SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 11/984 Arkiv: Q13 av løysingar og strategi for arbeid med Fv 55 Esefjorden Vedlegg: Brev frå Statens vegvesen med vedlagt kostnadsoverlag for bru, 19.03.2012 Brev frå Balestrand kommune, 29.05.2012 Brev frå Sogn og Fjordane fylkekommune, 14.06.2012 Utdrag frå Statens vegvesen si utgreiing av vegalternativ, nov 1995; - Illustrasjon av bru etter alternativ B Storasva-Gjerde - Illustrasjonar av vegutbetring og rassikring i Esebotn. Bakgrunn: Kommuneplan for Balestrand kommune 2010-2020, arealden Utgreiingar i samband med Kommunedelpan for Esefjorden Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Bakgrunn og føremål RTP for Sogn og Fjordane politisk prioritering Fv. 55 kring Esefjorden er ein fylkesveg, der Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for drift og utbetring med t.d. rassikring. Prioriteringane for vegutbetringar vert no vedtekne i Regional transportplan (RTP) for Sogn og Fjordane. Statens vegvesen er faginstans og bistår fylkeskommunen med faglege vurderingar av behov, utarbeiding av aktuelle løysingar og prioriteringar. Dei endelege prioriteringane i fylkeskommunen er derimot politiske. Her vert ulike interesser vekta, og det er ein realitet at eit lokalt engasjement og politisk påtrykk ofte er avgjerande for å nå opp i prioriteringane. Kommunen si rolle planavklaring og politisk påtrykk Val av løysingar for framtidig utbetring for vegparsellar skjer også i samspel med den kommunen der vegen er lokalisert. Dette skjer i første rekke gjennom planlegging; gjennom arealdelen i kommuneplan og vidare gjennom reguleringsplanar. For Fv. 55 kring Esefjorden er planstatus i gjeldande i Kommuneplan, arealdelen utbetring av vegen i hovudsak etter noverande trasé, med rassikringstiltak med tunnel i området ved Kjennesskreda (2 alternativ). I dei politiske diskusjonane lokalt i Balestrand, har fleire teke til ordet for bruløysing i ulike variantar. To alternative løysingar for bru over Esefjorden var utgreidd i samband med Kommunedelplan for Esefjorden i 1995, men var då ikkje vedtekne. Dette har ført til at ein ikkje har hatt eit samla lokalt engasjement og påtrykk til å få vegstrekninga prioritert med omsyn på opprusting og rassikring. Føremål med saka
Formannskapet har drøfta saka ved fleire høve. Det har vore gjennomført møter med Statens vevesen og fylkeskommunen, samt vore synfaring med formannskapet. Ein vil med denne saka samle trådane og legge eit løp der Balestrand kommune kan ta ei endeleg avgjerd på om kommunen skal setje i gang ein prosess for å få planlagt bru, eller om ein skal jobbe vidare for å få realisert gjeldande planløysing med utbetring og rassikring. Dette for så å kunne arbeide vidare med full tyngde frå kommunen si side, og ikkje minst i alliansar med andre, for å få strekninga prioritert inn i fylkeskommunen sin RTP for Sogn og Fjordane. Oppbygging av saka Formannskapet har bedt administrasjonen oppsummere moment som er relevante og komme med ei eiga vurdering av desse, samt drøfte val av strategi for det vidare arbeidet. Notatet er ut i frå dette bygd opp med følgjande inndeling 1. Gjeldande status for vegen i plansamanheng 2. Klargjering og drøfting av viktige tema for dei to alternativa rassikring/veg eller bru 2.1 Planavklaring 2.2 Kostnader, finansiering 2.3 Gjennomføring tidsapekt 2.4 Natur og samfunnsmessige konsekvensar/verknader 2.5 Samla vurdering 3. Strategi for vidare arbeid 1. Gjeldande status for vegen i plansamanheng Kommuneplan for Balestand kommune I kommuneplanen er det som følgje av Statens vegvesen sine utgreingar lagt inn: Utbetring av vegparsellen frå Bakkeviki og inn i Esebotn Rassikring av området frå Esebotn og fram mot Esebotn seterhytte (alt. med lang og kort tunnel). Fylkesvegplan - Utgreiing av Fv. 55 i samband med Fylkesvegplan Prosjekt på strekninga med utbetring av vegparsellen (utanom rassikring av Kjennesskreda) er ikkje med i gjeldande Fylkesvegplan. Statens vegvesen har sett i gang ei utgreiing for