ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/902 Løpenr.: 5585/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet GNR/BNR 14/145 - PÅLEGG ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA KAPITTEL 32- LOVBROTGEBYR ETTER 32-8 - ØVSTEGÅRD BYGG OG UTEMILJØ AS TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet viser til gjennomført tilsyn i samband med bruksendring utan løyve på gnr/bnr 14/145 og til varsel om pålegg om gebyr etter plan- og bygningslova 32-8. Med heimel i plan- og bygningslova 32.8 vert Øvstegård Bygg og Utemiljø AS pålagt lovbrotgebyr på kr. 25000,-, kr. tjuefemtusen, for brot på plan- og bygningslova 1-6 og 20-1 og 24-1. Betalingsfrist vert sett til 3 veker etter at vedtaket er kunngjort føretaket. Utskrift til: Øvstegård Bygg og Utemiljø AS Vikegata 17 6150 Ørsta Kopi til: Direktoratet for byggkvalitet Postboks 8742 Youngstorget 0028 Oslo Saksvedlegg: Vedlegg 1 Tilsynsrapport Ørsta kommune Vedlegg 2 Brev vedkomande tilsyn Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz Vedlegg 3 Svar på brev Ørsta kommune
Saksopplysningar: Kommunen har i lengre til fått spørsmål frå ålmenta vedkomade parkering av føretaket Øvstegård Bygg og Utemiljø AS sin bilar i gågata. Kommunen har sjølv registert eit aukande problem med feilparkerte bilar i gågata, der føretaket sine bilar er representert i vesentleg grad. Føretaket er eit entreprenørselskap. Kommunen har registert at bygget på eigedomen er teke i bruk til noko anna enn det som er lovleg etablert bruk (forretning). På tilsynstidspunktet vart bygget etter føretaket sine opplysningar nytta til oppbevaring av verkty og utstyr til føretaket si entreprenørverksemd. Slik kommunen har oppfatta situasjonen medfører dette ein del trafikk inn til bygget frå verksemda sine køyrety. Kommunen ser ei endring av bruk av bygget frå forretning til utstyrslager for entreprenørverksemd utan søknad som eit brot på plan- og bygningslova 20-1 bokstav d). Føretaket har dekt vindauga med reklameplakatar utan at det lagt fram søknad etter plan- og bygningslova. Kommunen ser dette på eit brot på plan- og bygningslova 20-1 bokstav i) og i strid med reguleringsplan. For informasjon om tilsynet og kommunen sine konklusjonar vert det vist til tilsynsrapporten, vedlegg 1. Føretaket har etter tilsynet fjerna reklameplakatane, og vi forstår det slik at føretaket har til hensikt å rette dei ulovlege tilhøve som er avdekt i tilsynet. Vurdering og konklusjon: Samfunnsutvalet fatta i møte 20.12.2010, sak PS 108/10, vedtak om bruk av lovbrotgebyr etter byggesaksforskrifta kapittel 16. Argumentasjonen var at samfunnsutvalet ser behovet for å arbeide for auka respekt for plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter. Samfunnsutvalet la til grunn at gebyra sin størrelse skulle fastsettast i samsvar med byggesaksforskrifta 16-1. Etter nytt gebyrreglement er det tillagt samfunnsutvalet å fatte vedtak som gjeld lovbrotgebyr etter plan- og bygningslova 32-8. Saka vert derfor lagt fram for politisk avgjerd. Som det kjem fram av tilsynsrapporten stiller kommunen seg spørjande til føretaket si oppfatning av søknadsplikt og til føretaket si oppfatning av ansvar. Føretaket sin leiar har tidlegare hatt fleire selskap som har hatt si verksemd innanfor plan- og bygningslova sitt virkeområde, og kommunen har tidlegare ført tilsyn med vedkomande sine føretak ved fleire høve. Føretaket sin leiar burde derfor ha kunnskap om søknadplikt om ansvar. Slik kommunen oppfatta situasjonen i tilsynet 30.01.2014 ser det ut til at tidlegare tilsyn, pålegg og åtvaringar frå kommunen side retta mot tidlegare føretak, ikkje har ført til auka kompetanse og kunnskap i føretaket Øvstegård Bygg og Utemiljø AS. Etter rådmannen sitt syn bør derfor kommunen no reagere med økonomiske verkemiddel, for å medverke til at føretaket gjer grep som sikrar at føretaket fylgjer gjeldande regelverk i framtida. Utmåling av lovbrotgebyr er nærare omtala i byggesaksforskrifta 16-2. Denne har fylgjende ordlyd: 16-2. Utmåling av overtredelsesgebyr (1) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse kan det legges vekt på hvor alvorlig overtredelsen er.
