Folkehelseoversikt Hemsedal Kommune 2016 «Befolkninga si helse er blant samfunnets viktigste ressurser.» Meld.St.34 Folkehelsemeldingen 1
Innhald... 1 1 INNLEIING... 3 2 FØREMÅL... 3 3 KVA ER FOLKEHELSEARBEID... 4 4 DEFINISJONAR... 5 5 FAKTORAR SOM PÅVERKAR FOLKEHELSA:... 5 6 STATUS OG UTFORDRINGAR... 5 6.1 Demografi... 6 6.2 Oppvekst og levekår... 7 6.3 Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø... 8 6.3.1 Friluftsliv og anlegg for idrett og aktivitet... 8 6.3.2 Deltaking og sosialt miljø... 9 6.3.3 Forureining, støy og inneklima... 10 6.4 Skader og ulykker... 11 6.5 Helserelatert åtferd... 12 6.6 Helsetilstand... 13 7 Handlingsplan for folkehelsearbeid i Hallingdal med lokale merknader... 15 8. ORGANISERING AV FOLKEHELSEARBEID I HEMSEDAL KOMMUNE 2014-2016... 24 9. Statistikk banker:... 27 2
1 INNLEIING I følgje lov om folkehelsearbeid (2011) 5 er kommunen pliktig til å utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og positive og negative faktorar som kan verke inn på denne. Oversikta skal basere seg på tilgjengelege opplysningar frå helsestyresmaktene, fylkeskommunen, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestene, i tillegg til lokalkunnskap om faktorar og utviklingstrekk i lokalmiljøet. Rapporten skal rullerast kvart 4. år, og skal liggje føre ved oppstart av kommunal planstrategi. Utfordringsbiletet vil slik kunne gje ein peikepinn på om eksisterande planar tek i vare utfordringane i folkehelsearbeidet kommunen står i på ein god nok måte ( Helse- og omsorgsdepartementet, 2012). 2 FØREMÅL Føremålet med denne oversikta er å identifisere risikofaktorar og utfordringar som kommunen har i eit folkehelseperspektiv. Denne oversikta skal liggje til grunn for kommunal drift og planlegging og styring, og slik sikre at prioriteringar skjer i tråd med dei utfordringane kommunen har. I følgje forskrifta skal ei oversikt over folkehelsa innehalde følgjande: a) demografi b) oppvekst- og levekår c) fysisk-, biologisk-, kjemisk- og sosialt miljø d) skader og ulykker e) helserelatert åtferd f) helsetilstand Dette dokumentet er lagt opp etter desse områda. Funna er sette i samanheng, og vil danne grunnlag for folkehelsearbeid i planarbeidet til kommunen. 3
3 KVA ER FOLKEHELSEARBEID I følgje lova om folkehelsearbeid (folkehelselova LOV 2011 06-24 nr 29) er dette samfunnet sin innsats for å påverka faktorar som direkte eller indirekte fremjar folk si helse og trivsel, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot helsetruslar, samt arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som kan ha negativ verknad på helsa. Det er vesentlege sosiale skilnader når det gjeld helse i Noreg og dette er eit sentralt element i folkehelsearbeidet. Helseskildanane følgjer fastlagde sosioøkonomiske mønster og den viktigaste samanhengen ein ser er at: dess høgare sosioøkonomisk status (utdanning, yrke, inntekt), dess betre helse. Desse systematiske helseskilnadane har mange årsaker. Dei er delvis knytte til grunnleggjande samfunnsfaktorar som økonomi, miljø, kultur og oppvekstvilkår, risikofaktorar i høve til arbeids- og bustadmiljø samt korleis kvar og ein tek vare på eiga helse og nyttar helsetenestene. I tillegg ser ein andre samanhengar som t.d. at kva levevilkår og omgjevnader barn har, påverkar mellom anna utdanningsløp og utsikt til andre yrke seinare i livet. Dette igjen vil spele inn på kva helse ein får. På denne måten vert barn si utdanning og fritid viktige tema i folkehelsearbeidet. Kva ein et, kor aktiv ein er og bruken av for eksempel tobakk følgjer slike mønster. Forsking viser at det viktigaste i arbeidet for å redusera helseskilnader er strukturelle tiltak og ordningar. Men det er og behov for å lage tiltak for utsette grupper. Alle tiltak må justerast etter behov og dette krev at kommunen har oversikt over helseutfordringane. Folkehelsearbeid er heilskapen i samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremja helsa i folkesetnaden. Dette må byggje på at alle samfunnssektorar og forvaltningsnivå tek ansvar for å fremje folkehelsa. 4
