Kritikk av visuell kommunikasjon



Like dokumenter
Design til terningkast tre? Design med et kritisk blikk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Frå novelle til teikneserie

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Psykologisk førstehjelp i skulen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Jon Fosse. For seint. Libretto

IKT-kompetanse for øvingsskular

Samansette tekster og Sjanger og stil

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til deg som bur i fosterheim år

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?


Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

mmm...med SMAK på timeplanen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ny strategiplan for Høgskulen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Brukarrettleiing E-post lesar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Teknikk og konsentrasjon viktigast

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing


TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Refleksjon og skriving

Årsplan for Norsk

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Lotteri- og stiftingstilsynet

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Forslag frå fylkesrådmannen

FANTASTISK FORTELJING

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Transkript:

Kritikk av visuell kommunikasjon fredrik eive refsli Kritikk av visuell kommunikasjon Skriftleg hovudfagsoppgåve, 2005 Kunsthøgskolen i Oslo, Visuell kommunikasjon fredrik eive refsli

kritikk av visuell kommunikasjon

fredrik eive refsli Kritikk av visuell kommunikasjon Skriftleg hovudfagsoppgåve, 2005 Kunsthøgskolen i Oslo, Visuell kommunikasjon

Innhald del 1: innleiing 1.1. Forord 11 1.2. Innleiing 13 1.3. Problemstilling 17 1.4. Metode 19 1.5. Avgrensing og vinkling 21 1.6. Definisjon av omgrep 23 1.6.1. produkt 24 1.6.2. design 24 1.6.3. visuell kommunikasjon 26 1.6.4. kritikk 28 1.6.5. estetikk 29 del 2: kritikk som fagområde 2.1. Historikk om kritikk 35 2.2. Kritikksjangeren i dag 41 2.2.1. kritikk i dagspressa 41 2.2.2. kritikk i fagtidsskrifta 45

2.2.3. kritikk på internett 48 2.2.4. kriterium for kritikken 51 del 3: kritikk av visuell kommunik asjon 3.1. Historisk tilbakeblikk på kritikk av visuell kommunikasjon i Noreg 61 3.2. Tilstandsrapport 75 3.2.1. argumentasjonsnivået blant norske visuelle kommunikatørar 78 Debatten om Noregsprofilen 79 Debatten om boka Lysten og Hemmeligheten 91 3.3. Treng visuell kommunikasjon kritikk? 99 3.4. Kva skal til for å kritisere visuell kommunikasjon? 103 3.4.1. kriterium for kritikk av visuell kommunikasjon 110 3.5. I kva form tener kritikk av visuell kommunikasjon faget best? 119 3.5.1. nivå på kritikken 119 3.5.2. forum for kritikk 121 5.4. First Things First a manifesto 157 5.5. First Things First 2000 a design manifesto 159 5.6. Critical Method 161 5.7. Observert om diskusjon kring visuell kommunikasjon-utdanningar 165 5.8. Personar som er omtala i oppgåva 167 del 6: bibliogr afi 6.1 Bibliografi 177 6.1.1. bøker 177 6.1.2. hovudfagsoppgåver 178 6.1.3. tidsskrift 178 6.1.4. artiklar 179 6.1.4. intervju/samtalar 180 6.1.5. internettsider 181 del 4: oppsummering/konklusjon 4.1. Oppsummering/konklusjon 127 del 5: appendiks 5.1. Intervju med Rick Poynor 133 5.2. Intervju med David Crowley 143 5.3. Intervju med Ingerid Helsing Almaas 149

9 del 1 innleiing 9

11 1.1. Forord D et finst ingen lang tradisjon for kritikk av visuell kommunikasjon, korkje i Noreg eller i utlandet. Difor finst der òg eit svært avgrensa utval av kjelder der det går an å finne noko om det. Med unntak av nokre få dediserte magasin, finst der berre einskildartiklar som er spreidde ikring i magasin og bøker. Eg har difor måtte bygge opp den historiske forståinga av kritikk kring det som er skrive om andre kultursjangrar sin tilhøyrande kritiske praksis. I tillegg har eg hatt ein del samtalar med norske og utanlandske designarar, samt intervjua to engelske designskribentar og redaktøren i arkitekturmagasinet Byggekunst. Ein stor del av oppgåva er difor eigne refleksjonar, som spring ut frå perspektivet eg har opparbeidd meg gjennom det tilgjengelege kjeldematerialet. I arbeidet med oppgåva har eg søkt råd hjå mange menneske, og må seie at responsen stort sett har vore overraskande positiv. Dette tolkar eg som eit signal om at emnet eg tek opp er viktig, og at det ikkje er gjort nok på dette området. At denne oppgåva klarar å innfri dei forventingane dei involverte måtte ha til ho, kan eg ikkje garantere, men vonar at ho i det minste kan bidra til at det blir kasta litt lys i denne mørke kroken i norsk visuell kommunikasjon.

12 kritikk av visuell kommunikasjon 13 Eg forsøker i oppgåva å kome med forslag til korleis ein kan øve kritikk av visuell kommunikasjon. Modellen eg presenterar er meint som eit utganspunkt for diskusjon, og at det etterkvart kan utviklast ein eller fleire fullstendig relevante modellar. Det er mange som fortener takk for innspel, råd og støtte i prosessen: Bruno Oldani, Svein Størksen, Marius Renberg, Halvor Bodin, Egil Haraldsen og Marius Watz for perspektiv på (norsk) visuell kommunikasjon og kritikk av denne, Ingerid Helsing Almaas for tankar om arkitekturkritikk og kritikk i fagtidsskrift, Leif Anisdahl og Reidar Holtskog for opplysingar om Prosjekt Norgesprofil, Alan MacKenzie-Robinson for all hjelp og tru på prosjektet og Rune Helgesen og Josef Leupi for motstand. Det er òg på sin plass å takke dei utanlandske designarane og designskribentane eg har prata med (sjølv om dei sannsynlegvis ikkje forstår det): Rick Poynor, David Crowley, Jon Forss og Kjell Ekhorn i London og Andreas Trogisch og Henning Wagenbreth i Berlin. I tillegg er det på sin plass å takke dei som stillar opp og støttar når vinden blæs som sterkast og bårene bryt som verst: Pernille og Anton. Sist, men absolutt ikkje minst, vil eg takke vegleiaren min, Jorunn Veiteberg, for at du tok deg tid til å gje meg konstruktive tilbakemeldingar, tips og råd undervegs i prosessen. God lesnad! 1.2. Innleiing Etter nokre år som student, sit eg med ei litt ambivalent kjensle i forhold til å skulle gå ut i ein praksis som visuell kommunikatør. Eg har fått inntrykk av designbransjen som ein bransje som blir meir og meir opptekne av marknadsmessige verdiar enn av å lage produkt som er gode og viktige for folk. Dette inntrykket har eg fått både gjennom media og «folk flest» si oppfatning av kva design handlar om, men og gjennom å fylgje med på kva fagets organisasjonar i Noreg Grafill, Norsk form og Norsk designråd held på med. Eit døme på dette, er Norsk designråds profilering av år 2005 som «Designåret». Det viktigaste argumentet for å ta i bruk design synast å vere dei marknadsføringsmessige, og dermed dei profitable, føremonene ikkje dei funksjonelle, opplevingsmessige, estetiske eller kommunikative føremonene. Det verkar for meg som om mange visuelle kommunikatørar er meir opptekne av å skode innover i faget etter inspirasjon i staden for å vere opptekne av samfunnet ikring oss, for gjennom eit slikt engasjement bli inspirerte til å gjere god visuell kommunikasjon. Eit symptom på dette meiner eg er det stadig større fokuset på det visuelle uttrykket som eit mål i seg sjølv. Det har blitt viktigare å klare å henge med i dei siste stiltrendane enn å kunne kome med eigne idear til visuelle løys-in-

