3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst Møtedato: 09.02.2010 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 17.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 01.02.2010 Håvard Kaasa leiar Sakliste Sak nr. Saktittel 001/10 GODKJENNING AV MØTEBOK 002/10 REFERATSAKER 003/10 DELEGASJONSSAK 004/10 SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT - 17. MAI I HJARTDAL 005/10 SØKNAD OM ØKONOMISK SØTTE TIL TURNE PROSJEKT V/SUND FOLKEHØGSKOLE 006/10 UNDERSKOTSGARANTI - INGEBJØRG HARMAN BRATLAND & BYGDEBRIS
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 001/10 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 10/107 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka blir godkjent slik ho ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 002/10 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 10/106 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel 1 10/555 I 31.01.2010 Ungfolk RAPPORT UNGFOLK 2009 2 10/535 U 01.02.2010 Hjartdal Frivillligsentral HJARTDAL TURIST OG BYGDESENTRAL - SØKNAD OM LØNSTILSKOT TIL BIBLIOTEKAR 3 10/534 U 01.02.2010 Hjartdal Røde Kors TILSKOT TIL HJARTDAL RØDE KORS 2010 RÅDMANNEN TILRÅR: Referatsakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 003/10 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 10/105 DELEGASJONSSAK FKOO-001/10 09.02.2010: UNDERSKOTSGARANTI - HUMORISTISK AFTEN VEDTAK: Det løyvast kr. 15.000,- i underskotsgaranti til arrangement med Tom Jackie Haugen på Klubbhuset 06.03.2010 frå budsjettpost 1.4700.260.3850. RÅDMANNEN TILRÅR: Delegasjonssakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 004/10 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223 Arkivnr.: 10/95 SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT - 17. MAI I HJARTDAL Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 28.01.2010 17-maikomiteen i Hjartdal v/øyvind Larsen SØKNAD OM STØTTE TIL KULTURARRANGEMENT Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Kultur og oppvekst vedtek i møte 09.02.2010 Bakgrunn for saka: Frå 17. Maikomiteen i Hjartdal v.øivind Larsen har kommunen motteke søknad om tilskot til konsert med Bygdebris med program sett saman på basis av dikt av Halvor H. Sisjord. Det søkjast om kr. 6.000 Vurdering: Vanlegvis ville kommunen vurdert eit program på 17.mai som eit Bygdeinternt arrangement. Utan at dette er formelt nedfelt, har det vore kommunen sin politikk å ikkje gå inn i bygdevise arrangement på nasjonaldagen. Årsaka til dette er at ein synest dette bør vere bygda sitt eige ansvar, også i høve til økonomisk dekning. I dette høvet kan ein likevel gjere eit unnatak, og sjå denne konserten i samanheng med to konsertar med dei same musikarane i Tuddal og Sauland i
april. For å vidareføre eit likebehandlingsprinsipp, gjer ein framlegg om at det løyvast ein underskotsgaranti på kr 6.000,-, og at 17.maikomiteen i Hjartdal billetterar arrangementet. RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå 17.maikomiteen imøtekomast med underskotsgaranti på kr. 6.000 frå post 1.4700.260.3850
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 005/10 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-A40 Arkivnr.: 10/64 SØKNAD OM ØKONOMISK SØTTE TIL TURNE PROSJEKT V/SUND FOLKEHØGSKOLE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 24.01.2010 Ellen Marie Løkslid SØKNAD OM ØKONOMISK SØTTE TIL TURNE PROSJEKT V/SUND FOLKEHØGSKOLE Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Kultur og oppvekst vedtek i møte 09.02.2010 Bakgrunn for saka: I brev av 25.januar 2010 søkjer Ellen Marie Løkslid om økonomisk støtte til turneprosjekt for jazzlina ved Sund Folkehøgskole i Nord-Trøndelag. Prosjektet er planlagt gjennomført over to veker i april 2010, og omfattar 10 spelejobbar i det sørlege Norge, av desse to i Telemark Skien/Porsgrunn og Notodden. Turnebudsjettet er på ca 45.000, der reiseutgifter er hovudpost. Elevane, 21 i talet, har budsjettert med 25.000 i kommunal støtte. Vurdering: Kommunen har gjennom åra hatt fleire unge som søkjer mot ei estetisk/kunstnarleg utdanning, og som tek sjansen på å byggje ein karriere sjølv om vegen både kan vere lang og kronglete. Kommunen har ikkje ofte motteke søknad om eller gjeve støtte til liknande tiltak, så det er ingen
tidlegare praksis på dette området. Sjølv om administrasjonen tilrår å imøtekome søknaden med beløp innanfor delegert ramme, ønskjer ein likevel at saka drøftast i utvalet som ei prinsippsak. Når det gjeld denne konkrete søknaden ønskjer ein å vere imøtekomande. Søkjaren har tidlegare motteke støtte frå kommunen til CD-utgjeving, og har i løpet av ungdomstida skapt seg eit artistnamn lokalt og regionalt. Samstundes har ho i denne tida ved passande høve alltid sagt ja til å delta i lokale arrangement. Turneprosjektet til folkehøgskulen er eit svært positivt tiltak. Som det også vert sagt i søknaden, er dette ein viktig arena for å marknadsføre tilveksten i norsk musikkliv, og for å knyte kontakter både med framtidige kolleger og publikum RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Ellen Marie Løkslid om økonomisk støtte til turneprosjekt i april 2010 imøtekomast med kr. 2.000,- frå post 1.4700.260.3850
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for kultur og oppvekst 09.02.2010 006/10 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-C30 Arkivnr.: 10/98 UNDERSKOTSGARANTI - INGEBJØRG HARMAN BRATLAND & BYGDEBRIS Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 28.01.2010 For Ingebj. Harman KONTRAKT - INGEBJØRG HARMAN Bratland & Bygdebris BRATLAND & BYGDEBRIS Vedlagde dokument: Dokument nr.1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Kultur og Oppvekst vedtek i møte 09.02.2010 Bakgrunn for saka: Kommunen har motteke tilbod om konsert med Ingebjørg Harman Bratland & Bygdebris. Sistnemnde er ei gruppe med lokalt tilsnitt, i og med at alle dei tre musikarane heiter Flatland hhv Kjetil, Frode og Helge. Dei to sistnemnde er også tilsette i musikkskulen i Hjartdal. Tilbodet til kommunen inneber ei subsidiert prisfastsetting, slik at vi kan få to konsertar for kr 10.000 pr stk. På bakgrunn av dette har ein gjort førebels avtale om to konsertar; fredag 09.04. i Tuddal kyrkje, og torsdag 15. april i Menighetshuset i Sauland. Kommunen vil stå som arrangør, og arrangementet er avklara med kyrkjekontoret. Vurdering:
Det er ønskjeleg med eit større konserttilbod med profesjonelle utøvarar enn det som har vore vanleg. Administrasjonen stiller seg difor positiv i høve til dette konserttilbodet. Det er usikkert om ein vil kunne dekkje honorarutgiftene ved billettsal åleine. På bakgrunn av dette vil ein tilrå ovanfor utvalet at det disponerast inntil kr. 15.000 i underskotsgaranti. Det førutsetjast at det avleggjast billett- rekneskap ovanfor økonomiavdelinga i etterkant av konsertane. RÅDMANNEN TILRÅR: Det løyvast kr. 15.000 i underskotsgaranti til to konsertar med Ingebjørg Harman Bratland & Bygdebris den 9. og 15. april. Summen dekkjast frå post 1.4700.260.3850