REGULERINGSPLAN PRESTHUS, ØLVE DEL AV Gnr. 5, bnr. 1 S K I L D R I N G PROSJEKTADMINISTRASJON REGULERING - KOMMUNALTEKNISK PLANLEGGING 1
Tiltakshaver: Grunneigar: Planstatus: Margareth Gravdal Laskengrenda 35 3221 SANDEFJORD Margareth Gravdal Område for fritidsbustad. Oppstart annonsert/meldt i ekspedisjon frå oss 01.02.12. Om planen Område er eit sør/søraustvendt, småkupert skogsområde, noko tilvokse med furuskog. Den vestlege delen er sterkt tilvaksen med tett krattskog. Denne skogen har me valgt stå som buffer mot utløp av snøras. Gjennom område går det ein skogsveg. Denne skogsvegen er òg bruka som turveg. Planen inneheld 12 tomtar for fritidsbustader, og eit større felles område. Fellesområde består av ein markert kolle og ei fin flate med mange fine furuer. Tilkomst frå fylkesveg på eksisterande gardsveg. Plan med 26,2 da. I arealisdata er området registrert som skogsområde. Til oppstartmeldinga er det komen inn desse merknadane: 1. Fylkesmannen: Ingen merknad. Generell påminning om planinnhald. Tiltakshavar: OK. 2. Fylkeskommunen, kultur Har ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne. Tiltakshavar: OK. 3. NVE Delar av område er i skrednett sitt aktsomhetskart vist som potensialt fareområde for utløp av skred. Austlege del av planområde ligg i NGU sitt lausmassekart innanfor tynn hav/standardsetjing. Det kan ikkje utelukkast at det finnest ustabile avsetjingar som til dømes kvikkleire i grunnen. Tiltakshavar: Sjå tillegg til ROS-analyse. 4. Statens Vegvesen Har ikkje merknader til tiltak innanfor planområde. Har merknad til avkjøring fra FV49 og sperre i frisikt frå kyrkjegardsmur. Tiltakshavar: Avkjøring frå FV49 og frisikt må beskrivast, og er vist med bilde under punkt 10 trafikk og trafikksikring. 5. Ingemar Presthus og Gerd Eli Presthus 1.8.3 Veg/trafikksituasjon, tilkomst/avkjørsel - Vegen frå fylkesveg og ut til planlagt hyttefelt er opprinneleg ein gamal stølsveg som ikkje er bygd for allmenn ferdsel. 2
- Auka trafikk vil føre til ytterlegare støy, støv og forureiningsplager. - Utkøyring frå stølsvegen til fylkesveg er trafikkfarleg pga. dårleg sikt grunna kyrkjegarden. - Det er også smal passasje mellom kyrkjegard og låvebru/mjølkehus. - Infrastrukturen ikkje er tilrettelagt for auka trafikk som følgje av eit hyttefelt. Det vil føra til ei forringing av eigedomen vår som me ikkje kan akseptere. 1.8.15 Naturmangfald - Påtenkt hyttefelt er i eit område som er eigna for, og var tidlegare godkjent for dyrka mark. - Det er også eit område med rikt dyreliv, og utrydningstrua artar som kristtorn, barlind og kusymre. - Området har dyretrakk og gamle stiar som blir mykje brukt grunna naturmangfaldet. 1.8.20 Renovasjon/miljøstasjon - Hyttefelt vil føre med seg avfallsproblem frå påkrevd miljøstasjon som blir plassert i nærområdet vårt. Dette fører med seg lukt, søppel og skadedyr. - Ein miljøstasjon vil forringe eigedommen vår av både praktiske og estetiske omsyn. Tiltakshavar: Område er i kommuneplan godkjend til fritidsbustad. Veg tilkomst og avkjøring er beskrive i planen. Plassering av renovasjonskonteiner er drøfta med SIM. Dei henviser til utsette hyttekonteinere langs fylkesvegen. 6. Arne Presthus, Aud Presthus Tar opp problemstillingar rundt: Avkøyring frå FV49 og bruk av felles veg. Hytteeigarar sin tilkomst til sjø. Vatn og avlaup. Generelle naboforhold med 2 eigedomar innfiltra i kvarandre. Tiltakshavar: Må takast med i arbeidet. SKILDRINGSEMNE TIL PLANEN 1A LANDSKAP OG ESTETIKK Område er eit småkupert skogsområde ca 191 m frå sjøen. Sør, søraustvendt grensande til eit stykka dyrka mark i sør. På område står ein del stor furu. Den vestlege delen av område er kledd med krattskog. Dette område vert ikkje bebygd, og skogen behalden som rassikring. Fjernverknad vert bygningar lite synlege, dempa i område med furuskog. Lysforhold gode, med litt tidleg solnedgang i vest. Oppgradert eksisterande skogsveg og turveg vil liggja som buffer mot dyrka mark. 1B FORHOLD TIL NATURMANGFALDSLOVA Naturmangfaldslova 8-12. Der er ingen registreringer i Naturbase eller Artsdatabasebanken for område. Område har ein del stor furuskog. Vestlege delen har tett krattskog. Denne delen vert behalden som buffer mot mulege nedre utløpsområde for snøskred. Det er mykje hjortetrakk i område som elles i heile bygda. Fellesområde med store furuer og fin skogsbotn. Dette område vert bevart med muligheit for oppsetjing av lite felles bygg/grillhus mm. 3