14 kritikk av visuell kommunikasjon 1.2. innleiing 15 gar på eit konkret kommunikasjonsbehov. Maziar Raein, som nyleg er tilsett på mastergradsutdanninga på khio, skriv i bloggen Limited Language (limitedlanguage.org): «The perpetrator of this illusion is the designer, be they fashion, product or graphic designer. Most designers have given up a genuine curiosity for the world around them and don t even attempt to respond in a meaningful and poignant way to the issues facing them. Instead, they submissively reach for the latest contribution from the trend machine and adjust their design by styling it. There are only a minority of designers who actually design, most of them have become stylists». Denne forma for «styling» har etter mi meining ingenting med design å gjere, derimot med marknadsføring. God design vil alltid ha marknadsmessige føremoner framfor mindre god design, men når det er marknaden som er det fremste målet, og ikkje produktet som kommunikasjonsmedium, får vi ikkje anna enn tom pynt dekorativ tomheit. Denne måten å designe på er ikkje berekraftig, korkje for bransjen sjølv eller for samfunnet som heilskap. Tenk på om du opna ei julegåve, berre for å oppdage at ho var tom. For kvar gong gåva du opnar er tom, blir du meir desillusjonert. Etterkvart mistar du sannsynlegvis lysta til å fortsete, og let resten ligge. Kvifor? Av di det ikkje gjev oss noko meir enn den vakre pynten utapå. Kva kjem så denne utviklinga av? Ein grunn kan vere at arbeidspresset på visuelle kommunikatørar aukar, kanskje som konsekvens av ein verdsmarknad som presser fram eit høgare forbruk, med den fylgja at dei ikkje har tid til å jobbe grundig nok med idé og visualisering. Ein annan grunn kan vere det stadig større omfanget av institusjonar som tilbyr eitt- og to- årige grafisk design- og illustrasjonsutdanningar, som ikkje gjev tid og rom for fagleg refleksjon og modning. Likevel, trur eg at det er nokre grunnleggande problem som kan knytast til dette: Mange visuelle kommunikatørar har eit for snevert perspektiv på faget sitt, og klarer ikkje å setje det i ein større samfunnsmessig samanheng. Dette igjen, kan vere eit resultat av for lågt historisk kunnskapsnivå (mi erfaring tilseier at dess meir ein veit om korleis verda vart slik ho er i dag, dess meir spennande vert det å lære meir for å sjå fleire og nye samanhengar). Det eg skisserer, er ein mangel på, eller ein for lite utbreidd kritisk refleksjon kring faget. Svaret er dermed enkelt: Ein auka kritisk refleksjon er naudsynt. Men korleis skal ein få til det? Eg trur, som emnet på oppgåva fortel, at for å få til dette, så trengs det fora for open, offentlig kritikk av visuell kommunikasjon slik kritikk som bokdesignar Egil Haraldsen ynskjer seg i artikkelen Bokens ansikt i Morgenbladet 29. august- 5. september 2003: «Jeg ønsker meg [ ] en form for analytisk kritikk av design og typografi, hvor man kunne ta for seg for eksempel en bokhøst, et forlag, Telenor-logoen eller den grafiske profilen til nrk. Vi møter typografi og design overalt rundt oss i hverdagen som i tallene på en vekkerklokke eller teksten på en medisinflaske». Ideelt sett burde den beste kritikken vere dei bra arbeida i seg sjølv. Arbeid som tydeleg klarar å kommunisere bodskapen gjennom relevante, godt gjennomtenkte og interessante idear. Men, når ein del av problemet er mangelen på slike arbeid, må ein nytte andre verkemiddel, som til dømes kritisk refleksjon uttrykt verbalt. Andre fagfelt, som til dømes kunst, arkitektur, litteratur og musikk, har alle ein slik praksis knytt til seg. Desse er alle fag som er kjenneteikna av ei kreativ verksemd,

16 kritikk av visuell kommunikasjon 17 og som sannsynlegvis ikkje ville ha vore der dei er i dag om dei ikkje var tvungne til å reflektere kritisk over sin eigen praksis og tilhøvet sitt til resten av samfunnet. Eg ynskjer dermed å bruke denne oppgåva til å undersøke kritikk som sjanger og kritikk av visuell kommunikasjon spesielt. Eg vil forsøke å finne ut om visuell kommunikasjon treng ein kritisk praksis knytt til seg, og i så fall i kva form ein slik kritikk vil ha størst nytte for faget og samfunnet elles. 1.3. Problemstilling 2 2 Korleis kan ein skape ein god kritisk praksis for visuell kommunikasjon i Noreg? Kva fora egnar seg best til dette?

19 1.4. Metode D et finst svært lite litteratur om kritikk av visuell kommunikasjon. Difor er oppgåva i hovudsak basert på samtalar med ein del erfarne norske og utanlandske visuelle kommunikatørar, samt intervju med to britiske designteoretikarar/ -kritikarar. Desse intervjua har bidrege i stor grad til å utvide perspektivet mitt på området, og gjeve meg tips, råd og kunnskap eg ikkje hadde frå før. I tillegg fungerar bøker som serien Looking Closer Critical Writings on Graphic Design, kritiske artiklar frå magasin som Eye og Emigre, og internettsider som Designobserver.com, som kjeldemateriale. Når det gjeld kunnskap om kritikken som fagområde, kjem den frå litteratur om hovudsakleg litteratur-, kunst-, og musikk-kritikk, samt frå ein samtale med leiar i Norsk kritikerlag, Anne Merethe K. Prinos, og eit intervju med redaktør i arkitekturmagasinet Byggekunst, Ingerid Helsing Almaas. I tillegg til dei fagspesifikke kjeldene, har eg fått mykje inspirasjon av å lese den franske sosiologen, filosofen og litteraturkritikaren Roland Barthes sine skarpe samfunnsobservasjonar i boka Mytologier.

