REGULERINGSPLAN BOTNEN Del av Gnr. 48, bnr. 3 HOLDHUS FUSA KOMMUNE SKILDRING M/ROS-ANALYSE PROSJEKTADMINISTRASJON REGULERING- KOMMUNALTEKNISK PLANLEGGING 1
REGULERINGSPLAN BOTNEN, Del av Gnr 48 bnr 3 Tiltakshavar: Heimelshavar: Formål: Planstatus: Jan Aslak Holdhus Jan Aslak Holdhus Bustadområde med tilhøyrande leikeareal LNF område i gjeldende kommuneplan Oppstartsløyve vart gitt i vedtak PLA-073/10 datert 22.11.2010 med følgjande vilkår: - Planområdet skal utvidast til å omfatta vegen opp til krysset kommunal veg/fv123 med utgreiing av fortau langs vegstrekkja. - Konsekvensar for landbruksdrifta og buffersoner mot landbruksareal i området rundt må utgreiast - Planområdet er innanfor grensa for mulige utfall av steinsprang. Avbøtande tiltak må avklarast. - Planen må ta omsyn til gamle ferdselsvegar (kyrkjevegen og gangvegen gjennom Hovdenlia) Tiltakshaver: Planområdet er utvida ihht vedtaket. Det er sett av areal til grøntområde der bustadfeltet grensar mot landbruksareal. På denne måten oppnår ein ei buffersone. Det er sikra fri tilgong til ferdselsvegen til gamlekyrkja på Holdhus gjennom feltet. Gardsbruket gnr. 48, bnr. 3 har i dag ikkje gardsdrift. Bruket er registrert med total 492,2 da. Av dette er 41 da dyrka og overflatedyrka. Området er nok registrert som overflatedyrka, men er ikkje forhaustarland. At området går ut av muligheiter for produksjon skadar framtidig gardsdrift lite. Til oppstartmeldinga er det kome inn desse merknadane: 1. Hordaland Fylkeskommune, kultur og idrett Ein har ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i det aktuelle planområde. Det er derimot freda kulturminner i området rundt og etter synfaring ber ein om at det vert teke omsyn til den gamle ferdselsvegen til kyrkja på Holdhus. Tiltakshaver: Det er sett av areal som skal sikra fri tilgong til ferdselsvegen utanfor planområdet. 2. Statens Vegvesen Ber om at følgjande tilhøve vert utgreidd: Om krysset mellom tilkomstveg og fylkesvegen må utbetrast mht geometri og sikthøve Bør gang- og sykkelveg/fortau langs fylkesvegen fram til skulen på Holdhus knyttast opp mot gjennomføringa av planen. Tiltakshaver: Krysset mellom tilkomstveg og Fylkesvegen vert utbetra i samband med utarbeiding av reguleringsplanen for Holdhus. Tiltakshaver meiner at trafikkmengda 2
langs FV123 ikkje er av ei slik mengd at fortau/gang- og sykkelveg til Oppvekstsenteret må vera på plass før utbygginga av feltet startar. 3. Fylkesmannen, miljø Det aktuelle området ligg i eit større LNF-område som gjevhøve til spreidd utbygging av inntil 10 bustader. Planframlegget tilseier ei konsentrert utbygging og er dermed ikkje i tråd med kommuneplanen. Dette er Fylkesmannen kritisk til. Reguleringsområdet ligg innanfor eit av Fusa kommune sine kjerneområder for landbruk. Inntil same område er det avsett 6, seks, områder for framtidig bustadbygging, og Fylkesmannen meiner at det er i desse områda at framtidig bustadbygging må utførast. Så lenge det er andre alternative bustadområder i nærleiken, må ein rekna med motsegn mot planen. Tiltakshaver: Hovden er snart fullt utbygd og det er då ikkje tilgong på tomter i dette området. Planområdet ligg i nærleiken av Hovden og kan mao sjåast på som ei utviding eller eit tillegg av dette. 4. NVE I aktsemd kartet på skrednett er deler av planområdet definert som potensielt fareområde for steinsprang og snøskred. Dette tilseier at ein må vurdera skredfaren i samband med planarbeidet og at arbeidet vert utført med tilstrekkeleg fagleg kompetanse. Ved evt sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik rår me til at desse områda vert inkludert i planen. Tiltakshaver: Multiconsult har gjennomført synfaring og utarbeidd ein skredfarevurdering. ROS-analyse er utført av Multiconsult 22.06.2011. Rapporten tilrår at det vert etablert ein langsgåande skredvoll og sikring av bergparti, alternativt at bebyggelsen vert trekt ut av skredfareområdet. Multiconsult advarer mot unødig hogst av vegetasjon i nemnde skråning, då dette stabiliserer lausmassar og hindrar steinsprang. Tiltakshavar har valgt å trekkja bygg og leikeområde ut av fareområdet. Vidare vil merknaden om varsam hogst bli eit punkt i reguleringsføresegnene. Denne ligg som vedlegg. 