Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri

Like dokumenter
Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Søknadar til Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Bli lærling i BYGGOPP

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 12

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Innspel til regjeringa sin strategi for eksport og internasjonalisering

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Søknad - Marine for Health (M4H) - auka verdiskaping for marin ingrediensindustri i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Elev- og lærlingombod i HFK

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Søknad om støtte til «Midt-Norge - Føregangsregion for sjøtransport»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Under blir lista opp faste årlege tiltak gjennomført i 2018 med tal på deltakarar. Målgruppe

Møtereferat frå HSAMU

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Redusert eigendel elev-pc

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Tingvoll kommune. Saksfremlegg. Framdriftsplan for arbeidet med kommunereforma.

2014/

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Vågsøy kommune Rådmann

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Regionale effektar av Mørebyane som mellomstore byar. Professor Jørgen Amdam Høgskulen i Volda

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Regional planstrategi

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.02.2016 9699/2016 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.03.2016 Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri I sak RN-1/16, Handlingsprogram Verdiskaping 2016, foreslo administrasjonen å opprette eit program for omstilling av petroleumsretta leverandørindustri. I tillegg til 5 millionar kroner frå regionale utviklingsmidlar for 2016, ønskjer fylkeskommunen at 2,4 millionar kroner i ubrukte midlar frå tiltaksfondet 2015 vert tilført Omstillingsprogrammet. Totalt vil omstillingsprogrammet då ha ei ramme på 7,4 millionar kroner. I sak RN-1/16 trekk administrasjonen spesielt fram kompetansehevingstiltak for omstilling, og tiltak for å behalde lærlingar som døme på innsatsområde for omstillingsprogrammet. Fylkeskommunen la opp til at vi i dialog med næringslivet og klyngene skulle komme fram til nærare innretting av programmet. Innretting skulle vi legge fram for regional- og næringsutvalet i mars, og det vil vi gjere i denne saka. Fylkeskommunen er og involvert i eit omstillingsarbeid som Kommunal- og moderniseringsdepartementet har satt i gong med Hordaland fylkeskommune som prosjektleiar. Vi vil kort gjere greie for kva som er framdrift og innhald i dette arbeidet. Ei svært utfordrande tid for leverandørindustrien Bakgrunnen for å etablere eit omstillingsprogram er den stadig meir krevjande situasjonen i petroleumsrelatert leverandørindustri. Oljeprisen har frå sommaren 2014 gått frå 110 dollar til mellom 32-36 dollar fatet den siste månaden. I januar 2016 såg vi oljepris på under 30 dollar fatet. Fallet i oljeprisen har ført til ein dramatisk nedgang i etterspørsel, nye prosjekt vert lagt på is og oljeselskap har utsett vedlikehald og modifikasjonar for å få kontroll på kostnadane. Dette har fått konsekvensar for store deler av næringslivet i Noreg, spesielt Sør- og Vestlandet. Store deler av maritim næring i Møre og Romsdal har over det siste tiåret retta seg meir og meir mot petroleum. Verfta og underleverandørar er derfor og tungt eksponert mot petroleum. I tillegg til den petroleumsretta maritime klynga har Møre og Romsdal eit stort innslag av oljeservicebedrifter som leverer varer og tenester direkte inn i petroleumsindustrien. Til dømes har Kristiansundsregionen hatt ein formidabel vekst dei siste ti åra i den auka baseaktiviteten rundt Vestbase. Det som er mest synleg i mediebilete våren 2016 er den dramatiske situasjonen for offshorereiarlaga. Maritime.no skriv 16. februar at 108 offshoreskip ligg til kai, mange av desse er knytt til reiarlag i Møre og Romsdal. Samstundes som reiarlaga må legge mange skip til kai pga. lite oppdrag og låge ratar, skal dei betene gjeld. Dette er openbart krevjande finansielt for reiarlaga og reforhandling av gjeld er

