OMRÅDEPLAN FOR RYLANDSHØGDA Bakgrunnsnotat Sak Id: 16/928 Plan, utbygging og kommunalteknikk Meland kommune

Like dokumenter
Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 42/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: ERLEVIK Arkivsaknr: 2016/1556. Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/17 Formannskapet

Kvar står vi Kvar vil vi Kva planar må me har for å få det til

MOGLEG MED EIT LEVANDE VAKSDAL Ein kompakt urban tettstad 16 minutt frå Bergen sentrum med tog (Bybanestoppet Slettebakken ligg 16 minutt frå Bergen

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Skodje kommune Teknisk avdeling

Statens vegvesen sin uttale til off. ettersyn detaljreguleringsplan - gnr. 144 bnr. 44 m.fl. - Korggardsvika - Husnes - Kvinnherad kommune

Søknad om oppstart av reguleringsplan

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Statens vegvesen. Statens vegvesen sin uttale til kommuneplan for Kvinnherad kommune - Arealdelen

Planstrategi for Ullensvang herad

REGULERINGFØRESEGNER

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd

Saksutgreiing til folkevalde organ

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Kommuneplanen sin arealdel Folkemøte 13. januar 2015

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ole Martin Dahle K2 - L12, Gnr/bnr - 149/96 17/149

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Samordna uttale til detaljregulering for Uggdal bustadområde - gnr. 66, bnr. 4, 6, 101 mfl.

Skildring av planoppdraget

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

Kommunedelplan Edland/Haukeli

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

INNHALD 1 SAMANDRAG NØKKELOPPLYSNINGAR BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET BAKGRUNN INTENSJONEN MED PLANFORSLAGET...

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kommunanes langsiktige arealplanlegging erfaring frå Hordaland. Eva Katrine R. Taule, Regionalavdelinga, planseksjonen

FREMLEGG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER, G.NR. 34 B.NR. 9 og 285, VASSKARHAUGEN VIK I ØYGARDEN KOMMUNE PLANOMTALE

Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/ Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Opplæring. Plansystem og planarbeid

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Sakspapir. Sakshandsamar: Asbjørn Nagell Toft Arkivsaknr.: 18/875 Klassering: PlanID , Komnr

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Vedlegg 2, del I. Kolleid

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker. Detaljplan Reinseanlegg Valderhaugstranda oppstart av planarbeid

Kommuneplan Samfunnsdel

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 52/2014 Utval for drift og utvikling PS

Ørsta kommune. - hjartet av Sunnmørsalpane. Foto: Janne Gerd Dagfinnrud

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

Saksnr. Utval Møtedato 016/19 Formannskapet /19 Kommunestyret /19 Teknisk-og samfunnsutval

Kommuneplanens arealdel

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Fjell kommune Arkiv: 27/14 Saksmappe: 2007/ /2009 Sakshandsamar: Lene Takvam Dato: SAKSDOKUMENT

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Miljøløftet Bergen! Morten Sageidet 6. desember 2017

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

HERØY KOMMUNE Plan-ID: REGULERINGSPLAN FOR GANG OG SYKKELVEG FYLKESVEG 10 MOLTUSTRANDA PLANOMTALE SEPTEMBER 2014

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Detaljreguleringsplan for Høgahaug

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

INNSPILL TIL KOMMUNEPLANEN , AREALDELEN

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE FLATEVIK 117/31 M.FL. TORMODSÆTRE PLANID

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

EIKEN KOMMUNEDELPLAN PLANPROGRAM

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FRITIDSBUSTADER LYKLINGSJØEN 136/6 OG 80 M.FL. LYKLING PLANID

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Notat vedrørande høyringsuttalar til Kommunedelplan Huglo

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS

Kommunedelplan for Sundreområdet Dette notatet skildrar endringane gjort i plankart og føresegner frå 1. gongs til 2. gongs offentleg høyring.

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Mastrevik Kilstraumen med friområde på Ulvøy. Folkemøte

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

Dato: kl. 9:00, møtet er forventa og vare ut dagen. Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 12/03153 Arkivkode: 033

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Reguleringsplan for <namn på planen>

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Transkript:

OMRÅDEPLAN FOR RYLANDSHØGDA Bakgrunnsnotat 07.04.2016 Sak Id: 16/928 Plan, utbygging og kommunalteknikk Meland kommune