heile Fv. 55 etter oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Denne skal danne eit kunnskapsgrunnlag for prioriteringar gjennom HP og budsjett. Det er i oppstartmøte til denne signalisert at ein først og fremst vil konsentrere seg om å utvikle dagens Fv. 55 og bygge utgreiinga på gjeldande planar. Utgreiinga skal etter planen vere ferdig i løpet av 2012. Rassikringsplan for Sogn og Fjordane Fylkeskommunen har utarbeidd ein egen rassikringsplan med prioritering av rassikringstiltak. I NTP 2010-2019 er det øyremerka 1 milliard til rassikringstiltak i landet kvart år. Fylkeskommunen har som mål å få 75 mill. kroner kvart år til sikring av fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Fylkestinget vedtok i desember 2009 ei prioritert liste på 10 prosjekt for gjennomføring i perioden 2010-2019 med ein samla kostnad på kring 700 mill. kr. Denne lista er teke inn i Strategisk plan for samferdsle for Sogn og Fjordane 2010-2019. Kjennesskreda er prioritert som tiltak nr 10 i denne planen. Dei første tiltaka er no sett i gang, og det er realistisk at rassikring av Kjennesskreda kan bli realisert i slutten av perioden 2018-2020.
2. Klargjering og drøfting av viktige tema for dei to alternativa rassikring/veg eller bru 2.1 Planavklaring Alternativ 1 - Rassikring og vegutbetring Dette alternativet ligg inne i gjeldande kommuneplan, arealdelen. Reguleringsplanar må utarbeidast som følgje av dette. Er i plansamanheng ein formalitet så lenge dei er i samsvar med kommuneplanen. Reguleringsplanarbeidet vert samordna med detaljert teknisk planlegging. Ved gjennomføring av rassikringstiltak, og dersom vegprosjektet elles vert prioritert i RTP for Sogn og Fjordane, vil Fylkeskommunen og Statens vegvesen gjennomføre planprosessen og ta kostnadene med reguleringsplan (jf. reguleringsplan for rassikring av Allgøya). Kommunen vil ikkje få kostnader med dette. Kommunen vil til ein viss grad vere delaktig i reguleringsplanarbeidet, mellom anna ved vedtak i kommunestyret. Alternativ 2 - Bruløysing Det må bli utarbeida ny kommunedelplan. Vil krevje konsekvensutgreiing og ny gjennomgang av dei tekniske løysingane for bru. Etter førebelse drøftingar i formannskapet har ein sett traseval etter alternativ B frå Statens vegvesen sine utgreiingar i 1995 som mest aktuell (vedlegg). Alternative trasear vil krevje grunnundersøkingar. Fylkeskommunen har gjort det klart for kommunen at Balestrand kommune sjølv må pårekne å utarbeide og koste slik plan. Kostnadene har internt tidlegare vore grovt stipulert til kr 500.000. Representantar frå Statens vegvesen har i møte stipulert kostnadene til 1,0-1,5 mill. kr. Dette er ikkje vurdert nærare. Tidsaspektet fram til vedteken plan vil vere 1-2 år. Dersom prosjektet, etter eventuell godkjenning i kommunedelplan, vert prioritert i RTP for Sogn og Fjordane, vil Fylkeskommunen og Statens vegvesen gjennomføre planprosessen for vidare reguleringsplan og ta kostnadene med denne på same måte som for alternativet med rasskiring og vegutbetring. Å jobbe vidare for ei løysing med rassikring og utbetring av vegen rundt fjorden vil ikkje krevje vidare planavklaring på kommuneplannivå frå kommunen si side. Det kan bli jobba direkte for å få prosjekta inn i RTP for Sogn og Fjordane. Å jobbe vidare for ei bruløysing vil i denne samanhengen bety at kommunen vil få kostnader truleg i storleik 1,0 mill. kr, bruke tid kring 1-2 år å avklare og få «godkjent løysinga». Ein ny kommunedelplan er også ein prosess der ein ikkje kan forskottere eit endeleg resultat. Lokale vurderingar av interesser kan endre seg gjennom ein planprosess. Det er også styremakter med særskilde interesser som kan komme med motesegn eller stille krav som vanskeleggjer løysinga som i utgangspunktet er tenkt. Her vil det også vere avgjerande at vegeigar som er Sogn og Fjordane fylkeskommune finn løysinga akseptabel både planmessig/teknisk og økonomisk. Ein må difor i tillegg vere budd på at det er ein risiko for at tenkt løysing ikkje let seg gjennomføre.
