Vigrestad skule VIGRESTAD SKULE PLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ 9a-1- Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Retten til eit godt psykososialt miljø gjeld i alle situasjonar når skulen har ansvar for elevane. I undervisning, på turar i skulens regi, på sfo, i friminutta, på leksehjelp og på skulevegen. Retten gjeld og på skulens digitale plattform itslearning. Vigrestad Skule vil at alle som opplever at dei vert utsett for krenkjande ord og handlingar, skal ta kontakt med skulen og be om hjelp.
1- VIKTIGE DEFINISJONAR: (Frå udir sine nettsider) PSYKOSOSIALT MILJØ Dei mellom menneskelege tilhøva på skulen, det sosiale miljøet og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale miljøet handlar også om elevane si oppleving av læringssituasjonen. KRENKJANDE ATFERD Som mobbing, diskriminering, rasisme, vald og utestenging. MOBBING Ein person vert mobba når han eller ho, vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar, gjentekne gonger og over tid. Det er ein ubalanse i makt- og styrkeforholdet, og den som vert utsett for dei negative handlingane, har vanskar med å forsvara seg. Gjenteken erting på ein sårande og ubehageleg måte er og mobbing. DISKRIMINERING Tyder at ein person vert dårlegare behandla eller trakassert, for eksempel på grunn av funksjonsevne, tru, hudfarge eller nasjonal eller etnisk opphav. RASISME Tyder at nokon vert plaga, for eksempel fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk. VALD Tyder at nokon bruker fysisk makt for å skada andre. UTESTENGING Tyder at nokon nærast alltid vert haldt utanfor ei gruppe.
2- FØREBYGGJANDE ARBEID 9a-3, første ledd: «Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleva tryggleik og sosialt tilhør.» Skulen vil auka elevane sin sosiale kompetanse på 1-4.trinn gjennom aktivt å bruka årshjulet vårt, og ha fokus på desse sosiale ferdigheitene. Skulen arbeider systematisk med kvar eigenskap 20 minutt kvar veke. I tillegg vil miljøarbeidarar og lærarar støtta opp om arbeidet i friminutta og i undervisningsøktene elles. Kvar månad har to læringsmål som byggjer på den sosiale ferdigheita. Heimen skal kjenna til dei aktuelle sosiale måla skulen har fokus på, gjennom at dei vert presentert på vekeplan og månadens periodemålark.
Mnd/ veke August 34-35 Septem ber 36-37 38-39 Oktober 40-41 + 43 Novemb er 44-45 46-47 Desemb er 48-49 50-51 Januar 2-3 4-5 Februar 6-7 8-9 Mars 10-11 12-14 April 16-17 18-19 Mai 20-21 22-23 Juni 24-25 Sosial komp/ Delmål Å vera eit medmenneske -Eg seier ja når nokon spør om eg vil ha lag -Eg seier fine ting til andre Å samarbeida -Eg følgjer reglane i spel og leikar -Eg kan løysa ei oppgåve i lag med andre Å hjelpa andre - Eg tilbyr meg å hjelpa nokon som treng det. Å visa respekt -Eg lyttar når andre snakkar -Eg tek vare på eigne og andre sine ting Å visa omsorg -Eg viser at eg bryr meg om andre gjennom det eg seier -Eg viser at bryr meg om andre gjennom det eg gjer Å vera ærleg -Eg held det eg lovar -Eg seier sanninga Å visa tolmod -Eg ventar på tur -Eg kan sitja i ro på plassen Å visa sølvkontroll -Eg er høfleg og svarer andre fint -Eg kan kontrollera sinnet mitt Å ha sjølvtillit -Eg vågar å snakka høgt og tydeleg når andre høyrer på -Eg vågar å prøva nye ting og ha tru på at eg greier det Å ha mot -Eg vågar å stå for det eg meiner -Eg vågar å seia ifrå når noko er urett Å visa empati -Eg ser og forstår korleis andre har det
Skulen har tydelege trivselsreglar for dei ulike areala på skulen. Reglane er kjente og synlege for elevane og personalet. Postadresse: Kontoradresse: Nymannsvegen 2 Nymannsvegen 2 Telefon: 51793600 E-post post.vigrestad.skule@ha.kommune.no Org.nr.: 964 969 590
Skulen arbeider med å ha fokus på tydeleg klasseleiing. Skulen har eit forventningsdokument der det står i samband med forventningar til elevane at vi forventar at ingen plagar eller mobbar andre, og at dei snarleg seier i frå om dei ser dette. Foreldre og elevar skriv under på at dei er kjent med dette dokumentet kvar haust. Dei vaksne har tilsyn i garderobar, og er med på å planleggja friminuttsaktiviteter i lag med elevane på veg ut. Vaktene våre er synlege og bruker refleksvestar. Me har minst ein vaksen ute frå kvart trinn i alle friminutta. Me har organiserte friminuttsaktiviteter i midttimen. Det er nye aktivitetar for kvar månad. Alle elevane har ein elevsamtale med kontaktlæraren sin 20 minutt ein gong i månaden. På denne samtalen er trivsel og psykososialt miljø eit obligatorisk tema. Elevane har individuelle mål på periodemålarket sitt. Desse måla kan vera av sosial art, og henga saman med utfordringar på skulen. 4.klassingane våre går gjennom eit fadderprogram tidleg haust i 4.klasse. Dei vert fadrar for dei nye førsteklassingane våre i etterkant av dette.
