Sak 031/ 16 Kommunereform kva vil Samnanger kommune. Samnanger vil halda fram som eigen kommune

Like dokumenter
Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Informasjonsnotat / orientering

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

Finnøy framleis aleine?

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Litt enklare å rekruttere større miljø kommunesenter noko nærare regionsenter. God kompetanse, noko større fagmiljø, mindre sårbar

NOTAT. Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ / ADM/RSJ

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kommunereform. Ope møte i Volda

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret Kommunestyret vil i samband med kommunereforma utgreie følgjande alternativ:

Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Utgreiing nord Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin (40% koordinator Joakim Øren, rådmann i Ulvik)

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

LEIKANGER OG SOGNDAL UTGREIING AV KONSEKVENSAR VED SAMANSLÅING AV KOMMUNANE. Kortversjon av konsekvensutgreiing og styringsgruppa si samla vurdering

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

SWOT frå Kommunestyret, rådmannen si leiargruppe og hovudtillitsvalte. Alt. a) Fusa åleine, evt. med grensejusteringar (Kvam, Kvinnherad)

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

HARAM KOMMUNE Sakspapir

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksframlegg. Sakshandsamar: Helga Bakken Arkivsaksnr.: 12/ Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS)

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Hå, Time og Klepp sin eigarstrategi. for Jæren Industripartner AS

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 022/2016 Kommunestyret PS

Handsaming i Kommunestyret :

Kommunereformen. Representantskapet Fagforbundet 11. november 2014 Storefjell. Fylkesmann Helen Bjørnøy

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Nærpolitireforma - høyringsfråsegn

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

1. Mål med samhandlingsreforma

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Kommunedelplan for oppvekst

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

? Foto: Simen Soltvedt?

ETNE VENSTRE

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Kvam herad. Sakspapir

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Selje kommune Helse og omsorg

INTERNASJONAL STRATEGI

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

MØTEPROTOKOLL. Marit Aase (Krf) Jan Erik Boge. Merknader: Birthe Skar-Moum møtte kl. 15:30. Ho deltok derfor ikkje under handsaminga av sak 001/14.

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Til veljarane i Tysnes

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

VÅGSØY KOMMUNE - VIDAREFØRING AV DAGENS KOMMUNESTRUKTUR

Utvalet for plan og utvikling, landbruk, næring og teknisk støttar rådmannen si tilråding som gjeld ansvar 600 og 601, med følgjande merknader:

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Interkommunal legevakt

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Transkript:

Sak 031/ 16 Kommunereform kva vil Samnanger kommune Samnanger vil halda fram som eigen kommune Svar på spørsmål frå fylkesmannen Kommunestyret i Samnanger gjorde følgjande vedtak i sak 28/16 i møte 02.06.2016: Det vert halde folkerøysting om kommunereforma, 16. juni med følgjande alternativ: Set kryss: Eg ynskjer at Samnanger kommune skal vera eigen kommune Set kryss: Eg ynskjer at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar. Det er 1935 røysteføre i Samnanger. Resultatet frå den rådgjevande folkerøystinga er som følgjer: 55 % av dei røysteføre deltok. Av desse svara 63,2 % (666 personar) at dei ønskjer at Samnanger kommune skal vera eigen kommune, og 36,8 % (388 personar) at dei ønskjer at Samnanger skal så seg saman med andre kommunar. Kompetanse og kapasitet for å tilretteleggje for gode og likeverdige tenester for innbyggjarane sine i framtida herunder spesialiserte tenester. Samnanger kommune har på mange område gode faglege og administrative kompetansemiljø. På ein del område består fagmiljøet berre av éin person, og gjerne må denne personen arbeida på fleire fagområde. Ein utviklar såleis breiddekompetanse og er meir fleksibel i utføring av oppgåvene. På nokre område finn ein det meir økonomisk å kjøpa kompetanse i marknaden i staden for å tilsetja. I større kommunar har ein meir spisskompetanse, men kan likevel vera sårbar i periodar med fråvær, då breiddekompetansen og fleksibiliteten ein har i mindre kommunar, gjerne manglar. Område som kan vera sårbare i Samnanger, er teknisk forvaltning, løn og økonomi. Men pga. den korte avstanden til Bergen, er det generelt ikkje vanskeleg å rekruttera fagkompetanse. I mindre kommunar, som Samnanger, kan det vera ei utfordring for likebehandlinga, at det er liten distanse mellom sakshandsamar og innbyggjarar. Dette kan verta forsterka ved at det

