VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2015/758 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 21.05.2015 Inntektsrammer 2016 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Administrasjonssjefen si innstilling Formannskapet fastset følgjande førebelse rammer for inntektene i 2016: Ramme 2016 Driftsinntekter eksterne Skatt og inntektsutjamning 173 000 Rammeoverføring 148 000 Vertskommunetilskott 102 300 Ressurskr. brukarar 22 500 Integreringstilskott 8 000 Eigedomsskatt 9 500 Komp eldreutb/skule m.m. 3 500 Driftsinntekter 466 800 Finnansinntekter Avkastning "kraftfondet" 5 000 Utbytte VEAS 5 000 Renteinntekter 500 Kalkulatoriske inntekter 28 000 Finansinntekter 38 500 Sum eksterne inntekter 505 300
SAKSUTGREIING: 1. Innleiing Administrasjonssjefen kjem i denne saka med ei første orientering om budsjettsituasjonen for 2016. Spesielt har vi fokus på forventa inntekter/overføringar for neste år. Det vert ikkje gjort framlegg om budsjettrammer til sektorane no. Dette ønskjer administrasjonssjefen å kome attende til i budsjettprossessen og i politikaropplæringa, truleg etter valet til hausten. Grunna valet i september vil det vere tenleg at kommunestyret behandlar både økonomiplan for 2016-2019 og driftsbudsjett 2016 i desembermøtet. 2. Revidert nasjonalbudsjett 2015 og kommuneproposisjonen for 2016 Desse vart lagt fram av regjeringa 21. mai. Vil her kommentere dei viktigaste budsjettmessige konsekvensane for Vestnes kommune. Kommuneproposisjonen 2016 Lagt opp til ein auke i frie inntekter i 2016 på 4,0 4,5 for kommunesektoren. Dette er om lag det som har vore vanleg siste åra. Dette skal m.a. dekke: - auka utgifter innanfor rus og psykiatri som regjeringa ynskjer satsing på - auka satsing på helsestasjons- og skulehelseteneste - fleksibelt barnehageopptak - auka utgifter innanfor barnevern og ressurskrevjande tenester - forventa auka sosialhjelpsutgifter - auka finanskostnadar grunna auka lånegjeld - auke i pensjonskostnadane - tapt foreldrebetaling i barnehagane grunna redusert betaling for familiar med låg inntekt - auka utgifter grunna demografiske endringar (m.a. fleire eldre) I praksis vert må det meste av auken i frie inntekter brukast til å dekke auka utgifter som nemnt ovanfor, og det vert liten eller ingen auke i frie inntekter. Regjeringa har lagt fram forslag om å overføre den kommunale skatteinnkrevinga til skatteetaten med virkning frå 1. januar 2016. Ein ynskjer også større satsing på arbeidsgjevarkontroll, og det vert oppretta 30 nye årsverk. Eit fleirtal av kommunane og KS har advart mot dette. For drifta av Vestnes kommune vil ikkje dette bety så mykje, vi kjøper allereie denne tenesta frå Molde kommune.
