Medlemsbladet Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Like dokumenter
EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Lønnsundersøkinga for 2014

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SFS 2201 Arbeidstidsavtale Nytt pkt. 3.2 og videre prosess. Forsøksordning Sylvi Aarland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Eit lærande utdanningssystem?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Elevundersøkinga 2016

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Minnebok. Minnebok NYNORSK

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Med tre spesialitetar i kofferten

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Frå novelle til teikneserie

Med god informasjon i bagasjen

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

IKT-kompetanse for øvingsskular

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Den nye seksjon for applikasjonar

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

Folkevalde har mange rollar. Du skal målbera veljarane sine ønskje Du skal leia utviklinga av bygda Du skal leia den største verksemda i bygda

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Transkript:

Desember 2014 Medlemsbladet Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane Første vekene i oktober var 42 pensjonistmedlemmer i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane på tur til Sør-Afrika. Her nyt nokre av dei den luftige utsikta frå Table Mountain Lokale forhandlingar Fylkesårsmøtet 2015 Barnehagepolitisk offensiv er i gang Ta grep om arbeidstidsavtalen Skule- og barnehageutvikling i ein nordisk tradisjon ein modell utgått på dato?

Skule- og barnehageutvikling i ein nordisk tradisjon ein modell utgått på dato? Av fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø Septemberforliget frå 1899 står som eit avgjerande vendepunkt i nordisk fagforeiningshistorie. Danske arbeidsgjevarar aksepterte då arbeidarane sin rett til å opprette og vere medlem av fagforeiningar, medan arbeidarane på si side aksepterte arbeidsgjevarane sin styringsrett. Sverige vidareførte modellen i 1906 og Noreg i 1907. Deretter starta utviklinga av ein demokratisk samarbeidsmodell, ein modell som i dag vert omtalt som den nordiske modellen. Norske politikarar frå ulike regjeringar, omtalar dette framleis som ein svært vellykka samfunnsmodell. Den nordiske modellen er kjenneteikna ved demokrati i arbeidslivet, likskap og konsensus med diskusjonar før avgjerder vert tekne, medverknad frå fagforeiningar og tilsette på ulike nivå og lojalitet til avgjerdsprosessen. Denne tradisjonen fører igjen til solidaritet, den reduserer splitting mellom arbeidstakarar, og den gjer koordinering, kommunikasjon og dialog mellom ulike faggrupper lettare. Potensielle svakheiter er knytt til at avgjerdsprosessen kan ta tid og at uvilje knytt til bruk av makt nokre gonger kan føre til at ein helst unngår konfliktar. Men styrken i modellen synest å overgå svakheitene. Noreg, Sverige, Danmark og Finland er i følgje Statens Arbeidsmiljøinstitutt og Den Europeiske Arbeidsmiljøundersøkinga blant dei få landa i Europa der dei tilsette jamt over opplever høge krav i arbeidet kombinert med høg sosial støtte. Dette er i følgje Statens Arbeidsmiljøinstitutt ein optimal kombinasjon med få negative konsekvensar relatert til helse. Samtidig ser vi at styringsideologiar utfordrar den nordiske modellen og vi ser stadig døme på at arbeidsgjevarar vel andre strategiar enn det som ligg til grunn for den nordiske modellen. Bård Kuvaas er ein av forskarane som syner til at slike system ikkje fungerer. Han seier at «hard» personalpolitikk prega av ei tru på ytre motivasjon gjennom belønningssystem, insentiv og kontroll ikkje verkar. Det gjer derimot leiing som bidreg til høg indre motivasjon hos tilsette. Styring og leiing er to ulike strategiar, og begge påverkar samarbeidsprosessane på arbeidsplassane. Eirik Irgens ser på leiing og samarbeid som ein suksessfaktor. Han viser til at det gjennom lokalt partssamarbeid (tillitsvalde og leiarar) går an å «slost med den eine handa, og samarbeide med den andre». Men det krev at partane har respekt for kvarandre sine roller, og det må vere både vilje og evne til å arbeide gjennom dialog og til å finne lokale løysingar. Dette kan vere krevjande, men avgjerande for å utvikle gode skular og barnehagar. Peter Mortimore, ein anerkjent britisk utdanningsforskar gir følgjande råd til den engelske regjeringa i si siste bok «Education under siege»: Sjå til Norden (og han peikar fleire gonger på Noreg), for å få inspirasjon til å utvikle ein betre skule. Grunnen er dei lange tradisjonane i å utvikle demokratisk danning, vår dialogtradisjon og likskapstanke, og at rektor tradisjonelt er blitt sett på som den fremste blant likemenn. Dette er verdiar som mange av oss opplever at det har blitt stilt spørsmål ved den seinare tid. Den 7. november stod følgjande spanande tittel på KS si nettside: «Meir samarbeid om barnehage og skole». Eg kunne lese at KS og Kunnskapsdepartementet (KD) no hadde signert ein ny avtale om kvalitetsutvikling. Denne skal legge til rette for lokale løysingar og vere innanfor prinsippet om rammefinansiering. Eg har stor forståing for at det er behov for å sjå på styringsstrukturen og ansvarsfordeling mellom lokale og nasjonale myndigheiter. Men eg finn det svært lite heldig å ikkje involvere den tredje parten, arbeidstakarsida og i dette tilfelle lærarorganisasjonane. KS og KD gjorde noko tilsvarande då dei skreiv avtalen om «veiledning av nyutdannede lærere» 23.04.2010. Året etter skulle

