SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt



Like dokumenter
Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nytt HFK Intranett

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

osbergetcms Brukarmanual

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Ny strategiplan for Høgskulen

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

STUDENTARBEID. Front-end webklient for Enoro AS. Prosjektbeskriving. Kim René Merkesvik Anders Aalen Andrii Petrychak

Brukarrettleiing E-post lesar

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Finnøy og Rennesøy kommunar

Informasjonshefte Tuv barnehage

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Lønnsundersøkinga for 2014

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Brukarrettleiing. epolitiker

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Lettare litteraturnett - del 2 (Ref #2a3ad43)

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

HORDALANDD. Utarbeidd av

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Nytte og hygge (Ref #1075)

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

INVITASJON TIL DIALOGMØTE

Stryn kommune 1

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Sogn lokalmedisinske senter

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

ehandel og lokalt næringsliv

heile fylket, ein portal

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Den nye seksjon for applikasjonar

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Informasjon og brukarrettleiing

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

- print preview

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

VEDTEKT av februar 2007

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Kommunikasjonsplan for arbeidet med utviklingsplan. Helse Fonna HF

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkivsaksnr.: 07/2570

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Flora kommune. Sluttrapport. Elektronisk meldingsutveksling mellom lege og omsorgsteneste

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Endring må til! (Ref # )

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

IKT-reglement for kommunane i SING

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Transkript:

SLUTTRAPPORT FOR DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

1. Kort oppsummering av prosjektet Biblioteka i Vest består av eit samarbeid mellom biblioteka i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Biblioteka har ein politisk vedtatt samarbeidsavtale og ein eigen partnarskapsavtale med Hordaland Fylkesbibliotek. Prosjektet var tenkt som ei utgreiing og innebar mellom anna kontakt med leverandør av biblioteksystem for å sjå på kva som er mogleg å få til. I tillegg har vi hatt kontakt med ulike aktørar innafor fri programvare og sosiale media. Ved å sjå kva andre innafor vårt felt gjer når det gjeld brukarorientert formidling av media har vi henta idear og erfaringar for å leggje eit grunnlag for ei nyskapande felles nettside. Noverande nettstad, som vart lansert i 2010, er utdatert og lite brukarvenleg. Nettstaden er lite fleksibel og har ikkje dei funksjonalitetane som etter kvart er naudsynte på biblioteknettsider. I tillegg har den noverande nettstaden store utfordringar knytt til at katalogdata frå dei fire biblioteka ligg i to ulike databasar. Arbeidet med forprosjektet vart sett i gang februar 2013 og vart avslutta i desember 2013. Frå 1. januar 2014 vart hovudprosjektet med den brukarorienterte heimesida starta og lansering av den nye nettsida skal gjennomførast innan utgangen av 2014. 2. Har ein nådd prosjektmåla? Biblioteka i Vest ønskte å utreie korleis ein med fokus på brukar kan utvikle biblioteka si felles nettside ved mellom anna å hente data frå eigen katalog integrert i heimesida og sosiale media, og såleis vere i forkant i den digitale utviklinga på feltet. Desse tiltaka har vore gjennomført i prosjektet, for å nå prosjektmåla - Fleire arbeidsseminar for bibliotekleiarane, mellom anna med inviterte, aktuelle føredragshaldarar - Utarbeiding av behovsanalyse - Dialogmøte med biblioteksystemleverandøren (Biblioteksystemer) for å sjå på moglegheiter knytt til integrasjon mellom databasen og nettsida. - Kontakt med ulike aktørar innanfor fri programvare og sosiale medier - Henta idear og erfaringar frå andre bibliotek/kommunar/bokhandlarar etc. når det gjeld brukarorientert formidling. I løpet av 2013 har tre av de øvrige biblioteksamarbeida (Hardanger, Sunnhordlang og Nordhordland) i Hordaland lansert nye, aktuelle nettsider. Desse har vi også sett på og vurdert ut i frå våre behov og ønskjer. Det er elles ikkje så mange gode døme på biblioteknettsider i Norge. Dei fleste tenkjer tradisjonelt. Nordhordaland CS liberary har fått på plass ein del av det vi ynskjer, men tilbodet frå dei garanterer ikkje same integrerte løysninga for Bibliofil, biblioteksystemet vi nyttar, som Nordhordalandsbiblioteka har med biblioteksystemet Micromark. - Månadlege prosjektmøte for biblioteksjefane - Brukarundersøking.