3- ADMINISTRATIVT ARBEID FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ: Månad: Innhald: Ansvar: AUGUST SEPTEMBER OKTOBER PLANDAG: Presentera plan for det psykososiale miljøet og rutinar for å melda saker. For heile personalet. FORELDREMØTE: Presentere plan for det psykososiale miljøet og rutinar for å melda saker. SMU/FAU/SU: Læringsmiljø/Skulemiljø er opp som sak. NOVEMBER MARS APRIL Spørjeskjema om mobbing for elevane i 3-4.klasse. Utviklingssamtale. Trivsel er eit obligatorisk samtale tema. SMU/FAU/SU: Læringsmiljø/Skulemiljø er opp som sak. Spørjeskjema om mobbing for elevane i 3-4.klasse. Kontaktlærar Kontaktlærar Kontaktlærar MAI Utviklingssamtale. Trivsel er eit obligatorisk tema. Kontaktlærar
4- PERSONALET SITT ANSVAR FOR Å AVDEKKA KRENKJANDE ATFERD 9a, andre ledd: «Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn» Dette inneber at alle tilsette på skulen har ei handlingsplikt til å gjera undersøkingar, varsla rektor/bruka varslingsskjema og gripa inn i situasjonar. Rutiner/oppfølging når personalet observerer krenkande atferd: Oppgåve Ansvar Dokumentasjon Observera og gripa inn. Blir sett i gang straks for å stoppa den krenkjande handlinga. Alle Varslingsskjema (I «skjemahylla» på kontoret) Samtalar med eleven som opplever seg /Kontaktlærar Referat krenkja. For å skaffa informasjon og gje støtte. Elevens subjektive oppleving skal koma fram. Samtalar med elevar som krenkjer. /Kontaktlærar Referat Er det fleire som plagar, skal ein snakka med ein og ein om gongen. Elevane skal få beskjed om at åtferda skal stoppa straks. Vidare skal det gjerast nye avtalar om oppfylging. Samtalar med føresette til den som kjenner /Kontaktlærar Referat seg krenkja. Gje informasjon og informera om tiltak. Bestemma tidspunkt for evaluering av tiltaka. Samtale med føresette til krenker /kontaktlærar Referat Skulen har ansvaret for å leggja til rett for eit godt samarbeid når det gjeld tiltak som skal gjerast. si vurdering etter innhenting av fakta Rapport eller enkeltvedtak
Dersom enkeltvedtak fattast: fattar enkeltvedtak raskast mogleg om eleven sin rett ikkje er i vareteken. Grunngjeving for vedtaket. Tidspunkt for igangsetjing. Kva tiltak som vert set i gang. Oppfølging og evaluering av tiltak. Kven som har ansvar for tiltaka. Tidspunkt for evaluering. Informasjon om klagerett. Enkeltvedtak Igangsetjing av tiltak /Kontaktlærar Referat Evaluering av tiltak: Tiltaka skal evaluerast etter avtalt periode. Enkeltvedtak må fattast dersom elev eller føresette ikkje er nøgde med det psykososiale miljøet etter evalueringa. Oppfølging Problemstillingane skal følgjast, heilt til dei er slutta av. Dersom det ikkje opphøyrer, skal andre eksterne partar inn i saka. Eks. PPT / Kontaktlærar Referat/ (nytt) enkeltvedtak Referat NAUDRETTEN Naudrett er definert som rett til å gjera ei elles ulovleg handling for å redda menneske eller verdiar frå ein fare for skade som elles ikkje kunne bli hindra på rimeleg måte. 18 og 19 om naudrett og naudverje gjer ei opning for at skulen sitt personalet kan bruka fysisk makt til å stoppa elevar som sloss, hindra at eleven skader seg sjølv eller andre, eller skulen sin eigedom, og til å verja seg mot elevar som opptrer truande eller valdeleg. Handlingsplikta til personalet kan derfor innebera å bruke tvang eller makt. Ein føresetnad for bruk av naudretten eller nødverje i skulen, er at ein ikkje går lenger i bruken av tvang og makt enn det som er naudsynt for å hindra den situasjonen som er oppstått. Straffelova gjer ikkje heimel for planlagde tiltak med føremål om å endra åtferda. Når eit slikt tiltak vert sett i verk, skal ein straks melda frå til rektor og til foreldre/føresette.
