Filosofi, religion og etikk



Like dokumenter
Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

Progresjonsplan: 3.5 Etikk, religion og filosofi

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsplan for Hare November

ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI


Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Informasjon til elevane

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsbrev for ROSA mars 2015

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Stedje barnehage særleg formål. Eit utviklingsarbeid barnehageåret 2011/12

Om å høyre meir enn dei fleste

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

BARNEHAGE/SKULE - KYRKJA I FUSA

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jon Fosse. For seint. Libretto

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Metodiske verktøy ved kursleiing

Informasjonshefte Tuv barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

HANDBOK GRUPPELEIING

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Refleksjon og skriving

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Hei alle sjøstjerneforeldre

Plassebakken Barnehage

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Velkomen til Mork barnehage

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Bærekraftig utvikling

Førskulegruppe

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda


Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag FSK

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Årsplan i KRLE 1. klasse 2015/2016

Plassebakken Barnehage

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

8 tema for godt samspel

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Transkript:

Filosofi, religion og etikk

INNLEIING Kvar kommune i Sogn har fått ansvar for å lage eit opplegg/plan for korleis arbeide med fagområda i rammeplanen. Vi i Luster kommune har jobba med fagområdet: Etikk, religion og filosofi. Målet er at vi i Luster kommune skal vere ein ressurskommune på dette fagområdet. Prosjektgruppa består av: Randi Kvamme, Indre Hafslo bhg. Gunn Jorunn Hesjevoll, Gaupne bhg. Liv Anny Bjørk Kjærvik, Gaupne bhg.

Kva seier rammeplanen? Barnehagen skal reflektere og respektere mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som han skal ta med seg verdiar frå kristen og humanistisk arv og tradisjon. Den etiske rettleiinga barnehagen gir barna, må ta omsyn til føresetnadene til det enkelte barnet og den kulturelle og religiøse eller verdimessige tilknytninga til den enkelte heimen. Etikk,religion og filosofi er med på å forme måten vi oppfattar verda og menneska på, og pregar verdiar og haldningar.

Filosofi -kven? -kva? -korleis? -ettertanke -trusspørsmål -undring -her og no! -humor -er det sant? -stille spørsmål -deltakande vaksne -leggje til rette for at me kan undre oss -gode samtalar -tid -opplevinga i forkant -Reggio Emilia -refleksjon -toleranse -interesse

Religion -forkynning -tru -ikkje tru -likeverd -mangfoldig samfunn -tradisjonar -respekt -Gud -innsikt -toleranse -kunnskap -humor -fleirkulturelle samfunn -åndsfridom -tilgjeving -nestekjærleik -solidaritet

Etikk -likt og ulikt - den gylne regel gjere mot andre det du vil at dei skal gjere mot deg -danning -å lyge/ ikkje lyge -verdiar -rett og gale -vaksenrolla -empati -medkjensle -rettferd -venner -humor -konfliktløysing -menneskesyn/barnesyn -steg for steg -sosial kompetanse

Etikk Definisjon: Etikk eller morallære seier noko om kva som er rett eller galt og set normer og prinsipp for rett handling. Jmf. Kvasir KORLEIS JOBBAR VI MED ETIKK I BARNEHAGEN? Ut frå referata som vi fekk inn etter nettverksmøta kom det fram at barnehagane jobbar med dette temaet kvar dag og i alle rutinesituasjonane. I barnehagen skal vi vere bevisste på korleis vi skal vere med kvarandre og det går på vanleg folkeskikk. Etikk må vi jobbe med heile tida.

I rammeplan står det at vi skal tilegne ungane grunnleggande samfunnsnormer og verdiar. Korleis møter ein ungane om morgonen. God morgon seier vi, og vi seier takk for i dag når ungane reiser heim. Vi ynskjer at alle ungane skal bli sett og høyrt i løpet av ein dag og vi er opptekne av at alle skal vere ein del av barnegruppa. Ungane skal lære korleis vi er med kvarandre. Vi aksepterer ikkje at nokon slår eller skubbar andre ungar vekk frå leiken. Frå tidleg alder lærer ungane å dele på leiker og å vise omsorg for kvarandre. Og å hjelpe kvarandre på den måten dei klarer.