2 SAMFUNNSIKKERHEIT ROS REGULERINGSPLAN PRESTHUS, DEL AV GNR 5, BNR 1 ØLVE, KVINNHERAD KOMMUNE ROS-ANALYSE Kvinnherad Kommune sine akseptkriterium og metode for ROS-analysar er lagt til grunn for denne ROS-analysen. Akseptkriterium og metode for kommunen er vedteken i kommunestyret 24.03.2011 ROS-analysen skal leggjast til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen er plikta til å kartlegga kva uønska hendingar som kan inntreffa i kommune, vurdera sannsynet for at desse hendingane inntreff og korleis dei i so fall kan påverke kommunen. Denne ROS-analysen er i tråd med kommunen sin vedtekne metode og akseptkriterium slik dette er vist i vedlegg der og døme på farekategoriar er vist. Metodikk for vurdering av risiko og sannsynet er vist i vedlegget. Det same gjeld metodikk for vurdering av konsekvens, akseptkriterium og vurdering av risikoreduserande tiltak. 4
Grenseverdiar for sannsyn Sannsynlegheit Vekting Definisjon Høg eller kontinuerleg 5 Ei eller fleire hendingar pr. år Moderat sannsynlegheit 4 Ei hending pr. 1-5 år Sannsynleg 3 Ei hending pr. 5-10 år Lite sannsynleg 2 Ei hending pr. 10-100 år Usannsynleg 1 Mindre enn ei hending pr. 100 år Definisjon av konsekvens Konsekvens Vekting Menneske Ytre miljø Materielle verdiar Katastrofalt 5 Meir enn 5 døde, eller 15 alvorleg skadde/ sjuke. Kritisk 4 Inntil 5 døde, eller fare for inntil 15 alvorleg skadde personar Alvorleg 3 Inntil 1 død, eller fare for alvorlege personskadar, fleire mindre personskadar. Ein viss fare 2 Mindre skadar som treng medisinsk handsaming. Ufarleg 1 Ingen eller små personskadar. Varig skade på miljø Omfattande og langvarige miljøskadar som krev større tiltak. Moderate skadar på miljø, eller skadar som krev mindre tiltak. Mindre skadar som naturen sjølv utbetrar på kort tid. Ingen eller ubetydeleg skade på miljø. Skadar for meir enn kr. 50.000.000,- Skadar mellom kr. 5.000.000 50.000.000 Skadar mellom kr. 500.000 5.000.000 Skadar mellom kr. 50.000 500.000 Skadar for inntil kr. 50.000,- Risikomatrise der første tal angir konsekvens og andre tal angir sannsynlegheit Risikomatrise Sannsynlegheit 5 1.5 2.5 3.5 4.5 5.5 4 1.4 2.4 3.4 4.4 5.4 3 1.3 2.3 3.3 4.3 5.3 2 1.2 2.2 3.2 4.2 5.2 1 1.1 2.1 3.1 4.1 5.1 1 2 3 4 5 Konsekvens I det vidare arbeidet med ROS-analysen nyttar ein dei matrisene som er vist på vedlegg. I risikomatrisene nedanfor er konsekvens oppgitt før sannsyn. Dvs. at verdien 3.2 betyr ein konsekvens lik 3 og ein sannsyn lik 2. 5
ROS-analyse for Presthus Naturbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Liv og Helse Miljø og materielle verdiar Ekstremvêr Sterk vind Store nedbørsmengder Store snømengder Flaumfare Vert ikkje vurdert som ein risiko for området. 2.2 2.2 Vert ikkje vurdert som risiko for området. Vert ikkje vurdert som risiko for området. Flaum i elvar/ bekkar 1.1 1.3 Der er ingen elvar eller synlege bekkar i området. Ei mindre elv utanfor område i nord og aust, skapar ikkje problem for område. Flaum i vassdrag/ innsjøar Overvasshandtering Springflo/ stormflo Lita elv rett utanfor område lagar ikkje problem for område. I røyrsystem til elv. Ikkje aktuelt. Historisk flomnivå Målt 1,48 Ikkje aktuelt. Skredfare www.skrednett.no Kvikkleirskred Sjå sluttkommentar. Lausmasseskred Sjå sluttkommentar. Is og snøskred 1.1 1.1 Sjå sluttkommentar. Steinras, steinsprang Ikkje aktuelt problem. Byggegrunn Setningar Utglidingar Radon Plante- og dyreliv www.dirnat.no Planter Området er skrint jordsmonn på fjell og morene. Sjå sluttkommentar om eventuell kvikkleire. Radon vert ikkje sett på som eit problem i området. Ingen rødlisteartar eller andre trua 6
