saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 17.01.2016 3100/2016 Jostein Wengstad Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt 02.02.2016 K104 Romsdal vgs. Orientering om prosjektet -Status økonomi -Val av entreprenørar Innleiing Den økonomiske ramma er for K104 Romsdal videregående skole, vedteke justert for løns- og prisauke for heile byggjeperioden, slik at den totale ramma no er på kr 520 mill. inkl. mva. Prosjektleiinga vil ha som hovudmål å gjennomføre prosjektet innafor denne økonomiske ramma og samstundes ha stort fokus på å oppnå den kvaliteten og dei resultatmåla som er sett i strategiplanen. «Low-tech» ventilasjon. Passivhusstandard. Byggjemateriale i massivtre Konkurranse er gjennomført både for entreprise for grunnarbeid/ omlegging av infrastruktur og for totalentreprise for nybygg. Entreprenør for grunnarbeida vart kontrahert i august 2015. Totalentreprenør nybygg vart kontrahert i desember 2015, i første omgang for samspelsfase. (Utløysing av opsjonen på bygging skjedde januar 2016.) Entreprisekostnaden for begge desse er lagt inn i vedlagte reviderte kalkyle. Samspelsfasen med totalentreprenør har fått ulike problemstillingar på dagsorden og prosjektet er optimalisert og økonomisk risiko minska for begge kontraktspartar så langt det let seg gjera. Det vises til detaljar nedafor.
E00. Erstatningslokalar Modulbygg Bergmo og Langmyrvegen Modulbygga var på plass og klare til skolestart i august. Kantine/bibliotek Lokala i B-bygget var klare til bruk ved skolestart. Skolen utførte dei bygningsmessige arbeida i eigen regi. Tekniske installasjonar vart beskrive av rådgjevarar frå E20 og desse arbeida vart utført av rammeleverandør. E01. Miljøsanering og rivningsarbeid Miljøsanering og rivningsarbeid for bygg C, D og H vart utført av AF Dekom AS Arbeida vart ferdigstilt juni 2015.
E02. Grunnarbeider og omlegging infrastruktur Administrasjonen utarbeidde konkurransegrunnlag juni 2015 og konkurranse vart utlyst 10.07.2015., Tilbodsfrist var sett til 21.08.2015 kl. 12.00. Tilboda vart opna 21.08.2015. Berre ein leverandør, Romsdal Anlegg AS, leverte tilbod og dette firmaet var kvalifisert i høve til kvalifikasjonskrava. I høve til fullmakt har byggje- og vedlikehaldssjefen valt Romsdal Anlegg AS som entreprenør for E02 Grunnarbeid og omlegging infrastruktur. Status Tomta er utgravd og fjellsprenging langt på veg er ferdig. Ein stor del av denne kontrakten gjeld omlegging av infrastruktur, som no er inne i sluttfasen og skal være ferdig i veke 4, 2016. Del II, opsjonsdel som gjeld graving for fundament og botnleidningar, er tiltransportert totelentreprisen og skal være ferdig medio mai 2016. E20. Totalentreprise. Administrasjonen hadde fått utarbeidd konkurransegrunnlag 2. kvartal 2015. Totalentreprisen vart utlyst den 24.06.2015. Tilbodsfrist for totalentreprisen var sett til 21.09.2015 kl. 12.00. Vi fikk inn 4 tilbod innan fristen. Tilboda vart opna 21.09.2015. Alle leverandørane var kvalifiserte i høve til kvalifikasjonskrava. Tildelingskriterier Vekt 1 Vederlag 70 % 2 Gjennomføringsevne 30 % Poengscora for dei 4 tilbydarane kan samanfattast i tabellform: Plassering Leverandørnamn Poengscore 1 Betonmast Røsand AS 9,55 2 M Kristiseter AS og Veidekke Entreprenør AS 8,73 3 Hent AS 8,31 4 Christie AS og Kleve Betong AS 8,26 Det går fram av tabellen at Betonmast Røsand AS har gitt det økonomisk mest fordelaktige tilbodet. I høve til fullmakt har byggje- og vedlikehaldssjefen valt totalentreprenør og sendt brev om dette den 21.10.2015.
