Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland 2011 2015



Like dokumenter
STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

- print preview

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Kompetanseutvikling i bibliotek Spørjeundersøking i Hordaland Folkebiblioteka- Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Strategi for kompetanseutvikling

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og videregående skolebibliotek i Vestfold

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

Biblioteklandskap i endring (Ref # )

Fear in a librarian s heart

Kompetanseutvikling i bibliotek Spørjeundersøking i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Pedagogisk plattform

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

Nytt HFK Intranett

Kommunedelplan for oppvekst

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Saksframlegg. Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane

Strategi for kompetanseutvikling

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

Tiltaksplan

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland Høyringsutkast

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Servicetorgsjefen. Hoyringsuttale - " Bibliotekreform 2014" Kultur- og kyrkjedepartementet. Pb Dep 0030 Oslo

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/621 12/6208 C60 RIF

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

EID KOMMUNE RÅDMANNEN

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Nytte og hygge (Ref #1075)

på vegne av barn og unge

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Program for skulebibliotekutvikling kva skjer?

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

23. APR FLORA KOMMUNE. Kultur- Saksgang : Motedato : Saksnr.: Kultur- og oppvekstutvalet /07

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

Strategi Forord

Kommunikasjonsstrategi

Poesislam i UKM (Ref # )

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Saman for framtida (Ref # )

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Utviklingsplan

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Transkript:

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland 2011 2015 Bakgrunn Fylkesbiblioteket har eit lovpålagt ansvar for å arrangere møter og kurs om bibliotekspørsmål. Hordaland har hatt ein fylkesdelplan for bibliotek sidan 1994, med nye versjonar i 1998, 2002 og 2007. Kompetanse er eit prioritert målområde i Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2010. Strategi 2.1 er kalla Utarbeide kompetanseutviklingsprogram. Eit av tiltaka under Strategi 2.1 er Kartlegging av kompetansebehovet i Hordalandsbiblioteket. Våren 2010 gjennomførte Hordaland fylkesbibliotek ei kartlegging av kompetanse og kompetansebehov blant bibliotektilsette i fylket. Kartlegginga tok omsyn til kompetansekrava definert i ABM-skrift #56, samt at det er tatt med krav til bibliotekfagleg kjernekompetanse. Resultata frå denne undersøkinga, ligg til grunn for kompetanseutviklingsstrategien. St.mld.nr 23 (2008-2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid legg vekt på behovet for eit kompetanseutviklingsprogram for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Eit kompetanseutviklingsprogram bør ta høgde for å utvikle den samla kompetansen i biblioteka. Viktige aspekt i eit slikt program vil vere biblioteka som læringsarena, opplæring i informasjonskompetanse gjennom heile grunnutdanninga og i høgare utdanning, biblioteka som arena og møtestad i eit fleirkulturelt samfunn og kunnskap om og kompetanse på dei digitale utfordringane. (s.s. 109) ABM-skrift #56. Kompetanseutvikling i bibliotek. Rammer og prioriteringer (ABM-utvikling 2009) skisserer fylkeskommunen som ein regional utviklingsaktør når det gjeld styrking av kompetansen i biblioteka. Fylkesbiblioteket har eit lovfesta ansvar for å arrangere møter og kurs om bibliotekspørsmål, og arrangerar kvart år mange ulike konferansar og kurs. I Hordaland er det 33 kommunar, som kvar har eigne folkebibliotek. I 2011 er 30 av kommunane i fylket involvert i interkommunalt biblioteksamarbeid, ei organisering som opnar for kunnskapsdeling og kompetanseutveksling. Biblioteksamarbeida kan også fungere som eit nav i omstillings- og utviklingsprosessar i folkebiblioteka. Det er 46 vidaregåande skular i fylket. Arbeidet med bibliotekutvikling i vgs er forankra i eit eige plandokument: Strategisk plan for bibliotek i vgs i Hordaland 2011-2015. Den første planperioden for denne brukargruppa blei gjennomført i perioden 2005-2010. Per skuleåret 2010-2011 er det 22 skular som har fagutdanna bibliotekar i varierande stillingsressurs. Av desse er det 12 i 100% stilling. Dei øvrige skulane har lærar i mindre prosentresssurs. I Hordaland er det 321 offentlege grunnskular, 16 private og ein statleg. I forskrifta til opplæringslova står det at elevane skal ha tilgang til skulebibliotek som er ope i skuletida. Biblioteklova fastset at det skal vere eit samarbeid mellom folkebibliotek og dei kommunale skulebiblioteka. Dei fleste skulebibliotekarane i grunnskular i Hordaland er lærarar, mange av dei har lite eller inga bibliotekfagleg utdanning. Målsetting Strategi for kompetanseutvikling i biblioteka i Hordaland 2011-2015 er ein heilskapleg, overordna og langsiktig plan for arbeid med og satsing på kompetanse i biblioteka i Hordaland. Visjon Innbyggjarane i Hordaland skal møte eit serviceinnstilt bibliotekpersonale med brei og oppdatert kompetanse. 1