Dyr Fuglar Andre uønska hendingar Skog- og vegetasjonsbrann Jordskjelv arter er registrert i området Ingen rødlisteartar eller andre trua arter er registrert i området Ingen rødlisteartar eller andre trua arter er registrert i området Hjortetrakk som overalt i Ølve. Området ligg i skogsområde, og fare for skogsbrann er til stades. Verksemdbasert sårbarheit Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Brann/ eksplosjon Brannfare Eksplosjonsfare Liv og Helse Miljø og materielle verdiar Ikkje aktuelt konflikt Ikkje aktuelt konflikt Energitransport Høgspent Lågspent Gass Forureina vatn Drikkevasskjelde Badevatn, fiskevatn, vassdrag og liknande Forureining grunn www.sft.no Kjemikalieutslepp Forureining luft Støv/ partiklar/ røyk Støy Friluftsliv og tilgjenge til sjø www.hordaland.no Fri ferdsel langs sjø Friluftsliv Ikkje i området. Ikkje aktuelt konflikt Ikkje aktuelt konflikt Off. vatn. Berre i sjø Der er ingen faste støykjelder i området. Ikkje emne her. Området ligg ope som felles brukt turveg gjennom område. 7
Sårbarheit knytt til infrastruktur Uønska hending Potensiell risiko for: Merknad Liv og Helse Miljø og materielle verdiar Trafikkfare inne i planområde Forhold for mjuke trafikantar 2.3 2.3 Det er ingen trafikkproblem rundt området. Forhold for kjørande Forureining www.sft.no Støv/ partiklar Støy Lukt Utslepp/ kjemikaliar Der er ingen faste støykjelder i området. Trafikkfare på nærliggjande vegar/ transportåre utanfor planområde www.vegvesen.no Veg 2.3 2.3 Problemområde, avkøyring ved kyrkja. Sjø Luft Ikkje emne her. ETTERKOMMENTAR: Snøras NVE aksomhetskart viser i utløpsområde for snøskred. Utløpsområde går litt innover reguleringsområde frå vest. Vestre del av planområde og skogsområde er krattskog, sjå bilde. I planen er vestre delen med krattskog lagd inn i faresone 310 ras og skredfare, der rydding av skog ikkje er tillete. Tynn hav/standardsetjing Hoveddelen av område er skogsbotn med synleg fjell i dagen. Nordaust grensar område fram mot ein bekk og dyrka mark. Tomt 8 og 9 har grensa mot flatare område og dyrka mark. Detaljsynfaring 04.09.12 viser skogsmark med fjell i dagen, og for tomt 8 og 9. Sjå bildemateriale. 3 BARN OG UNGE Område ligg i eit skogsområde med mange mulegheiter for friluftsaktivitetar. Fellesområde har fine muligeheiter for sosiale fellesaktivitetar. 8
4 UNIVERSELL UTFORMING Vegen til og gjennom område er tilpassa terrenget og ligg i traseen for eksisterande skogsvei/turveg. Stigningen er brattare enn 1:20, ca 50% av tomtane må få universell tilkomst. 5 STØY Der er ingen faste støykjelde i område. 6 STRANDSONA Bruk av strandsona ligg utanfor denne planen. Det vert arbeidd vidare med sjøtilknyting og båthamn. 7 KULTURMINNE Kulturavdelinga i fylkeskommunen, har vore på synfaring og har ikkje funne noko å registrera. 8 ENERGI Det er i planen ikkje lagd opp til fellestiltak. Med utbygging som går over tid kan fellestiltak vera vanskeleg. 9 NAUST OG KAIAR Ikkje tema her. 10 TRAFIKKTEKNIKK, TRAFIKKSIKRING 10.1 Vegen inn til feltet og gjennom feltet er i tillegg til tilkomstveg til tomtane og skogsveg og turveg. Dette medfører at vegen i tillegg til bilveg til tomtane er open for traktorkjøring, gangveg og sykkelveg som turveg. 10.2 Eksisterande gardsveg frå fylkesveg og inn til avkjøring ved elva er forholdsvis smal, rimeleg flat grusveg. Vegen er godt brukande. 10.3 Avkjøring frå fylkesvegen. Frisikt mot Gjermundshamn er god. Frisikt mot Stussvik er med lang sikt god. Eit lavbrekk på fylkesvegen fram mot kyrkjegardsmuren gjer at frisikta mot lavbrekket er ca 20-25m. Forslag til tiltak: Merka avkjøringsområde. Stopp-skilt og heiltrukken sperrelinje. 11 Vatn, avlaup og renovasjon Vatn med brannvatndekning fra offentleg vassverk Spillvatn til felles slamavskiljar til utslepp i sjø. Drensvatn til bekk. Renovasjon levering i hyttekonteinere utsett av SIM. Eikelandsosen 06.09.2012 Harald Bjørndal 9
10
11
12
13
14
15
16