3692 Sauland Møteinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 11.03.2015 Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen Møtetid: Kl. 18:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 04.03.2015 Sven Tore Løkslid ordførar Tema: Orientering om status for ny Sauland skule. Kommunereforma (2 t) Sakliste Sak nr. Saktittel 025/15 GODKJENNING AV MØTEBOK 026/15 REFERATSAKER 027/15 SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND - FORLENGING AV VALPERIODE 028/15 VAL AV MEDLEMMER TIL ARBEIDSGRUPPE - VEDTEKTER FOR TILSKOT TIL FREDA OG VERNEVERDIGE BYGG
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret 11.03.2015 025/15 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/330 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå K-møte 29.01.15 blir godkjent slik ho ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret 11.03.2015 026/15 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/329 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel 1 15/689 U 18.02.2015 Hjartdal og Notodden kommunar v/ordførarane AD. UTBYGGING AV SAULAND KRAFTVERK 2 15/638 I 16.02.2015 Skatteetaten KONTROLLRAPPORT VEDKOMANDE SKATTEOPPKREVJARFUNKSJONEN FOR HJARTDAL KOMMUNE 3 15/611 I 11.02.2015 Fylkesmannen i Telemark 4 15/691 U 17.02.2015 Fylkesmannen i Telemark; Nome kommune; Drangedal kommune; Stortinget Kommunal og forvaltningskomitee n; Kommunal og moderniseringsdepa rtementet BEHANDLING AV BUDSJETT 2015 OG ØKONOMIPLAN 2015-2018 HJARTDAL KOMMUNE SI HANDSAMING AV BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN 2015 RÅDMANNEN TILRÅR Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 02.03.2015 011/15 AEB Kommunestyret 11.03.2015 027/15 AEB Saksansvarleg: Anne E. Bamle Arkiv: K1-232 Arkivnr.: 12/1654 SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND - FORLENGING AV VALPERIODE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 S 07.11.2012 VAL AV SAKKUNNIG NEMND - TAKSERING AV EIGEDOMSSKATTEPLIKTIGE EIGEDOMAR I HJARTDAL KOMMUNE I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT PÅ BUSTADER OG FRITIDSBUSTADER FRÅ 2014 3 S 14.11.2012 VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATTETAKST FOR HJARTDAL KOMMUNE 6 S 10.01.2013 SUPPLERINGSVAL TIL SAKKUNNIG NEMND - TAKSERING AV EIGEDOMSSKATTEPLIKTIGE EIGEDOMAR I HJARTDAL KOMMUNE I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT PÅ BUSTADER OG FRITIDSBUSTADER FRÅ 2014 7 S 11.01.2013 VAL AV SAKKUNNIG KLAGENEMND - TAKSERING AV EIGEDOMSSKATTEPLIKTIGE EIGEDOMAR I HJARTDAL KOMMUNE I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT PÅ BUSTADER OG FRITIDSBUSTADER FRÅ 2014 2 S 15.01.2013 VAL AV SAKKUNIG KLAGENEMND - TAKSERING AV EIGEDOMSSKATTEPLIKTIGE EIGEDOMAR I HJARTDAL KOMMUNE I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT PÅ BUSTADER OG FRITIDSBUSTADER FRÅ 2014
Vedlagde dokument: Vedtekter for eigedomsskattetakst for Hjartdal kommune gjeldande frå 01.01.2013 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: LOV-1999-03-26-40 Lov om skatt på formue og inntekt (skatteloven sktl) LOV-1975-06-06-29 Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova esktl) Saksgang: Valnemnda tilrår Kommunestyret vedtek/gjer val Bakgrunn for saka: Gjeldande vedtekter for eigedomsskattetakst i kommune seier i punkt 1.3 at: Representantane i sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd blir oppnemnd av kommunestyret. Dei som er pliktige til å ta imot val til kommunestyret, er valbare og pliktige til å ta imot val til dei sakkunnige nemndene. Dette gjeld ikkje faste representantar i formannskapet, jf. esktl. 21. Valperioden følgjer kommunevalperioden, men slik at halvparten av representantane og vararepresentantane i sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd trer ut og blir erstatta kvart anna år. Samtidig blir leiarar og nestleiarar for den neste toårsperioden peika ut. Sittande nemnder vart oppnemnd i januar 2013 og ikkje i samband med kommunevalet i 2011. Det betyr at kommunen er i utakt med andre avsnitt i punkt 1.3 om at halvparten av representantane skal tre ut midt i kommunevalperioden. Vurdering: Rådmannen vil tilrå at sittande nemnder blir sittande fram til valet i september. Det betyr at ein får kontinuitet i nemndene i staden for utskifting av halvparten av representantane no på starten av året og nyval etter kommunevalet i september. Kommunen vil deretter vere i takt med eigne vedtekter om at valperioden følgjer kommunevalperioden, med utskifting av halvparten av representantane etter 2 år. RÅDMANNEN TILRÅR: Representantane i sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd vert sittande fram til kommunevalet 2015. Saksordførar: 02.03.2015 Formannskapet Handsaming: VOTERING: Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke.