MÅL FOR PLANARBEIDET Målet for reguleringsarbeidet er å leggje til rette for utvikling av områdesenteret Rossland. Innanfor planområdet skal det regulerast for bustader ved etablering av nye bustadfelt og fortetting av eksisterande bustadområde. I områdereguleringa vil det vera særleg fokus på løysningar for infrastruktur, felles friareal, rammer for utbygging og oppdeling av utbyggingsområder med rekkjefølgjekrav. Områdeplanen skal leggja rammer for framtidige detaljera delområde. Bakgrunn Rossland er eit utviklingsområde i Meland kommune. I kommuneplanens arealdel er det sett av store areal til mellom anna sentrumsutvikling og bustadbygging i krinsen. I kommunens Planstrategi 2014-2016 er områdeplan for Ryland høgt prioritert, med ynskjeleg oppstart etter at rammene er avklart i kommuneplanens arealdel, vedtatt 17.06.15 Utvikling av Rylandshøgda og område omkring har lenge vore eit tema. I 1986 vart det laga ein «delingsplan for bustadtomter Nordre Ryland», som vart fylgt opp i 1988 med «Reguleringsplan for Rylandshøgda bustadområde». Kommunen ynskte å sjå på Rylandshøgda i samanheng med grendene omkring, og i 1998 vart det meldt oppstart av «reguleringsplan for sentrale områder på Vikebø/Ryland». Denne vart i 2005 etterfylgt av «Reguleringsplan for Vikebø og Ryland». Arbeidet med dei to siste planane visa seg å bli svært komplisert, og dei vart aldri slutthandsama. I 2011 vedtok difor Formannskapet at det i avgrensa grad vart opna for private reguleringsplanar, at kommunen sjølv skulle fremja ein detaljert reguleringsplan for området den eig på Rylandshøgda, og at det ved arbeidet med ny kommuneplan skulle avklarast grensesetting for områderegulering. Planområdet Ryland ligg sentralt på sørvestsida av Holsnøy i Meland kommune. Planområdet ligg 13 km. køyreavstand frå kommunesenteret Frekhaug, og i gangavstand frå Rossland områdesenter. Planområdet avgrensar seg til delar av Rylandshøgda, eit høgdedrag mellom Rylandsvassdraget, Leirdalen og Ryland. Storleiken er på omlag 295 daa. Innanfor planområdet ligg det i dag 43 bustader og 10 fritidsbustader. Meland kommune Områdereguleringsplan Rylandshøgda Dato: 07.04.2016 Plangrense Kart over planområdet. Områdets storleik er omlag 295 dekar Eigartilhøve Det er mange grunneigarar i planområdet. I hovudsak dreiar det seg om private bustadeigendommar, nokre fritidseigendommar og ein del utskilte tomter utan bygningar. Bruksnummer 11, 96 og 154 er dei største enkelteigendommane. Bnr. 11 er eit småbruk, medan Bnr. 96 og 154 er tidlegare utmark utan bygningsmasse. Kommunen eig Bnr. 96 vest i planområdet, medan Bnr. 154 dekkjer store delar av toppen av Rylandshøgda. Det vil trulege vera ulike interesser for utvikling av området, desse vil forsøksvis bli avklart i møte med grunneigarane. Side 2

PLANSTATUS Kommuneplanen - arealdelen I kommuneplanens arealdel, godkjent i kommunestyret 17.06.15, er utvikling av områdesenteret Rossland eit av hovudpunkta i arealstrategien for bustadbygging. I arealplanskartet er det to utbyggingsareal for bustader på Rylandshøgda, B_14 og B_20. Begge områda ligg i sone for felles planlegging. Planområdet er nærare omtala i planskildringa og planføresegnene for kommuneplanens arealdel: Frå planskildringa: Ryland: Det skal utarbeidast ein områdeplan på Ryland, der vi har lagt ut større areal til bustader og utviding av idrettsanlegg. Her er det utfordringar i høve til infrastrukturen som må løysast i fellesskap. Dette er lagt inn som omsynssone H810_4. Frå føresegnene: Sone for felles planlegging, jf. PBL 11-8, 3. ledd, e) H810_ 4 Rydland - Det skal utarbeidast ein områdereguleringsplan for deler av Ryland i høve til infrastruktur, bustad og næringsareal. Delar av planområdet ligg i nord innanfor området for verneplan for Rylandsvassdraget. I søraust grensar det til omsynsone landbruk: H510_2 Ryland. I vest grensar planområdet til det statlege sikra friluftsområdet Lunden. Utsnitt av områdesenteret Rossland frå plankartet til Kommuneplanens arealdel 2015-2026 Side 3

