Orienteringsbrev om regelverket ved sal av abonnementsavtalar

Like dokumenter
Markedsføring og inngåelse av strømavtaler med forbrukere - orienteringsbrev til kraftleverandører

.',,,,'.',.,r,,, ItOMBUDET

Varsel om vedtak om overtredelsesgebyr - mfl 11 og mfl. 6 jf. forskrift om urimelig handelspraksis pkt. 20 og 21 jf. mfl 39 og 43

Revidert mai Retningslinjer frå Forbrukarombodet for. Postordresal

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

regelverket ved telefonsal

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Markedsføring av kreftbehandling i utlandet

Avtalevilkår ved utleige av hytter og leilegheiter

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Markedsføring av gullkjøp - orienteringsbrev til bransjen

levering av uadressert reklame og gratis aviser marknadsføringslova 17

Utsendelse av markedsføring fra dinvalentine.no

Varsel om sak for Markedsrådet med påstand om vedtak om tvangsmulkt markedsføringsloven 39 jf. 42

Februar Telefonsal. Retningslinjer frå Forbrukarombodet

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Markedsføring fra Nuform - mfl. 2 og 3 og angrerettloven 11 jf. 3

Saksbehandlar: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: /5571 Dykkar dato: Dykkar referanse: TILSYNSRAPPORT. Hosanger Montessoriskule

VEILEDNING TIL STANDARD SALGSBETINGELSER FOR FORBRUKERKJØP AV VARER OVER INTERNETT

Vedrørende markedsføring av bolig - villedende prisantydninger

Forbrukerombudets veiledning om regelverket ved telefonsalg

KONTRAKT OM BEDRIFTSHELSETENESTE MELLOM VÅGSØY KOMMUNE OG

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

GPS-klokker for barn markedsføring og avtalevilkår

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

MARKEDSFØRING OG INNGÅELSE AV AVTALER OM LEVERING AV ELEKTRISK KRAFT MARKEDSFØRINGSLOVEN

9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Markedsføring og salg av forsikringsavtaler og kredittavtaler i Spaceworld Megastore Storgata

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Tilsyn med reklame i redaksjonelle medier - skjult reklame og skille mellom redaksjonelt innhold og reklame

Krav til markedsføring av hastighet - mfl. 6, 7 og 8

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

GPS-klokker for barn markedsføring og avtalevilkår

Bransjenorm ved salg av pakkereiser og formidling av flybilletter over internett

Dato: Beskriv situasjonen som førte til skadeavverjing med bruk av tvang/makt, og forklar kvifor det var ein naudsituasjon:

Tilsyn med brukeromtaler på nettsiden

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Tysnes kommune

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Arbeidstilsynet visar til søknad datert 28. april 2017, tilleggsopplysningar mottatt 19. juni 2016 og telefonsamtale 10. juli 2017.

Melås Helse AS PB ØVRE ÅRDAL VEDTAK OM AVSLAG PÅ SØKNAD OM UTVIDA OVERTID ARBEIDSMILJØLOVA INNLEIING

Rammeavtale. Om levering av entreprenørtenester. mellom Lindås kommune og. [Lindås kommune sin representant]

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Deres ref. Vår ref. Dato: Sak nr: 10/ Saksbehandler: Sara Holthe Jaklin Dir.tlf:

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Formidling av kontraktsposisjonar

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Juni 2002, sist endret november Forbrukerombudets retningslinjer. for. Markedsføring av. internettaksess

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar

Tilsyn med brukeromtaler på

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

AVTALE LEIGE AV KOMMUNALE BYGG. opp til eitt år. Mellom Time kommune (utleigar) og..(leigetakar) er i dag inngått følgjande avtale:

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

STANDARDVILKÅR FOR FORBRUKER

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Samnanger kommune

Føretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Markedsføring og avtalevilkår for førerassistanse-funksjoner i biler

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

Forbrukerombudets tilsyn med markedsføring og avtalevilkår i TV-markedet

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

VEILEDNING VED INNHENTING OG BRUK AV FORBRUKERES PERSONOPPLYSNINGER PÅ INTERNETT

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

Markedsføring og telefonsalg fra ideelle- og humanitære organisasjoner forholdet til markedsføringsloven

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Høyring - Demensplan 2020

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap

Tilsyn med brukeromtaler på nettsiden

Rettleiar. Innbyggjarforslag

FORSLAG TIL KONTRAKT. Granvin herad. Vedlegg 4.