(2) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse etter 16-1 første ledd bokstav a til e kan det legges vekt på om eventuelt pålegg som nevnt i plan- og bygningsloven 32-8 bokstav g til l er fulgt. (3) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse etter 16-1 første ledd bokstav a til e og g kan det legges vekt på om overtrederen åpenbart kjente til at handlingen var i strid med krav gitt i eller med hjemmel i plan- og bygningsloven. (4) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse kan det legges vekt på om overtrederen ved gjentatte anledninger har vært ansvarlig for forhold som kan medføre overtredelsesgebyr. (5) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse kan det legges vekt på om overtredelsen bidrar til økonomisk gevinst, herunder om overtredelsen medfører at tiltaket eller eiendommen får en markert høyere økonomisk verdi. (6) Ved vurdering av overtredelsesgebyrets størrelse kan det legges vekt på om overtredelsen er gjort i vinnings hensikt. Ved vurderingen vektlegges om overtredelsen er gjort av profesjonelle aktører. (7) Det kan legges vekt på om overtredelsesgebyret vil virke urimelig ut fra overtrederens økonomiske situasjon. Etter administrasjonen sitt syn må det for fyrste ledd leggast til grunn at omfaget av søknadsplikt er eit sjølvsagt krav i plan- og bygningslova, og at dette er alminneleg kunnskap for aktørane i byggebransjen. Føretaket si handling viser at føretaket enten ikkje har den kunnskap som lova pålegg føretaket, eller at føretaket ikkje respekterer lova sine bestemmingar om søknadsplikt Når det gjeld andre ledd må kommunen legge til grunn at føretaket har vist vilje til å rette dei ulovlege tilhøva. Ved vurdering av tredje ledd må kommunen kunne legge til grunn at føretaket kjende til eller burde kjenne til at handlinga var i strid med krav gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova. Dersom føretaket ikkje kjende til dette er det ikkje eit formildande omstende, då føretaket i tilfelle har brote andre og like viktige bestemmingar om krav til kunnskap og kvalifikasjon. Fjerde ledd skal ta omsyn til at det ikkje er totalforbod mot å gjere feil, og at det skal vere mogleg å lære av feil utan at det får for store konsekvensar for føretaket i fyrste omgong. Kommunen må likevel legge til grunn at kvalitetsarbeid i eit føretak består av personen som brukar systemet. I dette tilfellet er den ansvarlege for det utførte arbeidet ein person som har vore i kommunen sitt søkelys ved fleire høve. Jan Peter Lannerholm var dagleg leiar i føretaket Peder Øvstegård AS. Kommunen har gjort greie for sitt syn på føretaket Peder Øvstegård AS sine kontrollrutiner og kvalifikasjonar i brev datert 04.03.2010, arkivsak 2008/1701. Det vert og vist til tilsynsrapport datert 03.12.2009, arkivsaknr. 2007/780, som viser fleire ulovlege tilhøve og at føretaket har levert kontrollerklæring under falske føresetnader. Når rådmannen viser til desse sakane er det ikkje fordi føretaket Øvstegård Bygg og Utemiljø AS skal ansvarleggjerast for ulovlege tilhøve som føretaket Peder Øvstegård AS har utført. Det er for å vise at Jan Peter Lannerholm som leiar for føretaket Øvstegård Bygg og Utemiljø AS ikkje kan påberope seg mangel på kunnskap om plan- og bygningslova og mangel på kunnskap om krav til kvalitetsystem. Føretaket kan derfor ikkje vente at mangel på kunnskap skal vektast i formildande retning. Tvert imot er kunnskap eit gjennomgåande krav i plan- og bygningslova, og mangel på kunnskap er skjerpande i høve utmåling av gebyret sin størrelse. Når det gjeld femte eller sjette ledd må kommunen legge til grunn at tiltaket har ført til økonomisk vinst og kommunen må legge til grunn at tiltaket er gjort i vinnings hensikt.