2.2 Kostnader og finansiering I samband med kommunedelplan for Esefjorden var anleggskostnadene i 1995 sett til 53 mill. kroner. Tekniske krav til tunnelar har auka, slik at ein må pårekne relativ kostnadsauke for dette alternativet. Løysing for, samt lengde på tunnel, vil vere avgjerande. Ein har ikkje fått eit oppgradert kostnadsoverslag for dette alternativet samla. Finansiering av rassikringstiltak kan skje over særskilde rassikringsmidlar. Som nemnt tidlegare er slike midlar sett av i eigen pott i NTP fram til 2019. Kjennesskreda er av fylkestinget vedteke som prioritert tiltak, og det er realistisk at det kan bli realisert i slutten av perioden 2018-2020. Resten av vegopprustinga frå Esebotn til Bakkaviki må finansierast over ordinære fylkesvegmidlar. Bompengar kan vere eit alternativ. I samband med kommunedelplan for Esefjorden var anleggskostnadene i 1995 sett til 78 mill. kroner. På førespurnad frå Balestrand kommune har Statens vegvesen fått eit oppgradert kostnadsoverslag på bru med firmaet Aas-Jakobsen pr. januar 2012 (vedlegg). Dette er på 230 mill. kr med øvre og nedre grense frå 220-265 mill. kr. I tillegg kjem kostnader med omlegging av veg i begge endar av ei bru. Etter førespurnad frå Balestrand kommune svarer Sogn og Fjordane fylkeskommune i brev 14.06.2012 (vedlegg) at rassikringsmidlar kan finansiere delar av eit bruprosjekt. Resten av totalkostnaden må finansierast over ordinære fylkesvegmidlar. Bompengar kan vere eit alternativ. Det er heilt sikkert at kostnadsbildet frå utgreiingane i samband med kommuneplanen i 1995 har endra seg mykje, og med ei monaleg kostnadsauke for begge prosjekt. Dette i seg sjølv gjer det ikkje lettare å få prioritert og gjennomført prosjekta. At det så langt ikkje er gjort ein nøye oppgradering av løysingar og kostnader gjer det vanskeleg å samanlikne prosjekta med omsyn på totalkostnad. Sjølv om ei løysing med rassikring og utbetring av vegen kom best ut i 1995, kan ein ikkje utelukke at skilnader i totalkostnadene mellom alternativa er reduserte i dag. Finansiering gjennom bompengar kan vere ei løysing. Dette vil gje trafikantane ei ekstra kostnadsmessig belastning, men vil føre til at prosjektet kan bli gjennomført raskare. Dette er ikkje vurdert nærare, dvs. storleik som må finansierast, avgiftsnivå, betalingstid, innkrevjingspunkt, lokale verknader m.m.