Hovudmål Kompetansestrategien skal bidra til at biblioteka har den kompetansen som er naudsynt for å nå mål, møte nye utfordringar og levere gode tenester til innbyggjarane. Strategien skal bidra til auka motivasjon og læring, og gjere det mogleg for biblioteka å møte framtidige utfordringar. Delmål Kompetansestrategien for biblioteka i Hordaland skal gje mål og retningsliner for satsing på kompetanse i folkebibliotek og skulebibliotek vise til kva kompetanseområde som er prioriterte, på kort og lang sikt vise til kva tiltak som skal iverksetjast innan dei ulike områda Utfordringar og kompetansebehov ABM-skrift #56. definerar kompetanse som evne til å møte komplekse krav, situasjoner og utfordringer (s. 15). I same ABM-skriftet blir det slått fast at eit personale med brei og oppdatert kompetanse kanskje er den viktigaste faktoren for at biblioteka skal utføre sine samfunnsoppgåver og gje eit godt bibliotektilbod. Seks kompetanseområde blir definert som særskilt viktige for norske bibliotek: Leiingsutvikling Marknadsføring av bibliotekstilbodet Formidling Digital kompetanse Biblioteket som læringsarena Kulturelt mangfald Bibliotek blir konfronterte med eit samfunn i hurtig endring. Endringa er mellom anna basert på den teknologiske utviklinga, og at samfunnet blir meir differensiert, mangfaldig og individualisert. Kunnskapssamfunnet fører til meir spesialisering, og folk har større forventningar til kvalitet, effektivitet og service. Samfunnet er elles prega av ein open økonomi og internasjonalisering. Biblioteka har behov for å endre seg i takt med resten av samfunnet, og endre seg i raskt tempo. Biblioteka må ha kompetanse som gjer at dei på ein kvalifisert måte kan tene alle typar brukarbehov, frå førskulebarnet til forskaren. Kvart bibliotek må ha kompetanse tilpassa sine brukargrupper. Biblioteka er i ferd med å gjennomgå eit paradigmeskifte. Bibliotek- og informasjonstenester er i endring på fleire plan, ved at elektroniske informasjonsressursar og nettverk tilbyr ny tilgang og bruk av informasjon. Bibliotektilsette får auka krav til digital kompetanse og endra arbeidsmetodar. Biblioteka har på mange måtar endra rolle frå å vere rom for individuell fordjuping til å vere rom for aktivt og sosialt fellesskap. Biblioteket legg vekt på å vere ein møtestad, lærings- og kulturarena. Dette set krav til at dei bibliotektilsette må gå frå å vere passive formidlarar, til å bli aktive produsentar av innhald og opplevingar. Biblioteksektoren er inne i eit generasjonsskifte. Dagens bibliotekleiarar skal erstattast ved nyrekruttering. Ein må også sikre at eldre arbeidstakarar blir verande i jobb og meistrar utfordringar knytt til moderne, digitale bibliotektenester. Samstundes må eit syte for at kompetansen til eldre arbeidstakarar blir i organisasjonen gjennom kunnskapsdeling og erfaringsoverføring. Endra roller og nye krav gjev behov for å fordjupe og fornye kompetanse i biblioteka. Dette bør skje gjennom eit kompetanseløft, og gjennom målretta og kontinuerlig kompetanseutvikling og stimuli til slik utvikling. Kompetansekartlegging For å danne grunnlag for kompetansestrategien, gjennomførte fylkesbiblioteket våren 2010 ei kartlegging av kompetanse og kompetansebehov hjå tilsette i folke- og fylkesbibliotek, bibliotek i vgs, 2