21 1.5. Avgrensing og vinkling D enne oppgåva handlar om å rette kritisk søkelys mot visuell kommunikasjon som fag og produkta av visuell kommunikasjon. Ho handlar altså ikkje om visuell kommunikasjon som verkemiddel for kritikk. Det har heile tida vore ei reell problemstilling for meg om oppgåva skulle avgrensast til Noreg eller ikkje. Det er svært viktig å innsjå at den stadig aukande globaliseringa av kunnskap og økonomi, gjer at ein ikkje lenger kan isolere norsk design frå res-ten av verda. Det er like lett for ein norsk designar å sjå kva som blir gjort i Tyskland, usa eller Japan, som i Noreg. På grunn av dette, trur eg at det om få år vil vere irrelevant for faget og dets utvikling å avgrense ei slik oppgåve etter Riksgrensa. Likevel tykkjer eg det er viktig ikkje å skape for stor avstand til vår eigen daglege praksis. Skal ein endre eller betre ein situasjon, er det som regel best å starte med å feie for eigen dør. Difor meiner eg at det er rett, og viktig, å avgrense oppgåva til å dreie seg om den norske arenaen for visuell kommunikasjon. Dette utelukkar ikkje at vi må ta ein tur utanlands for det må vi, skal vi finne nokon form for seriøs kritisk praksis innan faget. Eit anna relevant aspekt ved oppgåva, er kva medium som må vurderast som «gode nok» for å attgje kritikk. Umiddelbart

22 kritikk av visuell kommunikasjon 23 fell dei tradisjonelle media, som bøker, aviser, tidsskrift, Cernsyn og radio på plass. Men kva med internett? Eit fenomen som dei siste par åra har eksplodert i omfang, er fenomenet blogging, som er kjenneteikna av lågare publuseringsterskel og høgare publiseringsfrekvens enn dei andre media. I utgangspunktet ynskjer eg ikkje å utelukke nokon av desse media, men fokuset vil ligge på dei som er mest brukte til kritikk. Eg må avgrense kritikk til å handle om offentleg kritikk (sjå òg definisjon i kap. 1.6.4.). Det føregår sjølvsagt sjølvkritikk i kvar ein av oss, og sikkert òg ei form for kritikk i det einskilde designfirma, men dette vil ikkje resten av faget eller offentlegheita ha nytte eller glede av. I kapittel 2.1. tek eg føre meg den offentlege kritikken si historie. Eg ynskjer å sjå på utviklinga av kritikken som sjanger, og ikkje gå i djupna på ei spesifikk kunstform. Grunnen til at eg i hovudsak brukar døme frå biletkunstkritikken og litteraturkritikken si utvikling, er at det er desse sjangrane det finst flest kjelder frå. 1.6. Definisjon av omgrep For å unngå mistydingar og kommunikasjonssvikt, er det viktig å definere ein del omgrep som eg kjem til å bruke i oppgåva. Til dømes er design eit omgrep som i aukande grad vert brukt i media. Dermed blir det i aukande grad òg brukt av den vanlege mannen i gata. «Det», kan ein seie, «er jo bra for designbransjen, for då er det fleire som blir gjort merksame på kva des-ign er for noko». Likevel opplever eg stadig at folk som pratar om «design» som regel berre meiner 3-dimensjonelle produkt, noko som dermed utelukkar visuell kommunikasjon i stor grad. I tillegg snakkar ein som regel berre om eit produkts utsjånad, altså ytre karakter. Når meldarar til dømes testar mobiltelefonar, omfattar omgrepet «design» som regel telefonens ytre form og farge funksjonelle faktorar, som programvaras brukargrensesnitt, knappane si plassering og kjensle når ein trykker på dei, vert omtala som «brukarvenlegdom» eller liknande.

24 kritikk av visuell kommunikasjon 1.6. definisjon av omgrep 25 1.6.1. produkt For å skildre det ferdige, handfaste resultatet av ein designprosess, vel eg å bruke ordet produkt, då eg meiner at dette kan omfattast av både 2- og 3-dimensjonal design i motsetnad til «objekt», som etter mi meining i større grad avgrensar til 3-dimesjonale produkt. 1.6.2. design Omgrepet design vert definert på ei stor mengd ulike måtar, og det er meiningslaust å prøve å samanfatte dess i ein klar definisjon. Sidan oppgåva har designsjangeren visuell kommunikasjon som fokus, ynskjer eg heller ikkje å definere design på ein enkel måte. Det er mykje nyttigare om lesaren har ei forståing for at omgrepet har ei mengd ulike definisjonar og tydingar, og presenterer difor eit knippe definisjonar som viser breidda. marknadsføre forme kalkulere planlegge Design = organisere samle sanere sortere På Patentstyret.no, som er vevsida til Styret for industrielt rettsvern, vert design referert til som «[ ] utseendet og formen til et produkt [ ]» Fig. 1: Grafisk designar Leif Anisdahl sin definisjon av design Denne definisjonen impliserar at design er eit produkt av ein prosess som har estetikk som høgaste mål (sjå definisjon av estetikk seinare i dette kapitlet). Men handlar ikkje design om meir enn estetikk? Har det ikkje òg ei funksjonell side, for ikkje snakke om ei kommunikativ side? The Oxford Advanced Learners Dictionary deler omgrepet design inn i fem ulike kategoriar: «arrangement: the general arrangement of the different part of sth that is made, such as a building, book, machine. drawing/plan/modell: the art or process of deciding how sth will look, work, etc. by drawing plans, making models. pattern: the arrangement of lines and shapes as a decoration. intention: a plan or an intention. plan sth: to think of and plan a system, a way of doing sth.» Som vi ser av Oxford, kan design handle om alt frå å planlegge system, til å lage konkrete/fysiske modellar frå ein gjenstand sin indre oppbygging/struktur, til den ytre utsjånaden. Forskaren Herbert Simon definerte på eit seminar i 1968 design slik: «Alle, som gjennom medvite handling, søker å endre eksisterande situasjonar til betre situasjonar, utøvar design. Den intellektuelle aktiviteten som produserer materielle gjenstandar, er ikkje fundamentalt ulik den som skriv ut reseptar til ein sjuk pasient, den som lagar ein marknadsføringsplan for eit firma eller velferdspolitikk for eit land. Design tolka på denne måten, er kjernen for all profesjonell opplæring. Det er den viktigaste måten å skilje mellom profesjonar og vitskap». Simon definerer design utifrå føremålet heller enn utifrå Sitatet er frå victor margolin: Design Discourse, s.3, opprinneleg frå Simon si bok The Sciences of the Artificial.