4 DEFINISJONAR Helsefremjande arbeid: Ei fellesnemning på alt arbeid for at både det enkelte individet og fellesskapet får, og held kontroll over, dei tilhøva som er viktige for folket si helse. Sjukdoms- og skadeførebyggjande arbeid: Tiltak som er retta mot å redusere risikoen for sjukdom, skade, invaliditet og for tidleg død (NOU 1191:10 Fleire gode leveår for alle). 5 FAKTORAR SOM PÅVERKAR FOLKEHELSA: 10-90-regelen seier at helsetenesta berre kan gjere noko med 10 % av folk sine helseproblem. Dei resterande 90% må løysast utanfor helsetenesta. Det betyr at område som skule, arbeid, personleg livsstil, familie og nettverk, sosialtryggleik, bustad, samfunnstilhøve og så vidare er områd ein bør leggje inn ressursar på i høve til førebyggjande og helsefremjande arbeid. Fig.: Faktorar som påverkar helse (Dahlgren og Whithead) Kvar einskild har ansvar for si eiga helse, men kommunen skal i kraft av sine verkemiddel vere med og leggje til rette for at innbyggjarane skal kunne ta vare på eiga helse. 6 STATUS OG UTFORDRINGAR Under dette kapittelet finn ein informasjon som er relevant for Hemsedal kommune sin helseoversikt. Informasjonen er i hovudsak samla inn frå Kommunehelsas statistikkbank. Dette er Folkehelseinstituttet si samling av statistikk som er henta frå fleire nasjonale kjelder. I tillegg er det nytta tal frå Statistisk Sentralbyrå, Ungdata 2014, Kommuneprofilen.no, Statens vegvesen og kommunale planer. 5
6.1 Demografi Demografi beskriv korleis befolkninga er samansett med omsyn til kjønn, alder, sivilstand og familie, samt korleis befolkninga er forventa å utvikle seg. Demografi har innverknad på kommunen sine inntekter og planar. Demografi har også innverknad på omfang og kvalitet på tenester som skal leverast til innbyggarane. Status: Hemsedal har 3 bygdesentra, Ulsåk, Trøim og Tuv med ein viss geografisk spreiing Hemsedal opplever store sesongvariasjonar i folketall. Bygda har mellom 300-500 sesongarbeidarar årleg Hemsedal har stor folketalsvekst. Per 1.1.2016 var det 2422 innbyggarar og ein vekst på 3,3% det siste året(2344 i 2015) Befolkningsprognose med Middels nasjonal vekst (MMMM) anslår eit innbyggjartal på 3200 personar i 2030 Tal på fødde barn var i 201523 barn med et overskudd på 13(5.5%) Eldre (>80år) er under landsnittet, men vil auke markant fram mot 2030 Hemsedal har stor (arbeids)innvandring, per 1.1.2015 bur det 495 personar med innvandrar bakgrunn i Hemsedal. Desse er i all hovudsak frå Europa Aldersgruppa barn 0-15 år i Hemsedal har vore relativt stabil sidan 2010 Gruppa 16-19 er nesten dobla sidan 2010 Hemsedal har eit ordinært mottak med 130 plassar og eit mottak for einslege mindreårige med 30 plassar Hemsedal har vedteke å busette 42 flyktningar i perioden 2016 2019 i tillegg til 13 personar for perioden 2015-2016 Behov: Det er behov for fleire kommunale bustader til flyktningar. Det er også behov for fleire bustader til ulike grupper med spesielle behov. Planlagt bustadbygging må tilpassast demografiske utviklingstrekk. Det er behov for fleire bustadar til einslege, eldre og sesongarbeidarar. Kvar desse bustadane er lokalisert er viktig i høve til det kommunale tenestetilbodet. 6
