Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen: 19.08.16 NABOVARSEL OM MINDRE ENDRING ELLER REGULERINGSENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR OSSTØLEN (SVEO) GNR. 55 BNR. 1, 2, 10, 37 M.FL., OS KOMMUNE (PLANID 1243_19700102, VEDTATT 17.12.2013). I medhald av plan og bygningslova (pbl) 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i deler av reguleringsplan for Osstølen (Sveo) gnr. 55 bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl., i Os kommune. Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg. Tiltakshavar og konsulent Block Watne AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet. Planområdet Området ligg nord for Osøyro som er kommunesenteret til Os kommune, og består i hovudsak av eigedom gnr. 55 bnr. 387. Det ligg eksisterande bustadfelt sør og vest for planområdet. Øst for planområdet ligg eit framtidig bustadareal samt eit større grøntområde og Oselva. Planområdet er regulert til bustad i gjeldande reguleringsplan «Osstølen (Sveo) gnr. 55 bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl.». Planområdet Osøyro Figur 1: Planområdet sin lokalisering i kommunen. 1
Formålet med mindre endring/reguleringsendring Gjeldande plan for området er Osstølen (Sveo), med planid 19700102. Planområdet består i hovudsak av delfelta BK05-BK08, desse felta er ikkje utbygd. Under prosjekteringa har ein sett at det bør gjerast nokon mindre endringar i gjeldande reguleringsplan for å få til betre heilskaplege løysningar. Skildring av mindre endring/reguleringsendring Ein vil gjere følgjande mindre endringar: 1. Endre plassering av bygg på BK08 og leikeplass f_leik06. Som følgje av dette vil f_gv03-04 bli justert. 2. Legge til i føresegna at det kan etablerast ny nettstasjon innanfor f_ua02. Presisere i føresegna at det «ved flate tak er maksimum gesimshøgde 9m over angitt planeringshøgde.» Dette gjeld for delfelta BK05-BK08. 4. Legge til i føresegna at det kan etablerast pumpestasjon innanfor f_øk0 Osøyro 4. Figur 3 Utdrag av reguleringsplan 1. 2. Figur 2: Utdrag av opphavleg reguleringsplan, markert med dei ulike endringane. 2
Endringane i plankart Ein har tatt eit utsnitt av det eksisterande plankartet (datert 04.12.13), og laga eit nytt plankart som no vert sendt til varsling. Ved ein godkjenning av den mindre endringa/reguleringsendringa vil nytt plankart erstatte den opphavlege reguleringsplanen i dette området. Resten av den opphavlege planen er uendra. Endringane i plankartet er skildra under. 1. Bygg innanfor BK08 og leikeplass f_leik06 Bilete til venstre på figur 3 viser opphavleg plan for delfelt BK08 og f_leik06. Ved prosjekteringa av bygga i dette delfeltet oppdaga ein at om bygg 2 skal ha balkongar og normal planløysning blir det svært lite plass mellom bygg 1 og bygg 2. Ved å endre plasseringa av bygg og leikeplass vil ein få ei betre heilskapleg løysning. Bilete til høgre på figur 3 visar framlegg til ny plassering. I framlegg til endring er det lagt inn nye illustrerande liner for bustader i felt BK08. Planeringshøgdene (PH) er justert i samsvar med dei nye plasseringane av bygga. Leikearealet f_leik06 er flytta for å tilpassa seg den nye bustadplasseringa, medan gangareala f_gv03 og f_gv04 er justert for å knytte seg til den nye plasseringa av leikearealet. Bygg 1 Bygg 2 Figur 3: Bilete til venstre viser opphavleg plan, med område BK08 og LEIK06, bilete til høgre viser framlegg til mindre endring/reguleringsendring. 3
Forslag til nytt plankart, med endringane som nemnt over Figur 4: Framlegg til plankart for mindre endring/reguleringsendring (datert 16.08.2016). Endringane i føresegna Dei eksisterande føresegna (datert 04.12.13), er noko endra. Vedlagt til dette brevet, ligg dei gjeldande føresegna, med endringane markert i raudt, slik at du kan sjå endringane i føresegna i sin heilheit. Endringane er skildra under. 1. Nettstasjon innanfor f_ua02 Opphavleg avsett plassering av nettstasjon er innanfor området ØK01 i gjeldande plankart, her er det allereie plassert ein nettstasjon. Nettstasjonen har ikkje nok kapasitet til å dekkje dei nye bustadene i delfelt BK08, og ein ynskjer difor å kunne plassere ein ny nettstasjon innanfor område f_ua02. Dette vil føre til eit nytt punkt (15.1) i føresegna. 