Sunnmøre Kulturnæringshage AS telefon Nettstad: Org.nr. NO MVA Storgata 8, 6100 Volda telefaks Side 2

Like dokumenter
Sunnmøre Kulturnæringshage AS telefon Nettstad: Org.nr. NO MVA Storgata 8, 6100 Volda telefaks Side 2

Innhald. Innleiing Handlingsplan DEL A: Hovudaktivitet DEL B: Andre aktivitetar... 14

Sunnmøre Kulturnæringshage AS telefon Nettstad: Org.nr. NO MVA Storgata 8, 6100 Volda telefaks Side 2

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Programmet for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Vi hoppa i det korleis har vi jobba i programmet, og kva har vi oppnådd?

Skaparkraft og partnarskap i samspel

SÁPMI NÆRINGSHAGE AGENDA

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Referat frå styremøte nr Dato: Tid: kl Stad: Ålesund Kunnskapspark, møterom Ørnetua

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Strategi Forord

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Regionale utviklingsmidlar til ulike program og prosjekt i kunnskapsparkane i Møre og Romsdal tilskott til FoUinkubatorar

Dykkar ref Vår ref Dato

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

INTERNASJONAL STRATEGI

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Følgjeforskingsprosjektet i Møre og Romsdal

avtale FOR NÆRINGSHAGEBEDRIFT I RØROSREGIONEN NÆRINGSHAGE

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

På samme lag for lokal næringsutvikling

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

STRATEGIPLAN

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Oppfølging av kommunalt eigarskap

Målbedrift i Ryfylke Næringshage AS

En utvikling på høgskolenes premisser?

Program Oppsummering etter diskusjon med prioritering av utviklingsområder

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Handlingsplan for internasjonalisering

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Nordland Fylkeskommune. 12. juni 2012 Fylkestinget. Harald Kjelstad

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Dykkar ref Vår ref Dato

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Kommunikasjonsstrategi

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Kunnskapsdeling som grunnlag for innovasjon Kva kan vi lære om nyskaping frå utkantregionar i Europa?

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Buskerud Næringshage. «En Næringshage skal skape verdi for bedriftene, lokalsamfunnet og det regionale næringslivet»

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Strategiplan for FoU

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

AVROP OG LEVERANSAR WP 2, 3, 5 OG 6 NÆRINGSHAGEKONSORTIET I VEST-TELEMARK

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

STRATEGISK PLAN

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Departementet stiller totalt 85,5 mill. kroner til disposisjon for Siva i 2016.

Saknr. 12/ Saksbehandler: Turid Lie. Kvinnovasjon i Fjellregionen - søknad om støtte Fylkesrådets innstilling til vedtak:

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Strategi Ny kunnskap ny praksis

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Regional- og næringsutvalet Møtestad: Giske kommune, rådhuset, kommunestyresalen Dato: Tid: 13:15 Protokoll nr: 2/2018

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Forstudie Næringshage i Vinje

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Utlysing av midlar til utvikling av kreative næringar i Møre og Romsdal

S T R A T E G I D O K U M E N T

Referat frå styremøte nr. 6, 2013

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Ål Venstre. Ål Venstre

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

En innovativ og eksportrettet region i verdensklasse Ulstein

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Finnøy og Rennesøy kommunar

Transkript:

Handlingsplan - strategi, visjon og mål 2016

Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 2 av 14 Bank: 3991.05.95117

Innhald Innleiing... 4 Strategi... 4 Visjon... 4 Overordna mål... 4 Eigarar... 4 Styret... 4 Handlingsplan 2016... 5 Innleiing... 5 DEL A: Hovudaktivitet... 5 Leveransar i tråd med det nasjonale Næringshageprogrammet... 5 Område 1: Kompetanseheving, innovasjon og nyskaping... 6 Strategiar:... 6 Aktivitetsplan... 6 Område 2: Målbedriftene... 7 Strategiar:... 7 Aktivitetar... 8 Område 3: Infrastruktur for auka samarbeid og samhandling... 8 Volda Kunnskapspark... 9 Aktivitetsplan... 9 Område 4: Det avgjerande nettverket... 9 Aktivitetsplan... 9 Område 5: koplingsfunksjon... 10 Aktivitetsplan... 10 Område 6: Utviklingsressurs og virkeområde... 11 Virkeområde... 11 Aktivitetsplan... 11 Område 7: Profilering og synleggjering... 12 Strategiar:... 12 Aktivitetsplan... 12 DEL B: Andre aktivitetar... 13 Område 1: Etablerarvegleiing og starthjelp... 13 Aktivitetsplan... 13 Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 3 av 14 Bank: 3991.05.95117