6.2 Oppvekst og levekår Oppvekst- og levekårsforhold er for eksempel økonomiske vilkår, bu- og arbeidsforhold og utdanningsvilkår. Levekår vert definert i eit samspel mellom individuelle faktorar og ressursar, og dei muligheiter ein har til å realisere disse på arenaer som skule, arbeid osv. Gode oppvekst og levekår fremjar god helse og livskvalitet. Mange av utfordringane knytt til helse er også nært knytt til sosiale levekår. Status: Andelen med høgare utdanning i Hemsedal har økt og er over fylkessnittet. Særleg for kvinner har andelen auka sidan 1995. Fråfall i vidaregåande skule er betydeleg lågare enn fylkes og landsnittet. Fleire barn(0-17år) som bur i «låginntekshusholdningar» enn i landet elles. Fleire pendlar ut av kommunen enn inn. Helse og sosialtenester, industri og varehandel er dei tre største «utpendlingsnæringane» Lågare arbeidsløyse(1,3%) enn landet(2,5%). Andelen unge(13-16år) som opplever einsemd er noko høgare enn elles i fylket (Ungdata). Behov: Førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, ungdom og barnefamiliar. Sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge gjennom kvalitative gode barnehagar, skular og helsetilbod. Samarbeid om gode og desentraliserte/regionale utdannings tilbod på fleire nivå. Utvikling av attraktive heilårs arbeidsplasser i kommunen og regionen Utvikling av gode oppvekst og bustads miljø. Behov for fleire læreplassar og plassar med tilrettelagt arbeid 7
Støtte opp om regionale oppvekst og helseprosjekt, t.d. ungdomslos. Fellesløft for tidleg innsats (skule), KUPP (kompetanseutvikling av pedagogiske prosesser i barnehagane 6.3 Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø 6.3.1 Friluftsliv og anlegg for idrett og aktivitet Nærmiljøa der vi lever og bur kan enten fremje eller hemme moglegheitene for god helse. Helsefremjande nærmiljø legg til rette for deltaking og sosiale møteplassar, aktivitet og tryggheit. Planlegging og tilrettelegging av dei fysiske områda er virkemidlar. Det gjeld både tilrettelegging for gange og sykling, men også ved at lokale tenester og tilbod er tilgjengeleg i ein slik nærleik at ein kan vere aktiv i nærmiljøet. VISJON: FRILUFTSLIV TIL GLEDE OG LIVSLYST DU ER EIN GJEST I NATUREN!(Sti og Løypeplan 2015-2018) Status: Hemsedal kommune har vedtatt ein sti og løypeplan(2015-2018), som gir eit godt bilde av mangfaldet og områder for tur, langrenn, sykling mm. Planen peiker også på utfordringar med omsyn til vedlikehald, behov for vidare kartlegging og skilting i Hemsedal sitt sti og løypenett. Det er stor aktivitet på dei kommunale idrettsanlegga som skaper utfordringar i f.t. trenings og aktivitets tider for lag og organisasjonar. 8
Det er fleire aktivitetar som manglar anleggsdekking. Samstundes er det fleire gode nye anlegg som legg tiltrette for fysisk aktivitet til befolkninga. For eksempel Gravsetstugu, rulleskiløypa, Tufteparken og 5:er banen. Behov: Dialog med handikapporganisasjonar, lag og brukargrupper bør etableras slik at ulike arenaer og sti og løypenett mm blir meir tilgjengeleg og tilpassa befolkninga. Utbetring, rehabilitering og vedlikehald av både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg Sikre trygg og helsefremjande ferdsel til alle aktivitetar. Symjebasseng, symjeopplæring handlar både om folkehelse og sosial inkludering Sikre godt kollektivtilbod aktiviteter, og trafikktryggleik 6.3.2 Deltaking og sosialt miljø Frivilligheita er ei avgjerande kraft i samfunnet. Det at folk engasjerer seg og tek ansvar i nærmiljøet bidreg til å byggje fellesskap og redusere einsemd. Frivillighet skapar glede, trivsel, tilhørighet og fremjer helse og demokrati. Status: Hemsedal har eit aktivt organisasjonsliv med mange lag og organisasjonar som er gode leverandørar av folkehelse i kommunen Det er fleire ungdommar som er medlemar i fritidsorgansjonar enn i fylket elles 9
