Sogn og Fjordane SV vil:



Like dokumenter
Miljø, rettferd og folkestyre

Folkestyre og rettferd for alle

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Program for Masfjorden Venstre

Kommunedelplan for oppvekst

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

ETNE VENSTRE

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Politisk program for Jølster KrF

Ei god framtid for alle!

Pedagogisk plattform

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

STRATEGISK PLAN

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Rådgjevarkonferansen 2009

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Til veljarane i Tysnes

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ole Aasaaren Regionsjef

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Valprogram Sel SV

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SOGN driftig raus ekte

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ål Venstre. Ål Venstre

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Program for. Årdal Venstre

Eit liberalt Sogn og Fjordane

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Program OSTERØY HØGRE

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Velkomen til dykk alle!

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Forslag frå fylkesrådmannen

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Transkript:

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 Ja til Sogn og Fjordane Fylkestingvalprogram for Sogn og Fjordane SV 2015 2019 Sogn og Fjordane Sosialistisk Venstreparti set miljø, likskap, og rettferd først. Vi arbeidar for eit levande folkestyre, og for eit solidarisk, bærekraftig og inkluderande fylke. Noreg må omstille seg til nullutsleppssamfunnet. Sogn og Fjordane har i liten grad eit olje og gass-avhengig arbeidsliv, og dette er eit fortrinn i utviklinga av bærekraftige arbeidsplassar. Små forskjellar gjev tillit mellom folk, og skapar gode lokalsamfunn. Dette er ein føresetnad for å redusere fattigdom, og krev god fordeling og effektiv distriktspolitikk. Det nye inntektssystemet er usolidarisk, og fører til ei sterk sentralisering og ei storstilt overføring av midlar frå distrikta. Vi vil arbeide for auka inntekter til fylket, og så langt som mogleg unngå kutt i tenestetilbodet til innbyggjarane. Ta vare på miljøet Flott kulturlandskap, urørt natur og miljø er nokre av Sogn og Fjordane sine store fortrinn. Vi har derfor eit særleg ansvar for å bruke føre-var-prinsippet og ta miljøomsyn. SV skal vere den konsekvente forkjemparen for natur-og-miljøinteressene i fylket. Skal vi løyse dei globale miljøproblema må vi handle lokalt. Sogn og Fjordane har føresetnadane for å bli eit føregangsfylke i klima- og energipolitikken. Ein kilowattime spart er betre enn ein ny produsert, og fylkeskommunen skal i sine bygg og innkjøp vere ein pådrivar for energisparing, bruk av alternative energikjelder og redusert forbruk. og ein skal ta ei tilsvarande pådrivarrolle i høve til arealplanlegginga i kommunane. Gjennom ENØKfondet kan fylkeskommunen òg stimulere til energisparing og forbruksreduksjon i kommunar og verksemder. Legge føre-var-prinsippet til grunn for næringspolitikken. Gruvedrift med deponi i Førdefjorden er eit tydleg døme på inngrep som SV går imot. Arbeide vidare for vern og bruk, slik at lokalsamfunn kan nytte seg av verneområda gjennom til dømes eit naturbasert reiseliv og anna verdiskaping. Krevje at fylkeskommunen kjøper varer og tenester lokalt når det er mogleg. Det må stillast strenge krav om miljøomsyn og samfunnsansvar i alle utlyste anbod. Døme på slike anbodskrav er krav om lågt utsleppsnivå på ferjer, hurtigbåtar og bussar. Arbeide for at alle fylkeskommunale einingar og bedrifter der fylkeskommunen er eigar vert miljøsertifiserte. Satse på energieffektivisering i fylkeskommunale bygg. At fylkeskommunen medverkar til at det vert bygd fleire hurtigladestasjonar for elbilar. Leggje til rette for meir publikumsvenleg kollektivtrafikk basert på reisevaneundersøkingar. Det bør leggjast særleg til rette for arbeidsruter som kan erstatte privatbiltrafikk. Bygge gang- og sykkelvegar der desse gjev størst miljøeffekt. 1

