang til IPCC 2006 er størst for jordbruket. For lystgass frå jordbruket har metodeendringa redusert utsleppa med 500-600 tusen tonn CO2-ekvivalentar (knappe 100 tusen tonn er på grunn av redusert GWPverdi). Metanutsleppet har auka med om lag 500 tusen tonn CO2-ekvivalentar (400 tusen tonn er på grunn av auka GWP-verdi). Samla er utsleppa for jordbruket om lag uendra. - Motorreiskapar, diesel: N2O-faktoren frå IPCC gir redusert utslepp med om lag 200 tusen tonn CO2-ekvivalentar. - Bedriftsdata: Frå januar 2014 til mai 2015 er bedriftsdata endra for enkelte bedrifter, og det har i dei fleste tilfella gitt høgare utslepp. Utslepp av CO2 frå fossilt karbon i avfall brent i avfallsforbrenningsanlegga har auka med om lag 200 2
tusen tonn. Det er fordi forbrenning av avfall i fleire nye anlegg etter 2010 tidlegare ikkje var inkludert i rekneskapen. Lystgass frå fullgjødselproduksjon er ei ny utsleppskjelde, og denne har auka utsleppet med 100-200 tusen tonn CO2- ekvivalentar. Metanutsleppa frå oljeraffineri har auka med nye bedriftsdata. - Nye kjelder: Det er mange nye utsleppskjelder som stort sett har låge utslepp, men fleire har utslepp mellom 50-100 tusen tonn CO2-ekvivalentar. Eksempel er smøremiddel, avløpsvatn frå industrien og utslepp frå kompostering. Endringar i rekneskapen for 2002, som var basisår for NB2007 Me har samanlikna utsleppa i 2002, som var basisår for NB2007, med utsleppa i same år etter innføringa av IPCC 2006 (metodeendringar, nye kjelder og nye GWP-verdiar). Nye metodar og GWP-verdiar har auka 2002-utsleppet med om lag 1,5 millionar tonn CO2- ekvivalentar. Av dette er knappe 1 million tonn effekten av nye GWP-verdiar og i underkant av 0,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar effekten av nye metodar og utsleppskjelder. Heile metodeeffekten har ikkje kome på grunn av IPCC 2006, men inkluderer også metodeendringar mellom 2002 og i dag. Tabell 2 viser effekten av metodeendringane for gassar og sektorar. Me har ikkje prøvd å skilja ut effektar av endringar fram til innføringa av IPCC 2006 og av IPCC 2006 isolert. Endringar for Forbrenningsutsleppa (CO2) er endra delvis på grunn av reallokering mellom sektorane. Mellom anna er utslepp frå boring på mobile boreriggar flytta frå kysttrafikk til olje- og gassutvinning. Vidare blei delar av dieselforbruket i vegtrafikken flytta til motorreiskapar i rekneskapen for 1990 2005 i endeleg rekneskap i 2007. Det siste forklarer endringa for vegtrafikk på 0,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppsfaktoren for fossilt karbon i avfall er oppjustert, og det har auka CO2-utsleppet frå forbrenning av avfall med om lag 0,1 millionar tonn CO2 i 2002. Nye kjelder med utslepp av CO2 er jordbruk (kalking av jord og vatn, tidlegare LULUCF), og andre kjelder (smøremiddel) som aukar utsleppa i 2002 med om lag 0,2 millionar tonn CO2. Endringar for CH4 og N2O: Det er same endringar som for 2010/2012, som er forklart over. Endringar for HFK: Endringa for HFK er for det meste på grunn av nye GWP-verdiar. 3
Tabell 2. Utsleppseffekt av metodeendringar med meir ved innføring av IPCC 2006 per mai 2015 for 2002. Millionar tonn CO2-ekvivalentar.. IPCC med nye metodar og GWP minus NB07 med nye GWP-verdiar CO2 CH4 N2O PFK HFK SF6 Total per kjelde Olje- og gassutvinning 0,5 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,49 Industri og bergverk -0,4 0,1 0,0 0,0 0,0 0,0-0,25 reallokering + mobile boreriggar under boring reallokering Energiforsyning 0,6 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,60 Summen av Oppvarming i andre næringer og husholdninger -0,1 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 sektorane Eforsyning + -0,08 karbon i avfall Vegtrafikk -0,4 0,0-0,1 0,0 0,0 0,0-0,47 Luftfart, sjøfart, fiske, motorredskaper m.m. 0,0 0,0-0,1 0,0 0,0 0,0-0,07 Jordbruk 0,1 0,4-0,3 0,0 0,0 0,0 0,26 Andre kjelder 0,1-0,2 0,0 0,0 0,1 0,0 0,06 Total per gass 0,45 0,37-0,38 0,00 0,11 0,00 0,55 reallokering primært kalking av jord og vatn. ny kjelder Justering av framskrivinga for 2020 i NB2007 Framskrivinga for 2020 frå NB2007 er rekna om med nye GWP-verdiar. Resultatet er at utsleppa samla er justert opp med i underkant av 1 million tonn CO2-ekvivalentar. Det er om lag same justering som for historiske utslepp i 2002 og 2010/2012, jf. forklaringane over. Framskrivinga for 2020 i NB2007 er så skalert som forholdet mellom rekneskapen for 2002 da framskrivinga blei laga og utsleppet i 2002 etter innføringa av IPCCC 2006. I tillegg er nye GWP-verdiar inkludert. Skaleringa er gjort på sektornivå som i Tabell 32. Feil! Fant ikke referansekilden. Inkludert nye metodar og kjelder og nye GWP-verdiar er framskrivinga for 2020 justert opp med 1,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar til 60,6 millionar, sjå Tabell 3. Justeringa er da litt lågare enn det justerte 2002-utsleppet. 4
I justeringa av framskrivinga til 60,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar har me i prinsippet inkludert alle nye utsleppskjelder. Vi har valt same metode som da NB2015 blei justert i fase 3 av lågutsleppoppdraget (Klimatiltak og utslippsbaner mot 2020, M-286/2015). Det kan leggjast til at da blei framskrivinga justert opp om lag som for basisåret 2012. Etter vår vurdering underbyggjer det at vårt forslag til justering av NB2007 er rimeleg. Vår oppsummering er at - framskrivinga for 2020 frå NB2007 kan justerast frå 59,2 til 60,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. - intervallet for justeringa er frå 60,1 (når ein berre inkluderer nye GWP-verdiar) til 60,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar (som også inkluderer metodeendringar og nye utsleppskjelder). Tabell 3. Justert framskriving for 2020 frå NB2007. Millionar tonn CO2-ekvivalentar Skalert NB2007 med nye metodar og kjelder med meir og nye GWPar. 2020 CO2 CH4 N2O PFK HFK SF6 Total Olje- og gassutvinning 11,8 0,5 0,0 0,0 0,0 0,0 12,3 Industri og bergverk 13,3 0,3 1,9 1,0 0,0 0,0 16,6 Energiforsyning 0,6 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,6 Oppvarming i andre næringer og husholdninger 2,6 0,3 0,1 0,0 0,0 0,0 3,0 Vegtrafikk 13,2 0,1 0,1 0,0 0,0 0,0 13,4 Luftfart, sjøfart, fiske, motorredskaper m.m. 6,6 0,0 0,1 0,0 0,0 0,0 6,7 Jordbruk 0,1 3,1 1,7 0,0 0,0 0,0 4,9 Andre kjelder 0,4 1,5 0,2 0,0 1,0 0,1 3,2 Total 48,7 5,8 4,1 1,0 1,0 0,1 60,6 5