Hemsedal kommune og frivillighetsentralen har tilbod til noen brukargrupper bla. eldre, personar med demens og personar med psykisk vanskar Ungdata 2014 viser at ein lågare del ungdom (58%) er fornøgd med lokalmiljøet enn i landet elles(70%) Behov: Etablere tilbod til dagaktivitet for fleire brukargrupper. Formalisere samarbeidet mellom frivillige lag og Hemsedal kommune, og lage ein plan/ strategi Folkehelsegruppa i Hallingdal, (FHGH* punkt 3a og 3b) Støtte og legge til rette for formelle og uformelle kulturelle og sosiale møtearenaer Tiltaka skal vera framtidsretta og tiltaka skal vurderast ut i frå behov og i samråd med brukarane 6.3.3 Forureining, støy og inneklima Det fysiske miljøet rundt oss er grunnleggjande for helse, trivsel og livskvalitet. Ei rekkje miljøforhold kan ha effekt på helsa. Eksempel på dette er drikkevasskvalitet, luftkvalitet, grad av smitteeksponering, grad av støy, forureining og ulike kvalitetar ved nærmiljøet. Status: Andelen bustadar i Hemsedal som ligg over maksgrensa for Radon-nivå er likt med landssnittet (tal frå MHVH, Miljøretta helsevern i Hallingdal). Radontilstand for offentlege bygg, t.d. Tuv oppvekst, er høg Hemsedal har god drikkevasskvalitet Alle skulane er godkjent av MHVH med noko avvik på støy i gymsalane på Ulsåk og Tuv og i kantina på HBU (2015) 10
Hemsedal kommune samarbeider med Hallingdal renovasjon og har henteordning for hushalda. Papir, plast, glas/metall og noko spesialavfall blir henta sorter. Hallingdal renovasjon har i tillegg tilbod om opent avfallsmottak på Langeset, hytte og næringsrenovasjon og slamtømming Behov: Retningsliner for tiltak ved høge Radonnivå blir følgd i tråd med plan og bygningslova Tilpassa henteordning av avfall med omsyn til kapasitet og hyppighet Det er behov for støy og miljøfremjande tiltak med omsyn til trafikk på RV-52 6.4 Skader og ulykker Målt i tapte leveår er personskader som følgje av ulykker omtrent i same omfang som kreft Status: Mengda personskader behandla i sjukehus(17.6%) er høgare enn landssnittet(12,8%) Mengda personar med hoftebrot er lågare enn i regionen og elles i landet Trafikktryggleik er viktig for aktiv transport til skule, arbeid og fritidsaktivitet. Dette er stadig område som utbetrast Mengda personar skadde eller drepne i trafikkulykker har stort sett gått ned i perioden 2000-2015 Hemsedal legekontor fører god statistikk over skader knytt til skiaktivitet. Denne statistikken bidreg til god oversikt over skader som i nokre tilfelle kan førebyggjas Behov: Halde fram med fallførebyggande tiltak til utsette grupper Tryggtrafikk kampanjar(barnas trafikklubb), økt fokus i skule, barnehage, i lag og organisasjonar og på andre aktuelle arenaer. 11
Godkjenning som «trafikksikker kommune» Haldningsskapande kampanjar med fokus på skadeførebygging i samarbeid med lag og organisasjonar Tiltak som strøing av gangvegar mm. Det må sikrast trygg ferdsel for gåande med funksjons nedsetjing samt eldre 6.5 Helserelatert åtferd Kvar einskild har ansvar for sine val. Samfunnet skal legge til rette for at det å ta sunne val er enkelt. Å førebyggje i barnehage- og småskulealder er viktig for å bremse utviklinga av livsstilsjukdommar. Status: Røyking blant kvinner i starten av svangerskapet er lågare enn i regionen og landet Ungdata 2014 rapportar at 20% av ungdomen(8-10 klasse) har drukke alkohol det siste året. Dette er høgare en landet(14%) 16% av ungdomane(8-10 klasse) er fysisk aktive mindre enn 1 gong i veka. Dette er lågare enn landet Andelen som var overvektige ved fyrste sesjon(17 år jenter/gutar) var lågare enn landet Ungdata 2014 viser at berre 58% av ungdomen(8-10 klasse) et frukost kvar dag. Behov: Styrke tverretatleg og koordinert samarbeid både kommunalt og regionalt. Kommunen jobbar tverrsektorielt med fleire befolkningsretta og haldingsskapande program. «Kjærlighet og grenser», «ICDP»,«tidlig innsats» mm er eksemplar på dette 12