Kvifor områdeplan Områderegulering vert nytta for eit større område der det er krav om slik plan i arealdelen til kommuneplanen, eller der kommunen finn at det er trong for ei områdevis avklaring av arealbruken. Som hovudregel er det kommunen sjølv som skal utarbeida desse planane. Områdeplanen skal leggje til rette for vidare planlegging, utvikling og bygging, ved å bestemme dei overordna rammene t.d. når det gjeld vegar, grønstruktur, friluftsområde, plassering av offentlege bygningar (t.d. skule, barnehage), næringsområde, fordeling av bustadområde m.v. Reguleringa kan også leggja føringar for tomtestorleik, grad av utnytting og byggehøgder. Når ein områdeplan er godkjent, skal eventuelle detaljplanar for delområda utarbeidast i tråd med områdeplanen. Flyfoto (2011) med omtrentleg plangrense Konsekvensutgreiing Områdeplan for Ryland er i samsvar med overordna kommuneplan, og vil ikkje få vesentleg verknad for miljø og samfunn, jamfør Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningslovas 4., og det er difor ikkje krav om konsekvensutgreiing. Risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) Det skal i samband med planarbeidet utarbeidast ei ROS-analyse for å kartleggja risiko og sårbarheit, jamfør Plan- og bygningslova 4-3. Kommuneplanen samfunnsdelen I samfunnsdelen for Kommuneplanen er det fleire viktige føringar som har verknad for planarbeidet. I planlegging av nye bustadområde skal det offentlege sikrast tilgang til strandsona og verdfullt natur- og kulturlandskap Ved planlegging i nye bustadfelt skal det verte tilrettelagt for gode møteplassar og aktivitetsfremjande uterom Meland kommune skal sikre gode bumiljø for innbyggjarar i alle livsfasar under slagordet «eit samfunn for alle» Kommunen skal stimulere til auka differensiering i bustadmarknaden med omsyn til storleik, pris og eigedomstilhøve Det skal avsetjast naudsynt areal til offentleg infrastruktur i samband med nye bustadområde Redusera det spesifikke klimagassutslepp i Meland som geografisk eining med 15 % Side 4

SÆRLEG VIKTIGE TEMA FOR PLANARBEIDET Infrastruktur Veg Fv. 564 er hovudveg frå Ryland til kommunesenteret Frekhaug. Den har varierande vegprofil og oppnår ikkje dagens krav til trafikksikring. I samband med Nordhordlandspakken er det planlagt utbetring av Fv. 564, inkludert gang og sykkelveg, punktutbetring og trafikksikring på strekninga Fløksand Vikebø. Kostnaden er rekna til 115 millionar, og tiltaket er prioritert som nr 4 i pakka. Frå Fv. 564 har Rylandshøgda i dag vegtilkomst via Fv. 248 Eikelandsvegen, som går på tvers av planområdet. Denne vegen vert også nytta av grendene Eikeland og Io. Dagens veg har låg standard og mange uoversiktlege kryss og utkøyrslar. Kapasitet på veg, trafikktryggleik og vegstandard må vurderast slik at ein sikrar ein trafikksikker tilkomsten til, og gjennom, planområdet. Det er ynskjeleg å samle dagens private utkøyrslar til nye oversiktelege og trygge kryss/utkøyrslar. Nytt kryss, eller ny tilkomst, til Fv. 564 kan også vurderast. Fordeling av kostnader knytt til utbetring av Fv. 248 må sjåast i samanheng med utvikling av nye bustadområde på Io og Ryland som ikkje er ein del av planområdet. Til desse områda er det i kommuneplanen knytt rekkjefølgjekrav om utbetring av veg og etablering av gang- og sykkelveg, mellom anna gjennom planområdet på Rylandshøgda. Om kostnadane ved gjennomføring av områdeplan Rylandshøgda aleine vert så store at dei ikkje kan gjennomførast kan dette bli til hinder for utvikling av resten av Ryland, Eikeland og Io. Ein modell for fordeling av kostnader knytt til infrastruktur bør difor avklarast som del av planarbeidet. Parkering for bebuarane og gjester må løysast innan planområdet. Samla parkeringsanlegg kan vurderast. Gange og sykkel Tilbodet til gåande og syklande skal styrkast. Skulevegane er særleg viktig, men tilbodet er også viktig for det generelle folkehelsa. Langs hovudvegar skal det etablerast fortau / gang og sykkelveg. Det skal også etablerast fortau / bilfri gang- og sykkelveg frå bustadområda til Rossland skule og til kollektivhaldeplassar. Det bør leggjast til rette for rask og attraktiv tilkomst til haldeplassar, slik at flest mogeleg kan nytta seg av kollektivtilbodet. Snarvegar for gåande og syklande i planområdet bør vurderast. Plassering av gang- og sykkelvegar må sjåast i samanheng med anna planarbeid, slik at det vert knytt til det framtidige regionale gang- og sykkelvegnettet. Offentleg Infrastruktur, kommunikasjon og tenestetilbod Rossland barne- og ungdomsskule, Leirdalen barnehage og Leirdalen idrettsanlegg ligg i gangavstand til planområdet. Kapasitet på skule- og barnehagetilbod må kartleggjast. Det same gjeld for vatn og avlaup. Busselskapet Skyss har to busslinjer gjennom planområdet, 341 Skjellanger og 344 Io/Vikebø Bu- og oppvekstmiljø Med fleire menneske og bustader på eit geografisk lite område, er det viktig å leggje premissar for kvalitet i bustadmiljø. Mange kvardagstilbod, som skule, barnehage, idrett og friluftsliv, ligg alt i gangavstand til planområdet og bør vera styrkande for det framtidige bumiljøet. Tryggleik og naboskap er viktige suksessfaktorar for bumiljøet. Ein bør difor i planområdet leggja til rette for gode møteplassar og fellesareal. I vår tid er det stadig fleire som bur aleine, familiane er mindre, og det er fleire familiar med ein vaksen. Eldre er også ei veksande gruppe i samfunnet. Dei lever lenger, er friskare og ynskjer ofte å bu i heimen sin og i nærmiljøet sitt. I denne samanheng er val av bustadtypar og storleikar på husvære viktige bustadspolitiske verktøy. I planarbeidet kan det stillast krav til tilgjenge, standard, lokalisering og utforming tilpassa ulike befolkningsgrupper. Det kan også vurderas bustadsosiale tiltak direkte mot ulike grupper som flyktningar, unge og andre som har utfordringar med å kjøpa seg sin eigen bustad. Heimen og nærområdet rundt er viktig for oppvekstmiljøet for barn og unge. Det må takast særleg omsyn til deira interesse i planområdet. Areal til opparbeiding av leikeplassar er eit generelt plankrav, men det bør også avset- Side 5