KJENNETIKN PÅ EIN ELEV SOM OPPLEVER KRENKJANDE ATFERD Vert ofte erta, hånt, kalla, audmjuka og undertrykt Vert hakka på og gitt ordrar. Vert skubba, slått eller sparka utan godt forsvar Verker redd, trist og usikker og tar lett til tårene. Er taus og inneslutta, og tek ikkje ordet i timane. Er ofte åleine og vert utestengt i forhold til medelevar. Vert sist valt ved utveljingar Motivasjonen daler og skulearbeidet vert dårlegare.
5- FORELDRE ELLER BORN MELDER EI SAK 9a, tredje ledd: «Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Dersom ein føresett eller ein elev kjem med ei munnleg eller skriftleg melding om forhold knytt til det psykososiale miljøet, skal det fattast enkeltvedtak. Rutiner/oppfølging når barn/føresette oppdagar/melder krenkjande åtferd: Oppgåve Ansvar Dokumentasjon Undersøkingar og observasjon Blir sett i gang straks /Kontaktlærar Varslingsskjema Samtalar med eleven som opplever seg /Kontaktlærar Referat krenkja. For å skaffa informasjon og gje støtte. Elevens subjektive oppleving skal koma fram. Samtalar med elevar som krenkjer /Kontaktlærar Referat Er det fleire som plagar, skal ein snakka med ein og ein om gongen. Elevane skal få beskjed om at atferden skal stoppe umiddelbart. Vidare skal det gjerast avtalar om oppfylging. Samtalar med føresette til den som kjenner /Kontaktlærar Referat seg krenkja. Gje informasjon om saka, om rettane etter kapitel 9a og informera om tiltak. Bestemma tidspunkt for evaluering av tiltaka. Samtale med føresette til krenker Skulen har ansvaret for å leggja til rett for eit godt samarbeid når det gjeld tiltak som skal gjerast. /kontaktlærar Referat
Enkelvedtak: fattar enkeltvedtak raskast mogleg. Enkeltvedtak Grunngjeving for vedtaket. Tidspunkt for igangsetjing. Kva tiltak som vert set i gang. Oppfølging og evaluering av tiltak. Kven som har ansvar for tiltaka. Tidspunkt for evaluering. Informasjon om klagerett. Igangsetjing av tiltak /Kontaktlærar Referat Evaluering av enkeltvedtak: Når tiltaka vert evaluerte, vert og behovet for nytt enkeltvedtak vurdert. Referat/ nytt enkeltvedtak Oppfølging Problemstillingane skal følgjast, heilt til dei er slutta av. Dersom det ikkje opphøyrer, skal andre eksterne partar inn i saka. Eks. PPT / Kontaktlærar Referat Plan for eit godt psykososialt miljø og rutinar for å melda mobbesaker, ligg ute på skulen si heimeside og på alle elevane sitt område på itslearning. EKSEMPEL PÅ TILTAK: - Redusert frileik i friminutta, avgrensingar i forhold til område og tettleik av vaksen - Faste samtalar med eleven - Faste samtalar/ møter med mobbar/den som kjenner seg mobba og føresette - Sanksjonar/ premiering - Skriftlege avtalar - Fast/tett kontakt med heimen - Organisert leik/leikegrupper - Diskusjon i sospedteam - Iverksetjing av sosiale utviklingsprogram i grupper.
6- KLAGERETT PÅ ENKELTVEDTAK Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast i.h.t. Forvaltningslova 2. Vedtaket kan påklagast, med ein klagefrist på tre veker rekna frå tidspunktet føresette/eleven har teke imot brevet ihht. 28 og 29. Ei eventuell klage bør vera skriftleg og grunngjeven. Om ikkje kommunen tek klagen heilt eller delvis til følgje, vil klagen verta sendt Fylkesmannen i Rogaland. Dersom klagen vert teken delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny klagefrist verta sendt dykk. Fylkesmannen si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast. Føresette/eleven har, med visse unntak, høve til å sjå dokumenta i saka, jf. Fvl. 18 og 19