Dei minste ungane lærer og tidleg kva retningslinjer som gjeld når vi har samlingsstund, måltid, sove/kvilestund, garderobesituasjon. Vi skal vente på tur, snakke ein i gongen, hjelpe kvarandre, lytte, ikkje rope inne osv. Når det gjeld dei store ungane følgjer dei same reglane og normene. Men ein stiller litt andre krav til dei fordi dei no er større og har eit meir utvikla språk. Og det blir litt andre utfordringar. Det som blir ulikt, er at no kan ein samtale med ungane om reglar i barnehagen og om korleis vi skal vere med kvarandre. Ungane kan få tenke litt sjølve. Korleis vil vi ha det i barnehagen, og kvifor det? Korleis vil vi ha det når vi har samlingsstund eller når vi skal ete maten vår osv.? Har vi eit problem tek vi tak i det med ein gang. Barnehagane jobbar mykje med at rutinesituasjonane skal fungere bra, slik at ein får ro og tid til å vere der for ungane. Derfor er det viktig at ungane klarer å innrette seg etter dei verdiar og normer som er i barnehagen. Når ungane får vere med å seie noko om kva reglar ein bør ha i ulike situasjonar, er dei lettare å halde.

I rammeplan står det at vi skal hjelpe barn i konfliktsituasjonar til å finne konstruktive løysingar, vere bevisste på at personalet er førebilete, og opptre slik at barna kan få støtte i sin eigen identitet og respekt for kvarandre. Her kom det fram frå referatet at det er viktig med vaksne som jobbar bevisst med sine haldningar, og at vi skal vere førebilete for ungane. Vaksne sine holdningar og handlingar i kvardagen betyr mykje for barna si oppleving av seg sjølv og av andre menneske. Her er det viktig at dei vaksne er tilstades heile tida. Den vaksne må vise ungane ulike løysingar på konfliktar og forklare sjølv om mange av dei ikkje har språk. Dei vaksne skal vere opptekne av rett og gale og handla når det oppstår ein konflikt. Det er viktig at dei vaksne får med seg kva som har skjedd før, slik at dei kan handle ut frå situasjonen.

I Luster kommune har barnehagane jobba med Steg for steg som er eit opplegg som har til hensikt å auke barna sin sosiale kompetanse gjennom å øve på ferdighetar som empati, problemløysing og meistring av sinne. For dei minste går dette mest ut på å kjenne igjen kjensler hjå andre og seg sjølv. Som det å vere glad, sint,lei meg, redd, overraska. Dei største ungane lærer i tillegg ein problemløysingsmetode der ein spør kva er problemet? Kva kan eg(barnet) gjere? Og her er det kanskje fleire løysingar på problemet. Når ein har funne ei løysing er det viktig å spørje kan det skade nokon? Kva vil den andre føle? Vil det hjelpe? Er det rettferdig? Her trengs det vaksne som er bevisste og kan hjelpe ungane i å komme fram til ei løysing. Og etter kvart vil ungane ta i bruk metoden sjølv og bli meir reflekterte. Det er og ein metode for meistring av sinne, som den vaksne må vere seg bevisst på å bruke når ein konflikt oppstår. Det er ikkje alltid like enkelt i her og no situasjonar.

For at ungane skal ha respekt for kvarandre er det viktig at dei vaksne er bevisste på at alle får vere med i leiken og vere ein del av barnegruppa. Nokon ungar er populære andre er mindre populære. Og dette må dei vaksne sjå og handle bevisst ut i frå. Det vil seie at vi skal sjå alle og at vi skal respektere at ungane er ulike. I alle situasjonar må personalet ha samspel med alle. Og det er viktig at alle blir sett og høyrt. For at ungane skal ha respekt for kvarandre, er det viktig at alle ungane føler at dei er ein del av barnegruppa. Ein må vere på vakt om ein unge er mykje aleine, eller trekker seg vekk frå andre i leiken. Kvifor vel han å vere åleine? På same tid må og ungar få velje å vere aleine i løpet av dagen. Det kan alle trenge. Her blir det ei vurdering om det er grunn til bekymring eller ikkje. Ein må og vere bevisst på ungar som ofte kjem opp i konfliktar. Kva er det som gjer det? Korleis kan vi tilretteleggje for å endre på det? Ein kan snakke med barnet, organsiere leikegrupper, sjå på korleis rutinesituasjonar fungerer m.m