Innleiing Strategi Sunnmøre Kulturnæringshage AS (SKNH) er eit innovasjons- og utviklingsselskap som skal arbeide for vekst og nyskaping innan kreative næringar i Møre og Romsdal. Arbeidet har både eit bedriftsretta perspektiv ved medverknad til levedyktige bedrifter, og eit samfunnsøkonomisk perspektiv gjennom medverknad til auka regional verdiskaping og busetting. SKNH skal ha fokus på innovasjon, utvikling og vekst med utgangspunkt i næringslivet sine behov og ynskjer. Visjon Sunnmøre Kulturnæringshage AS skal være eit nasjonalt knutepunkt for kreative. Verdiar Våre verdiar er: - kompetent - engasjert - tydeleg Overordna mål Sunnmøre Kulturnæringshage AS skal bli det mest attraktive kulturnæringsutviklingsmiljøet i distrikts- Noreg, og eit knutepunkt for kreative næringar i Møre og Romsdal. Vårt mål er at Sunnmøre Kulturnæringshage AS skal ha medverka til etablering av 30 nye kulturnæringsbedrifter innan utgangen av 2016. Eigarar SIVA (Selskapet for industriell vekst SF) Sparebank1 Søre Sunnmøre Volda kommune Ulstein Group ASA Tussa IKT AS 50 aksjar 50 aksjar 45 aksjar 30 aksjar 30 aksjar Styret Gunnar Solheim, styreleiar Jørgen Amdam Lene Trude Solheim Odd A. Folkestad Vararepresentantar: Oddbjørn Petter Nes Gunnar Schjelderup Strøm Torild Bugge Dagleg leiar, Orgdot AS Professor, Høgskulen i Volda Public Relations Manager, Ulstein Group ASA Forretningsutviklar, Volda kommune Seniorrådgjevar, Høgskulen i Volda Førsteamanuensis, Høgskulen i Volda HR Direktør, Ulstein Group ASA Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 4 av 14 Bank: 3991.05.95117

Handlingsplan 2016 Innleiing Styret i Sunnmøre Kulturnæringshage AS vedtok i styremøte 28 oktober 2015 strategi for 2016, og nærverande handlingsplan er utarbeidd i tråd med den vedtekne strategien. Arbeidet Sunnmøre Kulturnæringshage AS (SKNH) gjer skal være tufta på behova som kjem til uttrykk i arbeid med dei einskilde næringshagebedriftene (målbedriftene). Arbeidet skal og være i tråd med det som er nedfelt som satsingsområder i næringsplanar frå Sunnmøre Regionråd, Møre og Romsdal fylkeskommune sine regionale planar og SIVA sine nasjonale satsingar. SKNH skal bære fleksibel, dynamisk og tilpassingsdyktig. Handlingsplanen er difor meint å vere eit levande dokument, samstundes som den gir nokre klare retningslinjer for 2016. Handlingsplanen for 2016 er vidare å sjå som ein aktivitetsplan, som på mange måtar er ei skildring av vårt pågåande arbeid. Styret i SKNH har ei felles forståing av at dette er aktivitetar som vi ynskjer å utføre og mål som vi arbeider for å nå, men at det kan kome opp saker i løpet av 2016 som gjer det hensiktsmessig å prioritere annleis. Handlingsplanen er delt i to hovuddelar: DEL A: Leveransar i tråd med det nasjonale Næringshageprogrammet DEL B: Andre aktivitetar DEL A: Hovudaktivitet Leveransar i tråd med det nasjonale Næringshageprogrammet Sunnmøre Kulturnæringshage AS vart tatt opp i det nasjonale Næringshageprogrammet frå 1. Juli 2011. Næringshageprogrammet er eit distriktspolitisk virkemiddel frå Kommunal- og regionaldepartementet og fylkeskommunane, og skal medverke til auka verdiskaping. SIVA (Selskapet for industriell vekst SF) er nasjonal operatør for programmet. Næringshageprogrammet har som visjon at programmet skal medvirke til å utvikle attraktive bedrifter og arbeidsplassar i heile Noreg for morgondagens talent. Hovudmål for Næringshageprogrammet er å bidra til auka verdiskaping gjennom tilrettelegging for utvikling av kunnskapsarbeidsplassar i heile landet. Næringshageprogrammet skal og være et virkemiddel for fylkeskommunen og medverke til at fylkeskommunen sin rolle som regional utviklingsaktør blir styrka. SKNH sine viktigaste aktivitetar er knytt opp til leveransane i forhold til dette programmet. SKNH er ein næringshage primært for Sunnmøre og soleis for kommunane Haram, Hareid, Herøy, Giske, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund i Møre og Romsdal fylke. Arbeidet med Det nasjonale Næringshageprogrammet er finansiert gjennom: - Årleg utviklingstilskot frå SIVA kr. 650.000,- 50 % - Årleg utviklingstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune kr. 325.000,- 25 % - Årleg betaling frå målbedriftene i SKNH (minimum) kr. 325.000,- 25 % Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 5 av 14 Bank: 3991.05.95117

