Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland Re-registrering av slåttemark i Naturbase Lindås kommune, Hordaland 2010 1
Innleiing Kartlegginga er gjort på førespurnad frå Fylkesmannen i Hordaland for å undersøke områder som pr i dag er registrert som artsrik slåttemark i Naturbase. Alle områda ligg i Lindås kommune og er besøkt i september 2010. Vurderingane er gjort etter synfaring av Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Lokalitetane er ordna alfabetisk etter naturbase-id (BNxxxxxxxx). Dei fleste områda var anten oppgjødsla, vanleg gamal eng eller attgroande. På lokalitetane BN00014959 Nepstad og BN00015039 Øverås er det skilt ut små område med artsrik vegkant. På Nepstad var det i tillegg eit lite område av ein bakke som kunne definerast som artsrik. Takk til Olav Overvoll, Fylkesmannens miljøvernavdeling og Mary Losvik, Universitetet i Bergen for råd og tips undervegs. Innhald Innleiing... 2 BN00014959 Nepstad... 4 BN00014959-1: Nepstad 191/3, bratt bakke... 4 BN00014959-2: Nepstad 191/3, kul... 6 BN00014959-3: Nepstad 191/3, haug i nord... 7 BN00014959-4: Nepstad 191/3. Vegkant... 9 BN00014993 Skotsund... 11 BN00015006 Øvre Veland... 12 BN00015039-1: Øvreås Bruk 1... 13 BN00015039-2: Øvreås Bruk 2. Eng... 14 BN00015039-3: Øvreås Bruk 2. Vegkant... 15 BN00015039-4: Øvreås Bruk 3... 17 BN00015010 Åsebø... 18 Framsidebilete: Øvst: Oppgjødsla eng på Nordre Askeland Nedst: Artsrik vegkant på Øvreås (BN00015039-3). 2
BN00014958 Nordre Askeland Gnr/bnr: 16/1 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (noko oppgjødsla eng) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: Øyvind Vatshelle 14.9.2010 Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Størsteparten av arealet er gamal eng, men eit parti langs vegen er meir artsrikt. Artsmangfald: I hovudsak frodig og grasdominert med mykje engsyre, engkarse, krypsoleie, løvetann og ryllik. Følgjande arter er òg registrert: bregner, engsmelle, krattlodnegras og raudkløver. Særleg i kantane og ved tørre knausar finst restar av dei tradisjonelle slåttemarksartane, følgjande er registrert: beitesvæve, blåklokke, blåknapp, englodnegras, fuglevikke, følblom, skjermsvæve, skogstorkenebb, smalkjempe, tepperot og tveskjeggveronika alle i lite omfang. Bruk, tilstand og påverknad: Slått til høy. Haustbeite med sau. Det blir brukt noko tørr sauemøk einskilde år. Arealet blei dyrka på 1940-talet etter å ha vore kornåker under krigen. Gjødsling med kunstgjødsel til ut på 1950-talet, men ikkje sidan. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje kan reknast som artsrik slåttemark, kan ein drive slik det er mest praktisk i gardsdrifta. Dersom ein vil ta vare på dei tradisjoenelle artane i kantane og på knausane er det gunstig med sein lått og høytørking på staden slik at urtene rekk å setje frø. Det er òg gunstig med beite vår og haust for å unngå næringsoppsamling etter rotegras. Grunngjeving for verdisetjing: Små areal som har indikatorartar, og få individ av kvar art. BN00014958. Frodig vekst utan tradisjonelle slåttemarksartar på Nordre Askeland. 3
BN00014959 Nepstad Størsteparten av arealet er vanleg gamal eng som har vore noko gjødsla: Grasdominert med engkarse, engsoleie, engsyre, hundekjeks, kvitbladtistel, marikåpe, ryllik og noko sølvbunke. Englodnegras spreiar seg i bøter. I kantar og avgrensa område er det meir mose og nokre indikatorartar: beitesvæve, blåklokke, knollerteknapp og kystmaure. Størstedelen av arealet har dermed ikkje verdi i høve til artsrik slåttemark. I skildringane er det skilt ut nokre mindre område med fleire tradisjonelle slåttemarksartar. To lokalitetar er vurdert som aktuelle for Naturbase, ein vegkant og ein mindre del av slåttemarka, men begge har berre lokal verdi C. BN00014959. Flyfoto med dei to aktuelle lokalitetane på Nepstad. BN00014959-1: Nepstad 191/3, bratt bakke Gnr/bnr: 191/3 Naturtype: D01 Slåttemark C (Lokalt viktig) Moglege truslar: Opphøyr av slått Undersøkt: 20.9.2010, Øyvind Vatshelle Innleiing: Skildringa er skriven av Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Lokaliteten ligg inni ein lokalitet som er registrert tidlegare: BN00014959. 4