44 45 46 47 Krevje at det skal stillast strenge miljøkrav ved tildeling av oppdrettskonsesjonar. Ved tvil skal miljøomsyn vege tyngst. SV vil og styrke satsinga på innovasjon og forsking på lukka anlegg. 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 Den gode skulen Skulane i Sogn og Fjordane har lite fråfall, gode resultat og elevar som trivst. Barnehagen og skulen er verdiformidlar og tradisjonsberar, byggjer lokal tilknyting, internasjonal solidaritet, demokrati og engasjement. Barnehagen og skulen må styrast ut frå at det er dette heilskaplege samfunnsmandatet som skal skjøttast, ikkje ut frå resultatindikatorar i eit målstyringsregime. Økonomi skal ikkje vere til hinder for nokon til å ta vidaregåande opplæring. Elevtalet i vidaregåande opplæring vert redusert i åra framover. Størst nedgang får vi i skuleåret 2016/17. Skulebruksplanen som vart vedteken i førre periode ligg til grunn for skule- og tilbodsstrukturen i fylket framover. I løpet av skuleåret 2016/17 vil ein måtte sjå på om kva skular og tilbod elevane søker til likevel gjer at ein må gjere justeringar i strukturen. For SV er målet at vi i Sogn og Fjordane skal greie å kombinere ein desentralisert skulestruktur med høg fagleg kvalitet. I dei neste fire åra vil det òg innan vidaregåande opplæring bli naudsynt å gjere innsparingar ut over dei som kjem av at det blir færre grupper/klassar fordi elevtalet går ned. Når desse innsparingane skal gjerast vil SV prioritere å unngå kutt som forringar kvaliteten i opplæringa elevar og lærlingar får. Lærarane er den viktigaste faktoren for ein god skule. Bibliotekarar, miljøarbeidarar og rådgjevarar, skulehelseteneste er viktige tilleggsressursar fagleg og sosialt. Skulane må kunne nytte andre læringsarenaer enn skulen, til dømes gjennom samarbeid med verksemder, museum, den kulturelle skulesekken og høve til ekskursjonar og internasjonal utveksling. Høgskulen i Sogn og Fjordane er viktig, for å gje utdanning til ungdom, tilrettelagt utdanning for vaksne og etter- og vidareutdanning for arbeidslivet. Høgskulen rekrutterer kompetent arbeidskraft til næringslivet og offentleg forvaltning i fylket. Regjeringa ønskjer ei strukturendring i universitets- og høgskulesektoren, og Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått klare signal om å arbeide for samanslåing med andre institusjonar. SV er mot samanslåing med tvang, og vi meiner at tett samarbeid med andre høgskular og universitet er eit godt alternativ til samanslåing. Framtidig arbeidsliv er kunnskapsbasert og høgskulen og Vestlandsforsking er sentrale i utvikling av ny kompetanse. Forsking har både ein eigenverdi og næringsverdi. Kunnskapsbedriftene skal i tillegg til å vere utdannings- og forskingsinstitusjonar bidra til regional utvikling. Her er koplinga til fylkeskommunen, lokalt næringsliv, og andre aktørar sentralt. At opplæringa skal gje solide fagkunnskapar, gode strategiar for læring, kritisk tenking, kreativitet og evne til å finne løysingar. Lærarane skal kunne prioritere tida til 2

92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 undervisning. Som skuleeigar skal fylkeskommunen vise tillit til lærarane sin pedagogiske og faglege vurderingar. At vidaregåande skule skal bidra til sosial utjamning. At vidaregåande skular tek eit aktivt ansvar for hybelbuande elevar i samarbeid med foreldre og kommunar. Styrke medverknad frå elevane i skulen. At læremiddel må ligge føre på nynorsk og ha god kvalitet. Bøker og alle læremiddel skal vere gratis. Skulane må kunne velje læremiddel utifrå pedagogiske grunngjevingar. At fylkeskommunen skal vere ein profesjonell, moderne, attraktiv og raus arbeidsgjevar. Som arbeidsgjevar skal fylkeskommunen verdsette kompetanse, både gjennom lønspolitikken og ved å satse på etter- og vidareutdanning. Halde på og sikre rekruttering av lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. Prioritere å halde på og styrke miljøkoordinatorane for å sikre trivsel og eit godt skulemiljø for elevane. Arbeide for å heve statusen til yrkesfaga og at fleire elevar søker yrkesfaglege utdanningar og fullfører desse med fagbrev. Nok lærlingplassar både i offentleg og privat verksemd utdanningsløp der ein vekslar mellom praksis og skule heilt fram til fagbrev, mogelegheita til å ta påbygging til generell studiekompetanse etter fullført fagbrev og å styrke og gjere fagskuleutdanningane meir kjent, er nokre tiltak som kan bidra til dette. At Sogn og Fjordane skal vere eit føregangsfylke innan entreprenørskap i skulen og næringstilpassa undervising. At den vidaregåande skulen skal vere offentleg eigd og driven. Dette er den einaste måten ein kan oppretthalde ein desentralisert struktur, sikre breidde i linjeval og likeverdige høve til opptak for alle elevar i Sogn og Fjordane. Ein grøn og framtidsretta næringspolitikk Sogn og Fjordane SV vil ha ein grøn og berekraftig næringspolitikk. Det er ein god samanheng mellom naturvern, lokal verdiskaping og næringsutvikling i fylket. Vi vil ha eit levande næringsliv i Sogn og Fjordane tufta på dei lokale føresetnadane våre. Industrimiljøa våre gjer at miljøteknologi har ei stor framtid i Sogn og Fjordane. Vi må ha eit næringsliv som etterspør kompetanse og tilbyr spennande arbeidsplassar. Dei offentlege verksemdene i fylket lagar gode kompetansemiljø og gjev eit godt grunnlag for etablering av anna næringsverksemd. For å sikre at viktige samfunnsoppgåver som transport og energiproduksjon blir løyste, er det viktig å bevare den fylkeskommunale eigarskapen i dette. Kommunane er førstelinjetenesta i tiltaksarbeidet. Fylkeskommunen og Innovasjon Norge må samarbeide tett med kommunane om å gje næringslivet dei beste vilkår for nyetablering og vidareutvikling. Jordbruk og fiske er næringsberebjelkane i Sogn og Fjordane og må sikrast levedyktige inntekter. 3