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Transkript:

Inkassoselskap etter adresseliste Dykkar ref. Vår ref. Dato: Sak nr: 16/1337-1 29.06.2016 Sakshandsamar: Aline Schøn Papetti Dir.tlf: 45 49 00 81 Orienteringsbrev om regelverket ved sal av abonnementsavtalar Forbrukarombodet fører tilsyn med at dei næringsdrivandes marknadsføring og avtalevilkår som nyttas overfor forbrukarar er i samsvar med marknadsføringslova (mfl.) 1, samt tilsyn med at dei næringsdrivande overheld reglane i angrerettlova (angrl.) 2. For meir informasjon om vår verksemd sjå: www.forbrukerombudet.no. Forbrukarombodet ser ei markant auke forbrukarklager på selskap som lokkar med «abonnementsfeller». Det vil si gratisprøver på til dømes helsekost og barberblad, samt prøveperiodar på nettenester som datingmedlemskap, utan å informere forbrukerane på ein tydeleg måte at dei ved å bestille pakken eller nytta seg av prøveperioden inngår ein avtale om eit abonnement. Ein slik praksis er i strid med forbodet mot negativt sal i marknadsføringslova 3 og fleire føresegner i angrerettlova. I 2015 fann Forbrukarombodet ei mengde lovbrot på såkalla «abonnementsfeller», og hadde saker mot 20 selskap. Sakene viser at forbrukarar blir kontakta av inkassoselskap som krev inn betaling for vidare leveringar i eit abonnement, medan forbrukaren sjølv meiner å ha bestilt berre ei prøvepakke eller eit prøvemedlemskap utan vidare forpliktingar. Viss inkassoselskap driv inn slike krav kor gyldig avtale ikkje føreligg eller der det er tvil om kor vidt kravet er rettmessig, vil dette kunne vere i strid med inkassolova. Selskapet vil etter omstenda kunne haldast økonomisk ansvarlig for dette, sjå punkt 3. Før det blir sendt ei betalingsoppfordring pliktar inkassator som kjent å vurdere forhold som gir grunn til tvil om kravet er rettmessig. 4 Ein protest på eit betalingskrav er eit forhold som kan tilseie at det er tvil om kravet er rettmessig, og det same gjelder dersom kravet elles synes tvilsamt. 5 Dette orienteringsbrevet skal gjere inkassoselskapa betre rusta til å kunne vurdere gyldigheita av krav i tilknyting til slike «abonnementsfeller». 1 Lenke til marknadsføringslova: https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2009-01-09-2?q=mfl 2 Lenke til angrerettlova: https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2014-06-20-27?q=angrl 3 Marknadsføringslova 11 4 Inkassolova 10 første ledd 5 Ot.prp. nr. 2 (1987-1988) s. 115 Forbrukerombudet Sandakerveien 138, 0484 Oslo Telefon 23 400 600 E-post post@forbrukerombudet.no Internett www.forbrukerombudet.no Foretaksnummer 974 761 335

Det vil i kvart enkelt tilfelle måtte gjerast ei konkret vurdering av om angrerettlova sine vilkår er oppfylt, samt kva konsekvensar etter angrerettlova eller marknadsføringslova eit eventuelt brot vil få for gyldigheita av kravet. Forbrukarombodet har laga ei sjekkliste som inkassoselskapa kan bruke når dei vurderar slike krav. Hovudpunkta er: Eit krav vil vere ugyldig dersom: - Ved netthandel: merkinga av bestillingsknappen ikkje klart formidlar at forbrukaren ved å aktivere knappen forpliktar seg til å betale (punkt 1B). - Ved telefonsal: det ikkje føreligg skriftleg tilbod og aksept (med unntak av avisabonnement og sal frå frivillige organisasjonar, punkt 2). Forbrukaren kan ikkje krevjast betaling for følgjande kostnader: - Vidare leveringar i abonnementet dersom det ikkje gis noko opplysning om at bestilling av prøvepakken eller prøvemedlemskap fører til eit abonnement, eller slik informasjon berre går fram i vilkår som forbrukaren må klikke seg inn på for å lese. 6 (Dersom opplysning om abonnementsavtalen gis direkte på bestillingssida, men informasjonen er underkommunisert eller uklar, vil det måtte vurderas konkret om vidare betaling kan krevjast). - Tilleggskostnader som den næringsdrivande ikkje har opplyst om, eksempelvis frakt (punkt 1A). 6 I desse tilfella vil det berre vere inngått avtale om eit eingongskjøp. Å krevja betalt for vidare leveringar vil derfor være i strid med marknadsføringslova 11 som forbyr krav om betaling utan etter avtale. 2