2.3 Gjennomføring av vegprosjekta - tidspunkt Alternativet med rassikring av Kjenesskreda og vidare opprusting av vegen kan gjennomførast samla eller som to eller fleire delprosjekt. Dette gjer at prosjektet kan finansierast i etappar over tid og med ulike finansieringsordningar. Ei bru må realiserast som eit samla byggeprosjekt. Dette gjer at det må vere samtidig løyving frå rassikringsmidlar og ordinære fylkesvegmidlar, alt. bompengar. Det er ein fordel for alternativet med rassikring og vegutbetring rundt fjorden, at rassikring av Kjennesskreda med tunell kan bli finansiert av eigene rassikringsmidlar uavhengig av resten av vegopprustingane. Det er også ein klar fordel at dette kan bli gjennomført relativt raskt, ca. 2018-2020. Med dette vil ein kunne få ei trygg veg innanfor eit rimeleg tidsrom. Frå administrasjonen si side vert det vurdert som viktigast å skape tryggleik for dei som reiser og sender ungane sine langs vegen. Fullføring av prosjektet med vegutbetring, og med det å få ein god veg, mellom Esebotn og Bakkaviki, vil vere uviss då prosjektet må «kjempe» om knappe fylkesvegmidlar. Det kan vere enklare å få innpass av mindre parsellar i rimeleg framtid, jf. gradvis utbygging av veganlegg Olden-Innvik. Det vil også kunne vere fornuftig å nytte tunnelmassar frå Kjenesskreda til opprusting av delar av vegparesellen Esebotn-Bakkaviki. For brualternativet er det openbart ei ulempe at dette krev ei samtidig løysing med rasmidlar og løyving av knappe fylkesvegmidlar. Når ein ser på vegprosjekt som er trekt fram i prioriteringsdebatten i fylket, er det grunn for å frykte at det kan ta lang tid før prosjektet vert prioritert. Ein snakkar då med stort sannsyn om tidspunkt ei tid etter 2030. Eit moment er også at det ikkje er sikkert at rasskringsmidlar er ein eigen ordning inn i framtida, men kan bli ein del av den ordinære rammefinansieringa frå stat til fylke. Samla sett vurderer ein difor så langt, at eit slikt prosjekt må delfinasierast med bompengar om det skal kunne bli gjennomført innan noko lunde rimelege tidsperspektiv. 2.4 Natur og samfunnsmessige konsekvensar/verknader Dei ulike alternativa vil virke ulikt inn på natur og samfunn. Det vil kunne vere fleire moment ein ynskjer å sjå nærare på i det i vare arbeidet, men det får ein komme attende til. Så langt vil ein trekke fram følgjande moment som vesentlege, og difor er teke med her i denne utgreiinga. 2.4.1 Framtidig ansvar for veg trasé rundt Esefjorden. Fv. 55 vil bli utbetra og framleis vere fylkesveg. Parsellar utsida tunnel vert nedlagde som kjøreveg, men vert truleg oppretthalde som gangveg.
Vegen rundt Esefjorden vert omklassifisert til kommunal veg, jf. brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune 14.06.12. (vedlegg). Dersom ei bru vert plassert ved Storesva etter alternativ B i utgreiingane frå Statens vegvesen frå 1995, vert vegparsellen ca. 5,0 km. Kostnader og drift vert eit kommunalt ansvar. Ved rassikring/veg vert det ingen endring i ansvarsforhold. Ved eit brualternativ vert vegen kommunal. Slik ein ser det må det meste av vegen bli oppretthalden med omsyn på tilkomst til bustader, skytebane, vassbehandlingsanlegg, campinghytter m.m. Kostnadene med drift og framtidig vedlikehald må i så fall innarbeidast i kommunale budsjett. 2.4.2 Nærleik til bustadområda på Lunde, Dragsviksida Vert som i dag. Det er vurdert ei innsparing i kjørelengd på 5,6 km med ei bruløysing etter alt B som vart utgreidd i kommunedelplanen i 1995. Avstanden frå Balestrand sentrum til Lunde bustadfelt vil etter dette bli ca. 3 km. Vert brua plasser lenge inn i fjorden, t.d. Ese Bakkaviki vil innsparing i avstand bli ca. 3,5 km, medan avstanden mellom sentrum og Lunde vert ca. 5 km. Fordel med samanknyting av Lunde/Dragsviksida og sentrum vil vere størst ved eit brualternativ lengst ute i Esefjorden, og avta raskt jo lenger inn i Esefjorden ei bru ev. vert passert. Førebels er alternativ B, Storesva Gjerde vurdert som aktuelt alternativ. Dette vil knytte områda noko tettare saman sjølv om det nok er i lengste laget med omsyn på gangavstand. 2.4.3 Innspart kjøreavstand og kjøretid - transportnæring Vert som i dag. Det er vurdert ei innsparing i kjørelengd på 5,6 km med ei bruløysing etter alt B som vart utgreidd i kommunedelplanen i 1995. Med gjennomsnittsfart på 60 km/t vert det ei innspart kjøretid på ca. 5 min 30 sek. Fordel med bru då dette reduserer kjøretid og kjørelengd. Dette er ein fordel for transportkostnader. I næringssamanheng er dette positiv for transportnæring og verksemder som er avhengig av å transportere produkt ut/inn av kommunen. 2.4.4 Landskapsbilde - reiselivsnæring Vert i hovudsak som i dag. Nokre inngrep og nærføring av vegtrase ved Skrednes. I konsekvensvurdering frå 1995 var inngrep i eit særprega landskapsbilde sett på som den største negative faktoren ved bru.
