Håndtering av yrkeskadesaker Hovudtillitsvalde, lokallagsleiarar, fylkesstyret 8.-9. Desember 2016 Eva Steinfeld rådgiver
Innhald Definisjon på yrkesskade/yrkessjukdom Kvifor konstatere yrkesskade /yrkessjukdom? Prosess i yrkesskadesaker Kva bør arbeidstakar gjere? Kva bør tillitsvalde gjere?
Case Marte Kirkerud arbeider som lærar på Lillevik skule. På kvelden 10. november deltek ho på eit obligatorisk kveldsmøte på skulen om arbeidsmiljø- og tilrettelegging. På veg ut sklir ho på isen i skulens uteområde og brekker ankelen. Marte går til lege dagen etter hendinga, og lege stadfester brot i ankelen. Er Marte blitt utsett for ein yrkesskade?
Kva er ein yrkesskade? Lov om folketrygd 13-3: «Med yrkesskade menes en personskade, en sykdom eller dødsfall som skyldes en arbeidsulykke som skjer mens medlemmet er yrkesskadedekket. Som arbeidsulykke regnes en plutselig eller uventet ytre hending som medlemmet har vært utsatt for i arbeidet. Som arbeidsulykke regnes også en konkret tidsbegrenset ytre hending som medfører en påkjenning eller belastning som er usedvanlig i forhold til det som er normalt i vedkommende arbeid.» Lov om folketrygd 13-6: «Yrkessakdedekningen gjelder for yrkesskader som oppstår mens arbeidstaker er i arbeid på arbeidsstedet i arbeidstiden.»
Kva er ein yrkesskade? Lov om yrkesskadeforsikring 11: «Yrkesskadeforsikringen skal dekke a) Skade og sykdom forårsaket av arbeidsulykke (yrkesskade), b) Skade og sykdom som i medhold av folketrygdloven 13-4 er likestilt med yrkesskade C) annen skade og sykdom, dersom denne skyldes påvirkning fra skadelige stoffer eller arbeidsprosesser. Skade og sykdom som nevnt i første ledd bokstav b skal anses forårsaket i arbeid på arbeidsstedet i arbeidstiden, hvis ikkje forsikringsgiveren kan bevise at dette åpenbart ikke er tilfellet.»
Case Mette Gran arbeider som barnehagelærar i Lillevik barnehage. Ho vart skadd under fotballeik i det store opphaldsrommet i barnehagen. Ho hadde hoppa opp for å hedde ballen og tråkka over. Ho vart køyrt til lege og røntgen og det vart konstantert brot i fot og ankel. Har Mette blitt utsett for ein yrkesskade?
Kva er ein yrkesskade? Skade/sjukdom/dødsfall Arbeidsulukke Årsakstilhøve I arbeidstida På arbeidsplassen
Kva er ein yrkessjukdom? Lov om folketrygd 13-4 og Lov om yrkesskadeforsikring 11 b og c. «Visse sykdommer som skyldes påvirkning i arbeid» skal likestilles med yrkesskade» Det er eigne forskrifter som listar opp kva sjukdommar som kan godkjennast. Forskrift 11. mars 1997 nr. 220 om yrkessykdommer, klimasykdommer og epidemiske sykdommer som skal likestilles med yrkesskade. Forskrift 11. mars 1997 nr. 219 om sykdommer og forgiftninger m.v. som skal likestilles med yrkesskade.
Kva er ein yrkessjukdom? Sjukdom Skadeleg påverknad Arbeidsmiljø Årsakstilhøve Opplisting i forskrift
Kvifor konstatere yrkesskade/yrkessjukdom? NAV Full dekning av naudsynte utgifter til legehjelp mv. Viss arbeidsufør, meir lempelege vilkår for å få ytingar. Til dømes uføretrygd/arbeidsavklaringspengar, nok med 30% nedsett arbeidsevne. Menerstatning ved varig medisinsk invaliditet på 15% Forsikringsselskap Erstatning etter lov om yrkesskadeforsikring Erstatning etter tariffavtalen (15G) Menerstatning ved varig medisinsk invaliditet på 15% Samordning av erstatning
Prosessen i NAV Skaden må meldast til NAV innan 1 år. Skaden kan meldast etter fristen, men føre til strengare beviskrav. NAV forvaltning fattar vedtak om godkjenning/avslag. Klagehøve til NAV Klageinstans. Ankehøve til Trygderetten. Søksmål direkte til Lagmannsretten.
Prosessen i forsikringsselskap Skaden må meldast til arbeidsgivar sitt forsikringsselskap. Ingen meldefrist, men økonomiske krav vert forelda etter 3 år. Avslag frå forsikringsselskapet kan bringast inn for Finansklagenemnda. Domstolshandsaming.
Kva bør arbeidstakar gjere? Oppsøk lege helst same dag. Sjå til at legen skriv i journalen at skaden skjedde på arbeid. Meld frå til arbeidsgivar så fort som mogleg. Få arbeidsgivar til å stadfeste at skaden er meldt NAV og arbeidsgivars forsikringsselskap. Innhent kontaktinformasjon til eventuelle vitnar.
Kva bør tillitsvalde gjere? Sjå til at skaden er meldt NAV innan 1 års fristen. Sjå til at skaden er meldt arbeidsgivars forsikringsselskap. Viss skaden ikkje er meldt, hjelp medlemmen å melde skaden så fort som mogleg. Dokumentasjon: Kopi av skademelding Journal frå fastlege/legevakt (tidsnær dokumentasjon) Andre legeerklæringar som til dømes frå spesialist Dokumentasjon frå arbeidsgivar Kontaktinformasjon / uttale frå vitnar
Kva bør tillitsvalde gjere? Hjelpa med rådgiving i den grad tillitsvald følar seg kompetent. Råde medlemmen til å klage sjølv med korte klagefristar. Medlemmen kan få bistand til å klage til NAV/anke til Trygderetten eller få hjelp overfor forsikringsselskapet av Utdanningsforbundet (jurist sentralt).
Case Marte Kirkerud arbeidar som lærar på Lillevik skule. På kvelden 10. november deltek ho på eit obligatorisk kveldsmøte på skulen. På veg ut av møtet sklir ho på isen og brekker ankelen. Marte går til lege dagen etter hendinga. Arbeidsgivar meldar skaden til NAV/forsikringsselskap 3 år seinare. Det var ingen vitnar til hendinga. I tidsnær medisinsk dokumentasjon går det fram at Marte sklei på isen på kvelden og brakk ankelen, men ikkje kor fallet skjedde. Kan Marte får godkjent skaden som yrkesskade?