ofte berre er éin sakshandsamar på ulike område. På den andre sida unngår Samnanger stordriftsulemper som større byråkrati, trong for meir intern koordinering, meir møteaktivitet og kanskje dårlegare lokalkunnskap. (Her kan ein jamføra med hovudkonklusjonane frå evalueringa av NAV-reforma som m.a. er at byråkratiet er størst på dei store kontora, og at små kontor leverer best resultat.) Det er òg viktig å understreka at gjennom framleis å vera eigen kommune vil Samnanger halda på kompetansearbeidsplassar, knytte til kommunehuset (ordførar, rådmann, sektor-/einingsleiarar og deira fagmiljø). Samnanger kommune har tilsette med relevant kompetanse på alle nivå. Kommunen har éin barneskule og éin ungdomsskule. Med få skular unngår ein såleis spreiing av det pedagogiske fagmiljøet. Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger viser at elevane trivst og oppnår gode resultat. På det spesialpedagogiske feltet har kommunen i mange år hatt samarbeid om PP-teneste med Vaksdal og Modalen. Men det spesialpedagogiske behovet endrar seg med elevane sine behov. Sjølv om ein del lærarar har spesialpedagogisk kompetanse, er det eit område kommunen bør styrkja. Musikkskulen i kommunen er eit svært populært tiltak med stor deltaking og høg kompetanse. Fleire unge har nådd langt innan utøvande musikk. Barnevernet i kommunen er lagt under Bergen, avd. Arna. Kommunen er òg knytt til Barnevernsvakten i Bergen. Det er positivt for kommunen å ha tilgang til denne døgnopne vakta. Kommunen har stabil legeteneste, helsestasjon, jordmorteneste og fysioterapi. I tillegg har ein etablert samarbeid med Fusa og Os om diabetes- og KOLS-koordinatorar som følgjer opp pasientar. Koordinatoren har fast kontordag i dei ulike kommunane. Ordninga er i tråd med samhandlingsreforma. Ein ny sjukeheim stod klar dette året. Innan pleie- og omsorgstenesta har ein sjukepleiefagleg kompetanse innan kreft/lindrande pleie og demens i tråd med krava til auka samhandling, slik at ein kan gje pasienten best mogeleg pleie og omsorg i nærmiljøet. Kommunen har og teke imot dei aller fleste utskrivingsklare pasientane frå sjukehus innan rett tid. Kommunen kan og selja sjukeheimsplassar til nabokommunane for å få auka inntekter og avhjelpa behov.

Innan plan- og byggjesaker, ikt og økonomi har kommunen spesialkompetanse, men leiger inn ekstra kompetanse ved behov. Kapasitet og kompetanse til å skape ei utvikling som er i stand til å løyse nasjonale utfordringar og standardar innanfor arealforvaltning, transport, beredskap, miljø og næringsutvikling m.m. Samnanger kommune ligg strategisk til i høve til vegsamband mot nabokommunar og regionen elles. Store deler av innbyggjarane i kommunen bur dessutan ved Samnangerfjorden. Transportmessig ser ein difor ikkje dei store utfordringane. Brannberedskap med Bergen kommune fungerer godt, i tillegg til lokal brannberedskap. Det er ikkje stasjonert ambulanse i Samnanger, men ein førstehjelpsbil ( first responder ) er med og gjev innbyggjarane tryggleik. Den kommunale kriseleiinga har ansvar for å koordinera kommunen sin sine ressursar i samband med større ulukker, naturkatastrofar, svikt i viktige samfunnsfunksjonar m.m. Omsorgsberedskapsgruppa har ansvar for å gje omsorg, hjelp og støtte til personar i samband med alvorlege ulukker/hendingar/situasjonar. Samnanger kommune er medeigar i Bergensområdets interkommunale Renovasjonsselskap (BIR). Det er difor BIR som har det praktiske ansvaret for renovasjonstenestene i kommunen. Samnanger har òg gjenbruksstasjon. Kommunen har stilt areal til disposisjon for havbruksnæringa og grøn konsesjon på Sagen. Miljø- og forureiningsproblem er handterlege i Samnanger. Større tettstader/bykommunar har større utfordringar knytt til luftforureining enn det ein har i Samnanger. Samnanger har stor tilgang på tomteareal både til bustadbygging og næringsareal. Det er tilrettelagt for industriverksemder i Rolvsvågen.

