Side 1 av 8 Saksframlegg Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 15/2654-1 Ny driftskontrakt for Midtre Sogn for perioden 1. september 2016-31. august 2021. Standard på drifts- og vedlikehaldsoppgåver Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gjere slikt vedtak: Følgjande vert lagt til grunn ved utlysing av driftskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2016-2021: 1. Vegane i kontrakten skal ha driftsstandard i samsvar med vedlegg til saka. 2. Driftsregime for fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet vert vidareført. 3. Skjerpa krav til vinterdrift av fylkesveg 213 frå Porsmyri til Sogndal flyplass vert vidareført. 4. Endringar som følgje av revidert handbok R610 vert lagt til grunn i kontrakten. Vedlegg: Framlegg til vinterdriftsklassar Andre dokument som ikkje ligg ved: 1. HS-sak 32/05 Oppgradering av standarden for vinterdrift av fylkesvegane i Sogn og Fjordane 2. HS-sak 31/10 Ny funksjonskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2011-2016. Standard på drifts- og vedlikehaldsoppgåver SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Driftskontrakt for Midtre Sogn skal lysast ut i 2015, med oppstart 1. september 2016. I saka gjer vi greie for kva funksjonskrav, samt kva innsatsnivå og kva krav til tilstand og/eller krav til tiltak vi vil legge til grunn for perioden 2016-2021. Vi tek utgangspunkt i vidareføring av dagens driftsstandard i kontraktsområdet, med endringar som følgje av revidert handbok R610 «Standard for drift og vedlikehold av riksveger». Kva konsekvens endringane i kontrakten vil ha for kostnadsutviklinga er vanskeleg å vurdere, men det kan bli ein mindre auke. Statens vegvesen er i gang med utgreiingsarbeid for å sjå på moglege innsparingar som følgje av redusert løyving. Vi legg til grunn at dette først kan bli aktuelt å innføre i neste utlysing av driftskontrakt for Midtre Sogn dersom endringane blir vedtekne. 2. Bakgrunn for saka
Side 2 av 8 Grunnen for at saka er fremja Vi viser til Rammeavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest, samt brev frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune vedrørande høyringsnotat om lovforslag Veglova og vegtrafikklova, datert 20.02.2009. I pkt. 3 i brevet står det: Det må ikkje leggjast opp til auka standard eller auka omfang i nye funksjonskontraktar som vert inngått av staten i 2009 for drift og vedlikehald av det øvrige riksvegnettet utan etter nærare samarbeid og avtale med fylkeskommunane. Driftskontrakt for Midtre Sogn skal lysast ut i 2015, med oppstart 1. september 2016. I saka gjer vi greie for kva funksjonskrav, samt kva innsatsnivå og kva krav til tilstand og/eller krav til tiltak som vi vil legge til grunn for perioden 2016-2021. Historikk - tidlegare vedtak Hovudutvalet for samferdsle vedtok i HS-sak 32/05 22. juni 2005 følgjande: Standarden for vinterdrift av fylkesvegar i Sogn og Fjordane skal følgje standarden for riksvegar når det vert inngått nye funksjonskontraktar.. Standard i gjeldande driftskontrakt for Midtre Sogn vart handsama i HS-sak 31/10 «Ny funksjonskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2011-2016. Standard på drifts- og vedlikehaldsoppgåver». I denne saka vart også endring på stengings-/opningstidspunkt for fv. 13 Gaularfjellet grundig vurdert. Det vart gjort slikt vedtak i saka: «Ved utlysing av funksjonskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2011-2016 skal følgjande leggjast til grunn: 1. Skjerpa krav til vinterdrift av fylkesveg 213 frå Porsmyri til Sogndal flyplass vert vidareført. 2. Driftsregime for fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet vert vidareført. 