Arkivsak: 2013/73-27 Aukra kommune Arkiv: 144 Saksbeh: Anne Jorunn Sandøy Dato: 05.11.2016 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 56/16 Livsløpsutvalet 17.11.2016 Formannskapet Kommunestyret Kulturminneplan for Aukra kommune 2017-2020 Rådmannen si tilråding: Kulturminneplan for Aukra 2017-2020 vert vedteke med innkomne merknader. Handlingsplan kan rullerast årleg i fireårsperioden. Vedlegg: 1 Kulturminneplan for Aukra kommune 2017-2020 2 Fråsegn Aukra Sogenemnd 3 Fråsegn Asbjørn Windstad 4 Fråsegn Møre og Romsdal fylkeskommune 5 Fråsegn Aukra Eldreråd 6 Innspel frå Arne Hollingsæter Særutskrift: Avsendarar av fråsegn til planen. Bakgrunn: I Kulturplan for Aukra 2013 2016 (k-sak 12/125) vart det stadfesta at kommunen skulle arbeide for at kulturhistoria vår skal vere kjend og lett tilgjengeleg. Kommunestyret vedtok i k-sak 10/13, å oppnemne ei plangruppe for kulturminneplan for perioden 2014-2017. I k-sak 108/13 vart Plan for kulturminnearbeidet i Aukra 2014-2016 vedteke av kommunestyret. Kulturminneplan skal jfr. vedtak leggast fram for kommunestyret til godkjenning innan 31.12.2016. Utgreiing: Eining for kultur har hatt ansvar for utarbeiding av planen. Dette er utført med bakgrunn i arbeidet som vart lagt ned av plangruppa. Dei fekk i mandat å utarbeide ein kulturminneplan som:
a) gir betre oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen b) prioriterer særleg viktige kulturminne og kulturmiljø som må sikrast og forvaltast c) inneheld ei handlingsplan for det vidare kulturminnearbeidet. Arbeidet til plangruppa vart utført gjennom idèmyldringar om kulturminnearbeidet i Aukra, både på Julsundet og Gossen. Plangruppa gjennomførte i alt åtte arbeidsmøter. Å fullføre ei kulturminneplan er eit stort og krevjande arbeid. Med bakgrunn i mandatet og målsetjing om at det ferdige arbeidet skulle gi ei rikhaldig framstilling av Aukra sine kulturskattar, konkluderte plangruppa på eit tidleg tidspunkt med at innanfor ramma av tid og ressursar ville det vere vanskeleg å legge fram ei fullstendig kulturminneplan til politisk vedtak. Plangruppa valte derfor å legge fram ei plan for kulturminnearbeidet som skal lede fram mot ein fullstendig Kulturminneplan i Aukra. Dette var såleis ikkje i tråd med mandatet som gruppa fekk i utgangspunktet, men plangruppa fann det likevel riktig for å kunne medverke til eit best mogleg resultat på lang sikt. Arbeidet med å ferdigstille kulturminneplanen har vært basert på det arbeidet og dei prioriteringar av innsatsområde som plangruppa presenterte etter sitt arbeid. Kulturminneplanen har status som fagplan og har dermed ikkje krav om plannemnd. Planen har blitt til gjennom ein prosess der frivillige historikarar, sogenemnd, tidlegare plangruppe, interne rådgivarar og livsløpsutval har fått planutkast til orientering og uttale. Livsløpsutvalet fekk planutkast til orientering og uttale i møte den 28.04.2016. Mottekne innspel undervegs er vurdert og teke omsyn til i utarbeidinga. Endeleg planutkast har også hatt ei høyring før den no vert framlagt til politisk godkjenning. Frå mars 2015 er stillinga til kultursekretær utvida frå 50% til 80% i høve kulturminnearbeidet. Prosjektstilling på 30% fell vekk frå 1. mars 2017. Ein kulturminneplan kan ikkje og skal heller ikkje fange opp alle kulturminna, men den kan synleggjere ei lokal, regional og nasjonal målsetting om å ta vare på kulturlandskapet med sine ibuande kulturmiljø og kulturminneverdiar. Kulturplanen som no er utarbeidd vil derfor ikkje innehalde ei framstilling av alle kulturminna i kommunen vår, men den skal vise eit representativt utval av kulturhistoria som i ein eller anna forstand skal bevarast for framtida. Innafor dei ulike tema kan det vere valt ut enkeltelement som eit eksempel innafor eit større mangfald som også kan bli gjenstand for registrering, ivaretaking og formidling. Ei overordna målsetting vil vere formidling av kulturminna. Dei prioriterte områda er inndelt i prosjekt, der nokon strekkjer seg over heile perioda, medan andre vil vere satsingsområde eit bestemt år. Den frivillige innsatsen og kunnskapen som mange har innafor dei ulike områda vil vere avgjerande for resultatet. Dei frivillige ressurspersonane har stor kompetanse som vi er avhengig av for å lykkast. Vi skal arbeide for å vidareutvikle eit godt samarbeid med alle samarbeidspartar. Der det er nødvendig vil vi også trekke inn kompetanse frå aktuelle faginstansar. Når det no vert sett fokus på kulturminnearbedet i Aukra, ser vi også at interessa for dette arbeidet aukar. Kulturminneplanen er ei fireårsplan, med moglegheit for rullering av handlingsdelen kvart år i planperioda. Det vil på den måten opne for at ny kunnskap undervegs kan gi planlagte prosjekt nye dimesjonar.