136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 At Sogn og Fjordane skal går føre i satsinga på berekraftig naturbasert reiseliv, tufta på lokale aktørar, produkt og verdiar. Sikre ei levedyktig inntekt for vestlandsbonden, og tilskotsordningar som sikrar ein variert bruksstruktur. Streng praktisering av jordvernet er nødvendig for halde oppe matproduksjonen. Arbeide for betra vilkår for grøne arbeidsplassar, og strengare krav til miljøomsyn for industriverksemder. Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Vidareutvikle spennande forskings- og utviklingsmiljø som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Sogn og Fjordane må få ein auka del av forskingsmidlane. Arbeide aktivt for at kompetansen til innvandrarane i fylket i større grad skal nyttast. Internasjonal arbeidskraft er naudsynt for Sogn og Fjordane, og også dei skal sikrast rette løns- og arbeidsvilkår. Sikre utvikling av lokalsamfunna ved å arbeide for naudsynte samferdsleprosjekt. Eit godt døme er betre standard med gul midtstripe på E39 gjennom fylket. Vi vil og prioritere tiltak som gir betre trafikktryggleik på fylkesvegane. Halde oppe det fylkeskommunale arbeidet med utbygging av breiband med høg kapasitet. God digital infrastruktur er viktig for attraktive bumiljø og næringsutvikling i heile fylket. 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 Kulturfylket Kunst og kultur er viktig for å gje livsglede, trivsel og kritiske refleksjonar, samtidig som det er leveveg for stadig fleire. SV ønskjer å satse på eit samspel av profesjonelle krefter og amatørar vi vil leggje til rette for vekst i dei kulturbaserte næringane samtidig som vi tek vare på det frivillige og dugnadsbaserte kulturlivet. Dei etablerte institusjonane i fylket, og nettverket dei i mellom, må styrkast. Det må gjevast rom for både smal og meir populær kultur. Kulturlivet skal spegle tradisjon og historie i fylket samtidig som det opnar for nye og framande impulsar. SV arbeider for at kultursektoren ikkje må ta ein større del enn snittet av dei varsla økonomiske nedskjeringane i fylkeskommunen. Halde oppe eit høgt nivå på etablerte kulturinstitusjonar som musea, Sogn og Fjordane Teater, Opera Nordfjord, distriktsmusikarane, Folkemusikkfestivalen og andre. Hjelpe fram private initiativ med kulturarbeidsplassar som til dømes Åmot Operagard, lokale forlag og teaterfestivalen i Fjaler. Arbeide for eit godt bibliotektilbod i heile fylket, uansett framtidig kommunestruktur, med bibliotek som når alle og fungerer som kulturelle møtestader. 4

