Vedlegg 2, del I Kartbilder frå nord, via Boga, Hafskor, Eikelandsosen, Hålandsdalen og sævareid til Lygrepollen. Etterfulgt av kartbilder frå Austestad via Fusa og til Håvik. Kolleid Vidareføring av naustrekke (naustinnspel 25 inngår) og eksisterande område for spreidd bustadbygging utvidast mot nord(bustadinnspel nr. 71 inngår). Innspel om nye næringsareal (nr. 17 og 2) takast med til vidare vurdering. Nye naustområde vert ikkje vurdert jmf. retningslinjer. 1
Holmefjord A B Bustad 21 Holmefjord har to område med spreidd bustad i LNF. Administrasjonen rår til at område A vert teken ut, medan område B vidareførast og knytast saman med nye bustadområde under utvikling mot sør, samt at dette utvidast noko på oppsida av funksjonell strandsone. Bustad 36 må vurderast mot funksjonell strandsone, og innspelet vert med til vidare vurdering. Hytteområde 26 vert ikkje vurdert ved sjø her, jmf. retningslinjer, men det vurderast høve til fellesnaust for det vaksande bustadområde, og båtplassar i flytebrygge. Det er eksisterande veg til sjø. På oppside av vegen (hytteområde 26) kan det vere eigna til vinterlagring av båt. Straumavika kan sikrast som friluftsområde inn på land og holmen kan takast med. Innspel om endring til naustområde og bygging av utleigeleilegheig står kommentert i liste for naust, nr 12 og 35. Næringsinnspelet i vest er utviding av eksisterande næringsområde på Boga, og vert tatt med til vidare vurdering. 2
Ådlandsfjorden/Samnøysjøen Industri 19,20 Landbruk(utleigeleil.) 5 Næring (naturstein) 29 Friluftsområde 5(1) Vern (tønnebuer) 14 Hytteområde(+ marina) 13 Kartet viser innkomne innspel. Russholmen/Ådlandsholmen vert foreslått som friluftsområde med tilgang frå båt. Hytteområde 13 vert ikkje vurdert, jmf. retningslinjer. Begge næringsinnspela vert teken med til vidare vurdering. Innspel om utleigeleilegheiter til tønnegarden må sjåast i samband med landbruk og justering av industriområde(19,20). Innspel 14 om bruk av tønnebuer må vurderast mot kultur, og takast med vidare. 3
Bogøy Bustad i spreidd LNF Bustader i spreidd LNF på Samnøy vidareførast, formålsgrensene og tal på bustader som kan byggast her må vurderast på nytt. Industriområdet nord på Samnøy takast med til vidare vurdering. Bustadområdet i nord er eit nytt område som ikkje vurderast jmf. retningslinjer. Hytteområdet som er foreslått i nord er utviding av eksisterande, det same gjeld naustområdet. Desse skal takast med til vidare vurdering. Det er og kome innspel om gang- og sykkelveg(svart markering), som vidareførast til trafikksikringsplan. 4
Hafskor - Altaneset Næring 24(3) Friluftsområde 3 Næring 14,15 Naust og flytebrygge 7 Bustad 17 Naust 14 Bustad 32 Hytte 4 Innspel om friluftsområde, klatrevegg og tilrettelegging for aktivitetar på Altaneset(3) takast med til vidare vurdering, området setjast truleg som LNF. Næringsinnspel(14,15,24) takast med til vidare vurdering. område for naust og flytebrygge(7) takast med til vidare vurdering, det gjeld også innspel om naust i eksisterande naustområde( naust 14). Hytteinnspel 4 er utviding av eksisterande hytteområde, men takast ikkje med vidare då det nyleg er godkjend reguleringsplan for hytter her, og området ligg tett til bustadområde og landbruk. Bustadområde 32 vert vurdert vidare som mogeleg spreidd bustadbygging i LNF, medan område 17 ikkje vert vurdert jmf. retningslinjer. 5
