saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.02.2016 9930/2016 Johnny Loen Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 15.03.2016 Fylkestinget 11.04.2016 Regional delplan for Dovrefjellområdet - framlegg til eigengodkjenning Sjå lenke: http://mrfylke.no/dovrefjellplan for følgande vedlegg: 1 Plankart 2 Mål og retningsliner 3 Planomtale og konsekvensutgreiing (KU) 4 Handlingsprogram 5 Kunnskapsgrunnlag 6 Innkomne merknader og arbeidsgruppas kommentar Bakgrunn Regional delplan Dovrefjellområdet er eit samarbeid mellom Oppland, Hedmark, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Den første regionale delplanen for Dovrefjell vart vedteken allereie i 1999. Første gongs revidering vart godkjent i Miljøverndepartementet i 2009 (sjå sitat nedanfor). Planen som no ligg til slutthandsaming vart igangsett gjennom oppstartvarsel med planprogram sak U-20/12. Endeleg planprogram vart fastsett av Miljøverndepartementet 2. oktober 2013, etter noko usemje mellom dei fire deltakande fylkeskommunane. Dette planprogrammet er utgangspunktet for vidare arbeid med planforslag og konsekvensutgreiingar (KU). Oppland fylkeskommune har hatt det administrative hovudansvaret og det vart sett saman ei administrativ arbeidsgruppe med ein person frå kvar fylkeskommune. Dovrefjell nasjonalparkstyre har vore styringsgruppe. Eit felles planforslag vart lagt til offentleg ettersyn etter vedtak i dei fire fylkeskommunane første gong hausten 2014, sak U-110/14. I saksframstillinga her vart det også gjort greie for bakgrunnen for planarbeidet [sitat]: "I april 2007 mottok Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med fleire andre fylkeskommunar, eit brev frå Miljøverndepartementet med oppmoding om å utarbeide regionale planar for dei fjellområda som er særskilt viktige for villreinen si framtid i Norge. Dovrefjell er eit slikt fjellområde: Fylkesdelplanen (regional plan) skal fastlegge en langsiktig og helhetlig strategi for arealforvaltningen i planområdet. Planen skal forene målene om lokal omstilling og utvikling med nasjonale mål om en helhetlig forvaltning av fjellområdene og sikring av villreinens leveområder.
Omgrepet "nasjonale villreinområde" er nytta i denne samanhengen. Dovrefjell-området har også tidlegare vore underlagt regional planlegging, seinast plan godkjent av Miljøverndepartementet i brev 05.03.09. Den planen som no vert lagt fram er derfor å sjå som ei revidering, der føremålet først og fremst har vore å kartfeste det nasjonale villreinområdet. Slik vart det også sett fram som vilkår i Departementet si godkjenning i 2009. I tråd med oppmodinga (til planlegging) er også planarbeidet i alt vesentleg finansiert av Miljøverndepartementet.» [sitat slutt] Dette betyr i klarare tekst at den regionale planen skal sikre framtidige leveområde for villreinen i Snøhetta og Knutshø villreinområde, samstundes som det blir lagt til rette for regional/lokal omstilling og utvikling. For å oppnå dette skal planen vise følgande arealsoner med tilhøyrande retningsliner [resymé i klamme] for arealbruken: Nasjonalt villreinområde (NVO) [leveområde for villreinen, i praksis med byggeforbod]. Buffersoner (BS) [ein må vurdere konsekvensar av arealbruk for villrein; område med særlege samfunnsinteresser] Bygdenære område (BO) [planen legg ingen føringar] Prosess og bakgrunn er elles nærare skildra i planomtalen, vedlegg 3. Det kom 41 merknader til første offentlege ettersyn. Desse var samla sett av ein slik karakter at både administrasjonen og styringsgruppa tilrådde endringar. Etter desse endringane vart planen lagt til offentleg ettersyn for andre gang (U-sak 94/15). Høyringsfristen vart sett til 15. september 2015. Det kom denne gongen inn 21 merknader. Saksbehandlarane i dei fire fylkeskommunane har, saman med prosjektleiaren, samanstilt og drøfta dei innkomne fråsegnene i to møter 27. oktober 2015 og 12. januar 2016. Det er gjort nokre endringar i plandokumenta ut frå høyringsfråsegnene. Vurdering For Møre og Romsdal sitt vedkomande gjeld følgande: Fjellgardane i Sunndal Dette området vart foreslått som bygdenært område (BO) ved andre gangs offentleg ettersyn, etter tilråding frå styringsgruppa. Sunndal kommune er blant dei som støttar denne tilrådinga. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har reist vesentleg innvending mot forslaget. Dette inneber at Fylkesmannen vil oversende planframlegget til departementet for endeleg avgjerd, og fylkeskommunen kan ikkje eigengodkjenne planen. Også andre høyringsinstansar har anten frårådd eller støtta høyringsframlegget, sjå vedlegg 6 om dette. Det er dokumentert at området er viktig for villreinen. Fylkesrådmannen foreslår at området vert buffersone (BF15) som vist på kart nedanfor, og legg vekt på at buffersone ikkje er til hinder for alminneleg landbruksdrift i området. Føresegner og planomtale er endra tilsvarande. I vedlegg 2 og 3 er endringane markert med gult.
