Finnøy kommune Kommunestyret Tilleggsinnkalling Møtedato: 14.12.2016 Møtestad: Biblioteksalen Møtetid: Kl. 15:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Ryfylke næringshage presenterer 'Grendalaga som utviklingskraft' i byrjinga av møtet. Det vert servering av graut og innspel frå Finnøy kultur- og musikkskule kl. 14.30. Finnøy 09.12.2016 Henrik Halleland ordførar Randi-Merete Lode politisk sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 088/16 Styringsgruppe - Nye Stavanger - vara 089/16 Delegeringsreglement for Finnøy kommune Side 2 av 5
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Randi-Merete Lode K1-002 16/8959 Saksnr Utval Dato 088/16 Kommunestyret 14.12.2016 Styringsgruppe - Nye Stavanger - vara Forslag til vedtak frå rådmannen: Finnøy 09.12.2016 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Kommunestyret i Finnøy kommune vedtok i KS-057/16, 05.10.2016, å oppnemne følgjande fem personar som Finnøy kommune sine representantar i politisk styringsgruppe for «Nye Stavanger»: Henrik Halleland, Odd Bleie, Jon Olav Runestad, Trygve Hetland og Gro Skartveit. I møtet i styringsgruppa 23.11.2016 kom det nokre endringar i Spilleregler for styringsgruppen, deriblant eit punkt om vara: Det er ønskelig med 5 vararepresentanter. Det er konkludert med at det er opp til den einskilde kommune å vurdere korleis vara vert utnemnd. Ordførar har bedt om at denne saka skal opp i kommunestyret. Vurdering Konklusjon Side 3 av 5
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Helene M. Ohm K1-044 16/8184 Saksnr Utval Dato 089/16 Kommunestyret 14.12.2016 Delegeringsreglement for Finnøy kommune Vedlegg 1. 161209 Forslag RM- 20131002- Delegeringsreglement v1.1 (revidert e. vedtak KS-051-13) Forslag til vedtak frå rådmannen: Kommunestyret vedtek delegeringsreglement for Finnøy kommune, som i forslag frå rådmannen. Finnøy 13.11.2016 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Kommunelova 39 punkt 2 seier følgjande: 2. Kommunestyret og fylkestinget skal selv vedta reglement for delegasjon av avgjørelsesmyndighet og for innstillingsrett innen 31. desember året etter at kommunestyret og fylkestinget ble konstituert. Sist vedtatte reglement og eventuelle andre vedtak gjelder inntil nytt reglement er vedtatt. Kommunestyret skal altså med jamne mellomrom ajourføre kommunen sitt delegeringsreglement. Vedtak om delegering skal gjerast innan utgangen av første heile året i ny periode. Kommunestyret skal gjennom vedtak av delegeringsreglement ta stilling til korleis kommunen sin myndighet skal fordelast internt i kommunen: mellom kommunestyret og politiske utval og mellom kommunestyret og rådmannen. Kommunelova legg til grunn at all myndighet gitt til kommunen i generell lov og særlov, i utgangspunktet er lagt til kommunestyret. Det betyr at kommunestyret fattar vedtak på vegne av kommunen så langt anna ikkje følgjer av lov eller delegeringsvedtak. Vedtak som utan formell delegering av myndighet vert tekne av andre enn kommunestyret enten politisk eller administrativt kan vere ugyldige. Delegeringsreglement er avgrensa til å vere delegering av myndighet til å avgjere saker. Saksbehandlingsregler for folkevalde organ, skal vere i eige reglement, jf. kommunelova 39, punkt 1. Side 4 av 5
Gjeldande delegeringsreglement vart vedteke i 2013, vedtak KS-11/13 og vedtak KS-51/13. Rådmannen har gått gjennom gjeldande reglement, og legg i denne saka fram forslag til revidert delegeringsreglement. Forslag frå rådmannen er vedlagt. Endringar er markert som «merk endringar». Rådmannen foreslår å videraføre den form og struktur som ligg i gjeldande reglement. Men reglementet er oppdatert i forhold til endringar i lov- og regelverk, og det er foreteke nokre mindre språklege endringar og nokre mindre justeringar. Mindre justereringar og materielle endringar: Kapittel 4 Formannskapet. - punkt 4.15 om kommunalt næringsfond er foreslått sletta, fordi Finnøy kommune ikkje lenger har næringsfond Kapittel 6 Forvaltningsstyret. - språklege endringar/justeringar i punkt 6.2 (ikkje materielle ednringar) - punkt 6.2 følgjande avsnitt vert foreslått sletta: «Forvaltningsstyre skal avgjere enkeltsøknader med vesentlege og uttalte interessekonfliktar, dvs. med negative merknader frå nabo eller annen part inkludert regionale styresmakter, der merknaden ikkje er imøtekomen». Myndigheten vert foreslått overført til rådmannen, jf. kap. 9. Erfaringar viser at gjeldande delegering gjer saksbehandlingstida unødig lang, samstundes som saker med negative merknader ofte vert klagesaker, og kjem då til behandling i forvaltningsstyret. Kapittel 9 Rådmannen - Punkt 1 i gjeldande reglement seier at rådmannen skal leggja fram saksutgreiingar med vurdering og tilråding til vedtak i alle folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet og forhandlingsutvalet. Rådmannen foreslår å ta vekk forhandlingsutvalet frå unntaktsbestemmelsen. Rådmannens utgreiingsplikt gjeld alle faste utval, også forhandlingsutvalet. - I punkt 9 er tekst med eksemplar på ikkje-prinsippielle saker foreslått sletta. Vurdering Jf. over. Konklusjon Rådmannen tilrår at kommunestyret vedtek delegeringsreglement for Finnøy kommune, som i forslag frå rådmannen. Side 5 av 5