Helland - Eikelandsosen Bustad 80 Bustad 54(2) Bustad 3 Bustad 5 Bustad 64 Naust 22 Helland er eit potensielt stort bustadområde med nærleik til kommunesenteret. Det er gangavstand til skule, barnehage, butikk osv. Infrastrukturen gjer at utbygging vert prioritert på oppside av veg. Det er tenkt ei trinnvis utbygging, der det vert stilt krav om gang og sykkelveg inn mot skule og sentrum. Utbygginga er tenkt frå aust mot vest. Innspel 54(2), 80 og 64(ombygging av laksebedrift) vert med til vidare vurdering. Innspel 3 og 5 vert ikkje prioritert jmf. retningslinjer. 6
Koldal Eikelandsheiane - Skjelbreid Sentrumsutvikling/idrettsanlegg 5 Bustad 68 Bustad 69 Bustad 14 Bustad 16 Industri 24(2) Industri 7 Områdeplan for sentrum Bustad 8 Industriområdet sør for vegen har potensiale for utviding austover. Det er aktuelt å sjå på eit større samanhengande område. Bustadinnspel 14,16 og 69 er i konflikt med retningslinjer og takast ikkje med til vidare vurdering. Bustadinnspel 8 gjeld utviding av eksisterande bustadformål, og vert ikkje vurdert vidare jmf. Siste kulepunkt under kriterier for bustad. Bustadinnspel 68 er utviding av eksisterande bustadområde, og takast med til vidare vurdering. Innspel om idrettsanlegg ved skulen på Stallabrotet takast med til vidare vurdering. Sentrum i Eikelandsosen skal utviklast på bakgrunn av eigen områdeplan, som fremjast av kommunen i eigen prosess. 7
Skjelbreid Hålandsdal Hytte 29 Bustad 15 Bustad 65 Bustad 67 Eksisterande LNF spreidd bustad Tettstadsutvikling, idrett Innspel om hytter i fjellet er i tråd med retningslinjer og takast med til vidare vurdering. bustadinnspel 15 gjeld utviding av eksisterande bustadområde og takast med til vidare vurdering. bustad 65 vert tatt med til vidare vurdering, evt. som utviding av spreidd bustadbygging i LNF. Bustad 67 vert vurdert vidare som mogeleg bustadområde nært sentrum. Det ligg nyleg godkjend reguleringsplan for bustadfelt på Botnen, vest for bustad 67. Eit større område ligg som LNF spreidd bustad i plan, og kan vidareførast. Innspel om offentleg/idrett takast med til vidare vurdering. 8
Skogseid Tilrettelegge tilgang skogseidvatnet Bustad 27 Bustad 27 er eit nytt bustadområde, og vert ikkje tatt med til vidare vurdering jmf. retningslinjer. Det ligg framleis ledige tomter i eksisterande område for spreidd bustad i LNF på sørvest sida, og dette kan vidareførast. Innspel om båtplassar og tilrettelegging for tilkomst til Skogseidvatnet, heng saman med bustad 27, og er i tråd med måla om tilrettelegging for friluftsområder i alle bygder, og takast med vidare. Det er òg kome inn nokre akvakulturinnspel i området rundt Skogseidvatnet, som takast opp i eige dokument. 9
Tombre - Skogseidvatnet Hytte 28 Hytte 32/ Bustad 62 Hytte 35 Innspel 28, 32 og 35 er nye hytteområder, og kan ikkje takast med vidare. Innspel 32 er i tillegg eit innspel om bustad(62). Bustad 62 er fortetting i eksisterande bustadområde, og takast med til vidare vurdering. 10
Sævareid - Engjavik Industri 3 Bustad 54(3) og 75 Naust, båthamn 24 Friluftsområde 13 Omsynssone kultur, admin. forslag Eksisterande bustad Omsynssone kultur, admin. forslag Industri 13 gjeld justering av formålsgrenser, og funksjonell strandsone. Innspela takast med vidare. Bustad 54(3) og 75 gjeld flytting av framtidig bustadområde på oppsida til nedsida mot sjøen, med tilgang til naust og båtplassar(24), og at det avsetjast friluftsområde med badeplassar på neset(13). Innspela vert med til vidare vurdering. På sørsida av fjorden er det ringa inn to område der administrasjonen rår til at det vert vurdert omsynssoner; rundt Engjavik gard og rundt eldre kulturmiljø på neset. 11