5. SKL Planområdet er ikkje i konflikt med SKL Nett AS sine anlegg og har dermed ingen merknader. Tiltakshaver: ok 3
1 INNLEIING BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET Området ligg på Holdhus, ca 2-300 meter frå Holdhus Oppvekstsenter. Hovden bustadfelt med 13 tomter ligg òg i nærleiken. Dette bustadfeltet er snart fullt utbygd og det er då ikkje fleire bustadtomter tilgjengeleg i området. Det er ønske om fortsatt tilflytting og utvikling i bygda, og med dette som bakgrunn vil ein setja igong med reguleringsarbeidet som gjev fleire byggjeklare tomter. 2 SKILDRING AV PLANEN 2.1 A) Landskap og estetikk Området er i dag prega av gjengroing. Det har tidlegare vore slåttemark. Terrenget er småkuppert og er ikkje egna for maskinell moderne drift. Feltet er vestvendt med Hovdenlia i bakkant mot aust og med vid utsikt over Rød og Vengsvatnet mot vest. Holdhus Oppvekstsenter ligg ca 2-300 meter unna. Det er gode soltilhøve på ettermiddag og kveld. Inne i feltet er det ei gamal utløe. Denne står på leikeområdet i feltet og skal rustast opp slik at den kan nyttast av bebuarar i feltet. Planen har ikkje vesentleg verknad for miljø og samfunn. Området ligg i nærleiken av eit eksisterande bustadfelt og det er bustadar spreidd i området rundt, mao er det eksisterande tilkomstveg og komm.vatn i området som kan nyttast. B) Forhold til naturmangfaldslova 8 Kunnskapsgrunnlag Det er ikkje registrert førekomstar av noko slag i verken Artsdatabanken eller i Naturbasen. 9 Føre-var-prinsippet Vert ikkje teke omsyn til då ingen forhold vart avdekka i 9. 10 Økosystemtilnærming og samla belastning. Tiltaka gir minimal auke i belastninga på økosystemet 12 Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar. Ein vil ikkje kunne redusere endring i belastning frå tiltaket ved å krevje at det vert satt i verk miljøforsvarlege teknikkar eller driftsmetodar.. 2.2 Samfunnssikkerheit/ ROS Der er ingen elvar eller bekkar i området. Vatnsèg i terrenget vil bli teke vare på i planlegging av leidningsnett i området. Deler av området vert definert som potensielt fareområde for steinsprang og snøskred, ref www.skrednett.no. Multiconsult vart engasjert til å undersøkje området og har utarbeida ein ROS-analyse med fokus på stein- og lausmasseskred frå naturleg terreng. For å oppfylla tryggleikskrava må det opparbeidast ein langsgåande skredvoll i søraust og sikring av bergparti i aust og nordaust. Alternativt kan tomtegrensene flyttast utanfor skredfaregrensa. Sistnemnde tiltak vart valt. Sjå vedlagt ROS-analyse. 4
2.3 Trafikktryggleik og samferdsel Kommunal veg gjennom Hovdenlia er i dårleg forfatning og treng utbetring. Dette er det teke høgde for i planen. Det er regulert inn anna veggrunn i tilknytning til vegen som gjev rom for justering av linjeføringa av vegen i samband med utbetringa. I planen for utbetring av FV123 er det planlagt fortau fram til skulen. Denne planen inneheld òg utbetring av krysset mellom kommunal veg og FV. Trafikken i bustadfeltet er liten. Farten er lav og det er ikkje mulig for gjennomkjøring. På denne måten vert trafikktryggleiken ivareteke. Trafikkmengda til Hovdenlia er svært liten og vert vurdert som trygg skuleveg. 