Grødalen Dette området vart foreslått som buffersone (BS) ved andre gangs offentlege ettersyn, etter tilråding frå styringsgruppa (område vest for BS15 i kart nedanfor). Fylkesmannen rår frå dette, og ber om at arealet inngår i villreinens leveområde (NVO). Også her har ulike høyringsinstansar ulikt syn, mellom anna Sunndal kommune som støttar høyringsframlegget. Sjå vedlegg 6. Det er dokumentert at området er viktig for villrein, ikkje minst som trekkorridor mot fjellområda på nordsida. Fylkesrådmannen er samd med fylkesmannen og legg særskilt vekt på at rammene for hyttebebyggelsen i området allereie er fastsett gjennom reguleringsplan. Status som NVO endrar ikkje dette. Dei negative verknadene av at området inngår i NVO vil i praksis derfor vere svært avgrensa. Aursjøen I framlegget til andre gangs ettersyn var heile Aursjøen foreslått som buffersone (BS1); inkludert strekninga i Møre og Romsdal - frå Aursjødemningen og aust til fylkesgrensa mot Oppland. Fylkesmannen i Oppland har vesentleg innvending til dette, og framlegget er også frårådd av ei rekkje andre høyringspartar, mellom anna Sunndal kommune, Villreinutvalet og Eikesdal sameige. Kva gjeld Møre og Romsdal fylke, tilrår fylkesrådmannen at desse fråsegnene vert tekne til følge gjennom at arealet vert fastsett som nasjonalt villreinområde (NVO). Dette er grunngitt i at passasjen over Torbuhalsen den einaste opne trekkvegen mellom aust- og vestdelen av villreinområdet. Det er viktig å halde denne passasjen mest mogleg fri for inngrep og forstyrrande aktivitet. Endringa gjeld også delvis i Oppland, vest mot ei linje mellom der bilvegane endar (grønt areal vest for BS1 på kart nedanfor). Det har tidlegare vore teke til orde for ein sykkeltrasé mellom Aursjøvegen og vegenden på Opplandssida. Dersom ein kan vise til at tiltaket ikkje i nemneverdig grad er til skade for villreinen, er regional plan ikkje i seg sjølv til hinder for dette.
Mål og retningsliner Som nemnt er desse endra tilsvarande endringane i kartet. Det heng likevel igjen eit par mindre feil som ein føreset vert retta opp i det endelege dokumentet: - kap 2.1. midt på side 5: her står Buffersoner 1-13. Dette skal vere 1-15 - kap 2.3 side 9: liste over BS der felles retningslinjer gjeld; BS 15 Fjellgardene manglar Dei samla endringane i planen framgår elles i tabell 1 Tabell 1. Endringar av plandokumenta for Regional plan for Dovrefjellområdet etter første og andre gongs offentleg ettersyn Dokument Side Endra av styringsgruppa etter første Fylkesrådm. framlegg etter andre Kunnskapsgrunnlaget Framsida Oppdaterast 14 Heimevernets skole og - kompetansesenter 15 Om turisthytte - 16 Om turisthytter, - pilegrimsleden, jakt, klatring og basehopping 17 Om basehopping - 18 Om innfallsportar - 36 Masseuttak av regional - betydning Planomtale og Framsida Oppdaterast konsekvensutredning 2 2 Slutten av føreordet Oppdaterast 10 Korrigert arealoversikt, Oppdaterast
Dokument Side Endra av styringsgruppa etter første Fylkesrådm. framlegg etter andre tabell 1. 16 2 Endra Oppdaterast konsekvensutredning for «Lokaldemokrati og identitet» 17 2 Endra Oppdaterast konsekvensutredning for «Naturmangfald» 20 2 Endra vurdering ift. Oppdaterast miljøretssprinsippa. 