avtalen også omfatte nyutdanna førskulelærarar. No er vi snart komne til 2015, og dette er framleis eit uløyst tema dei fleste stader. Behovet for slik rettleiing er uttalt, men viljen til å få det på plass ser ut til å mangle. Forsking viser at den nordiske samarbeidstradisjonen er av stor verdi og avgjerande for både kvalitet i tenester og for eit godt og effektivt arbeidsliv. Likevel viser erfaring at det ikkje er grunn til å tru at denne arbeidsmetodikken blir vidareført av seg sjølv. Vi skal difor ikkje sitje på gjerdet og vente på å bli invitert inn, men vere proaktive tillitsvalde og arbeide for ein plass rundt bordet der viktige avgjerder vert tekne. Det er ingen tvil om at vi har arbeid framfor oss, for å sikre både lærarar og leiarar gode vilkår til å følgje opp ambisjonar for skulen og barnehagen. Barnehagepolitisk offensiv i Sogn og Fjordane ta del i samfunnsdebatten Av fylkesstyremedlem Torill Marie Kufaas Karlsen Sentralstyret i Utdanningsforbundet har vedteke ein barnehagepolitisk offensiv. Den skal bidra til at barnehagepolitikk kjem høgare på den politiske dagsorden. Utdanning i barnehagen består av danning, læring, leik og omsorg. Offensiven skal bidra til at barnehagen blir anerkjent og behandla som utdanning, og at barnehagelærarar både blir anerkjent og behandla som andre lærarar. Målet for offensiven er å få brei politisk støtte som sikrar lovfesting av ei barnehagelærarnorm på minst 50% av dei tilsette, slik at det blir ein barnehagelærar pr 12 barn over 3 år, og ein barnehagelærar pr 6 barn under 3 år. Arbeidet vert knytt opp til kommunevalet 2015 og regjeringa sitt varsla arbeid med revidering av barnehagelova. Offensiven inneheld ein plan for påverknadsarbeid overfor politikarar, kommuneadministrasjonane, mediearbeid, og internt arbeid. Fordi offensiven skal knytast opp til kommunevalet, er det naudsynt at heile organisasjonen, både lokalt, på fylkesplan og sentralt, er aktive for å nå det målet vi har sett oss. I Sogn og Fjordane har vi fleire kommunar som allereie har meir enn 50 % pedagogar i barnehagane. Erfaringane frå desse er at fleire pedagogar på avdeling og på basar fører til ei auka profesjonalisering. Sylvi Aarland har intervjua personale i to barnehagar i Flora og skrive ein rapport om desse funna. Rapporten med snakkepunkt er sendt ut til lokallaga saman med eit brev som kan tilpassast og sendast til lokale politikarar. Dette er to av tiltaka fylkeslaget har sett i verk for å setje barnehage på politisk dagsorden i kommunane. Vi vil ikkje klare dette utan hjelp frå lokale tillitsvalde og medlemmer, de er særs viktige i denne prosessen. Fylkeslaget har vedteke ein strategisk plan for det vidare arbeidet med offensiven. De vil sjå meir av denne i tida som kjem, saman med materiell produsert frå sentralt hald. Torill M. K. Karlsen har delteke på ein rundebordskonferanse med Kontaktforum Barnehage sentralt, nestleiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, og statssekretær Birgitte Jordal med fleire frå Kunnskapsdepartementet. Barnehagepolitisk offensiv var eitt av fleire viktige område som vart drøfta. Statssekretæren hadde ei oppmoding til barnehagelærarane: Ta del i samfunnsdebatten Barnehagelærarane si stemme er viktig Alt i alt ein nyttig samtale for alle partar som gjev oss eit godt grunnlag for vidare samarbeid.