2.4 Barn og unge I feltet er det avsett areal til leik som stettar normen om 50m2 pr bueining. I området står det ei eksisterande utløe som skal takast vare på og rustast opp. Den står i areal avsett til leikeområde. Det er med hensikt ikkje lagt opp til gjennomkjøring i feltet, men forbindelse med gang- og sykkelveg. Dette gjer det tryggare for barn og unge å ferdast i feltet. Sjå òg pkt i ROS-analyse. 2.5 Universell utforming Vegar og gangvegar skal så langt terrenget tillet tilfredsstille krav til universell utforming. Husværa vert bygd over to plan og skal stetta krav til universell utforming. 2.6 Støy Planlagt bustadtomter ligg i god avstand frå støykjelder som m.a. offentleg hovudveg. Der er ingen faste støykjelder i området. 2.7 Kulturminne Fylkeskommunen, kultur og idrett, har vore på synfaring i området for å avklara eventuelle freda kulturminner. Det er ein gamal ferdselsveg til den gamle kyrkja på Holdhus i området. Fylkeskommunen ber om at tiltakshavar tek omsyn til denne i planarbeidet. Det er gjort på den måten at det vert sikra allmenn ferdselsrett gjennom området. 2.8 Energi Det er ikkje tiltenkt spesielle fellestiltak i feltet. 2.9 Naust og kaiar. 5
3 ROS-ANALYSE PROSJEKT: REGULERINGSPLAN BOTNEN GNR 48 BNR 3. Risiko og sårbarheit RISIKO OG SÅRBARHEIT: Normalt vil ein grovanalyse (ROS-analyse) tilfredsstilla kravet til risikovurderingar i kommunal plansamanheng. I praksis kan kommunen gjera dette ved å laga ei inndeling i gradar av frekvens (sannsyn) og konsekvens, samt vise dette i ei ROS-matrise der raude område er definert til å innebera uakseptabel risiko, gule område er ei såkalla ALARP-sone (sjå tydinga i feltet nedanfor), medan grøne område i utgangspunktet inneber akseptabel risiko. Likevel skal kostnads effektive risikoreduserande tiltak også gjennomførast på tilhøve som ligg i grøne område. Definisjonar: ALARP er As Low As Reasonable Practicable, dvs risikoreduserande tiltak skal gjennomførast så langt det er forsvarleg utifrå mellom anna kost nytte vurdering. Risiko uttrykkjer den fare som uønska hendingar utgjer for menneske, miljø og økonomiske verdiar og samfunnsviktige funksjonar. Risiko er eit resultat av sannsyn for (frekvens) og konsekvensane av uønskte hendingar. Sannsyn x konsekvens = risiko Sårbarheit er eit uttrykk for eit system si evne til fungera og oppnå sine mål når den vert xxxx utsett for påkjenningar. Risikodiagram (5 x 5): Sannsyn Konsekvens Ufarleg 1 Ein viss fare 2 Farleg 3 Kritisk 4 Katastrofalt Svært sannsynleg 5 1.5 2.5 3.5 4.5 5.5 Mykje sannsynleg 4 1.4 2.4 3.4 4.4 5.3 Sannsynleg 3 1.3 2.3 3.3 4.3 5.3 Mindre sannsynleg 2 1.2 2.2 3.2 4.2 5.2 Lite sannsynleg 1 1.1 2.1 3.1 4.1 5.1 Risikodiagram der første tal angir konsekvens og andre tal angir sannsynlegheit Ein grovanalyse (ROS-analyse) tilfredsstiller kravet til risikovurderingar i kommunal plansamanheng. Dette betyr at vi lagar ei oppstilling av farlege tilhøve i kommunen, graderar dei i høve sannsyn og konsekvens og får ut ei matrise som viser risiko og sårbarheit inndelt i grøn, gul og raud sone. 5 6
Sannsyn og konsekvens: Definisjon av sannsyn (hyppigheit): Svært sannsynleg Meir enn 1 hending kvart år Mykje sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 10. år, men mindre enn 1 hending kvart år Sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 50. år, men mindre enn 1 hending kvart 10. År Mindre sannsynleg Meir enn 1 hending kvart 100. år, men mindre enn kvart 50. år Lite sannsynleg 1 hending kvart 100. år eller sjeldnare Det kan nyttast andre definisjonar i meir detaljerte ROS-analysar Definisjon av konsekvens: Konsekvens Menneske (Liv og helse) Ufarleg Ingen person skade Miljø (Jord, vatn, luft) Ingen miljøskadar el. Forureining av omgjevnadane Materielle verdiar (økonomiske tap) Små eller ingen skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade under 10.000.