Frå 2017 foreslår regjeringa at kommunane skal få overført delar av selskapsskatten som i dag går til staten. Det vert lagt opp til at grunnlaget for overføringa skal være auke i lønssummen som vert registrert i privat verksemd. Her skal reknast eit snitt av 3 tidlegare år. Kommunar med vekst vil få overført skatteinntekter tilsvarande sin andel av nasjonal vekst. Kommunar utan vekst i næringslivet vil då truleg ikkje få noko. Det er ikkje sagt noko om inndekking, men det er grunn til å rekne med at inndekkinga vert ein tilsvarande reduksjon i den ordinære skatteandelen til kommunane. Samla pott til kommunesektoren vil nok ikkje auke utover det som elles er vanleg. Selskapsskatten skal også inntektsutjamnast, i praksis vil det då berre være kommunar med høgre inntekt enn minsteinntektsnivået som vil ha særleg gevinst. Er enno mykje uavklart rundt denne omlegginga, og kva det vil bety for den enkelte kommune. Truleg vil det ha mindre betydning for Vestnes kommune. Differensiert arbeidsgjevaravgift, for dei 31 kommunane som frå 1. juli 2014 fekk redusert arbeidsgjevaravgift vart det i 2015 innført eit nytt trekk (som dei andre kommunane med redusert arbeidsgjevaravgift ikkje har) slik at ein ikkje fekk beholde innsparinga. Regjeringa legg no opp til at trekket gradvis skal avviklast over 5 år. I praksis vert det ein omvendt reduksjon som vil bety følgjande for Vestnes - 2015 vert vi trekt 100 % ca. 13,3 mill. kr - 2016 80 %, ca. 10,6 mill. kr - 2017 60%, ca. 8,0 mill. kr - 2018 40 % ca. 5,4 mill. kr - 2019 20 % ca 2,6 mill. kr - 2020 vert Vestnes ikkje trekt Revidert nasjonalbudsjett Skatteinntektene til kommunane vert lågare enn anslått i statsbudsjett, og som var grunnlag for vår budsjettering. Regjeringa anslår at skattesvikten vert 1,6 mrd. Det er ingen automatikk i at kommunane skal få kompensert evt. skattesvikt, men for å kompensere for delar av denne svikten føreslår regjeringa å auke overføringane til kommunane i 2015 med 1,1 mill. kr. For Vestnes kommune betyr det kr 1.048.000,-.
3. Inntekter Når vi skal fordele rammer til sektorane bør vi først fastsette kva vi forventar av inntekter i 2016. Dette for å sjå kva vi har til disposisjon. Når dette er gjort kan vi seinare komme med framlegg til kor store rammer dei einskilde sektorane skal ha. Nedanfor har vi laga oversikt over det vi pr. i dag meiner er realistiske inntekter neste år. Rekneskap Budsjett Ramme 2014 2015 2016 Driftsinntekter eksterne Skatt og inntektsutjamning 157 873 166 000 173 000 Rammeoverføring 156 810 143 900 148 000 Ekstra skjønnstilskott 3 305 0 0 Vertskommunetilskott 100 787 101 800 102 300 Ressurskr. brukarar 24 633 22 000 22 500 Integreringstilskott 7 114 7 000 8 000 Eigedomsskatt 8 989 9 000 9 500 Oppdrettskons. kommuneandel 3 568 Komp eldreutb/skule m.m. 3 034 3 200 3 500 Bruk av overskott 2014 3 600 Driftsinntekter 466 113 456 500 466 800 Finnansinntekter Avkastning "kraftfondet" 5 829 8 000 5 000 Utbytte VEAS 7 300 4 000 5 000 Renteinntekter 500 500 Kalkulatoriske inntekter 27 937 28 000 28 000 Finansinntekter 41 066 40 500 38 500 Sum eksterne inntekter 507 179 497 000 505 300 Tala for 2016 er i 2016 kroneverdi og kan difor ikkje direkte samanliknast med budsjett 2015. Kommuneøkonomiproposisjonen er sentral når det gjeld fastsetting av inntektsanslaga. Der anna ikkje er kjent har vi føresett 2,5 % løns- og prisauke frå 2015. Inntektene auka med 8,3 mill. kr, tilsvarande 1,7 %. Dette er mindre enn forventa løns- og prisauke. Det betyr at driftsutgiftene må reduserast neste år, og/eller at eigedomsskatten må auke (einaste inntekta kommunestyret kan påverke).
Skatt og rammeoverføring, Det er teke utgangspunkt i regjeringa sin kommuneøkonomiproposisjon og dei signal som er gitt der. Budsjett Kom. prop. alle tal i 1000 kr 2015 2016 Skatt og inntekstutjamning 166 000 148 000 Rammeoverføring 143 900 173 000 309 900 321 000 Tala for 2016 er justert opp til 2016 prisnivå, løns- og prisauke 2,5 %. Vi må merke oss følgjande: Distriktstilskudd for Sør Norge, tilskott her vert gitt ut frå distriktsindeks som departementet får utarbeidd. Tidlegare har den vorte revidert kvart 7. år. Siste gang gjeldande frå 2015. Den var negativ for Vestnes, det var og den som var ein del av grunnlag for at vi fekk redusert arbeidsgjevaravgiftssone. Som følgje av dette auka distriktstilskottet frå 1,4 mill. kr til 4,3 mill. kr i 2015. No vert det gitt signal om at ein oppdaterer distiktsindeksen kvart år. I årets oppdatering kjem vi noko bedre ut, noko som fører til at vi i 2016 får ein reduksjon i overføringa på 2,9 mill. kr. Differensisert arbeidsgjevaravgift, som nemnt tidlegare skjer det endring i trekket for redusert arbeidsgjevaravgift. Vi får redusert trekket (auka inntekt) med 2,7 mill. kr i 2016. Dette går opp i opp med redusert distriktstilskott. Vi har sett rammene på skatt og rammeoverføring lik signal frå regjeringa i kommuneøkonomiproposisjonen. Kommunestyret har ofte sett desse inntektene høgre enn dette, men både i 2014 og truleg også i 2015 vert dei faktisk mindre enn antyda i statsbudsjett. Administrasjonssjefen meiner at det ikkje er realistisk budsjettering å budsjettere med høgre skatteinngang enn det som vert lagt opp til frå regjering/storting. Ekstra skjønnsmidlar, i 2014 fekk vi 3,3 mill. kr i ekstra skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Mykje av grunnen til dette var at kommunen har svært mange ressurskrevjande brukarar, fleire enn gjennomsnitt for samanliknbare kommunar. Først til hausten vil vi få vite om vi får ekstra skjønnsmidlar i år. Vi kan ikkje forvente det, og i alle fall ikkje budsjettere med det i 2016. Eigedomsskatt, føreslår i utgangspunkt same promille som tidlegare, 2 promille. Administrasjonssjefen tek likevel atterhald for at ein seinare, når detaljbudsjettet vert utarbeidd, kan måtte føreslå auke i eigedomsskatten for å få balanse i budsjettet.
Vertskommunetilskott, i 2015 får vi 102,0 mill. kr. Det er teljing av brukarar kvart år og tilskottet skal reduserast årleg i takt med reduksjon i antall. Regelverket for reduksjon av vertskommunetilskottet er no slik at ingen kommune skal ha større årleg reduksjon i tilskottet enn kr 300,- pr. innbyggjar. Med denne ordninga får vi ein årleg reduksjon på 2,0 mill. Vi har hatt mange dødsfall siste åra og har ein rest vi ikkje er trekt for. Ordninga er svært god for Vestnes. Ved utrekning av tilskott for 2016 har vi teke utgangspunkt i årets tilskott, trekt frå 2,0 mill. kr og auka med 2,5 % for løns- og prisauke. Endrar Stortinget på nedtrappingsordninga kan det få betydeleg negativt utslag for Vestnes kommune. Ressurskrevjande brukarar, dette tilskottet har auka mykje siste åra grunna fleire ressurskrevjande brukarar og at dei vi har krev meir ressurs enn tidlegare. Siste året er antallet imidlertid noko redusert grunna naturleg avgang. Det er spesielt innan bu- og habiliteringstenestene at det er flest brukarar. Forventar om lag same tilskott som i 2015, korrigert for lønsauke. Integreringstilskott, statleg tilskott vi får som grunntilskott for dei plassane som er ved Vestnes mottak og tilskott til flyktningane som er busett i Vestnes