Arbeidsgruppe sjømatnæringar - MANDAT BAKGRUNN FOR OPPDRAGET Grunnlaget for arbeidet finn du i planprogrammet for verdiskapingsplanen (http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/%28$all%29/b284a5d43ba697acc1257b0c0049ccbb?opendocument) Kvifor regional planlegging? Fordi vi meiner det er viktig i fellesskap å prioritere utviklingsarbeid. Ikkje alt utviklingsarbeid treng tung koordinering. Vi må identifisere kva arbeid som i særleg grad vil bli tilført tydeleg meirverdi ved godt samarbeid. Vi må bli medvitne om kva handlingsrom vi har og nytte dette. God planlegging bryt opp lukka skott mellom sektorar i samfunnet, eit grunnlag for nytenking. Vi har allereie gitt arbeidet retning gjennom eit planprogram med vedtak om plantema. Prioriteringane går fram av denne figuren: Kva er viktige forbetringspunkt i planarbeidet samanlikna med tidlegare praksis: Meir forpliktande samarbeid gode partnarskapsavtalar for iverksettingsfasen Resultatorientering gode mål å styre etter. Evne til å ta ut langsiktige effektar av prosjektresultat Fasar i arbeidet / langsiktig horisont: Planfasen: hausten 2013 og vedtak våren 2014 Iverksettingsfasen: hausten 2014 - >> 2025
OVERORDNA MÅL I regional planstrategi vart det slått fast at folketalsutviklinga er den viktigaste utfordringa for Sogn og Fjordane. Det er formulert ein milepæl for 2016: 112.000 innbyggarar. Partnarskapen skal utdjupe det overordna målet innan arbeidet med verdiskaping. BAKGRUNN OG UTFORDRINGAR Grunngjevinga for plantemaet «sjømatnæringar» er bygd på overordna mål om folketalsutvikling og formulert slik i planprogrammet: «Fiskeri og havbruk er ei av dei viktigaste næringane i Sogn og Fjordane. Verdiskapinga er betydeleg. Heile verdikjeda er representert. Marknadsutsiktene er gode. Nasjonalt er visjonen at Noreg skal bli «verdast fremste sjømatnasjon». Havbruksnæringa har vist ein eventyrleg vekst. I analysane frå prosjektet «Eit kunnskapsbasert Norge»» er sjømatnæringa ei av tre næringar som fekk status som «globalt kunnskapsnav». Dette vart følgt opp i rapporten «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» der det vart stilt spørsmål om utviklinga av næringane kunne skje med tyngde avgrensa til Sogn og Fjordane. Ein tilrådde aktørane å søkje samarbeid utanfor fylkesgrensene. Næringa si betydning for folketalsutvikling er mellom anna knytt til mogeleg vidareforedling (meir komplette verdikjeder) og tilrettelegging som gir regionale ringverknader. Rammevilkår med tanke på å sikre lokalsamfunn rimeleg avkastning for arealbruk, og fokus på rammevilkår som sikrar lokalt eigarskap er særleg viktig. Havbruksnæringa har også viktige miljøutfordringar som må løysast; i første rekke er rømming og auka påslag av lakselus på villfisk. Miljøutfordringane kan gi grunnlag for teknologiutvikling». Når det gjeld forholdet til anna planlegging ber vi dykk merke vedtak i fylkestinget i sak 20/13 om geografisk avgrensa regionale planar der eit vedtakspunkt er: «Fylkestinget støttar at det vert sett i gang eit fagleg samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunane om kunnskapsutvikling for å styrke arealplanlegginga langs kysten.» FØRINGAR FOR ARBEIDET Fylkesutvalet vedtok 15. mai 2013 eit planprogram som legg føringane for arbeidet. Planprogrammet bygger på regional planstrategi vedteken av fylkestinget 16. oktober 2012. Både regional planstrategi og planprogrammet var «ute på høyring». Høyringsfråsegnene er viktig grunnlagsmateriale for arbeidet med plantemaet. Fylkesutvalet har i planprogrammet definert omgrepet verdiskaping. Verdiskaping er kort oppsummert å produsere noko som er nyttig, enten i seg sjølv eller fordi godet skal brukast vidare i ein annan samanheng. Verdiskaping skjer både i offentleg og privat sektor. Fylkesutvalet har formulert desse overordna føringane for alle plantema: Samfunnsansvar og berekraftig utvikling som premiss.