3. Følgjande strekningar skal framleis driftast etter mellomstrategi (vinter): - Fv. 13/Fv. 55 Dragsvik ferjekai - Høyangertunnelen - Fv. 55 Gaupne Sogndal» I HS-sak 28/12 om ny driftskontrakt for Ytre Sunnfjord vedtok hovudutvalet at ny handbok 111 skal gjelde for drift og vedlikehald av fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Handboka har fått nytt nummer, og heiter i dag «R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger». Vi legg dette til grunn i denne saka. Sentrale problemstillingar Kort omtale av kontraktsområdet for Midtre Sogn Kontraktsområdet ligg i indre/midtre delar av Sogn, og omfattar riksvegar, fylkesvegar og gangog sykkelvegar i kommunane Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik, samt delar av riksvegar og fylkesvegar i Voss, Jølster og Gaular kommunar. Kontraktområdet omfattar totalt ca. 619 km veg 154 km riksveg 447 km fylkesveg 15 km gang-/sykkelveg langs riksveg 3 km gang-/sykkelveg langs fylkesveg Fylkesvegar som blir drifta av andre. Fylkesvegane i Leikanger kommune blir drifta av Leikanger kommune. Arbeidet skal utførast etter ein instruks som vart vedtatt i samferdsleutvalet i 1982. I Leikanger kommune gjeld dette vedlikehald av 5,175 km av fylkesveg 185. Kommunen får refundert utgifter til gjennomføring av arbeidet som ligg til denne instruksen. I 2013 sende Statens vegvesen brev til kommunane som i har avtale om drift av fylkesvegar og gjorde dei merksame på at anten overtek vi driftsansvaret, eller at instruks for kommunal drift av fylkesvegar blir endra for å samsvare betre med krava til driftskontraktene. Leikanger kommune uttalte seg ikkje til saka. Etter utlysing av driftskontrakten for Indre Sogn, laga Statens vegvesen ny avtale med Lærdal og Årdal. Vi vurderer det slik at veglengda Leikanger kommune driftar er så kort og oppstykka at det vil vere lite å hente på å gjera endringar no.
Side 3 av 8 Trafikk Trafikken i kontraktsområdet varierer mykje: ÅDT min ÅDT maks Gj.snitt Riksvegar 480 8600 1650 Fylkesvegar 50 3800 455 Om vegnettet Det er varierande standard og tilstand på vegnettet i kontraktområdet. Fv. 13 over Gaularfjellet og fv. 55 over Sognefjellet er vinterstengte fjellovergangar. Dei er også nasjonale turistvegar. Ein del strekningar langs vegnettet er utsette for stein- og/eller snøskred. Vi har laga beredskapsplan for snøskred og snøskredfare der ein del av desse strekningane er skildra nærare. I kontraktsområdet er det til saman 35 tunnelar. Av desse er 24 på fylkesveg. Dei lengste tunnelane er på riksvegnettet. Ferjesambandet Hella Vangsnes - Dragsvik er eit viktig trekantsamband i kontraktområdet. I tillegg blir Balestrand ferjekai nytta i beredskapssamanheng m.a. ved skred/skredfare langs fv. 55 i Esebotn. Alle vegane har fast dekke. Fylkesveg 185 i Leikanger kommune blir drifta og vedlikehalden av Leikanger kommune. I noverande driftskontrakt for Midtre Sogn 2011-2016 har vegnettet blitt drifta som vist på kartet, dvs barvegstrategi (grøn), vinterstrategi (raud) og mellomstrategi (gul) Klimatiske forhold Det er store variasjonar i dei klimatiske forholda i kontraktsområdet. I vinterhalvåret kan temperaturen ofte vera rundt 0 grader nærast fjorden og det er stort sett lite snø, medan det på