og universitets- og høgskulebibliotek i fylket. Nokre hovudfunn frå undersøkinga kan enkelt oppsummerast slik: 1. Halvparten (51%) av dei bibliotektilsette i fylket er over 50 år, medan svært få (3%) er under 30 år. Samstundes er den digitale kompetansen og det generelle utdanningsnivået høgast hjå dei yngre bibliotektilsette. 2. Nesten 9 av 10 (87%) meiner dei har god grunnleggjande digital kompetanse. Svært få (16%) ønskjer derfor kompetanseheving på dette. Andre underområde innan digital kompetanse får større oppslutnad på ønskje om kompetanseheving, t.d. formidling på nett (52%). 3. Heile 95% meiner dei er gode på service og kundebehandling, og berre 22% ønskjer kompetanseheving. 4. Dei to områda formidling og marknadsføring/ kommunikasjon fekk størst oppslutnad når det gjeld ønskje om kompetanseheving, på tross av at dei bibliotektilsette allereie meiner dei har god kompetanse på desse områda. 5. Ei overvekt av dei bibliotektilsette (76%) ønskjer at kompetansehevinga skal skje som kurs med kort varigheit. Om lag halvparten (47%) ønskjer seg også etter- og vidareutdanning, og nettbasert studie/ fjernundervisning. 6. Det største hinder for å delta i kompetansehevande tiltak, er behovet for økonomisk støtte (44%), men også behovet for studiepermisjon (34%) og vanskar med å få vikar (33%) vert framheva. Prioriteringar i planperioden Hordaland fylkesbibliotek arrangerte i 2010 aleine og i samarbeid med andre 14 faglege møte, seminar og konferansar, med til saman 643 deltakarar. Innhaldet i desse kompetansehevande tiltaka har eit breitt spekter av tema, frå e-bøker, dataspel og sosiale media, til litteraturformidling, kassering, biblioteknettstad, skulebibliotek og bibliotekpolitikk. Fylkesbiblioteket vil i planperioden halde fram med å satse breitt på kompetanseutvikling, og gjennomføre kompetansehevande møte, kurs og konferansar på same måte som før. Ved sidan av dette vil vi satse på nokre særskilt prioriterte kompetanseområde. Desse er delvis eit svar på ønskja som kom fram i kartlegginga av kompetanse og kompetansebehov, og delvis sett i lys av dei utfordringane biblioteka møter i krav om endring og utvikling, og dei krava til kompetanse som dette fører med seg. Dei strategiske innsatsområda i planperioden er: Formidling Marknadsføring Digital kompetanse Endringsleiing/ endringskompetanse Prioriteringane vil bli følgd opp med i årlege handlingsplanar og budsjett. Formidling Formidling handlar om korleis bibliotek er aktive mellomledd mellom brukarar og fysiske og digitale samlingar. Å formidle er ei av dei lovpålagte oppgåvene til folkebiblioteka, og ei viktig oppgåve for skulebiblioteka. Formidlinga kan vere instrumentell; å finne svar på eit konkret praktisk spørsmål, eller ikkje-instrumentell; å skape lesaropplevingar og bidra til leselyst. Mål Å synleggjere kva ressursar biblioteka tilbyr, ved å vidareutvikle dei tilsette sin formidlingskompetanse i tale, skrift, digitalt og visuelt. Å få til samarbeid og nettverk som gir styrke og kontinuitet til formidlingsarbeidet i biblioteka. 1. Arrangere kurs med ulike tema: - munnlege presentasjonsteknikkar og bokprat - formidle til målgrupper ut frå alder 3

- formidle til målgrupper ut frå interesser - litteraturarrangement og forfattarbesøk - litteraturgruppe/ lesesirkel - formidling på nett - utstillingar og visuell presentasjon - Opening the book (eit britisk konsept for innreiing og formidling i bibliotek). 2. Setje spesielt fokus på kurs og metodar for å formidle e-bøker og andre digitale media. 3. Knyte formidlingstiltak til Bok til alle -bibliotek. Primo 2011 deltek 11 bibliotek i ordninga, med å formidle bøker som er lette å lese, og ha kontakt med leseombod som les høgt for andre. 4. Utfordre biblioteksamarbeida til å lage formidlingsstrategiar, som kvart bibliotek kan tilpasse og bruke lokalt. Resultatmål Kvart bibliotek har personale som meistrar å formidle i ulike media. Det finst formidlingsstrategiar som er i bruk. Marknadsføring/ kommunikasjon Ei av dei lovpålagde oppgåvene til biblioteka er at verksemda skal vera utadretta, og tilboda skal gjerast kjende. Ved å satse på heilskapleg kompetanse på korleis vi møter brukarane i det fysiske og digitale bibliotekrommet, kan vi synleggjere bibliotek som viktige og aktuelle lavterskelarena, styrke posisjonen og få fleire brukarar. Marknadsføring handlar om å forstå brukarane sine behov, for så å tilby produkt og tenester som møter behova på ein måte som skil seg frå konkurrerande tilbod. Mål Å styrke merkevaren bibliotek og omdømet til biblioteka i fylket gjennom å auke kompetansen og danne faglege nettverk for deling av kunnskap og tenester. 1. Seminar om verdigrunnlag 2. Kursrekkje med innleiingar og workshops i tema som: - marknadsføring (merkevare, omdøme, marknadsføringsplan) - innreiing/ utstilling/ kampanje/ visuell kommunikasjon/ skilting - skriving for nett/ bruk av sosiale media - bruk av media i profilering - politisk arbeid/mediehandtering 3. Utvikle felles marknadsføringsstrategi / verdihandbok for heile fylket, som kvart bibliotek kan tilpasse og bruke lokalt. Resultatmål: Utvikle eit forslag for felles verdihandbok for heile fylket. Verdihandboka kan produserast som brosjyre og webpresentasjon som alle biblioteka i Hordaland kan bruke i marknadsføring. Utvikle marknadsføringsplanar for kvart biblioteksamarbeid med grunnlag i felles verdiar. Digital kompetanse Digital kompetanse er summen av enkel IKT-dugleik, og meir avansert dugleik som sikrar ein kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy og media. IKT-dugleik omfattar det å ta i bruk programvare, søkje, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon frå ulike digitale kjelder, medan den kritiske og kreative evna også fordrar evna til evaluering, kjeldekritikk, tolking og analyse av digitale sjangrar og medieformer. 4

Mål Gjere bibliotektilsette i stand til å meistre bruk og til dels også brukaropplæring av: - informasjons- og formidlingssystema på biblioteket - overordna nasjonale tenester - nye media som dataspel og e-bøker - andre nyttige digitale verktøy for samhandling og kommunikasjon Kurs/ verkstader i samarbeidsregionane i tema som: - administrasjon /publisering av programvare for nettstader - ny katalogteknologi - nasjonale tenester og korleis desse kan nyttast til fordel for bibliotekbrukarane - sosiale media, dataspel m.m. (t.d. etter modellen 23 ting ) Resultatmål Løfte flest mogleg bibliotektilsette i fylket over nivået med grunnleggjande digital kompetanse, og gjere dei i stand til å tolke kva digitale hjelpemidlar og system som er nyttig for biblioteket for å halde ved like og oppdatere eksisterande system, samt å velje ut og ta i bruk nye måtar å organisere og formidle informasjon på. Endringsleiing/ innovasjonskompetanse Endringsleiing består i å leie gjennomføringa av endringar, og er knytt til implementering og dei prosessar som skapar ein ny røyndom i organisasjonar. Med innovasjonskompetanse meines evne til å utvikle idear, finne måtar å setje ideane ut i livet på, og å fullføre prosjekt. Entreprenørskap er ein del av denne kompetansen. Mål Utvikle endringskompetansen hjå dei bibliotektilsette i fylket, og skape bibliotek med dugleik på innovasjonsprosessar. 1. Studie for bibliotekleiarar og bibliotektilsette som gjev formalkompetanse i endrings- og innovasjonsprosessar retta særskilt mot bibliotek. Studiet skal gjennomførast i samarbeid med ein utdanningsinstitusjon. 2. Kurs og temadagar for bibliotektilsette om endringsleiing og med fokus på behovet for omstilling i sektoren. Resultatmål Skape ein omstillingsdyktig folke- og skulebiblioteksektor i fylket. Studiet om endringsleiing og innovasjonsprosessar i bibliotek skal gjennomførast av flest mogleg av biblioteksjefane i fylket. Kurs og temadagar skal gjennomførast av flest mogleg bibliotektilsette. Organisering og ansvar Ein kompetanseutviklingsstrategi for biblioteka i Hordaland, vil vedkome ulike aktørar. Det følgjande er ei oppsummering av kva forventningar ein må ha til den einskilde aktør. Fylkesbiblioteket skal ha følgjande roller: - Vere leverandør av kurs og studietilbod sjølve, og i samarbeid med andre - Marknadsføre aktuelle kurs og studietilbod - Ha ein rettleiande og rådgjevande funksjon på kompetanseutvikling - Kvalitetssikre kompetanseutviklingstilbod - Stimulere til at dei interkommunale biblioteksamarbeida fungerer som klynger for kunnskapsdeling 5

Det einskile folkebibliotek skal ha følgjande roller: - Leggje til rette for gode læringsmiljø - Sikre at medarbeidarar kan nytte relevante kompetanseutviklingstiltak. - Bidra med tilgjengelige opplæringstiltak og dele kunnskap og erfaringar med andre bibliotek Den einskilde medarbeidar skal ha følgjande roller: - Ta ansvar for oppdatering og utvikling av eigen kompetanse - Tydeliggjere behov og følgje opp eventuell personleg utviklingsplan i samarbeid med leiar. - Bidra til kunnskapsdeling, rausskap og kultur for læring. Interkommunale biblioteksamarbeid skal ha følgjande roller - Arbeide for å fungere som klynger for kunnskapsdeling - Arbeide for felles kompetanseutvikling - Synleggjere kompetansebehov - Gjennomføre kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med fylkesbiblioteket Referansar ABM-utvikling (2009). Kompetanseutvikling i bibliotek. Rammer og prioriteringer. Oslo, ABM skrift 56/ 2009 Hordaland fylkesbibliotek (2007). Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007 2010. Bergen, Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkesbibliotek (2011). Strategisk plan for bibliotek i vgs i Hordaland 2011-2015 Bergen, Hordaland fylkeskommune. St.meld.nr. 23 (2008-2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid. Kultur- og kyrkjedepartementet. 6