178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 Sikre ei demokratisk og fagleg styring av kulturuttrykk i det offentlege rom. Sikre barn og unge si kulturutvikling gjennom å styrke ordningar som Den kulturelle skulesekken og kulturskulane. Prioritere anlegg for barn og unge og tiltak knytt til folkehelse og friluftsliv. Bevare ordninga Heim for ein 50-lapp. Arbeide for at det vert etablert eit kulturforum i Sogn og Fjordane med aktørar frå kunst- og kultursektoren for å styrke kulturdebatten og vidareutvikle nettverka i fylket. Nynorskfylket Sogn og Fjordane har teke på seg rolla som ein bastion for det nynorske språket. Det inneber at vi vil arbeide for å forsvare og styrke nynorsk på alle område i fjordfylket. 191 192 193 194 195 Vidareutvikle Sogn og Fjordane som ein kjerneregion for det nynorske språkområdet. Stø arbeidet i nettverket Nynorskfylket, som omfattar dei fleste sentrale fylkeslag, organisasjonar og bedrifter i Sogn og Fjordane. Arbeide for at fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane, i samarbeid med lokale folkebibliotek, prioriterer nynorsk leselyst-kampanjar retta inn mot unge. 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 206 Kommunereform i Sogn og Fjordane Regjeringa med støtte frå fleirtalet i Stortinget har sett i gang arbeid med ei kommunereform. Det er framleis mykje med denne kommunereforma som er uklart og uavklart. Viktige avklaringspunkt som kommuneøkonomi og oppgåvefordeling i ein ny struktur er framleis ikkje avklart. Trass i dette er kommunane sett til å utgreie eventuell samanslåingsopplegg. Samanslåing av fylke til større regionar vert og vurdert som ein del av kommunereforma. Dette er ei reform som kan føre til sentralisering og svekking av fylket, og gje ein svakare kommuneøkonomi for kommunane og fylkeskommunen. Sogn og Fjordane SV meiner dette er viktige standpunkt å arbeide for: 207 208 209 210 211 212 213 214 215 216 217 Ei kommunereform må ikkje svekkje folkestyret og lokaldemokratiet. Det er viktig at innbyggjarane føler tilknyting til og kjenner at dei har reel styring i kommunen. Ei kommunereform må føresette at kommunane får like oppgåver. Alle innbyggjarar skal ha dei same rettane uavhengig av kva kommune dei bur i. Primært ønskjer SV at fylkeskommunen skal bestå. For å balansere omsyna til effektiv oppgåveløysing og demokrati vil SV derfor gå inn for å oppretthalde eit fylkeskommunalt folkevald nivå og å tilføre dette oppgåver som kommunane ikkje kan løyse aleine. Samtidig ser SV at den pågåande kommunereformprosessen kan resultere i færre og større kommunar. Det vil kunne auke sjansen for at det også vil skje noko med fylkeskommunane. Difor ønskjer SV at ein folkevald kommuneorganisasjon i dagens Sogn og Fjordane ( Oslo-modellen ) bør utgreiast. 5

218 219 220 221 222 223 224 225 226 227 228 229 230 231 232 233 234 235 236 237 238 239 240 241 242 243 244 245 246 247 248 249 250 251 252 253 Velferd der folk bur er god miljø- og klimapolitikk. Sentralisering av ulike offentlege velferdstilbod og arbeidsplassar kan føre til auka pendling og bilkøyring. Kostnadene med reforma bør grundig utgreiast på førehand. Mange offentlege reformer i seinare tid har ikkje vore godt nok utgreidde når det gjeld kostnader med sjølve omstillinga. SV vil krevje at dette blir grundig avklart på førehand. Nye kommunegrenser må avgjerast lokalt. For SV er det viktig at folk lokalt har innverknad på ei eventuell kommunereform og korleis eit eventuelt nytt kommunekart skal sjå ut. Det er viktig å sikre folkeleg deltaking og god meiningsutveksling om reforma, og kommunane bør leggje spørsmålet ut til lokale rådgjevande folkerøystingar. Likeverdig og godt helsetilbod Sogn og Fjordane SV meiner helsetenestetilbodet skal vere likeverdig for alle uavhengig av kvar den einskilde bur, alder eller økonomi. Fylkeskommunen har ansvar for tannhelsetenesta i fylket. Den viktigaste utfordringa er å sikre rekrutteringa av tannlegar til tannklinikkane i fylket. Andre deler av helsetilbodet er det kommunane, helseføretaka og staten som har ansvar for. Sogn og Fjordane SV meiner at Stortinget må vedta ein nasjonal helseplan som tek stilling til overordna prioriteringar og ansvarsfordeling. Føretaksmodellen må avviklast og styringa av sjukehusa må overtakast av folkevalde på nasjonalt og regionalt nivå. Sogn og Fjordane SV vil oppretthalde sentralsjukehuset i Førde, og lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Desse tre sjukehusa skal saman sikre eit nært og fagleg godt tilbod for innbyggjarane. Samhandlingsreforma endrar oppgåvene mellom kommunane og sjukehusa. SV er spesielt oppteken av at kommunane skal få nødvendig økonomiske overføringar for å utføre sine nye plikter. Ambulansetenesta er avgjerande viktig i vårt spreiddbygde fylke. SV vil setje av tilstrekkeleg med ressursar for å sikre høg kvalitet og god beredskap. Barnevern, barne- og ungdomspsykiatri og rusomsorg er prioriterte satsingsområde i SV sin politikk. Førekomstundersøkingar viser at 1 av 10 kvinner og 1 av 100 menn har opplevd valdtekt. Det er viktig at politi og helsevesen lokalt har god kompetanse på vald og overgrep. Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Støttesenter mot incest og seksuelle overgrep og valdtektsmottaket må sikrast gode rammevilkår. 6