Side 4 av 8 høgfjellet kan vere under 20 minusgrader og mykje snø og vind. Normal årsmiddelnedbør innanfor kontraktområdet er 500 2000 mm/år. Normal årsmiddeltemperatur er 3,3-4,4 o C. 3. Innhald i driftskontrakten for Midtre Sogn Følgjande arbeidsoppgåver er sentrale i driftskontrakter: Drift av drenssystem for å sikre vatn fritt løp Lapping og reparasjon av lokale skader i asfaltdekker Drift/vedlikehald av murar, støyskjermar, stabilitetssikring, kantstein, gjerder, rekkverk, skilt og anna vegutstyr, rasteplassar, leskur, etc. Drift av grøntareal og skråningar Standard for vinterdrift Reinhald I handbok R610 er vegnettet inndelt i klasser for Inspeksjon, reinhald og reinsk av tunnelar vinterdrifta. Driftsklasse A og B er tilnærma Trafikkberedskap «barvegstrategi». Driftsklasse C er tilnærma «mellomstrategi». Driftsklasse D og E er Inspeksjon, reingjering og enklare tilnærma vinterveg. vedlikehald av bruer og kaier Vinterdrift Barvegstrategi Det er to driftsklasser innan barvegstrategi: Det blir stilt krav til beredskap og entreprenøren skal kunne rykke ut og foreta nødvendige avsperringar og omskiltingar for å ivareta trafikktryggleik og trafikkavvikling. Entreprenøren skal etablere beredskap der han heile året kan rykke ut med nødvendig materiell i samsvar med gjevne krav basert på trafikkmengder. Vinterstrategi I Region vest har riks- og fylkesvegar blitt drifta etter 2 typar vinterstrategiar, barvegstrategi og vintervegstrategi, og som ein variant av dette har vi hatt mellomstrategi. I overgangsperiodar med berr vegbane har dei viktigaste vegane blitt drifta med mellomstrategi. I noverande driftskontrakt for Midtre Sogn er det mellomstrategi på fv. 13/55 Dragsvik Høyangertunnelen og fv. 55 Gaupne - Sogndal. Vår erfaring med dette er god, då det gir mindre glatte vegar og betre friksjon. I handbok R610 er krava til vinterdrift formulert i fem vinterdriftsklasser for køyrevegar og to vinterdriftsklasser på ferdsleareal for gåande og syklande, sjå tekst i ramme. Tilråding vinterdrift Med bakgrunn i erfaring frå noverande og førre driftskontrakt og andre kontraktar i Region vest, foreslår vi å nytte driftsklasse C på vegar i funksjonsklasse B, samt vegen til Sogndal flyplass Haukåsen. Vegar med lite trafikk og lågare funksjonsklasse bør driftast i driftsklasse D og E. Vinterdriftsklasse A (DkA): Det skal vera berr veg (tørr eller våt) heile året. Vinterdriftsklasse B (DkB): Hard snø/is tillate utanom hjulspor i avgrensa tidsrom. Driftsklassen har tre undernivå. Mellomstrategi Vinterdriftsklasse C (DkC): Godkjent føreforhold er berr veg (tørr eller våt) i milde periodar og hard snø/is i kalde periodar. Mellomstrategi er ikkje skildra i handbok R610, men har vore mykje nytta i Region vest. Metoden fungerer slik at når ein har berr veg og det er fare for rimfrost på vegen, skal vegen saltast før ein eventuelt får rimfrost/ kuldenedslag for å hindre glatt veg. Entreprenøren nyttar mellom anna vêrmelding og vêrprognosar for å vurdere behovet for denne type salting. Syner vêrvarselet at temperaturen synk etter ein mildvêrsperiode, skal entreprenør vurdere behov for å salte før det eventuelt blir rimfrost/kuldenedslag på vegen. Vegar med mellomstrategi skal elles driftast som vinterveg når det er snø/isdekke på vegen. Med strategi vinterveg vert tiltak i form av strøing med sand sett i verk 2-4 timar etter at veggrepet er under friksjonskrava i R610. Vintervegstrategi Vinterdriftsklasse D og E (DkD og DkE): Vi aksepterer snø- og isdekke heile eller delar av vinteren. Strøing ved glatt veg vert normalt utført med sand. Ferdsleareal for gåande og syklande Vinterdriftsklasse GsA Bymessig strøk med høy gang- og sykkeltrafikk Hovudnett for sykkeltrafikk. Vinterdriftsklasse GsB Øvrige ferdselsareal for gåande og syklande. Vi tilrår DkC på fv. 55 Gaupne Sogndal og fv. 13/55 Dragsvik Høyangertunnelen. Vi tilrår også å sette krav om saltløysing som saltmetode i staden for tørrsalt, då dette gir vesentleg mindre saltforbruk. I vedlegg til notatet ligg forslag til vinterdriftsklasse for dei ulike vegstrekningane i kontrakten.