I rammeplanen står det at personalet må skape interesse for og bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på. Ein del barnehagar har ulike kulturar representert i barnehagen. Og det er viktig at barnehagen gir informasjon om praktiske ting til foreldra. Kva treng barnet ha med seg av kle, frukost, bleier osv. Det kan vere utfordrande med kommunikasjon dersom foreldra ikkje snakkar norsk og kan lite engelsk. Det er ein del slike praktiske ting som må på plass i starten. Men det er viktig at ungane og foreldra får positive og gode opplevingar av den nye barnehagen som dei skal begynne i.

I barnehagen må ein på førehand snakke med ungane om dei nye som kjem. Seie noko om kvar dei kjem frå, at dei snakkar eit anna språk, kanskje dei ser litt annleis ut enn oss, er dei vant å ete slik mat som vi? Det er lettare å tolerere at vi er forskjellige når vi snakkar om det. Etter kvart vil ein snakke med foreldra om det er noko i kulturen og tradisjonen deira som vi skal ta hensyn til eller markere i barnehagen. For at ungane og foreldra skal føle seg inkludert, er det viktig å vite litt om kva tradisjonar dei har. På same måte vil vi lære dei ein del av vår kultur og tradisjon.

Religion Kva er religion? Vi kan ikkje definere ordet med gudstru, for det er mange religionar som ikkje trur på ein Gud. Religion er svaret på spørsmålet : -Korleis leve eit sant og godt liv? Religionen skapar meining og identitet for det enkelte menneske, gjennom å gje svar på kva som er meininga med livet, kvifor vi er til, og kva som skjer etter døden. Vi høyrer i barnehage og skule at vi skal formidle og ikkje forkynne.

Det er lovstridig å forkynne ein religion i skule og barnehage. Derfor har vi i dag fått faget RLE religion, livssyn og etikk- i staden for faget kristendom i skulen. Kva er eigentleg forskjellen på forkynning og formidling? Om vi forkynner påtvingar vi ungane religiøs tru. Dei skal få lov til å avgjere religiøse spørsmål på sin måte. Det er lov å markere. Vi kan markere jula. Vi kan fortelje om Jesus.

Men det er viktig kva måte vi fortel det på. Vi må få fram at dette er eit døme på ein religion eit eksempel. Nokon trur at...

Dei fleste av oss kjenner nok kristendommen best. Det er den vi byggjer dei fleste religiøse tradisjonane på i barnehagen. Kristendommen er ikkje alltid so synleg. Det visar ikkje utanpå. Det set oppi hovudet, skjult. Andre religionar derimot, er ofte religionen noko dei gjere. Noko fysisk, rituale. Ofte eit sosialt felleskap spesiell klesdrakt, dans. Mat dei ikkje har lov å ete osv. Vi må ha respekt for at religionane er ulike.

Vi skal ikkje gjere alle kristne, men ha respekt for mangfoldet. Vi må late ungane få kjennskap til tradisjonar som er knytta til høgtider i religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa Vi kan sei at der Ali kjem frå, feirar dei ramadan. Fortelje litt om det, og kvifor dei gjer det. Det er viktig med eit godt samarbeid og dialog med foreldra.

Det er lov å diskutere filosofiske og religiøse spørsmål med ungane. Dersom dei spør deg kva du trur på, har du lov til å svare. Men på same tid er det viktig at vi syner respekt for det andre trur på.

Informasjon er viktig. Til jul og påske er vi ofte på kyrkjebesøk. Dette er forkynning, men for mange er det og tradisjon. Før slike besøk må vi informere foreldra, og dei må få høve til å velje eit anna tilbud i barnehagen. Ei anna problemstilling er bordvers. Det er mange fine bordvers, og nokon er religiøse. Då er det fint å ha fleire songar å velje mellom, slik som: Ormen den lange, gutter og jenter og du som mettar

Vi skal formidle ikkje forkynne, men vi skal ivareta norsk tradisjon. Barnehagen er ikkje ein politisk arena. Kan vi då synge kva sangar vi vil, berre vi syng variert? Kva er tradisjon? Og kan vi dekke oss bak tradisjonen?