Ein smak av Afrika Av reiseleiar Jarle Hessevik Det enorme kontinentet har uendeleg med opplevingar og utfordringar, og pensjonistane frå Utdanningsforbundet hadde slett ikkje som mål å fange heile denne breidda på ein tur. Det næraste vi kom, var den storslagne middagen på The Africa Cafe der vi fekk servert og åt 14 ulike rettar frå Marokko i nord til Sør-Afrika i sør. Turen til Cape Town i oktober kan kallast ein smak av Afrika, sjølv om vi ikkje var i jungelen og heller ikkje på safari. Turen som vart annonsert for pensjonistmedlemmer frå Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane i fjor på denne tid, vart raskt fullteikna, og 1. okt. sette 42 spente reisande nasen mot sør. Cape Town er på mange måtar ein by som er prega av europeisk kultur, men er sjølvsagt også dei svarte afrikanarane sin by. Samstundes er byen også ein smeltedigel, der også folk og kulturar frå Asia har sett sitt preg. Vi starta med å oppleve handelen på Green Market og middagen på Africa Cafe og det sette tonen for opphaldet. Det vil ikkje vere muleg å referere alle opplevingane. Programmet inneheldt store variasjonar, - by og land, fattig og rik, luksusrestaurant og surt kvitt øl, turistattraksjonar, og ikkje minst nær kontakt med dei svarte i Langa, Cape Town sin eldste township. Der var vi gjester i heile to dagar og fekk snakke med dei vanlege sørafrikanarane, som budde i sine små murhus og plankehytter. Nokre hadde sitt arbeid å gå til, gjerne ei salsbod, frisør«salong» eller skomakarverkstad, andre hadde ikkje arbeid. Langa er ein fattig bydel som er prega av stor arbeidsløyse, men dei kunne by på god mat, kulturopplevingar av høg klasse, gudsteneste i ei av dei mange kyrkjene (ganske annleis enn vi er vane med), besøk på eit kunst- og kultursenter, og På Kapp det gode håp

