HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland Fylkesrådmannen viser til vedtak i Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011, sak 34/11, der utvalet sluttar seg til Fylkesrådmannens framlegg til satsing på innføring av kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland. Fylkesrådmannen viser også til bakgrunnen for saka og til oversikt over tiltak som er sett i verk, samt planar for vegen vidare. Kina si rolle på verdsbasis både politisk og økonomisk er blitt og er venta å bli endå meir sentral i åra som kjem. Kina har dei siste åra sigla opp som ein stadig viktigare handelspartnar for Noreg. Vestlandet, og særleg Hordaland, har ei rekkje viktige verksemder med sterke band til Kina, og Regjeringa oppmodar til auka satsing på kinesisk språk og kultur på skular og universitet. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Hordaland fylkeskommune ønskjer å spela ein sentral rolle i arbeidet med å utvikla nasjonale læreplanar og eksamen i kinesisk på vidaregåande skule nivå. 2. Hordaland fylkeskommune vil bidra til å utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfucius Institutt og andre aktuelle fagmiljø. 3. I samarbeid med Bergen kommune vil Hordaland fylkeskommune setja i gang arbeid med å utvikla ein gjennomgåande læreplan og ei læremiddelpakke for kinesisk på nivå 1 i grunnskulen og vidaregåande skule og nivå 2 i vidaregåande skule. Det vert sett i gang eit prosjekt for å få gjennomført dette arbeidet. Tiltaket er dekt innanfor budsjettet til opplæringssektoren. 4. Hordaland fylkeskommune vil gje følgjande faste opplæringstilbod i kinesisk frå skuleåret 2013-2014: a) For elevar med kinesisk frå grunnskulen: Opplæring på nivå 2 (4+4+0) ved Bergen Handelsgymnasium og Sandsli vidaregåande skule. (Nytt tilbod).
b) For elevar som byter framandspråk ved overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande skulen: Opplæring på nivå 1 (4+4+0) ved Bjørgvin vgs. (Framhald av eksisterande tilbod). c) For elevar som ikkje har hatt framandspråk i grunnskulen: Opplæring på nivå 1 og 2 (4+4+4) ved Bjørgvin vgs. (Framhald av eksisterande tilbod). d) Programfaget kinesisk (0+5+5) ved Bergen Handelsgymnasium. (Framhald av eksisterande tilbod). Paul Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 18.10.2012: A. Bakgrunn for saka 1. Grunngjeving for å satsa på kinesisk språk i vidaregåande skule Kina si rolle på verdsbasis både politisk og økonomisk er blitt og er venta å bli endå meir sentral i åra som kjem. Kina har dei siste åra sigla opp som ein stadig viktigare handelspartnar for Noreg. Vestlandet, og særleg Hordaland, har ei rekkje viktige verksemder med sterke band til Kina. Dette er bakgrunnen for at Regjeringa oppmodar til auka satsing på kinesisk språk og kultur på skular og universitet. Eit uttrykk for kor stor vekt norske styresmakter legg på kontakten med Kina, er at Regjeringa har utarbeidd ein eigen Kina-strategi: (http://www.regjeringen.no/upload/ud/vedlegg/kinastrategi_opplag_to.pdf). Her står det bl.a.: Utviklingen i Kina, landets endrede rolle i verdenssamfunnet, og den østasiatiske regionens økende betydning, økonomisk og geopolitisk, stiller Norge overfor muligheter og utfordringer. Regjeringen har derfor utarbeidet en strategi som klargjør målsettinger og prioriteringer i Norges forhold til Kina. 2. Politiske vedtak På møtet 23.08.2011 slutta Opplærings- og helseutvalet seg til Fylkesrådmannens framlegg til satsing på innføring av kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland: tiltak på og For å fremja utviklinga av kinesisk som framandspråk i vidaregåande skole er følgjande aktuelle: 1. Etablering og profilering av kinesisk språk som fellesfag og programfag som fast tilbod Bergen Handelsgymnasium og minst ein annan skule i fylket. 2. Sikra fagleg stabilitet gjennom tilsetjing av kvalifiserte lærekrefter. 