svært aktuelt for mange reiarlag framover. Korleis långivarar stiller seg til reiarlaga er ikkje klart. Dei to regionane som så langt er mest råka er Kristiansund og Søre Sunnmøre. På Søre har både Ulstein, Hareid og Herøy fått arbeidsledigheit godt over lands- og fylkesnivået som er på 3,4 prosent i januar 2016. I Kristiansund er ledigheita på 5,2 prosent. Det er all grunn til å tro at talet på dei som har mista arbeidet er endå høgare for Søre Sunnmøre, i og med at verfta i stor grad har nytta innleige av arbeidskraft og ikkje alle desse vert registrert som ledige i Møre og Romsdal. På kort sikt er situasjonen svært krevjande. Mange bedrifter har måtte ty til permitteringar og oppseiingar. Bedriftene, med brei støtte frå bransje-, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, samt fylkeskommunen, har spelt inn ønskje om at regjeringa midlertidig utvidar permitteringsperioden til 52 veker. Regjeringa ønskjer derimot ikkje å utvide permitteringsperioden lenger enn 32 veker. Utover februar og mars vil mange av dei som vart permittert tidleg på hausten truleg bli sagt opp om ikkje ordresituasjonen for bedriftene snur svært raskt. Konsekvensar på lengre sikt Petroleumsindustrien vil vere ei viktig næring for Møre og Romsdal og Noreg i lang tid framover, dette er mellom anna grunna behovet for energi framover. Det låge nivået på oljepris vi ser no gjer likevel mange prosjekt ulønnsame. Det er venta ei noko høgare oljepris på sikt, men dei fleste ekspertane spår likevel at dei ikkje trur markanden skal tilbake på same nivå som den var før krisa slo til, og det er heller ikkje muleg å fastslå når oljeprisen skal stige. Det er derfor behov for å tenke omstilling både på kort og lengre sikt. Situasjonen for den enkelte arbeidstakar og familie som vert råka av nedbemanning er allereie utfordrande. Men ein ekstra grunn til bekymring er at denne situasjonen medfører risiko for at fylket og dermed bedriftene skal bli tappa for den viktigaste ressursen; arbeidskraft med høg kompetanse. Høg kompetanse gjeld både fagarbeidarar og anna høgt utdanna arbeidskraft som ingeniørar mm. Om mange av dei som vert oppsagt og permittert vel å flytte frå Møre og Romsdal for å få seg anna arbeid, kan det vere svært krevjande å få rekruttert dei tilbake den dagen markanden snur. I tillegg treng bedriftene denne arbeidskrafta til å snu seg mot nye produkt marknader, og vi ser dei fleste bedriftene held igjen dei tilsette så lenge det er råd. Ei anna stor utfordring med den krevjande marknadssituasjonen, er forholda for lærlingane. Om bedriftene ikkje kan tilby læreplassar vil det vere dramatisk for den enkelte elev som ikkje får fullført utdanninga si, men det er og svært uheldig på sikt fordi industrien er heilt avhengig av å rekruttere dyktige fagarbeidarar over tid. Elevar utan læreplass kan enten velje allmennfagleg påbygging eller ta omval av fagutdanning, eventuelt søke jobb utan fagbrev. Vi veit at det største fråfallet i den vidaregåande skulen er elevar som kjem frå fagutdanning og over på allmennfagleg påbygging. Næringa tar sjølv grep Mafoss fekk i 2015 støtte frå fylkeskommunen til å gjennomføre eit prosjekt med mål om å halde talet på læreplassar i bedriftene oppe. Sjølv om situasjonen ikkje tilsa dette tok bedriftene imot like mange lærlingar som før, ved at Mafoss organiserte ei ordning der lærlingane gjekk på omgang på dei bedriftene som hadde oppdrag. Elevane gjekk altså mellom bedriftene. Under periodane der det

ikkje var nok arbeid til lærlingane, fekk dei kursing og anna relevant kompetanseheving. Mafoss administrerte ordninga som var godkjent av utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, og elevane får godkjent opplæringa som grunnlag for fagbrev. I staden for at berre eit fåtal lærlingar fekk plass, klarte Mafoss saman med bedriftene å halde oppe antall læreplassar. Mangel på læreplassar vil vere ei stor utfordring for 2016, og muleg for 2017. Situasjonen kan til og med bli endå verre enn vi hadde i 2015. Fylkeskommunen ved utdanningsavdelinga ønskjer å sette av midlar for at liknande prosjekt kan gjennomførast i heile fylket i 2016/2017. Dette og andre prosjekt som medverkar til å halde gjennomføringa for elever på fagutdanningar oppe, vil kunne vere noko av det midlane i omstillingsprogrammet vil kunne dekke. Omstillingsarbeid på Sør- og Vestlandet Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett av 20 millionar kroner til omstillingsarbeid for petroleumsrelatert leverandørindustri på Sør- og Vestlandet. Arbeidet vert leia av Hordaland fylkeskommune, og totalt seks fylke er med, frå Møre og Romsdal til og med Aust-Agder. Hordaland fylkeskommune skal samle ei styringsgruppe for prosjektet før påske, med representantar frå alle fylkeskommunane, samt arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar og bedrifter. Den første oppgåva til styringsgruppa er å gje føringar for ei utlysing av dei 20 millionane, og det er mål om at midlane skal lysast ut rett over påske. Hordaland fylkeskommune har foreløpig lagt opp til at omstillingsarbeidet vert konsentrert om dei same fire strategiske områda som Hordaland fylkeskommune har prioritert i sitt eige arbeid med omstilling: Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast Omstilling av bedrifter Større omleggingar og innskrenkingar ved hjørnesteinsbedrifter Nasjonale tiltak påverknadsarbeid Kva som blir endeleg prioriteringar i utlysinga vert bestemt av styringsgruppa, gruppa må finne eit kompromiss mellom dei ulike fylka sine ønskjer. Agder-fylka har til dømes prioritert mobilisering til forsking som ein del av omstillingsarbeidet, så det er muleg at og dette kan komme inn som ei prioritering. Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt sine innspel ved oppstart av satsinga. Fylkeskommunen argumenterte at satsinga er overadministrert i forhold til dei ressursane som er sett av, og spelte inn behovet for at ein måtte prioritere bort nokre av dei strategiske områda om ein skulle lukkast å få reell effekt ut frå dei 20 millionane. Vurdering innretning for bruk av midlane Regional- og næringsavdelinga har vore i kontakt med mellom anna GCE Blue Maritime, Offshore Network og ikuben med tanke på innspel til prioriteringar for bruk av midlar. I tillegg har fylkeskommunen vore i kontakt med bedrifter og bransjeorganisasjonar, og vore i kontakt med dei andre fylkeskommunar. Det er bedriftene som sjølv kjenner behovet best, og store deler av midlane bør lysast ut slik at dei blir tilpassa dei behova som bedriftene har. Fylkeskommunen kan ikkje gi direkte bedriftsstøtte, så støtta må gå til tilretteleggande tiltak for fleire