besøk i ein barnehage og ein skule for dei som ville arbeide i kokk- og servitørbransjen. Det tyngste for dei fleste var nok å helse på familien som vi besøkte i hytta deira av plankar og blekkplater. Butilhøva er ikkje noko å skryte av, men samstundes fekk vi ei oppleving av at dei likevel var stolte av heimen sin og kva dei har fått til, m.a. fekk kona i huset vise fram kjøkkenhagen sin på 10 kvm. Med dei private kontaktane vi hadde i Langa, vart vi mottekne som venner der vi kom, - også i plankeskuret. Folket i Langa er fattige, men har eit stort hjerte. Reisefølgjet rakk sjølvsagt over det meste av turistmåla i Cape Town og omland. Det vart tur til Afrikas største botaniske hage, midt i blomstringstida, dagsturar i vindistriktet og til Cape Point og det som byen har å by på. Det var til og med dei som orka eit bad i det kalde Atlanterhavet. Mange hadde nok sett fram til å besøkje Robben Island der Nelson Mandela sat fengsla og der ideane til den nye sørafrikanske staten vart utforma. Vi skreiv på førehand at ingen besøkjer Robben Island utan å bli rørt ved. Det stemmer nok også for vår reisegruppe. Det opplevdest ganske spesielt å stille opp på kaia der og synge «Shosholosa». Songen handlar om ei togreise, men vart eit symbol for den sørafrikanske fridomskampen, - eller den lange vegen til fridom, som Mandela ville ha sagt. Vårt vesle kor fekk allsongen til å ljome medan vi venta på båten. Ja, - for vi hadde eige kor, må vite. Ei gruppe reisande, som hadde lyst til å synge, hadde øving to kveldar her i heimefylket og lærte norske og sørafrikanske songar. Det er garantert suksess når vi møter dei lokale innbyggjarane og det er sterkt kontaktskapande. Styret for pensjonistane i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane er svært godt nøgde med interessa for denne reisa og dei diskuterer nok alt kva det neste kan bli. Besøk hos lokale kunstnarar i Langa

Ta grep om arbeidstidsavtalen Av fylkesstyremedlem Stian Jakobsen Besøk hos lokale kunstnarar i Langa Eit langt tariffoppgjer kanskje det lengste er til endes. Hovudutfordringa var SFS 2213, arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet. Alle visste det kom til å bli turbulent. Det blei det. For om lag eit år sidan slo vi ned tre stabbesteinar om arbeidstidsordninga til undervisningspersonalet. For det første ei sentralt definert årsramme for undervisning, også kalla leseplikt. For det andre eit arbeidsår som fell saman med elevane sitt skuleår. For det tredje ei organisering av arbeidstida som tydeleg definerer undervisning, fellestid og læraren si individuelle tid til føre- og etterarbeid. I februar var brotet mellom partane sentralt eit faktum. I tråd med dette har tillitsvalde på alle nivå farta rundt for å mobilisere organisasjonen til konflikt. Medlemmer og tillitsvalde har hatt møte med politikarar, sonderingar med sentrale personar, skrive lesarinnlegg for å påverke opinionen og diskutert saka både i den reelle og den digitale verda. Andre førebudde seg til streiken som dei trudde ville komme. Antiklimakset trefte mange då det låg føre eit kontroversielt framlegg til løysing den 26. mai. Dette skapte debatt og steile frontar. Evalueringa av korleis dette skulle ha vore handtert er no over, og alle har hatt høve til å seie sitt. Den viktigaste lærdommen er kanskje at vi er ein levande og demokratisk organisasjon. Medlemene debatterte løysingsforslaget. Medlemene handsama løysingsforslaget demokratisk. Medlemene forkasta forslaget. Organisasjonen gjekk i streik. I streik for noko dei trudde fullt og fast på. Etter åtte veker i konflikt, med over 8 000 medlemmer i streik fekk vi pressa fram ei løysing frå motparten som tok i vare dei tre stabbesteinane for arbeidstidsordninga. Medlemmene aksepterte den. Vi kan no håpe på fire år med fred før avtalen skal reforhandlast. Framover våren skal det vere felles skulering i avtalen før den vert sett i verk frå og med august. Den endringa i avtalen vi kjem til å merke best er forhandlingane på den enkelte arbeidsplass. Tidlegare har dette vore lagt til kommunenivå. No er det arbeidsplasstillitsvalde som får ansvaret, og dette kan bli krevjande. Likevel skal det seiast at dette har vore praktisert i nokre kommunar sidan 2006, med gode erfaringar. Nytt er og reelle sanksjonsmiddel slik at forhandlingane er reelle. Arbeidstidsordninga er svært viktig for lærarane. Den styrer kva vi brukar tida på, korleis vi arbeider og sikrar oss tid til å gjere jobben på ein ordentlig måte. For å gje arbeidstidsavtalen legitimitet og tillitsvalde mandat er det viktig at alle medlemmer på klubbane no deltek aktivt på klubbmøta der dette skal handsamast. Å starte prosessen med ein diskusjon om kor mange timar ein skal vere bunden til arbeidsplassen eller kor mange møte ein treng er lite fruktbart. Start diskusjonen med å definere kva ein treng meir tid til. Så kan ein etterpå vurdere kva ein må bruke mindre tid på. Til slutt vil det då vere tenleg med ein diskusjon der ein stiller spørsmålet: Korleis bør arbeidstida organiserast for å løyse det vi skal og vil løyse? Ver tidleg ute Ikkje vent til leiinga legg fram eit forslag som ein så skal diskutere. Ta initiativ og ver proaktive medlemmer og tillitsvalde. Legg opp til ein prosess der de i samarbeid med leiinga kjem fram til gode løysingar i fellesskap. Også på dei skulane der ein opplever at praktiseringa av dagens avtale fungerer fint og ein ikkje vil ha endringar, er det klokt å gjennomføre desse diskusjonane om kva ein nyttar tida til. Uansett skal det skrivast ein lokal avtale.