Innsats retta mot kvinner Tilrettelegging for arbeidsinnvandrarar Næringsforum ønskjer at innsats retta mot ungdom også vert inkludert som føring Omgrepet berekraft er sett saman av tre dimensjonar; sosialt, økonomisk og miljø. Samfunnsansvar er særleg knytt til sosialt ansvar og ansvar for miljøet / framtidige generasjonar. Det vert her vist til høyringsfråsegna frå prosjektet «eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane» der det er råd å hente. Det er venta at arbeidsgruppa føreslår ein viktig indikator for sosialt samfunnsansvar og ein viktig for miljøansvar. Det vert venta av arbeidsgruppa at ein tydeleg viser korleis innsats er tenkt retta mot målgruppa kvinner og arbeidsinnvandrarar. MEDVERKNAD FRÅ PARTNARSKAPEN Omgrepet «partnarskap» er ikkje eintydig. Vi legg til grunn at partnarskapen er ulikt samansett alt etter tema. I planfasen er dette viktig: Planarbeidet skal skje ut frå føresetnadene formulerte i plan og bygningslova. Lova legg vekt på medverknad som grunnlag for at planen skal forplikte forvaltninga i iverksettingsfasen. Dersom arbeidsgruppa ønskjer å planlegge slik at ein instans skal delta i forpliktande gjennomføring av planen, må dei bli trekte inn i arbeidet før framlegg vert leverte 20. desember 2013. TEMA «PÅ TVERS» AV BRANSJAR I arbeidet med planprogrammet vart det peika på viktige tema «på tvers» av bransjar: Klynger /næringsmiljø Teknologi Offentleg innkjøp som verkemiddel Verdikjede FoU Internasjonalisering Attraktivitet og rekruttering Det er naturleg at arbeidsgruppa vurderer heile verdikjeda innan sjømatnæringar; dvs at underleverandørane er del av satsinga. Arbeidet med plantema «nyskaping» og/eller «kunnskap» skal fokusere på utvikling av innovative næringsmiljø (klynger) og tilgang til kunnskap gjennom utvikling av atteraktive samfunn / rekrutteringstiltak. Arbeidsgruppa bør derfor arbeide med desse tema i nær kontakt med sekretariatet for desse to plantema (Det er lagt opp til sekretærsamlingar for å sikre slike avklaringar). HEILSKAPLEG PLANLEGGING Tinginga er «heilskapleg planlegging». Oppfordringa er: Kombiner verkemiddel; økonomiske, juridiske og organisatoriske. Hald fokus på det regionale handlingsrommet. Kan handlingsrommet utvidast; t.d. ved hjelp av nasjonale styresmakter? Vurder om utvikling av kunnskap er ein føresetnad for innsats innan viktige arbeidsfelt.
Kva infrastrukturutvikling er særleg viktig i høve plantemaet? Vi gjer spesielt merksam på at det er planlagt eit arbeidsdokument til planutvalet 27. november der samanhengen mellom verdiskaping og infrastrukturutvikling vil bli drøfta. FRAMDRIFT Hovudmilepælar: - Kick off møte 11/9 2013 - Politisk drøfting i hovudutval for plan og næring (HPN) 23/10 2013 - Innspel til arbeidsdokument om infrastruktur; handsama i planutvalet 27/11 2013 - Leveranse 20/12 2013 - Delta i ev møte for å justere framlegget 1. kvartal 2014 Møtet med HPN 23. oktober krev eit kort notat som skal leggast fram på førehand. Dette notatet skal liste opp kva politiske problemstillingar arbeidsgruppa ønskjer å drøfte med hovudutvalet. (Notatet og tida i møtet med HPN skal ikkje brukast til statusorientering) Notatet må vere levert næringsavdelinga seinast 4. oktober. Det er venta at leiar av arbeidsgruppa og sekretær deltek i møtet med hovudutvalet. Innspel til arbeidsnotat om verdiskaping og infrastruktur må vere næringsavdelinga i hende seinast 28. oktober 2013. Leiar av arbeidsgruppa vert innkalla til møtet i næringsforum 27. august, 11. september og 16. oktober 2013. Heile arbeidsgruppa vert innkalla til kick off møtet 11. september Det vert arrangert samlingar for sekretariatet 4/9, 11/9, 3/10, 31/10, 21/11, 5/2. Opplæring inngår i desse samlingane. Sekretariatet vert også inviterte til å delta på møte om innovasjonsforskinga i VRI 16. oktober. MEDVERKNAD - ANSVAR Næringsforum (den administrative leiargruppa) er bestillar. Det er oppretta ei arbeidsgruppe innan dette plantemaet som leverer sine framlegg til næringsforum. Arbeidsgruppa er samansett slik: Arbeidsgruppe Solveig Willis, (Salmon Group - Leiar) Sekretariat: Lena Søderholm (Fylkeskommunen) Leiar har ansvar for / plikt til: - Leveransen (sjå nedanfor) - Framdrift (sjå overordna prosessplan) - Å leie møte i arbeidsgruppa - Å delta på møta i næringsforum når inkalla og elles på fellessamlingar.
