VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 2014/1255 Saksbehandlar: Jan Rune Jacobsen Dato: 17.11.2014 Reguleringsplan E39 Romsdalsfjorden - Innspel til oppstartvarsel og planprogram Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommune ber om at arbeidet med planprogram og reguleringsplan med tilleggsutgreiingar for E39 Romsdalsfjorden blir supplert med følgjande tema: 1. Aktuelle utbetringstiltak som gang- sykkelveg etc. på Fv661 mellom Vik og Vestnes må vere ein del av utgreiinga og planprosessen - og tiltaka må stå ferdig til opning av tunnelen. 2. Vidareføring av E39 sørover og vegarm til E136 må avklarast så snart som råd, ikkje minst for å kunne planlegge framtidig industriområde på Vik. 3. Hurtigbåten er vesentleg for Molderegionen som bu-, arbeidsmarknadsregion og skulestad og må beskrivast som ein del av kollektivtilbodet ved ferjefri fjordkryssing. 4. Konsekvensutgreiinga må oppdatertast med tanke på at ferjetilbodet frå 2015 er basert på 4 ferjer og 20 minutts avgangsintervall. Reisetidene mellom Vestnes og Molde må også samanliknast med reisetider via hurtigbåten. 5. Verknader for kommunesenteret som knutepunkt og handelsstad er lite omtalt og må utgreiast nærare. 6. Utskipingskai for steinmassar må planleggast permanent med tanke på etterbruk som framtidig næringsområde med tilgang til sjøtransport. 7. For å legge til rette for samfunnsnyttig bruk av utsprengte massar til beste for nærområda og regionen, må planarbeidet også omfatte arkeologiske registreringar, geotekniske undersøkingar og utgreiing av konsekvensar for marint biologisk mangfald ved dei mest aktuelle utfyllingsområda. 8. Grensa mellom veganlegget og Vik industriområde må avklarast så snart plassering og utforming av krysset mellom ny E39 og Fv661 er fastlagt. 9. Det bør gjerast greie for bompengesystemet og pårekneleg nivå på bompengesatsane.
SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Ferjefri kystriksveg er eit nasjonalt og regionalpolitisk langsiktig mål. Samferdselsdep. har i brev av 8. mai 2014 fastsett at fjordkryssing over Romsdalsfjorden skal gå frå Vik i Vestnes, over til Midsund kommune, og vidare over Julsundet inn mot Molde frå vest. Statens vegvesen har i samarbeid med kommunane Vestnes, Midsund og Molde starta arbeidet med detaljregulering av del av framtidig E39 mellom Ålesund og Molde. Vegstrekninga er ca. 21 km lang og går frå Vik i Vestnes kommune, via Nautneset i Midsund kommune til Julbøen i Molde kommune. Det komande planarbeidet tek utgangspunkt i kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing for strekninga, som vart vedtatt av alle aktuelle kommunar i november 2013. Føresetnadane for reguleringsplanen er ikkje fullt ut i samsvar med vedteken kommunedelplan ettersom det blir planlagt for motorveg i vegklasse H8 med fartsgrense 100 km/t, i staden for H7 og 80 km/t. Dette medfører stivare linjeføring og det blir eit 2-plan kryss på Vik, i staden for rundkjøring. I samråd med kommunane og regionale mynde er det bestemt at det skal utarbeidast planprogram, som avklarar kva som skal utgreiast i denne reguleringsplanprosessen. Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeidet og utkast til planprogram om kva som skal utgreiast er offentleggjort med frist for merknader sett til 12.12.2014. Som del av prosessen er det halde informasjonsmøte med direkte berørte grunneigarar (15.okt.), orienteringsmøte med Planutvalet (11.nov.) og folkemøte på Idahall (12.nov.). Med bakgrunn i orienteringa den 11.nov har planutvalet bedt adm.sjefen legg fram ei politisk sak med framlegg til innspel til varsel om oppstart og planprogram. I etterkant av folkemøtet på Idahall er det også mottatt innspel frå ein privatperson (O.J.Talberg), med spørsmål til lokale og regionale planmynde. I tillegg er det mottatt kopi av uttale frå Fiskeridirektoratet. Begge innspela er vedlagt og kort referert nedanfor. Odd Jarle Talberg meiner m.a. at konsekvensutgreiinga til kommunedelplanen for Møreaksen er for svak med tanke på lokale og regionale verknader. I tillegg er det kome nye føresetnader. Han etterlyser betre utgreiingar av konsekvensar for Trohaugen næringsområde, for kommunesenteret på Helland og for alternative vegføringar sør og austover. Vidare meiner han at utgreiingar som gjeld kollektivtransport inkludert hurtigbåtdrift er mangelfulle. Til dømes er ikkje reisetider samanlikna med 4 ferjer og 20 minutts avgangar. Han ønsker at Vestnes kommune må stille krav om ny konsekvensutgreiing, helst i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Avslutningsvis stiller han spørsmål om vegvesenet vil finansiere ny KU, dersom Vestnes kommune eller Møre og Romsdal Fylkeskommune ber om det? Vil vegvesenet i så fall utvide ny KU til også å gjelde dei ulike alternativa for vidareføring av E39 sørover, samt konsekvensar for Fv661? Fiskeridirektoratet meiner generelt at emna havbruk og naturmiljø er godt ivaretatt i prosessen. Dersom det blir planlagt massedeponi i sjø, føresett FD at konsekvensane for havbruksnæringa og marint biologisk mangfald blir utgreidd. Vurdering: Adm.sjefen legg vekt på at Vestnes kommune skal vere ein ryddig samarbeidspart og ser ikkje behov for å krevje ny konsekvensutgreiing, slik Talberg foreslår, men adm.sjefen understreker
fleire tema med stor betydning for kommunen som treng grundigare behandling i planprogram og gjennom tilleggsutgreiingar: Massehandtering Vestnes kommune har gjennom heile prosessen med kommunedelplanen presisert at utsprengte tunnelmassar ikkje må betraktast som eit problem. Massane er ein ressurs som må kome regionen og lokalmiljøa på begge sider av fjorden til gode gjennom samfunnsnyttig bruk. Etter adm.sjefen si vurdering må derfor arkeologiske registreringar, geotekniske og marinbiologiske undersøkingar av dei mest aktuelle utfyllingsområda vere ein del av reguleringsplanen og kosekvensutgreiingane. Sjå også innspelet frå Fiskeridirektoratet. Det er utan tvil storsamfunnet som sit på ressursane i denne samanheng og det vil vere ein stor fordel med tidleg avklaring om- og korleis føreslåtte område kan nyttast til utfylling og næringsareal i framtida. Kollektivanlegg, gang- og sykkelvegar Sjølv om forslag til planprogram beskriv eit kollektivknutepunkt med pendlarparkering på Vik, er det ein klar ulempe at kryssinga av Romsdalsfjorden skjer i tunnel og ikkje via bruer med gangsykkelveg. Adm.sjefen meiner busstilbod gjennom tunnelen ikkje er tilstrekkeleg eller attraktivt nok for mange frå Vestnes som arbeider eller tek utdanning på andre sida av fjorden. Hurtigbåten må derfor vere ein del av konseptet med ferjefri kryssing av fjorden, som eit bilfritt, raskt og godt kollektivtilbod. Uavhengig av ferjefri fjord er Romsdalsruta ein vesentleg del av kollektivtilbodet i Molde-regionen som felles bu-, arbeidsmarknads- og skuleregion. Romsdalsruta er eit heilt nødvendig tilbod og sjølvsagt avbøtande tiltak, dersom Molde fortsatt skal vere like attraktiv som arbeidsmarknad, utdanningsstad og regional motor. Det visast elles til sidene 101, 102 og 104 i kommunedelplanen. Kryssområde Industriområdet på Vik (Trohaugen) er eit viktig næringsområde i Vestnes kommune. Adm.sjefen skjønar at når så store samfunnsnyttige tiltak som E39 skal etablerast, blir eit