FOR-011/15 TILRÅDING: Representantane i sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd vert sittande fram til kommunevalet 2015. Saksordførar: Inger Øya Grøgård
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 02.03.2015 012/15 BR Kommunestyret 11.03.2015 028/15 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-033, K2- Arkivnr.: 15/170 VAL AV MEDLEMMER TIL ARBEIDSGRUPPE - VEDTEKTER FOR TILSKOT TIL FREDA OG VERNEVERDIGE BYGG Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Kommunestyresak 092/14 (Økonomiplan 2015-2018) Saksgang: Formannskapet tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: I sak 092/14, pkt 12 gjorde kommunestyret slikt vedtak: "Rådmannen bes i samarbeid med Hjartdal Historielag å utarbeide vedtekter for støtteordning til gamle/freda bygg." I økonomiplanen er det avsett kr 250.000 pr år i 2016 og 2017 til ei slik tilskotsordning. I samband med at kommunestyret handsama søknadar om fritak for eigedomsskatt for bygg med historisk verdi i møte 29.01.15 blei det signalisert at kommunestyremedlemmer gjerne ville delta i ei arbeidsgruppe. Rådmannen tolkar dette som ei endring av bestillinga som blei gitt i kommunestyresak 092/14. Rådmannen legg derfor fram ei sak for å oppnemne ei politisk arbeidsgruppe for å utarbeide vedtekter. Vurdering: Formannskapet kjem med framlegg til deltakarar i arbeidsgruppe. Hjartdal Historielag blir bedne om å oppnemne eitt medlem. På bakgrunn av at ordninga er førutsett å starte i 2016 vil det vere viktig at vedtektene ligg føre innan 01.10.2015. RÅDMANNEN TILRÅR: Til medlemmer av arbeidsgruppe for å utarbeide vedtekter for tilskot til freda og verneverdige bygg oppnemnast: 1. 2. 3.
Rådmannen stiller til disposisjon sekretær for gruppa. Saksordførar: 02.03.2015 Formannskapet Handsaming: Bjørg Inger Flatland foreslo Audun Solberg som medlem Mathias Kleppen foreslo Trine Lise Kahrs som medlem Olav Listul foreslo Inger Øya Grøgård som medlem VOTERING: Forslaget til Flatland blei samrøystes vedteke Forslaget til Kleppen blei samrøystes vedteke Forslaget til Listul blei samrøystes vedteke. Saksordførar: Mathias Kleppen FOR-012/15 TILRÅDING: Til medlemmer av arbeidsgruppe for å utarbeide vedtekter for tilskot til freda og verneverdige bygg oppnemnast: 1. Audun Solberg 2. Trine Lise Kahrs 3.Inger Øya Grøgård Rådmannen stiller til disposisjon sekretær for gruppa. Saksordførar: Mathias Kleppen