tast friområde/natur av god kvalitet til fri leik og aktivitetar. Estetikk og byggjeskikk påverkar bumiljøet. Det handlar om ting som ikkje er målbare, slik som sanseinntrykka ein opplever i møte med eit enkeltbygg. Busetnadens overordna form, uterom og strukturell samanheng gjev atmosfære til bumiljøet, og kan saman skapa ein stad det er triveleg å vera. Der ein finn høg kvalitet i organiseringa av eksisterande bygningar og romlege samanhengar kan dette vurderast som førande for ny busetnad. Det same gjeld for typiske arkitektoniske trekk ny busetnaden bør vidareføra eller tilpassa seg for å oppnå ein heilskap i området. Særeigne trekk og kvalitetar ved den lokale historiske byggjeskikken bør kartleggjast og vidareførast. Klima Klimaforholda lokalt bør kartleggjast. Ny busetnad bør plasserast slik at den vert beskytta mot vêr og vind. Privat og felles uteareal bør plasserast skjerma med gode soltilhøve. Kulturminne Kulturminne i planområdet må kartleggast. Eldre og nyare kulturminne, -landskap og -miljø vil vera svært viktig for stadens identitet også i framtida, og bør takast vare på og tilgjengeleggjerast for ålmenta. Ny bruk kan også vurderast om det ikkje er i konflikt med verneinteresser. Landskap, natur og friluftsliv Rylandsvatnet er ein svært viktig innfallsport til Rylandsvassdraget. Reguleringsarbeidet bør leggja til rette for ålmenn bruk av vassdraget både langs land og på vatnet. Strandsona må ikkje privatiserast. Lunden eit regionalt viktig friluftsområde, og er statleg sikra. Hovudtilkomsten til friområdet går gjennom planområdet. Tilgang for ålmenta bør styrkast, og det bør vurderast tilrettelegging for parkering for tilreisande Landskapet sin heilskap bør kartleggjast, slik at konseptet for planen tek omsyn til stadens kvalitet og overordna naturlege struktur. Viktige siktlinjer bør takast vare på. Områder innan området, slik som lommer/stadar med særtrekk bør bevarast og sikrast tilkomst. Dømer kan vera stader med viktige naturelement som vegetasjon, kulturlandskap, terreng eller utsiktspunkt. NASJONALE, REGIONALE OG KOMMUNALE RETNINGSLINER OG RETTLEIANDE DOKUMENT Det er lagt ei rekkje føringar for planarbeid i kommunen gjennom sentrale føresegner, rikspolitiske retningsliner, brev og rundskriv. Føringar som berører planområdet er lista opp under Regjeringas by- og miljøpolitikk: Samordna areal- og transportplanlegging. Styrket kollektivtransport og konsentrert byutvikling Veksten i persontransport skal takast kollektivt, eller med sykkel og gange Alle skal bo trygt og godt. Lokalsamfunnsutvikling skal ta omsyn til at ulike grupper i befolkninga ut frå at alder og livsfasar etnisk bakgrunn og fysisk funksjon har ulike behov knytte til bo- og nærmiljøet Staten og kommunen skal ivareta kulturmiljø og bygningsarv og stille høye krav til kvalitet i planlegging, gjennomføring og forvaltning Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv. En satsing på friluftsliv i hverdagen; 2014-2020 Regjeringas by- og bustadpolitikk Faglig råd for bærekraftig bustadpolitikk (2013): Miljøverndepartementet NOU 2011:15 Rom for alle. En sosial boligpolitikk for framtida St. meld. Nr. 23 (2003-2004) Om boligpolitikken St. meld. 49 (1997-1998) Om boligetablering for unge og vanskeligstilte Stortingsmeldingar: St. meld. 17 (2013): Byggje - Bu - Leve. Ein bustadpolitikk for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjoner St. meld. 13 (2012-2013): Ta heile Noreg i bruk. Distrikts- og regionalpolitikken St. meld. 35 (2012-2013) Framtid med fotfeste - Kulturminnepolitikken St. meld. 28 (2011-2012): Gode bygg for eit betre samfunn. Ein framtidsretta bygningspolitikk St. meld. 12 (2011-2012): Stat og kommune - styring og samspel Side 6