26 kritikk av visuell kommunikasjon 1.6. definisjon av omgrep 27 døme på kva design kan vere. Men sjølv om målet med design er å betre situasjonar, er dette berre ideologien som ligg bak. Dette utvalet av definisjonar viser spennvidda av designomgrepet si tolking. Etter kven ein konsulterar, vil altså definisjonen av design vere ulik, med hovudvekt som skiftar frå det reint funksjonelle til det reint estetiske ved eit objekt/produkt, til at det handlar om ein prosess. Men uansett korleis ein definerar omgrepet, er det i denne oppgåva ei føresetnad at design har innverknad på samfunnet vi lever i både gjennom dei konkrete produkta og som økonomisk, intellektuell og kulturell drivkraft. 1.6.3. visuell kommunikasjon Språkleg omfattar omgrepet visuell kommunikasjon all form for kommunikasjon som føregår på ein visuell måte. Dermed kan vi seie at alle former for bilet- og materialbasert kunst, scenekunst, fotografi og design er visuell kommunikasjon. I tillegg må også alle former for synleg mellommenneskeleg kommunikasjon, kroppsspråk, òg vere visuell kommunikasjon. Dersom ein tek omsyn til Paul Watzlawicks fyrste kommunikasjonsaksiom, «ein kan ikkje ikkje-kommunisere», ser vi at visuell kommunikasjon må omfatte alle former for aktivitet som blir oppfatta med auga, av nokon. Det har ikkje noko føre seg i denne oppgåva å definere visuell kommunikasjon så vidt. I staden snevrar eg det inn litt. Visuell kommunikasjon er eit internasjonalt brukt samleomgrep på faga grafisk design, illustrasjon, vev-design, design for interaktive medium og andre skjermbaserte medium, teikneserie og animasjon. I mange definisjonar er mellom anna vev-design og anna skjermbasert design inkludert i grafisk design. Andre defini- sjonar opererer berre med grafisk design og illustrasjon. For å gjere det enklare, vel eg å kalle det visuell kommunikasjon, vel vitande om forholda eg nemner i det fyrste avsnittet. Grunnen til at eg ynskjer å inkludere alle fagområda, i staden for til dømes berre å konsentrere meg om grafisk design, er at dei alle er kommunikasjonsmedium som har ei påverknadskraft overfor folk. Difor er dei òg relevante som objekt for kritikk. Til å definere innhaldet i visuell kommunikasjon, vel eg å bruke Icograda (International council of Graphic Design Associations), sin definisjon av grafisk design: «Graphic Design is an intellectual, technical and creative activity concerned not simply with the production of images but with the analysis, organization and methods of presentation of visual solutions to communication problems. Information and communication are the basis of world-wide interdependent living, whether in trade, cultural or social spheres. The graphic designer s task is to provide the right answer to visual communication problems of every kind in every sector of society». For å korte det enda litt ned, vil eg seie at visuell kommunikasjon i denne oppgåva er eit samleomgrep på ei gruppe fag som jobbar med løysing av visuelle problem som, på oppdrag frå ein kunde, skal kommunisere ein uttrykt bodskap, utan at hovudføremålet er sal. Ved å utelukke at hovudføremålet skal kunne vere sal, utelukkar eg og at reklame og marknadsføring er inkludert i defini-sjonen. Sjølv om grafisk design oppstod som eit verkemiddel for reklamen på slutten av 1800-talet, er dei i dag ulike felt. Grafisk designar Steven Heller skildrar skilnaden mellom reklame og design slik:

28 kritikk av visuell kommunikasjon 1.6. definisjon av omgrep 29 «Advertising is the tool of capitalism, a con that persuades an unwitting public to consume and consume again. Graphic design, by contrast, is an aesthetic and philosophical pursuit that communicates ideas. Advertising is cultural exploitation that transforms creative expression into crass propaganda. Graphic design is a cultural force that incorporates parallel worldviews. Advertising is hypnotically invasive. Graphic design makes no such claim». Det har alle tider vore visuell kommunikasjon sitt mål å gje ein bodskap den visuelle forma som gjer at bodskapen vert oppfatta av mottakaren på den mest formålstenelege måten. Det handlar om å visualisere ein idé for å kommentere, forklare eller utdjupe ein bodskap. 1.6.4. kritikk Kritikk er avleidd av eit gresk verb som tyder «skilje», vurdere. Kunnskapsforlagets Norsk ordbok definerar kritikk slik: «Bedømmelse; analyserende og vurderende dom, uttalelse; anmeldelse». The Oxford Advanced Learners Dictionary definerer criticism slik: «The work or acrivity of making fair, careful judgements about the good and bad qualities of sb/sth, especially books, music, etc.» Og critique (verbet): «To write or give your opinion of, or reaction to, a set of ideas, a work of art, etc.» Sitat frå Eye Magazine nr. 17/1995 Vi ser at omgrepet i utgangspunktet er verdinøytralt, i motsetnad til den negative meininga det er vanleg å tillegge det i daglegtala. Det å kritisere noko, tyder difor ikkje å vere negativ til det, derimot å vurdere og analysere det, slik at «domen» er fundert på saklege argument. Eg vil seie at både å utøve og undervise i visuell kommunikasjon er å drive kritikk av visuell kommunikasjon. Likevel innebêr omgrepet kritikk i denne oppgåva ikkje desse aktivitetane. Med kritikk av visuell kommunikasjon i denne oppgåva, meiner eg den verbalt uttrykte kritikken av visuell kommunikasjon, ei evaluering og tilbakemelding det vere seg av produktet, prosessen som fører til produktet, haldningar og tilnærmingar til faget, einskilde utøvarar og deira handtering av ulike problemstillingar og situasjonar. Kritikk føreset kritisk tenking, ei haldning til samfunnet, kunnskap og læring det handlar om at ein ikkje skal ta alt ein opplever for god fisk, men setje det i samanheng med omverda, og gjere rasjonelle refleksjonar kring dei. Kritikk omfattar både offentleg uttrykt kritikk og meir spesialisert kritikk for ei smalare faggruppe. 1.6.5. estetikk Kunnnskapsforlaget sitt Store norske leksikon definerar estetikk slik: «[nylat. aesthetica, av gr. aisthesis, den kunnskap som kommer gjennom sansene ], område av filosofien som undersøker grunnlaget og lovene for det skjønne i kunsten. Estetikk er ein eigen filosofisk disiplin, og er nært knytt til konvensjonar for ytre påverknad som påverkar oss kjenslemessig».

30 kritikk av visuell kommunikasjon Sosiolog og arkitekturforskar John Pløger argumenterar i arkitekturmagasinet Byggekunst nr. 2/2004 for at estetisk oppleving er eit resultat av personleg og sosial erfaring, og at alle ikkje berre spesialistane har estetisk kompetanse. Han seier at i definisjonen av estetikk har tre dimensjonar, og siterer frå melding md 1997:9 (frå Miljøverndepartementet): «1. Estetikkbegrepet kan brukes som normgivende for å beskrive hvilke kjennetegn som er nødvendige for å oppnå skjønnhet, i motsetning til kjennetegn for hva som for eksempel er nyttig. 2. Begrepet kan også brukes beskrivende for å klassifisere og ordne kunstverk objektivt i grupper, perioder og stilretningar. Og 3. Opplevelsen av den estetiske kvalitet er også resultatet av den enkeltes personlige bakgrunn og erfaringer. Det er ei rekke døme opp gjennom historia, i biletkunst, arkitektur og litteratur m.fl., på at «ekspertar» set standaren for korleis det estetiske uttrykket skal vere, med grunngjevinga at dei har fasiten på kva som er best for folk. Det har i alle tilfella vist seg at dei estetiske preferansane endrar seg over tid, og at det som var, ikkje lenger er god estetikk. Så sjølv om estetiske forhold er viktige, er det like viktig å hugse at folk sine estetiske preferansar er individuelle. Når eg i denne oppgåva brukar omgrepet estetikk, meinar eg den visuelle karakteren som framkallar ei kjensle av at noko er vakkert eller mindre vakkert altså ein grad av skjønnheit. Dette er ei reint subjektiv kjensle som er påverka av ei mengd faktorar, som til dømes kva ein er van med. Dei visuelle elementa eller byggesteinane, som formelement, fargar og komposisjon, som skapar den visuell heilskapen i eit bilete, kallast formalestetiske verkemiddel.