kommune i 2013 og seinare. Tilskottet skal dekke dei utgiftene kommunen har. Integreringstilskottet vert nok høgre enn antyda ovanfor, grunna fleire busette, men dette må brukast til å dekke tilsvarande auke i kostnadane. Utbytte VEAS, bruker sum kommunestyret sette i siste økonomiplan. Styret i VEAS skal drøfte dette i møte 27. mai, kjem dei med andre signal skal formannskapet verte orientert om det når dei behandlar saka. Avkastning kraftfondet, etter at vi gjekk ut frå plassering av midlar i aksjefond har vi budsjettert med ei avkastning på 6,0 mill. kr som tilsvarar vel 4,0 %. For 2013 og 2014 stemte dette akkurat. Når kommunestyret vedtok økonomiplan for perioden 2014 2017, sak KST 83/13, vedtok dei i pkt. 10 følgjande: ei auke i inntekter frå kraftfondet frå 4 % til mellom 5 % og 6 % er realistisk ved å sjå på andre, men likevel trygge investeringsformer Det vart difor budsjettert med ei inntekt på 8,0 mill. kr i 2015, tilsvarer ei avkastning på 5,5 %. Forvaltarane vår har gjeve tilbakemelding om at det med dagens låge rentenivå og låg avkastning på sikre plasseringar er urealistisk med høgre avkastning enn 3,5 %. Skal vi få høgre plassering må finansreglementet reviderast, slik at midlane kan plasserast i andre produkt som kan gje høgre avkastning. Men då vert det større usikkerheit, også moglegheit for tap. Administrasjonssjefen føreset same plasseringspolitikk som no og reknar med avkastning på 5,0 mill. kr, tilsvarande 3,5 %.
4. Utgifter Driftsbudsjett i 2015 er 463,3, eks. renter og avdrag. For å få oversikt på korleis utgiftene vert i 2016 samanlikna med årets drift må vi korrigere for både forventa løns- og prisauke og andre endringar som vi kjenner til. I grove trekk kan vi sette opp følgjande oversikt for drifta 2016: Tal i mill. kr Budsjett driftsutgifter 2016, eks. renter/avdrag 463,3 + løns- og prisauke 2016, 2,5 % 11,6 + auka pensjonskostnad 3,0 Renter og avdrag 38,0 Forventa driftsutgifter 2016 515,9 Forventa inntekter 505,3 Differanse 10,6 Føresett låneopptak på 40,0 mill. kr i 2016. Dersom vi ikkje klarer å holde driftsnivået i år, vil differansen som må inndekkast bli større. Ut frå administrasjonssjefens vurdering må differansen dekkast inn på ein eller fleire av følgjande måtar: Redusere drifta, i praksis betyr det nok å redusere årsverk. Skal alt takast på dette betyr det 15 20 årsverk alt etter kva stillingar det gjeld. Ein del innsparing kan ein også få ved at tiltak som vert gjennomført i år får større heilårseffekt i 2016. Strukturendring, i budsjettframlegget for 2015 rådde administrasjonssjefen til strukturendring i grunnskulen. Kommunestyret gjekk ikkje inn for det. Kan også være aktuelt med andre strukturendringar. Auka eigedomsskatt Administrasjonssjefen vil utover hausten arbeide med detaljbudsjettet. Rammer til sektorane og tiltak som må innarbeidast, kjem ein tilbake til seinare når framlegg til driftsbudsjett 2016 vert lagt fram for formannskapet, truleg i november. I rapporten frå Agenda Kaupang vart det m.a. peikt på at Vestnes har høg institusjonsdekning, bruker mykje på barnehage, men mindre på førebyggande tiltak som m.a. ergoterapi. Dette er signal administrasjonssjefen må ha med seg i det vidare budsjettarbeidet. Nye tiltak i 2015 Sjølv om vi må redusere utgiftene i 2016 er det tiltak som administrasjonssjefen likevel ynskjer å prioritere, nemner m.a: Ekstra ressurs til grunnskulane som har barn med framandspråkleg bakgrunn Auka tilbud til rus og psykiatri, slik regjeringa gjev signal om Særutskrift til: