Fylkesrådmannen rår hovudutval for næring og kultur til å gje slik tilråding:

Like dokumenter
Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Saksbehandlar: Ingeborg Lysne Mcevoy, Næringsavdelinga Sak nr.: 16 / 760-2

Saksbehandlar: Kristin Arnestad, Nærings - og kulturavdelinga Sak nr.: 17 / 657-1

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Bondelag

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Status og utviklingstrekk driftsøkonomi i Hordaland

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Retningsliner for bruken av investeringsmidlar Solstrand

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Oppdragsbrev strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar i landbruket

Vestlandet ein stor matprodusent

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Møte med stortingsbenken for Sogn og Fjordane. Tema: Jordbruksmeldinga. Stortingsbenken Chr Rekkedal 1

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Landbruket i Sogn og Fjordane og Hordaland - Felles utfordringar og moglegheiter

Prosjekt sau og utmark

MATPRODUKSJON OVER HEILE LANDET? Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

billeg mat har ein høg pris

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Landbruksmelding for Hordaland

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Fråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til jordbrukspolitikken

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Samling for regionale styremedlemmar i Innovasjon Norge. Nils T. Bjørke 3. April 2014

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Rica Sunnfjord Hotel - Førde. Møtedato Kl. 15:40 17:10

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Felles Landbrukskontor ÅLA

Oppdragsbrev strategisk bruk av dei bedriftsretta landbruksmidlane (IBU)

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

INNSPEL FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE TIL JORDBRUKSFORHANDLINGANE 2012

MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Utvikling i lønsemd i fruktproduksjon Fruktdagane i Ulvik fredag 31. januar 2014 Torbjørn Haukås, NILF

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl :20

Økonomi i kjeoppdrett på mjølkegeit

Statsråden. Vår ref 18/144-2

SAKSFRAM LE GG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 242 U01 Arkivsaksnr.: 17 / 218

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune

Inntekt i jordbruket 2013

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /11/3145 V HØYRINGSUTTALE - NY FORSKRIFT OM KVOTEORDNINGA FOR MJØLK

INNSPEL FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE TIL JORDBRUKSFORHANDLINGANE 2013

Høyringsutkast november 2015 Landbruk i Verdiskapingsplanen. Sogn og Fjordane

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Husdyrtal i Aust-Agder siste ti år Kjelde: Produksjonstilskot, Landbruksdirektoratet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Ole Aasaaren Regionsjef

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kven oppnår høgast lønsemd av økologiske og konvensjonelle bruk? Kven er mest effektive?

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2018

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

Kommunesamlingar 2015

Prop. 29 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

VNK-styret Valdres Natur- og Kulturpark Bygdeutvikling. Svein Erik Ski

Kommunale næringsfond

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Sentrale utviklingstrekk i Luster kommune. Næringsarbeidet i Luster kommune

Støtte til frukt og bær Vemund Aartun

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Befolkningsutvikling. Figur 1

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Prop. 28 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Med blikk på grønt- og bærproduksjonene. Stø kurs og auka produksjon

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Ny kommune i indre Sunnfjord

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

Økonomiske nøkkeltal JORDBRUKET 2013

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Avdeling for regional planlegging

Transkript:

Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Kristin Arnestad, Nærings- og kulturavdelinga Sak nr.: 16/8251-1 Jordbruksforhandlingane 2017 Fylkesrådmannen rår hovudutval for næring og kultur til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Jordbruksoppgjeret må stimulere til auka produksjon, kvalitet og inntening i landbruket i fylket. Gardsbruka må bli tryggare og meir attraktive som arbeids- og buplassar. 2. Konkrete innspel til jordbruksforhandlingane 2017: a. Det må bli tatt omsyn til fylket sin eksisterande bruksstruktur. I nasjonal samanheng er fylket prega av mange små bruk, vanskeleg topografi, store avstandar mellom bruka og store avstandar til marknad og omsetning. Verkemidla må styrast slik at små og mellomstore bruk vert tekne i vare. b. Det må bli ei styrking av distriktsretta verkemiddel knytt til grovfôrbasert produksjon av storfekjøt, lammekjøt, mjølk og produksjon av frukt og bær. c. Det er viktig å legge til rette for betre økonomi i ammekuproduksjonen på mindre og mellomstore einingar. Ledig areal i distrikta må kunne nyttast og økonomien i ammekuproduksjonen må styrkast for buskaper inntil 20 dyr. d. Vi må halde fast på dagens regioninndeling for omsetnad av mjølkekvoter e. For å kompensere for kostnader knytt til topografiske utfordringar, små teigar og bratte areal, bør det innførast eit driftsulempetilskot. f. Tilskot til dyr på beite må aukast. g. Det bør på nytt innførast eit nydyrkingstilskot. h. Distrikts- og kvalitetstilskotet for industribær må aukast for å styrke økonomien i produksjonen. Pristilskot på økologisk frukt og bær bør aukast. i. Det er stor trong for grøfting, og grøftetilskotet må aukast. Dette vil også vere eit særs godt klimatiltak. j. Rammene for midlar til investering og bedriftsutvikling må aukast, og den regionale forvaltninga må halde fram. Regelverket for IBU-midlar bør endrast slik at det vert opna for maksimale tilskot på 40% og ikkje 33% som i dag. k. Vi må utnytte handlingsrommet som dagens tollvern kan gje for auka pris til produsent. Dokument som ligg ved: Dokument frå organisasjonane til møte 26. oktober Dokument som ligg elektronisk ved: Landbruk i Verdiskapingsplanen Regionalt bygdeutviklingsprogram Andre dokument som ikkje ligg ved: Brev frå Landbruks- og matdepartementet med invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2017. SAKSFRAMSTILLING

Side 2 av 6 1. Bakgrunn for saka Jordbruksoppgjeret skjer årleg ved forhandlingar mellom Staten og to organisasjonar i jord-bruket, Norges bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag, som opptrer i fellesskap. Forhandlingane er regulert av Hovudavtalen for jordbruket. Fylkeskommunane er som tidlegare år bedne om å kome med høyringsinnspel til forhandlingane i 2017. Frist for å kome med innspel er 1. februar 2017. For å rekke fristen vert saka lagt fram for hovudutval for næring og kultur 22. november, med handsaming i fylkesutvalet 23. november. Framlegget er basert på innspel frå møte mellom landbruksorganisasjonane i fylket, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune 26. oktober 2016. 2. Jordbruket i Sogn og Fjordane status og utfordringar Sogn og Fjordane er eit aktivt landbruksfylke der næringa utgjer ein større del av sysselsettinga og næringsstrukturen enn i andre fylke. Fylket følgjer dei same trendane som elles i landet med meir effektiv produksjon, stadig større bruk og nedgang i tal sysselsette knytt direkte til landbruket. Sogn og Fjordane har ein topografi som naturleg avgrensar kor store bruka kan vere og som gjer at det er meir arbeidskrevjande å produsere her i fylket enn t.d. i delar av Rogaland og Trøndelagsfylka. Næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i industrifylket Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane har gode føresetnadar for å produsere mat basert på grovfòr. Dette pregar hovudproduksjonane våre: mjølk og storfe frå kjøtt og sau. Vidare har fylket gode produksjonsmiljø for frukt og bær. Desse miljøa har hatt særs gode resultat dei siste åra. Tala syner at tal dyr, areal og produksjon generelt minkar. Fylket følgjer dei same trendane som elles i landet, med færre og større bruk. Til dømes vert det høgare produksjon per ku. Færre sysselsette i landbruket er ikkje unormalt når ein ser den samla utviklinga i jordbruket. Dei negative utviklingstrekka er sterkare i Sogn og Fjordane enn i resten av landet. Ei særleg kjelde til uro er utviklinga på kysten av fylket, der vi ser at dei negative utviklingstrekka vert endå meir forsterka. Med stadig færre som driv aktivt jordbruk på kysten, vil og fagmiljøa forvitre og tilknytta bedrifter forsvinne. Tabellar og tal som er nytta til illustrasjon er henta frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eller frå verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane. Areal: Jordbruksarealet i fylket vert i hovudsak nytta til grovfòrproduksjon (98%). Det er fulldyrka areal til slått, overflatedyrka areal og innmarksbeite som dominerer. Berre nokre prosent av arealet vert nytta til frukt og grønt, som frukt, bær, grønsaker, poteter og rotvekstar. Arealet i Sogn og Fjordane nytta til jordbruksføremål har gått gradvis ned gjennom mange år. Frå 2005-15 har areal nytta til jordbruksdrift blitt redusert med 34 600 daa (7,5%). Samla jordbruksareal i fylket er i 2015 på 427 800 daa. Frå 2005-15 har tal bruk i fylket gått ned med 780 frå om lag 3735 til 2955, og då har mange attverande bruk overteke areal, slik at bruksstorleiken har gått opp per bruk. Sogn og Fjordane tapar landbruksareal i eit større tempo enn resten av landet. I 2015 låg vi om lag 6% under utviklinga i landet. Det er arealnedgang i alle kommunane rekna frå 2005 unnateke Aurland, Luster og Flora. Arealet som til ei kvar tid er i drift endrar seg og det er det mest tung-

Side 3 av 6 drivne arealet som går ut av produksjon som følgje av modernisering og effektivisering. Nedgangen er relativt større i kystkommunane enn i dei andre kommunane i fylket. Ein stadig større del av matproduksjonen er basert på kraftfor. Denne forma for produksjon er billigare og gjer at grasressursane tapar, noko som ikkje er gunstig for Sogn og Fjordane og dei andre Vestlandsfylka som har god tilgang på slikt fòr. Produksjon: Sogn og Fjordane er det sjuande største fylket på mjølkeproduksjon. Utviklinga i mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane har stort sett følgt landsgjennomsnittet, men frå 2012 har vi tapt terreng. Frå 2005-15 har tal mjølkekyr gått ned med om lag 4200. Tal føretak har gått ned med 700. Men kvart dyr produserer meir enn tidligare. Likevel ser vi ein nedgang på om lag 2,8 mill. liter frå 2005-15. På landsbasis er det ein auke på 79,5 mill. liter i same periode. Sjølv om aktørane i landbruket har større bruk og oppnår auka produktivitet har ein ikkje lukkast med å kompensere for nedgangen i tal gardsbruk. Grunnen til dette heng saman med topografien i fylket, som er med på avgrense storleiken på bruka. Det tyder på at vi i større grad må oppretthalde tal gardsbruk for å halde oppe produksjonen. Det skjer ei betydeleg omfordeling av mjølkekvotar der kvotar kan flyttast gjennom kjøp/sal og leige. Kvota kan ikkje flyttast over fylkesgrensa, og dette er avgjerande for utviklinga av mjølkeproduksjonen i fylket. Utviklinga kommunane i mellom er ulik og kvotane flytter frå kystkommunane til dei andre kommunane i fylket. For å sikre framtidig mjølkeproduksjon er det viktig at dagens regioninndeling for omsetning av mjølkekvotar ligg fast. Kjøtproduksjon følgjer om lag same utvikling som mjølkeproduksjon. Med eit lågare tal dyr til mjølkeproduksjonen vert produksjonen av kjøt og storfe lågare. Fylket har tapt litt terreng i høve resten av landet, og også her har det vore ein negativ trend sidan 2012. I 2015 utgjorde produksjonen av storfekjøt i fylket 5,7 % av landsproduksjonen, mot 6,3% i 2005. Sogn og Fjordane er eit fylke som egnar seg godt til sau og vi produserer årleg om lag 2000 tonn kjøt frå sau og lam. 2015 var eit godt år med ein produksjon på 2262 tonn. Produksjonen av saueog lammekjøt i Sogn og Fjordane er redusert med ca. 3,5 % eller 260 tonn på 10 år. Reduksjonen hadde vore større dersom ikkje 2015 hadde vore eit så godt år. Ser vi perioden 2005-15 under eitt var nedgangen størst fram til 2009. Etter det har produksjonen av sauekjøt vore ganske stabil med produsert mengde på ca. 2000 tonn per år. Sogn og Fjordane er det fjerde største sauefylket i landet, og 8 kommunar har auka produksjonen frå 2005-15. Sauehald er jamt fordelt i fylket, men tal sau i kystkommunane er relativt større enn i resten av fylket. Men her ser vi ein større nedgang i kg slakt enn i andre fylka dei siste åra. Også her ser vi at tal bruk går ned. Tal sauer har også gått ned, med ei utflating siste åra.

Side 4 av 6 Fylket har hatt gode resultat på frukt og bær dei siste åra. Sogn og Fjordane er ein einar når det gjeld dyrking av bringebær, i 2014 stod vi for 64 % av produksjonen i landet. På heile 2000-talet har vi hatt den største bringebærproduksjonen i landet. Produksjonen har hatt ein god auke dei siste åra og det er venta vekst i åra som kjem. Vi ser at andre fylke no tek etter og aukar slik at landet sin samla produksjon har auka relativt meir enn produksjonsauken i Sogn og Fjordane. Også morellproduksjon er vi gode på i Sogn og Fjordane. I 2015 utgjorde produksjonen 42 % av produksjonen i landet. Delen av samla produksjon kan variere frå år til år. 2014 var til dømes eit dårleg år i vårt fylke. Sogn og Fjordane har vore det største morellfylket siste åra med 27-48 % av landsproduksjonen. Ser vi på den relative endringa i tidsrommet 2005-15 har Sogn og Fjordane hatt større vekst enn landet. Unnataket er 2014 då produksjonen gjekk ned pga. frost i bløminga. Fylket produserte 10,5 % av alle eple i landet i 2015, produksjonen har gått ned siste åra, noko som følgjer landstrendane. For plommer utgjorde produksjonen 21 % på landsbasis, her har vi hatt ein større vekst enn i landet. Produksjonane svingar mykje mellom åra grunna mellom anna frost i bløminga. Produksjonen av pærer har gått jamn ned dei siste åra. På 10 år er produksjonen av pære redusert med 42 % i Sogn og Fjordane. Også her er det relativt store variasjonar mellom åra. Nedgangen skuldast i hovudsak at dei gamle pæresortane ikkje var ønska i marknaden og at det har tatt tid å finne fram til nye og betre sortar. I 2015 vart det planta nye areal med pære av den nye pæresorten Celina. Dette vil føre til aukande produksjon når desse areala kjem i bæring. Sysselsetting Sogn og Fjordane har framleis ein betydeleg del av sysselsettinga knytt til landbruk samanlikna med resten av landet. I 2015 var 2119 personar sysselsette innan jord- og skogbruk i Sogn og Fjordane. Dette utgjer 3,7 prosent av dei sysselsette i fylket. For landet var tilsvarande tal 43 464/1,6. I 2004 var tala 63 324 personar som var 2,8 % av totalt tal sysselsette. Utviklinga i tidsrommet 2004-15 syner at Sogn og Fjordane sakte nærmar seg nivået for landet. Sogn og Fjordane har i tillegg fleire bedrifter i næringsmiddelindustrien og har ca. 1900 arbeidsplassar i bedriftene der. Dette er den største industrigreina i fylket. Vidare legg landbruksnæringa grunnlaget for arbeidsplassar knytt til leverandørindustri, transport og tenestekjøp. Investeringar