9 del 2 kritikk som fagomr åde 9

35 2.1. Historikk om kritikk F or å forstå kvifor verda ser ut slik han gjer i dag, er det naudsynt å sjå attende i tida. Sidan visuell kommunikasjon i historisk samanheng er eit ganske ungt fag, finst det svært lite kritikk, og enda mindre om historia til kritikk av faget. Difor er det naudsynt å sjå til andre fag og deira kritiske praksisar. Sidan det er litteratur- og kunstkritikken det finst mest tilgjengeleg historisk kjeldemateriale frå, har eg teke utgangspunkt i desse. Sidan visuell kommunikasjon har mykje til felles med kunst, er det relevant å sjå på kunstkritikken si historie. Litteraturkritikken si historie har vore naudsynt for å forstå ein del historiske samanhengar. Kritikken kan sporast fleire tusen år attende. Kunst, diktverk og diktinga sitt vesen vart drøfta på høgt nivå i den klassiske oldtida, til dels òg i middelalderen, og i renessansen førte ein ein livlig teoretisk og kritisk debatt. Kritikken fortsette i dei fleste europeiske landa, også i Norden, i hundreåra som fulgte, og kunne ytre seg i mange ulike former: essay, rimbrev, epigram, satire eller parodi. Omfanget var likevel ikkje så stort enno, og var framleis atterhalde dei fyrstlege og aristokratiet. Frå byrjinga av 1700-talet førekom det i Paris sporadiske kunstutstillingar for allmennheita. I 1737 vart den fyrste årlege utstillinga på Louvre i Paris, dei såkalla Salons, arrangert.

36 kritikk av visuell kommunikasjon 2.1. historikk om kritikk 37 Dette vart til årlege kunstutstillingar (frå 1745 annakvart år), som var organiserte av Det franske kongelege kunstakademiet. Konkurransen var hard, og det var tradisjonelle motiv og perfeksjonert teknikk som gjaldt. I samband med desse utstillingane oppstod den fyrste offentlege kritikken av biletkunst og skulptur. Ein tekst frå 1745 fortel oss at «publikum er no suverene dommarar» over kunstnarane og deira merittar. Men kunsten, og kunstkritikken, var framleis atterhalda dei øvre samfunnslaga og aristokratiet dei han var skapt på oppdrag frå. Kritikk som eit regelbunde, formidlande og vurderande «organ», kritikken som institusjon, utvikla seg fyrst etter at borgarskapet var blitt stort nok, kjøpedyktig og lesekunnig nok til at det kunne vere eit mogleg publikum for litterær orientering og diskusjon. Mykje av grunnlaget til den moderne kritikken, ligg i aksepten av kunsten som ein autonom institusjon. Det vil seie at kunstnaren er det fritt skapande geniet, som skapar originale verk som er heilt uavhengige av religiøse, sosiale eller andre «ytre» forhold. Då utviklinga førte til at kunsten var tilgjengeleg på den opne marknaden, blei kritikken eit viktig mellomledd mellom verket og publikummet som frå før var ukjend med det. Kritikken vart etterkvart òg etablert som eit eige auto-nomt verkeområde, med eigne utøvarar, eigne kanalar og eige lesande publikum. Utviklinga av ein moderne og autonom institusjon for kunst, litteratur og kritikk må sjåast i samanheng med det vestlege samfunnets omfattande rasjonaliserings- og mod- Ein av føregangsmennene var Denis Diderot, ein intellektuell som tidlegare hadde brukt mykje tid på teaterkritikk og musikk, for ikkje å snakke om arbeidet han la ned i utviklinga av det fyrste samleverket for vitskap, kunst og handverk: Ensyklopedien. erniseringsprosess, som starta i kjølvatnet av den industrielle revolusjonen. Industrialiseringsprosessen og utviklinga av kapitalismen starta for alvor i Noreg i 1840-åra. Økonomisk liberalisme fekk sitt gjennombrot i praktisk politikk, og i 1850 sette den store innflyttinga til byane inn. Som fylgje av dette, endra dei sosiale strukturane seg; marknadsøkonomien breidde seg til bygdene og bønder og husmenn vart proletariserte i storbyane. Overgangen frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn var eit faktum, og proletariseringa førte til ei radikal auke av talet på fattige (i 1886 var heile 10 prosent av befolkninga på fattigvesenet!). Kommunikasjonen gjekk gjennom ei radikal utvikling, med opprettinga av fleire dampskipselskap, bygginga av vegane mellom Aust- og Vestlandet og bygginga av jernbaner. Dampmaskina sitt inntog førte til at masseproduksjonen av varer akselererte. Spinneri, veveri, bakeri og mekaniske verkstadar spratt opp som nye blomar i bybedet, og moderniseringa av boktrykkarfaget førte til ein kapitalistisk industri og fabrikkproduksjon av litteratur. Utviklinga skapte grobotn for anna intellektuell verksemd enn det som var mogleg tidlegare. I tida kring 1850 skjedde den fyrste profesjonaliseringa av den norske litteraturkritikken. Han fekk eigne utøvarar i eigne medium, eller som spesialfelt innan medium med generelt sikte. I byrjinga var ikkje kritikarane utelukkande profesjonelle kritikarar, men heller profesjonelle intellektuelle, andsarbeidarar, som var fast eller meir lausleg tilsette i det intellektuelle feltet sitt produksjonsapparat. Dei nye produksjonsmetodane hadde innverknad på mengda aviser og tidsskrift som vart utgjevne, og med den moderne ekspansjonen av bladkulturen, myldra mediefolket fram. Kritikarane, som med dette auka i tal, kan grovt sett delast inn