Område 1: Kompetanseheving, innovasjon og nyskaping Strategiar: SKNH skal initiere og legge til rette for kompetansehevings- og nyskapingsaktivitetar som er relevante for målbedriftene i næringshagen, og for næringslivet i regionen. Dette kan være mange ulike aktivitetar som mellom anna; bedriftsutvikling, kompetanseutvikling, rekruttering, stimulere til internasjonalisering og kopling til relevante kapitaltilbydarar. I tråd med strategiske næringsplanar i kommunane skal SKNH arbeide for at næringslivet i kommunane utnyttar moglegheitene som ligg i kunnskapsmiljøa i Møre og Romsdal; Høgskulen i Volda, Høgskulen i Ålesund, Høgskulen i Molde, Kunnskapsparkane og NCE maritime, VRI-Møre og Romsdal og Innovasjon Noreg. SKNH skal bidra til god lokal kunnskap om moglegheiter og ordningar regionalt, og syte for god informasjon til lokalt næringsliv om kontaktpunkt mot virkemiddelapparatet. SKNH skal ha ein viktig funksjon som tilretteleggjar og koplar mellom næringsliv og Forskings og utviklingsmiljø (FoU) og -midlar. SKNH skal inspirere og vegleie til bruk av forsking i næringslivet på Sunnmøre. SKNH skal ha eit tett samarbeid med Innovasjon Noreg Møre og Romsdal. SKNH skal ta ein synleg posisjon som ei forlenga arm for Innovasjon Noreg på Søre Sunnmøre. Medarbeidarane i SKNH skal være godt oppdatert på virkemidlar i Innovasjon Noreg, Regionalt Forskingsfond, VRI og SkatteFUNN. Aktivitetsplan 1.0 Aktivitet Mål Tidspunkt Plan for 2016 Samarbeidspartnarar 1.1 Arrangere Kreative Møre og Romsdal - ei serie på 8-10 møter årlege møter på kveldstid i kvar av byane Ålesund, Molde og Kristiansund. - tema: firmapresentasjonar, show and tell nytt frå filmbransjen og andre kulturnæringar. Casestudies og nytt frå virkemiddelapparatet - Stimulere til samarbeid mellom bedrifter Halde fram med møta på Søre Sunnmøre, i samarbeid med Vestnorsk Filmsenter og Kreative Sunnmøre i Ålesund, Kreative Romsdal på Molde og Kreative Nordmøre i Kristiansund Vestnorsk Filmsenter Møre og Romsdal Fylkeskommune Øygardshamna AS, Aura Næringshage AS, Nordic Light AS, Anna Design AS 1.2 SKNH skal fortløpande kunne bidra til å kople enkeltbedrifter opp mot IN. Ei auke i talet på gode FoU prosjekt som IN støttar med tildeling av mentor, tilskot eller lån. Koordinere dette med IN sine regionale informasjonsmøter Innovasjon Noreg Næringsforeiningar 1.3 Utvikle og gjennomføre spissa kompetansehevande kurs retta mot kulturnæringane - Doffin anbodsguide Fleire leveransar og auka omsetnad for målbedriftene i Vidareformidle relevante Doffin utlysingar og levere tenester til Innovasjon Noreg MR Fylke Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 6 av 14 Bank: 3991.05.95117