Kontrakt skulle i første omgang inngåast på berre samspelsfasen. Hovudbolken av kontraktsverdien (Ca 99 %) var ein opsjon som skulle utløysast dersom oppdragsgjevar saman med totalentreprenør kom fram til eit konsept som etter samspelsfasen ville ligge innafor budsjettet med tilfredsstillande marginar og reserver. Samspelsfasen Det er i desember 2015 og første halvdel av januar 2016 gjennomført 6 samspelsmøter med totalentreprenør/ rådgjevarar/ underentreprenørar. Massivtre Det er inngått eigen kontrakt på levering av massivtre med Woodcon AS Denne kontrakten er tiltransportert totalentreprenør. E70. Utomhus Arbeid med å detaljere utomhus innafor avsette økonomiske rammer er førebels ikkje starta, men arbeida er inkludert i ramme- søknad/tillatelse på eit svært grovt nivå. Detaljprosjektering med konkurranse er planlagt 02. halvår av 2016. I anbodsgrunnlaget for riving og miljøsanering var det ein opsjon på riving av heile B-bygget. Det er no vedteke at deler av underetasjen av dette bygget skal bestå. Det planlagde bygget garasje/ lager/ miljøstasjon/ kaldlager kan difor utgå og underetasjen av B-bygget vil erstatte dette behovet. Tilpassing og oppgradering må gjerast og det blir ein trångare gardsplass, men det vil bli ei mykje rimeligare løysing for prosjektet. Økonomi Økonomien i prosjektet er fortsatt stram. Det er i totalentreprise E20 lagt inn fleire opsjonar for å ha et større økonomisk spelerom. Nokre opsjonar er utløyste, medan nokre er under vurdering med fokus på kost/nytte. Gjeldande reviderte kalkyle viser at berekna reserver og marginar ligg på totalt 25 mill. ekskl. mva.
Kalkyle revidert januar 2016 1 Felleskostnader (Prisstigning) kr 16 520 000 2 Bygning inkl. kto 3, 4, 5 og 6 kr 262 581 582 3 VVS 4 Elkraft 5 Tele og automatisering 6 Andre installasjoner HUSKOSTNAD kr 279 101 582 7 Utendørs kr 17 577 174 ENTREPRISEKOSTNAD kr 296 678 756 8 Generelle kostnader kr 59 120 673 Byggekostnad (Sum 1-8) kr 355 799 429 9 Spesielle kostnader (Ekskl. mva) kr 36 258 293 Reserve (P50 ) kr 6 067 886 SUM PROSJEKTKOSTNAD (P50) kr 398 125 608 Margin (P85 - usikkerhetsavsetning) kr 18 940 000 Prosjektkostnad ekskl. mva kr 417 065 608 Mva kr 102 934 392 SUM PROSJEKTKOSTNAD (P85) kr 520 000 000 Framdrift Framdrifta går i all hovudsak etter planen. Oppstart detaljprosjektering for E20 er sett til 26. januar. Etablering av riggområde og montering av brakkerigg skjer i veke 3. Graving for- og legging av botnleidningar startar primo februar. Forskaling av fundament skal etter planen oppstartast medio februar. Montasje av massivtreelement vil skje i perioden mai til august 2016. Råbygg skal være ferdig desember 2016 og overlevering av nybygg fra totalentreprenøer er sett til 13. des. 2017.
Vurdering Prisane vi fekk inn på E02, var noko over det som var forventa. For E20 stemte det relativt godt med dei prisane som var sett i forprosjektet. Det var for denne entreprisen betydelig avstand frå vald tilbydar til dei øvrige tilbydarane. Byggje- og vedlikehaldssjefen er av den oppfatning at prosjektet kan gjennomførast innafor vedteke totalramme, sjølv om andel reservar/marginar kunne vore noko større. Forslag til vedtak: Plannemnda tek orienteringa til vitande. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Per Olaf Brækkan byggje- og vedlikehaldssjef