Ekstern vurdering. Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage Solgunn Wiik Bjørke og Marianne Meling

Like dokumenter
Ekstern vurdering. Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage. Solgunn Wiik Bjørke og Marianne Meling

Ekstern vurdering. Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage. Marianne Meling

Ekstern barnehagevurdering

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

Skjema for eigenvurdering

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Trinn 3 i ekstern barnehagevurdering innhenta og strukturera informasjon

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Ekstern hjelp til vurdering i barnehagar

Du må tru det for å sjå det

Månadsbrev for Rosa september 2014

Saman om Ørstabarnehagen

Informasjonshefte Tuv barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

VURDERINGSRAPPORT FOR SEKSE BARNEHAGE

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Å fremje felles interesser til beste for barnet

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Årsmelding for Urhei barnehage

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

2015/2016 Årsmelding Nordre Jarlsberg barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Barnehage til beste for barn

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

«Korleis skape eit godt og stimulerande språkmiljø i Florabarnehagen»

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnehagens samfunnsmandat 8. I vår barnehage har alle barn rett til å uttrykke seg og få innflytelse på alle sider ved sitt liv i barnehagen. 9. I vå

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Samskapinga i HAFS. Den gode barnehage- og skuleigar. UO-møte Åsmund Berthelsen

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

TILSYNSRAPPORT DEL - B

PROSJEKTPLAN FOR FURULY BARNEHAGE SPRÅKMILJØ OG SPRÅKSTIMULERING I BARNEHAGEN

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Barnehagen sitt samfunnsmandat

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Vurdering for utvikling

Frå novelle til teikneserie

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

SAMARBEID HEIM OG SKULE

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Elevundersøkinga 2016

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Frå barnehagebarn til skuleelev

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Transkript:

Ekstern vurdering Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage Solgunn Wiik Bjørke og Marianne Meling Korleis koma i gang med ekstern barnehagevurdering? Kva er stegene før, under og etter ekstern vurdering.

Starten på eit utviklingsarbeid Starta prosessar der ein reflekterer over eigen praksis og felles praksis i barnehagen Ekstern vurdering kan medverka til felles erkjenning av at det er behov for å endra praksis Barnehagen som lærande organisasjon, «snu spegelen innover»

Ekstern barnehagevurdering, 5 trinn 1. Velja område for vurdering 2. Laga framtidsbilde 3.Innhenta og strukturera informasjon 4.Analysera og gjera vurdering 5. Spegla tilbake til organisasjonen

Førearbeidet startar eit halvt år før Kontakt mellom ekstern vurderer og styrar Informasjon til heile personalgruppa, få ekstern vurdering inn i Årsplan/Verksemdsplan Setja av tid til Ståstedsanalysen, oppstart ½ år før ekst.barnehage.vurd Gjennomføra alle fasane i tråd med «oppskrifta» til ståstedsanalysen

Trinn 1, velja område for vurdering Ståstedsanalysen Kva veit me? Kva praksis bør me endra og korleis? Kva får me til, kva kan me verta betre på? http://www.udir.no/barnehage/stotteressurser/stastedsanalyse-for-barnehager

Informasjon frå BASIL 2012 2013 2014 2015 Antall barn totalt i barnehagen 56 63 60 64 Andel barn med heltidsplass 62,5% 95,2% 93,3% 90,6% Antall årsverk (unntatt adm./merkantilt personale og vaktmester, rengjøring etc.) 11 11,2 13 13,3 Andel årsverk med barnehagelærerutdannelse 50,0% 50,0% 62,5% 50,0% Andel årsverk med barne- og ungdomsarbeiderfag 14,3% 5,6% 25,0% 43,8% Voksentetthet 7,13 7,92 6,45 6,5 Oppfyller barnehagen pedagognormen Over normkrav Under normkrav Over normkrav Over normkrav Antall kvm leke- og oppholdsareal per barn 4,39 4,32 4,53 4,25 Om barnehagen har hatt tilsyn (stedlig eller skriftlig) siste år Nei Nei Ja Nei Andel ansatte med pedagogisk utdannelse 57,1% 55,6% 71,4% 53,3% Andel assistenter med pedagogisk eller barnefaglig utdannelse Andel dispensasjoner for utdanningskravet, pedagogisk leder 33,3% 14,3% 0,0% 0,0% 0,0% 12,5% 0,0% 0,0% Kommentar: Dei fleste barn har heiltidsplass. Høg pedagogtettleik