3. Leggja til rette for kinesisk som gjennomgåande framandspråk i samarbeid med aktuelle kommunar i fylket. 4. Utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfutse institutt evt. andre aktuelle fagmiljø 5. Fylkeskommunen tilbyr seg å ta nasjonalt ansvar for læreplanutvikling og eksamen. B. Dette er gjort 1. Etablering og profilering av kinesisk språk som fellesfag og programfag som fast tilbod på Bergen Handelsgymnasium og minst ein annan skule i fylket. Bergen Handelsgymnasium (BHG) har tilbydd programfaget kinesisk (0 +5 +5) på utdanningsprogram for studiespesialisering dei siste 4 skuleåra. Rekrutteringa har variert frå 5 til 20 elevar frå Tanks vgs., Bergen Katedralskole og BHG, og elevtalet er aukande. I inneverande skuleår er det 31 elevar som tar kinesisk ved BHG 21 på Vg2 og 10 på Vg3. Hausten 2012 vart det starta opp tilbod i kinesisk på nivå 1 ved Bjørgvin vgs. Dette er eit tilbod til dei elevane som ikkje har hatt framandspråk i grunnskulen og dei elevane som byter framandspråk ved overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. I skuleåret 2012 2013 tel denne gruppa 27 elevar. Bjørgvin vgs. tar sikte på å gje dette tilbodet også dei komande skuleåra. 3
Elevar og tilsette ved BHG har ved to høve vore på to-vekers reiser i Kina; også enkeltelevar ved BHG har fått fullfinansiert turar til Kina ved tre ulike høve for å demonstrera dei kinesiske språkkunnskapane sine på tilstellingar i regi av Konfucius-institutta. Kinesisk-elevane ved BHG deltek også ofte på ulike sosiale tilstellingar i regi av Bergen Konfucius Institutt (BKI). 2. Sikra fagleg stabilitet gjennom tilsetjing av kvalifiserte lærekrefter. Lærar i programfaget kinesisk ved BHG er Haifeng Sun, som har spesialutdanning i læreplanutvikling og i å undervisa i kinesisk for utlendingar. Han har også utdanning frå Universitetet i Oslo, og snakkar flytande norsk. Haifeng Sun er no tilsett i full stilling i HFK, og han har også ansvaret for undervisninga i kinesisk ved Bjørgvin vgs. Det er heilt avgjerande for faget at det er tilgang på norsktalande lærarar som er kvalifiserte til å undervisa i kinesisk. Her er faget avhengig av at Universitetet i Bergen (UiB) og/eller Høgskulen i Bergen (HiB) realiserer planane sine om å oppretta lærarutdanningsprogram i kinesisk. 3. Leggja til rette for kinesisk som gjennomgåande framandspråk i samarbeid med aktuelle kommunar i fylket. Bergen kommune (BK) gir no grunnopplæring i kinesisk ved 4 skular på ungdomstrinnet (Skranevatnet, Rå, Ytrebygda, Gimle) og ved 3 skular på barnetrinnet (Skranevatnet, Hjellestad, Skjold). På 4 ulike årstrinn er det no om lag 215 elevar som får opplæring i kinesisk i grunnskulen i BK. Det vert ikkje gitt opplæring i kinesisk i andre kommunar i Hordaland, og BK har ikkje planar om å starta opplæring i kinesisk ved andre skular enn dei som alt har dette tilbodet. Det første kullet med elevar med kinesisk på nivå 2 frå grunnskulen vil søkja seg til vidaregåande opplæring i HFK frå hausten 2013. Det dreiar seg om 29 elevar med god motivasjon for å halda fram med faget i vidaregåande skule. Kvart av dei følgjande skuleåra vil truleg 30-40 elevar med kinesisk frå grunnskulen i BK søkja seg til vidaregåande utdanning. Fylkesrådmannen understrekar at elevar med kinesisk språk må konkurrera om plass på desse vidaregåande skulane på lik linje med andre elevar; kinesisk gir ikkje elevar med kinesisk frå grunnskulen fortrinnsrett til plass på bestemte vidaregåande skular. 