Sjekkliste 1. Netthandel A) Opplysningsplikt Når ein avtale som forpliktar forbrukaren til å betale vert inngått på internett, skal den næringsdrivande tydeleg og i framheva form gjere forbrukaren merksam på dei mest vesentlige avtalevilkåra rett før forbrukeran gjennomfører bestillinga. 7 Dette er opplysningar om: varenes eller tenestens viktigaste eigenskapar Forbrukaren skal informeras om at det er ein abonnementsavtale vedkommande inngår. Den samla prisen for varen eller tenesta medrekna avgifter For abonnementsavtalar som blir betalt med eit fast beløp skal både den samla pris per levering og dei samla månadlege kostnadane oppgis. Eventuelle avgifter, eksempelvis frakt, må inkluderas i den samla prisen. Dersom den næringsdrivande ikkje har opplyst om slike tilleggskostnader skal forbrukaren ikkje betale desse. 8 Opplysningar om avtalens varigheit og eventuelle minste bindingstid, eller for løpande avtalar vilkåra for å seie opp avtalen Ved ein løpande abonnementsavtale må forbrukaren informerast om korleis han kan seie opp avtalen. Dersom avtalen må seias opp innan ein viss frist for å unngå å få tilsendt neste sending eller betale for vidare medlemskap, må det opplysast om dette. Lova krev at desse opplysningane gis tydeleg og i framheva form rett før forbrukaren gjennomfører si bestilling. I praksis betyr dette at opplysningane skal presenteras på ein slik måte at forbrukaren faktisk kan sjå og lese dei utan å måtte gjere ei aktiv handling, som til dømes klikke for å opne eit nytt vindaug med opplysningar, eller scrolle nedover på sida. Det er likevel ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg at opplysningane står på bestillingssida. Blir bestillinga utført ved å aktivere ein knapp, skal opplysningane stå så nært bestillingsknappen og med ein slik tekststorleik at forbrukaren ikkje kan unngå å få med seg opplysningane. Det bør heller ikkje vere noko anna tekst mellom bestillingsknappen og opplysningane som skal gis. 7 Angrerettlova 16 første ledd, jf. 8 første ledd bokstav a, e og n 8 Angrerettlova 9, jf. 8 første ledd bokstav e. 3

B) Bestillingsknapp Den næringsdrivande skal sørgje for at forbrukaren uttrykkelig erkjenner at bestillinga medfører ei plikt til å betale. Blir bestillinga utført ved å aktivere ein knapp, skal knappen vere merka på ein lett leseleg måte med «bestilling med forpliktelse til å betale» eller tilsvarande. 9 Bestillingsknappen kan merkast på ulike måtar så lenge den klart formidlar at forbrukaren ved å aktivere knappen forpliktar seg til å betale. Kravet til slik merking gjeld også sjølv om forbrukaren ikkje betalar noko for prøvepakken eller prøveperioden, så lenge han eller ho aktivt må seie opp for å unngå å betale for vidare leveringar. Uttrykk som «kjøp nå», «betal nå» eller «bekreft kjøp» vil etter Forbrukarombodets vurdering vere tilstrekkeleg merking av bestillingsknappen. Dersom krava til merking av bestillingsknapp ikkje er oppfylt, har forbrukaren ikkje inngått ein bindande avtale og den næringsdrivande kan ikkje krevje betaling. 10 2. Telefonsal Ved uoppmoda telefonsal er det krav om skriftlig tilbod og aksept. Dette inneber at den næringsdrivande skal stadfeste tilbodet skriftlig på eit varig medium etter at telefonsamtalen er avslutta. Forbrukaren blir ikkje bunden før tilbodet er akseptert skriftleg. 11 Utan skriftleg tilbod og aksept er det altså ikkje inngått ein bindande avtale, og betaling kan ikkje krevjast. Unntak: sal av avisabonnement og sal frå frivillige organisasjonar. Skriftlige tilbod skal innehalde følgjande opplysningar 12 : Tenestens viktigaste eigenskapar, sjå punkt 1A Den samla prisen for varen eller tenesta medrekna avgifter, sjå punkt 1A Avtalens varighet og eventuelle minste bindingstid, eller for løpande avtalar vilkåra for å seie opp avtalen, sjå punkt 1A Næringsdrivandes identitet Føretaksnamn, organisasjonsnummer, geografisk adresse, e-postadresse og andre opplysningar som gjer det mogleg å komme i direkte kontakt med den 9 Angrerettlova 16 andre ledd 10 Angrerettlova 16 tredje ledd 11 Angrerettlova 10 12 Angrerettlova 15 første ledd, jf. 8 første ledd bokstav a, d, e, h og n 4