2. Gesimshøgde 9m I føresegna for opphavleg reguleringsplan Osstølen (Sveo) står det at maksimum mønehøgd for BK05-BK08 skal vere 9 meter over angitt planeringshøgde. Ved å presisere at ved flate tak er maksimum gesimshøgd 9meter over angitt planeringshøgd, vil ein opne for alle slags tak (også flate tak) og dermed unngå feiltolkingar. Ved å bygga med flate tak vil bygga få tilstrekkeleg takhøgd i etg. jf. tekniske krav. Dette vil føre til ei presisering i føresegna 6.2, 7.2 og 8.2. Pumpestasjon innanfor f_øk03 Det er ikkje satt av plass til pumpestasjon innanfor planområdet. Ved å presisere at det innanfor feltet f_øk03 kan etablerast pumpestasjon sikrar ein plass til pumpestasjon innanfor planområdet. Dette vil føre til eit nytt punkt (14.4) i føresegna. I tillegg til endringane som er nemnt over, har ein rydda opp i nokon feil i gjeldande føresegn. Gjeldane plan er vedtatt med plankart og føresegner datert 04.12.1 Følgande korrigeringar er gjort for å rydda opp i føresegna: - Tredje avsnitt under Verknader av planen er tatt ut, då desse datoane var feile. Det er ikkje naudsynt å behalda dette avsnittet, då dato for gjeldande plankart kjem fram av 1.1, og dato for gjeldande føresegn kjem fram heilt øvst i føresegna. - I 1.1 er dato for plankart endra til korrekt dato for gjeldane plankart som er 04.12.1 4
Konsekvensar av den mindre endringa/reguleringsendringa Dei mindre endringane legg opp til ei betre heilskapleg løysning. Presiseringa om gesimshøgd ved flate tak vil gjere planen meir forståeleg samt gjere det mogleg å gjennomføre bygga med 3 etasjar slik intensjonen med planen har vore. Ein får også inn naudsynte tekniske løysningar i planføresegna. Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa: Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Meir informasjon kan lesast på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til post@ardarealplan.no. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Os kommune saman med framlegg til endring. Merknadsfrist: Frist for merknader er satt til 20.09.2016. Vidare saksgong: Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Os kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket. Dersom planen må tas som ein reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Os kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming. Med beste helsing Jan Espen Vik Dagleg leiar/ By- og regionsplanleggar Ard arealplan as Tlf: 55 31 95 00 Vedlegg: Varslingsliste Gjeldande plankart, datert 04.12.2013 Oppdatert plankart for mindre endring/reguleringsendring, datert 16.08.2016 Gjeldande føresegner, datert 04.12.2013 Gjeldande føresegner, datert 16.08.2016 med endringar markert i raudt Oppdaterte føresegner for mindre endring/reguleringsendring, datert 16.08.2016 5
Varslingsliste: Naboar: GNR BNR Eiendommens Adresse 55 1 Landboden 30 5200 OS 55 8 Klokkargarden 23 5200 OS 55 10 Osstølen 16 5200 OS 55 54 Sveo 44 5200 OS 55 55 Sveo 40 5200 OS 55 58 Sveo 6 5200 OS 55 88 Osstølen 1 5200 OS 55 116 Sveo 20 5200 OS 55 117 Sveo 18 5200 OS 55 152 Sveo 42 5200 OS 55 211 Sveo 10 5200 OS 55 272 Osstølen 10 5200 OS 55 347 Osstølen 6 5200 OS 55 348 Eiendommen har ikke veiadresse 55 381 Eiendommen har ikke veiadresse 55 387 Eiendommen har ikke veiadresse 55 271 Eiendommen har ikke veiadresse 55 92 Eiendommen har ikke veiadresse 55 37 Eiendommen har ikke veiadresse 55 59 Eiendommen har ikke veiadresse Andre: OS KOMMUNE POSTBOKS 84 5202 OS BKK NETT AS POSTBOKS 7060 5020 BERGEN NVE, REGION VEST NAUSTDALSVN. 1B POSTBOKS 53 6801 FØRDE FYLKESMANNEN I HORDALAND, KOMMUNAL- OG SAMFUNNSPLANAVDELINGA POSTBOKS 7310 5020 BERGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE, REGIONALAVDELINGA, PLANSEKSJONEN POSTBOKS 7900 5020 BERGEN STATENS VEGVESEN, REGION VEST ASKEDALEN 4 6863 LEIKANGER BIR POSTBOKS 6004 5892 BERGEN TELENOR KABELNETT http://www.telenor.no/privat/kundeservice/telenor-kabelnett/ 6