Geografisk plassering og naturgrunnlag: Lokaliteten ligg lengst i sør på teigen, i nokre bratte bråt og rundt knausar. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Avgrensinga er basert på ortofoto, og blir rekna som nokså god. Det er gradvise overgangar i vegetasjonen. Avgrensinga er gjort skjønnsmessig. Ein bør ha eit bufferområde rundt sjølve lokaliteten. Artsmangfald: Av indikatorartar for tradisjonell skjøtsel finst beitesvæve, blåklokke, blåknapp, englodnegras, firkantperikum, følblom, knollerteknapp, kystmaure, lækjeveronika, ryllik og tveskjeggveronika. I kantane finst tepperot. I nokre område er det mykje mose med kystmaure elles er det ein god del grasvekst. Det er oppgitt å truleg vere prestekrage, men den blei ikkje registrert. Andre artar er mellom anna engsyre, engsoleie, fiol, kvitkløver, marikåpe og raudkløver. Bruk, tilstand og påverknad: Sein høyslått, men ikkje noko beiting - anna enn av hjort. Lokaliteten har ikkje vore gjødsla på 40 år. Skjøtsel og omsyn: Framhald av sein høyslått utan gjødsling. Ein må slå i juli-august kvart år med lett slåmaskin eller ljå og ca. 7-10 cm stubbehøgd. Graset bør tørkast flatt på staden eller i hesje, og deretter takast bort. Dersom ein ikkje får tørka graset på staden, må slåttetidspunktet vere enda seinare, slik at plantane likevel får frødd seg. Graset må uansett fjernast. Slåttemarka bør helst bli beita godt ned i mai og i september-oktober kvart år. Dette kan vere upraktisk å få til, men er viktig for å unngå næringstilførsle frå vissent gras. Dei tradisjonelle slåttemarksartane toler ikkje slik næringstilførsle over tid. Ein kan gjerne rydde bort nokre tre og buskar i kantane for å sikre mykje lys. Grunngjeving for verdisetjing: Det er ein del indikatorartar. Arealet er lite, men har vore slått utan gjødsling over lang tid. Merknad: Grunna registrering i september blei artar som gulaks og jordnøtt ikkje funne. Lokaliteten kan med fordel registrerast på ny i ei betre tid av sesongen. BN00014959-1. Lokaliteten ligg i området frå einerbusk ved eit frittståande tre og opp forbi bergryggane. 5
BN00014959-1. Lokaliteten sett ovanfrå. BN00014959-2: Nepstad 191/3, kul Gnr/bnr: 191/3 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (restar av artsrik slåttemark, men noko oppgjødsla) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 20.9.2010, Øyvind Vatshelle Geografisk plassering og naturgrunnlag: Lokaliteten utgjer ein bakketopp/kam oppi bakken litt sør på teigen, tidlegare registrert som lokalitet BN00014959. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Avgrensinga er basert på ortofoto, og blir rekna som nokså god. Det er gradvise overgangar i vegetasjonen. Avgrensinga er gjort skjønnsmessig. Artsmangfald: Av indikatorartar for tradisjonell skjøtsel finst beitesvæve, blåklokke, eurikkelsvæve, knollerteknapp, kystmaure, mjødurt og ryllik. Det er få eksemplar og flekkvis førekomst. I nokre område er det mykje mose, kystmaure og ryllik. Arealet er elles nokså gasdominert med mykje engsyre og marikåpe. Bruk, tilstand og påverknad: Sein høyslått, men ikkje noko beiting - anna enn av hjort. Lokaliteten har ikkje vore gjødsla på 40 år. Framande artar: Ingen observerte artar. 6
Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje blir rekna som artsrik slåttemark, kan ein drive slik det er mest praktisk i gardsdrifta. Dersom ein vil ta vare på dei tradisjonelle artane her må arealet framleis ikkje bli gjødsla. Ein bør slå seint og tørke høy på staden slik at urtene rekk å setje frø. Det er òg gunstig med beite vår og haust for å unngå næringsoppsamling etter rotegras. Grunngjeving for verdisetjing: Få indikatorartar og vekselvis anten frodig vekst eller dominert av mose. Merknad: Grunna registrering i september blei artar som gulaks og jordnøtt ikkje funne. BN00014959-2. Noko av det dårligare arealet på omtalt lokalitet med omsyn til artsrikdom. BN00014959-3: Nepstad 191/3, haug i nord Gnr/bnr: 191/3 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (restar av artsrik slåttemark, men noko oppgjødsla) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 20.9.2010, Øyvind Vatshelle Geografisk plassering og naturgrunnlag: Lokaliteten utgjer ein bakketopp/haug lengst nord på teigen, tidlegare registrert som lokalitet BN00014959. 7
Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Avgrensinga er basert på ortofoto, og blir rekna som nokså god. Det er gradvise overgangar i vegetasjonen. Avgrensinga er gjort skjønnsmessig. Artsmangfald: Av indikatorartar for tradisjonell skjøtsel finst beitesvæve, følblom, knollerteknapp, kystmaure, ryllik, smalkjempe og tepperot. Det er mykje mose i botn. Av andre artar finst engsyre, fiol og marikåpe. Bruk, tilstand og påverknad: Sein høyslått, men ikkje noko beiting - anna enn av hjort. Lokaliteten har ikkje vore gjødsla på 40 år. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje blir rekna som artsrik slåttemark, kan ein drive slik det er mest praktisk i gardsdrifta. Dersom ein vil ta vare på dei tradisjoenelle artane i her må arealet framleis ikkje bli gjødsla. Ein bør slå seint og tørke høy på staden slik at urtene rekk å setje frø. Det er òg gunstig med beite vår og haust for å unngå næringsoppsamling etter rotegras. Grunngjeving for verdisetjing: Nokså få indikatorartar og få plantar av kvar art i eit særs lite område som berre utgjer ein liten haug. Merknad: Grunna registrering i september blei artar som gulaks og jordnøtt ikkje funne. BN00014959-3. Rett framfor telefonstolpen ligg lokaliteten Nepstad, haug i nord. 8
BN00014959-4: Nepstad 191/3. Vegkant Gnr/bnr: 191/3 Naturtype: D03 Artsrik vegkant C (lokalt viktig) Moglege truslar: Opphøyr av slått Undersøkt: 20.9.2010 Øyvind Vatshelle BN00014959-4. Artsrik vegkant Nepstad. Innleiing: Skildringa er skriven av Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Lokaliteten ligg inni ein lokalitet som er registrert tidlegare: BN00014959. Geografisk plassering og naturgrunnlag: Lokaliteten utgjer ei lita vegskjering sør på teigen. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Avgrensinga er basert på ortofoto, og blir rekna som svært nøyaktig. Artsmangfald: Av indikatorartar for tradisjonell skjøtsel finst beitesvæve, blåklokke, eurikkelsvæve, firkantperikum, følblom, knollerteknapp, ryllik, smalkjempe og tepperot. Arealet er urtedominert med mange eksemplar av indikatorartane. Det veks mykje lav på bergknausane. Av andre artar finst engsyre, engsmelle, fiol, kvitkløver, løvetann og småsyre i små mengder. Bruk, tilstand og påverknad: Sein høyslått, men ikkje noko beiting - anna enn av hjort. Lokaliteten har ikkje vore gjødsla på 40 år. 9
Framande artar: Ingen observerte artar. Skjøtsel og omsyn: Framhald av sein høyslått utan gjødsling. Graset bør tørkast på staden og deretter takast bort. Dersom ein ikkje får tørka graset på staden, må slåttetidspunktet vere enda seinare, slik at plantane likevel får frødd seg. Ein bør ha beiting av sau vår og haust. Grunngjeving for verdisetjing: Det er ikkje så mange indikatorartar, men dei veks tett med mange eksemplar av kvar art. Vegkanten ligg i eit område med nokre restar av gamal slåttemark. Svært lite areal gjer at lokaliteten berre blir vurdert til å ha lokal verdi. Merknad: Grunna registrering i september blei artar som gulaks og jordnøtt ikkje funne. BN00014959-4. Artsrik vegkant Nepstad. 10
BN00014993 Skotsund Gnr/bnr: 61/1 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (attgroande kant ved vanleg, noko oppgjødsla eng) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 13.9.2010, Øyvind Vatshelle Artsmangfald: Ein grasdominert, gjengroande haug med svært få indikatorartar. Det er berre funnet ein del jordnøtt og noko englodnegras, ryllik, smalkjempe og tepperot. Det er elles mykje engsyre, sølvbunke og lauvkratt. Bjørnemose, lyssiv og sløke er òg registrert. Bruk, tilstand og påverknad: Har ikkje vore slått på mange år. Einaste bruken no er hjortebeite. Blei slått med stuttorv i tidlegare tider. Grunngjeving for verdisetjing: attgroande og svært få indikatorartar. BN00014993. Tidlegare lokalitet på Skotsund er no ein attgroande kant. 11
BN00015006 Øvre Veland Gnr/bnr: 12/3 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (noko oppgjødsla eng) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Artsmangfald: Gjødsla eng utan verdi med omsyn på biologisk mangfald. Grasdominert med mykje hundegras, hundekjeks, krypsoleie, løvetann og marikåpe. Sølvbunke er òg registrert. Det blei ikkje registrert nokon indikatorartar for artsrik slåttemark Bruk, tilstand og påverknad: Slått og gjødsling. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje er tradisjonell artsrik slåttemark, kan ein drive etter kva som er praktisk for gardsdrifta, inkludert tiltak for å redusere ugrasmengda dersom dette er ønskjeleg. Grunngjeving for verdisetjing: ingen indikatorartar. BN00015006. Oppgjødsla eng på Øvre Veland. 12
BN00015039-1: Øvreås Bruk 1 Gnr/bnr: 13/1 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (vanleg eng/hage/krattskog, noko oppgjødsla) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Store delar av registrert areal er anten gjødsla plen, næringsrik bærhage, uslåtte kantar, attgrodd med lauvkratt, eller oppgrave i samband med gardsveg og planar om brønn. To små flatar med gamal eng står att, men dei er ikkje artsrike. Dei to flatane blir omtalt vidare. Artsmangfald: Mykje kystgriseøyre og smalkjempe, men òg mykjer engkarse, engsyre og løvetann. På nedste teigen er det i tillegg ein del marikåpe. På øvste teigen er det òg mykje ryllik, og noko blåklokke og tepperot. Bruk, tilstand og påverknad: Ny eigar siste 5 åra har sett i stand tunet og har etter kvart tatt opp slått på dei to flatane med gamal eng. Før dette stod arealet utan slått og beite i minst. 10 år. Uvisst korleis drifta har vore tidlegare. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje er tradisjonell artsrik slåttemark, kan ein drive etter kva som er praktisk for å halde arealet ope. Grunngjeving for verdisetjing: Svært få indikatorartar. BN00015039-1. Øvreås bruk 1: den beste flata, men få indikatorartar. Oppgrave og uslått areal i bakgrunnen. 13
BN00015039-2: Øvreås Bruk 2. Eng Gnr/bnr: 13/2 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (noko oppgjødsla eng) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Størsteparten av arealet er gamal eng, men eit parti langs vegenblir skilt ut som artsrik vegkant, sjå eiga skildring. Artsmangfald: Størsteparten av arealet er gjødsla, grasdominert eng med ugras. Det er stadvis svært mykje engkarse, høymole og krypsoleie. Elles er engsyre, krattlodnegras og marikåpe vanleg. Hundekjeks, lyssiv, marikåpe, markjordbær, raudkløver og skvallerkål er registrert. Av indikatorartar er det berre nokre område med mykje følblom og litt gjerdevikke og kystgriseøyre svært spreidd. Slektning av grunneigar fortel at det er mykje jordnøtt, men dette blei ikkje funnet ved registrering truleg fordi den er vanskeleg å sjå så seint. Bruk, tilstand og påverknad: Gjødsling og siloslått. Kantane ser ut til å vere svakare gjødsla. Ytste kantane blir ikkje slått. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje er tradisjonell artsrik slåttemark, kan ein drive etter kva som er praktisk for gardsdrifta, inkludert tiltak for å redusere ugrasmengda dersom dette er ønskjeleg. Grunngjeving for verdisetjing: Svært få indikatorartar. BN00015039-2. Øvreås Bruk 2: All enga både i framgrunnen og på begge sider av vegen i bakgrunnen var registrert som artsrikt. Dette er no vanleg, gjødsla eng som blir slått til silo. 14