Deltakar i arbeidsgruppa si rolle: - Delta på møtet 11/9 og seinare på nødvendige tal møte for å produsere planframlegget - Produsere delbidrag / grunnlagsmateriale knytt til sitt fagfelt. Mellom anna er det føresett at planlegginga skal vere orientert mot lokalt / regionalt handlingsrom og at partnarskapsavtalen for iverksettingsfasen er knytt til at partnarar brukar dette handlingsrommet for å nå mål. Sekretariatet produserer - prosessplan for arbeidet i gruppa basert på overordna prosessplan (framlegg klart 11/9) - møteinnklalling og referat i www.rup.no - grunnlagsmaterialet for SWOT-analyse - grunnlagsmateriale for etterprøvbar målformulering - framlegg til strategidokument (sjå nedanfor) - framlegg til 4-årig handlingsplan (sjå nedanfor) Sekretærane deltek i opplæring - Målformulering - Informasjons- og styringssystem VENTA LEVERANSE 20. DESEMBER 2013 (FRIST KAN BLI UTSETT) Gruppa skal legge fram ein «dynamisk plan». Dette betyr i hovudsak at det er viktigare å arbeide med gode mål (kvantitative og kvalitative) med indikatorar og kriterium for å prioritere tiltak enn å tenke ut det operative arbeidet hausten 2013. Idear til operativt arbeid kan formulerast, men dette vil få status som ei idesamling som ikkje vert inkludert i høyring og vedtak. Det er vidare venta at gruppa leverer ein plan for ei langsiktige satsing fram mot 2025. Planen skal ta utgangspunkt i partnarskapen sitt handlingsrom, men kan også utfordre staten til å utvide handlingsrommet Satsinga må vere bygd på ei analyse (t.d SWOT) Strukturer arbeidet i: - program der mange må arbeide tett saman for å nå mål - avtalar der ein innstans tek ansvar for større del av eit utviklingsarbeid med eigne ressursar - prioriter infrastrukturutvikling - formuler policydokument for organisering og forvaltning av juridiske verkemiddel (ev trong for vidare arbeid med å utvikle slike policydokument) Ein 4-årig handlingsplan (taktisk plan) skal innehalde ein forpliktande partnarskapsavtale: - Konkretiser ved å synleggjere handlingsrom (finansielt / juridisk) - Klargjer ansvar for leveransar - Personar med nøkkelkunnskap må få sett av tid - Identifiser partnarar sitt bidrag til å utvikle kunnskapsgrunnlaget Arbeidsgruppa leverer sine framlegg til næringsforum v/ sekretær Plan på web eller plan på papir? / Kort plan eller lang plan?