- 2 arbeidsseminar for alle tilsette i dei fire biblioteka - Kontakt med Hordaland fylkesbibliotek for samarbeid og kompetanseinnhenting - Vurdering av ulike løysingar/program: Wordpress, Joomla, Drupal, LibraryThing m.fl - Gjennomgang av bruk av den noverande nettsida ved hjelp av Google Analytics - Presentasjon av arbeidet i forprosjektet for kultursjefane i regionen 3. Produkt frå prosjektet Brukarane sitt medieforbruk vert i aukande grad digitalt når det gjeld bøker, film, musikk, spill og lydbøker. Det er også auka bruk av sosiale media som t.d. Facebook. Brukarane etterspør innhald på mange ulike digitale plattformar og vi trur at ein i framtida vil nytta av biblioteka sine digitale tenester og i mindre grad av de tradisjonelle bibliotekteneste. Digital kommunikasjon og dialog med brukarane vert naudsynt. Biblioteka må gje informasjon når brukarane har behov for den, ikkje berre i opningstida. Brukaren må kunne finna informasjon og rett materiale uansett kva plattform /program han opererer på På grunnlag av dei ulike tiltaka i prosjektet, erfaringar med dagens heimeside og statistikk frå Google Analytics knytt til bruk av den noverande nettsida, har vi kome fram til eit sett med krav og ønskjer for den nye nettsida. Dette er dei viktigaste punkta: Krav 1. Nettsida skal tilby responsiv design Utdjuping Responsiv design er ein ny måte å laga og designa websider på der nettstaden automatisk tilpassar seg den skjermen som brukaren nyttar, utan at brukaren treng å nytta zoom eller scroll. Dermed kan ein tilby eit design som tilpassar seg alle typar, anten det er ein smarttelefon, eit nettbrett eller en stasjonær PC. 2. Nettsida skal nytta open programvare 3. Nettstaden skal vera brukarvenleg Både for redaktørar (bibliotektilsette) og for brukarar. Attendemeldingane på den eksisterande heimesida frå referansegruppa var ganske klar, dei likte den enkle utforminga. Dei ynskte enklare pålogging til Mi side/mappa mi og påpeikte at lenkjer til sider utan oppdatert innhald burde fjernast. Dei ynskte fleire boktips, gjerne med kategoriinndeling. 4. Nettsida skal tilby ei god kalendarløysing 5. Nettstaden skal vera nyskapande og framtidsretta Med høve for med hausting frå andre nettstader Ein skal vera i forkant av den digitale utviklinga på feltet