BN00015039-3: Øvreås Bruk 2. Vegkant Gnr/bnr: 13/2 Naturtype: D03 Artsrik vegkant C (lokalt viktig) Moglege truslar: Gjødsling, oppdyrking, spreiing av ugras frå gjødsla eng, tidleg slått. Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Innleiing: Skildringa er skriven av Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland. Lokaliteten ligg inni ein lokalitet som er registrert tidlegare: BN00015039. Geografisk plassering og naturgrunnlag: Lokaliteten er mest ein smal stripe langs vegen, men kan strekke seg nokre meter nedover ein bratt bakke. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Avgrensinga er basert på ortofoto, og blir rekna som middels god. Det er gradvise overgangar i vegetasjonen. Avgrensinga er gjort skjønnsmessig. Artsmangfald: Registrert blåklokke, blåknapp, følblom, kystgriseøyre, ryllik. Oppgitt til å vere mykje prestekrage, men den blei ikkje funnet. Er truleg fleire artar. Bruk, tilstand og påverknad: Delvis slått i samband med siloslått. Elles blir vegkantane slått seint: i august eller nokre år først i september. Framande artar: Ingen observerte artar. Skjøtsel og omsyn: Arealet må ikkje gjødslast. Ein bør slå seint kvart år, det vil seie i juliaugust. Ein kan slå med lett slåmaskin eller ljå og ca. 7-10 cm stubbehøgd. Graset bør tørkast flatt på staden eller i hesje, og deretter takast bort. Dersom ein ikkje får tørka graset på staden, må slåttetidspunktet vere enda seinare, slik at plantane likevel får frødd seg. Graset må uansett fjernast. Arealet bør helst bli beita godt ned i mai og i september-oktober kvart år. Dette er viktig for å unngå næringstilførsle frå vissent gras. Dei tradisjonelle slåttemarksartane toler ikkje slik næringstilførsle over tid. Eventuelle tre som skyggar kan med fordel ryddast bort for å sikre mykje lys. Grunngjeving for verdisetjing: få indikatorartar er registrert, men det finst truleg fleire. Lokaliteten er av ein viss storleik. Merknad: lokaliteten bør undersøkast grundigare. 15
BN00015039-3. Flyfoto med den artsrike vegkanten på Øvreås. BN00015039-3. Artsrik vegkant Øvreås Bruk 2. 16
BN00015039-4: Øvreås Bruk 3 Gnr/bnr: 13/3 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (noko oppgjødsla eng/frukthage) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Artsmangfald: Grasdominert med mykje engkarse, engsyre, hundekjeks og krypsoleie. Hundegras og kystgriseøyre er òg registrert. Skjøtsel og omsyn: Sidan arealet ikkje er tradisjonell artsrik slåttemark, kan ein drive etter kva som er praktisk for drifta. Grunngjeving for verdisetjing: nær ingen indikatorartar. BN00015039-4. Øvreås Bruk 3: oppgjødsla areal med noko attgroingspreg. 17
BN00015010 Åsebø Gnr/bnr: 145/6 Naturtype: Ikkje naturtype etter DN-handbok 13 (noko oppgjødsla beite med små restar av artsrik slåttemark) Liten lokaliteten bør takast ut av Naturbase Moglege truslar: opphøyr av drift Undersøkt: 14.9.2010, Øyvind Vatshelle Geografisk plassering og naturgrunnlag: 2 små haugar litt oppom hovudvegen. Naturtypar, utformingar og vegetasjonstypar: Teigen er oppgjødsla og av liten verdi med omsyn til biologisk mangfald, men desse to haugane har nokre indikatorartar. Artsmangfald: Registrerte indikatorartar: Mykje blåklokke, hårsvæve, prestekrage, ryllik, skogstorkenebb og smalkjempe. Gjerevikke og tepperot er òg registrert. Andre artar: Mykje krattlodnegras, kvitkløver, marikåpe og mose. Engsyre, engkarse, raudkløver, skvallerkål, småsyre og sølvbunke er òg registrert. Bruk, tilstand og påverknad: Slått med tradisjonell drift fram til 1987, deretter utleigd beite. Noko gjødsling, stadvis pussing med beitepussar, men dette gjeld truleg ikkje dei to haugane. Det er planar om å slutte å bruke beitet frå år 2011, og å la det gro att. Grunngjeving for verdisetjing: relativt får indikatorartar på svært små område med plan om å avslutte all drift. BN00015010. Eine haugen i lokaliteten på Åsebø ligg i bakken i framgrunnen, den andre haugen ligg ved kraftmasten langs vegen i bakgrunnen. Nedst mot vegen i framgrunnen har det kome inn skvallerkål. 18