Styrke sosialfagleg kompetanse ved skular og barnehagar Styrking av skulehelsetenesta og psykisk helseteneste, og sosiallærar funksjon ved skular og i barnehagar Styrking av frisklivssentralen Tilbod til personar som ikkje deltek i arbeidslivet eller i organisert aktivitet i dag Førebyggjande tiltak mot rusrealtert åtferd og bruk av ulovlege rusmidlar samt prestasjonfremjande og muskelbyggjande preparat 6.6 Helsetilstand Alle kroniske sjukdommar slik som KOLS, diabetes mm. kan føre til redusert livskvalitet, auka kostnadar for den einskilde og gi store samfunnsøkonomiske konsekvensar. Mestring av eiga diagnose er nødvendig for å leve godt med den sjukdommen ein har. Tiltak som førebyggjer sjukdom, eller bremser utvikling av ei diagnose, kan spare den det gjeld for unødig liding. Dette vil også ha samfunnsøkonomisk vinning. Status: Tannhelsa til barn og unge i Hemsedal er generelt god. Men lokal statistikk viser at det er enkelte barn som har alt for mange hull i tidleg alder. Fokus på god tannhygiene, rutinar og sunn mat og drikke er viktig For eldre som bur på Bygdaheimen ligg BSI (belegg og slimhinne indeks) på 4. Verdiar mellom 2 og 4 er akseptable, og Hemsedal er difor akkurat innanfor retningslinjene Vaksinasjonsdekkinga i f.t. meslingar, 9 år er svært låg og må sjåast på Andelen med psykiske lidingar eller plager har økt for alle aldersgrupper dei siste åra. I perioden 2012-2014 var gjennomsnittlig årlig mengd brukarar i primærhelsetenesta 120/1000 (Kommunehelsa statistikkbank), noko som er lågare enn landet generelt med 141,6/1000. Psykiske plager og lidingar er den største helseutfordringa i landet, noko som betyr at dette er ei stor utfordring også i Hemsedal kommune Resultat frå Ungdata i 2014 viser at 53 % av jentene og 20 % av gutane mellom 14 og 16 år rapporterer at dei er ganske eller veldig mye bekymra. 59 % av jentene og 29 % av gutane er ganske eller veldig mye plaga med følelsen av at alt er et slit. Samla sett 13
ligg Hemsedal kommune over landsgjennomsnittet for symptom på depressivt stemningsleie blant unge (Ungdata, 2014) Behov: Hemsedal skal i større grad leggje til rette for at folk flest tek gode helseval Stryke lærings, mestrings og frisklivs arbeidet i Hemsedal kommune Økt fokus på førebyggjande helsearbeid i kommunens einingar og i befolkninga Satsing på psykisk helse, skulehelseteneste og styrking av den sosialfaglege kompetansen i skular, barnehagar og andre arenaer der barn, ungdom og deira familiar er. 14
7 Handlingsplan for folkehelsearbeid i Hallingdal med lokale merknader Handlingsplanen skal synliggjere overordna innsatsområder for folkehelsetiltak lokalt og regionalt. I tillegg til desse overordna innsatsområda eksisterer det mange befolkningsretta tiltak i Hemsedal kommune og i regionen som ikkje er inkludert i handlingsplanen. Desse blir kartlagt, sett i gang og fulgt opp kontinuerlig i tett samarbeid mellom ulike sektorar kommunalt og regionalt. 15
Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes, Flå Bakgrunn: Ny lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven), som trådde i kraft 1.1.2012, gir kommuner, fylkeskommuner og statlige myndigheter ansvar for å fremje folkehelse. Formålet med folkehelseloven er: Å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal: Fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold. Bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse. Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid i alle kommunens sektorer. Regjeringen har gjennom ulike meldinger til stortinget presentert strategier for å styrke folkehelsearbeidet og legge til rette for sunne helsevalg. I Meld. St. 34 (2012-2013) Folkehelsemeldingen -God helse- felles ansvar, satt regjeringen et tydelig fokus på sosiale ulikheter i helsetilstand og levealder. De presiserte at helsetilstanden i Norge generelt er god, men at det er store fordelingsulikheter. Regjeringens mål for folkehelsearbeidet var: o Norge skal være blant de tre landene i verden som har høyest levealder o Befolkningen skal oppleve flere leveår med god helse og trivsel o Reduserte sosiale helseforskjeller 16