- kr. Prod.stans under 1 veke Samfunnsviktige funksjonar Tenesteyting/ produksjon Funksjonen er Skadar opp til midlertidig ute av 10.000 kr. drift, ingen direkte Produksjonsstans under 1 skader og kun mindre driftsforstyrrelsar Veke Ein viss fare Få og små Personskader, korte sjukefråvær Mindre skadar på miljøet som vert utbetra etter relativt kort tid Mindre lokal skade på materiell, utstyr og andre øk. verdiar Skade under 100.000 kr. Prod.stans under 3 veker Funksjon midlertidig ute av drift, kun mindre skader. Alternative løysingar fungerar Skadar avgr. inn til 100.000 kr. Prod.stans under 3 veker Farleg Få, men alvorlege personskader. Mange mindre personskader (meir enn 10) Miljøskadar av stort omfang, m/ middels alvor og/el. skadar av lite omfang m/ høgt alvor Alvorleg skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skadar avgrensa opp til 1 mill kr. Produksjonsstans over 3 veker. Funksjon ute av drift i fleire døgn. Mindre skadar på alt. løysingar Betydelege driftsmessige forstyrrelsar Skadar avgrensa oppad til 1mill kr. Produksjonsstans over 3 veker 7
Kritisk Opptil 2 døde, og/ eller 5 alvorleg skadde, og/eller opp til 10 evakuerte Store og alvorlege miljøskadar Tap av og/eller kritisk skade på materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade opp til 10 mill kr. Produksjonsstans over 3 månader. Funksjon ute av drift over lengre tid. Skader også på alternative løysingar, eller manglande alternative løysingar. Store driftsmessige forstyrringar. Skadar avgrensa til 10 mill kr. Produksjon stans over 3 mnd. Katastrofalt Meir enn 2 omkomne, og/eller meir enn 5 skadde, og/eller meir enn 10 evakuerte Langvarig, i verste fall varig alvorleg skade på miljøet Fullstendig øydelegging av materiell, utstyr og andre økonomiske verdiar. Skade for over 10 mill kr. Produksjonsstans over 1 år Funksjonen er permanent sett ut av drift Store delar av Fusa kommune er utsett for skred. TEK 10, 26.03.2010 nr 489: Forskrift om tekniske krav til byggverk). Byggverk skal i utgangspunktet ikkje plasserast i skredfarleg område der konsekvensen av eit skred er særleg stor. Når det gjeld sannsyn og konsekvens: sjå denne. METODEVAL OG AKSEPTKRITERIA: Metodeval og akseptkriteria skal vera i samsvar med krav i lover, føresegner og eventuelle andre styrande dokument. Dei skal gjerast kjende for alle som arbeider med ROS-analysar og plansaker, både internt og eksternt. Konsulentselskap, utbyggjarar og andre som til dømes leverar framlegg til reguleringsplanar til kommunen skal gjerast kjende med kommunen sine akseptkriteria og metodeval. Det er viktig å merkja at dersom akseptkriteria ikkje er fastsett av rett organ i førekant av ROS-analysen, vil kommunen måtte pårekna at Fylkesmannen fremjar motsegn mot den aktuelle planen. Metode (stega i ein ROS-analyse er: 1. Fareidentifikasjon 2. Estimera frekvens + estimera konsekvens 3. Berekna risiko 4. Samanlikna med akseptkriteria 5. Vurdera risikoreduserande tiltak Akseptkriteria: Akseptkriteria er kriteria basert på standard, erfaring, teoretisk kunnskap m.m. som vert lagt til grunn for vedtak om toleleg risiko. Akseptkriteria for risiko kan uttrykkjast på fleire måtar, til dømes gjennom tal og ord. Her er dei uttrykt og synt med fargane raud, gul og grøn. Skadar over 10 mill kr. Produksjonsstans over 1 år 8