Andre undersøkingar Har barnehagen gjennomført undersøkingar som kan gi relevant informasjon for ei samla vurdering av barnehagens ståstad, skal desse med her. Eksempel på dette kan vere foreldreundersøkingar, medarbeidarundersøkingar, kompetansekartlegging m.m. Kommentarar: https://www.barnehagetrivsel.no Medarbeiderundersøking Brukarundersøking

Drøfting i fase 1 Heile personalgruppa samla eller ei gruppe som er representativ for personalet Funn og resultat som er relevante frå fase 1 blir oppsummerte her. Oppsummerer dei viktigaste punkta frå drøftinga: Høg pedagogtettleik. Forventningar om kvalitativt godt pedagogisk arbeid. Tilbakemeldingar frå foreldre. Tilbakemeldingar frå barna. Ynskje og behov i personalgruppa. Personalet valde : Hovudtema og tilleggstema språk

Fase 2: Eigenvurdering av barnehagens praksis Grøn - Praksis er tilfredsstillande Gul - Praksis må betrast Raud - Praksis må endrast - tiltak er nødvendig Veit ikkje Grøn - Praksis er tilfredsstillande Gul - Praksis må betrast Raud - Praksis må endrast - tiltak er nødvendig Veit ikkje

Barnehagen sitt samfunnsmandat 8. I barnehagen vår har alle barn rett til å uttrykkje seg og få innverknad på alle sider ved livet sitt i barnehagen. 2015-2016 - Hovudtema 0,0% 100,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 9. I barnehagen vår snakkar vi jamleg med foreldra om barnets utvikling og trivsel i barnehagen. 2015-2016 - Hovudtema 100,0% 0,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 10. Vi tek imot alle barn og foreldre når dei kjem til barnehagen. 2015-2016 - Hovudtema 100,0% 0,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 11. Vi tek farvel med alle barn og foreldre når dei dreg heim frå barnehagen. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 12. I barnehagen vår er foreldra trygge på at barna deira blir sett. 2015-2016 - Hovudtema 60,0% 40,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016

Planlegging og samarbeid 38. Barns medverknad kjem til uttrykk i planane våre i barnehagen. 2015-2016 - Hovudtema 20,0% 80,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 39. Foreldra I barnehagen vår har medverknad på planane vi lagar. 2015-2016 - Hovudtema 80,0% 20,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 40. I barnehagen vår drøftar vi resultata frå brukarundersøkingar og andre tilbakemeldingar frå foreldre og barn. 2015-2016 - Hovudtema 80,0% 20,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 41. Årsplanen vår gir informasjon om korleis barnehagen skal arbeide med omsorg, danning, leik og læring for å fremje barna si allsidige utvikling. 2015-2016 - Hovudtema 80,0% 20,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 42. Årsplanen vår gir informasjon om korleis reglane i barnehagelova om innhald skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast. 2015-2016 - Hovudtema 60,0% 40,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 43. I barnehagen vår reflekterer vi jamleg saman over det pedagogiske arbeidet vårt. 2015-2016 - Hovudtema 60,0% 40,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016

Barnehagen sitt arbeid med språkmiljø og språkstimulering 7. Vi vaksne gir barn som treng det, språkleg støtte i leik. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 8. I barnehagen vår oppmodar vi barna til å delta aktivt språkleg når vi les bøker saman. 2015-2016 - Hovudtema 20,0% 80,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 9. I barnehagen snakkar vi med barna om bøker vi har lese. 2015-2016 - Hovudtema 20,0% 80,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 10. Vi snakkar om ord vi møter i kvardagen, og om kva orda betyr. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 11. Vi bruker konkrete ting og/eller illustrasjonar for å gi barna ei god omgrepsforståing når vi forklarer nye ord. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 12. I barnehagen oppmodar vi barna til å lytte til lydar og rytmar i språket. 2015-2016 - Hovudtema 20,0% 80,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016

Tilleggstema Barnehagen sitt arbeid med språkmiljø og språkstimulering 1. Vi i barnehagen er gode på å stille opne spørsmål til barna. 2015-2016 - Hovudtema 0,0% 40,0% 60,0% 0,0% og språk august 2016 2. I barnehagen vår tilpassar vi samtalane til barnas alder og språklege nivå. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 3. I barnehagen vår oppmuntrar vi barna til å fortelje om eigne opplevingar. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 4. Vi vaksne støttar eigne forteljingar med illustrasjonar og/eller konkrete ting. 2015-2016 - Hovudtema 80,0% 20,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 5. Vi førebur barna med samtalar før vi skal oppleve noko saman. 2015-2016 - Hovudtema 40,0% 60,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016 6. Vi bruker barnas minne og opplevingar frå turar aktivt i samtalar når vi er tilbake. 2015-2016 - Hovudtema 20,0% 80,0% 0,0% 0,0% og språk august 2016

Fase 3: Samla vurdering Drøfting Heile personalet drøftar og analyserer resultata frå eigenvurderinga i fase 2 saman med relevant informasjon og resultat frå fase 1. Styrkar Vi har høg pedagogdekning. Fagleg arbeid og utvikling er viktig. Barna trivst i barnehagen. Personalet stiller krav til seg sjølv og leiing. Personalet møter barna på ein god måte. Leiken får plass og vert teken på alvor. Personalet samtaler om praksis. Planlegging og dokumentasjon av pedagogisk arbeid vert vektlagt og gjort på ein god måte. Det føregår observasjon i det daglege og barnehagen har rutiner for samarbeid med andre instansar og ved overgang til skulen. Svakheiter Vi manlar felles bvisstheit om, og tilrettelegging av, barns medverknad. Det same ser ut til å gjelda korleis jenter og gutar vert møtte og får utfordrigar og meistringsopplevingar. Vi har ein veg å gå når det gjeld aktiv bruk og utforsking av IKT saman med barna. Reglemessig lesing saman med barna, utforsking av språk, lydar og rytme i språket. Vi har for lite kunnskap om tospråkleg utvikling og treng meir påfyll i høve språkutvikling generelt. Ujevn kunnskap om korleis ein stiller opne spørsmål til barn og får til gode barnesamtalar

Oppsummering av dei viktigaste punkta frå drøftinga i fase 3 Vi har ei fagleg sterk personalgruppe og evne til å sjå utviklingsbehov. Vi treng felles drøftingar på tilrettelegging av barns medverknad, også i høve gutar og jenter. Vi treng fokus og påfyll høve arbeid med IKT, språkutvikling og tilrettelegging av eit fagleg godt språkmiljø for barn og personale i barnehagen. Personalet treng å auka sitt medvit rundt utviklande og språkfremmande samtalar med barn.

Mål og tiltak: Mål: Heva personalet sin kompetanse i arbeid med lærande språkmiljø Tiltak 1: Lesa og dela litteratur og erfaringar med kvarandre Gjennomføres fra: 15.08.2016 til 15.03.2017 Evalueringsdato/-måte: 08.12.2016 - Leiarteam/Personalmøte Ansvarlig: Styrar Tiltak 2: Gjera seg kjent med verkty og hjelpemiddel frå Udir Gjennomføres fra: 15.08.2016 til 08.12.2016 Evalueringsdato/-måte: 08.12.2016 - Presentasjon leiarteam/personalmøte Ansvarlig: Styrar Få gjennomført ekstern vurdering med tema: Personalet legg til Tiltak 3: rette for eit språkstimulerande miljø i barnehagen Gjennomføres fra: 06.03.2017 til 09.03.2017 Evalueringsdato/-måte: 15.03.2017 - Gjennomgang rapport på personalmøte Ansvarlig: Styrar

Tema for ekstern vurdering: Personalet legg til rette for eit språkstimulerande miljø i barnehagen Barnehagen v. styrar sender dette temaet til eksterne vurderar saman med utfylt Ståstedsanalyse og andre dokument frå barnehagen.