o Vi skal skape et samfunn som fremmer helse i hele befolkingen. I Meld. St. 19 (2014-2015) Folkehelsemeldingen - Mestring og muligheter, presenterer regjeringen strategier for å styrke folkehelsearbeidet og legge til rette for sunne helsevalg. Regjeringen vil utvikle en helsepolitikk som skaper muligheter for hver enkelt av oss til å ta ansvar for egen helse. Meldingen bygger på målene fra Meld. St 34 (2012-2013) men har følgende innsatsområder: o Psykisk helse skal integreres som en likeverdig del av folkehelsearbeidet o Arbeidet med livsstilsendring skal få en ny og mer positiv vinkling o Det skal utvikles en moderne eldrepolitikk med vekt på aktivitet og deltakelse. o Samarbeidet på tvers av sektorer skal styrkes for å skape et samfunn som fremmer helse og trivsel. o Hensynet til befolkningens helse skal få større plass i steds-, nærmiljø- og lokalsamfunnsutviklingen. Føringer for interkommunalt samarbeid: Alle er enige i at det er store samfunnsgevinster i å være i forkant og bevare den gode helsen framfor å løpe etter oppstått sykdom for å reparere. Det strategiske og langsiktige folkehelsearbeidet foregår først og fremst utenfor helsesektoren - i barnehager, på skoler, i idretten og frivilligheten, innenfor kulturlivet, på arbeidsplassen, i planetaten osv. Politikere, kommuneledelse og fagmiljøer i Hallingdal tar dette på alvor og ønsker økt satsning på folkehelsetiltak i befolkningen. Derfor er det opprettet en interkommunal folkehelsegruppe som skal samarbeide om gode, målrettede folkehelsetiltak i dalen. Status folkehelsearbeid i Hallingdal: Folkehelsegruppa i Hallingdal har til nå hatt et særlig fokus på barn og ungdom, deriblant fysisk aktivitet i skolen. I tillegg har det vært nødvendig for kommunene å jobbe sammen for å få på plass det lovpålagte oversiktsdokumentet. Oversiktsdokumentet inneholder en oversikt over helsetilstanden i befolkningen og mulige påvirkningsfaktorer. Statistikkbanken utarbeidet av Folkehelseinstituttet har sammen med lokalt gjennomførte «Ung data» undersøkelser, og kunnskap fra den enkelte kommune dannet grunnlaget for oversikten. I forbindelse med kommunevalget 2015 har folkehelsegruppa jobbet sammen om presentasjon til folkevalgtopplæringen. I mandatet står det at folkehelsegruppa: «Skal samarbeide med Kommuneoverlegeforum og Miljørettet Helsevern gjennom Felles Folkehelseforum.» Dette samarbeidet har resultert i handlingsdokumentet «Handlingsplan for felles folkehelsearbeid i Hallingdal 2016 2019». 17
Mål: Målet med handlingsplanen er å synliggjøre innsatsområder og arbeidsmetoder for kommunens plan- og utviklingsarbeid. Dokumentet skal forankres, tas hensyn til og være synlig i arbeidet som foregår i alle kommunenes sektorer. Målet er å skape et samfunn som styrker helsen i befolkningen. Alle som jobber i kommunene har et folkehelseansvar og må være bevisst sitt arbeid i bekjempelsen av den moderne svartedauden. 18
Handlingsplan for folkehelsearbeid i Hallingdal 2016-2019 Tatt til orientering RU / - 16 Overordna prinsipp Tverrfaglig forankring Befolkningsretta Helsefremmende Innsatsområder MÅL TILTAK Prioriterte tiltak i Hemsedal og Hallingdal 1. Kommunalt planarbeid og saksbehandling 1. Årlig utvidet folkehelseforum Bidra til at folkehelseperspektivet i kommunene synliggjøres og ivaretas i alle kommunale planer og saker som framlegges for politisk behandling 2. Arena for tverrsektorielt folkehelse arbeid i alle kommuner 3. Etablere system for å utrede konsekvenser for folkehelse i alle saker til 1) Temabaserte regionale samlingar vurderas og blir presentert for kommunane i god tid 2) Hemsedal har ulike forum for tverrsektoriellt arbeid. Bla planforum, koordineringsgruppa for barn 19