Når det sjuande ledd må kommunen kunne legge til grunn at eit gebyr i samsvar med byggesaksforskrifta 16-1 ikkje er urimeleg bebyrdande for eit føretak av denne størrelsen. Føretaket har ikkje sjølv gitt signal om at dette er eit tema i sin merknad til varsel om gebyr. Dei lovbrot som er gjort i denne byggesaka må falle inn under byggesaksforskrifta 16-1 bokstav a nr. 2 og bokstav nr. 2, der gebyr for kvart lovbrot kan ileggast inntil kr. 50000,-. Dei moment som skal vektleggast er gjort greie for over. I merknad til varsel om gebyr legg føretaket fram at dette gjeld relativt ubetydeleg brot basert på mistydingar. Etter rådmannen sitt syn er det plan- og bygningslova sin klare føresetnad og formål at slike brot og mistydingar ikkje skal skje i eit kvalifisert føretak. Kommunen må kunne legge til grunn at tidlegare saker mot den person som no er ansvarleg i føretaket, ikkje ser ut til å ha ført til endring i korleis vedkomande styrer si bedrift. Slik rådmannen etter tilsyn oppfattar føretaket si haldning og prioriteringar, er omsynet til plan- og bygningslova lite vektlagt og underordna økonomiske omsyn. Etter rådmannen sitt syn er det formildande omstende i denne saka, då føretaket har retta delar av dei ulovlege tilhøva og har signalisert at føretaket vil resten av dei ulovlege tilhøva som kom fram i saka. Det bør takast omsyn til at det fysiske omfanget av lovbrotet er relativt moderat. Det bør takast omsyn til at kommunen har varsla pålegg om lovbrotgebyr i ei anna sak mot det same føretaket, noko som fører til ei større økonomisk belastning for føretaket. Rådmannen vi derfor tilrå at gebyret sin størrelse vert redusert med kr. 75 000,- sett i høve til forskrifta sin gebyrsats. Ørsta, 23.04.2014 Svein Silseth seksjonsleiar Kåre Hjelle einingsleiar
Opplysningar om rett til å klage over forvaltningsvedtak Klagerett De har rett til å klage over eit forvaltningsvedtak. Kven kan De klage til? Klagen skal sendast til det kommunale organet som har gjort vedtaket. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli oversendt til Fylkesmannen til endeleg avgjerd Fristen til å klage Klagefristen er 3 veker frå den dagen melding om vedtaket kom fram til Dykk. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen er ute. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklårt for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk opplyse når De mottok denne meldinga. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. Årsaka til behovet for forlenga klagefrist bør då oppgjevast. Rett til å krevje grunngjeving Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setje fram krav om å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet De får grunngjevinga. Innhaldet i klaga I klagen skal De skrive kva for eit vedtak De klagar på, og nemne den eller dei endringane som De ønskjer. De bør også grunngi kvifor De klagar, og ta med eventuelle andre opplysningar som kan telje med når ein skal vurdere klagen. Klagen må underskrivast Utsetjing av vedtak Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis setjast i verk straks. De kan likevel søkje om å få dette utsett til klagefristen er ute eller til klagen er avgjort. Rett til å sjå saksdokumenta og til Med visse avgrensingar har De rett til å sjå saksdokumenta. De må i så fall vende Dykk å krevje rettleiing til det kommunale organet som har sendt denne meldinga. De kan også få nærare rettleiing om klageretten, om korleis De skal gå fram når De klagar, og om reglane for saksbehandlinga elles Klage til Sivilombodsmannen Det er også mogeleg å be Stortingets ombodsmann for forvaltningssaker / Sivilombodsmannen om å sjå på sakshandsaming / eventuelt avgjerd hos fylkesmannen. Sivilombodsmannen har ikkje høve til å behandle saker som er avgjorde av Kongen i statsråd. Dersom klaga Dykkar blir avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare få saka Dykkar inn for Sivilombodsmannen.