- Segmentering av marknad næringshagen. målbedrifter som treng hjelp med anbod 1.4 Dagleg leiar i SKNH skal i løpet av 2015 delta på eventuelt tilgjengelege kurs i SkatteFUNN og på IN dagen hjå Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal Kompetanseløft I løpet av året SKNH IN MR Fylke 1.5 Være ein tydeleg samspelar med andre aktørar i virkemiddelapparatet i Møre og Romsdal Nettverksbygging IN, MR Fylke, næringshagar, inkubatorar og kunnskapsparkar 1.6 SKNH skal delta på samlingar i regi av fylkeskommunen eller andre der det blir lagt opp til informasjon om virkemidla frå desse aktørane. Kompetanseløft Område 2: Målbedriftene Strategiar: Målbedriftene i næringshagen har ei samarbeidsavtale med SKNH. Avtalen er basert på standardavtalen som er utarbeidd av SIVA. Målbedriftene skal være spissa mot næring som spring ut frå kultur og mediefagutdanninga ved Høgskulen i Volda, eller være viktige underleverandørar til desse næringane. Dette skapar eit markant og tydeleg nettverk for aktørane. For nokon av målbedriftene vil det å være ein del av det kreative nettverket være det viktigaste. Desse vil kanskje berre nytte seg av eit fåtal tenester frå SKNH som til dømes årleg utviklingssamtale, eller deltaking på felles møter og kompetansehevingstiltak. Gjennom målbedriftsavtalen bidreg alle verksemdene til finansiering av næringshagen, og dei er viktige kundar av SKNH. Andre målbedrifter vil ynskje tettare oppfylging frå næringshagen enn det som ligg i grunntenestene som er inkludert i målbedriftsavtalen. Dette kan være prosessvegleiing eller prosjektleiing i innovasjons- og nyskapingsprosjekt, mentoring, forretningsmodellering basert på LEAN business og LEAN startup modellen eller annan direkte vegleiing frå næringshagen sin utviklingsressurs. Konkrete avtalar kring dette blir gjort med kvar einskild verksemd. Den viktigaste målgruppa for SKNH er målbedriftene. Desse får tilgang til nokre basistenester inkludert i den årlege serviceavgifta, samt moglegheit til å kjøpe næringshagen sine andre tenester til ein rabattert pris. I særskilde utviklings- eller oppstartingsprosjekt kan næringshagen gi inntil 75% rabatt på ordinær timepris til målbedriftene. Verksemder som ikkje har medlems- eller målbedriftsavtale kan kjøpe næringshagen sine tenester til normal timepris. Dei aktivitetane som næringshagen utfører for målbedriftene er dels felles tiltak for fleire eller alle målbedriftene, og dels konkrete tiltak retta mot den enkelte verksemd. Samspelet mellom felles tiltak og konkrete aktivitetar for einskildverksemdene er viktig for optimal bruk av ressursane til beste for næringslivet i regionen. Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 7 av 14 Bank: 3991.05.95117