lokalt/regionalt industriområde sekundært. Det er likevel truleg at Vestnes kommune i framtida kan nytte delar av dagens Vik industriområde, som no ligg innafor plangrensa til ny E39. Så snart utforming av europavegkrysset på Vik er fastlagt, er det derfor ønskeleg med rask avklaring om framtidige grenser mellom veganlegg og eksisterande industriområde. Vegane vidare For at Vestnes kommune skal kunne planlegge eit framtidig større næringsområde på Vik, må det parallelt avklarast tilknyting mot E136 og vidareføring av E39 sørover. Konstruksjonar Det er viktig å legge til rette næringsområde med tilgang til sjøtransport. Når samfunnet planlegg å bruke så store ressursar til E39, meiner adm.sjefen det er rett at utskipingskai og steinmassar blir plassert permanent med tanke på samfunnsnyttig etterbruk. Reguleringsplanen må såleis ta høgde for dette. Fylkesveg 661 Det vil vere ideelt om vegarmen mot E136 står ferdig samtidig med fjordkryssinga. Adm.sjefen reknar likevel med at det blir overført meir trafikk til eksisterande veg (Fv661) ein periode etter at fjordkryssinga er ferdig. Aktuelle utbetringstiltak på strekninga Fv661 mellom Vik og Vestnes må derfor vere ein del av utgreiinga og planprosessen og tiltaka må stå ferdige til opninga av tunnelen. Reisetider Konsekvensutgreiinga bør oppdatertast med tanke på at ferjetilbodet neste år er basert på 4 ferjer og 20 minutts avgangsintervall. Reisetidene mellom Vestnes og Molde må også samanliknast med reisetider via eksisterande hurtigbåt. Kommunesenteret
Vestnes kommune har eit mangeårig og godt samarbeid med fylkeskommunen om utvikling av tettstaden og kommunesenteret på Helland. Fylkesdelplan for kollektivtrafikk fastslår også at ein bør søke å nytte kommunesentera som kollektivknutepunkt. Eventuelle verknader for vårt kommunesenter som knutepunkt og handelsstad er lite omtalt og bør utgreiast nærare. Bompengar Bompengesatsane er interessante for alle brukarar av vegen. Kvalitetssikra prognoser for trafikktal på alle vegarmar må synleggjerast. Likeins kor stor del av utbyggingskostnadane bompengane kan dekke. Det må derfor gjerast greie for bompengesystemet på alle strekningar med pårekneleg nivå på bompengesatsane. Oppsummering Ny E39 gjennom Vestnes kommune med ferjefri fjordkryssing er eit stort tiltak som vil endre store delar av trafikkmønsteret og prege kommunen både i anleggsperioden og tida etterpå. Vestnes kommune må derfor vere frampå med planlegging for den nye tida og legge så godt til rette som muleg for framtidig aktivitet og trivsel i heile kommunen. Når storsamfunnet skal bruke så store ressursar som dette anlegget krev, meiner adm.sjefen det er rett at Vestnes kommune stiller nødvendige og relevante krav til planprosessen, slik at resultatet blir best muleg også for nærmiljøet og kommunen vår. Særutskrift til: Statens vegvesen Møre og Romsdal Fylkeskommune Molde kommune Midsund kommune Aukra kommune Vedlegg: 1. Reguleringsplan E39 Romsdalsfjorden innspel frå O.J.Talberg 2. Skriftleg innspel på Idahallfolkemøtet 12.11.2014 frå O.J.Talberg 3. Reguleringsplan E39 Vik-Julbøen - høyringsuttale Fiskeridir. 4. E39 Ålesund - Molde - parsell Vik - Julbøen - varsel om regulering 5. E39 Ålesund - Molde, parsell Vik - Julbøen - utkast til planprogram 6. Planprogram - E39 Vik - Julbøen 7. Mail frå adm.sjefen 8. Kartvedlegg til mailen 9. Invitasjon til informasjonsmøte på Vik 10.Referat - E39 på Vik 26.09.2014 11.Referat fra oppstartsmøte med Vestnes kommune - E39 Romsdalsfjorden 12.Møtereferat samrådsmøte 23.09.2014 13.Referat frå Samrådsmøte 23.09.2014 - E39 Romsdalsfjorden 14.Utdrag kommunedelplan Møreaksen