TILHØVE I RAUDT FELT TILHØVE I GULT FELT Medfører uakseptabel risiko. Her skal risikoreduserande tiltak gjennomførast, alternativt skal det utførast meir detaljerte ROS-analysar for evt. å avkrefta risikonivået ALRAP-sone, dvs. tiltak skal gjennomførast for å redusera risikoen så mykje som råd. Det vil ofte vera naturleg å leggja ein kost-/ nytteanalyse til grunn for vurdering av endå fleire risikoreduserande tiltak. TILHØVE I GRØNT FELT I utgangspunktet akseptabel risiko, men fleire risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. I klartekst inneber dette som hovudregel at tilhøve i raudt felt medfører uakseptabel risiko. Det tyder at det må gjennomførast risikoreduserande tiltak av førebyggjande og/eller skadebøtande karakter slik at risikoen kjem ned på eit akseptabelt nivå. I nokre tilfelle kan det og vera aktuelt å gjennomføra nye og meir detaljerte risikoanalysar for å få eit sikrare estimat på risikoen. Når det gjeld tilhøve i grøne felt, så reknar ein i utgangspunktet med at desse inneber akseptabel risiko. Avslutningsvis krev tilhøve i gule område nærare kost-/ nyttevurderingar før ein avgjer om risikoen er innanfor akseptable rammer. Målet her er å redusera risikoen så mykje som praktisk mogeleg. 9
Naturbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Menneske Miljø Økonomi Ekstremvêr Sterk vind 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Store nedbørsmengder 1.2 1.2 2.2 Planområde har svært lite nedslagsfelt. Synfaringar i felten viser eit visst tilsig av vatn. Dette må løysast ifm opparbeiding av leidningsnett i feltet Store snømengder 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Flaumfare Flaum i elvar/ bekkar 1.2 1.2 1.2 Det er ikkje elv eller bekk i området som får påvirkning i området. Flaum i vassdrag/ innsjøar 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Overvasshandtering 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Springflod/ stormflod 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Historisk flomnivå 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Skredfare www.skrednett.no Kvikkleirskred 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Lausmasseskred 3.2 3.2 3.2 Sjå rapport Multiconsult Is og snøskred 2.2 2.2 2.2 Sjå rapport Multiconsult Steinras, steinsprang 3.2 3.2 3.2 Sjå rapport Multiconsult Historiske hendingar Byggegrunn Setningar 1.2 1.2 1.2 Området er morene og fjell. Utglidingar 1.2 1.2 1.2 Vert ikkje vurdert som ein Radon Plante- og dyreliv www.dirnat.no Planter Radon vert ikkje sett på som eit problem i området. Ikkje påvist, sjå vedlegg 10
Dyr Fuglar Andre uønska hendingar Skog- og vegetasjonsbrann Ikkje påvist, sjå vedlegg Ikkje påvist, sjå vedlegg 1.2 1.2 1.2 Området grensar til beiteområde, vegareal, innmark og noko lauvskog. Område har ikkje samanhengande skogsområde. Jordskjelv 1.1 1.1 1.1 Vert ikkje vurdert som ein Verksemdbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Menneske Miljø Økonomi Brann/ eksplosjon Brannfare Eksplosjonsfare Energitransport Høgspent Lågspent Gass Forureina vatn Drikkevasskjelde 1.2 1.2 Bustad vert knytta til kommunalt vassverk Badevatn, fiskevatn, vassdrag og liknande Nedbørsfelt Grunnvassnivå Forureining grunn www.sft.no Kjemikalieutslepp Forureining luft Støv/ partiklar/ røyk Støy Lukt Friluftsliv og tilgjenge til sjø www.hordaland.no Der er ingen faste støykjelder i området. 11
Fri ferdsel langs sjø Friluftsliv Sårbarheit knytt til infrastruktur Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Menneske Miljø Økonomi Trafikkfare inne i planområde Forhold for mjuke trafikantar 2.2 2.2 Det er lagt opp til lav fart og ingen gjennomgangstrafikk i feltet. Forholdsvis liten trafikk. Forhold for kjørande 2.2 2.2 Tilkomstvegen er stengt for tunge kjøretøy, og farten er lav. Ved opprusting av denne vert trafikksikringa vesentleg betre. Forureining www.sft.no Støv/ partiklar Støy Lukt Utslepp/ kjemikaliar Trafikkfare på nærliggjande vegar/ transportåre utanfor planområde www.vegvesen.no Vegtrafikk 2.2 2.2 Krysset v/fv123 vert utbetra i reg.plan for Holdhus og aukar trafikksikringa Mjuke trafikantar 2.2 2.2 Frå plangrensa er det gangveg til Oppvekstsenter. Sjø Luft Rev. 22.05.2012 09.02.2012 Harald Bjørndal 12