Aktivitetar 2.0 Aktivitet Mål Plan for 2016 Tidspunkt 2.1 Rekruttere og oppretthalde ei stabil eller aukande mengde målbedrifter. - Hoppid.no kurs, fyrstelinetenesta og faglege møteplassar som Kreative Møre og Romsdal. - SKNH skal tilby eit aktivt og godt miljø for etablerte verksemder innan målgruppa. SKNH skal i 2016 ha minimum 30 næringshageverksemder i snitt gjennom året. Minimum 7 av desse skal være samlokalisert i Storgata 8 i Volda. 2.2 Alle næringshageverksemder skal ha tilbod om årleg utviklingssamtale med utviklingsressursen i næringshagen. Utviklingssamtalane tek sikte på å avdekke viktige utfordringar for den einskilde verksemd. Jamn kartlegging og oppdatering av situasjonen i målbedriftene for å kunne vere ein reell og relevant utviklingsressurs for næringshageverksemdene, 1.kvartal 2.3 Tett og kontinuerlig kontakt med målverksemdene for å kunne bidra anten med eigen kompetanse eller med å kople den aktuelle verksemda opp mot andre relevante kompetansemiljø. SKNH skal være preferert sparringspartnar og mentor for eigne målverksemder innanfor dei områda medarbeidarane har spisskompetanse på I løpet av året 2.4 Utarbeide ein rapport om utviklinga i kvar enkelt målverksemd i 2015. Ein skal rapportere på mellom anna tal tilsette, omsetning, økonomisk resultat, kjønnsfordeling i eigarskap og leiing, bruken av FoU-midlar samt tildeling av lån og tilskot frå IN, kommunale næringsfond og nasjonale fond. Rapporteringa er pålagt av SIVA og Møre og Romsdal fylkeskommune, men er og viktig for at vi skal kunne fylgje utviklinga i bedriftene vi arbeider med. Tilsvarande rapportering for 2016 vert å utarbeide i 2017 Oversikt over utviklinga i målbedriftene. 1. kvartal Område 3: Infrastruktur for auka samarbeid og samhandling SKNH disponerer i dag 1 kontor og 2 møterom i samlokaliseringa i Storgata 8 i Volda. SKNH driftar fyrstelinjetenesta Hoppid.no for Volda kommune. 8 målbedrifter, Vestnorsk Filmsenter og Volda Næringsforum disponerer resten av arealet. Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 8 av 14 Bank: 3991.05.95117

Volda Kunnskapspark Høgskulen i Volda og SKNH ynskjer å arbeide for etablering av ein kunnskapspark for kultur- og mediefag knytt til Høgskulen i Volda, og at denne kunnskapsparken skal være ein del av SIVA nettverket. Aktivitetsplan 3.0 Aktivitet Ansvar Tidspunkt Plan for 2016 Samarbeidspartnarar 3.1 Utarbeide søknad om midlar til forprosjekt i samarbeid med HVO Styreleiar Dagleg leiar Styret HVO 1. kvartal Innhente prosessinformasjon frå andre Kunnskapsparkar Høgskulen i Volda SIVA Andre kunnskapsparkar Lokale fagmiljø Område 4: Det avgjerande nettverket Aktivitetsplan 4.0 Aktivitet Mål Tidspunkt Plan for 2016 Nettverk 4.1 SKNH skal arbeide aktivt for at verksemdene i næringshagemiljøet skal føle seg som ein del av eit nettverk og eit fellesskap. Dette kan gjerast gjennom deling av informasjon, etablering av fysiske og virtuelle møteplassar, profilering av verksemdene på SKNH sine nettog FB sider, oppfølging og B2B kopling Alle verksemdene skal føle seg som ein del av eit nettverk og eit fellesskap Målbedrifter 4.2 SKNH skal delta på samlingar i SIVA-nett og arrangement og konferansar i regi av SIVA. SKNH rapporterer til SIVA i tråd med retningslinene i næringshageprogrammet. SKNH skal være ein del av SIVA sitt kompetanse- og innovasjonsnettverk. SIVA NiN 4.3 SKNH skal delta på viktige arrangement i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. SKNH skal ha ein god dialog med fylkeskommunen sin ansvarlige for næringshagane og orientere om aktiviteten SKNH har. SKNH skal være ein viktig samarbeidspartnar for Nøre og Romsdal kommune i det regionale utviklingsarbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune Regional- og næringsavdelinga Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 9 av 14 Bank: 3991.05.95117