bedrifter eller ein bransje. Klyngene ikuben og GCE Blue Maritime vil vere typiske aktørar som vil kunne iverksette prosjekt for bedriftene, samstundes vil det og vere bransjeorganisasjonar som Mafoss med fleire som bør kunne ha mulegheit til å søke på midlane. Alle parter fylkeskommunen har vore i kontakt med er klare på at tiltak for lærlingar er viktig. Utdanningsavdelinga i fylkeskommunen har og sett av midlar til dette arbeidet i 2016, og skal i tillegg ut med ein kampanje for å få fleire læreplassar, både frå offentlege og private. Fylkeskommunen bør ha midlar til å kunne forsterke denne satsinga ved behov, og vidare utgreiingar saman med næringslivet og utdanningsavdelinga blir viktig for å avdekke endeleg behov for 2016. Fylkeskommunen skal i løpet av april ferdigstille Forskings- og innovasjonsstrategien for Møre og Romsdal. Omstilling krev som regel innovasjon, og det er naturleg at fylkeskommunen sitt omstillingsarbeid må vere forankra i FoIstrategien. Globale trender som digitalisering, big data, tingenes internett og bærekraft påverker alle næringane i fylket. Eit døme på eit omstillingstiltak som har kome fram gjennom prosessen med ny strategi, er at fylkeskommunen kan legge opp til kompetansedeling og kompetanseheving på tvers av klyngene. Eit slikt eventuelt arbeid bør forankrast i strategien før det vert sett i verk. Mange bedrifter ser i desse dagar mot nye marknader, dette vert trekt fram av både ikuben og GCE Blue Maritime. Eit døme kan vere ei oljeservicebedrift som ønskjer å vri seg mot havbruksnæringa for å få fleire bein å stå på. Om bedrifta skal rette seg mot nye marknader må dei forstå korleis marknaden ein skal inn på fungerer, og ikkje minst må bedriftene ha klart for seg kva produkt og tenester dei kan dekke som vil gi meirverdi for kunden. Fylkeskommunen bør ha midlar for næringar og bransjar som ønskjer kompetanseheving på nye marknader dei vurderer å gå inn i. VRI, virkemiddel for regional forskning og innovasjon, er eit verkemiddel for å mobilisere bedrifter til å bruke forsking aktivt i sitt utviklingsarbeid. Møre og Romsdal har lukkast svært godt med VRI som verkemiddel. Både VRI og andre verkemiddel retta mot å mobilisere bedrifter til forskingsarbeid, som til dømes Skattefunn, er svakast utnytta på Nordmøre. Ein eigen kompetansemeglar for Kristiansund/Nordmøre kan vere eit tiltak for å bistå med omstillingsarbeidet. Vurdering Gjennom FoI-strategien og omstillingsarbeidet for Sør- og Vestlandet pågår det arbeid som vi må ta med når vi skal innrette midlane for omstilling i Møre og Romsdal. Det er og behov for ytterlegare dialog med utdanningsavdelinga og næringslivet om behovet for støtte til arbeidet med å halde læreplassar oppe. Det er og behov for ytterlegare dialog med partane, som til dømes ikuben og GCE Blue Maritime og andre før vi kan målrette midlane i ei utlysing. Regional- og næringsavdelinga tilrår derfor at regional- og næringsutvalet godkjenner at administrasjonen får fullmakt i å jobbe fram konkrete tiltak og eventuelle utlysingar innan følgande avgrensa område: Omstillingstiltak forankra i ny FoI-strategi Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar

Ved utlysingar av midlar det er regional- og næringsutvalet som gjer vedtak om tildeling. Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet godkjenner at administrasjonen får fullmakt til å arbeide fram konkrete tiltak og eventuelle utlysingar innan følgjande avgrensa område: Omstillingstiltak forankra i ny FoI-strategi Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef