Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy April 2008
Innhald side 1 Forord. 3 2 Undersøkte løysingar........ 3 3 Dagens kommunikasjonar.... 6 4 Aktuelle alternativ....... 7 4.1 Opprusting av eksisterande ferjeleie. 7 4.2 Ferjeleie i Glevik.... 8 5 Konklusjon....... 10 2
1.0 Forord På slutten av 2008 vert truleg anleggsarbeidet med nytt ferjeleie på Årsnes starta opp. I tilfelle vil ferjeleiet kunne opna for trafikk i 2010 og vil erstatta dagens ferjeleie på Løfallstrand i sambandet mot Gjermundshamn og Varaldsøy. Ved å flytta ferjeleiet frå Løfallstrand til Årsnes vil ein redusera overfartstida frå om lag 25 minutt til om lag 20 minutt både i hovudsambandet mot Gjermundshamn og i sambandet til Varaldsøy. Når ein får nytt ferjeleie på Årsnes kan ein setja inn større ferjer i hovudsambandet. Lengda på kaia og djupneforholda ved Løfallstrand gjer at ein ikkje kan setja inn større ferjer enn dei ein nyttar i dag. I dag trafikkerer to ferjer sambandet kvar med kapasitet på 32/42 og 35/45 bilar. Korleis ein vil arrangera ferjedrifta etter at Årsnes ferjeleie er tatt i bruk, er ikkje fastlagt. Men truleg vil ein behalda to ferjer i sambandet og nytta ei større ferje i hovudsambandet Årsnes Gjermundshamn og ei mindre ferje som og tek med sambandet mot Varaldsøy så lenge ein ikkje har gjort noko med ferjekaia på Varaldsøy. Skal ein berre nytta ei ferje i trekantsambandet må ferjeleiet på Varaldsøy flyttast lengre sør på øya og dimensjonerast slik at større ferjer og kan betena denne destinasjonen. Tilkopling av vegnettet på Varaldsøy til vegnettet på fastlandet med fast vegsamband, vil vera ei kostbar løysing som ikkje vert drøfta vidare i denne utgreiinga. Truleg vil den billigaste løysinga vera med bru over Bondesundet. Dette sundet er på nordsida av øya medan vegnettet og busetnaden i store trekk er lokalisert på søre delen av øya. Topografien er og svært bratt på nordre del av øya, slik at tilkomst til ei bruløysing truleg må skje via ein lengre tunnel. 2.0 Undersøkte løysingar Flytting eller utbetring av eksisterande ferjeleie på Varaldsøy er ei gamal sak som har vore drøfta fleire gonger utan at det er utarbeidd formelle planar. Dei løysingane som har vore framme er: 1. Opprusting av eksisterande ferjeleie. 2. Nytt ferjeleie i Glevik på vestsida av Skjelnesodden 3. Nytt ferjeleie i Låtrevika på austsida av Skjelnesodden 4. Nytt ferjeleie i Ferjevika på austsida av øya 3
Ved synfaring, for ein del år sida, konkluderte ein meg at Ferjevika ligg for langt nord på øya og med omsyn til overfartstid, vert dette ei dårlegare løysing enn noverande samband. Området er brattlendt og med ein del busetnad i nærleiken. Derfor er denne plasseringa ikkje aktuell. Låtrevika er heller ikkje godt egna som ferjeleie fordi området rundt er bygd ut med mange hytter og hamneforholda er ikkje gode. Det er ikkje stor nok djupne til aktuelle ferjer og ei utdjupning ville vera kostbar. Løysinga i Låtrevika er i store trekk lik løysinga i Glevika med omsyn til overfartstid til Årsnes og Gjermundshamn. Ein vurderer og dei negative konsekvensane med ferjeleie i Låtrevika som mykje større enn eit tilsvarande ferjeleie i Glevika. Derfor vert Låtrevika vraka og ein sit ein attende med to løysingar som er aktuelle: 1. Opprusting av eksisterande ferjeleie. 2. Nytt ferjeleie i Glevik på vestsida av Skjelnesodden Parti av ny skogsveg mot Skjelnesodden 4
Denne utgreiinga vil freista å dokumentera data for desse to løysingane slik at ein kan gjera eit val kor ferjeleiet på Varaldsøy skal liggja i framtida. Sørover Skjelnesodden er det bygd skogsvegar av god standard dei siste åra. Ein føresetnad for eventuelt ferjeleie i Glevika, er at ein kan nytta deler av desse skogsvegane som tilkomstveg til nytt ferjeleie. Skogsveg mot Skjelnesodden. Om lag ved gjerde tek ny veg til venstre ned mot nytt ferjeleie i Glevika. 5
3.0 Dagens kommunikasjonar Varaldsøy har ikkje snøggbåtsamband og all offentleg transporttilbod skjer med buss og ferje via Gjermundshamn eller Årsnes, Løfallstrand i dag. Ferjetrafikken dei seinaste åra viser stabile tal utan noko vesentleg auke. Så langt Statens vegvesen kjenner til er det ikkje aktuelle planar for utbygging på øya som vil medføra vesentlege endringar i trafikkmønsteret. Trafikktala nedafor er henta frå Statens vegvesen sine årsrapportar dei siste åra: Årstal Gjermundshamn - Varaldsøy Løfallstrand - Varaldsøy Sum 1997 13048 10975 24023 1998 13348 11197 24545 1999 13518 10823 24341 2000 13889 9556 23445 2001 13750 10916 24666 2002 13446 11371 24817 2003 12351 12975 25326 2004 12272 12852 25124 2005 12604 13337 25941 2006 13254 13105 26359 2007 14142 13645 27787 Ser ein trafikkutviklinga over ein tiårsperiode frå 1996 til 2008, ser ein at trafikken mellom Løfallstrand og Varaldsøy har auka meir enn mellom Gjermundshamn og Varaldsøy. Trafikken mot Gjermundshamn og Løfallstrand har jevna seg ut og er no om lag like stor. Trafikkauken mellom Gjermundshamn og Varaldsøy er i tiårsperioden auka med 8,4 % medan tilsvarande tal for Løfallstrand Varaldsøy er 24,3 %. Ser ein total trafikk til/frå Varaldsøy er trafikkstigninga på om lag 15,7 % i sama tidsperiode. Trafikktal på 27787 bilar tilsvarer ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på om lag 77 kjøretøy/døgn. 6
4.0 Aktuelle løysingar 4.1 Opprusting av eksisterande ferjeleie Oppstillingsplassen på land er stor nok og fungerer tilfredstillande. Statens vegvesen er ikkje kjent med utbyggingsplanar som vil påverka trafikkmengda. Ferjeleiet har servicbygg. Trafikkforholda ved oppstillingsplassen er gode og ein føreset ingen arbeider bortsett frå forlenging av kai, ny ferjelem med hydraulistisk anlegg og fjerning av undervasskjer utafor ferjeleiet. Ein av dei store fordelane med dagens plassering er at ferjeleiet ligg tett inntil der hovuddelen av innbyggjarane bur slik at dei får kort veg til ferjesambandet. Ulempa er at fejestrekninga vert lang.. Kostnader med å forlengja kaien, fjerna flu ved kaien og ny ferjelem inkludert nytt løfteutstyr er prissett til 25,0 mill. kroner. Opprusting av noverande ferjeleie på Varaldsøy: Aktivitet Pris i mill. kr Ny ferjebru og hydraulikk 2,5 Forlenging av kaipir + brubås 7,2 Utdjuping i ferjebås 1,0 Fjerning av flu 6,0 Ny trafo 0,3 Prosjektering og byggeledelse 3,5 MVA 1,5 Uforutsett i forhold til detaljeringsg. 3,0 Sum 25,0 7
4.2 Ferjeleie i Glevik. Et ferjeleie i Glevik vil liggja i eit område som ikkje har busetnad verken fastbuande eller fritidsbustader. Området er derfor ikkje sårbart for ulemper med trafikkstøy og er i kommuneplanen avsett som LNF-område. Ferjeleiet vert dimensjonert og kostnadsrekna med bruk av stor ferje for at denne haldeplassen kan inngå i eit opplegg med ei ferje i eit trekantsamband. Glevika. Ferjeleiet vil bli liggjande om lag midt i biletet. Kostnader for ferjekai er henta for overslag frå Årsnes ferjeleie og korrigert for stadvise forhold. Årsnes ferjekai har berre kaiarbeid i tillegg til ferjelem og løfteutstyr. Det er ingen undervassarbeid for å utdjupa ferjeleiet. Nytt ferjeleie i Glevik er stipulert til om lag 50 mill. kroner i 2008-kroner. 8
Ny ferjekai i Glevika: Aktivitet Pris i mill. kr Nytt kaianlegg m/bru og hydraulikk 13,0 Servicebygg 1,5 Strøm/vatn/avløp/tele 3,5 Opprusting av ny skogsveg ca 1,3 km 5,2 Nye møteplassar 0.8 Ny oppstillingsplass og tilkomstveg 9,0 Prosjektering og byggeledelse 9,0 MVA 3,0 Uforutsett i forhold til detaljeringsg. 5,0 Sum 50,0 Fv 126 Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy Haldeplass og tilkomstveg vert dimensjonert som ei minimumsløysing med haldeplass med plass til om lag 30 personbilar. Buss kan snu på haldeplassen og det er tatt med oppstillingsplass til to bussar. Servicebygg og infrastruktur som straum, telefon og vassleidning er tatt med i kostnadene. Kostnader til opprusting, møteplassar og asfaltering av nye skogsvegar som tilkomstveg til ferjeleie er og tatt med i kostnadstallet. Når Årsnes ferjeleie vert tatt i bruk, truleg i 2010, er det mogeleg å setta inn større ferje i hovudsambandet. Sjølv med større ferje må ein truleg ha to ferjer for å få ein tilfredstillande frekvens i sambanda. Den mest effektive løysinga økonomisk, er å nytta til dømes ei 50-bilers ferje i to skift; at den gå heile dagen og så nytta ei større ferje i hovudsambandet Årsnes Gjermundshamn i eit skift i den perioden trafikken er størst. Ved eit ferjeleie i Glevik vert overfartstida mellom Varaldsøy og Årsnes redusert frå 20 minutt til Varaldsøy til 15 minutt til Glevik. Og ferjesambandet mellom Varaldsøy og Gjermundshamn får redusert reisetid frå 15 minutt i dag mellom Varaldsøy og Gjermundshamn til om lag 11 minutt mellom Glevik og Gjermundshamn. 9
5.0 Konklusjon. Ut frå ei heilheitsvurdering vil Statens vegvesen tilrå følgjande løysing: Det framtidige ferjeleiet på Varaldsøy vert plassert i Glevika på vestsida av Skjelnesodden. Hovudgrunnane for denne tilrådinga er: Ei plassering som reduserer overfarten til Gjermundshamn og Årsnes til eit minimum og sikrar rasjonell og effektiv ferjedrift. Ei løysing som kan gjera det mogeleg med berre ei ferje i trekantsambandet. Dette kan redusera ferjekostnadene, men er avhengig av ei ferje med god marsfart. Reduserte ferjekostnader kan føra til eit betre ferjetilbod. Ei framtidsretta plassering som ikkje medfører støyproblem for busetnaden på øya, verken frå vegtrafikkstøy eller støy frå ferjedrifta.. Potensialet for utviding av ferjeleiet i framtida er større i Glevika. 10