Esefjorden er ei merkevare for Balestrand i reiselivssamanheng. Ei bru vil utvilsamt vere eit inngrep som vil påverke denne kvaliteten i Balestrand. Ved sist handsaming av kommunedelplanen for Esefjorden i 1995, var det sterke lokale innvendingar til ei bruløysing frå reiselivsnæringa i tillegg til frå allmenne interesser. Det rimeleg grunn til å tru at denne problemstillinga og motsetnaden er aktuell også i dag. Om det er tilfelle vil det ikkje vere ein fordel for eit bruprosjekt å ha ein opposisjon og motstand lokalt. Dette gjeld både i ein planprosess, og ikkje minst når ein skal jobbe for å få gjennomslag for prioritering og gjennomføring av prosjektet. 2.5 Samla vurdering Samla sett vurderer ein det som føreseieleg og rimeleg sikkert å få prioritert gjennomført eit prosjekt med rassikring av Kjennesskreda innan akseptabel tid. Med dette vil ein få ein trygg veg som frå administrasjonen er vurdert å vere det viktigaste. Ein vurderer vidare at det vil vere enklare å jobbe for å få gjennomført utbetringar av heile eller delar av vegparsellane mellom Esebotn og Bakkaviki når rassikringa først er på plass. Det er, også slik ein ser det, ein fordel at dette prosjektet truleg ikkje vil få store negative konsekvensar for nokre interesser eller grupper i Balestrand. Dette vil samle, og gjere det enklare å stå på politisk, for å få gjennomslag for at prosjekta vert prioritert og gjennomført. Eit bruprosjekt har sine klåre fordelar i at det gjev raskare kjøretid mellom Sentrum og Tjugum/Lunde. Det vil knytte desse områda samt Fjordane nærare sentrum, sjølv om det ikkje gjev ein direkte nærtilknyting. Ulempene er at prosjektet er usikkert. Dette gjeld både om og korleis det kan la seg gjennomføre. Det vil koste Balestrand kommune min. 1,0 mill. kr i plankostnader og ta mellom 1-2 år i tid for å få denne delen avklart. Det framstår vidare som usikkert og ikkje minst vankeleg å få eit slikt prosjekt finansiert og gjennomført innan rimeleg tid. Bompengar må i så fall vere ei løysing. Til sist er det grunn til å forvente at eit brualternativ også denne gongen vil møte motstand og skape ein opposisjon som gjer det vanskelegare å få gjennomført alternativet. Slik saka framstår no, vil administrasjonen tilrå at det vert jobba for å realisere ei rassikring av Kjennesskreda, og så for vidare opprusting av vegparsellane Esebotn Bakkaviki.
3. Strategi for vidare arbeid Sjølv om administrasjonen har si vurdering og tilråding så langt, er dette ei politisk sak og ikkje minst ei sak som er viktig for innbyggarane i Balestrand. Det vil naturleg kunne vere motstridande interesser og ulike syn på val av løysing og strategi i det vidare arbeidet. Det kan difor vere mogeleg som eit neste steg, å ha eit ope møte der alle relevante partar lokalt vert inviterte til å drøfte saka. Her bør også representantar for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen vere med. Eit slik møte kan bli helde rimeleg raskt i 2013. I etterkant av dette vert det lagt fram ei sak for formannskap og ev. kommunestyre, der det vert teke stilling til kva løysing kommunen ynskjer, og korleis ein skal jobbe for å få gjennomført dette. Saka vert med dette lagt fram for politisk drøfting. Rådmannen si tilråding