2. Barn og ungdom Økt fysisk aktivitet blant barn og unge Sunne matvaner på arenaer der kommunen er involvert Gi alle barn og unge mulighet til fullverdig deltakelse i samfunnslivet, uavhengig av tilhørighet. Fremme mestring og psykisk helse gjennom alle deler av oppveksten. Redusere andelen som introduseres for rus tidlig i livet politisk behandling 1. Fysisk aktivitet i skole og SFO 2. Politisk vedtak om å følgje nasjonale kostråd for mat som serveres på skoler og i barnehager. 3. Utstyrsutlån 4. Tverrfaglig samarbeid omkring psykisk helse 5. Gratis kjernetid i barnehage 6. Mobilfrie skoler 7. Kjærlighet og grenser 8. Se den enkelte elev i skolen, erfaringsdeling mellomskolene og kommunene 9. Støtte opp om og bidra til videreutvikling av ungdomslosene i u. skole og vgs. 10. Aktiv skolevei og unge, konsultasjons team.mm. For folkehelse arbeidet i Hemsedal er det behov for meir systematisk jobbing slik at den i større grad blir integrert i overordna plansystem 3) Blir arbeida med i FHGH 1) Samarbeid med idretten trekkes frem som alternativ. Samling med BIK og kommunane i juni 2016 2) Oppvekst sektoren og skule helsetenesta bidrar allereie med fokus på sundt kosthold. Dette kan være med å bidra til at sosiale helseforskjellar utjenves 3) Skoler og barnehage og asylmottaka har noko utstyr til utlån og skiheisen er positive til utlån/leie(billig) av alpint utstyr. Utstyrslån er et område det kan bli sett nærmare på saman med lag og organisasjonar. 4) Tverfaglig fokus og kartlegging blir prioritert 20
3. Frivillighet Stimulere til økt deltakelse i frivillige lag og foreninger. Tilbud som treffer flest mulig. 1. Formalisert samarbeid med kommunene 2. Frivillighetsplan i kommunene 3. Frivillighetssentral i alle kommunene. 4. Politisk vedtak om å våren 2016 og framover 5) Gratis kjernetid er innført, men må bli meir kjent i befolkninga. Fleire barn og familiar kan få tilbod om dette. 6) Skulene i Hemsedal har «mobilparkering» i skuletida 7) Kjærlighet og grenser og andre holdningsskapande program er etablert 8) Relasjonskulen, Venneveka mm 9) Ungdomslosprosjekt i Hallingdal og på HBU 10) Det blir jobba med en årsplan for trafikkopplæring i oppvekstsektorer. Hemsedal får bistand frå trykktrafikk i arbeidet. Satse på tryggtrafikk kampanjar? Søke midlar lokalt/regionalt? 1) Frivillighets plan er en oppgåve som FHGH ser vidare på 2) FHGH jobbar også med strategi i fht. nasjonale kostråd på lokale og 21
følgje nasjonale kostråd for alle lag/foreninger og arrangement som mottar støtte fra kommunen 5. Kompetanseheving for trenere/voksenpersoner i frivillige lag og foreninger regionale arrangement 3) Buskerud idrettskrets tilbyr både kommunane/sfo og lag og organisasjonar kompetanseheving og tilskot 4. Friluftsliv Øke bruken av friluftsmulighetene som finnes i Hallingdal. Legge til rette for at flest mulig/alle? kan benytte seg av nære friluftsområder. Introdusere flere barn for bruk av naturen i barnehage, skole, SFO og fritid. Legge til rette for attraktiv aktiv transport 1. En tur-dag pr uke i barnehage og på småskoletrinnet. 2. Etablere friluftsråd. 3. Bygge friluftsvaremerke i samarbeid med næringsutvikling. 4. Arealplanlegging. 1) Behov for friluftskartlegging I Hemsedal? Ål gjennomfører dette. Men Hemsedal har en oppdatert sti og løypeplan som dekker mye av dette. 5. Eldre Aktive eldre 1. Støtte arbeid med 1) Det er behov for fleire 22
