MODALEN KOMMUNE Teknisk etat Anders Steinsland Modalevegen 2326 5729 MODALEN Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Kjell Langeland 14.10.2016 Vår: 16/31-16/1813 kjell.langeland@modalen.kommune.no Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1 Delegasjonssak nr.: 021/2016 Saksutgreiing: Det er søkt om løyve til å dele i frå våningshuset med eit tomteareal på ca. 0,7 daa av landbrukseigedom Gnr. 84/1 på Steinsland. Søkjar eig fleire gardsbruk, og driftssenter er på Gbnr. 83/3 på Straume. Det er aktiv drift på bruket. Eigedommen består av 20,3 daa fulldyrka jord, 15,8 daa overflatedyrka jord, 26,8 daa innmarksbeite, 802,2 daa skog og 60,9 daa anna areal. Eigar ynskjer å dele i frå huset og selja det innan i familien som fritidsbustad. Eigedommen ligg i dag som LNF-område i eksisterande kommuneplan. Ein søknad om frå deling frå ein landbrukseigedom krev løyve etter jordlovas 12. Det krevst også dispensasjon frå LNF område. Omsøkte tiltak Modalen kommune har i søknad stempla motteke 14.10.2016 søkt om frådeling Omsøkt parsell er om lag 0,7 daa. Tilkomst frå offentlig veg. Plan og lovgrunnlag Den omsøkte parsellen ligg i eit område som i kommuneplanen sin arealdel er ment å bli nytta til landbruk, natur og friluft (L NF-område). Postboks 44 5732 MODALEN Telefon: 56 59 90 00 Faks: 56 59 90 01 postmottak@modalen.kommune.no Heimeside: www.modalen.kommune.no Org.nr. 964 969 302 Bankkonto: 3625.07.72194
Søkjar skriv: Huset må seljast på grunn at dagens eigar ikkje har tid eller ressursar til å halde bygningen i stand. Bygning må ha nytt tak og kledning. Seljast innan familien. Noverande grunneigar skal ha forkjøpsrett ved eventuelt sal. Grunneigar skal ha vegrett til sagbruk og låve. Vurdering: Lovgrunnlaget I 1-1 i plan- og bygningslova (PBL) heiter det m.a.: Lova skal fremja berekraftig utvikling til det I 19-2 i plan- og bygningslova, Søknad om dispensasjon, heiter det m.a.: Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsynet bak regelen det vert søkt dispensert frå, eller omsyna i lova sine formål, vert sett vesentleg til side. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Ved dispensasjon frå lova skal det leggjast særleg vekt på konsekvensar for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge. Det skal også leggjast særleg vekt på statlege og regionale mål. Kommunen bør ikkje gje løyve til dispensasjon dersom det statlege eller regionale mynde har uttala seg negativt om dispensasjonssøknaden. Søknaden er vurdert opp mot omsynet bak føresegnene det vert søkt dispensasjon frå. Sentralt i administrasjonen si vurdering har vore: Omsynet til kommuneplanen sin arealdel Omsynet til landbruket i området og jordlova 1 og 12 Omsynet til natur, miljø og friluftsliv, m.a. naturmangfaldlova 8 og 9 (føre var) Omsynet til helse, miljø, tryggleik og tilgjenge Kvalitetar i landskapet 1. Kommuneplanen sin arealdel Den omsøkte frå delinga er i strid med føremålet i LNF-område (landbruk-, natur- og friluftsområde) i arealdelen til kommuneplanen. Frå delinga vil ikkje ha innverknad på bruken av området. Området rundt huset er brukt som landbruksareal. Vurdering landbruk er i eit eige punkt. Deling vil ikkje ha innverknad på naturen. Konklusjon Ingen negativ verknad på friluftsliv og natur. Side 2
3. Jordlova 12 Administrasjonen har vurdert saka etter 12 i jordlova, Arealstrategi, Fylkesmannen i Hordaland landbruksavdelinga, april 2009 og rundskriv M-4-2002 frå Landbruksdepartementet. Jordlova 12 inneheld eit forbod mot deling av eigedomar som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Det kan gjevast samtykke til deling dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller ei deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastninga eigedomen kan gje. Ved avgjerd skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drift- eller miljømessige ulemper for landbruket i område, omsynet til godkjende planar som ligg føre for arealbruken etter plan- og bygningslova, omsynet til kulturlandskapet. Reglane i jordlovas 12 må tolkast i lys av føremålet i jordlova. Føremålet med jordlova er å leggje høve slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein slik måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessige gode løysingar. Jordlovsvurdering til søknad om frå deling av våningshus Gbnr. 84/1 Fakta: Det er søkt om løyve til å dele i frå våningshuset med eit tomteareal på ca. 0,7 daa av landbrukseigedom Gbnr. 84/1 på Steinsland. Søkjar eig fleire gardsbruk, og driftssenter er på Gbnr. 83/3 på Straume. Det er aktiv drift på bruket. Eigedommen består av 20,3 daa fulldyrka jord, 15,8 daa overflatedyrka jord, 26,8 daa innmarksbeite, 802,2 daa skog og 60,9 daa anna areal. Eigar ynskjer å dele i frå huset og selja det innan i familien som fritidsbustad. Eigedommen ligg i dag som LNF-område i eksisterande kommuneplan. Ein søknad om frå deling frå ein landbrukseigedom krev løyve etter jordlovas 12. samtykke til deling skal givast, skal det leggjast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår mellom anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei drifts messig god løysing, og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det kan leggjast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova. Omsyna som skal ivaretakast etter 12 ved vurdering av løyve til deling må sjåast i samanheng med jordlovas formål. Jordlovas 1 har som mål å sikre at arealressursane blir disponert på ein måte som gir ein tenleg og variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området. Det med hovudvekt på omsynet til busetting, arbeid og driftsmessige gode løysningar Jf. rundskriv M-1/2013 Om disponering og deling jordlova, frå landbruks- og matdepartementet. Delingsregelen har som formål å sikra og samla ressursane som grunnlag for landbruksdrift for noverande og framtidige eigarar. Tenleg og variert bruksstruktur: Side 3
Det er eit mål etter jordlova at driftseiningane bør styrkast. Administrasjonen meiner at ein frå deling av våningshuset på dette bruket ikkje vil vere i konflikt med dette målet. Huset som er søkt frodent er ikkje driftssenter for drifta og søkjar vil fortsatt behalde driftsbygningar. Søkjer har ikkje trong for dette huset i si drift. Vidare har søkjar opplyst at det ved sal skal vere vegrett til driftsbygning og sagbruk. Administrasjonen meiner at eit bortfall av huset og tilhøyrande tomteareal på 0,7 daa ikkje vil svekke ein tenleg og variert bruksstruktur. Omsynet til vern av arealressursane: I omsynet til arealressursane skal ein ta omsyn til at ein deling ikkje medfører oppstykking av areal til mindre einingar. Det er berre huset med 0,7 daa som er søkt frå delt frå eigedommen. Administrasjonen meiner at delinga ikkje vil svekke arealressursane ved ei frå deling. Søkjar opplyser at det er trong for større vedlikehald av bygget og han ikkje har tid eller ressursar til dette. Areala på eigedommen er i drift, og ei frå deling av huset vil difor ikkje svekke ressursgrunnlaget. Søkjar opplyser at han vil ha forkjøpsrett på huset. Drifts messig god løysing: Utforminga av delinga vil ikkje føre til dårligare arrondering eller dårligare driftsforhold. Søkjar opplyser at han skal ha vegrett til driftsbygning og sagbruk på bruket. Administrasjonen meiner difor at deling ikkje vil føre til ein dårlegare drifts messig løysing når tilgang til dei andre bygningane er sikra. Drifts- og miljømessige ulemper for landbruket i området: Deling som om søkt av eigedommen vil ikkje føre til driftsmessige ulemper, tilkomst til og bruk av areala vil ikkje endrast frå dagens situasjon. Eigedommen har ikkje vore nytta som bustad i fleire år, og er planlagt nytta som fritidsbustad etter ein deling av eigedommen. Ein ser ofte i landbruket at det kan oppstå konfliktar mellom landbruk og eigarar/brukarar av bustad/fritidsbustad. Administrasjonen meiner at risikoen for dette ved ein deling av eigedommen vil vera liten da huset ikkje har vore nytta over ein lengre periode og sal er planlagd innan familie. Delinga vil såleis ikkje endra bruk av areal frå dagens situasjon. Samla vurdering: Administrasjonen meiner at etter en samla vurdering oppfyller søknaden kravet stilt til løyve om deling i jordlova 12. Delinga vil ikkje svekke dei omsyn som skal ivaretakast gjennom lova. Delinga vil ikkje føre til mindre einingar eller dårligare driftsforhold for jorda, og framtidig bruk av arealet vil ikkje endrast frå dagens situasjon. 4. Naturmangfaldlova 8 og 9 Tiltaket vil ikkje ha innverknad på naturmangfaldet. Utforming av tomta. Eigedomen har form- og er eigna for føremål i samsvar med Pbl.23-1 Side 4
Vatn. Skal til koplast privat vassforsyning. Avløp Det skal nyttast privat avløpsanlegg. Det må dokumenterast at avlaupet tilfredsstiller dagens krav. Dersom dette ikkje kan dokumenterast må det søkjast om utsleppsløyve og dette må godkjennast. Tilkomst. Parsellen har tilkomst til offentlig veg. Samla vurdering Administrasjonen finn ikkje at omsynet bak reglane det vert dispensert frå eller omsyna i lovene sin formål, vert sett vesentleg til side ved å gje dispensasjon i dette høvet.. Vidare finn administrasjonen at føremonene ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene ved at bygningane vert ivareteke. Dispensasjon vil ikkje ha konsekvensar for verdiar jordlova, naturmangfaldlova og plan og bygningslova er meint å ta vare på. Vedtak Modalen kommune gjev i medhald av plan- og bygningslova (PBL) 19-2 dispensasjon frå forbodet mot tiltak i LNF-område ( landbruk-, natur- og friluftsområde) i kommuneplanen sin arealdel, for oppretting av ny grunneigedom for fritidsføremål på gnr. 84 bnr. 1. Modalen kommune gjev samtykke til deling etter 12 i jordlova for oppretting av ny grunneigedom for fritidsføremål på gnr. 84 bnr. 4. Det vert gjeveløyve til frådeling i samsvar med PBL 20-1 pkt. m. og 23-1 Vilkår for løyve til frådeling er : 1. Vasskvaliteten må godkjennast 2. Avløp skal dokumenterast eller det må søkjast på nytt om utsleppsløyve. 3. Det må rekvirerast oppmålingsforretning innan 3 år elles fell løyve vekk. Side 5
Med helsing Kjell Langeland konsulent Brevet er godkjent elektronisk og har difor ingen signatur Side 6
Mottakere: Anders Steinsland Modalevegen 2326 5729 MODALEN Side 7