4.4 SKNH skal så langt råd delta på dagleg leiarsamlingar i foreininga Næringshagane i Norge. SKNH skal profilere deltakinga i dette nettverket i sitt eige materiale og elles der det er naturleg SKNH skal være ein aktiv del av nettverket Næringshagene i Norge (NiN) NiN 4.4 SKNH skal arbeide for at SIVA og NiN i større grad kompetanselyfter deltakarane i nettverket, til dømes gjennom synleggjering av best practice. Meir kompetansedeling mellom utviklingsaktørane SKNH SIVA NiN 4.6 SKNH skal ha jamn kontakt med Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, VRI, Forskingsrådet og andre delar av innovasjonsmiljøet i regionen. SKNH skal utvikle samarbeidet og samspelet med Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, særleg i høve kulturnæringane, og spesielt i høve film saman med Vestnorsk Filmesenter SKNH skal være ein tydeleg del av innovasjonsmiljøet i Møre og Romsdal IN Møre og Romsdal fylkeskommune VRI Forskingsrådet Vestnorsk Filmsenter Område 5: koplingsfunksjon SKNH skal være ein aktiv koplingsaktør som knyt verksemdene opp mot relevante støttespelarar/kompetanseleverandørar og hjelparar til ei kvar tid. Dette kan være andre verksemder, kundar, forskingsmiljø, investeringsmiljø, fagmiljø og offentleg virkemiddelapparat. SKNH skal initiere nettverksbygging gjennom å legge til rette for møteplassar for næringslivet i regionen. Aktivitetsplan 5.0 Aktivitet Tidspunkt Plan for 2016 Samarbeidspartnarar 5.1 Bidra til å knyte målverksemdene opp mot relevante miljø 5.2 Bidra til å knyte målverksemdene opp mot bankar og investeringsselskap. I løpet av året Sparebank1 SBM/Nordea 5.3 Søke finansiering til utvikling av ein virtuell næringshage retta mot mediefaga. Svært mange verksemder som arbeider innan våre kulturnæringar har eit gummistrikkbemanningsbehov og vil ha store fordelar av ein B2B nettbasert næringshage der ein kan tilby og kjøpe I løpet av året Vestnorsk Filmsenter, Frost Media (bedriftsnettverk), Høgskulen i Volda Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 10 av 14 Bank: 3991.05.95117

frilansetenester. IN 5.4 SKNH kan arrangere mindre møter, forelesingar, seminar, verkstadar osb. Ved behov. Eksempel: - nettverk for leiarar i kulturnæringsbedrifter - gründertreff - festivalforum (samling av arrangementskompetanse) - møteplass for næringsliv frå regionen i Oslo samarbeid med bankane (Sunnmørstreff) - verkstad for kreativitet og entreprenørskap Etter behov Område 6: Utviklingsressurs og virkeområde SKNH har eit heilt årsverk fast tilsett i verksemda. Næringshagens aktivitetar krev tilsette med høg faglig kompetanse, høgt engasjement, stor arbeidskapasitet og evne til å bygge og handtere store nettverk og mange aktivitetar - samstundes som ein held fokus på enkeltbedrifter og leiarane i dei. Dette krev mykje av dei tilsette. Daglig leiar og styret har difor eit særleg ansvar for å halde fokus på arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Næringshagen skal leiast i tråd med verdiane kompetent, engasjert og tydelig. Næringshagen skal være ein krevjande men attraktiv og inspirerande arbeidsplass. SKNH har kontoradresse og hovudkontor i Storgata 8 sentralt i Volda. Dette fungerer med tanke på næringshagen som ressurssenter og inspirator til tettare samhandling mellom bedrifter, men det er begrensa plass i samlokaliseringa. Dette gir mindre moglegheiter i høve utvikling av klyngetenking og avgrensar moglegheitene for samlokalisering av andre typar kulturnæringar. Lokala fungerer greitt i høve levering av fyrstelinjetenesta Hoppid.no, kurs og mentoring for våre målbedrifter. Virkeområde SKNH kan dekke eit større geografisk område, som til dømes heile Møre og Romsdal fylke, i samband med reiseaktivitet i prosjektet Kreativfylket. Der ein nær kvar månad er i Ålesund, Molde og Kristiansund. Aktivitetsplan 6.0 Aktivitet Mål Plan for 2016 Tidspunkt 6.1 SKNH skal være det sterkaste fagmiljøet innan utvikling av kulturnæringar på Sunnmøre. Rekruttering av dyktige medarbeidarar og eit arbeidsmiljø som inspirerer til både personleg utvikling og høge ambisjonar på vegne av næringslivet i regionen er difor sentralt. SKNH skal være ein attraktiv og inspirerande arbeidsplass. 6.2 Tilsette i SKNH er være sertifisert innan Lean Business og Lean Startup som er Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Noreg sit prefererte foretningsmodelleringsverkty. Gode mentortenester til våre målverksemder 6.3 Marknadsføre SKNH som utviklingsressurs mot Hoppid.no nettverket i høve kulturnæringar vi spesialiserar oss på. Fleire bedrifter ynskjer å være tilknytt SKNH Informere via hoppid.no Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 11 av 14 Bank: 3991.05.95117