Fråsegn frå Aukra Sogenemnd mottatt 07.11.2016: Faktafeil og element som er sakna i del 5 - Tematisk oversikt over kulturminna i Aukra. Vurdering: Forslag til endringar vil bli korrigert i planen. Når det gjeld oppmoding om å ta med fleire kulturminne blir det gjort merknad om å ha fokus på dette i rullering av plan. Forslag vedr. møteprotokollar frå lag og organisasjonar i Aukra vert tatt inn som eit aktuelt område å arbeide med under punkt 5.9 Lag og organisasjonar. Digital formidling - Viktigheita av å vere med på utviklinga når det gjeld muligheiter for formidling av kulturminner. Vurdering: Ny setning vert tatt inn i innleiing til kapittel 7 (s 32, etter siste setning i andre avsnitt): «Vi skal følgje med i utviklinga av digitale formidlingsverktøy og gjere vurderingar i prosjekta som skal gjennomførast.» Å ha tilstrekkelege lokale i kulturhuset slik at det er rom og plass for god formidling av kulturminner. Vurdering: Dette vil bli vurdert i planprosessen. Det er ynskje om å kunne starte et innsamlingsprosjekt av materielle kulturminner. Vurdering: Prosjektet blir foreslått tatt inn i første rullering av handlingsdelen. For etablering av frivillig historielag bør det gjerast en serskild innsats. Vurdering: Kommunen er kontakta og fått presentert ei plan over eit målretta arbeid med tanke på å etablere historielag i kommunen. Kulturavdelinga ønskjer å vere samarbeidspart i dette arbeidet. Administrative konsekvensar av plana: For at plana skal få den oppfølginga den treng, kulturminna i Aukra skal ivaretakast på ein forsvarleg måte, og frivillige og andre skal koordinerast på ein god måte meiner Sogenemnda at det bør lagast ei 100% fast stilling i kulturavdelinga som kombinerer kultursekretær og kulturminnearbeid. Vurdering: Pr. i dag er det ikkje ramme til ei slik utviding av stilling. Fråsegn frå Asbjørn Windstad, mottatt 07.11.16: Kommentar til kapittel 1.1 Aukra kommune: Vurdering: Kulturminneplanen viser til Lov om Kulturminne i kapittel 2.4 og planen i si heilheit er meint å bygge opp under ansvaret; «å ivareta ressurser som vitenskapelig kildemateriale og som varig grunnlag for nålevende og fremtidige generasjoners opplevelse, selvforståelse, trivsel og virksomhet». Når det gjeld omtale av kommunerangeringar er vurderinga at dette er bakgrunnskunnskap og ligg til grunn for at Aukra kommune no vedtar si første kulturminneplan, med prioritering av oppgåver som skal bli realisert i første planperiode. Kommentar til kapittel 2.2 Visjon, mål og delmål: Vurdering: Det er ikkje foreslått spesifikke endringar og innspelet vert forstått som ein generell kommentar omkring kulturminnearbeidet. Når det gjeld mulege samarbeidspartar viser vi til kapittel 6.2 med døme på aktuelle samarbeidspartar til prosjekt som skal gjennomførast. Kommentar til kapittel 2.3 Regjeringa sine målsettingar på kulturminnefeltet: Vurdering: Det er ei målsetting å ta vare på eit representativt utval av kulturminna i Aukra, i tråd med regjeringa si målsetting. Handlingsdelen viser dei prioriterte satsingsområda som er valt ut for den første planperioden. Kommentar til del av kapittel 2.6: Kulturplan for 2013-2016: Vurdering: Det vert vist til at det i kulturplan 2013-2016 vart prioritert istandsetjing av dam ved Horrem kvernhus. I nemnte handlingsdel var tiltaket tursti Kvernhuset - Hjertvikvegen med