Årsmøtet den viktigaste arenaen Av nestleiar Magnhild Hoddevik Lærarløft, pedagogtettleik, karrierevegar, løn, profesjonsetisk råd, arbeidstid. Vi har snart lagt bak oss ein ny periode i fylkesstyret, og dette er berre nokre av dei sakene som er mest aktuelle i organisasjonen akkurat no. I tillegg skjer det mykje elles i samfunnet, som vil påverke oss både som arbeidstakarar og som fagforeining t.d. kommunereform og endringar i lovverket. Til saman utgjer dette eit spennande bakteppe for fylkesårsmøtet vårt, som skal haldast i Loen 6.-8. mai neste år. oss har gløymt dette eller kanskje fekk vi det ikkje med oss? Av og til tek det lang tid frå ei sak går gjennom dei ulike ledda i organisasjonen til ho kjem fram i media. Det er travelt å vere lærar i barnehage og skule, og mange har nok perioder i livet der ein er mindre engasjert i fagforeiningsarbeidet enn til andre tider. Då kan det vere greitt at både vi sjølve og våre tillitsvalde sjekkar kva organisasjonen har arbeidd med tidlegare, og korleis ting heng saman. For å stimulere til endå meir politisk arbeid i lokallaga, ynskjer vi i fylkesstyret å ha fokus på saker og tematikk til fylkesårsmøtet når vi inviterer oss sjølve på besøk i januar-februar. Nokre av desse emna vart «lufta» på møte i fylkesrådet og kurs for lokallagsstyra i november. Innspela derfrå tek vi med når vi arbeider vidare med sakene, og så er vi klare for å legge dei fram for lokallaga på nytt når vi møtest att over nyttår. Slik er medlemmer og lokallag med på å setje retning for sakene som fylkesårsmøtet skal handsame i mai. Under og etter tariffoppgjeret i vår, vart sosiale media ein viktig kanal «på sida av» det ordinære organisasjonsdemokratiet. Kan hende har vi lettare for å stille spørsmål og ytre meiningane våre i slike forum, enn for å komme på klubb- eller medlemsmøte og gjere det same der. Nokre av ytringane som har kome fram på denne måten, kan tolkast som at vi lett gløymer at saker har vore handsama gjennom nivåa i organisasjonen tidlegare. Til dømes har vi vore med og diskutert oss fram til at vi går inn for 5-årig lærarutdanning med master, og at vi vil arbeide for faglege karrierevegar for lærarar. I debattar som har vore etter at regjeringa la fram det såkalla «Lærarløftet», kan det sjå ut som om mange av Då fylkesrådet og lokallagsstyra var samla i november, hadde vi og besøk av Ragnhild Lied. Etter kanskje det mest krevjande tariffoppgjeret i Utdanningsforbundet si historie, fekk vi høyre litt om korleis det var å sitje i leiinga gjennom forhandlingar, brot, streik og mekling. Det var både spennande og kanskje litt overraskande å høyre om kva slags vurderingar og avvegingar som måtte gjerast undervegs. Noko av det Ragnhild tok opp, var spørsmålet om korleis vi kunne få ein slik «strekk i laget», som ho kalla det: Korleis kunne leiinga tilrå ei løysing som deretter vart nedstemt av medlemmene med så stort fleirtal? Her er det nok mange svar som kan gjevast, og med den grundige evalueringsprosessen som vert gjennomført i desse dagar vil vi og få dei fram. Men éin konklusjon kan vi dra allereie no, før evalueringane er ferdige: Engasjement frå medlemmer, klubbar og lokallag er heilt avgjerande for at ein organisasjon skal kunne utvikle seg og følgje med i tida, på medlemmene sine premiss. Berre slik kan vi sikre oss at organisasjonen «heng saman» frå klubbnivå til sentral leiing. Derfor håper vi at det vert fulle hus på lokallaga sine medlemsmøte og årsmøte. Det er frå dette nivået politikken vår skal skapast, av dei som han skal utøvast på vegner av.

Vår julegåve Av nestleiar Magnhild Hoddevik Flyktninghjelpen er ein organisasjon som Utdanningsforbundet har samarbeidd med i mange år. Målet for samarbeidet er m.a. å fremje forståing for å gje barn og unge som er på flukt utdanning og opplæring som set dei i stand til å vidareføre utdanninga når konflikten er over. Vi arbeider og for at lokale lærarar sine interesser vert tekne i vare, og at det vert lagt til rette for å utvikle eit konstruktivt samarbeid mellom lokale styresmakter og lærarorganisasjonar. Det er snart jul, og tid for å tenkje på andre enn oss sjølve. Fylkesstyret har bestemt seg for å følgje opp eit initiativ frå sekretariatet sentralt, og gir ei gåve til Flyktninghjelpen på 1 kr pr. medlem i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane. Lokale forhandlingar Av rådgjevar Sindre Roska Lokale forhandlingar i kapittel 4 er sluttført i alle 26 kommunane. I Sogn og Fjordane fylkeskommune vart det brot mellom partane, noko som no er gjenstand for handsaming mellom dei sentrale partane. Fylkeslaget har i etterkant av forhandlingane gjennomført ei undersøking blant dei hovudtillitsvalde om resultata og prosessen. Denne kan kort oppsummerast slik: " Pro rata for kapittel 4 ligg om lag på 103 %, varierande mellom 72-131 %. " Pro rata for kapittel 4B ligg om lag på 165 %, varierande mellom 42-310 %. " Pro rata for kapittel 4C ligg om lag på 90 %, varierande mellom 56-127 %. " Sidan leiarane ikkje fekk mykje i dei sentrale forhandlingane, har desse vore prioritert i dei lokale forhandlingane i dei fleste kommunane. " Det er i mindre grad gitt tillegg til funksjonar, og i større grad gitt flate tillegg til alle, eller til grupper av tilsette. " Flesteparten av dei hovudtillitsvalde er ikkje nøgde med talmaterialet som arbeidsgjevar legg fram. Dette fører til mykje ekstraarbeid før forhandlingane. " Dei fleste karakteriserer forhandlingsklimaet som godt, og poengterer at samarbeidet med dei andre organisasjonane er viktig. Fylkeslaget kjem attende med fleire resultat etter at den ordinære undersøkinga av resultata i alle forhandlingskapitla er gjennomført.