Side 5 av 8 Reinhald av fylkesvegtunneler: Det er totalt 35 tunnelar i driftskontrakt for Midtre Sogn. Av desse er 24 på fylkesvegnettet. Frekvens på reinhaldet av tunnelar er styrt ut frå årsdøgertrafikk på vegstrekninga. I handbok R610 er frekvensen på reinhaldet endra i høve tidlegare. Dette kan gje kostnadsauke som følgje av hyppigare vask for ein del av fylkesvegtunnelane. Kvitmåling av fylkesvegtunneler: Statens vegvesen Region vest sin politikk for kvitmåling av tunnelar på riksvegar går fram nedanfor: «I Region vest skal det nyttast kvitmåling til betring av lystilhøva i følgjande tunnelar på riksvegnettet: 1) Tunnelar med ÅDT > 8000 vert målt 3 m opp i heile lengda 2) Alle tunnelar med kurvaturradius < 400 m i inngangssona og der køyretøybana er mindre enn 6,3 m vert kvitmåla 3 m opp i inngangssonene. 3) Kvitmåling kan også vurderast ved andre spesielle forhold, som t.d. manglande lys, stor gangtrafikk e.l. Som kvitmåling skal nyttast sementbasert kvitmåling. Kvitmålinga vert lagt inn i driftskontraktane etter kvart som dei vert lyste ut på ny. Vi gjer fylkeskommunen kjende med vedtaket og tilbyr å innføre det same på fylkesvegnettet i denne kontrakten.» Vi meiner at nokre av fylkesvegtunnelane bør malast på sidene i ei høgde på ca. 3 meter for å auke trafikktrygginga. Fleire tunnelar manglar lys, og nokre, som t.d. Røneidstunnelen, har utfordrande geometri. Når det gjeld kostnad til kvitmaling av tunnelar varierer den ein del, slik at den er vanskeleg å stipulere. Vi tilrår at det blir sett av midlar til dette og at det blir beskrive eit omfang (m 2 ) på kvitmåling i kontrakten. Vi reknar med at dette gir ein kostnad i storleiken 1,2 mill. 2015-kr i kontraktsperioden: Tunnel Lengde Areal maling/kviting Antatt kostnad (m) (m2) (1000 2015-kr) fv. 55 Røneidstunnelen 656 4000 240 fv. 55 Stupshølentunnelen 77 500 30 fv. 337 Stølsnestunnelen 967 5800 350 fv. 337 Merkeskredtunnelen 1534 9200 550 fv. 604 Styggegjøltunnelen 67 400 25 Maling av inngangsparti-andre tunnelar RS 600 35 Totalt 20500 1230 Vinterstenging og opning av høgfjellstrekningar Vi har 2 vinterstengde høgfjellsstrekningar, fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet i driftskontrakt Midtre Sogn. I eksisterande kontrakt er det lagt til grunn føringar for kor tid vi skal stenge/opne desse fjellovergangane. I det følgjande vil vi beskrive kva som står i gjeldane kontrakt samt gjere ei tilråding om kva som bør leggast til grunn for neste kontraktsperiode. Fv. 55 Sognefjellet Total veglengde på høgfjellstrekninga er 38.5 km. Av dette ligg 13,9 km i Sogn, mellom Turtagrø i Luster kommune og Oppland grense. Vinterberedskapen gjeld i perioden frå 1/9 til 31/5 kvart år. Sognefjellet vil normalt vera nattestengd mellom klokka 20.00 og kl. 08.00 frå om lag 15. oktober fram til vegen vert vinterstengt. Vegen er og oftast nattestengt frå vegopning (1. mai) til 15. mai. Sognefjellet skal brøytast med bil og plog. Når vi ikkje lengre er i stand til å halda vegen open med bil og plog om hausten skal vegen vinterstengjast, i samråd med byggherren. Dette skjer vanlegvis i midten av november. Etter vinteren skal fv. 55 Sognefjellet opnast seinast 1. mai kl. 08.00. Til påske skal vegen opnast opp til Huldrehaug, om lag 5 km ovanfor Turtagrø. Strekninga som er opna til påske skal haldast open etter påske og driftast i samsvar med gjeldande strategi for vinterveg.