kostnadsramme 100.000,- med i uprioriterte liste. Turstien frå kvernhuset til Horremsleira stod også oppført i same handlingsplan. Desse prosjekta er gjennomført og ved seinare rullering tatt ut av planen. Kommentar til kapittel 4: Aukra kommune i historisk perspektiv Vurdering: Merknaden vert forstått som ein kommentar og ikkje har ikkje i seg forslag til endringar. Vi viser her til at handlingsdelen gjeld for kommande 4-års periode. Der vert det lagt vekt på eit omfattande arbeid i kapittel 7.1.2. Kartlegging, registrering og oppdatering. Dette er eit viktig arbeid som også vil gi grunnlag for vidare prioriteringar når det gjeld formidling. Kommentar til kapittel 7: Handlingsplan 2017 2020: Vurdering: Innspel gjeld i hovudtrekk tema krigsminnesamling. Det vil bli gjort vurderingar både når det gjeld tema krigsminne, pionertida o.a. i samband med planlegging av nytt kulturhus, både i samband med utsmykking og utstilling. Kommentar til 7.1.3. Fotoarkiv Vurdering: Innspel omhandlar arbeid for å gjere alt av arkivmateriale lett tilgjengeleg. I den første planperioden har fotosamling prioritet, men viser også til punkt 7.1.2, der databasen kulturminnesok.no er valt for registreringar av kulturminne. Kommentar til kapittel 7.2.7 Aukra kulturhus Vurdering: Det kan sjå ut til at innspel her gjeld same tema som ovanfor; formidling av krigshistoria. Sjå vurdering ovanfor som omhandlar kulturhus. Når det gjeld innspel om uteavdelingar er det spennande idear som kan vurderast i samband med rullering av handlingsdelen. Fråsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune, mottatt 08.11.2016: Vurdering: Fylkeskommunen har kome med mange gode innspel og konkrete forslag til endringar i den framlagte kultuminneplanen. Etter å ha gjennomgått alle innspela er det gjort vudering om å ta inn alle konkrete forslag til endringar i planen. Liste over kulturminne av regional og nasjonal verdi skal også takast in i planen. Når det gjeld ei førebels liste med eit representativt utval av dei lokale kulturminna, er tilrådinga at denne skal kome med i første rullering av handlingsdelen i 2017. Lista skal også knytast opp mot eit kart. Når det gjeld framtidig lokalisering av Aukra Krigsminnesamling vil det vere eit arbeid som er knytt opp i mot planlegging av kulturhus og mykje kan bli avklart i løpet av planleggingsprosessen. Det vert oppfordra til at Aukra kommune etablerer ein tilskotspost som gjer det muleg for private eigarar og lag å søke på midlar til kulturverntiltak. Eit slik innspel vil vere eit tiltak som må rettast inn i mot neste budsjett- og økonomiplanprosess. Fråsegn frå Aukra Eldreråd, mottatt 09.11.2016. Eldrerådet la fram følgjande merknad til plana: Breivik gamle skole, Sporsem skole, Nerbø skole og Rindarøy skole manglar i plana Vurdering: Merknad blir tatt inn i planen under kapittel 5.3. Administrative konsekvensar: Eining for kultur er ansvarleg for det administrative arbeidet og kultursekretær vil i all hovudsak vere kooridnator.
Økonomiske konsekvensar: Handlingsdelen av planen kan rullerast årleg. Nokon av prosjekta vil kunne gjennomførast utan tildelte prosjektmidlar, medan andre er avhengig av det. Det vil bli retta eit fokus på å søke eksterne prosjektmidlar til gjennomføring av tiltak i handlingsplanen. Ingrid Husøy Rimstad Rådmann Anne Jorunn Sandøy Kultursjef