Kommunen er representert både i lokal og regional næringsutvikling. Elles har kommunen eit forbetringspotensiale når det gjeld marknadsføring, både med tanke på turisme, bustadbygging og etablering av næringsverksemder. Landbruk, dyrehald og produksjon av kortreist mat er veksande næringar i kommunen, og er med og set Samnanger på kartet. Desse næringane medverkar til verdiskaping og ivaretaking av natur-/kulturlandskapet. Utvikling av økonomisk robuste kommunar som er i stand til å møte driftsutfordringar, investeringsbehov og utforutsette hendingar -innanfor avgrensa økonomiske rammer Samnanger kommune har teke grep for å møta økonomiske utfordringar i framtida. Kommune har våren 2016 gjennomført grundige analysar av eigen økonomiske status og potensiale. Analysearbeidet er gjennomført av firmaet Agenda Kaupang, rapporten er vedlagt. Konklusjonen er at Samnanger har ein krevjande økonomisk situasjon i dag, men at føresetnadene for å retta denne opp er spesielt gode. Samnanger kommune har potensiale til driftsinnsparingar på inntil 25 MNOK pr år. Dette er innsparingar som inkluderer fråfall av inntekter i ny inntektsmodell. Kommunestyre fatta 12.05.16 eit samrøystes vedtak om økonomisk målsetjing for driftsresultat i åra framover: 2016 2 %, 2017 4 MNOK, 2018 6 MNOK, 2019 8 MNOK, 2020 10 MNOK. For å lukkast med den økonomiske snuoperasjonen er det i tillegg vedteke å etablera ei eiga styringsgruppe samansett av medlemmer frå formannskap, rådmann og representant for dei tillitsvalde. Dessutan skal det vera arbeidsgrupper i dei ulike kommunale sektorane. Tiltak som vert vedtekne innført, skal implementerast i kommunens budsjett og økonomiplan for perioden 2017-2020.

Samnanger kommune vil med den økonomiske snuoperasjonen verta i stand til å møta driftsutfordringar, investeringsbehov og uventa hendingar som ein kommune med Samnanger sin storleik vil kunna rekna med å møta i åra framover. Samnanger kommune er òg i søkjelyset som ein spesielt eigna stad for etablering av datasenter. Eventuell etablering av datasenter i Samnanger kommune vil kunne bidra til ein stor auke i arbeidsplassar og innbyggjarar, med ringverknader for anna næringsliv. Det er grunn til å framheva at dette er spesielt berekraftige arbeidsplassar. Utvikling av eit lokaldemokrati som er i stand å ta attende interkommunale oppgåver, ta på seg nye oppgåver og igjennom fagleg kompetanse og kapasitet er i stand til utvikle det kommunale sjølvstyret forutsett redusert statleg detaljstyring. Konklusjonane frå den omfattande forskinga på lokaldemokrati dei siste 20 åra er eintydig: Dei mindre kommunane skårar best på indikatorar for demokrati, slik som deltaking i val, medlemskap i politiske parti, erfaring frå politiske arbeid, kontakt mellom innbyggjarar og politikarar og kommunale tenesteytarar. Resultata for dei største kommunane er generelt dårlegare. Større kommunar svekkjer deltakinga i lokalt folkestyre. Me får fleire profesjonelle politikarar med større makt. Ei følgje av dette vert at færre får erfaring frå arbeid som folkevald, og færre vil kjenna og ha kontakt med folkevalde. I mindre kommunar har ein folkevalde som deltek for å representera innbyggjarane. Politikarane i Samnanger kommune har nærleik til innbyggjarane og stor lokalkunnskap. Det er nyttig gjennom heile den politiske prosessen. Samnanger løyser ein del av oppgåvene sine gjennom interkommunalt samarbeid. Ein har t.d. gode røynsler frå felles landbrukskontor med Os og Fusa. Å ta tilbake interkommunale oppgåver er ikkje noko mål i seg sjølv så lenge ein har nytte av det interkommunale samarbeidet og kan halda utgiftene nede. Ein opplever heller ikkje at dette er som eit vesentleg problem for demokratiet i Samnanger.

Konklusjon Det beste for innbyggjarane i Samnanger og utviklinga i kommunen og regionen er at Samnanger held fram som eigen kommune. Då ligg det til rette for at Samnanger får betre samfunnsliv, næringsutvikling, utføring av kommunale tenester og lokaldemokrati. Dette er òg i samsvar med det eit klart fleirtal av innbyggjarane har slutta seg til i folkerøystinga om samanslåing. Samnanger kommune vedtek difor å halda fram som eigen kommune og ønskjer ikkje å slå seg saman med andre kommunar. Samnanger kommune ønskjer i staden å utvikla eit godt samarbeid med nabokommunane. Kommunen vil få økonomiske utfordringar. Men gjennom sparetiltak og ei større bevisstgjering på korleis ein utfører tenestene, i tillegg til arbeid for nyetableringar og auka verdiskaping, ligg det til rette for at Samnanger kan halda fram som eigen kommune.