næringsdrivande, til dømes eit telefonnummer eller ein chat-funksjon/kontaktskjema der førespurnader frå forbrukarar svaras fortløpande. 13 Angreretten Opplysningar om at det føreligg angrerett og angreskjema, samt vilkår, tidsfristar og framgangsmåtane for å bruke angreretten. I det skriftlege tilbodet må det i tillegg opplysast om at bindande avtale ikkje er inngått før skriftlig aksept er gitt. Tilbodet må vidare gi tilgang til dei resterande opplysningane som den næringsdrivande skal gi før avtale vert inngått, til dømes ved ein hyperlenke til eigne nettsider. 14 Det skriftlige tilbodet må sjølvsagt samsvare med dei opplysningane som er gitt munnleg i telefonsamtalen. Sjølv om det blir utveksla skriftleg stadfesting av tilbod og aksept, vil det altså likevel kunne oppstå spørsmål om avtale er komen i stand, og i tilfelle kva avtalen går ut på. 3. Sanksjonar Som nemnt vil ein protest på eit betalingskrav, og tilfelle der kravet elles synes tvilsamt, vere forhold som gir grunn til tvil om at kravet er rettmessig. Inkassoselskapet må dermed vurdera desse forholda. 15 Forsøk på ordinær inndriving av tvilsame krav kan vere i strid med «god inkassoskikk». 16 Inndrivinga vil då kunne vere i strid med forbodet mot urimeleg handelspraksis i marknadsføringslova. Ein handelspraksis er urimeleg dersom den er i strid med god forretningsskikk overfor forbrukarar, og er eigna til vesentleg å endre forbrukeranes økonomiske åtferd slik at dei treff avgjerder dei elles ikkje ville ha treft. 17 Forbrukarombodet og Marknadsrådet kan legge ned forbod mot handlingar i strid med marknadsføringslova. 18 I forbindelse med at det blir fatta forbodsvedtak skal det som hovudregel fastsettas ei tvangsmulkt som skal betalast ved eventuelt brot på vedtaket. 19 Ved å inndrive omtvista eller ugyldige krav vil eit inkassoselskap altså etter omstenda kunne holdas økonomisk ansvarlig for brot på marknadsføringslova. 13 Angrerettlova 8 første ledd bokstav e og ehandelslova 8 14 Angrerettlova 15 andre ledd, jf. 8 første ledd 15 Inkassolova 10 første ledd og Ot.prp. nr. 2 (1987-1988) s. 115 16 Inkassolova 8, jf. Ot.prp. nr. 2 (1987-1988) s. 113 17 Marknadsføringslova 6 18 Marknadsføringslova 40 19 Marknadsføringslova 42 5

*** Forbrukarombodet ber dykk følgja regelverket og retningslinjene som vi har gjort greie for. Ved spørsmål, eller dersom de er i tvil om rettmessigheta av eit krav, ta kontakt med Forbrukarombodet på telefon 23 400 600 eller per e-post post@forbrukerombudet.no. Med vennleg helsing for Forbrukarombodet Tonje Hovde Skjelbostad Fagdirektør Vedlegg: adresseliste Gjenpart: Finanstilsynet 6