Viktig når ein vel område for vurdering: Området må ha innverknad på det pedagogiske innhaldet og barna sitt læringsmiljø: kvalitet i relasjonane, organiseringa, tilrettelegging av tid og/eller kvalitet i tilrettelegging av rom og materiell Område må omfatta barnehagen som organisasjon, ikkje ha fokus på enkeltpersonar Vurderingsområdet skal vera eit av barnehagen sine utviklingsområde, ikkje tema som barnehagen veit dei er gode på

Trinn 2, laga framtidsbilde Framtidsbilde vert laga ut frå barnehagen sin ståstad, og er bygd opp av kvalitetsmål og teikn på god praksis basert på resultat frå Ståstadsanalysen og føringar i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage skreddarsydd til barnehagen løysingsorientert og involverer mange til å tenkja positivt rundt korleis praksis skal vera. skildra ønska framtid/tilstand skildrar/beskriv «ønska situasjon» fagleg forankring/kva me veit om leik, læring, utvikling og god pedagogisk praksis

Framtidsbilde består av «Det bør leggjast til rette for brei medverknad frå barna, foreldra, barnehagepersonalet og eigarane når ein planlegg, dokumenterer og vurderer den pedagogiske verksemda.» (Rammeplan for barnehage 2011, s.53) Kvalitetsmål Det skal vera fire kvalitetsmål i eit framtidsbilde. Kvart kvalitetsmål er henta frå nasjonale føringar gjennom Barnehagelova eller Rammeplan for barnehage, og skal vera relatert til vurderingstemaet. Dei fire kvalitetsmåla skal ha fire ulike perspektiv: Barneperspektivet Personalperspektivet Foreldreperspektivet Barnehagen som lærande organisasjon Teikn på god praksis Her bryt ein ned kvart kvalitetsmål til maks fire teikn på god praksis. Teikna skal: Trigga handling Vera konkrete, mogeleg å svara ja eller nei på om det er slik i barnehagen i dag

Utforming av framtidsbilde Alternativ 1. Vurderarane lagar framtidsbilde Alternativ 2. Barnehagen lagar framtidsbilde Viktig: forankring i personalgruppa styrar er open for eventuelle innspel og forslag til løysingar sikra god kvalitet og forankring i lov og forskrift (regelverk) endeleg utkast: framtidsbilde dei tilsette har eit eigarforhold til eit bilde av ønska framtid for vår barnehage vurderarane avgjer den endelege utforminga av framtidsbilde

utforming av framtidsbilde Når vurderarane lagar framtidsbilde må dei ha Ståstadsanalysen og tilgjengeleg informasjon om barnehagen framfor seg Det er viktig - å tenka over kva dokumentasjon ein treng for å dekka heile framtidsbilde, og at ein skal analysera innsamla data og gi eit skreddarsydd framtidsbilde til barnehagen - at framtidsbilde er godt forankra og god kjent av dei involverte partar: tilsette, eigar og foreldra via SU/FAU før vurderinga startar - at barnehagen og vurderarane er einige om at det er framtidsbilde som er grunnlag for vurderinga

Eit godt framtidsbilde er nøkkelen i vurderingsarbeidet All informasjon som vert samla inn om barnehagen før og i løpet av vurderingsveka, skal seinare samanhaldast med teikn på god praksis Teikna på god praksis vil gi retning og heilt konkrete mål for det vidare utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen Når framtidsbilde skal utformast, må ein ta stilling til om ein skal gå i djupna eller bredda i vurderingstemaet

Spørsmål til refleksjon og drøfting i personalgruppa: Kva seier barnehagelova og Rammeplan for barnehage om temaet? Kva fire kvalitetsmål vil de prioritera i dette framtidsbilde? Korleis kan de bryta ned kvart kvalitetsmål til fire teikn på god praksis kva seier lovgrunnlaget, forskrifter, lokale planar og føringar? Korleis vil de ta i vare barnehagen sin profil, og ev. lokale tilpassingar? Er dette eit bilde av ønska framtid for vår barnehage? Er det område som personalet saknar? Er det noko de meiner at vurderarane har tatt ut av samanhengen? http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/

Døme på vurderingstema, framtidsbilde Tema barnehage gir alle barna god språkstimulering Personalet legg til rette for eit språstimulerande miljø i barneahgen Personalet leiar barna på ein varm og grensesettande måte Personalet deltek aktivt i leik og samhandling med barna Hvordan påvirker vår organisering de voksnes aktive samspill med barn? «Jeg får jevnlig veiledning fra min leder»

Trinn 3, innhenta og strukturera informasjon Med utgangspunkt i det godkjente framtidsbilde, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er neste trinn å planlegga og gjennomføra innhenting av data og informasjon. Innhenting av informasjon går føre seg både før vurderingsveka, og i vurderingsveka Innhenting av informasjon kan delast i fire hovudområde: Eksisterande informasjon i form av dokument Ståstadsanalysen Brukarundersøkingar blant barn, føresette/foreldre eller personalgruppa Innhenting av data i vurderingsveka Samtalar Intervju Observasjon Ev. påstandsskjema

Innhenting av informasjon før vurderingsveka All informasjon som fortel noko om vurderingstemaet og kan skaffast før vurderingsveka ved hjelp av eller i tillegg til Ståstadsanalysen, vil hjelpa vurderarane til å få eit innblikk i barnehagen sin pedagogiske praksis, læringsmiljø, virkemåte, kvardag og arbeid i høve vurderingsområde/temaet. Vurderarane legger inn alt dei kan i rapporten før vurderingsveka. Tidlegast mogeleg i vurderingsprosessen tar vurderarane kontakt med styrar og ber om å få tilsendt aktuell informasjon, det kan til dømes vera: Fakta om barnehagen Aktuelle planar Resultat frå brukarundersøkingar Rapportar

Framdriftsplan før vurderingsveka ½ år før ekstern vurdering Veke 35 Gjennomføra ståstadsanalyse for barnehage: http://www.udir.no/kvalitet-ogkompetanse/stastedsanalyse/stastedsanalysen-for-barnehage/ Drøfter resultatet av Ståstadsanalysen og vurderingstema med SU/FAU Barnehagen sender til vurderarane: Ståstadsanalyse, og vurderingstema. Relevant informasjon/dokumentasjon knytt til vurderingstemaet. Dette kan til dømes vera: Årsplan, pedagogisk plattform Satsingsområde Halvtårsplanar, månadsplanar, vekeplanar Månadsbrev Aktivitetsplan Kompetansehevingsplan Resultat frå brukarundersøking Anna informasjon: Fakta om barnehagen, skriftleg Foto av barnehagen til rapporten si framside Styrar og barnehageeigar Styrar Styrar Framdriftsplan

Veke 38 Veke 40 framdriftsplan før vurderingsveka Lag: Samtaleskjema for dei ulike gruppene Rapport-mal Ev. mal for PowerPoint presentasjon av rapport Send dette til barnehagen: Endeleg framtidsbilde Tidsplan for vurderingsveka, ev. justeringar Samtaleskjema til dei ulike gruppene: barna, personale og foreldra (ev. andre) Innkalling til foreldremøte, vedlegg: informasjon, framtidsbilde og samtaleskjema Informasjon til foreldra om barneintervju/formelle samtalar og foreldra sin reservasjonsrett Brev til barna, presentasjon av vurderarane, (1-2veker før vurdering) Informasjon til barnehagen, korleis dei skal førebu barna på intervju Vurderarane Vurderaran e sender dette til styrar. Styrar vidareformidlar dette til føresette og personalet

Innhenting av informasjon i vurderingsveka Tyngdepunktet i barnehagevurderinga er vurderingsveka. Det må settast av 3-4 dagar der vurderarane er i barnehagen. Dette verktyet tar utgangspunkt i fire dagar som er tilrådd. Dag 1 møte med styrar før dei byrjar arbeidet kontaktetablering både med barn og tilsette, presentasjon på avd./samling observasjon og uformelle samtalar Kontakta tillitsvalde Observasjon Personalmøte

Dag 2 Samtale med barna Foreldremøte Samtalar med styrar, og ev andre Dag 3 Observasjon Uformelle samtalar Dag 4 vurderarane er ikkje i barnehagen Tidsplan for vurderingsveka

Sett inn revidert tidsplan

Trinn 4, analysera og gjera vurdering Barnehagen vert vurdert ut frå framtidsbilde Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har samla inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka. Dei samanstiller og ser etter mønster i informasjonen, og held den opp mot teikn på god praksis, framtidsbilde.

Vurderarane sitt arbeid med gjennomføring av vurderinga Mellom dei ulike intervjua og observasjonane drøfter vurderarane: Kva såg me? Kva høyrde me? Kva område, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er godt dekka? Kva treng me å vita meir om? Etter kvar dag i barnehagen er det nyttig å gå gjennom teikn på god praksis og drøfta korleis informasjonen fargar framtidsbilde så langt: Kva har me tydeleg sett av god praksis Kva er me usikre på? Kva område ser det ut til at barnehagen har utfordringar med, utviklingsområde?

Bruk gjerne framtidsbilde og merk teikn på god praksis med fargekodesystemet grøn, (gul,) og raud frå Ståstadsanalysen Grøn: Gul: Raud: praksis er tilfredsstillande praksis må betrast praksis må endrast

Barnehagen skal ha tilbakemelding på framtidsbilde: Sterke sider knytt til vurderingstema/teikn på god praksis Utviklingsområde, praksis som kan verta betre Stabiliser og ta vare på dei sterke sidene! Fortsett å utvikla det barnehagen alt er god på den beste kvalitetsutviklinga skjer nødvendigvis ikkje ved å øva på dei største utfordringane!

Dokumentasjon av analysearbeidet vert gjort ved at vurderarane viser til kjeldene: Dette seier lov om barnehage/rammeplan for barnehage Dette har barnehagen scora på Ståstadsanalysen Dette seier barna Dette seier personalet Dette seier foreldra/føresette Dette har vurderarane observert Dette står i barnehagen sine dokument Dette står i eigar sine overordna planar

Rapport - frå drøfting, refleksjon analyse og vurdering til rapport Dag 4 Resultata frå vurderinga skal skrivast i ein rapport med fastsett mal Det er viktig at rapporten er overkomeleg Formålet med rapporten er at den skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen etter ekstern vurdering Rapporten skal bidra til å utvikla barnehagen til ein lærande organisasjon og ivareta samanhengen mellom pedagogisk praksis og heilskapleg barnehageutvikling

Merknadar til rapport For at eit teikn på god praksis skal vera ei sterk side må funna frå alle informasjonskjeldene samsvara; observasjonar, samtalar, dokument og undersøkingar Samtaleskjema skal ligga som vedlegg, men dei skal ikkje vera utfylt i rapporten Rapporten er offentleg

Trinn 5, Spegla tilbake til barnehagen Rapporten skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen etter ekstern barnehagevurdering Etter at barnehagen er stengt vert rapporten vert lagt fram for: Heile personalgruppa SU/FAU representantane i barnehagen, og ev. vararepresentantane og tillitsvalde Barnehageeigar Eventuelt andre som er invitert. Det kan vera spesialpedagog, PPT osv. Tidsramma er 1 1 ½ time.

Veksling Vurderaraen overrekker skriftleg utgåve av rapporten til styrar og barnehageeigar Stafettpinnen og ansvaret for oppfylging av rapporten er då gitt til styrar og barnehageeigar. Det krev: - refleksjonar og drøfting i personalgruppa - konkrete tiltak og handlingsplan for arbeidet - oppfylging av utviklingsarbeidet Styrar og barnehageeigar forpliktar seg til å fylja opp vurderingane i rapporten for kvalitetsutvikling i barnehagen Styrar har ansvar for å sei noko om vegen vidare, gangen i utviklingsarbeidet og motivera personalet for arbeidet

TIDSPLAN for vurderingsveka (held fram)

Verktyet finner de på Udir. sine nettsider http://www.udir.no/kvalitet-ogkompetanse/kvalitet-ibarnehagen/verktoy-forkvalitetsarbeid/eksternbarnehagevurdering/

Viktige spørsmål kan vera: Kva seier eigentleg rapporten? Kva er det viktigaste å gripa fatt i? Korleis kan ein oppnå at alle tilsette erkjenner utviklingsområda og behov for endring Korleis utarbeida ein plan for utviklingsarbeidet, med synleggjering av; prioriteringar, mål, tiltak, ansvar og tidsfristar? Korleis vert barnehagen sine mål, visjon og verdiar ivaretatt i drøftingar om framtidsbilde, utviklingsområda i rapporten, og mål og tiltak for utviklingsarbeidet? Kva praksis ønskjer barnehagen? Korleis skal fokus og praksis vera på leik, læring og utvikling for barna? Korleis er barnehagen sitt fokus på prosessmål i arbeidet med barna; i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske innhaldet, og korleis synleggjera dette for brukarane? Korleis vert barnehagen ein lærande organisasjon? Kva tiltak verkar, og engasjerer dei tilsette? Korleis kan barnehagen ta i bruk eksisterande kompetanse? Kva treng barnehagen av spesifikk kompetanseutvikling i forhold til utviklingsarbeidet, endring, mål og tiltak?