6.4 Tilsette i SKNH skal delta på kurs, konferansar og annan kompetanseheving i den grad det er hensiktsmessig i forhold til naudsynt kompetanse og tidsbruk og kostnadar. Område 7: Profilering og synleggjering Strategiar: Næringshagemiljøa skal stå fram som attraktive miljø for komande talent. Ein føresetnad for å nå dette målet er at miljøa blir synlege for eksterne aktørar. Dette kan gjerast gjennom å publisere nådde resultat, drive aktiv marknadsføring av det totale miljøet samt synleggjere den samla kompetansen. SKNH fikk i løpet av 2012 utvikla eigen logo, visuell profil og ny nettside samarbeid med organisasjonen Næringshane i Norge (NiN). Logo skal nyttast aktivt i all aktivitet SKNH har, og medvirke til å gi næringshagen ein tydelig posisjon og profil. For SKNH er det viktig å synleggjere både dei aktivitetane som skjer i næringshagen og den kompetansen bedriftene kan få tilgang til gjennom næringshagen. Dette blir gjort gjennom bruk av eigne nettsider og sosiale mediar, redaksjonell omtale og oppmoding til våre nære samarbeidspartnarar om å spreie informasjon i sine nettverk. Aktivitetsplan 7.0 Aktivitet Mål Plan for 2016 Tidspunkt 7.1 Nettstaden www.sknh.no og speilsida www.kulturnæringshagen.no skal bearbeidast, oppdaterast og haldast ved like kontinuerlig. Nyhende, påmelding til arrangement, profilering av næringshageverksemder og andre samarbeidspartnarar er viktige verkty for halde nettstaden levande og interessant Arbeide for at våre samarbeidspartnarar lenkjer til våre nettsider. Talet på vitjande på nettstaden skal auke i 2016. Bli fyrstevalet i vårt virkeområde for dei som søker informasjon om entreprenørskap og kulturnæringsbedrifter 7.2 SKNH skal bruke sosiale media som kanal for å orientere om aktivitetar, løfte fram og marknadsføre målverksemdene, informere om kurs og møter og auke trafikken til eigne nettsider. Næringshagen si FaceBook side skal framstå som interessant, relevant og nyttig for dei som arbeider innanfor kulturnæringar. Talet på fylgjarar på FaceBook er per oktober 2015 om lag 2500. Talet skal auke i 2016 7.3 Gjennom deltaking i Næringshageprogrammet og medlemskap i foreininga NiN (Næringshagene i Norge) har SKNH tatt i bruk profilprogrammet som dei fleste næringshagane nyttar. Dette skal nyttast i brev, presentasjonar, nettsider og andre stadar der dette er naturleg. Synleggjere at ein er ein del av SIVA nettverket Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 12 av 14 Bank: 3991.05.95117