St. meld. 26 (2012-2013): Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2023 St. meld. 21 (2011 2012) Norsk klimapolitikk St. meld. 33 (2012 2013) Klimatilpasning i Norge St. meld. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller og folkehelselova Rettleiarar: Nasjonal gåstrategi (2013): Statens vegvesen Nasjonal sykkelstrategi (2006-2015): Statens vegvesen Arkitektur.nå - Norsk arkitekturpolitikk: Kulturdepartementet Andre aktuelle lover/retningsliner/stortingsmeldingar Folkehelselova St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreforma Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegginga Statlige planretningslinjer for samordnet bustad-, areal- areal og transportplanlegging Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming St. meld. 16 (2004-2005) Leve med kulturminne St. meld. 16 Helse i plan St. meld. Nr. 34 (2012-2013) Folkehelsemeldinga. God helse felles ansvar Rundskriv T-2/08 Om barn og planlegging Krav til kommunal planlegging med tanke på vurdering av konsekvensar for barn og unge Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging T-1442 Statlig planretningslinje for klima og energiplanlegging Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen Faglig råd for bærekraftig byutvikling. Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging T-1497 Regionale planer og føringar Fylkesplan for Hordaland (2005-2008) Regional klimaplan 2014-2030 Fylkesdelplan for kystsona 2011-2015 Regional kulturplan for Hordaland Fylkesdelplan Deltaking for alle universell utforming (2006-2009) Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel 2002 Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland (2007) Fylkeslandbruksstyre, arealstrategi Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009 FylkesROS Hordaland 2009 RAMMEPLAN 2013-2016 for avkøyrsler og byggjegrenser på riks- og fylkesvegar i region vest kommunale planer og rammer Regional plan for folkehelse Fleire gode leveår for alle 2014-2025 Regional næringsplan 2013-2017 Regional plan for attraktive senter i Hordaland senterstruktur, tenester og handel Regional transportplan 2013-24 Skyss: Strategi for kollektivtrafikken Regionale planar under arbeid Regional areal og transportplan for Bergensområdet Kommunale planar Kommuneplan for Meland 2015-26 m/temakart Økonomiplan for Meland 2012-2016 Overordna ROS-analyse for Meland 2013 Energi og klimaplan for Meland kommune 2012-2020 Trafikksikringsplan 2012-2016 Tiltaksplan for avlaup 2010-2014 Tiltaksplan for vassforsyning 2010-2014 Kommunedelplan for kommunale vegar 2007 Kjerneområde landbruk 2011 Helse- sosial og omsorgsplan (under arbeid) Bustadsosial handlingsplan i Meland kommune 2008-2011 Områdeplan Frekhaug sentrum Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og folkehelse Folkehelsemelding for Meland kommune Side 7