Side 5 av 6 Det har blitt investert mykje i landbruket dei siste åra, noko som har samanheng med at mange driftsbygningar som vart bygde i den store utbyggingsrunden på 70- og 80- talet no er modne for utskifting. Frå 2024 er det ikkje lengre lov med båsfjøs grunna endringar i nasjonale retningslinjer og dette krev store investeringar til bygging av lausdriftsfjøs. Desse investeringane er viktige for å oppretthalde mjølkeproduksjonen i tråd med dei nye krava. Det er også investert mykje i frukt- og bærproduksjonane. Moderne og intensive plantingar krev store investeringar per daa jamfør med tidligare. 3. Landbruk i verdiskapingsplanen Verdiskapingsplanen er ein regional plan for verdiskaping for fylket, og gjeld for åra 2014-25. Landbruk kom med som satsingsområde i verdiskapingsplanen i 2016. I planen er målsettinga auka folketal, og då med ein ambisjon om ein netto årleg arbeidsplassvekst på 100. Dette føreset 500 nye arbeidsplassar kvart år. Plan for landbrukssatsinga 2016-25 har valt ut nokre satsingsområde der Sogn og Fjordane kan få til auke i arbeidsplassar og verdiskaping i landbruket. Det har vore viktig å avgrense dette til område der aktørar i Sogn og Fjordane sjølv kan påverke utviklinga gjennom eigen innsats. Landbruk i Verdiskapingsplanen byggjer på Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-16. I denne er bredda i landbruksnæringa omtala med primærproduksjon, foredling og tenesteproduksjon. Planen vart utarbeidd i samarbeid mellom Fylkesmannen, KS, fylkeskommunen, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Skogeigarlaget og Innovasjon Norge. Tema landbruk under Verdiskapingsplanen peikar ut nokre satsingsområde, og der det er naturleg er heile verdikjeda tatt med. Det betyr at alle næringsgreiner ikkje er nemnde, men her legg vi Regionalt bygdeutviklingsprogram i botnen som ein meir omfattande utviklingsplan for landbruket. Verdiskapingsplanen slår m.a. fast at vi ynskjer å drøfte årlege innspel til jordbruks-forhandlingane med faglaga. Det er viktig at den nasjonale politikken gjev svar på regionale utfordringar. Vi vil at tilskotsramma for bedriftsretta investeringsmidlar vert dobla, sikre framleis differensierte og målretta tilskotsordningar som tek omsyn til ulike drifts- og arealforhold, og arbeide for styring av dei nasjonale ordningane som stimulerer til drift av jordbruksareal og planteproduksjon. 4. Innspel til forhandlingane i 2017 Det er heilt sentralt at det vert teke omsyn til fylket sin eksisterande bruksstruktur. Verkemidla må styrast slik at små og mellomstore bruk vert tekne i vare. Geografisk retta verkemiddel som er målretta mot distrikta må prioriterast. I eit fylke med Sogn og Fjordane sin topografi kan ikkje større bruk og auka produktivitet kompensere for nedgang i tal gardsbruk. Det tyder på at vi i større grad må oppretthalde tal gardsbruk for å halde oppe produksjonen, og då er rammevilkåra avgjerande. Små og mellomstore bruk har hatt ei dårleg inntektsutvikling siste åra. Inntektsutvikling har kome på dei største einingane gjennom auka utbetaling på pris, og styrka tilskot til kvart slakt av lam og storfe uavgrensa oppover. Det vil også vere viktig å legge til rette for betre økonomi i ammekuproduksjonen på mindre og mellomstore einingar. Ledig areal i distrikta må kunne nyttast. Dagens regioninndeling for omsetnad av mjølkekvoter bør ligge fast. Handlingsrommet som dagens tollvern kan gje for auka pris til produsent må nyttast. For å kompensere for auka kostnader knytt til topografiske utfordringar, små teigar og bratt areal bør det innførast eit driftsulempetilskot. Det er også viktig å auke tilskot til dyr på beite. Fylket har stor og god tilgang på grovfòr og utmarksbeite, noko som må nyttast i produksjonane. Ei betre utnytting av desse ressursane vil vere med på å hindre attgroing og stimulere til eit aktivt jordbruk. Dette er også viktig i reiselivssamanheng. Det er stor trong for grøfting, og utfordringane blir stadig større. Grøftetilskotet må aukast. Dette vil også vere eit særs godt klimatiltak. Nydyrkingstilskot bør også prioriterast. Det er naudsynt med tiltak som sikrar ein berekraftig produksjon av industribær, for å dekke behovet for norske bær til konservesindustrien. Distrikts- og kvalitetstilskotet for industribær må aukast for å styrke økonomien i produksjonen. Pristilskot på økologisk frukt og bær bør aukast.

Side 6 av 6 Det bør setjast av meir midlar til investeringar, særleg om føreslåtte endringar knytt til skatt vert innført. IBU midlane vert brukt opp tidleg på året, og dei samla løyvingane bør aukast. Regelverket for IBU midlane bør endrast slik at forskrifta opnar for ein maksimal tilskotsprosent på 40 og ikkje 33 som i dag. Det er viktig med framleis regional forvaltning av IBU midlane, der detaljane i verkemiddelbruken vert fastlagt regionalt. Skal ein lukkast med å få til nyinvesteringar på mindre og mellomstore mjølkebruk, samt få til ei satsing på ammeku i fylket vårt må økonomien i desse investeringane aukast monaleg. 5. Konklusjon Det er eit nasjonalt og regionalt mål å auke matproduksjonen i landet og fylket. Vi har utviklingstrekk som gjer at det er vanskeleg å nå dei måla som er sette. Den negative utviklinga må snuast. Sogn og Fjordane har gode føresetnadar for å medverke til å nå dei nasjonale måla om auka matproduksjon. For å lukkast med dette må inntektsmoglegheitene vere slik at det er forsvarleg å investere høge summar og bruke mykje tid. Det er avgjerande at det vert teke omsyn til eksisterande bruksstruktur, og den topografien og driftsføresetnadane som er i fylket. Verkemidla må styrast slik at små og mellomstore bruk vert tekne i vare. Fylkesrådmannen legg i si tilråding vekt på prioriteringane i Regional plan for verdiskaping, Regionalt bygdeutviklingsprogram og dei innspela som kom inn gjennom møte med fagorganisasjonane. Innspela frå kapittel 4 i saksframstillinga er summert opp i vedtakspunkta.