Side 6 av 8 Entreprenøren må sjølv halda og ta kostnaden med naudsynt utstyr for å kunna gjera seg nytte av sattelittstyrt navigasjon (GPS) ved opning etter vinterstenging. For å nytte seg av GPS, må vi ha referansepunkt langs vegen (fastmerker). Statens vegvesen har ansvaret for drift av desse. Fv. 13 Gaularfjellet Fv. 13 Gaularfjellet går frå Mel i Balestrand kommune til Mjell i Gaular kommune. Total veglengde er 18,7 km. Vinterberedskapen gjeld i perioden frå 20. september til 15. mai kvart år. Gaularfjellet vil normalt vera nattestengd mellom klokka 20.00 og kl. 08.00 i vintersesongen før fjellet vert vinterstengt, vanlegvis frå desember/januar. Opning etter vinteren er 1. mai kl. 08.00. Gaularfjellet skal brøytast med bil og plog. Når vi ikkje lengre er i stand til å halda vegen open med bil og plog om hausten skal vegen vinterstengjast. Rydding av svingar kan likevel utførast med anna utstyr, når dette er avtalt med byggherren. I samband med påska skal vegen brøytast opp frå Sunnfjordsida til brøytestasjonen, 7,5 km frå Mjell. På Sognesida skal vegen brøytast opp til Bårdalen, om lag 5 km over Mel dersom det ikkje er rasfare. Byggherren avgjer kor langt dei skal brøyte på Sognesida. Strekningar som er opna til påske skal haldast opne etter påske og driftast i samsvar med gjeldande strategi for vinterveg. I HS-sak 31/10 «Ny funksjonskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2011-2016. Standard på drifts- og vedlikehaldsoppgåver» vart det vurdert å endre stengingsregime for fv. 13 Gaularfjellet. Det vart då konkludert at dersom fjellet skulle opna tidlegare etter vinterstenging, må vi etablere samband som tek vare på tryggleiken til trafikantar og mannskap. Dette har ein betydeleg kostnad. I tillegg vil den årlege driftskostanden auke. Krav som gjeld for begge fjellovergangane: Det skal ikkje vera kolonnekøyring på grunn av dårleg vêr på fv. 13 Gaularfjellet og fv. 55 Sognefjellet. Etter at vegen har vore stengd skal entreprenøren vurdera vêrmelding i lag med byggherren før dei opnar vegen. Dette for at vi skal unngå snarleg ny stenging på grunn av uvêr. Rasteplassar og parkeringsplassar skal brøytast opp i samband med vinteropninga. Vurdering av dagens ordning: Det har ikkje vore registret større problem med dagens ordning/regime med vinterstenging og opning etter vinterstenging. Tilråding: Vi tilrår at vi vidarefører driftsregimet som vi har i dag for fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet til også å gjelde i drifts- og vedlikehaldskontrakten frå 2016-21. Krav til utstyr i kontrakten: Entreprenøren får krav til kva utstyr han skal ha til rådvelde for vinterdrifta, slik som snøfres med bæremaskin og veghøvel, utstyr for fastsand, samt plogar med slapseelement og underliggande skjær. Bortsett frå plogar med slapseelement er dette krav som alt er i eksisterande kontrakt, og vi reknar med at det ikkje vil påverke kostnaden nemneverdig. Turistvegprosjektet: Turistvegprosjektet har laga ein plan for vegetasjonsrydding og vidare drift på ca. 15 punkt for å betre utsikt på fv. 13 mellom Dragsvik og kontraktsgrensa. Då vi ikkje har full oversikt over omfanget på noverande tidspunkt, er kostnaden usikker, men vi anslår kostnaden til ca. 100 000 kroner per år. Første gongs rydding av desse områda kan vera kostnadskrevjande, og turistvegprosjektet bør finansiere dette. Seinare vil det vera ordinær drift å halde vegetasjonen nede. Dette er aktuelt å ta inn som arbeid utført gjennom driftskontrakten. Andre opplysningar Oppgåver som ikkje inngår i denne driftskontrakten: Dekkefornying Oppmerking Drift av lys Indre vedlikehald av trafikksignalanlegg og andre trafikkstyrings- og overvåkingsanlegg