4. Utvikla og sikra høg fagleg standard gjennom samarbeid med Bergen Konfutse institutt og evt. andre aktuelle fagmiljø Ei gruppe, der m.a. Haifeng Sun og Maria Sanchez Olsen er medlemmer, har utarbeidd ein lokal læreplan og ei komplett læremiddelpakke for programfaget kinesisk (0+5+5). Dette arbeidet er gjort særs grundig, og dei har fått mykje ros for kvaliteten på både læreplanen og læremiddelpakka. Saman dannar desse eit framifrå grunnlag for vidare utvikling av undervisninga i kinesisk. BKI har også stilt betydelege ressursar til rådvelde i samband med etableringa og drifta av opplæringa i kinesisk ved BHG. Eit prov på at arbeidet med læreplanen og læremiddelpakken vert lagt merke til internasjonalt er at The International Society for Chinese Language Teaching på møtet sitt 16.08.2012 framheva arbeidet som BKI driv med opplæring i kinesisk språk - og plasserte dei i sin øverste divisjon. The International Society for Chinese Language Teaching er basert i Hanban, Kina og består av 4218 medlemsforeiningar i 67 land. 5. Fylkeskommunen tilbyr seg å ta nasjonalt ansvar for læreplanutvikling og eksamen Samanlikna med andre fylke er Hordaland i ein gunstig posisjon når det gjeld å få til ei langsiktig satsing på kinesisk språk i den vidaregåande skulen: Både HiB og UiB har konkrete planar å satsa på kinesisk, og BKI er solid etablert i Bergen. BKI har stilt betydelege ressursar til rådvelde i samband med etableringa og drifta av opplæringa i kinesisk ved BHG. BKI er det einaste instituttet av sitt slag i 4
landet og vil etter utsegner frå kinesisk hald bli det einaste også i framtida. Med dette som utgangspunkt ligg alt til rette for at Hordaland fylkeskommune kan ta ei førande rolle på landsbasis i innføringa av kinesisk språk i den vidaregåande skulen. C. Vegen vidare 1. HFKs vidare planar om opplæringstilbod i kinesisk Elevane med kinesisk frå grunnskulen vil ha krav på opplæring i kinesisk som på nivå 2 i den vidaregåande skulen. I tillegg kjem dei elevane som ønskjer å byta frå eit anna framandspråk til kinesisk på nivå 1, og dei elevane som ønskjer programfaget kinesisk. HFK legg opp til å ha følgjande tilbod til desse elevane: a. Ved BHG Vidaregåande opplæring i kinesisk som framandspråk på nivå 2 (4+4+0). Dette tilbodet vil starta opp hausten 2013, og det vil koma i tillegg til programfaget kinesisk (0+5+5) som BHG alt gir. I skuleåret 2012 2013 er det 21 elevar i programfaget kinesisk på Vg2 og 10 elevar på Vg3. b. Ved Sandsli vgs. Vidaregåande opplæring i kinesisk som framandspråk på nivå 2 (4+4+0); oppstart hausten 2013. Alle elevane med kinesisk frå grunnskulen kjem frå Ytrebygda bydel i Bergen, og erfaringsmessig søkjer mange av dei seg til Sandsli vgs. Skulen har også eit sterkt ønskje om å gje dette opplæringstilbodet. c. Ved Bjørgvin vgs. Hausten 2012 vart det starta opp tilbod i kinesisk på nivå 1 (4+4+0 og 4+4+4), og skulen ønskjer å vidareføra dette tilbodet. 2. Utvikling og kvalitetssikring av opplæringa i kinesisk Sjølv om det ved BHG alt er utvikla ein lokal læreplan og ei læremiddelpakke for faget, må det understrekast at dette materiellet er tilpassa programfaget i vidaregåande skule. Sjølv om mange element også kan nyttast i læreplanane og undervisningsmateriellet både i grunnskulen og vidaregåande skule, så skal planane tilpassast det aktuelle nivået, og dei skal lagast og materiellet skal utviklast og produserast. I tillegg kjem det didaktiske elementet: Kva skal vera standarden for opplæringa i kinesisk, og korleis skal ein undervisa i dette faget? Og korleis sikrar ein god samanheng mellom opplæringa i grunnskulen og den vidaregåande skulen? Det står såleis att ein god del arbeid i samband med utviklinga av faget kinesisk både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. HFK ønskjer å vidareføra det arbeidet som alt er gjort ved BHG. Fylkesrådmannen vil i 2012-2013 løyva 0,5 mill. kroner til dette føremålet og føreset at BK bidrar tilsvarande. 3. Rekruttering av kvalifiserte lærarkrefter Det er ei utfordring å skaffa norsktalande lærarar som er kvalifiserte til å undervisa i kinesisk. Ved både UiB og HiB er det planar om å oppretta lærarutdanningsprogram i kinesisk, noko som vil avhjelpa behovet på noko sikt. 5