Filosofi Når det gjeld filosofi, er det viktig å ha tid til undring og refleksjonar. Vi må gjerne spørje borna: Kva meiner de om dette? Kva trur du? Filosofien blir delt opp i 3 punkt: 1: Kva finst? Er det noko som er større? Krefter og energiar. Døme: Finst fargen kvit? Å vera snill, finst det? Kvar finst talet to? Kvar finst talet ti? Kvar bur han? Å reise i tid, kva er tid? Kva er rom? Kva ligg i orda som vi har rundt oss? Kva er blå? Kva er mot, visdom, å vera snill, å vera i lag? Vi kan godt tulle litt med ord. Stille spørsmål ved orda våre.

2: Kva er ei god handling? Her kjem etikken inn. Reglar. Kva er ein regel? Rett og gale. Kva betyr nei? Vi kan undre oss over ulike sanningar: Kva er å vera snill, å setje grenser? Teorien vår om skikk og bruk, kvardagen vår, med t.d. ulike kulturar og haldningar. Ta oss tid og rom til å reflekte over haldningane våre. Vi må vera både strenge og snille. Konsekvensar. Du gjer noko gale, kven får vondt?

Korleis er vi strenge? Haldningar, magekjensla vår. Korleis er vi i oss sjølve? Konfliktsituasjonar, vi skal hjelpe borna å finne konstruktive løysingar, dette treng ei etisk modning. Her jobbar me bl.a. med Steg for steg i Luster, me veit at vi vaksne er viktige førebilete, vi må vera bevisste i våre ord og våre gjerningar. Det er ikkje alltid vi eig handlinga, kjensla vår, den ligg i magen. Så kva bør/skal/må vi? T.d. vaske golvet i dag eller i morgo? Når vi er med borna, må vi ofte handle raskt. Då er det greitt at vi er drilla på gode løysingar, håndterer episodar på ein god måte. Vi må tenkje over korleis vi reagerer.

3: Estetikk. Kva er det som er fint? Kvifor syns du at jentene er fine? Kvifor syns du at gutane er fine? Eit triks overfor born og unge er å ikkje vite i det heile. Kunsten å halde det heile i gang. Vi kan spørje kva dei meiner.

Praksisforteljing Bilete Ved lunsjbordet: Ein unge set og ser på ein vaksen. Har du ikkje nokon jobb du då? Kva du meinar? Jo du er jo her

Reggio Emilia har eit barnesyn som meiner vi skal ta oss god tid til undring, og spørje kva dei meiner. Vi må nytte oss av her-og-no situasjonen, setje barnet i sentrum. Det ein høyrer, gløymer ein. Det ein ser, hugsar ein. Det ein gjer, forstår ein.

Vi er gode på å gripa fatt i det som skjer her-og-no, dette gjeld og filosofien. I nettverksgruppe i Luster svarar personalet: Vi jobbar med filosofiske spørsmål og undrar oss oftast i tilknytning til naturen, t.d. kva skjer i maurtua? Vi føler vi er flinke på spørsmål som vi kan leita oss fram til eit svar, vi møter borna her-og-no. Vi treng ro og tid til undring og stillheit. Det er best med små grupper, og gjerne tenna lys. Øva oss på å stille gode spørsmål. Vi meiner etikk, religion og filosofi kan gå i eitt, og det meiner vi fagområda gjer ellers og. I t.d. Juleevangeliet går norsken inn i forteljinga, mattematikken går inn i storleik på krybbe, avstandar frå ein by til ein annan osv. Gode barnebøker og forfattarar: Tor Åge Bringsværd. Gunilla Bergstrøm: Albert Åberg. Anette Tison og Taulus Taylor: Barbapappa på arbeid. Kjelde: Høgskulelektor Arvid Elvekrok.

MÅLET VÅRT Ein barnehage med leikande vaksne. Vaksne som borna mine spring i armane på, vaksne som gir borna mine fabulerande og fantasifulle opplevingar, vaksne som ser og stimulerar borna mine i forhold til det dei er opptekne av, vaksne som er trygge og omsorgsfulle. Vaksne som gjer barnehagen til ein god stad å vere.