Side 7 av 8 Større vedlikehaldsarbeid på t.d. drens- og avløpsanlegg, tunnelar, murar, bruer og kaier Investeringsoppgåver Drift av ferjesamband 4. Vurderingar og konsekvensar Økonomi- og budsjettkonsekvensar Kontraktsprisar Kontraktsummen for driftskontrakt Midtre Sogn for perioden 2011 2016 var på 149 mill. 2011- kr utan mva. Med 12 % prisstigning for perioden 2011 2015 vil kontraktsprisen i 2015 ligge på 167 mill. i 2015-kr, eller om lag 33 mill. 2015-kr per år eks mva. Om lag 50 % av kostnaden er knytt til fylkesveg. Vi legg til grunn 25 % mva. Endring som følgje av ny handbok R610 Det er mange faktorar som påverkar kostnaden på dei ulike prosessane i kontrakten. Korleis endra krav i handbok R610 verkar, har vi lite erfaringsgrunnlag på enno. I utgangspunktet kan vi rekne med auka kostnad på reinhald av tunnelar og innføring av nye driftsklasser for vinterdrift. Variasjonane innbyrdes på prosessnivå i andre kontrakter er så store at det er vanskeleg å tolke kor stor verknad ny R610 har på kostnader for dei ulike prosessane. Dersom vi legg erfaringa frå utlysing av driftskontrakter for Indre Sogn og Indre Sunnfjord til grunn, kan vi vente ein kostnadsreduksjon for Midtre Sogn i forhold til gjeldande kontrakt. I tillegg til krava i handboka, vil marknadssituasjonen og entreprenørane sine strategiske vurderingar spele inn på prissetjing av dei enkelte arbeidsprosessane. I noverande kontrakt har vi undervurdert omfanget brøyting/høvling og strøing på fylkesveg for å halde standarden som er definert. I ny kontrakt vil vi difor auke mengdene på dette, noko vi reknar med gir ein kostnadsauke. Kvitmåling av fylkesvegtunnelar er estimert til 1.2 mill. kr. i kontraktsperioden dersom vi legg til grunn kostnadene som er gjort greie for i notatet over. Oppsummering kostnadsestimat for ny driftskontrakt Midtre Sogn 2016-21 - fylkesveg Kostnad per år (mill. 2015-kr) Kontraktpris 2011-16 17,0 Tillegg for kvitmåling av tunnelar og auka forbruk 1,5 brøyting/høvling- fv Sum kostnader totalt i 5-årsperioden (eks mva) 18,5 Sum kostnader inkl. mva 23,1 I 2014 betalte fylkeskommunen 28,7 mill. 2015-kr for drift av fylkesvegane i kontrakten. Det var løyvd 22,9 mill. kr til denne kontrakten. Vi hadde eit meirforbruk på 5,8 mill. 2015-kr som skuldast meirkostnader til flaumen 28. oktober, uveret Hilde og reinsk/sikring etter ras. Forhold til pågåande utgreiingsarbeid Statens vegvesen er i gang med å greie ut potensiale for innsparing ved vinterstenging av vegar og utsett opning/tidlegare stenging av vinterstengde vegar. Vi skal også greie ut endring i driftsstandard for fylkesvegnettet som følgje av reduserte løyvingar i åra som kjem. Mellom anna vil vi greie ut endringar som til dømes: Tidlegare vinterstenging og seinare opning av fv. 13 Gaularfjellet og fv. 55 Sognefjellet Redusert vinterstandard for vegstrekningar Reduksjon i grøntvedlikehald, kantklipp etc. Stenging av rasteplassar og toalett Redusert feiing, reinhald i tunnelar etc. etc.
Side 8 av 8 I denne saka har vi lagt til grunn at slike endringar først kan bli aktuelt å innføre i neste utlysing av driftskontrakt for Midtre Sogn. Det er vanskeleg å gjera slike endringar midt i ein kontraktsperiode. Dersom vi skal innfri nedskjeringskravet vi skal utgreie på 40 mill. kr inneber dette eit kutt i denne kontrakten på i storleiken 5 mill. kr etter ei gjennomsnittsbetraktning, tilsvarande 22 % av løyvinga til driftskontrakter i 2014. Det er ikkje mogleg å handtere dette innafor bestemmelsane i denne kontrakten. Arbeidet innanfor kontrakten kan reduserast med 15 % i kontraktsperioden (for kontrakter inngått i 2011 eller seinare). Dette utgjer i snitt om lag 3,5 mill. kr per år (inkl. mva). Då kontraktsprisane består av både rund sum og mengdebaserte prisar, vil det bli forhandlingar knytt til rund sum dersom vi reduserer mengdene som skal utførast. Mindre utførte driftsoppgåver gjennom kontrakten kan til ein viss grad kompenserast med vedlikehaldsoppgåver. 5. Konklusjon Statens vegvesen rår til at vi vidarefører dagens driftsstandard ved utlysing av driftskontrakt for Midtre Sogn for perioden 2016-2021. Endringar som følgje av revidert handbok R610 vert lagt til grunn i kontrakten. Vegane i kontrakten skal ha driftsstandard i samsvar med vedlegg til saka. Vi vidarefører skjerpa krav til vinterdrift av fylkesveg 213 frå Porsmyri til Sogndal flyplass. For fjellovergangane fv. 55 Sognefjellet og fv. 13 Gaularfjellet held vi på dagens krav til vinterstenging og opning. Arbeidet innanfor kontrakten kan reduserast med inntil 15 % i kontraktsperioden innafor kontrakten sine bestemmelsar dersom FK vedtek dette gjennom sitt arbeid med budsjettreduksjonar. Fylkesdirektøren sluttar seg til Statens vegvesen sin konklusjon og tilråding.