21 2 Endra konklusjon Oppdaterast Mål og retningsliner Framsida Oppdaterast 3 Tilføying til delmål B, - definisjon aktiv sætring 6 Korrigert retningsliner - for vegar 7 Korrigert retningsliner - for samferdsel 8 Korrigert retningsliner - for mineralske førekomstar. «Fjellova» føydd til under retningsliner for NVO 8-9 Presisering av retningsliner for BS1 Plankart 10 Tilføying til retningsliner for BS5 Finsetlia Ny BS15 Grødalen med retningsliner BS 15 Grødalen teke ut av planen. Ny BS15 Fjellgardane teke inn i planen. Handlingsprogram Framsida Oppdaterast 7 Nytt tiltak konferanse om bruken av planområdet - BS1 Utvida til ikke verna Grense for BS1 flytta område på Dalsida (i til akse over Aursjøen Lesja kommune) og ved Naustvika. tilliggende områder i Nesset kommune. Tilsvarende redusert nasjonalt villreinområde (NVO1). BO Utvida til vernegrensene på kanten mot hoveddalføret i Lesja kommune. Tilsvarende redusert nasjonalt villreinområde (NVO1). BO mot hoveddalføret i Lesja kommune trekt langs leveområdegrense for villrein slik den er definert i rapport NINA-800. BO Utvida til å omfatte Området ved
Dokument Side Endra av styringsgruppa etter første «Fjellgardane» i Sunndal kommune. Tilsvarende redusert nasjonalt villreinområde (NVO1). BS14 Utvida ca. 1300 m innover Dindalen i Oppdal kommune til å omfatte heile setergrenda. Tilsvarende redusert nasjonalt villreinområde (NVO1). BS15 Ny sone tilsvarende reguleringsplan for hytteområde i Grødalen i Sunndal kommune. Tilsvarende redusert nasjonalt villreinområde (NVO1). Fylkesrådm. framlegg etter andre Fjellgardane teke inn att i NVO. - BS15 Grødalen teke ut av planen. Ny BS15 Fjellgardane lagt inn i planen. Etter at to offentlege ettersyn er gjennomført meiner fylkesrådmannen at det ligg føre eit balansert forslag til Regional plan for Dovrefjellområdet, som sikrar både villreinen sine leveområde på langs sikt, og gir rom for lokal og regional omstilling. Nasjonale villreinområde (NVO) følger i hovudsak rapport NINA-800 sin definisjon av det biologisk funderte leveområdet for villrein. Det er gjort eitt større avvik aust for Savalen i Hedmark, som er vurdert både etter villreinfaglege og samfunnsmessige omsyn. Elles er det gjort mindre tilpassingar der etablert, lokal arealbruk tilseier det. Fylkesrådmannen meiner at buffersonene (BS) som er føreslått i planen medverkar til å førebygge uheldig arealbruk i utsette område. Fylkesrådmannen meiner vidare forslag til regional plan for Dovrefjellområdet er godt samordna med tilgrensande regionale planar for Rondane, Forolhogna og Ottadalsområdet. Fylkesrådmannen legg til grunn at dei store, varige naturinngrepa på Dalsida i Lesja gjer at ein har liten eller ingen effekt av å leggje varige band på arealbruken på Dalsida. Her bør det liggje til rette for å ta omsyn til villreinen gjennom lokale prosessar. Fylkesmannen i Oppland har signalisert innvending mot planen på dette punktet, men fylkesrådmannen meiner det reviderte planforslaget i hovudsak imøtekjem fylkesmannen sine merknader gjennom at dei indre områda på Dalsida og ved Torbuhalsen er lagt ut som nasjonalt villreinområde (NVO). Fylkesrådmannen legg også til grunn at innvendinga som var varsla av Fylkesmannen i Møre og Romsdal er imøtekome slik at planen kan godkjennast.
Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vedtar med heimel i plan- og bygningslova 8-4, 1. ledd Regional plan for Dovrefjellområdet. Ein føreset at følgande vert retta opp i "Mål og retningsliner": kap 2.1. midt på side 5: her står Buffersoner 1-13. Dette skal vere 1-15 kap 2.3 side 9: liste over BS der felles retningslinjer gjeld; BS 15 Fjellgardene manglar og må føyast til. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Ole Helge Haugen fylkesplansjef