38 kritikk av visuell kommunikasjon 2.1. historikk om kritikk 39 i tre grupper: (1) dei som hadde anna akademisk hovudgjeremål, (2) dei som òg var forfattarar og/eller publisistar og (3) dei som òg var journalistar eller redaktørar. (Linneberg skriv at berre fire, mogleg fem, kvinner skreiv offentleg litteraturkritikk i Noreg i tida mellom 1848 og 1870, ingen av dei under eige namn, og det er berre mogleg å etterspore to av dei. Berre ei av dei hadde eit visst omfang på den kritiske produksjonen.) I 1840-1870-åra trykte avisene stadig fleire kritikkar av litteratur. Fleire gjekk òg som fylgjetongar, Kritikkane var avisene sine blikkfang og framsidestoff, dei var gode varer på marknaden og godbitar til publikum. Dette kan kanskje forklare kritikkens form, som var langt frå det vi i dag knyt til sakprosa; han kunne ha form som dikt, skodespel, forteljing, satire, lovsong, gravsong, biografi, essay, artikkel eller avhandling. Medieekspansjonen heldt fram kontinuerlig fram mot 1870. Gjennombrotet for dei opinionsdannande avisene hende i løpet av 1840-åra, og reknar ein med tidsskrifta, fanst der i 1848 i alt 59 slike publikasjonar. I tida mellom 1860 og 1870, vart dei tidlegare «upolitiske» avisene konservative, medan nye vens- I fylgje institusjonskritikaren Hugh Duncan kan vi illustrere den nye, moderne situasjonen som oppstod, som dette. Triangelet med tre relativt sjølvstendige ledd vart danna når kritikken vart lausrive frå salongane, klubbane og kafeane si meir direkte kommunikasjonssamanheng og tok form i dei skriftlege media. Han fekk dermed eit meir indirekte, relativt fritt forhold både til forfattar og publikum. treliberale aviser, som Dagbladet, Verdens Gang og Bergens Tidende, vart etablerte. Publisitet vart den moderne måten å fremje politiske og sosiale gruppeinteresser overfor myndigheitene på. Media danna eit materielt grunnlag for kritikken. Dei vart kritikken sitt faktiske forum og kritikarane sine verkefelt, praktisk og økonomisk. Kritikken ekspanderte parallelt med media, som ein del av media, som ein særeigen del av den same moderniseringsprosessen. Dei fleste litteraturkritikarane i Noreg på 1800-talet, høyrde til embetsstanden, og deira tenkemåte og deira ideologiske og estetiske normer var prega av denne tilhøyrsla. Men desse normene var ikkje like for alle. Vi finn òg kritikarar med nære band til bøndene, kvinnene, handverkarane og arbeidarane, som med andre politiske og sosiale standpunkt var motstandarar av dei leiande estetiske og litterære normene. Mot slutten av 1870-åra var mellom anna kravet om realisme og samfunnskritisk tendens i litteraturen nært knytt til den politiske venstrerørsla sitt opprøyr mot embetsmannsstaten. Debatten om estetiske og sosiale normer i litteraturen fekk ei sentral rolle i rørsla som førte til etableringa av eit borgarleg, parlamentarisk politisk system. Dette historiske tilbakeblikket gjev oss ei forståing av korleis kritikken som sjanger oppsto og utvikla seg dei fyrste hundre åra. Utviklinga har fortsett fram til i dag, med nye skot på stammen av fag som har ein kritisk praksis knytt til seg. For å sjå i kva samanheng kritikk av visuell kommunikasjon må forståast i, er det no naudsynt å sjå korleis det kritiske landskapet ser ut i dag.

41 2.2. Kritikksjangeren i dag 2.2.1. kritikk i dagspressa Ikunstverda spelar det å få ei melding ofte ei avgjerande rolle i ein kunstnar sin kamp for å bli kjend eller få eit stipend. For det fyrste må ein i det heile få ei melding deretter har det ofte mykje å seie kven som melder, og sjølvsagt kva kritikk utstillinga eller verket får. Dagens kritikarar i dagspressa har andre utfordringar enn dei som var aktuelle på 1800-talet. Det var eit relativt lite, utdanna publikum som las avisene, som ikkje dekte ei like stor mengde nyhende som dagens medium gjer. Dermed var ikkje plassavgrensing og krav til popularisering like stort som i dag. Å jobbe som kritikar i dagspressa i dag, innebêr tidspress og plassavgrensing som kan vere hemmande på refleksjonen og utfoldinga. Dei fleste aviser betalar låge honorar per kritikk som vert trykt, og dei fleste kritikarane er difor frilansarar som har kritikk som biinntekt. Med tanke på media si makt til å definere kva og kven innafor kulturfeltet som er viktig, kva og kven som er «inne» eller «ute», ville det vere naturleg at det låg grundige analyser og nyanserte vurderingar bak desse. Likevel ser kravet om salstal ofte ut til å nedprioritere innhaldet i journalistikken. For kritikken i dagspressa innebêr det at innhaldet blir stadig meir person-

42 kritikk av visuell kommunikasjon 2.2. kritikksjangeren i dag 43 fokusert og underhaldningsprega, og den analytiske og nyanserte kritikken må oftare vike for «forbrukarvegleiingane». Det endar ofte med at det er «det folk vil ha» som blir framheva, framfor det ein kan lære noko nytt av. Dette har ført til reaksjonar frå kritikarane sjølve og andre kulturinteresserte. Norsk kritikerlag vart stifta 7. juni 1998, og var ei samanslåing av dei tidlegare sjølvstendige kriti-kerlaga Norsk Teater- og Musikkritikerforening (stifta 1927), Kritkerlaget for litteratur (stifta 1946) og Kritikerlaget for kunst (stifta 1949). Norsk kritikarlag jobbar for kritikarane sine rettigheiter og for å utvikle kritikken vidare. Men er eigentleg dagens situasjon så gale som kritikarane vil ha det til? I boka Kritikkens rom rom for kritikk har Cecilie Wright Lund mellom anna undersøkt forholdet mellom kulturdekkinga i Dagbladet og Aftenposten på 70-talet og 90-talet. Vi kan lese at forholdet mellom nyhendestoffet og kritikkane er om lag det same, men at kulturstoffet totalt sett har auka i omfang sidan 70-talet. Dermed er det fleire kritikkar også. Likevel viser utviklinga i desse avisene teikn til at dei dekker meir av publikumsfavorittane, som popmusikk, romanar, kabaret og revy. Dessutan bêr problematiseringa av konfliktar eller debattar preg av ei forenkla saksframstilling eller lite omfattande kjeldebruk. Det er kanskje ikkje berre imaginære krav til salstal som gjev denne situasjonen. At publikum i dag er utsett for eit aukande tempo i media, gjer at mange ikkje er mottakelege for lange, analytiske meldingar. Norsk filmkritikerlag (stifta 1946) valte ikkje å bli med i Norsk kritikerlag. Ved inngangen til 2004 har Norsk kritikerlag 315 medlemmer, og talet på organiserte kritikarar i Noreg er ca. 400, når ein reknar med Norsk filmkritikerlag. I boka gjev Cecilie Wright Lund att eit intervju frå Bok & Samfunn nr. 11, 9. juni 1999, med tidlegare kulturredaktør i Aftenposten, Jan E. Hansen: «Jeg tror det er grunnlag for å si at jo nærmere et medium står avisen språklig sett, jo bredere blir dekningen. Derfor er det fremdeles litteraturen som får den tyngste dekninga i den seriøse pressen. Språklige medium som film og teater får også stor plass, mens ordløse uttrykk som eksperimentell dans og samtidsmusikk får minst spalteplass». Dette er underbygd av Lund sine undersøkingar, og ho konkluderar med at musikk, film og skjønnlitteratur er dei sjangrane som får overlegent flest kritikkar, medan scenekunst og biletkunst er svakast representert. Lund hevdar derimot at det hovudsakleg har samanheng med tilgjengelegheita til desse sjangrane, og ikkje kor nære dei står mediet språkleg. Distribusjonen er stor, og det er difor eit stort materiale å velje frå som rettar seg mot eit stort publikum. I tillegg er det ofte snakk om fag der utøvarane er synlege skodespelarar og songarar brukar sine eigne kroppar som medium, i motsetnad til til dømes designaren, som berre er eit namn i ein kolofon. Det store publikumspotensialet gjer at redaksjonane av marknadsmessige grunnar prioriterar desse sjangrane. Mange som jobbar i kulturverda meinar at omtalene av kunst- og kultursjangrane blir meir og meir populariserte, at salstal og sjåarar er viktigare enn opplysingsmisjonen, og at dette går ut over kvaliteten på artiklane. Cecilie Wright Lund si undersøking underbygger dette inntrykket, og hevdar at kulturdekkinga har blitt meir overflatisk og konsumretta:

44 kritikk av visuell kommunikasjon 2.2. kritikksjangeren i dag 45 «Både Aftenposten og Dagbladet viser tegn til parallell utvikling mot å dekke mer av den typen begivenheter og verk som appelerer til det største publikummet. Det gjelder popmusikk, romaner, kabaret, revy og en del filmstoff». Derimot skriv ho at personfokuseringa ikkje er så dominerande innan kulturdekkinga som mange hevdar, men at det imidlertid har vore ei sterk utvikling mot meir bruk av bilete og visualisering av stoffet. Ho avsluttar med å påpeike det redaksjonelle dilemmaet det må vere når ein ynskjer å «[ ] nå et størst mulig publikum og samtidig klare å ta vare på den seriøse kritikken og kulturdekningen i dagens mediebilde». Kva har så dette å seie for moglegheitene for at visuell kommunikasjon kan bli omtala i dagspressa? Ser vi på Cecilie Wright Lund sin konklusjon, er det kanskje ikkje så urealistisk: «Økningen av filmstoff og innføringen av f.eks. popmusikk, som tidligere bare fikk omtaler, kan se ut til å innebære en endring fra et verdiorientert mot et bredere kulturbegrep, der man åpner for kritikker og utvider dekninga av flere kultursjangre. Skillet mellom kunstkulturen og populærkulturen blir gradvis mindre tydelig». Fortset den noverande interesseauka for design, kan det hende at det snart kan sjåast på som populærkultur av avisredaksjonane. Men, ein annan konsekvens av at kulturomgrepet blir utvida, er jo at konkurransen blir større så då er vi kanskje like langt. 2.2.2. kritikk i fagtidsskrifta I tillegg til dagspressa, vert det publisert kritikk i fagpublikasjonane. Særleg innan kunst og litteratur finst det mange av desse, som til dømes Billedkunst, Kunst og Prosa, men òg innan arkitektur og visuell kommunikasjon, som har Byggekunst, Arkitektnytt og Visuelt. Hovudskilnaden mellom kritikk i dagspressa og i fagtidsskrifta er at ein i fagtidsskrifta kan bruke eit fagspråk og diskutere på eit detaljnivå som ikkje den vanlege lesar av dagspressa har noko forhold til. Sidan lesarane av fagtidsskrifta anten har utdanning, praksis eller i det minste ei sterk interesse for faget, har dei ein høgare terskel for kva dei forstår og klarer å setje seg inn i av faglege problemstillingar. Grafill, som er fagforbundet til norske visuelle kommunikatørar, gjev ut tidsskriftet Visuelt seks gongar i året. Tidsskriftet inneheld fagleg relevante artiklar, men svært lite kritikk. Skal vi finne eit tidsskrift for eit fag som kan seiast å vere i slekt med designfaga, må vi til arkitekturmagasinet Byggekunst. Eg intervjua redaktør i Byggekunst, Ingerid Helsing Almaas: Byggekunst nr. 1/2004, det fyrste nummeret Ingerid Helsing Almaas var redaktør for. I leiaren seier ho at Byggekunst framover skal prøve å tydleggjere samanhengen mellom bygga og verda, sidan «arkitekter [ ] tross alt ikke bare [er] formgivere av bygg, vi er også samfunnsdeltakere».

46 kritikk av visuell kommunikasjon 2.2. kritikksjangeren i dag 47 «I Byggekunst er det vanskeleg å akseptere skribentar som ikkje har fagbakgrunn, rett og slett av di vi er eit fagtidsskrift, og vi treng folk som kjenner til faglege uttrykk og omgrep og veit kva arkitektane strevar med for å kunne si noko som er relevant i ein fagsamanheng». Men det er vanskeleg å få folk til å skrive for fagtidsskrifta til dei små fagmiljøa: «[ ] Arkitektar vert jo ikkje utdanna til skribentar, så vi gjer så godt vi kan for å ta vare på dei som har interessa av å skrive for oss. Det er ikkje mange som kjem og bankar på døra som brenn inne med kritiske synspunkt på arkitektur, sjølv ikkje blant arkitektane». Eit tidsskrift som held høgt fagleg nivå, vil etter mi meining kunne vere med på å auke det faglege nivået til fagutøvarane. Dei treng at nokon dreg refleksjonsnivået opp, når dei sjølve ikkje har tid til å skrive. For å sikre eit høgast mogleg nivå på tidsskriftet og kritikken, har Byggekunst både eit redaksjonsråd og eit fagråd. Redaksjonsrådet, som består av både arkitektar og arkitekturinteresserte frå tilliggande fag, gjev tilbakemelding på bladet sitt generelle nivå. I fagrådet sit fire menneske som er godt orienterte om den jamne byggeverksemda i Noreg, som sjekkar at det dei omtalar er representativt for kvaliteten på det som lagast i Noreg i dag. Men det er ikkje nok at tidsskrifta held høgt nivå aleine. Utøvarane må òg vere interesserte i å gjere seg nytte av det. «Sjølv om vi har prøvd å auke talet på omtalar og kritikk, verkar det som om folk vil ha meir. Så då kan ein spørje seg om dei faktisk har lest det vi har trykka eller om dei har lese det, men ikkje tenkt på det som kritikk,» seier Helsing Almaas. «Eg har innimellom mistanke om at ropet etter meir arkitekturkritikk, er eit litt ureflektert ynskje om å høyre lunsjromsamtalane om eigne og kolleger sine prosjekt attgjeve i Byggekunst litt eit ynskje om det pirrande ved det grove slaktet eller noko slikt». For at fagtidsskriftet skal vere av høg kvalitet, er det òg naudsynt at lesarane sjølve kjem med innspel på kva dei ynskjer av det. Sjølv om Byggekunst er eit etablert tidsskrift for eit etablert fag, får dei ikkje så mykje tilbakemelding som dei skulle ynskt. Ingerid Helsing Almaas trur det kan ha noko å gjere med den psykologiske effekten ein profesjonelt designa trykksak kan ha: «Eg trur det er noko litt magisk som skjer når folk får ein slik trykksak i handa. Det er noko med kvalitetane i eit glansa blad, som gjer at det berre er der, som at det verkar som om ingen har laga det. Eg har litt kjensla av at dess meir perfekt bladet ser ut, dess mindre tilbakemelding får vi». Det trykte magasinet har andre kvalitetar enn internett, som til dømes at det er betre egna til å reprodusere bilete i høg kvalitet. I tillegg meiner Helsing Almaas at det trykte mediet framleis fungerar betre enn internett til å lese lange tekstar: «Det har noko med fordjuping å gjere. Så dersom ein føreset at kritikk krev fordjuping, vil eg argumentere for at dei trykte media er betre egna». Og sidan folk sparer på Byggekunst og brukar det som referanse seinare, er det heller ikkje aktuelt å gå over til nettbasert Byggekunst. Det at dei fleste fagtidsskrifta kjem ut med ein månad eller lengre tidsmellomrom, gjer at ein har tid til å skrive lengre artiklar. Dermed kan den låge publiserings-

48 kritikk av visuell kommunikasjon 2.2. kritikksjangeren i dag 49 frekvensen forsvarast med at artiklane blir grundigare, og dermed tek lengre tid å lese og fordøye. Sjølv om internett grip stadig meir kring seg, er altså dei trykte media levande i beste velgåande. Føremonene som Ingerid Helsing Almaas peiker på at dei har framfor internett, tyder på at dei òg vil leve i mange år til. Gamal vane er vond å vende, men det hindrar ikkje internettet i å vere eit reelt alternativ som kritisk forum. 2.2.3. kritikk på internett Internett er i dag det sannsynlegvis raskast veksande informasjonsmediet i verda, og det er ingenting som tilseier at det kjem til å bli mindre dominant i framtida. Praktisk talt alle dei store avisene i verda har eigen nett-utgåve, som publiserar nyhende med ein mykje høgare frekvens enn papirutgåvene kan klare medan papiravisa kjem ut maksimalt to gongar i døgnet, kan ein oppdatere nett-avisa med det same noko hender. På denne måten blir ny-henda verkeleg rykande ferske. Men, sidan det er gratis å lese nyhende på internett, skulle ein tru at salet av papiraviser minkar, og det økonomiske grunnlaget for å drive ei avis blir borte. For å unngå dette, avgrensar nett-avisene seg som regel til reine nyhende, og let lengre artiklar, debattar, meldingar, kronikkar og liknande vere atterhalde papirutgåva. Sidan dei tradisjonelle kritikkpubliserande media mest ikkje publiserar kritikkar gratis på internett, har ei mengd med andre internettbaserte fora oppstått, som er tilgjengelege for alle som har ei internettoppkopling. Fenomenet blogging har auka kraftig i popularitet og omfang dei siste åra. Blogg (blog på engelsk) er ei forkorting av ordet weblogg (weblog på engelsk). Ein blogg kan samanliknast med ei slags dagbok på internett, der det sist skrivne står øvst på sida, slik at det er det ein ser fyrst når ein opnar sida. I starten av nettdagboka si historie, var det ein føresetnad at ein kunne grunnleggande html-programmering, for å kunne publisere noko på nettet. I dag finst det ei mengd av program som gjer det enkelt for kven som helst å lage ein blogg og fleire av dei er gratis å laste ned og bruke. Dette har ført til at nettstaden Technorati. com i juli 2005 målte det totale talet på bloggar i verda til 14,5 millionar. Dette talet var dobbelt så høgt som i februar, noko som fortel noko om utviklinga. Per september 2005 estimerar dei at det vil vere omlag 18 millionar bloggar i verda nettbrukarar som er sine eigne redaktørar, som kan publisere akkurat det som passar dei. Kva som motiverar folk til å blogge, er svært ulikt. Nokon vil berre føre si personlege dagbok, medan andre har høge personlege ambisjonar, som å bli oppdaga som skribent. Det finst nyheitsbloggar, helsebloggar, reise-, media-, mote-, forskingskunst-, spel-, jus- og litteraturbloggar, religiøse, politiske og medisinske bloggar. Og designbloggar. Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan skrive om. Det finst til og med ein halvoffisiell Oscar for webloggar (www.fairvue.com). Det som er gjennomgåande i bloggar, er at det skrivne ofte er kort, spissformulert og personleg vinkla. Det blir difor lett å lese. Mediet inviterar til ei slik form, sidan ein kan publisere det ein skriv med berre eit museklikk. Vi ser dermed at alle som har ei internett-tilkopling, kan vere ein kritikar. Men dette sikrar jo ikkje at kvaliteten på kritikken blir høgare. Tvert imot, vil mange seie. Den låge motstanden i mediet den korte vegen frå skriven tekst til internasjonal publisering oppfordrar til ein høg publiseringsfrekvens. Og brukar ein kort tid på å skrive noko, er sannsynlegheita for at det blir mindre gjennomtenkt, mykje større.

50 kritikk av visuell kommunikasjon 2.2. kritikksjangeren i dag 51 I bloggen sin flyktige natur ligg det òg andre ulemper. Tidlegare skrivne artiklar/innlegg blir i mange tilfelle fort uaktuelle, og dermed uinteressante. Når ein kommenterer ein artikkel, oppstår det ofte ei form for dialog mellom alle som kommenterar. Når det så kjem ein ny artikkel, blir den førre fort uinteressant, og det er litan sjanse for at tidlegare publiserte tekstar framleis blir kommenterte. Ei stor føremon med det digitale mediet, er likevel at det er søkbart. Det vil seie at om du er på jakt etter ein bestemt artikkel eller artiklar som inneheld eit spesielt ord eller omgrep, er det lett å finne det i motsetnad til det trykte mediet, der ein kanskje må lese gjennom store mengder tekst for å finne det ein leitar etter. Men, det er jo ikkje berre gjennom ein blogg ein kan publisere kritikk. Det finst profesjonelt redigerte (her: som har ein betalt redaksjon med ein journalistisk agenda) fora. Eit slikt forum er Kunstkritikk.no, som vart stifta i august 2003 og er eit 3-årig prosjekt initiert av Norsk kritikerlag. Kunstkritikk.no er støtta av Norsk kulturråd og «[...] målet er å få mer kvalifisert kunstkritikk, rekruttere nye kritikere og bidra til en utvikling av det kunstkritiske språket. Nettstedet retter seg mot det kunstinteresserte publikum, kunstnere, fagpersoner og kunstlivet ellers. Ambisjonen er å være et nødvendig og vitalt supplement til den allerede eksisterende kunstkritikken». Kunstkritikk.no har faste skribentar som publiserar sine kritikkar uavhengig av kvarandre (5. okt. 2005 var der 64 registrerte skribentar), og ein redaktør, Ketil Nergaard, som er ansvarleg for den daglege drifta. Han har mellom anna som oppgåve å slette dei kommentarane som på ein eller annan måte er på utsida av det etiske regelverket nettstaden har. Målet er å skape eit nettbasert forum med dei føremonene det gjev i forhold til søkbarheit og interaktivitet, som har like grundig og god kritikk som dei trykte media. Det finst også nettbaserte diskusjonsfora som korkje er bloggar eller profesjonelt redigerte fora med faste skribentar. Desse er kjenneteikna av at kven som helst kan starte ein diskusjon, og så kan andre svare. Ofte blir slike fora nytta til å diskutere praktiske spørsmål og korte kommetarar, og ikkje til grundig kritikk. Den norske nettstaden Det Store Dyret (www.storedyret.com), er eit slikt forum for «alle som jobber kreativt med datamaskiner eller andre media», og har diskusjonar om bade 3- og 2-dimensjonal design. Illustratørkollektivet Basta har òg nett starta eit tilsvarande forum for illustratørar (www.basta.no/cgi-bin/simpleforum.cgi). 2.2.4. kriterium for kritikken Kunstkritikk.no. Klikk på «debattforum» for å lese debattar. I boka Kritikk av kunst, bok og musikk skriv Berit Solhaug og Inger Stavelin teksta Kunsten å skrive om kunst at kritikk er ein journalistisk sjanger, og dermed ei «fri formidlingsform med all