DEL B: Andre aktivitetar Område 1: Etablerarvegleiing og starthjelp Innleiing: Som ein del av SKNH sin visjon og overordna mål meiner vi det er fornuftig at næringshagen gir vegleiing og hjelp for gründerar og nyetablerte næringsdrivande. Vi ynskjer at SKNH skal være den naturlige staden å kontakte for alle med ein bedrifts- eller forretningsidé. Dette gjer start av eiga verksemd enklare og meir oversiktelig for gründerane i ein kritisk fase. Det er eit mål at vårt arbeid skal bidra til å gjere stega mellom dei ulike delane av virkemiddelapparatet lettare. Vi vil og at menneske med lyst og ambisjonar om å bidra til næringsutvikling skal kunne forholda seg til ein hovudkanal inn til verktøykassa av gode hjelparar og moglegheiter for kompetanse- og finansiering. Dei tilsette i næringshagen har eit godt utgangspunkt for å kunne hjelpe gründerane både med konkrete utfordringar kring oppstart og drift av eiga verksemd, men og med tilkopling opp mot andre relevante kompetansemiljø og nettverk. For næringshagen gir kontakta med gründerane ein viktig nærleik til pulsen i næringstilveksten i kommunane. Næringshagen si rolle som ein aktør som både arbeider med gründerar og med etablert næringsliv vil være hensiktsmessig både for bedriftene, for næringsutviklinga i kommunane, og for næringshagen sjølv. Aktivitetsplan Aktivitetar og mål Samarbeidspart Plan for 2016 Finansiering B 1.0 FYRSTELINJETENESTE FOR KOMMUNANE: SKNH utfører Hoppid.no fyrstelinjeteneste for næringsutvikling i kommunane. Tenesta som er eit fylkeskommunalt program utvikla i eit samarbeid mellom Regional- og næringsavdelinga og Innovasjon Noreg medfører at alle med en forretningsidé eller som vurderer å starte opp eiga næringsverksemd i kommunen skal få tilbod om kostnadsfri vegleiing. I tillegg får ein tilbod om kompetansehevande kurs som er heilt betalt av Hoppid.no programmet. Dette tilbodet skal være eit lågterskeltilbod der alle har tilgang og der tida frå ein kontaktar næringshagen til ein får fyrste samtale skal være kort. Tilbodet er og tilgjengeleg for utviklings- og nyskapingsprosjekt - knoppskyting - med utgangspunkt i eksisterande verksemder. Tema for vegleiinga kan til dømes vere: - Vurdering av forretningsidé - Vurdering av marknadar og målgrupper - Val av selskapsform og registrering av verksemda - Formalitetar og lovmessige krav - Råd ved søknad til kommunale / interkommunale næringsfond, eller stønadsordningar hjå Innovasjon Noreg - Utvikling av forretningsplan - Vurdering av kompetansebehov, og kopling opp Møre og Romsdal fylke Regional og næring Innovasjon Noreg Næringsavdelingane i kommunane Landbrukskontora i kommunane av drift for Volda kommune Fullfinansiert av kommunane ein leverer tenesta til Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 13 av 14 Bank: 3991.05.95117

mot andre aktørar B 1.1 ETABLERARVERKTY PÅ NETT: SKNH skal ha tilrettelagde og oppdaterte nettsider berekna på gründerar og nyetablerarar. Sidene skal være den naturlige innfallsporten for nyetablerarar i vår region, og også sider samarbeidande kommunar sjølve linkar vidare til. Kommunane SKNH B 1.2 ETABLERARSTØTTE: SKNH skal være godt oppdatert på retningslinjer for etablerarstøtte gjennom kommunale næringsfond, interkommunale næringsfond og Innovasjon Noreg. SKNH skal kunne vegleie og bistå bedrifter som spesifikt ynskjer hjelp til å søke om ei eller anna form for etablerarstøtte. SKNH skal, som ein del av sitt heilskapelege arbeid, også være godt oppdatert på andre støtteordningar og virkemiddel, som t.d. IFU/OFU prosjekt og mentorordninga frå Innovasjon Noreg. Kommunane IN Forskingsrådet SKNH B 1.3 ENTREPRENØRSKAP: Forelesingar ved Høgskulen i Volda om entreprenørskap og virkemiddelapparatet for studentar ved Avdeling for kulturfag og Avdeling for mediefag. Informasjon om entreprenørskap til studentar ved den vidaregåande skulen i Volda med vekt på kulturnæringane. Høgskulen i Volda Studenttinget i Volda Volda VGS Ungt Entreprenørskap. SKNH blir ein ressurs i faget Entreprenørskap i kulturnæringane SKNH Høgskulen i Volda B 1.4 KURS SPISSA FOR KULTURNÆRINGAR: Spissa kurs i tillegg til Hoppid.no programmet for målbedrifter innan mediefaga film, video, animasjon, foto, reklame, media, IKT og design med fire grunntema: - Forretningsplan - Marknadsplanlegging - Salsaktivitetar - Økonomi Fleire av kulturnæringane har særlege utfordringar. Mange av produkta og tenestene som blir utvikla kan ikkje industrialiserast og er skreddarsydde for kunde. I slike høve som kan samanliknast med ein-til-ein tenester er vekstpotensialet avgrensa og SKNH si oppgåve blir særleg å hjelpe til med å finne marknadssegment som målbedriftene kan utnytte på ein meir kostnadseffektiv måte. Høgskulane Styreakademiet BI Bankane Hoppid.no Deltakaravgift Storgata 8, 6100 Volda telefaks 70 33 06 61 Side 14 av 14 Bank: 3991.05.95117