6. Nettsida skal vera i kontinuerleg utvikling, ikkje ein statisk side 7. Biblioteka i vest skal bli del av eit fagmiljø saman med andre bibliotek som nyttar denne løsyinga 8. Det skal vera god integrering mellom nettside og katalogdatabase 9. Det skal vera god integrering mellom dei to eksisterande katalogdatabasene 10. Nettside skal gi høve til god formidling av biblioteka sine ulike typar materiale 11. Nettsida skal gi høve til god dialog med brukarane 12. Nettstaden skal ha universell utforming 13. Brukarane skal kunne logge seg direkte inn på biblioteksystemet via nettstaden. Biblioteka i vest sin største utfordring i samband med ny heimeside har vore å få til ei fullgod integrering mellom nettstad og katalog Askøy folkebibliotek har ein eigen database for katalogdata, medan biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden har ein felles katalogdatabase. Søk i Bibliofil-basane er berre mogleg via SRU og Z39.50 Dette gjeld t.d anbefalingar og nettutstillingar. Utlistingar av typen nyaste titlar/populære titlar osb. frå katalogane må kunne integrerast. Ein skal mellom anna leggja vekt på god kopling mot sosiale medier På bakgrunn av denne kravlista, har vi sett det som aktuelt å vurdera tre ulike leverandørar av nettsideløysingar. Det har vore dialog undervegs med alle tre tilbydarane, med utdjupande forklaringar på kva Biblioteka i vest ønskjer av ein ny nettstad, på bakgrunn av erfaringane vi har gjort med nettstaden vi har i dag, brukarundersøking og fagkunnskap om kva brukarane er ute etter. Etter ein grundig vurdering av tilboda basert på kravoppfylling og økonomi, har forprosjektet enda opp med å velja tilbodet frå danske InLead, basert på Drupal. Tilbodet stod fram som det beste systemet med godt integrerte, fullresponsive løysingar. Systemet er basert på open programvare og det framstår som brukarvenleg for både brukarar og redaktørar. Dei har levert ei rekkje ulike nettstader for danske bibliotek, i tillegg til den nye sida til Deichmanske bibliotek. Dei tilbyr ein svært god pris på etableringa av ein ny nettstad og driftskostnadene inkluderer support og brukarstøtteordning i tillegg til opplæring. Ved å velje denne løysinga, blir ein også ein del av fagmiljøet EasyTiNG Community som kan gi mange spennande kontaktar, idear osb. til vidareutvikling og samarbeid. 4. Evaluering av prosjektet a. Suksessfaktorar Den viktigaste suksessfaktoren i dette prosjektet har vore eit tett og godt samarbeid mellom dei fire biblioteksjefane knytt til prosjektet. Det har vore avgjerande at ein har sett av tid til dette arbeidet. Dei to arbeidsseminara for biblioteksjefane var heilt naudsynte for å få prosjektet i hamn. Det har også vore viktig at dialogen med kultursjefane har vore god.

b. Uvisse I vår dialog med biblioteksystemleverandøren har vi kanskje ikkje vore klare nok i høve våre behov og ønskjer og vi har difor heller ikkje alltid fått tilfredsstillande tilbakemeldingar på våre førespurnader. I tillegg har det vore eit problem at Bibliofil ikke har en API. Vi får difor problem med å få ut alle opplysningar frå systemet. Rettigheter til bruk av bilder har også vore ei utfordring. I følgje Biblioteksystemer kan bibliotek som bruker Bibliofil og evt. firma som biblioteka samarbeider med, fritt bruka de einskilde omslagsbileta frå KatalogKrydderbasen i Bibliofil, på biblioteka sine nettsider. Massiv utlasting av omslagsbilete eller automatisk oppslag for å henta vilkårlege omslagsbilete frå eksterne program, er det ikkje høve til. Det vil seia at vi får problem med å bruke bileta frå Krydderbasen i Bibliofil, til presentasjonar på ny nettside. Dette har skapt eit problem som vi enno ikkje har funne ei løysing på. Eit alternativ er ein reklamefinansiert presentasjon av bøker på nettsida, eit anna er ein betalingsløysing, t.d. frå på Den norske bokdatabasen. c. Viktige læringspunkt Klar ansvarsdeling mellom dei involverte i prosjektet Involvering av dei tilsette i biblioteka Skriftleggjering av all dialog med ulike samarbeidspartar 5. Vegen vidare Hovudprosjektet vart sett i gang i januar 2014. Biblioteksjef i Sund er tilsett som prosjektleiar i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Ein har også oppretta prosjektgruppe, arbeidsgruppe og styringsgruppe for prosjektet, og utarbeidd prosjektplan. Vi har i desse dagar (slutten av mars 2014) akkurat mottatt første alfa-versjon av den nye nettsida.