Planen skal leggast ut på nettet. Ambisjonen er at nettversjonen skal innehalde klikkbare ord slik at felles forklaring på arbeidsmetode og faguttrykk og slik at tilvising til grunnlagsmateriale og idear er lett tilgjengeleg. Målet er ikkje ein «kort plan». Målet er eit praktisk styringsverktøy både politisk og for partnarskapen. Papirutgåva utan klikkbar tekst må vere formulert slik at teksten er sjølvforklarande. Vi ser føre oss at strategidelen av eit plantema er formulert på ca. 6 sider der det er plass til illustrasjonar / tabellar. Analysegrunnlaget m/ SWOT-tabell 2 sider Mål og indikatorar 1-2 sider Satsingar m/ program (felles innsats), avtalt innsats med ein partnar, trong for infrastrukturutvikling og utvikling av policynotat 2-3 sider Den 4-årige handlingsplanen med forpliktande partnarskapsavtale skal vere del av høyringsdokumentet. Det viktige i dette dokumentet er å organisere vidare arbeid og legge grunnlaget for oppdrag om operativ aktivitet; t.d. operative program. «Stafettpinnen skal leverast vidare». WEB-LØYSING WWW.RUP.NO Ei web-løysing er utforma for å sikre at partnarskapen får nødvendig oversikt for å kunne styre ressursbruken og vurdere effekten av arbeidet. Rup.no er designa først og fremst for bruk i iverksettingsfasen. I planfasen er det viktig å legge grunnlaget for at nettstaden vert teken i bruk. Som eit minimum føreset vi at dokumentasjon av arbeidsgruppa sitt arbeid vert lagt på meldingar og dokumentarkiv i rup.no under satsinga «Sjømatnæringar». Nærare informasjon om «rup.no» er vedlagt. NÆRARE INFORMASJON? Prosjektansvarleg: Jan Heggheim, Næringsavdelinga (jann.heggheim@sfj.no mobil 90566623) Prosjektleiar: Lars Hustveit, Nøringsavdelinga (lars.hustveit@sfj.no mobil 41530972) Prosjektmedarbeidar: Kristin Arnestad (kristin.arnestad@sfj.no mobil 90616843)
VEDLEGG TIL MANDAT: Om RUP Norge RUP Norge er eit verkty for regional utvikling. Målgruppa er dei som er involverte i regionale utviklingsprosessar (RUP), som prosessleiarar, prosessansvarlege, medlemer i styringsgrupper, prosesseigarar, regionale utviklingsaktørar og politikarar. RUP-Norge er ein felles prosessdatabase for aktørane. Føremål: Samordning av aktørar og prosessar i regionane Styring av prosessane. Organisering i hierarki, prosessar og delprosessar Arkivering av prosessar Linking av prosessar og delprosessar i eit hierarki. Nettverksarbeid. Informasjon og marknadsføring av prosessane. Vi vidareutviklar no RUP-Norge for å forbetre det som styringsverktøy. Sentralt i arbeidet er å trekke ut informasjon på tre nivå: Operativt nivå t.d. prosjektleiarane Personar som koordinerer operativt arbeid t.d. programleiarar eller nettverksleiarar Personar med strategisk og taktisk ansvar Ansvarleg for verkemiddelbruk / Prosjektleiar sitt behov Ikkje omtala nærare her Behov hos: Programleiar eller instans som har teke på seg avtalt ansvar for utviklingsarbeid Aggregering av informasjon for å sikre oversikt over kva som skjer i prosjektportefølgja. Nøkkelinformasjon er: o Ansvar o Bruk av midlar o Målsetting o Resultat o Avvik Kunne koordinere i tilfelle overlapping / skape synergiar Kvalitetssikre; t.d. ved å sikre føresetnader for kontinuitet Redusere mogeleg verknad av kritiske suksessfaktorar (risikohandtering) Legge til rette for å ta ut effektar gevinstrealisering
Ansvarleg for satsingsområdet (partnarskapen på leiarnivå) I tillegg til å kunne gå inn i den informasjonen som er nemnt at programleiar må ha (sjå ovanfor), må leiarar som har inngått partnarskapsavtale kunne skaffe seg innsikt for å: Ivareta gevinstrealisering & institusjonalisering av prosjekt- og programresultat Skaffe seg oversikt gjennom aggregert informasjon frå program og avtalt aktivitet. Nøkkelinformasjon er: o Ansvar o Økonomi løyving og forbruk o Målsetting o Aggregert resultatinformasjon Og basert på oppfølgingssamtale o Ha tilgang til oppsummert lærdom o Ha lett tilgang til oversikt over avvik o Aksjonsliste for å redusere verknaden av eksterne faktorar Kunne trekke ut informasjon frå program og avtalt aktivitet. Målgruppe: Politisk nivå. Hovudføremål er å trekke ut politiske problemstillingar: o Om framdrift og resultatvurdering o Vurdering av tilgjengelege verkemiddel og handlingsrommet Korleis finansielle verkemiddel vert prioriterte Juridiske verkemiddel og korleis handlingsrommet ev kan utvidast Trong for kunnskapsutvikling Arbeidsmåtar, organisatoriske spørsmål og ev korleis samhandlinga med nasjonalt og kommunalt nivå kan utviklast o Lærdomar o Gevinstrealisering & institusjonalisering av prosjekt- og programresultat