Mjånes- Baldersheim Næring 22 Næring 8 Hytteområde 12 Hytteområde 12 er eit nytt hytteområde, ikkje i tråd med retningslinjer, og vert ikkje tatt med til vidare vurdering. Innspela om industri(8, 22) i nord vert tatt med til vidare vurdering. Det ligg næringsareal i eksisterande plan. 12
Baldersheim Naust 8 Bustad 25 Bustad 31 Naust 8 Bustad 44(b) Bustad 44(a) Bustad 44(c ) B C D Bustad 61 A Friluftsområde 10 Skule To potensielle naustområder(8) vert vurdert som områder med naustpreg, og takast med til vidare vurdering. Bygdeutval har kome med generelt innspel om fortetting med bustader langs veg mellom skule og Baldersheim Helsetun, og det er kome inn fleire konkrete område til bustader. Bustadinnspel 25 ligg på framtidig bustadområde i eksisterande plan, og videreførast. Bustad 31 ligg nært butikk og Helsetunet, og takast med til vidare vurdering. Det er nyleg godkjend reguleringsplan for bustader under innspel 44(b) med 14 tomter, og området setjast som bustadområde i plan. Bustad 44(c) ligg på LNF spreidd bustad i eksisterande plan, og kan vurderast som muleg framtidig bustadområde som utviding av eksisterande. Bustad (44 a) vert vurdert som nytt byggeland, og takast ut av plan. Bustad 61 består av fire innspel, A, B,C og D. C og D fører til avgang på landbruksjord, og vert ikkje vurdert jmf. Retningslinjer. Område A vert prioritert framfør område B, som utviding av eksisterande bustadområde nært skulen. Det er nyleg vedteken plan for utbetring av vegen her. Administrasjonen rår til at område 25, 31, 44(b og c og 61(A)) takast med til vidare vurdering. Vidare rår administrasjonen til at innspel om tilrettelegging for rørslehemma på stranden ved skulen takast med vidare, og at det takast ei vurdering av tilrettelegging av tilkomst og bruk av stranden langs veg i vika nord for skulen. 13
Baldersheim, Svartevatnet Hytte 25 Administrasjonen rår til at innspel om hyttefelt i fjellet på Baldersheim takast med til vidare vurdering, jmf. Retningslinjer om hyttefelt i fjellet. Det er køyreveg til området, og eit nettverk av skogsvegar. 14
Nordtveit Naust 30 Næring 12 Administrasjonen rår til at innspel 12 om utvida næringsareal takast med vidare, og at naustområdet i eksisterande plan utvidast til å omfatte innspel 30 om å steinsette framtidig naustområde. Administrasjonen rår vidare til at området kan vurderast som båthamn med høve til flytebrygger og båtplassar for fleire enn dei med eige naust. 15
Nordtveitgrend Hytte 9 Strandsone 2 Bustad 2 Næring 10 Strandsone 40 Hytteinnspel 9 ligg i LNF spreidd for bustadbygging, og vert ikkje vurdert vidare jmf. Retningslinjer. Naustinnspel strandsone 2, må forhalde seg til retningslinjer og føringar i plan, då det ikkje er aktuelt å legga ut eit nytt og større naustområde her. Administrasjonen rår til at bustadinnspel 2 takast med til vidare vurdering, og at det takast omsyn til funksjonell strandsone. Næringsinnspel 10 takast med til vidare vurdering, og det same gjeld innspel strandsone 40 som gjeld småbåthamn, molo og bølgjebrytar. 16