Tilbakemelding - samordna uttale med motsegn - Voss - kommuneplan

Like dokumenter
Høyring - forslag til endringar i plandelen i plan- og bygningslova

Samordna uttale med motsegn - offentleg ettersyn - Kvinnherad gnr. 154 bnr. 257 m fl - Opsonger - industriområde og bustadområde - detaljregulering

Samordna uttale til detaljregulering for Uggdal bustadområde - gnr. 66, bnr. 4, 6, 101 mfl.

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Ny organisering av arbeidet etter plan- og bygningslova og endra praksis i dispensasjonssakene frå

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Samordna uttale med motsegn i sak - offentleg ettersyn - Radøy - Bøvågen - områdeplan

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaknr 12/215

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Reguleringsplan for Øenmarki bustader.

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Kva må gjerast for å unngå dispensasjonar i LNF? Korleis unngår vi dispensasjonar, og kor må vi vurdere dispensasjonar i LNF?

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Kommuneplanens arealdel

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Tysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Samordna uttale med motsegn: Offentleg ettersyn - Fusa gnr. 19 bnr. 95 og del av bnr. 1 - Naustdalen - detaljregulering

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Radøy kommune Saksframlegg

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID UTVIDING AV PLANGRENSE

2. Referat frå oppstartsmøte

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

02/ /K1-140//LTA Manger: KOMMUNEPLAN FOR RADØY AREALDEL Føresegner

Radøy kommune Saksframlegg

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

MOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL VÅRE MERKNADER

Sakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /18 Kommunestyret (KS)

Radøy kommune Saksframlegg

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa kommune. Høyring av fellesdelen

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

Kommunedelplan for Sundreområdet Dette notatet skildrar endringane gjort i plankart og føresegner frå 1. gongs til 2. gongs offentleg høyring.

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Fråsegn til oppstart av reguleringsplan for avfallsmottak Bjørkemoen - Voss kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Høyringsuttale til forslag til endringar i vassforskrifta og naturmangfaldlova

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming

Opphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Statens vegvesen. Statens vegvesen sin uttale til kommuneplan for Kvinnherad kommune - Arealdelen

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Detaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

FRÅSEGN TIL ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR SNEKKEVIKA, RADØY KOMMUNE

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 047/14 Plan- og Miljøutvalet PS /14 Bystyret PS

Sula kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet Postboks 8112 Dep 0032 Oslo. Uttale - offentleg høyring - revisjon av kart- og planforskrifta

Kommunedelplan E 39 Heiane - Ådland/Nordre Tveita, Stord kommune - oversending av motsegn frå Statens vegvesen og Fylkesmannen i Hordaland

Melding om vedtak. Saka vart drøfta

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 031/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

Reguleringsplan for <namn på planen>

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Saksutgreiing til folkevalde organ

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 130/16 Plan- og miljøutvalet PS

Vedtaksbrev. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 14/ /GBR - 38/3, K2 - L12/

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

Utv.saksnr Utval Møtedato 34/15 Drift og arealutvalet /15 Kommunestyret

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Vår dato Dykkar d

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Vågsøy kommune Plan og utvikling

Skjema for høyringsinnspel

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Transkript:

Sakshandsamar, innvalstelefon Egil Hauge, 5557 2350 Cristian Alstad, 5557 2112 Svein Kornerud, 5557 2027 Vår dato 21.01.2015 Dykkar dato 19.01.2015 Vår referanse 2013/5058 421.3 Dykkar referanse Voss kommune Postboks 145 5701 Voss Tilbakemelding - samordna uttale med motsegn - Voss - kommuneplan 2015-2026 Vi viser til e-post av 14.1.2015, med attendemeldingar på brevet vårt av 12.1.2015 om samordna uttale statlege motsegner til kommeplanforslaget. Vi har formidla brevet vidare til Statens vegvesen og Forsvarsbygg. Begge opplyser at dersom kommunen vedtar planen med dei endringar administrasjonen har lagt opp til, vil motsegna reknast som imøtekomen. Vidare har Fylkesmannen vurdert endringsforslaget på bakgrunn av eigne aktuelle motsegnspunkt og i lys av det vi oppfatta at det var semje om etter dialogmøtet den 22.12.2014. Planomtale og KU Fylkesmannen har vurdert endringane og finn å kunne akseptere desse. Vi meiner framleis at planskildringa er lite utfyllande. På vilkår av at dei føreslegne endringane/ suppleringane vert tekne inn i endeleg plan, vil vi ikkje ha motsegn til desse tilhøva. Bømoen Vi registrerer at kommunen har teke innspelet til etterretning. På vilkår av at dei føreslegne endringane vert tekne inn i endeleg plan, har vi ikkje motsegn. Arealbruk Vi konstaterer og set pris på at kommunen på dei fleste punkta har følgd opp dei aktuelle motsegnspunkta med å føreslå endringar i planen sine framlegg til arealbruk For ordens skuld vil vi berre knyte nokre kommentarar til følgjande tilhøve: Råstoffutvinning Vi registrerer at kommunen i attendemeldinga si berre nemner R4C. Vi har likevel forstått det slik at kommunen har teke ut av planen også dei andre delområda (A og B). Det vil då ikkje lenger vere grunnlag for motsegn. Bustadområda B41: Fylkesmannen er etter ei ny vurdering samd i at det i dialogmøtet vart signalisert at dette feltet truleg kunne aksepterast. Vi opplyser difor med dette om at motsegn ikkje lenger er aktuelt. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland

Konklusjon: Dersom Voss kommune endrar planforslaget i tråd med administrasjonen si tilråding, vil grunnlaget for Fylkesmannen sine aktuelle motsegnspunkt til føreslegen arealbruk falle bort. Føresegner aktuelle motsegnspunkt I den samordna uttalen peika Fylkesmannen m.a. på at det er ein del forhold og manglar ved planføresegnene som etter vårt syn må utbetrast, før planframlegget kan vedtakast. Vi registrerer at kommunen berre på nokre punkt har vurdert innspela våre til føresegnene. Vi har difor gått gjennom aktuelle motsegnspunkt og kommunen sitt forslag til føresegner på nytt, i lys av kommunen si attendemelding etter dialogmøtet. Innleiingsvis minner vi om nokre grunnleggjande føresetnader for at føresegner til plan skal vere gyldige: - dei må seie noko meir enn det som er fastsett i plan- og bygningslova og fastsetje reglar utover sjølve lova - dei må vere klare og utforma som føresegner og ha ei form som føresegner. Vi går i det vidare gjennom føresegner som vi meiner må eller bør rettast opp. Der vi nyttar må, er det å rekne som motsegn. Generelle kommentarar Føresegnene er lite oversiktelege, med varierande overskrifter og nummerering. Det bør rettast opp i for å gjere det enklare for ålmenta, planleggjarar, sakshandsamarar, andre og medverkande styresmakter å ta føresegnene i bruk. 2. Generelle føresegner, pkt. 1 Innhaldet i føresegna seier ikkje meir enn lova. Plan- og bygningslova (pbl) 12 1 andre ledd er tilstrekkelig heimel for kommunen til å krevje plan. Dersom kommunen ønskjer å vere strengare i plankravet sitt, må det kome tydelegare fram. 2. Generelle føresegner, pkt. 5d Aktiv og restriktiv parkeringspolitikk er eit av dei viktigaste verkemidla for å fremje bruk av kollektive reisemåtar, sykkel og gange. Fylkesmannen meiner difor Voss kommune må utforme parkeringsføresegner, jf. pbl 11-9 nr. 5, for å styre arealbruk, bilbruk og trafikkavvikling i ønska retning. Parkeringskrava til Voss er i planen formulert som retningsliner i avsnitt 6.6. Desse retningslinene må gjerast om til føresegner. Dersom ordninga med frikjøp skal oppretthaldast, må parkeringsdekning for forretningsareal på eìn parkeringsplass pr. 50 m² formulerast som eit absolutt krav. Parkeringsdekning for kontorareal bør vise til bruksareal og ikkje til tilsette. 2. Generelle føresegner, pkt. 6 Fylkesmannen meiner kommunen bør leggje til følgjande til denne føresegna: «Bygg og anlegg skal tilpassast eksisterande terreng. Inngrep i terreng skal minimaliserast. Heimel: Pbl 11-9 nr. 6.» 3.1 Bustad Vi viser til Fylkesmannen si uttale av 12.01.2014, der det vart sagt at: 2

Fylkesmannen meiner elles at det må stillast differensierte krav til utforming av bustader i, og utanfor, den definerte sentrumssona, t.d. krav til mønehøgde, uteareal, estetikk, arkitektur, støy, soltilgang, helling, vegetasjon og leikeareal m.v. Dette punktet er ikkje følgt opp. Når kommuneplanen ikkje føl opp dette, må det takast inn og løysast på reguleringsnivå, noko som er lite effektivt. Når det gjeld plankrav til bustader, viser vi til tilbakemelding 2. Generelle føresegner pkt. 1. Denne føresegna må endrast. Forslag: «Det er krav om godkjend reguleringsplan for bygging av bustader. Unntak er byggetiltak inntil fire bustadeiningar.» Vi registrerer at administrasjonen innstiller på å ta ut pkt. 2 under føresegner for bustader. Det vert likevel viktig å få knytt krav til kvalitet på uteopphaldsareal. Å planlegge for eit samfunn med gode møtestader, moglegheit for leik og aktivitetsfremjande omgjevnader vert stadig viktigare. Fylkesmannen meiner at planframlegget må vise korleis rikspolitiske retningsliner for barn og unge er inkludert i planlegginga. Det må gå fram av føresegnene korleis dette vert oppfylt. Forslag til føresegn: Uteopphaldsareal skal ha eigna form, storleik og plassering for å ta vare på rekreasjon og leik for barn. Areala skal ha samla plassering og ikkje vere restareal. Uteopphaldsareala skal vere skjerma frå støy og forureining og ha gode solforhold. Areala skal opparbeidast med god og varig kvalitet og skal vere ferdigstilt samtidig med bustadene. 3.1 Fritidsbustad Vi viser til Fylkesmannen si uttale av 12.01.2014, der vi uttalte: Det er eit nasjonalt mål at fritidsbustader vert lokaliserte og utforma med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk. Det er kommunane som har hovudansvaret for å oppfylle det nasjonale målet. Det bør knytast krav til maksimal storleik og høgde for oppføring av fritidsbustad. Og vidare: Aktuelle motsegnspunkt: Fylkesmannen meiner føresegnene for fritidsbustader har eit for lågt detaljnivå til å gje tilstrekkeleg avklaring etter lova sine krav og nasjonale/regionale omsyn som skal liggje til grunn for planlegginga. Vi viser her til døme på føresegner i rettleiar T-1450 Planlegging av fritidsbebyggelse. Dette punktet er ikkje følgt opp og må løysast. Når det gjeld plankrav til fritidsbustader, viser vi til tilbakemelding 2. Generelle føresegner pkt. 1. Denne føresegna må endrast. Forslag: «Det er krav om godkjend reguleringsplan for bygging av fritidsbustader. Unntak er byggetiltak inntil fire einingar.» Retningsline for fritidsbustad nr 5 må elles takast inn som føresegn. Denne er også utforma som eit absolutt krav. 3

3.5 LNF spreidd utbygging Det kan ikkje setjast generelt plankrav til bygging i LNF-spreidd område, basert på talet på einingar. Dersom kommunen av ulike omsyn likevel ønskjer å krevje reguleringsplan ved utbygging i desse områda, har kommunen direkte heimel til det i pbl 12-1. Fylkesmannen meiner difor at under LNF-spreidd bustad bygging må pkt 3, andre og tredje setning takast ut, eventuelt under tvil unngå i retningslinene. Det same gjeld for LNF spreidd fritidsbustader pkt. 1, andre og tredje setning. Elles har vi fått avklart med kommunen at det er etablert omfangskriterier for dei einskilde LNF-spreidd områda, der det går fram talet på einingar i kvart område. Vi legg difor dette til grunn. 4.8 Gjeldande planar Vi tek atterhald om at denne føresegna vert erstatta med nytt punkt under generelle føresegner, jf. adm. innstilling pkt. 2.5: «Tidlegare vedtekne planar skal framleis gjelde, dersom dei ikkje er i strid med kommuneplanen.» Etter siste revisjon av plan- og bygningslova er det kome inn krav om at dersom eldre planar som vert vidareført gjennom bruk av omsynssone i kommuneplanen, skal kommunen vurdere om desse planane er i samsvar med nasjonale og regionale interesser. For å kome dette i møte, må kommunen leggje til følgjande til denne føresegna: «For eldre planar skal kommuneplanen gjelde.» 6.3 Retningsline for seksjonering Vi tyder denne retningslina slik at den handlar om bruksendring. I så tilfelle er det fleire andre tilhøve som spelar inn. Her er uklårt kor mykje bruksendring som vert tillate. Vi les det slik at her vert opna for 50 % fritidsbustader i Voss sentrum. Fritidsbustader i sentrum er unnatak, som vil krevje dispensasjon. Vi rår til å ta ut denne retningslina. 6.5-6.9 Retningsliner for bustadfortetting, parkeringsdekning, LNF og fritidsbustad Kommunen må sjå nærare på desse retningslinene om kva som høyrer til i ein planomtale og kva som bør inngå som føresegner. Planframlegget legg i stor grad opp til at kommunen skal styre gjennom bruk av retningsliner, ikkje føresegner. Vi viser til Fylkesmannen si uttale av 12.01.2014: Retningslinene i kapittel 6 er detaljerte og omfattande. Fylkesmannen er i dialog med kommunen om kva som høyrer til i føresegnene, og kva som høyrer til i planomtalen. Kommuneplanrettleiaren, T-1491, skildrar korleis arealføremåla bør nyttast saman med føresegner og omsynssoner. Bruken av retningsliner er i hovudsak knytt til omsynssonene på plankartet. Rettleiaren seier likevel at «det er ikke noe forbud i loven mot at kommunen fortsetter praksis med å gi utfyllende retningslinjer til planen..» Fylkesmannen ser også at det kan vere tenleg med bruk av retningsliner i ein del samanhengar, men kan ikkje tilrå dette i så utstrakt grad som planframlegget legg opp til. Vi meiner framleis at retningslinene bør gjennomgåast og det må sortarast i mellom retningsliner og føresegner. Retningslinene som ikkje har juridisk rettsverknad, må heller ikkje formulerast som absolutte krav. 4

I høve til pkt. 6.8 nr. 3, meiner vi denne er svært uheldig då den kan tolkast som eit signal om at kommunen generelt vil kunne opne for frådeling av eksisterande våningshus på garden. 6.11 Retningslinjer for differensiert forvaltning av vassdrag i Voss kommune. Fylkesmannen vil sterkt tilrå at retningsline 6.11 blir gjort juridisk bindande og flytta til føresegnene. I følgje pbl. 1-8 skal kommunen i kommuneplanens arealdel vurdere å fastsette byggegrense på inntil 100 meter langs vassdrag som har betyding for natur-, kulturmiljø- og friluftsinteresser. Retningsline 6.11 nr 2 viser til at forvaltning av vassdraga skal skje etter ei differensiert vurderinga av verneverdiar og arealtilstand. Det er ikkje ei tilstrekkeleg detaljert forbodssone, og all den tid kommunen vel ei slik avgrensing, vil Fylkesmannen ta atterhald om å vurdere dette spørsmålet i alle saker av betyding for vassdraget. Med helsing Rune Fjeld assisterande fylkesmann Egil Hauge prosjektleiar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Statens Vegvesen - Region Vest Askedalen 4 6863 Leikanger Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen Forsvarsbygg Postboks 405 Sentrum 0103 OSLO 5