Økt deltakelse i frivilligheten Aktivitetstilbud på dagtid 6. Stedsutvikling Helsefremmende stedsutvikling dagsentertilbud (mobile eldresenter/læring og mestringssenter/livslyst, se Åsnes og Sandefjord kommune). 2. Opplæring og ivaretakelse av frivillige besøks- og aktivitetsvenner 1. Støtte opp om stedsutviklingsprosjekte r i regi av Regionrådet. tilpassa dagaktivitets tilbod i Hemsedal. Dette gjelder spesielt gruppetilbod. Se på nye muligheiter for samarbeid med frivillighetssentralen 1). Gjennom arealplanleggjing spesielt legge til rette for møteplasser som innbyr til sosial interaksjon, samt gjennom rekkjefølgjebestemmelser i plan sikre opparbeiding av tiltak som fremjer fysisk aktivitet, men også miljø- og grønttiltak. 23
8. ORGANISERING AV FOLKEHELSEARBEID I HEMSEDAL KOMMUNE 2014-2016 Hemsedal kommune har utarbeidd ein planstrategi der folkehelse har eit overordna perspektiv. For å koordinere tverrfagleg og tverretatleg samarbeid innan folkehelse har kommunen etablert ei ressursgruppe innan folkehelse. Leiar for koordinerande eining er kommunen sin folkehelsekoordinator. Rådmannen sett som mål at det i all overordna planlegging skal gjerast ei vurdering av kva for tiltak som kan fremje ei positiv utvikling for folkehelsa generelt, og som kan jamne ut eventuelle sosiale helseforskjellar i bygda. Tiltaka skal vere tufta på kunnskap og systematisk arbeid. Dette føresett både tverretatleg, og regionalt samarbeid. I 2014 er målet å identifisere faktorar i Hemsedal som påverkar risikoen for «hyppighet» i befolkninga (negativ/ positiv helseeffekt), og nytte denne kunnskapen i langsiktig førebyggande arbeid. Forankring Folkehelse er et gjennomgripande fokusområde i kommuneplanen, å folkehelsearbeid blir diskutert og forankra gjennom kommuneplanprosessen. 24
Tverrsektorielt Folkehelsearbeid i Hemsedal kommune Ressursgruppe Folkehelse møtes 2-3 ggr/år Rådmann Helse og omsorgssjef Oppvekstsjef Teknisk sjef Arealplanlegger Kommunelege Folkehelsekoordinator/KE Kulturkonsulent Ole Jonny Stavn Borghild Moen Gunn Berit Nergård Ola Frogner Ivar Bergstøl Harald Lystad Henrik J Thorset Marit Huso Gruppa skal følgje opp intensjonane i folkehelseloven Gruppa skal legge grunnlag for et heilskapleg og tverretatleg arbeid med folkehelse i Hemsedal kommune Tverrfaglig planforum 4-6 ggr/år 25
Hovudfokuset på møteplassen er status på planarbeid, med relevans til vedteke planstrategi for 2012-2015 Her deltek alle verksemdsleiar og fagsjefar i Hemsedal kommune Koordineringsgruppa barn og ungdom 6ggr/år Her deltek representantar frå helse, skule, barnehage, kultur, barnevern, SLT/Politi, B/U sin representant i saker, som vedrører barns beste i overordna saker i Hemsedal kommune. Folkehelsekoordinator i Hemsedal kommune deltek i den regionale folkehelsegruppa.(hallinghelse) Folkehelsegruppa som skal samarbeide om gode, målrettede folkehelsetiltak i dalen. Gruppa møtes en gang pr måned og drøfter aktuelle saker og tiltak. Gruppa har tett samarbeid med kommuneoverlegeforum(kof) Folkehelsegruppa i Hallingdal i 2016 Folkehelsekoordinator(50 %) Jørund Li Siv Merete Glesne, Flå Katrine Skalleberg, Nes Henrik Thorset, Hemsedal Hilde Nysæther Franzten, Ål Stine Vesterøy, Hol(svangerskapspermisjon) Sissel Hovland er stedfortreder Ingunn Håverstad, Gol og MHVH 26
9. Statistikk banker: 1) Buskerudfylkeskommune sin sammenstilling av helsetilstanden for Hallingdal 2014 http://www.bfk.no/documents/bfk/statistikk%20og%20analyse/folkehelse/folkehelse%20i%20buskerud%20-%20hallingdal%20-%202014.pdf 2) Ungdata 2014, nøkkeltall for Hemsedal http://www.ungdata.no/id/27869.0 3) Folkehelseprofil for Hemsedal 2016 http://khp.fhi.no/pdfvindu.aspx?nr=0618&sp=1&pdfaar=2016 4) Kommuneprofilen 2016 http://www.kommuneprofilen.no/default.aspx 27